Franz Ferdinand og Sophie Chotek ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.
"Den gode soldaten Švejk" er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.
Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoleón i innleinga til Kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av eigaren av denne vev-sida.
- Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
- Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.
Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.
Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar.
Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (575)
Syn alle
I. Bak fronten
1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen (30)
14. Švejk som oppassar hos løytnant Lukáš (35)
II. Ved fronten
2. Švejks anabase til Budějovice (53)
3. Švejks opplevingar i Királyhida (41)
5. Frå Bruck an der Leitha til Sokal (44)
III. Det ærerike samanbrotet
1. Gjennom Ungarn (54)
2. I Budapest (33)
3. Frå Hatvan til den galisiske grensa (33)
IV. Det ærerike samanbrotet held fram
1. Švejk i russisk fangetransport (35)
|
I. Bak fronten |
![]() | |
8. Švejk som simulant | |||
![]() | Giordano Bruno | ![]() | |||
| *1.1548 Nola - †17.2.1600 Roma | |||||
| |||||
Giordano Bruno var ein italiensk astronom og filosof som vart brend som kjettar. I år 2000 erklærde endeleg det pavelege kulturrådet og ein teologisk kommisjon avrettinga av Bruno som rettstridig.
Omtale i boka
Giordano Bruno vert nemnd av ein fange som prøvde å simulera galskap ved å ropa både natt og dag: "Bålet etter Giordano Bruno glødar enno, ta opp att prosessen mot Galileo!"
Sitat
Nejlepší,“ mínil jeden ze simulantů, „dá se simulovat šílenství. Z našeho učitelského sboru jsou vedle v cimře dva, jeden neustále křičí dnem i nocí: ,Hranice Giordana Bruna ještě dýmá, obnovte proces Galileův!’ a ten druhý štěká, napřed třikrát pomalu: haf - haf - haf, potom pětkrát rychle za sebou: hafhafhafhafhaf, a zas pomalu, a tak to jde neustále. ... les meir
![]() | Galileo Galilei | ![]() | |||
| *15.12.1564 Pisa - †8.1.1642 Arcetri | |||||
| |||||
Galileo Galilei var ein italiensk astronom, filosof og fysikar. Han kom som Bruno i konflikt med kyrkja men kom unna med husarrest etter å ha trekt tilbake dei kjetterske tankane sine.
Omtale i boka
Galileo Galilei og vert nemnd avdi ein rekrutt simulerte galskap ved å ropa dag ut og dag inn: "Bålet etter Giordano Bruno gløder enno, ta opp att prosessen mot Galileo!"
Sitat
Nejlepší,“ mínil jeden ze simulantů, „dá se simulovat šílenství. Z našeho učitelského sboru jsou vedle v cimře dva, jeden neustále křičí dnem i nocí: ,Hranice Giordana Bruna ještě dýmá, obnovte proces Galileův!’ a ten druhý štěká, napřed třikrát pomalu: haf - haf - haf, potom pětkrát rychle za sebou: hafhafhafhafhaf, a zas pomalu, a tak to jde neustále. ... les meir
![]() | Franta Henčlů | ![]() | |||
| |||||
Omtale i boka
Franta Henčlů var ein soldat frå Hluboká som fekk to år for å ha informert riksdagsmedlemmer om mishaldlingar av soldatar. Dette kjem fram in ein anekdote Švejk fortalde dei andre simulantane på militærsjukehuset på Hradčany.
Sitat
Nějakej ministr poslal k nám komisi, aby to vyšetřila, a nějakej Franta Henčlů ze Hluboký dostal potom dva roky, poněvadž to byl ten, co se vobrátil do Vídně k poslancům kvůli tý facce, kerou dostal na cvičišti od pana obršta. ... les meir
![]() | Grünstein | ![]() | |||
| |||||
Omtale i boka
Grünstein var overlege på lasarettet på Hradčany der simulantane vart tekne under behandling. Av Dr. Grünstein fekk dei sabotasjedjevelen driven ut av kroppen ved hjelp medisinske åtgjerder som kinin, aspirin, klystér, mageutpumping og streng diett.
Bakgrunn
Grünstein har sannsynlegvis ikkje noko direkte førebilete røyndomen. Hašek var rettnok innlagt på militærsjukehus i 1915, men det var i Budějovice. Ein eventuell inspirasjon for romanfiguren må ein såleis leita etter her.
Sitat
Přiblížila se doba odpolední visity. Vojenský lékař Grünstein chodil od postele k posteli a za ním sanitní poddůstojník se zápisní knihou. „Macuna?“ „Zde!“ „Klystýr a aspirin! - Pokorný?!“ „Zde!“ „Vypláchnout žaludek a chinin! - Kovařík?!“ ... les meir
![]() | Macuna | ![]() | |||
| |||||
Omtale i boka
Macuna var ein simulant som vart behandla med klystér og aspirin.
Sitat
Přiblížila se doba odpolední visity. Vojenský lékař Grünstein chodil od postele k posteli a za ním sanitní poddůstojník se zápisní knihou. „Macuna?“ „Zde!“ „Klystýr a aspirin! - Pokorný?!“ „Zde!“ „Vypláchnout žaludek a chinin! - Kovařík?!“ ... les meir
![]() | Pokorný | ![]() | |||
| |||||
Omtale i boka
Pokorný var ein simulant som vart behandla med mageutpumping og kinin.
Sitat
Přiblížila se doba odpolední visity. Vojenský lékař Grünstein chodil od postele k posteli a za ním sanitní poddůstojník se zápisní knihou. „Macuna?“ „Zde!“ „Klystýr a aspirin! - Pokorný?!“ „Zde!“ „Vypláchnout žaludek a chinin! - Kovařík?!“ ... les meir
![]() | Kovařík | ![]() | |||
| |||||
Omtale i boka
Kovařík var ein simulant som vart behandla med klystér og aspirin.
Sitat
„Vypláchnout žaludek a chinin! - Kovařík?!“ „Zde!“ „Klystýr a aspirin! - Koťátko?!“ „Zde!“ „Vypláchnout žaludek a chinin!“ A tak to šlo, jeden za druhým, bez milosti, mechanicky, řízně. ... les meir
![]() | Koťátko | ![]() | |||
| |||||
Omtale i boka
Koťátko var ein simulant som vart behandla med mageutpumping og kinin på garnisjonsfengselet på Hradčany.
Sitat
„Vypláchnout žaludek a chinin! - Kovařík?!“ „Zde!“ „Klystýr a aspirin! - Koťátko?!“ „Zde!“ „Vypláchnout žaludek a chinin!“ A tak to šlo, jeden za druhým, bez milosti, mechanicky, řízně. ... les meir
![]() | Sokrates | ![]() | |||
| *4.6.469 f.kr Aten - †399 f.kr Aten | |||||
| |||||
Sokrates var ein gresk filosof frå Aten. Han blir rekna som ein av grunnleggjane av vestleg filosofi. Sokrates vende filosofien vekk frå naturen og mot mennesket. Den viktigaste kjelda til informasjon om Sokrates er Platon. Platons dialoger forklarer Sokrates som ein lærar som avstår frå å ha elevar, som ein fornuftig mann som lyder ei guddommeleg stemme i sitt indre, og som ein from mann som blir avretta for å ha villeia ungdommen og drive blasfemi.
Omtale i boka
Sokrates vert nemnd fordi ikkje ein gong han tømde giftbegeret sitt med så stor ro som Švejk drakk kinin.
Sitat
Ani Sokrates nepil svou číši bolehlavu s takovým klidem jako chinin Švejk, na kterém vyzkoušel dr Grünstein všechny stupně trápení. ... les meir
Skrivst òg:Sókratés cz Socrates en
![]() | Baronesse von Botzenheim | ![]() | |||
| |||||
Omtale i boka
Baronesse von Botzenheim var ei generalenkje som hadde lese om Švejk i "Bohemie". Redaktøren hadde oppfordra lesarane til pengeinnsamling for den heltemodige krøplingen som fylt av patriotisme vart trilla til sesjon i rullestol. Baronessa kom med flotte gåver til Švejk, mellom anna ei flaske krigslikør med påskrifta Gott strafe England! Forfattaren ironiserer over den tysktalande baronessa sin gebrokne tsjekkisk og vitjinga frå baronessa høyrer til dei mest kjende episodane i heile romanen.
Sitat
V té době měla vdova po generálovi pěchoty baronka von Botzenheim velice mnoho starostí, aby vypátrala toho vojáka, o kterém uveřejnila nedávno Bohemie zprávu, jak se dal vozit, on, mrzák, na vozíku pro nemocné a křičel: „Na Bělehrad!“, kterýž vlastenecký projev dal původ redakci „Bohemie“ k vyzvání čtenářů, aby konali sbírky ve prospěch loyálního hrdiny-mrzáka. ... les meir
Skrivst òg:Baronka von Botzenheim cz Baroness von Botzenheim en
![]() | Henry Shrapnel | ![]() | ||||
| *3.6.1761 Bradford-on-Avon - †13.3.1842 Southampton | ||||||
| ||||||
Henry Shrapnel var ein britisk offiser og oppfinnar som er kjend for å ha funne opp shrapnel, i.e. metall-splintar som vart fylt i granatar. Det viste seg å vera eit effektivt antipersonell-våpen. Metoden var i bruk frå Napolenons-krigane og fram til slutten av fyrste verdskrigen.
Omtale i boka
Henry Shrapnel er indirektet nemnd gjennom omgrepet shrapnel i episoden då Baronesse von Botzenheim skrid inn på sjukesalen hjå simulantane på Hradčany. Ettersom romanen skrid fram dukkar namnet hans (eller rettare oppfinninga) hans opp ved fleire høve.
Sitat
Ani arcikněžna nemohla tak vážně vejít, jako to udělala baronka von Botzenheim. Za ní valil se celý průvod, ve kterém nescházel ani účetní šikovatel při nemocnici, který v tom všem viděl tajemnou ruku revise, která ho od tučného žlabu v týlu hodí napospas šrapnelům někam pod drátěné překážky posic. ... les meir
![]() | Johann | ![]() | |||
| |||||
Omtale i boka
Johann var kammertenaren til Baronesse von Botzenheim og han såg ut som mordaren Babinský.
Sitat
Ja čist všekno f nófiny, já vám přinest pápat, kousat, kuřit, cucat, cešky fójak, toprá fójak. Johann, kommen Sie her!„ Komorník, připomínající svými ježatými licousy Babinského, přitáhl objemný koš k posteli, zatímco společnice staré baronky, vysoká dáma s uplakanou tváří, sedla si na Švejkovu postel a urovnávala mu slaměný polštář pod záda, s fixní myšlenkou, že se to patří dělat nemocným hrdinům. ... les meir
![]() | Václav Babinský | ![]() | ||||
| *20.8.1796 Pokratice u Litoměřic - †1.8.1879 Řepy u Prahy | ||||||
| ||||||
Václav Babinský var ein tsjekkisk kriminell, dømd for ei rekkje mord og andre brotsverk. Han er ein av dei mest kjende tsjekkiske brotsmenn nokonsinne og E.E. Kisch viar eit heilt kapittel til han i boka Die Abenteuer in Prag.
Omtale i boka
Václav Babinský vert nemnd avdi Johann, tenaren til Baronesse von Botzenheim, likna på han.
Sitat
Komorník, připomínající svými ježatými licousy Babinského, přitáhl objemný koš k posteli, zatímco společnice staré baronky, vysoká dáma s uplakanou tváří, sedla si na Švejkovu postel a urovnávala mu slaměný polštář pod záda, s fixní myšlenkou, že se to patří dělat nemocným hrdinům. ... les meir
![]() | Wilhelm II | ![]() | |||
| *27.1.1859 Berlin - †4.6.1941 Doorn | |||||
| |||||
Wilhelm II var keisar av Tyskland frå 1888 til 1918. Han var den siste keisar av Tyskland og den siste konge av Preussen. Han måtte gå av i 1918 etter nederlaget i 1.verdskrigen. Fullt namn: Friedrich Wilhelm Viktor Albert von Preußen.
Omtale i boka
Wilhelm II vert nemnd avdi han var avteikna saman med Franz Joseph I på ei flaske krigslikør.
Sitat
Baronka zatím vytahovala dárky z koše. Tucet pečených kuřat, zabalených do růžového hedvábného papíru a ovázaných černožlutou hedvábnou stužkou, dvě láhve nějakého válečného likéru s etiketou „Gott strafe England!“ Na druhé straně byl na etiketě František Josef s Vilémem, jak se drží za ruce, jakoby si chtěli hrát hru „Králíček v své jamce seděl sám, ubožátko, co je ti, že nemůžeš skákati“. ... les meir
Skrivst òg:Vílem II cz
![]() | Eugene av Savoie | ![]() | |||
| *18.10.1663 Paris - †24.4.1736 Wien | |||||
| |||||
Eugene av Savoie var ein austeriksk prins, feltherre og kunstmesen. Han har fått ein del av æra for dei vellukka operasjonane mot tyrkarane frå beleiringa av Wien i 1683 og fram til freden i Sremski Karlovci i 1699. Det fulle namnet hans var Eugène-François de Savoie.
Omtale i boka
Eugene av Savoie vert nemnd av ein ung doktor som prøver ein oppeldnande tale til simulantane og dreg fram Eugen av Savoia og Radetzky som lysande militære føredøme.
Sitat
Mluvil dlouho o tom, že každý z těch, kteří opouští nemocnici, aby odešli ke svým plukům do pole, musí být vítězem i rytířem. On že jest přesvědčen, že budou zruční ve zbrani, na bojišti i čestní ve všech záležitostech válečných i soukromých. Že budou nepřemožitelnými válečníky, pamětlivými na slávu Radeckého i prince Eugena Savojského. ... les meir
Skrivst òg:Eugen Sajovský Hašek Evžen Savojský cz Eugen von Savoyen de Eugene of Savoy en Eugène de Savoie fr
|
I. Bak fronten |
![]() | |
8. Švejk som simulant | |||
| © 2012 Jomar Hønsi | Sist oppdatert: 20/5-2013 | treff sidan 5/11-2009. | Statistikk |









