Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt
/literature/images/attentat.gif

Franz Ferdinand og Sophie Chotek ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

"Den gode soldaten Švejk" er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoleón i innleinga til Kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av eigaren av denne vev-sida.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar.

IMG Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (575) Syn alle
IMG I. Bak fronten
IMG II. Ved fronten
IMG III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

9. Švejk i garnisonsarresten

Jaroslav Klímaen flag
WebGoogle søk
klima.png

Informasjon frå 1906

Jaroslav Klíma var høgkommisær i statspolitiet. Han var i fylgje Václav Menger mannen som forhøyrde Hašek etter den vidkjende affæren på U Valšů ved krigsutbrotet i 1914, der Hašek ga seg ut for å vera handelsreisande frå Russland.

Klíma er meir utførleg omtala i Dobrý voják Švejk v zajetí der han leiar forhøyret av ŠvejkPolicejní ředitelství. Her kjem forfattaren til slutt med eit dårleg skjult drapstrugsmål mot han og Karel Slavíček. Hašek veit kvar dei bur, og i Riegrové sady like ved, er det tre som toler vekta deira.

Omtale i boka

Jaroslav Klíma vert nemnd av forfattaren når han omtalar politifolk i det austerrikske undertrykkkingsapparatet som heldt fram i stilllingane sine i det nye Tsjekkoslovakia.

Sitat

Státní policie dodávala také na garnison materiál, pánové Klíma, Slavíček & Comp. Vojenská censura dopravovala sem autory korespondence mezi frontou a těmi, které doma zanechali v zoufalství. Sem vodili četníci i staré výměnkáře, kteří posílali psaní na frontu, a vojenský soud házel jim na krk za jich slova útěchy a líčení bídy domácí po dvanácti letech. ... les meir
Karel Slavíčeken flag
Google søk
slavicek.png

Informasjon frå 1906

Karel Slavíček var høgkommisær i det hemmelege statspolitiet saman med mellom anna Jaroslav Klíma. Begge vart granska av dei nye tsjekkoslovakiske styresmaktene i 1919 men fekk halda fram i politiet.

Om rolla hans i Dobrý voják Švejk v zajetí, sjå Jaroslav Klíma.

Zdenìk Kárník: Pražské policejní ředitelství, jeho Státní(politická) policie a její informátoři …

Omtale i boka

Karel Slavíček vert nemnd når forfattaren opplyser om at Klíma og Slavíček begge var framleis tilsette i statspolitiet i den nye tsjekkoslovakiske republikken.

Sitat

Státní policie dodávala také na garnison materiál, pánové Klíma, Slavíček & Comp. Vojenská censura dopravovala sem autory korespondence mezi frontou a těmi, které doma zanechali v zoufalství. Sem vodili četníci i staré výměnkáře, kteří posílali psaní na frontu, a vojenský soud házel jim na krk za jich slova útěchy a líčení bídy domácí po dvanácti letech. ... les meir
Slavíken flag
Google søk

Omtale i boka

Slavík var ein brutal "Stabsprofus" (stabsvaktar) ved garnisonsarresten på Hradčany. Han kom i fengsel for tjuveri etter krigen.

Bakgrunn

Slavík er omtala som ein verkeleg person, men det har ikkje lukkast å identifisera kven forfattaren har hatt i tankane.

Sitat

Je úplně přirozené, že štábní profous Slavík, když přejímal Švejka, vrhl na něho pohled plný němé výčitky:„I ty máš porouchanou pověst, že jsi se dostal až sem mezi nás? My ti, chlapečku, pobyt zde osladíme, jako všem, kteří upadli v naše ruce, a ty naše ruce nejsou nějaké dámské ručky.“ Aby pak dodal váhy svému pohledu, přiložil svou svalnatou, tlustou pěst Švejkovi pod nos a řekl: „Čichni si, lumpe!“ Švejk si čichl a poznamenal: „S tou bych nechtěl dostat do nosu, to voní hřbitovem.“ ... les meir
Řepaen flag
Google søk

Omtale i boka

Řepa var sersjant ved garnisonsarresten og ein torturist med mange liv på samvitet. Spesialfelt hans var å bryta ribbebeina på fangane ved å hoppa på dei. Řepa gjekk tilbake til yrket som murarmeister etter krigen.

Sitat

A v garnisoně trojice: štábní profous Slavík, hejtman Linhart a šikovatel Řepa, přezdívaný též „kat“, vykonávali již svou úlohu. Kolik jich umlátili v samovazbě! ... les meir
Linharten flag
Google søk

Omtale i boka

Linhart var kaptein ved garnisonsarresten, men lite involvert i handlinga utover ein lite hjarteleg telefonsamtale med advokat Bernis om Švejk sine saksdokument.

Sitat

A v garnisoně trojice: štábní profous Slavík, hejtman Linhart a šikovatel Řepa, přezdívaný též „kat“, vykonávali již svou úlohu. Kolik jich umlátili v samovazbě! ... les meir
Otto Katzen flag
Google søk

Omtale i boka

Otto Katz var feltprest og ein av dei mest kjende skikkelsane i heile boka. Han var jøde men gjekk over i den romersk-katolske kyrkja for å fremja karrieren. Katz var notorisk drikkfeldig og umoralsk, men ein fargerik og intelligent person som langt frå vert usympatisk framstilt. Katz er den einaste av Švejk sine overordna gjennom romanen som ikkje skrik og bannar til han. Han er sentral i dette og dei fire neste kapitla. Han redda Švejk unna garnisonsarresten ved å ta han som oppassar og Švejk hadde stort sett gode tider då han tente hjå Katz. Saman administrerte dei feltmesser, ga den siste olje, hadde ein relegiøs debatt og sette til livs store mengder av alt som drikkast kunne. Idyllen enda syrgjeleg i kapittel 14 då Katz tapte Švejk til obrlajtnant Lukáš i kortspel.

Katz vert nemnd av forfattaren i etterordet til bok 1, der det kjem fram at Katz kom unna krigen heilskinna. Feltprest Katz kan òg sjåast som Jaroslav Hašek sitt hovudinstrument i harselasen med den katolske kyrkja. Katz vert mest omtala med titlane polní kurát eller feldkurát.

Sitat

Potom ještě to kázání, ta zábava a legrace. Polní kurát Otto Katz byl přece jen roztomilý člověk. Jeho kázání byla neobyčejně poutavá, legračná, osvěžující tu nudu garnisonu. Uměl tak krásně žvanit o neskonalé milosti boží, sílit zpustlé vězně a muže zneuctěné. Uměl tak krásně vynadat od kazatelny i od oltáře. Uměl tak báječně řvát u oltáře své: „Ite, missa est“, celé bohoslužby provést originelním způsobem a přeházet celý pořádek mše svaté, vymyslit, si, když už byl hodně opilý, úplně nové modlitby a novou mši svatou, svůj ritus, něco, co zde ještě nebylo. ... les meir
Theodor Kohnen flag
*22.03.1845 Březnice - †3.12.1915 Ehrenhausen
Wikipedia czde Google søk

Theodor Kohn var erkebiskop i Olomouc og professor i kyrkjerett teologi. Han var av jødisk avstamning men alt bestefaren hadde konvertert til katolisismen, ikkje Kohn sjølv som forfattaren skriv. Kohn vart pressa til å gi frå seg embetet i 1904 og resten av livet heldt han til på slottet Ehrenhausen i Steiermark. Han testamenterte formua si til universitetet i Brno.

Omtale i boka

Theodor Kohn vert her gjeve som eit eksempel på ein som i likheit med Katz hadde konvertert frå jødedomen til katolisismen.

Sitat

Polní kurát Otto Katz, nejdokonalejší vojenský kněz, byl žid. To ostatně není nic divného. Arcibiskup Kohn byl také žid a ještě dokonce Macharův kamarád. Polní kurát Otto Katz měl ještě pestřejší minulost než slavný arcibiskup Kohn. ... les meir
Josef Svatopluk Macharen flag
*29.2.1864 Kolín - †17.3.1942 Praha
Wikipedia czdeen Google søk

Josef Svatopluk Machar var ein tsjekkisk poet og satirikar. Som Hašek var han sterkt anti-austerriksk og ein meister i bruken av folkeleg tsjekkisk språk. Han var ein periode ein av Masaryk sine favorittar, men kom etter kvart på kant med presidenten og bevega seg mot den politiske høgresida. Machar forsvara Theodor Kohn mot åtak på denne sine jødiske røter.

Omtale i boka

Josef Svatopluk Machar vert nemnd i samband med at han var ven til erkebiskop Kohn.

Sitat

Polní kurát Otto Katz, nejdokonalejší vojenský kněz, byl žid. To ostatně není nic divného. Arcibiskup Kohn byl také žid a ještě dokonce Macharův kamarád. Polní kurát Otto Katz měl ještě pestřejší minulost než slavný arcibiskup Kohn. ... les meir
Albanus Schachleiteren flag
*20.1.1861 Mainz - †20.6.1937 Feilnbach
Wikipedia deen Google søk

Albanus Schachleiter (fødd Jakob Schachleiter), var prest og abbed i Emauzský klášter i Praha. Han måtte dra frå Tsjekkoslovakia i 1918 og vart seinare NSDAP-tilhengjar og vart seinare utstøytt av den katolske kyrkja. Schachleiter er avbilda på omslaget til Killing Joke-albumet Laugh? I Nearly Bought One!, mange trur dette er eit bilete av paven. Schachleiter møtte Hitler personleg i 1922 og fekk statsbegravelse av nazi-regimet.

Omtale i boka

Albanus Schachleiter duppa Otto Katz i døypefonten i Emauzský klášter. Her vert Scahcleiter omtala som Pater Albán.

Sitat

Křtili ho slavnostně v Emauzích. Sám páter Albán ho na máčel do křtitelnice. Byla to nádherná podívaná, byl u toho jeden nábožný major od pluku, kde Otto Katz sloužil, jedna stará panna z ústavu šlechtičen na Hradčanech a nějaký otlemený zástupce konsistoře, který mu dělal kmotra. ... les meir

Skrivst òg:Páter Albán Hašek

François de Salesen flag
*21.8.1567 Chateau de Sales - †28.12.1622 Lyon
Wikipedia czdeenfr Google søk

François de Sales var ein fransk biskop og teolog, seinare helgen. Han var ein framståande motreformist, spesielt mot kalvinismen. Han er dei døves skytshelgen.

Omtale i boka

François de Sales hang det eit portrett av i sakristiet i garnisonsarresten.

Sitat

Seskočil se stolu a cukaje Švejkovi za rameno křičel pod velkým, zasmušilým obrazem Františka Sáleského: „Přiznej se, lumpe, žes brečel jen tak kvůli legraci?!“ A František Sáleský díval se tázavě z obrazu na Švejka. ... les meir

Skrivst òg:František Saleský cz Franz von Sales de Francis de Sales en François de Sales fr

Bernisen flag
Google søk

Omtale i boka

Bernis var aktor ved militærstrafferetten på Hradčany. Han var ein levemann som hadde fokus alle andre stader enn i retten. Han rota bort dei fleste rettspapira og måtte oftast dikta opp skuldingane undervegs for å få sakene unna.

Sitat

Vyšetřující auditor Bernis byl muž společnosti, půvabný tanečník a mravní zpustlík, který se zde strašně nudil a psal německé verše do památníků, aby měl pohotově vždy nějakou zásobu. Byl nejdůležitější složkou celého aparátu vojenského soudu, poněvadž měl tak hrozné množství restů a spletených akt, že uváděl v respekt celý vojenský soud na Hradčanech. Ztrácel obžalovací materiál a byl nucen vymýšlet si nový. ... les meir
Josef Koudelaen flag
Google søk

Omtale i boka

Josef Koudela var ein arrestant som vart offer for rotet til Bernis. Denne hadde byta om papira hans med Švejk sine. Dokument funne etter krigen kunne tyda på at Koudela vart avretta.

Sitat

Spisy byly zastrčeny do spisů týkajících se jakéhosi Josefa Koudely. Na obálce byl křížek a pod ním „Vyřízeno“ a datum.) ... les meir
Maixneren flag
Google søk

Omtale i boka

Maixner var ein infanterist som kom under tiltale samtidig med Švejk. Dette kjem fram i eit telegram Bernis får frå Policejní ředitelství akkurat i det Švejk skulle på kontoret hans til forhøyr.

Sitat

Po odchodu polního kuráta dal si auditor Bernis předvésti Švejk a nechal ho stát u dveří, poněvadž právě dostal telefonogram od policejního ředitelství, že vyžadovaný materiál k obžalovacímu spisu čís. 7267, týkající se pěšáka Maixnera, byl přijat v kanceláři čís. 1 s podpisem hejtmana Linharta. ... les meir
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

9. Švejk i garnisonsarresten


© 2012 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 20/5-2013 treff sidan 5/11-2009. Statistikk

Valid XHTML 1.0!