Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Franz Ferdinand og Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

Den gode soldaten Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevarane av denne vev-sida. I januar 2014 manglar enno 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive personar faktisk har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Sjå m.a. Lukáš og Wenzl.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (585) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

4. Nye lidelsar

Sankt Stephan Ien flag
*967-978 Esztergom - †15.8.1038 Esztergom? Székesfehérvár?
Wikipedia czdeenhuno Google søk

Sankt Stephan I er nemnd i artikkelen i "Pester Lloyd" som Lukáš les høgt for oberst Schröder. Henvisninga er indirekte gjennom omgrepet Den heilage Stefanskrones land, dvs Kongedømet Ungarn.

Bakgrunn

Sankt Stephan I er Ungarns skytshelgen og rekna som grunnleggjaran av Ungarn. Fram til oppløysinga av Austerrike-Ungarn vart dei ungarske delene av riket kalla Den heilage Stefanskrones land.

Sitat
[2.4] Současně však očekáváme úřední zprávu o királyhidském zločinu, spáchaném na maďarském obyvatelstvu. Že se věcí bude zabývat pešťská sněmovna, je na bíle dni, aby nakonec se ukázalo jasně, že čeští vojáci, projíždějící Uherským královstvím na front, nesmějí považovat zemi koruny svatého Štěpána, jako by ji měli v pachtu.

Skrivst òg:Štěpán I. Svatý cz Saint Stephen I en I Szent István hu

Barabás, Bélaen flag
*12.12.1855 Arad - †28.5.1934 Arad
Wikipedia enhu Google søk
barabas.png

Fremden-Blatt, 6.5.1915

barabas1.png

Národní listy, 6.5.1915

barabas2.png

Pester Lloyd, 6.5.1915

Barabás var redaktøren og parlamentsmedlemmet som signerte den famøse artikkelen om slagsmålet i Királyhida som kom på trykk i Pester Lloyd og Pestí Hirlap. I fylgje oberst Schröder var han kjend som ein dritsekk.

Bakgrunn

Barabás var sakførar, redaktør og politikar, medlem av det ungarske parlamentet før og under krigen (Sjølvstendepartiet).

Etter krigsutbrotet kom han på framsida i avisene ettersom han var ein av fleire ungarske parlamentsmedlemmer som var arresterte og fengsla i Frankrike. Grunna sin høge alder vart han likevel sett fri og han reiste heim via Brest, Amsterdam og Köln.

Det er ikkje funne prof på at han skreiv sjåvinistiske artiklar i Pester Lloyd eller Pesti Hirlap, sjølv om Hašek truleg henta inspirasjon frå noko liknande han hadde lese.

Inspirert av budsjettdebatt?

Ei mogeleg inspirasjonskjelde er ein budsjettdebatt i det ungarske parlamentet 5. mai 1915. Her hevda Barabás at Austerrike ikkje ytte like mykje til krigen som Ungarn, at austerrikske vernepliktige i store mengder ikkje gjorde militærteneste. Han stilte òg spørsmål om pålitelegheita til "enkelte austerrikske nasjonar" (dvs. tsjekkarar). Han framheva desstan offervilja og patriotismen til ungarske troppar, det ungarske parlamentet.

Han etterlyste dei same haldningane i den austerrikske delen av riket og spesielt spurde han etter patriotiske utsagn frå Reichsrat (sjå Parlament). Debatten vart rapportert i alle avisene og det er svært truleg at Jaroslav Hašek (som var sjukepermittert i Budějovice på denne tida) fekk med seg denne kontroversen og haldningane til Barabás i nasjonalitetsspørsmål.

I same debatten tilbakeviste Honvéd-minister Hazai skuldingane frå Barabás og uttala at han frå fyrstehands kjennskap kunne slå fast at patriotismen sto like sterkt i Austerrike som i Ungarn.

Ikkje med i den tidlegare utgåva Švejk

Slagsmålet i Királyhida vert via mykje plass òg i Dobrý voják Švejk v zajetí. I denne andre versjonen av Švejk, utgjeven i 1917, vert ikkje Barabás nemnd. Sjølv om dei to utgåvene av historia i grove trekk er den same er det òg andre detaljar enn Barabás som er endra, mest når det gjeld namn og roller.

Linkar

Sitat
[2.4] „Kdo je podepsán pod článkem, pane nadporučíku?“ „Béla Barabás, redaktor a poslanec, pane plukovníku.“ „To je známá bestie, pane nadporučíku; ale dřív, nežli se to dostalo do ,Pester Lloydu’, byl již tento článek uveřejněn v ,Pesti Hírlap’. Nyní mně přečtěte úřední překlad z maďarštiny článku v šoproňském časopise ,Sopronyi Napló’.“
Savanyú, Gézaen flag
Google søk

Savanyú skulle ta opp brevskandalen i det ungarske parlamentet. Han er omtale som representant frå Királyhida.

Bakgrunn

Savanyú var i fylgje romanen parlamentsrepresentant for Királyhida. Han er nesten sikkert oppdikta avdi Királyhida ikkje var eigen valgkrets. Det har heller ikkje lukkast å påvisa kvar forfattaren henta namnet frå.

Kjelde: Klara Köttner-Benigni

Sitat
[2.4] Toto se týká zejména jednoho pána, který se dle doslechu zdržuje doposud beztrestně ve vojenském táboře a stále ještě nosí odznaky svého ,papageiregimentu’ a jehož jméno bylo též uveřejněno předevčírem v ,Pester Lloydu’ a ,Pesti Napló’. Jest to známý český šovinista Lükáš, o jehož řádění bude podána interpelace naším poslancem Gézou Savanyú, který zastupuje okres királyhidský.“
Panuška, Jaroslaven flag
*3.3.1872 Hořovice - †1.8.1958 Kochánov
Wikipedia cz Google søk

Panuška er innom soga når Švejk under forhøyr forsvarar seg med å sitera tenaren til Panuška.

Bakgrunn

Panuška var ein tsjekkisk målar og god ven av Jaroslav Hašek. Det var han som fekk Hašek til å flytta frå Praha til Lipnice nad Sázavou 25.august 1921 og han var der sjølv i periodar.

Sitat
[2.4] Tak na př. na otázku, proč se nepřizná, odpověděl dle protokolu: ,Já jsem zrovna v takový situaci, jako se voctnul jednou kvůli nějakejm obrazům panny Marie sluha akademického malíře Panušky. Ten taky, když se jednalo o nějaký vobrazy, který měl zpronevěřit, nemoh na to nic jinýho vodpovědět než: »Mám blít krev? «
Rechnungsfeldwebel Vaněken flag
Google søk

Vaněk er rekneskapssersjant ved staben i det 11. marsjkompani, i det sivile apotekar frå Kralupy. Han er framstilt som ein nokså kynisk reserveoffiser som helst passar på sitt eige beste. Vaněk er frå no av og ut romanen mykje involvert. Det kjem etter kvart fram at han vore med tre marsjbataljonar allereie, i Serbia og i Karpatane.

Han vert fyrst nemnd når han får i oppdrag av Schröder å finna ein ny tenar til Lukáš etter at Švejk er vorten kompaniordonnans. Vaněk sine fyrste ord i romanen utbryt har når han får høyra om rollebytet: "Gud hjelpe oss alle!".

Bakgrunn

Prototypen for Vaněk er utan tvil ein verkeleg "drogista" Jan Vaněk frå Kralupy.

KjeldeJan Morávek, Bohumil Vlček

Sitat
[2.4] Nadporučík Lukáš po celé cestě domů si opakoval: „Kompaniekomandant, kompanieordonanz.“ A jasně před ním vyvstávala postava Švejka. Účetní šikovatel Vaněk, když mu poručil nadporučík Lukáš, aby mu vyhledal nějakého nového sluhu místo Švejka, řekl: „Já myslel, že jsou, pane obrlajtnant, spokojenej s tím Švejkem.“ Uslyšev, že Švejka naznačil plukovník ordonancí u 11. kumpanie, zvolal: „Pomoz nám pán bůh!“
Nemrava, Wilhelmen flag
*Hněvotín 10.4.1882 - †Olomouc 6.5.1948
Google søk
nemrava2.png

Fødels- og dåpsdata, Hněvotín, 1882

nemrava5.png

Les Temps nouveaux, 25.11.1905

nemrava4.png

Grazer Volksblatt, 22.6.1907

nemrava.png

Hlas, 23.6.1907

nemrava1.png

Čech, 20.11.1907

nemrava7.png

Venkov, 3.6.1915

nemrava6.png

Prager Tagblatt, 16.10.1930

nemrava3.png

Lidové noviny, 4.6.1931

Nemrava var ein mann som før krigen budde i Mähren og som nekta å bera våpen og vart sperra inne fleire gonger grunna dette. Dette vert nemnd av Švejk i ein samtale då han og Vodička sit i arresten etter skandalen med Kákonyi.

Bakgrunn

Nemrava og samtalen i Királyhida har bakgrunn frå den verkelege verda og opplysningane som Švejk kjem med er autentiske. Rekrutten Wilhelm Nemrava frå 13. Landwehrinfanterieregiment i Olomouc nekta 1.november 1904 å avlegga eid til flagget og vart dømd til 5 månaders fengsel. Etter lauslatinga nekta han i tråd med si overtyding òg å bera våpen, etter eige utsagn inspirert av Tolstoj. Dessutan var han medlem av den relegiøs-pasifistiske Nasarenarsekta.

For denne siste ordrenekten vart han dømd til endå to år i fengsel som han fullførde i Terezín under brutale tilhøve. Saka fekk stor omtale i heile Austerrike-Ungarn og etter lauslatimga kom den heilt opp til Riksrådet (sjå Parlament).

Superarbitert

Her får me ein interressant parallel til Švejk. 15.november 1907 lyste ein miltærkommisjon Nemrava utilrekneleg og han vart supertarbirert (dimmitert). Dette var truleg styremaktene sin utveg for å kvitta seg med ei sak som etterkvart var vorte pinleg. Forsvarsministeren i Cisleithanien, Friedrich von Georgi opplyste under spørjetimen i Riksrådet at kommisjonen kom fram til at Nemrava var "psykopatisk, forskrudd og leid av fikse idear".

Våren 1914 dukkar Nemrava opp att i avisene som "handelsmann frå Kroměříž". Ved dette høvet hadde han nekta å avleggja eid til ein sivil domstol i Olomouc!

Fyrste verdskrigen

I starten av juni 1915 skreiv Národni listy, Venkov og andre aviser at Nemrava hadde snudd heilt om og no kjempa ved fronten med IR54. Opplysningane skal ha kome frå brev han sende til avisa Pozor i Olomouc.

I 1930 hevdar derimot Prager Tagblatt m.fl. at motstanden hans mot å bera våpen heldt fram òg under krigen og at han difor sat fengsla i nye tre år. Desse motstridande opplysningane kan neppe avklarast utan tilgang til dokumenta hans frå forsvaret (sjå siste avsnitt).

Hašek og Nemrava

Dei få linjene i Švejk var ikkje fyrste gongen Jaroslav Hašek skreiv om den kjende miltærnektaren frå Mähren. I forteljina "Nasarenarane" frå 1908 nemner forfattaren både sekta og Nemrava sjølv. Det høyrer med at sensuren syrgde for at soga ikkje kom på trykk. Hašek noterer dessutan at Nemrava vart superarbirert grunna galskap.

Tjuv og helar

Namnet hans dukkar opp att i avisene i 1924 og no er det klårt at idealisten er vorten kriminell, sjølv om han offisielt er handelsreisane. Det kjem fram at han var involvert i fleire innbrot frå 1921 og utover og at han òg var bakmann og sentral i omsetjinga av tjuvegodset.

I 1930 vart han arrestert på ny, no som kunst- og antikvitetshandlar frå Svatý Kopeček ved Olomouc. Han gjennomførde eit større underslag av verdifulle måleri og antikvitetar og fekk seg ein fengselsdom på seks månader. Saka vert mykje omtala, òg i rikspressa.

Deretter forsvinn spora etter han men kyrkjebøkene avslører at han døydde i 1948 i Nová ulice, ein forstad til Olomouc. Den same kjelda viser var at han var fødd 6.mai 1882 i nus nummer 83 i Hněvotín, ein landsby litt sør-vest for Olomouc.

Ein vidkjend militærnektar

Nemrava var ein av dei fyrste og mest kjende militærnektarane og saka vart òg lagt merke til i utlandet. Nemrava sjølv korresponderte med livlegen til Tolstoj og både Karel Čapek, Klofáč og Masaryk fylgde saka. Karl Liebknect hadde òg fått med seg hendingane og ein notis dukka opp i fransk presse. I 2009 vart saka omtala i boka Vojáku Vladimire av Zdeněk Bauer som er bygd på mellom anna korrespondansen til Čapek. I 2014 utga kommunen Hněvotín (Milan Krejčí) ein detaljert artikkel om småbyen sin den gong så vidkjende son, i stor grad henta frå Bauer si bok.

Willy Nemrawa i K.u.k. 54. Infanterieregiment
nemrava.jpg

© VÚA

Tilgang til vernepliktsdokumeta i VHA (mars 2018) kastar nytt lys over dei motstridande opplysningane frå Národní listy (1915) og Prager Tagblatt (1930). Under heimervernsmønstringane (Landsturm-Musterungen) i 1914 vart Nemrava kalla inn att. Han vart funne tenestedyktig 22.november 1914 ved mønstringa i Povel (no ein bydel i det sørlege Olomouc), og innrullert i K.u.k. Infanterieregiment Nummer 54 som væpna "Landsturminfanterist" 16.februar 1915.

Det er ikkje funne opplysningar i dokumenta hans om ein ny dom og tre år i fengsel. Tvert imot: han vart forfremja til "Landsturm-Gefreiter" i 1916, noko han neppe hadde vorte dersom han sat i fengsel. I tenestedokumenta er han innskriven som Willy Nemrawa, men ellers stemmer opplysningane overeins med oppføringa i kyrkjeboka. Det kjem dessutan fram at han var blond og liten av vekst (164 cm). Faren var Josef Nemrava frå Loučany og mora Marie Kreuzer frå Hněvotín. Nemrava snakka tsjekkisk, tysk og polsk. Han vart innrullert i den tsjekkoslovakiske hæren som reserve 21.desember 1919.

Militarismus und Antimilitarismus, Karl Liebknecht, 1907

In Prag wurde eine Arbeiterakademie unter zahlreicher Beteiligung gegründet. Die nationalen Konflikte mit dem Militarismus (Sprachenfrage und die Vergewaltigung einzelner Soldaten) belebten die antimilitaristischen Tendenzen. Besonders hervorgehoben sei hier der Fall Nemravas, eines Soldaten, der sich weigerte, die Waffen zu tragen, und dafür bestraft wurde.

Linkar

Kjelde: VHA, Zdeněk Bauer, Milan Krejčí

Sitat
[2.4] Před vojnou žil na Moravě nějakej pan Nemrava, a ten dokonce nechtěl vzíti ani flintu na rameno, když byl odvedenej, že prej je to proti jeho zásadě, nosit nějaký flinty. Byl za to zavřenej, až byl černej, a zas ho nanovo vedli k přísaze. A von, že přísahat nebude, že je to proti jeho zásadě, a vydržel to.“
zu Pappenheim, Gottfried Heinrichen flag
*8.6.1594 Treuchtlingen - †17.11.1632 Leipzig
Wikipedia czdeensv Google søk

Pappenheim er nemnd gjennom utrykket "me kjenner våre Pappenheimare". Sitatet er frå Friedrich Schiller sin trilogi om Wallenstein.

Bakgrunn

Pappenheim var ein feltmarskalk for den Katolske Liga under Trettiårskrigen. Han var kjend som ein dyktig militær leiar men også for sin brutalitet. Han tok del i slaget ved Bílá Hora, og fall i slaget ved Lützen. Pappenheim er gravlagd i Strahovský klášter.

Sitat
[2.4] Učitel si povzdechl: „Když ten pan auditor neumí dobře česky. Já už jsem mu to také podobným způsobem vysvětloval, ale on na mne spustil, že sameček od vši se jmenuje česky ,vešák’. ,Šádný fšivák,’ povídal pan auditor, ,vešák. Femininum, Sie gebildeter Kerl, ist ten »feš«, also masculinum ist »ta fěšak«. Wir kennen uns’re Pappenheimer.“
Janeček, Janen flag
*19.10.1840 Chotína - †9.9.1871 Plzeň
Google søk
janecek3.png

Neues Fremden-Blatt, 22.9.1869

janecek2.png

Český lev, 25.5.1871

janecek4.png

Wiener Zeitung, 31.5.1871

janecek.png

Prager Abendblatt, 9.9.1781

janecek5.png

Český lev, 10.9.1871

Janeček var ein sigøynar frå Plzeň som vart dømd til døden for dobbeltdrap, fekk avrettinga utsett ein dag avdi den fall på fødselsdagen til keisaren, deretter rehabilitert post-mortem avdi det var ein anna Janeček som var forbrytaren. Dette er ei av Švejk sine historier i divisjonsarresten i Brucker Lager.

Bakgrunn

Janeček (verkeleg namn Jan Serinek) var ein brotsmann fødd nær Plzeň som fyrst kom i overskriftene i 1869 då han og tre familiemedlemmer vart dømde til lange fengselstraffer for rovmord. Rettsaka fann stad i Zemský trestní soud på hausten og 25. september fall dommen. Den 30 år gamle Jan og den 18 år gamle broren Josef (stundom nemnd som syskenbarn) vart dømde til 18 år, to yngre kvinnelege familiemedlemmer (begge heitte Josefa) fekk henholdsvis 5 og 4 år. Det femte medlemmet av banden, den 45 år gamle muraren Andreas Holler, fekk livstid. I november vart brødrene Janeček sende til soning i Kartouzy.

Røming, ran og mord

24 April 1970 rømde brødrene saman med ein polsk sigøynar, Franticzek Janeczka. Alt fyrste natta gjorde dei tre overfall i området mellom Turnov and Jičín. Dei fyrste offera var tre kvinner som vart brutalt overfalne og rana klokka 2 på natta. Dette var starten på eit røvartokt som kosta tre menneskeliv og gjorde mange andre til offer for overfall, tjuveri og ran. Dei tre rømlingane slo seg snart saman med andre klan-medlemmer og mellom anna i Poděbrady-området og rundt Plzeň. 2. juni unngjekk dei eit arrestforsøk ved Klatovy. Fyrste mordet skjedde 9. august ved Sokoleč, okres Poděbrady. Neste mordet hende 21. oktober ved Strojetice (same district) og tre dagar seinare endå eit: i Chrást nær Plzeň. Dei to siste var rovmord.

Arrestasjon, rettsak og dom

Etter seks månader på frifot vart banden gradvis sirkla inn og arresterte i heimdistriktet sitt aust for Plzeň. Josef vart arrestert 26. oktober i Horomyslická hospoda men Jan kom seg unna gjennom eit vindauge. Han vart endeleg pågripen fire dagar seinare ved Lhota i den sørlege utkanten av Plzeň. Rettsaka fann stad i Plzeň i slutten av mai 1871. Det var heile 26 tiltalepunkt og 11 personar var skulda. Den 31. vart domen kunngjord og Janeček (Jan) var den einaste i banden som fekk dødsdom. Josef fekk livstid og dei andre tiltala mellom eitt og åtte års fengsel.

Avretting

Det tok meir enn tre månader frå domen vart avsagd til avrettinga fann stad. Etter å ha gått gjennom ulike høgare rettsinstansar vart domen endeleg stadfest og opplesen for Janeček 7. september. Det var òg komplikasjonar og forseinkingar grunna usemje med bøddelen Piperger. Om morgenen den 9. september 1871 var ei stor folkemengde (mange titusen) samla på rettarstaden og var vitne til den siste offentlege avrettinga i Böhmen under Austerrike-Ungarn.

Švejk mystifiserer

Den gode soldaten har nokså laus omgang med fakta i denne anekdota si. Janeček vart avretta i 1871, ikkje i 1879. Dessutan vart ikkje avrettinga utsett grunna fødselsdagen til keisaren (18. august), og det var heller ikkje snakk om noko posthum rehabiltering avdi feil mann vart avretta.

Ich bin Serinek, ein Deutscher

I 1911 skreiv Jaroslav Hašek ei soge om sigøynar-banden Serinek som klårt er inspirert av den avretta brotsmannen, men forfattaren kjem ikkje inn på hendingane Švejk fortel om i romanen. Forteljinga handlar om Serinek-familien på 18 som reiser frå landsby til landsby rundt Liberec (Reichenberg) og tilbyr å registrera seg som tyskarar mot godtgjersle i form av pengar, øl og pølser. Her er hovdupersonen den eldre klan-leiaren Serinek. Den kan grunna alder ikkje vera identisk med den avretta personen Švejk nemner, men viser truleg til den påståtte faren hans, Jan Serinek.

Linkar

Sitat
[2.4] „Zkrátka a dobře,“ řekl Švejk, „je to s vámi vachrlatý, ale nesmíte ztrácet naději, jako říkal cikán Janeček v Plzni, že se to ještě může vobrátit k lepšímu, když mu v roce 1879 dávali kvůli tý dvojnásobný loupežný vraždě voprátku na krk. A taky to uhád, poněvadž ho vodvedli v poslední okamžik vod šibenice, poněvadž ho nemohli pověsit kvůli narozeninám císaře pána, který připadly právě na ten samej den, kdy měl viset.
Matějen flag
Google søk

Matěj var tenaren til målaren Panuška.

Sitat
[2.4] „To ale nebyla moje slova, to vykládal sluha malíře Panušky Matěj jedné staré bábě, když se ho ptala, jak vypadá růže z Jericha.
Křížen flag
Google søk

Kříž var ein smed Vodička fortel om i ein anekdote for å illustrera kor tåkete Švejk sine samanlikningar kan vera.

Sitat
[2.4] Když se ho auditor ptal, čím je v civilu, tak říkal: ,Dejmám u Kříže.’ A trvalo to přes půl hodiny, než auditorovi vysvětlil, že tahá měch u kováře Kříže, a když se ho potom zeptali: ,Vy jste tedy v civilu pomocnej dělník,’ tak jim odpověděl: ,Kdepak ponocnej, ten je Franta Hybšů.’“
Hybšů, Frantaen flag
Google søk

Hybšů var ein nattevektar Vodička fortel om i ein anekdote, sjå Kříž.

Sitat
[2.4] Když se ho auditor ptal, čím je v civilu, tak říkal: ,Dejmám u Kříže.’ A trvalo to přes půl hodiny, než auditorovi vysvětlil, že tahá měch u kováře Kříže, a když se ho potom zeptali: ,Vy jste tedy v civilu pomocnej dělník,’ tak jim odpověděl: ,Kdepak ponocnej, ten je Franta Hybšů.’“
Moudrá, Pavlaen flag
*26.1.1861 Praha - †10.9.1940 Praha
Wikipedia cz Google søk
moudra.png

Ženský svět, 25.4.1918

Moudrá er nemnd av Marek når han fortel om at han vorte sperra inne for mytteri avdi han nekta å vaska latrinene.

Bakgrunn

Moudrá var ei tsjekkisk forfattarinne og oversetjar, mellom anna skreiv ho barnelitteratur. Ho var òg ein tidleg dyrevernar, fredsforkjempar og feminist, mellom anna var ho ei kort stund redaktør for magasinet Lada.

I kampen mot alkoholen var ho aktiv og heldt mellom anna foredrag for det tsjekkoslovakiske fråhaldsambandet saman med Batěk. Jaroslav Hašek nemner ho òg i ei satirisk forteljing om Frelsesarmeen frå 1921: Zápas s Armádou spásy.

Linkar

KjeldeLucie Jelínková

Sitat
[2.4] A tak to šlo pořád: ,Budete pucovat?’ ,Nebudu pucovat.’ Hajzly lítaly sem a tam, jako by to bylo nějaké dětské říkadlo od Pavly Moudré. Obršt běhal po kanceláři jako pominutý, nakonec si sedl a řekl: ,Rozvažte si to dobře, já vás předám divisijnímu soudu pro vzpouru. Nemyslete si, že budete první jednoroční dobrovolník, který byl za této války zastřelen.
Solperaen flag
Google søk

Solpera var ein kjøkenoffiser nemnd i ei ankedote Švejk fortel Vodička.

Sitat
[2.4] „Já jsem zas docela spokojenej,“ řekl Švejk, „to ještě před lety, když jsem sloužil aktivně, tak náš supák Solpera říkal, že na vojně musí bejt si každej vědom svejch povinností, a dal ti přitom takovou přes hubu, žes na to nikdy nezapomněl.
Oberleutnant Kvajseren flag
Google søk

Kvajser var ein objrlajtnant nemnd i same historia som Solpera.

Sitat
[2.4] Nebo nebožtík obrlajtnant Kvajser, když přišel prohlížet kvéry, tak vždycky nám přednášel, že každej voják má jevit největší duševní votrlost, poněvadž vojáci jsou jenom dobytek, kerej stát krmí, dá jim nažrat, napít kafe, tabák do fajfky a za to musí tahat jako volové.“
Herálen flag
Google søk
heral.png

© ÖSTA

heral2.png

Nachrichten über Verwundete und Kranke ausgegeben am 1./5. 1915

heral1.png

© ÖSTA

Herál var ein lærar Švejk nemner i nok ei anekdote han fortel Vodička. Herál hadde lagt ut om rettargangspraksisen i hæren under styret til Maria Theresia.

Bakgrunn

Reserveløytnant Petr Heral tenestegjorde faktisk i IR91 saman med Jaroslav Hašek. Heral var fødd i 1886 med heimstadrett i Boršov nad Vltavou og oppnådde rangen løytnant 1. mars 1915. Han vart teken til fange av russarane same dag som forfattaren, 24. september 1915.

Om denne har inspirerte forfattaren til å skapa læraren som Švejk fortel om, kan likevel ikkje påvisast.

Linkar

Kjelde: Karl Wagner von Wagenried

Sitat
[2.4] Sloužil ti u nás v aktivu učitel Herál a ten nám jednou na kavalci vykládal, když jsme všichni v cimře dostali kasárníka, že je v pražským museu jedna kniha zápisů takovýho vojenskýho soudu za Marie Terezie.
Maria Theresiaen flag
*13.5.1717 Wien - †29.11.1780 Wien
Wikipedia czdeenhunn Google søk

Maria Theresia er nemnd i same soga som læraren Herál.

Bakgrunn

Maria Theresia var regjerande erkehertuginne av Austerrike, dronning av Ungarn, dronning av Böhmen og statsoverhovud for ei rekkje andre område: Kroatia, Galicia, Mantova osb. Ho var einaste kvinnelege overhovud under Habsburg-styret.

Faren la grunnen for makta henner gjennom Den pragmatiske sanksjon av 1713, òg nemnd i romanen. Denne slo fast at kvinner òg kunne arva trona.

Ho gjennomførde progressive reformer i utdanning og strafferett, men var intolerant på det relegiøse feltet. Fortet Terezín er kalla opp etter henne som òg Theresianische Militärakademie er.

Sitat
[2.4] Sloužil ti u nás v aktivu učitel Herál a ten nám jednou na kavalci vykládal, když jsme všichni v cimře dostali kasárníka, že je v pražským museu jedna kniha zápisů takovýho vojenskýho soudu za Marie Terezie. Každej regiment měl svýho kata, který popravoval vojáky svýho regimentu, kus po kusu, za jeden tereziánskej tolar. A ten kat podle těch zápisů vydělal si někerej den až pět tolarů.

Skrivst òg:Marie Terezie cz Maria Theresa en Mária Terézia hu

Bělounen flag
Google søk

Běloun var ein soldat som kvela ein sigøynar ved Drina etter at denne hadde vorte teken med sigarettar han fekk som løn for å ha hengt serbiske mostandsfolk. Dette er ei av Vodička sine historier frå fronten.

Sitat
[2.4] „Když jsem byl v Srbsku,“ řekl Vodička, „tak u naší brigády věšeli, kteří se přihlásili, čúžáky za cigarety. Kerej voják pověsil chlapa, ten dostal deset športek, za ženskou a za dítě pět. Potom začlo intendantstvo spořit a vodstřelovalo se to hromadně. Se mnou sloužil jeden cikán a vo tom jsme to dlouho nevěděli. Bylo nám to jenom nápadný, že ho vždycky na noc někam volali do kanceláře. To jsme stáli na Drině. A jednou v noci, když byl pryč, tak někomu napadlo šťourat se v jeho věcech, a pacholek měl v ruksaku celý tři krabičky po stovce športek. Potom se vrátil k ránu do naší stodoly a my jsme s ním udělali krátkej soud. Povalili jsme ho a nějakej Běloun ho uškrtil řemenem. Měl ten pacholek tuhej život jako kočka.“
Auditor Rulleren flag
Google søk

Ruller var ein militærdommar som forhøyrde Švejk og Vodička og som motvillig sette dei på frifot etter ordre frå oberst Schröder. Ruller var meir oppteken av teikningane i ei bok om den historiske utviklinga av seksualmoral enn av gjerninga si som advokat ved divisjonsretten. Situasjonen har paralellar til domaren i Prosesssen av Franz Kafka.

Sitat
[2.4] Vstoupili právě do baráku s kancelářemi divisijního soudu a patrola je ihned odvedla do kanceláře čís. 8, kde za dlouhým stolem s haldami spisů seděl auditor Ruller. Před ním ležel nějaký díl zákoníku, na kterém stála nedopitá sklenice čaje. Po pravé straně na stole stál krucifix z napodobené slonoviny, se zaprášeným Kristem, který se zoufale díval na podstavec svého kříže, na kterém byl popel a oharky z cigaret. Auditor Ruller oklepával si právě k nové lítosti ukřižovaného boha novou cigaretu o podstavec krucifixu a druhou rukou nadzvedal sklenici s čajem, která se přilepila na zákoník. Vyprostiv sklenici z objetí zákoníku, listoval se dál v knize vypůjčené z důstojnického kasina. Byla to kniha Fr. S. Krause s mnohoslibným názvem „Forschungen zur Entwicklungsgeschichte der geschlechtlichen Moral“.
Krauss, Friedrich Salomonen flag
*7.10.1859 Požega - †29.5.1938 Wien
Wikipedia deensv Google søk

Krauss er nemnd avdi aktor Ruller sit og blar i boka Forschungen zur Entwicklungsgeschichte der geschlechtlichen Moral av Krauss akkurat då Vodička og Švejk dukkar opp.

Bakgrunn

Krauss var sexolog, etnograf, folklorikar og slavist av kroatisk/jødisk opphav. Han fekk tidleg i karrieren stønad frå kronprins Rudolf til å driva etnografisk forskning blandt sør-slavarane og han arbeidde seinare med Sigmund Freud. Han vart etter kvart ein pionér innafor "etno-sexologi" men gjentekne sømelegheits-rettsaker hindra arbeidet hans og i 1913 var han ruinert.

Forfattaren er litt upresis i omtalen av Krauss og "boka" han omtalar. Det er ikkje ei bok av Krauss, men årbøker som kom ut i 10 bind frå 1904 til 1913. Krauss var utgivar av desse, ikkje nødvendigvis forfattar slik Hašek skriv.

Anthropophyteia. Jahrbücher für Folkloristische Erhebungen und Forschungen zur Entwicklungsgeschichte der geschlechtlichen Moral (1904-1913).

Sitat
[2.4] Vyprostiv sklenici z objetí zákoníku, listoval se dál v knize vypůjčené z důstojnického kasina. Byla to kniha Fr. S. Krause s mnohoslibným názvem „Forschungen zur Entwicklungsgeschichte der geschlechtlichen Moral“. Zadíval se na reprodukci naivních kreseb mužského i ženského pohlavního ústroje s přiléhajícími verši, které objevil učenec Fr. S. Krause na záchodcích berlínského Západního nádraží, takže neobrátil pozornost na ty, kteří vstoupili.

Skrivst òg:Fr. S. Krause Hašek

von Humboldt, Alexanderen flag
*14.7.1769 Berlin - †6.5.1859 Berlin
Wikipedia czdeenno Google søk

Humboldt vert sitert av Marek når han får vita at Švejk skal avgarde til fronten i Galicia: I heile denne verda har eg ikkje sett noko så storslege som dette idiotiske Galicia.

Sitatet kan òg stamma frå broren Wilhelm. Det kan òg vera vist til Galicia i Spania, eit område begge Humboldt-brødrene besøkte.

Bakgrunn

Humboldt var ein tysk naturvitenskapsmann og medgrunnleggar av geografien som empirisk vitenskap. Han drog på forskningsreiser til mellom anna Sentralasia og Latin-Amerika. Han var bror av Wilhelm von Humboldt, grunnleggar av Humboldt-universietet i Berlin.

Humboldt vitja Galicia (Polen) i 1792/93 og Galica (Spania) i 1799.

Sitat
[2.4] Budete se v dálné cizině cítiti jako doma, jako v příbuzném kraji, ba skoro jako v milé domovině. S city povznesenými nastoupíte pouť do krajin, o kterých již starý Humboldt pravil: ,V celém světě neviděl jsem něco velkolepějšího nad tu blbou Halič.’
Advokát Bas, Otakaren flag
*21.3.1879 Hradec Kralové - †18.3.1939 Praha
Wikipedia cz Google søk
bas.png

Jas, 26.4.1935

Bas var ein advokat som vert nemnd av Švejk etter at han og Vodička hadde vorte forhøyrde av Ruller.

Bakgrunn

Bas var ein tsjekkisk radikal advokat som fekk lisens i 1908 og som spesialiserte seg på å forsvara motstandarar av Habsburg-regimet. Alt som ung advokataspirant var han aktiv i Sokol og dessutan politisk. Etter krigen var han ei stund viseformann i det tsjekkoslovakiske senatet. Han gjorde sjølvmord kort tid etter nazistane sin okkupasjon av Tsjekkoslovakia i mars 1939.

Opplysningane om at det kan vera denne personen boka viser til kjem frå Antonín Měšťan og er svært sannsynleg (mindre stavefeil som Bas-Bass er nokså vanlege i romanen).

Linkar

Sitat
[2.4] Já jsem se u vejslechu, to je pravda, vymlouval všelijak, to se musí dělat, to je povinností lhát, jako říká advokát Bass svým klientům.
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

4. Nye lidelsar


© 2009 - 2018 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 19/8-2018