Franz Ferdinand og Sophie Chotek ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.
"Den gode soldaten Švejk" er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.
Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoleón i innleinga til Kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av eigaren av denne vev-sida.
- Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
- Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.
Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.
Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar.
Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (575)
Syn alle
I. Bak fronten
1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen (30)
14. Švejk som oppassar hos løytnant Lukáš (35)
II. Ved fronten
2. Švejks anabase til Budějovice (53)
3. Švejks opplevingar i Királyhida (41)
5. Frå Bruck an der Leitha til Sokal (44)
III. Det ærerike samanbrotet
1. Gjennom Ungarn (54)
2. I Budapest (33)
3. Frå Hatvan til den galisiske grensa (33)
IV. Det ærerike samanbrotet held fram
1. Švejk i russisk fangetransport (35)
|
I. Bak fronten |
![]() | |
Etterord til fyrste del, "Bak fronten" | |||
![]() | Jiří Guth | ![]() | |||
| *23.1.1861 Heřmanův Městec - †8.1.1943 Náchod | |||||
| |||||
Jiří Guth var seremonimeister hos president Masaryk. Han var ein betydeleg pedagog og litterat, òg kjend som medlem av den fyrste olympiske komité. Frå 1920 kalla han seg Jiří Stanislav Guth-Jarkovský.
Omtale i boka
Jiří Guth vert nemnd som døme på ein mann som snakka heilt annaleis en Palivec. Av forfattaren vert han kalla Dr.Guth.
Sitat
Život není žádnou školou uhlazeného chování. Každý mluví tak, jak je schopen. Ceremoniář dr Guth mluví jinak než hostinský Palivec „U kalicha“, a tento román není pomůckou k salonnímu ušlechtění a naučnou knihou, jakých výrazů je možno ve společnosti užívat. Je to historický obraz určité doby. ... les meir
![]() | Sankt Aloysius | ![]() | |||
| *9.3.1568 Castiglione delle Stiviere - †21.6.1591 Roma | |||||
| |||||
Sankt Aloysius var ein italiensk jesuitt og prest, seinare helgen. Eigentleg heitte han Luigi Gonzaga. Han er skytshelgen for den katolske ungdom og dessutan for kyskheit. Han døydde når han tok seg av pestoffer, noko som har gjort han til helgen for vern mot denne sjukdomen.
Omtale i boka
Sankt Aloysius skal i fylgje munken Eustach ha broste ut i gråt etter å ha overhøyrd ein dundrande fjert, og måtte gripa til bøn for å vinna attende si sjelelege likevekt. Jaroslav Hašek omtalar St Aloysius forakteleg som representant for "den falske kulturs masturbantar".
Sitat
Oni by vychovali národ jako skupinu přecitlivělých lidiček, masturbantů falešné kultury typu sv. Aloise, o kterém se vypravuje v knize mnicha Eustacha, že když sv. Alois uslyšel, jak jeden muž za hlučného rachotu vypustil své větry, tu se dal do pláče a jedině modlitbou se upokojil. ... les meir
Skrivst òg:Svatý Alois cz Saint Aloysius en
![]() | Eustach | ![]() | |||
| *12.11.1655 Caen - †1.11.1743 Mondaye | |||||
| |||||
Eustach er ikkje identifisert med vissheit, men det kan ha vore den franske målaren, arkitekten og abbeden Eustache Restout.
Milan Jankovič har ein teori om at det kan ha vore snakk om grekaren Eustathios, men ettersom denne siste levde 500 år før St Aloysius virkar antakelsen tynn.
Omtale i boka
Eustach skal ha skrive ned historia om Sankt Aloysius sine traumar etter den brakande fisen.
Sitat
Oni by vychovali národ jako skupinu přecitlivělých lidiček, masturbantů falešné kultury typu sv. Aloise, o kterém se vypravuje v knize mnicha Eustacha, že když sv. Alois uslyšel, jak jeden muž za hlučného rachotu vypustil své větry, tu se dal do pláče a jedině modlitbou se upokojil. ... les meir
Skrivst òg:Eustache fr
![]() | Marie Laudová-Hořicová | ![]() | ||||
| *16.8.1869 Mladá Boleslav - †20.10.1931 Praha | ||||||
| ||||||
Marie Laudová-Hořicová var ei tsjekkisk skodespelarinne. Ho hadde m.a. ei rolle som fru Sørby i det tsjekkiske nasjonalteatret si oppsetjing av Henrik Ibsen si "Vildanden" frå 1904 til 1913.
Omtale i boka
Marie Laudová-Hořicová snakka svært så fint samanlikna med Palivec. Her omtala som fru Laudová. Ho vart saman med Jiří Guth og Olga Fastrová nemnd som ein representant for den falske kulturs masturbantar, folk som ville gjera heile Tsjekkoslovakia om til ein bankettsalong med parkettgolv, der ein innfann seg i frakk og hanskar og heldt salongmanerar i hevd.
Sitat
Od hostinského Palivce nemůžeme žádat, aby mluvil tak jemně jako pí Laudová, dr Guth, pí Olga Fastrová a celá řada jiných, kteří by nejraději udělali z celé Československé republiky velký salon s parketami, kde by se chodilo ve fracích, v rukavičkách a mluvilo vybraně a pěstoval se jemný mrav salonů, pod jehož rouškou bývají právě salonní lvi oddáni nejhorším neřestem a výstřednostem. ... les meir
![]() | Olga Fastrová | ![]() | ||||
| *10.1.1876 Praha - †8.8.1965 Praha | ||||||
| ||||||
Olga Fastrová var tsjekkisk forfattarinne, journalist og oversetjar, rekna som den fyrste kvinnelege tsjekkiske journalist. Ho skreiv mellom anna om moral og anstendig oppførsel. Omsetjingane henner var hovudsakleg frå fransk.
Jaroslav Hašek kjende Fastrová personleg; i novella Za Olgou Fastrovou skriv han at dei hadde møtt kvarandre like etter at Hašek kom tilbake frå Russland, og Fastrová hadde spurd han "om bosjevikane verkeleg åt menneskekjøt".
Omtale i boka
Olga Fastrová var nok eit forfattaren sine ironiske døme på nokon som ikkje snakkar som Palivec.
Sitat
Od hostinského Palivce nemůžeme žádat, aby mluvil tak jemně jako pí Laudová, dr Guth, pí Olga Fastrová a celá řada jiných, kteří by nejraději udělali z celé Československé republiky velký salon s parketami, kde by se chodilo ve fracích, v rukavičkách a mluvilo vybraně a pěstoval se jemný mrav salonů, pod jehož rouškou bývají právě salonní lvi oddáni nejhorším neřestem a výstřednostem. ... les meir
|
I. Bak fronten |
![]() | |
Etterord til fyrste del, "Bak fronten" | |||
| © 2012 Jomar Hønsi | Sist oppdatert: 24/5-2013 | treff sidan 5/11-2009. | Statistikk |









