Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

OnlineVirtual museumŠvejk CentralReisedagbokBlogKontakt
/literature/images/attentat.gif

Franz Ferdinand og Sophie Chotek ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

"Den gode soldaten Švejk" er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoleón i innleinga til Kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er henta frå den norske oversetjinga frå 1958.

  • Faktiske opplysningar er i utgangspunktet tekne frå Wikipedia men kontrollert mot andre kjelder
  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og er linka til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar.

Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen vis alle (565)
Del ein. Bak fronten
Del to. Ved fronten
Del tre. Det ærerike samanbrotet

Eg er ei rekkje personar takk skuldig for hjelp, informasjon og inspirasjon under arbeidet med desse sidene, her i alfabetisk rekkjefylgje: Karel Babčický, Alexandr Drbal, Pavel Gan, Richard Hašek, Hans-Peter Laqueur, Radko Pytlík, Zenny Sadlon, Sergej Soloukh og Jaroslav Šerák. Spesielt vil eg trekkja fram Šerák, utan hans direkte hjelp og evige velvilje kunne dette prosjektet aldri vorte vellukka. Eg vil og få takka arbeidsgjevaren min som har lete meg ta fri i seks månader for å reisa i fotspora til Jaroslav Hašek.


© 2010 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16/3-2010 treff sidan 5/11-2009. Statistikk

Valid XHTML 1.0!