Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt
/literature/images/attentat.gif

Franz Ferdinand og Sophie Chotek ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

"Den gode soldaten Švejk" er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoleón i innleinga til Kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av eigaren av denne vev-sida.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar.

IMG Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (575) Syn alle
IMG I. Bak fronten
IMG II. Ved fronten
IMG III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

13. Švejk gir den siste olje

Božena Němcováen flag
*4.2.1820 Wien - †21.1.1862 Praha
Wikipedia czdeenno Google søk

Božena Němcová var ei betydeleg tsjekkisk forfattarinne frå den nasjonale gjenvakningsepoken (Narodní obrozeni). Det meste kjende verket hennar Babička (Bestemor) er rekna blandt dei store i tsjekkisk litteratur. Ho er mellom anna vorte samanlikna med Bjørnson og Turgenjev. Ho var fødd Barbora Betty Novotná, men det er stor usikkerheit akkurat når ho var fødd og kven foreldra eigentleg var.

NB! Den norske Wikipedia omtalar ho som "en bøhmisk forfatterinne av tyskøsterrisk og tsjekkisk opprinnelse" (sic) ... då vert vel Ibsen og Bjørnson for å vera av svensk-norsk opphav?

Omtale i boka

Božena Němcová vert nemnd når Švejk fortel Katz at å finna olje signa av ein biskop blir verre enn å finna livets vatn i eit eventyr av Němcová.

Sitat

Švejk vypravil se tedy na cestu za olejem posvěceným od biskupa. Taková věc je horší než hledání živé vody v pohádkách Boženy Němcové. ... les meir
Poláken flag
Google søk

Omtale i boka

Polák var apotekarfirmaet i Dlouhá třída der Švejk kjøpte hampfrøolje nummer tre til bruk ved seremonien ved utdelinga av den siste olje. Fargehandelen var truleg oppattkalla etter eigaren.

Sitat

Firma Polák v Dlouhé třídě byla opravdu firma agilní. Nepustila žádného kupce, aby neuspokojila jeho přání. Chtěl-li balsám kopaivu, nalili mu terpentýn a bylo také dobře. ... les meir
Tauchenen flag
Google søk

Omtale i boka

Tauchen var apotekarassistent hjå Polák som Švejk kjøpte den siste olje av.

Sitat

Když Švejk přišel a přál si za deset korun olej posvěcený od biskupa, řekl šéf k příručímu: „Nalejou mu, pane Tauchen, deset deka konopného oleje čís. 3.“ ... les meir
Johannes Chrysostomosen flag
*347 Antiokia - †14.9.407 Komana Pontika
Wikipedia czdeennnno Google søk

Johannes Chrysostomos var ein gresk kyrkjefader som blei utropt til helgen med minnedag 13. september. Han var vidkjend for retorikk- og preikeevnene sine. Namnet Chrysostomos, som er gresk for 'gullmunn', viser til denne evna.

Omtale i boka

Johannes Chrysostomos vart sitert av Katz etter at han hadde hatt ein innpåsliten pengeinnkrevar på besøk: "Den som ærar presten ærar Kristus og den som spottar Krist spottar presten som er hans sanne representant på jorda".

Sitat

„Vidíte, Švejku, jak to dopadá s takovým člověkem, který nectí kněze,“ usmál se polní kurát. „sv. Jan Zlatoústý řekl: ,Kdo ctí kněze, ctí Krista, kdo příkoří činí knězi, činí příkoří Kristu pánu, jehož zástupcem právě kněz jest.’ ... les meir

Skrivst òg:Jan Zlatoústý cz John Chrysostom en

Boušeken flag
Google søk

Omtale i boka

Boušek var ein kar frå Libeň som var umogeleg å kasta ut frå U Exnerů. I ei av sine velvalgde analogiar samanlikna Švejk han med den innpåslitne pengelånaren som plaga Otto Katz.

Sitat

„Poslušně hlásím, pane feldkurát,“ poznamenal Švejk, „že je to hotovej nezmar, jako nějakej Boušek z Libně. Vosumnáctkrát za večer ho vyhodili od ,Exnerů’, a vždycky se jim tam vrátil, že tam zapomněl fajfku. ... les meir
Janataen flag
Google søk

Omtale i boka

Janata var ein overløytnant som fall ved Drina utan å ha betalt gjelda si til pengeutlånaren.

Sitat

Vytáhl zápisník z kapsy a pokračoval: „Mám to všechno zapsáno. Nadporučík Janata dluhoval mně 700 korun a odvážil se padnout na Drině. ... les meir
Prášeken flag
Google søk

Omtale i boka

Prášek var ein løytnant vart teken til fange av russarane utan å ha betalt skulda til pengeutlånaren.

Sitat

Poručík Prášek upadl na ruské frontě do zajetí, a je mně dlužen na 2000 korun. ... les meir
Wichterleen flag
Google søk

Omtale i boka

Wichterle var ein kaptein som let seg slå i hel av eigne soldatar ved Rava-Ruska utan å ha gjort opp skulda til pengeutlånaren.

Sitat

Hejtman Wichterle, dluhující mně stejný obnos, dal se zabít pod Ruskou Ravou vlastními vojáky. ... les meir
Macheken flag
Google søk

Omtale i boka

Machek var ein overløytnant som sat fanga i Serbia trass ubetalt gjeld på 1500 kroner til pengeutlånaren.

Sitat

Nadporučík Machek zajat v Srbsku, dluhuje mně 1500 korun. Je zde víc takových lidí. ... les meir
Matyášen flag
Google søk

Omtale i boka

Matyáš var ein feltprest frå Brno som døydde i isolat på eit epidemisjukehus. Gjelda til pengeutlånaren døydde han frå.

Sitat

Přistrčil polnímu kurátovi svůj zápisník pod nos. „Vidíte: Polní kurát Matyáš v Brně, zemřel v isolační nemocnici před týdnem. Já bych si rval vlasy. Nezaplatil mně 1800 korun, a jde do cholerového baráku zaopatřovat nějakého člověka, po kterém mu nic nebylo.“ ... les meir
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

13. Švejk gir den siste olje


© 2012 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 18/5-2013 treff sidan 5/11-2009. Statistikk

Valid XHTML 1.0!