Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (578) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

15. Katastrofe

Salzburgen flag
Wikipedia deen Google kartsøk

Salzburg kjem opp i samband med oberst Friedrich Kraus von Zillergut i fylgje forfattaren hadde teke namnet sitt frå "Zillergut, ein eller anna landsby i Salzburg". Dermed er det nok Salzburgerland der er snakk om, snarare enn sjølve byen.

Bakgrunn

Salzburg vart innlemma i Austerrike i 1816, som eit resultat av Napoleonskrigane og varr dermed ein del av Austerrike-Ungarn i 1867. Det austerrikske kronlandet Salzburg (som det her er snakk om) eksisterte frå 1849 til 1918.

Sitat
[1.15] Plukovník Bedřich Kraus, mající též přídomek von Zillergut, po nějaké vesničce v Solnohradech, kterou jeho předkové prožrali již ve století osmnáctém, byl úctyhodným pitomcem.

Skrivst òg:Solnohrady Hašek

Na Přikopěen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejk-muzeum

Na Přikopě vert omtala avdi Lukáš var på veg til hjørnet av Na Přikopě og Panská ulice for å møta ei dame då det fatale møtet med oberst Kraus fann stad.

Bakgrunn

Na Přikopě er ei kjend gate i Praha, no ei av dei meir eksklusive handlegatane. Under Austerrike-Ungarn var dette området tysk-dominert.

Sitat
[1.15] Vyšli na ulici a nadporučík Lukáš zaměřil se psem na Příkopy. Měl se setkat s jednou dámou na rohu Panské ulice. Byl zabrán v úřední myšlénky. O čem má zítra přednášet jednoročním dobrovolníkům ve škole?

Skrivst òg:Na Přikopy Hašek Am Graben de

Panská uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Panská ulice er omtala i samband med at Lukáš var på veg til hjørna av Na Přikopě og Panská ulice for å møta ei dame då det fatale møtet med oberst Kraus skjedde.

Bakgrunn

Panská ulice er ei relativt kort sidegate til Na Přikopě i retning sørover mot jernbanestasjonen. Den ligg i Nové Město og munnar ut i Jindřišská ulice. I Panská ul. (Herrengasse) heldt mellom anna Prager Tagblatt og piaristane til (sjå U Piaristů).

Linkar

Sitat
[1.15] Vyšli na ulici a nadporučík Lukáš zaměřil se psem na Příkopy. Měl se setkat s jednou dámou na rohu Panské ulice. Byl zabrán v úřední myšlénky. O čem má zítra přednášet jednoročním dobrovolníkům ve škole?
Náchoden flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
nachod.png

Lidové noviny, 14.10.1936

Náchod vert nemnd ettersom Švejk hadde høyrt av ein soldat på kaserna at ein kunne høyra artilleriet frå fronten heilt hit og at den russiske tsaren snart var i Kraków.

Bakgrunn

Náchod er ein by i det austlege Böhmen, berre få kilometer frå grensa mot Polen. Avstanden til fronten i november 1914 (Raba) var 300 km så påstanden om at artilleriet kunne høyrast heilt hit er tvilsam og truleg heller eit populært utsagn.

I 1913 var Náchod hovudbyen i okres og hejtmanství med same namn. Sjølve byen hadde 11 804 innbyggjarar og nesten alle var tsjekkiske. Distriktet talde 59 330 sjeler og berre 320 av desse var registrerte som tyske.

Náchod låg i 9. militærdistrikt (Josefov) og i rekrutteringsdistrikt nr. 18 (Hradec Králové). Dei fleste soldatane frå Náchod har difor tenestegord i K.k. Linien-Infanterieregiment Nummer 18.

Hašek i Náchod

Jaroslav Hašek vitja Náchod-distriktet i august 1914, noko som finn vegen inn i romanen mellom anna via Josefov og Jasenná. I 1936 skreiv Eduard Bass om ein episode som òg kan knytast til opphaldet og ikkje minst til dette fragmentet av romanen. Ein dag i byrjinga av krigen var forfattaren innom vinkneipa U Petříku der han laga oppstyr ved å snakka russisk høglydt og då han vart bedd om å dempa seg spurde han: "Kvifor skulle eg det? I går var eg der borte ved Náchod og alt no snakkar dei slik der".

Linkar

Sitat
[1.15] Když oba potom ještě dále tlumočili názor českého člověka na válku, voják z kasáren opakoval, co dnes slyšel v Praze, že u Náchoda je slyšet děla a ruský car že bude co nejdřív v Krakově.
Prašná bránaen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
prasna.jpg

Frå 1857, slik den kan ha sett ut då Crenneville marsjerte gjennom

Prašná brána er nemnd i ein song Švejk syng etter den ugreie heimkomsten til Lukáš etter at denne hadde vorten teken av oberst Kraus på spasertur med den stolne Fox. I handlinga vert den ikkje nemnd men møtet mellom Lukáš og oberst Kraus fann stad eit steinkast frå tårnet.

I [III.4] vert tårnet nemnd att i den lange monologen om oberst Fliedler von Bumerang.

Bakgrunn

Prašná brána er eit gotisk tårn og tidlegare byport i Praha. Det ligg ved Náměstí Republiky. Mellom 1878 og 1886 vart tårnet bygd om i pseudo-gotisk stil, noko som gjer at det ser annaleis ut no enn på biletet.

Linkar

Sitat
[1.15]
Mašíruje Grenevil 
Prašnou bránou na špacír, 
šavle se mu blejskají, 
hezký holky plakají

Skrivst òg:Powder Tower en Pulverturm de Kruttårnet no

Ohřeen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk

Ohře vert nemnd av oberst Kraus som feilaktig meiner den renn ut i Vltava ved Budějovice.

Bakgrunn

Ohře er ei elv i Nord-Böhmen, kjelda er i Fichtelbebirge i Bayern. Elva renn faktisk ut i Vltava, men ved Litoměřice.

Sitat
[1.15] Víte, kde jsou Budějovice? Na Vltavě, ano, na Vltavě a vtéká tam Ohře nebo něco podobného.

Skrivst òg:Eger de

Nekázanka uliceen flag
Google kartsøk

Nekázanka ulice vert nemnd avdi Lukáš skulle halda avskjedselskapet sitt ein stad i denne gata. Dette var siste gong i heile romanen at handlinga enno føregjekk i Praha. Gata vert seinare nemnd i samband med V čubčím háji.

Bakgrunn

Nekázanka ulice er ei kort gate sentralt i Praha som går mellom Na Přikopě og Jindřišská ulice.

Sitat
[1.15] Tím byl příjemný hovor ukončen a nadporučíkovi se velice ulehčilo, když vyšel z kanceláře a šel do školy jednoročních dobrovolníků, kde oznámil, že v nejbližších dnech jede na frontu, a uspořádá proto večírek na rozloučenou v Nekázance.
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

15. Katastrofe


© 2009 - 2018 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 19/8-2018