Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Hovudsida

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Desse nettsidene er via "Lagnaden til den gode soldat Švejk i verdskrigen", skriven i 1921 og 1922 av Jaroslav Hašek. Den gode soldat Švejk *) som romanen vert kalla i kortform, er rekna som eit satirisk meisterverk og ein pionér innafor antikrigslitteratur. Bertolt Brecht utropa den til ein av århundrets tre viktigaste romanar og laga eit skodespel basert på boka. Max Brod samanlikna den med "Don Quijote" av Miguel de Cervantes. Joseph Heller og "Catch 22" vert ofte nemnd i samband med Švejk, saman med Rabelais, Dickens og Twain. "Švejk" er no omsett til 58 språk, og er truleg den mest kjende romanen skriven på tsjekkisk nokon sinne.*) Romanen si norske utgåve er feil omsett til "Den tapre soldat Švejk".

Satiren
obalka.png

Omslaget på fyrste heftet frå 14. mars 1921, teikna av Josef Lada. Dette var einaste teikningen av Švejk som Hašek sjølv såg. Den velkjende tjukke varianten kom til fyrst i 1924.

Satiren til Jaroslav Hašek er bitande, til tider grov, men mest av alt treffande. Det ein lesar mest legg merke til er den repsektlause haldninga ovafor institusjonar og styresmakter. Det er ikkje tilfeldig at boka ved fleire høve er vorte forboden og sensurert. Instansane som har gripe inn på denne måten har kjende seg trakka på, og med rette. Undergravande og anti-autoritær litteratur provoserer gjerne fram denne type reaksjonar og Švejk illustrerer det framifrå. Mange forbind romanen fyrst og fremst med humor, men bodskapen er alvorleg og ikkje minst tidlaus. Brodden er retta mot menneskeskapte system med deira feil og manglar, mot folk som misbrukar posisjonane sine innafor desse maktstrukturane til eiga vinning eller berre er med på lasset grunna kortsyntheit, egoisme, dumskap, eller det mest tragiske av alt: mangel på andre utvegar. Maktmisbruk og korrupsjon er slett ikkje avgrensa til tidsepoken og regionen Jaroslav Hašek skildra, det er fenomén som er djupt forankra i menneskenaturen, difor vil Švejk ha relevans så lenge det finst folk på jorda. Rettnok har romanen ei sterk geografisk, tidsmessig og kulurell tilknyting, men den vert ikkje mindre universell av den grunn.

Handlinga

Handlinga i Švejk er lagt til byrjinga av fyrste verdskrigen. Den startar med nyhendet om attentatet på den austerrikske tronarvingen Franz Ferdinand i Sarajevo 28.juni 1914 og endar ved austfronten i det noverande Ukraina sommaren 1915. På grunn av forfattaren sin tidlege død vart romanen aldri fullførd.

Josef Švejk var ein hundehandlar frå Praha, då ein del av Austerrike-Ungarn. Han levde av å selgja hundar som han forfalska stamtavlene til og han framheld gjerne at han vart dimmitert frå militæret grunna idioti. Merk at dette er opplysningar han berre bruka ovafor representantar for styresmaktene. Ellers hadde han eit godmodig, sjarmerande og avvæpnande vesen, var tilsynelatande mentalt begrensa, hadde ein tilsynelatande tvilsam moralsk gestalt og kjenneteikna seg med å lira ut av seg uendelege anekdotar, nokre av dei heller smaklause. Anekdotane var gjerne eit verkemiddel for å sno seg ut av kniper. Han var svært flink til å snakka for seg og kom aldri ut av likevekt uansett kva situasjon han hamna i. Til trass for at han ikkje virka som den glupaste, var han ein person som hadde eit godt minne og heilt klårt hadde lese ein del. Han hadde òg ein eigen givnad for å koma seg ut av vanskelege situasjonar.

Alt frå akademikarar til mannen i gata har sidan romanen kom ut diskutert om Švejk verkeleg VAR mentalt begrensa eller om han berre gav seg ut for å vera det. Heilt klårt kunna han stå fram som dum når det passa han, men den som har lese romanen nøye burde ikkje vera i tvil: i etterordet til del 1 seier Jaroslav Hašek rett ut at om lesaren oppfatta Švejk som ein tosk hadde han som forfattar mislukkast i å få fram bodskapen sin.

Verkemiddel
svejk.jpg

Švejk i farge-utgåva frå 1953. Teikning Josef Lada.

Švejk virka ivrig etter å tena sin keisar i denne alvorlege epoken og vart send til fronten for å slåst mot russarane. På ferda dit vikla han seg og sine omgjevnader inn i tallause absurde situasjonar. Forfattaren brukar dette som bakteppe for å karikera den austerriksk-ungarske hæren, den katolske kyrkja, politiet, rettsvesenet og det habsburgske keisardømet. Men mest er det meiningsløysa ved sjølve krigen som blir avslørt. Boka har dessutan langt fleire sider enn satire og antikrigsbodskap. Den tidlegare anarkisten Jaroslav Hašek er sjølvsagt politisk og samfunnskritisk, han skildrar den aktuelle epoken i Europa si historie, har eit geografisk og historisk perspektiv, gjev lesaren ein idé om det kulturelle mangfaldet i regionen, og romanen er i seg sjølv eit nøkkelverk for einkvar som interesserer seg for tsjekkisk kultur. Utover den alvorlege hovudbodskapen er situasjonskomikk og "slapstick" ein vesentleg del av verkemidla til Hašek. På sitt aller beste er forfattaren når han skildrar absurde situasjonar frå livet til den vanlege mann, vikla inn i system som er skapte for å halda han nede eller ta knekken på han men som han overlever og avslører gjennom sluheit og vidd. Švejk sjølv er overlevelseskunstnaren "non plus ultra".

Bakgrunn frå det verkelege liv

På starten av denne sida vert det vist til ei rekkje litterære verk Švejk vert samanlikna med, men dette har lite relevans ettersom dette er ein roman som mest er bygd på Jaroslav Hašek sitt eige uvanleg varierte liv og hans eigne erfaringar. Den tyske litteraturvitaren Kurt Tucholsky skreiv at han i heile verdslitteraturen ikkje kjende til nokon roman som denne. Ruta til Švejk er detaljert skildra og samsvarar langt på veg med forfattaren si eiga ferd mot fronten i Galicia i 1915, og fleire av personane og situasjonane er tekne frå Jaroslav Hašek sine eigne omgivnader og erfaringar. Personane er rettnok karikerte og tilsvara aldri heilt ut "førebiletet" sitt, men oftast likevel å kjenna att. Sjølv om romanen er fiksjon og mystifisering kan den dermed godt lesast som eit historisk dokument. Forfattaren sin mangfaldige bakgrunn og uvanleg store kunnskapar kjem klårt for dagen gjennom heile romanen: her er detaljerte skildringar av drikkegilde, av katekisma, av matlaging, historiske hendingar,opphald på asyl, av religiøse rituale, hundeopprett, alt saman bygd på hendingar i forfattaren sitt eige liv.

Ikkje alt kom på trykk

Hadde ikkje forfattaren døydd før han var nesten ferdig med fire av dei seks delene av boka, ville nok òg Švejk, akkurat som skaparen hans, lete seg ta til fange av russarane, arbeidd for den tsjekkoslovakiske legionen, tenestegjord for bolsjevikane og enda opp i Sibir. Kva Hašek hadde i tankane her får me dessverre aldri vita, men me veit i alle fall at han òg planla å dekka tida i Russland, inkludert borgarkrigen. I kva stor grad satiren ville retta brodden mot dei tsjekkoslovakiske legionane og bolsjevikane er uklårt. Likevel: ut frå det Hašek faktisk skreiv både medan han var i Russland og etter han kom heim, ville dei neppe bli sparde, men skytset ville neppe vore så tungt som det som vart retta mot Austerrike i dei fire fyrste delene av romanen. Bugulma-forteljingane som han ga ut tidleg i 1921 tyder på dette. Her vert rettnok sider ved den russiske revolusjonen gjort narr av, men i ein langt meir forsonleg tone enn den me kjenner frå Švejk. Hašek likte ikkje å bli spurd om kva han hadde gjort i Russland og svare i slike høve at dei som ville vita det fekk venta på romanen. Dessverre kom det aldri dit.

Tilbakekomsten som aldri vart

Sikkert er det likevel at Hašek ville lete Josef Švejk venda tilbake usåra, lete han drukke sin Velké Popovice pivo på U Kalicha šest hodin večer, denne gongen saman med Vodička, utan maktapparatet og Bretschneider sitt klamme åsyn til stades. Kva han opplevde mellom elva Bug frå midten av juli 1915 til tilbakekomsten i 1920 kan me gjerne spekulera over, men det ville nok lege nær opptil forfattaren sine eigne opplevingar. Det kan òg vera forfattaren hadde lete Švejk oppleva den same avvisinga og fiendskapen han sjølv som "bolsjevik" og "svikar" opplevde då han kom tilbake til det no sjølvstendige Tsjekkoslovakia i desember 1920.

Motivet mitt for å laga desse sidene i 2009 ligg i at det, trass boka og forfattaren sitt verdsry, enno ikkje finst nordiskspråklege nettressursar om Švejk og Hašek. Utover å presentera romanen og forfattaren på norsk, vert det lagt fram eksisterande informasjon på måtar som skil seg frå det som hittil har vore gjort. Det har sidan prosjektet starta òg vorte funne ny informasjon om temaet Hašek, og dette vert kontinuerleg lagt til. Romanen er spekka med omtale av folk, stader og institusjonar, truleg om lag 2000 i alt. Galleriet er av eit slikt omfang at det for den engasjerte lesar vil vera nyttig med utfyllande opplysningar om dei ofte lite kjende personane, stadene og (no avvikla) institusjonane som forfattaren skriv om eller kort nemner. Difor har eg laga fullstendige lister over desse kategoriane, eit arbeid som enno i 2017 ikkje er avslutta. Omtalane har, der det let seg gjera, linkar mot nettbaserte informasjonskjelder og i nokre tilfelle arkiv- og biblioteks-materiale som forfattaren av desse vevsidene har samla sjølv.


© 2009 - 2017 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 7/6-2017