Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Franz Ferdinand og Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

Den gode soldaten Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevarane av denne vev-sida. I januar 2014 manglar enno 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive personar faktisk har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Sjå m.a. Lukáš og Wenzl.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (585) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen

Djevelenen flag
Wikipedia czdeennnno Google søk

Djevelen sitt namn vert fyrst teke i bruk av forhøyrsdommaren på Policejní ředitelství når Švejk forsikrar han om at hans utrop "Lenge leve keisaren, denne krigen vinn vi!", ikkje var ironisk meint. Djevelen dukkar opp i fleire samanhengar, ikkje eksplisitt men gjennom diverse kraftutrykk på tsjekkisk og tysk.

Bakgrunn

Djevelen er ein mytologisk skapning i mange relegionar, eit symbol på det vonde. Alternative namn er Satan, Beelzebub, Fanden, Styggen Gamle-Eirik, Lucifer og Hinmannen. Djevelen vert i monoteistiske relegionar gjerne sedd på som motstykket til Gud, han held til i Helvete som igjen er motpolen til Himmelen. Djevelen har eit dårleg rykte; namnet hans vert ofte brukt når ein prøver å få fram ein negativ assosiasjon, jamfør bannord. Som symbolsk uttrykk er nok Djevelen med sine alternative namn eit av dei mest brukte gjennom tidene.

Sitat
[1.6] Vem vás čert, Švejku,“ řekla nakonec úřední brada, „jestli se sem ještě jednou dostanete,tak se vás vůbec nebudu na nic ptát a poputujete přímo k vojenskému soudu na Hradčany. Rozuměl jste?

... Zatímco Švejk koupal Maxa, plukovník, bývalý jeho majitel, strašně doma láteřil a vyhrožoval, že postaví toho, kdo mu psa ukradl, před válečný soud, že ho dá zastřelit, pověsit, zavřít na dvacet let a rozsekat. „Der Teufel soll den Kerl buserieren,“ ozývalo se v bytě plukovníka, až se třásla okna, „mit solchem Meuchelmördern werde ich bald fertig.“ Nad Švejkem i nadporučíkem Lukášem vznášela se ve vzduchu katastrofa.

Skrivst òg:Čert cz Der Teufel de The Devil en

Čimperaen flag
Google søk
cimpera.png

"Encyklopedie pro milovníky Švejka". Milan Hodík

Čimpera eigde eit stykke land i Straškov nr.5 som han lyste til salgs i ei avis som låg på U kalicha. Švejk las annonsen høgt for å visa si totale mangel på interresse for Bretschneider som prøvde å få kontakt med han for å få han i fella.

Bakgrunn

Ein Václav Čimpera budde faktisk i Straškov nummer 5 i 1910. Dette er opplysningar frå Encyklopedie pro milovníky Švejka, II., Hodík a Landa, 1999. Dokumentet er frå 22. februar 1910. Det er ikkje kjendt kvifor (om i det heile) Čimpera seinare selde eigedomen.

Linkar

Kjelde: Milan Hodík, Jaroslav Šerák

Sitat
[1.6] Švejk sňal s věšáku nějaké noviny a prohlížeje si zadní stranu inserátů, ozval se: „Tak vida, tenhle Čimpera v Straškově č. 5, p. Račiněves, prodá hospodářství s třinácti korci vlastních polí, škola a dráha na místě.“ Bretschneider nervosně zabubnoval prsty a obraceje se k Švejkovi řekl: „To se divím, proč vás to hospodářství zajímá, pane Švejku.“
Mařenaen flag
Google søk

Mařena var ei dame som dørvakta på nattkaféen Mimosa hadde med seg heim. Dette hende då Švejk kom heim og oppdaga at Müllerová hadde leigd ut rommet hans medan han sat inne, og at i senga hans løg dørvakta med den nemnde kvinna. Mařena bidrog til romanen med eit einaste utsagn då ho skjelte ut Švejk med fyndorda "din son av ein erkebiskop!"

Sitat
[1.6] „Já jsem chtěl spát do osmi večer,“ zaraženě ozval se portýr, navlékaje kalhoty, „já platím denně z postele dvě koruny té paní a můžu si sem vodit slečny z kavárny. Mařeno, vstávej!“
Detektiv Kalousen flag
Google søk

Kalous var ein detektiv som i likheit med Bretschneider kjøpte hundar av Švejk for å prøva å få noko ut av han. Han kom ingen veg og forsvann straks ut av soga.

Bakgrunn

Detektiven kan ha vore inspirert av Josef Kalous, ein politimann i Nusle som står oppførd i adresseboka for 1910.

13. mars 1913 trykte Karikatury ei soge av Jaroslav Hašek med tittelen Detektiven Kalous. Den var underteikna Richard Mayer, eit av dei mange pseudonyma forfattaren brukte.

Linkar

Sitat
[1.6] Pak tam šel koupit psa detektiv Kalous a vrátil se s vyjevenou potvorou, připomínající hyenu skvrnitou, s hřívou škotského ovčáka, a v položkách tajného fondu přibyla nová: D...90 K.
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen


© 2009 - 2018 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 19/8-2018