Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (577) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen

Příčná uliceen flag
Google kartsøk

Příčná ulice vert nemnd av fru Palivcová som kunne fortelja Švejk at ein møbeltapetserar herfrå var den einaste som hadde gått på limpinnen til Bretschneider etter at Palivec og Švejk vart arresterte. Gata dukkar òg opp att i anekdoten om bokbindar Božetěch herfrå i [IV.1].

Bakgrunn

Příčná ulice er ei svært kort tverrgate i Nové Město litt aust for Karlovo náměstí. Den går frå Žitna ulice til Navrátilova ulice (då Hopfenstockova ulice).

I fylgje addresseboka for 1910 var det ingen møbeltapetserarar i denne gata, det næraste var nokre i Žitná ulice.

Linkar

Sitat
[1.6] Za tu celou dobu dostal na lep jen čalouníka z Příčné ulice.

Skrivst òg:Quergasse de

Račiněvesen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Račiněves vert nemnd kort i ein annonse som Švejk les høgt på U kalicha for å avleia Bretschneider. Sjå Straškov.

Bakgrunn

Račiněves er ein landsby ved Roudnice nad Labem, 47 km nord for Praha.

I 1913 talde staden 840 hovud, alle tsjekkiske. Den tilhøyrde okres og hejtmanství Roudnice, og som korrekt påpeika i romanen hadde den postkontor.

Linkar

Sitat
[1.6] Švejk sňal s věšáku nějaké noviny a prohlížeje si zadní stranu inserátů, ozval se: „Tak vida, tenhle Čimpera v Straškově č. 5, p. Račiněves, prodá hospodářství s třinácti korci vlastních polí, škola a dráha na místě.“
[1.13.0] „Vidíte: Polní kurát Matyáš v Brně, zemřel v isolační nemocnici před týdnem. Já bych si rval vlasy. Nezaplatil mně 1800 korun, a jde do cholerového baráku zaopatřovat nějakého člověka, po kterém mu nic nebylo.“
Straškoven flag
Google kartsøk

Straškov vert nemnd kort i ein annonse frå ein viss Čimpera som Švejk les høgt på U kalicha for å avleia Bretschneider. Sjå Račiněves.

Bakgrunn

Straškov er ein landsby ved Roudnice nad Labem, 47 km nord for Praha. Fjellet Říp som ligg like ved skal i fylgja leganda vera den fyrste staden i Böhmen der tsjekkiske innflyttarar slo seg ned.

I 1913 talde staden 509 hovud, alle tsjekkiske. Den tilhøyrde okres og hejtmanství Roudnice, og som korrekt påpeika i romanen var postkontoret i Račiněves (og den hadde faktisk ein jernbanestasjon).

Linkar

Sitat
[1.6] Švejk sňal s věšáku nějaké noviny a prohlížeje si zadní stranu inserátů, ozval se: „Tak vida, tenhle Čimpera v Straškově č. 5, p. Račiněves, prodá hospodářství s třinácti korci vlastních polí, škola a dráha na místě.“
Dejviceen flag
Wikipedia czen Google kartsøk

Dejvice dukkar opp når Švejk fortel at han veit veit om ein tannlaus hund der som han kan skaffa Bretschneider.

Bakgrunn

Dejvice er ein bydel og matrikkeldistrikt i vestlege delen av Praha, mellom sentrum og flyplassen. Administrativt tilhøyrer den Praha 6, og er rekna som eit av dei meir ekslusive områda i hovudstaden. Bydelen var innlemma i Praha i 1922 og Vítězné náměstí er rekna som sentrum.

I 1913 var Dejvice enno ei eiga administrativ eining, sjølv om den var ein del av byområdet Praha. Den tilhøyrde hejtmanství og okres Smíchov. Folketalet var 6 582, og alle bortsett frå 268 var tsjekiske.

Linkar

Sitat
[1.6] „Já bych chtěl špice,“ s klidnou umírněností řekl Bretschneider, „špice, kterej by nekousal.“ „Přejete si tedy bezzubého špice?“ otázal se Švejk, „vím o jednom. Má ho jeden hostinský v Dejvicích.“
Brnoen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
brno.jpg

Postkort frå Hašek i 1902

brno_baedeker.png

Baedekers Oesterreich 1910, s.332

Brno vert nemnd av Müllerová då ho fortel Švejk om politiavhøyret etter av sistnemnde vart arrestert. Ho vert spurd av politiet om ho har fått pengar frå utlandet, og ho svarar: "Ja, frå Brno".

Byen vert seinare nemnd berre ein gong, i samband med feltpresten Matyáš som døydde der utan å ha betalt gjelda si.

Bakgrunn

Brno er den nest største byen i Tsjekkia med om lag 380 000 innbyggjarar. Byen har ein sterk industritradisjon og er dessutan sete for dei viktigaste rettsinstitusjonane i landet.

Brno var i 1914 hovudstad i Mähren, men byen var mykje mindre enn i dag, òg i flatevidde. På den aktuelle tida var fleirtalet av dei 123 000 borgarane tyske (dette talet inneheld òg dei om lag 15 000 jødane).

Jaroslav Hašek vitja Brno i 1902 på vegen tilbake frå Slovakia. Han skreiv eit postkort herfrå, adressert til syskenbarnet Marie som på denne tida budde i Jaroměř. Kortet er òg underskrive av Viktor Janota og Jan Čulen.

Linkar

Sitat
[1.6] Se mnou také dělali výslech, kdo k nám chodí, jestli nedostáváme nějaké peníze z ciziny, a potom dělali narážky, že jsem hloupá, když jsem jim řekla, že peníze z ciziny chodějí jen zřídka, posledně od toho pana řídícího z Brna ta záloha šedesát korun na angorskou kočku, kterou jste inseroval v Národní politice a místo toho jste mu poslal v bedničce od datlí to slepé štěňátko foxteriéra.
[1.13] „Vidíte: Polní kurát Matyáš v Brně, zemřel v isolační nemocnici před týdnem. Já bych si rval vlasy. Nezaplatil mně 1800 korun, a jde do cholerového baráku zaopatřovat nějakého člověka, po kterém mu nic nebylo.“

Skrivst òg:Brünn de

Angoraen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
angora1.png

Národní politika, 26.7.1908

angora.png

Svět zvířat,22.2.1909

Angora er her brukt som adjektiv for ein katterase og er det tidlegare namnet på Ankara. Angorakatten vert nemnd tre gonger i romanen.

Fyrst dukkar den opp når Müllerová opplyser Švejk at ho fortalde politiet at det var kome pengar til han etter ein salgsannonse for ein Angora-katt i Národní politika. Pengane var frå "utlandet", frå ein handelsmann i Brno. Dette var etter at Švejk var sett på frifot etter den fyrste arrestasjonen.

Den andre katten tilhøyrer premierløytnant Lukáš og tek direkte del i handlinga. Den sette til livs kanarifuglen hans etter at Švejk slapp katten og fuglen saman "så dei vart vande med kvarandre". Katten sjølv enda sine dagar ved å eta skokrem i [I.15], Švejk kvitta seg så med han i kjellaren til naboen.

Bakgrunn

Angora er det historiske namnet på Ankara, hovudstaden i Tyrkia. Ankara er den nest største byen i landet og har vore hovudstad sidan 1923. Angorakatten er ein huskatt-rase med opphav i det sentrale Vesleasia.

Bilete av angorakattar dukka opp på sidene til dyremagasinet Svět zvířat i tida då Jaroslav Hašek var redaktør der (1909-1910). På same tida skreiv han ei forteljing om angorakatten Bobeš, ein hankatt som kunne snakka. Forteljinga heitte O domýšlivém kocouru Bobešovi (Om den innbilske katten Bobeš) og kom på trykk i Svět zvířat 1. mars 1910.

Angorakatten er med i tilsaman 6 (minst) av sogene til Hašek frå før krigen. Ein av dei er Má drahá přitelkyně Julča (Mi kjære veninne Julie) som kom på trykk i tre påfylgjande utgåver av Zlatá Praha i april og mai 1915. Denne soga er lagt til Jaroslav Hašek si tid som dyrehandlar i Košíře og inneheld tema me kjenner frå romanen (Brehm og Klamovka er nemnde). Soga O nejošklivějším psu Balabánovi (Svět zvířat, 1913) viser i forbifarten til ein Angorakatt. Den snakkande katten Markus dukkar opp i ei anna historie, og til slutt er det katten Lili i soga om Axamit. Sjå linkane nedafor for eit full oversikt.

Linkar

Sitat
[1.6] Se mnou také dělali výslech, kdo k nám chodí, jestli nedostáváme nějaké peníze z ciziny, a potom dělali narážky, že jsem hloupá, když jsem jim řekla, že peníze z ciziny chodějí jen zřídka, posledně od toho pana řídícího z Brna ta záloha šedesát korun na angorskou kočku, kterou jste inseroval v Národní politice a místo toho jste mu poslal v bedničce od datlí to slepé štěňátko foxteriéra.
[1.14.3] Neobyčejně rád měl zvířata. Měl harckého kanárka, angorskou kočku a stájového pinče.
[1.15] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že jste přišel o kočku. Sežrala krém na boty a dovolila si chcípnout. Hodil jsem ji do sklepa, ale do vedlejšího. Takovou hodnou a hezkou angorskou kočku už nenajdete.“
Leonbergen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
leonberger2.png

Národní politika, 28.8.1910

Leonberg vert nemnd indirekte (gjennom hunderasen Leonberger) når Švejk fortel Bretschneider at han ein gong selde ein leonberger til ein anarkist for 100 kroner.

Bakgrunn

Leonberg er ein by i Schwaben som gav namnet sitt til den nemnde hundereasen. Dette er ein svært stor hunderase med mykje pels, som vart avla opp på 1800-talet. Den kan vega opp mot 80 kilo.

Leonberger-hunder vert skrivne om i vekebladet Svět zvířat på tida då Jaroslav Hašek var redaktør der. Forfattaren hadde god greie på hundehald, noko som kjem fram gjennom dei mange referansane til hundar, både i romanen og ellers i forfattarskapet hans.

Linkar

Sitat
[1.6] Když měli každý pátou čtvrtku, prohlásil se Bretschneider za anarchistu a ptal se Švejka, do které organisace se má dát zapsat. Švejk řekl, že si jednou jeden anarchista koupil od něho leonbergera za sto korun a že mu zůstal poslední splátku dlužen.
Skottlanden flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Skottland vert nemnd indirekte gjennom hunderasen skotsk sauehund når forfattaren omtalar Švejk sine hundeforretningar med detektiv Kalous.

Bakgrunn

Skottland er ein nasjon nord på øya Storbritannia som sidan 1707 har vore i union med England. Som ein del av United Kingdom tok skotske styrkar del i verdskrigen for fullt.

Den skotske sauehunden (border collie) vart avla fram på slutten av 1800-talet. Den er rekna som verda sin mest populære gjetarhund.

Linkar

Sitat
[1.6] Pak tam šel koupit psa detektiv Kalous a vrátil se s vyjevenou potvorou, připomínající hyenu skvrnitou, s hřívou skotského ovčáka, a v položkách tajného fondu přibyla nová: D...90 K.

Skrivst òg:Skotsko cz Schottland de Scotland en

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen


© 2009 - 2017 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 12/5-2018