Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (577) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

1. Gjennom Ungarn

Ungarischer Staatsbahnhofen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum
bruckbhf_vanek.png

Frå Jan Vaněk si dagbok, 2. juli 1915

Ungarischer Staatsbahnhof er åstad for marsjbataljonen si avreise til fronten, truleg 22. mai 1915. Stasjonen er ikkje nemnd direkte i foteljinga.

Bakgrunn

Ungarischer Staatsbahnhof var jernbanestasjonen i Királyhida, opna i 1846. No heiter den offisielt Bruck/Leitha Bahnhof. Den gamle stasjonsbygningen er forlengst riven.

Det var her Jaroslav Hašek sin 12. marsjbataljon reiste frå 30. juni 1915 klokka 20:15. Dei kom fram til fronten ved Gologory den 11. juli.

Jan Vaněk, deník 2.7.1915

Když jsem v březnu putoval do špitálu, nepomyslel jsem si, že v červenci se budu zase těmi samými místy vracet do pole. Vyjeli jsme 30. června večer o 1/4 9 hod. z Brucku. Chtěli nám ten těžký moment loučení osladit. Znají dobře svoje lidi, co žádají a co na ně platí, Dali nám na nádraží—muziku—.

Linkar

Sitat
[3.1] Konečně se všichni dočkali toho okamžiku, kdy je nacpali do vagonů v poměru 42 mužů k 8 koním. Koním ovšem se jelo pohodlněji než mužstvu, poněvadž mohli spát vstoje, ale to nevadilo. Vojenský vlak vezl do Haliče opět novou skupinu lidí hnaných na jatky. Celkem však se všem těm tvorům přece jen ulehčilo; bylo to něco již určitého, když se vlak hnul, ale předtím to byla jen trapná nejistota, panika, zdali se pojede již dnes, nebo zítra, či pozítří. Některým bylo jako odsouzeným k smrti, kteří očekávají se strachem, kdy si pro ně přijde kat. A potom nastane uklidnění, že už to bude odbyto.
Custozaen flag
Wikipedia czdeenit Google kartsøk

Custoza er nemnd i Ibl si feltmesse, slaget han fortalde om stod der i 1848.

Bakgrunn

Custoza er ein by nær Verona der det stod eit slag mellom Austerrike og Sardinia-Piemonte i 1848. Slaget sikra Austerrike kontroll over Lombardia fram til slaget ved Solferino i 1859. Dei austerriske styrkane var leia av Josef Radetzky. Historiske kjelder brukar ofte (som forfattaren) Custozza. I 1866 stod nok eit slag her. Denne gongen kom Austerrike òg ut som vinnar, men det fekk inga betydning ettersom Italia saman med forbundsfella Preussen vann den korte krigen.

Sitat
[3.1] „Milí vojáci,“ řečnil vrchní polní kurát Ibl, „tak tedy si myslete, že je rok osmačtyřicátý a že vítězstvím skončila bitva u Custozzy, kde po desetihodinovém úporném boji musil italský král Albert přenechati krvavé bojiště našemu otci vojínů, maršálkovi Radeckému, jenž v 84. roce svého života dobyl tak skvělého vítězství.

Skrivst òg:Custozza Hašek

Aspernen flag
Wikipedia czdeenfr Google kartsøk

Aspern var åstaden for eit slag der Hrt hadde vore i strid. Slaget ved Aspern er og med på Biegler sine teikningar av slagmarker seinare i dette kapittelet, der den vert kalla Ašpry av forfattaren.

Bakgrunn

Aspern er no ein forstad til Wien. I 1809 stod det eit slag her mellom Napoleon og ein austerriksk hær leia av erkehertug Karl.

Sitat
[3.1] Tento se napil, učiniv mocný doušek. ,Zaplať bůh tisíckrát,’ zvolal, namáhaje se políbiti ruku svému veliteli. ,Jak dlouho sloužíš?’ otázal se tento. ,Přes čtyřicet let, pane maršálku! U Ošper dobyl jsem zlaté medalie. Také u Lipska jsem byl, dělový kříž mám rovněž, pětkrát jsem byl smrtelně raněn, ale teď je se mnou dočista konec.

Skrivst òg:Ašper Hašek Ošpry cz

Voticeen flag
Wikipedia czde Google kartsøk

Votice kjende Baloun til ettersom han hadde vore der på manøver før krigen. Logisk sett må Švejk og Lukáš ha passert Votice på den lagnadstyngde togturen til Budějovice i [II.1].

Bakgrunn

Votice er ein småby i okres Benešov, på jernbanelinja til Tábor.

Sitat
[3.1] „Kdyby bylo už jednou toho trápení konec,“ bědoval Baloun. „už jednou jsem měl na mále na manévrech u Votic. Tam jsme šli vo hladu a žízni, a když k nám přijel batalionsadjutant, tak jsem vykřik: ,Dejte nám vodu a chleba!’
Osijeken flag
Wikipedia czdeenhrhunnno Google kartsøk
osijek2.png

IR91 Osijek (Böhmerwalds Söhne im Felde)

Osijek er nemnd av Chodounský når han fortel frå turen til fronten i Serbia. Den vert òg nemnd av Švejk i ein konfrantasjon med Dub [III.3], då i daglegtale-forma Vosek.

Bakgrunn

Osijek er ein by ved elva Drava i det austlege Kroatia, i området Slavonia. Byen vart sterkt øydelagd under Jugoslavia-krigane på 1990-talet. Fram til 1920 høyrde byen til Ungarn.

Chodounský si forteljing virkar svært autentisk. Ein av dei fyrste dagane i august 1914 reiste IR91 gjennom Osijek på veg til fronten. Regimentet heldt fram til Gunja ved elva Sava, der dei kom fram 4. august etter ei tre dagers togreise frå Budějovice.

Linkar

Sitat
[3.1] V Oseku v Charvatsku nám přinesli do vagonu dva páni od veteránů velký kotel pečeného zajíce, a to už jsme nevydrželi a vylili jsme jim to všechno na hlavu.

Skrivst òg:Osek Chodounský Essegg de Eszék hu Vosek Švejk

Kroatiaen flag
Wikipedia czdeenhrhuno Google kartsøk

Kroatia er nemnd av Chodounský når han fortel frå Osijek og turen til fronten i Serbia.

Bakgrunn

Kroatia var gjennom Dobbeltmonarkiet under ungarsk herredøme, offisielt kalla Kongedømet Kroatia-Slavonia. Området omfatta stort sett det noverande Kroatia med unnatak av Dalmatia og Istria-halvøya. Hovudstad var Zagreb.

Sitat
[3.1] V Oseku v Chorvatsku nám přinesli do vagonu dva páni od veteránů velký kotel pečeného zajíce, a to už jsme nevydrželi a vylili jsme jim to všechno na hlavu.

Skrivst òg:Chorvatsko cz Kroatien de Croatia en Hrvatska hr

Kaposfalvaen flag
Google kartsøk

Kaposfalva er nemnd av Chodounský når han fortel om turen til fronten i Serbia.

Bakgrunn

Kaposfalva er truleg ein by i det sørlege Ungarn, nær grensa til Kroatia, enno ikkje identifisert. Det kan godt vera meint Kaposvár som ligg på jernbanelinja sørover mot Serbia. Kaposfalva var òg ungarske namn på eit par stader i Slovakia men at det er desse passar ikkje inn. At det kan ha vore ein stad i det noverande Vojvodina er meir truleg.

Sitat
[3.1] Z těch jsme nic jiného nejedli než mozeček. V Kapošfalvě házeli nám Maďaři do vagonů celé kusy pečených prasat a jeden kamarád dostal celou pečenou vepřovou hlavou tak do lebky, že potom toho dárce honil s überschwunkem přes tři koleje. Zato už v Bosně jsme ani vodu nedostali.

Skrivst òg:Kapošfalva cz

Klároven flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Klárov og Klárův ústav slepců (Blindeinstituttet) er der kokken som erstatta Jurajda ved offisersmessa i Királyhida kom frå.

Bakgrunn

Klárov er ein del av Malá Strana i Praha, området over Manesův most. Området er kalla opp etter språkforskaren Alois Klar.

Sitat
[3.1] Toto psaní bylo vynuceno okolnostmi, když kuchař okultista nadobro si rozlil ocet s plukovníkem Schröderem, který mu dosud držel palec, ale na kterého se při večeři na rozloučenou s důstojníky maršbatalionu opět, nešťastnou náhodou, nedostala porce rolované telecí ledviny, a plukovník Schröder ho poslal s marškumpačkou do pole, svěřiv důstojnickou kuchyni pluku nějakému nešťastnému učiteli z ústavu slepců na Klárově.
Indiaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

India vert nemnd av Švejk i samband med at ein indisk kesiar skal ha vorte til ein gris ved sjelevandring.

Bakgrunn

India var i 1914 ein Britisk kronkoloni, som bidrog med betydelege styrkar (om lag ein million) til den britiske armeen i verdskrigen. Bortsett frå dagens indiske republikk bestod kronkolonien av dagens Pakistan, Nepal, Bhutan, Sri Lanka, Bangladesh og Myanmar.

Sitat
[3.1] Tak jsem si vzal sváteční šaty a šel jsem jednou do musejní knihovny a vypůjčil jsem si takovou jednu knížku o tom stěhování duší se svým kamarádem, a tam jsem se dočetl, že jeden indickej císař se proměnil po smrti v prase, a když to prase zapíchli, že se proměnil v opici, z opice stal se jezevcem a z jezevce ministrem.
Mosonen flag
Wikipedia czdeenhunn Google kartsøk Švejk-muzeum

Moson var fyrste stoppestad etter avreisa frå Királyhida. Det var eit kort opphald her, det einaste er skildringa av ein syngjande soldat frå Kašperské Hory som vert bedd om å halda kjeft. Ingen fekk gå av toget her.

Bakgrunn

Moson var ein by i Ungarn som i 1939 vart slått saman med nabobyen til Mosonmagyaróvár. Elva Lajta (Leitha) renn gjennom byen.

Sitat
[3.1] Vlak zastavil se na stanici Mošon. Byl již večer a nikoho nepouštěli z vagonů. Když se hnuli, ozval se z jednoho vagonu silný hlas, jako by chtěl přehlušit rachocení vlaku. Nějaký voják z Kašperských Hor v nábožné náladě večera opěval hrozným řevem tichou noc, která se blížila k uherským rovinám:

Gute Nacht! Gute Nacht!
Allen Müden sei’s gebracht.
Neigt der Tag stille zur Ende,
ruhen alle fleiß’gen Hände,
bis der Morgen ist erwacht.
Gute Nacht! Gute Nacht!

„Halt Maul, du Elender,“ přerušil někdo sentimentálního zpěváka, který umlkl. Stáhli ho od okna.

Skrivst òg:Mošon Hašek Wieselburg de

Sardiniaen flag
Wikipedia czdeenitnnno Google kartsøk

Sardinia er nemnd av kadett Biegler når han breiar ut sine krigshistoriske kunnskapar for offiserane etter flausen med Die Sünde der Väter.

Bakgrunn

Sardinia viser her ikkje til øya, men til kongeriket av same namn som eksisterte frå 1720 fram til Italia vart samla i 1861. Riket bestod av Sardinia, Piemonte og den no franske provinsen Savoie (Savoia), med Torino som hovudstad. Kongedømet var i krig med Austerrike både i 1848 og 1859, dei kjende slaga ved Custoza og Solferino stod i desse krigane. Kongehuset av Sardinia og Savoia tok over den italienske tronfylgja sjølv etter samlinga.

Sitat
[3.1] Znám systémy šifer, které byly používány ve válkách o Sardinii a Savojsko, v anglo-francouzské kumpanii u Sevastopolu, při povstání boxerů v Číně i za poslední rusko-japonské války. Systémy tyto byly předávány...“

Skrivst òg:Sardinie cz Sardinien de Sardaigne fr Sardegna it

Sevastopolen flag
Wikipedia deennoru Google kartsøk

Sevastopol er nemnd av kadett Biegler når han breiar ut sine krigshistoriske kunnskapar for offiserane etter flausen med Die Sünde der Väter av Ganghofer. Her viser han til Krimkrigen (1853-56).

Bakgrunn

Sevastopol er ei viktig marinehamn på Krim i det noverande Ukraina. Under Krimkrigen i 1854-55 var den utsett for ei 12 månader lang beleiring av britiske, franske, sardinske og tyrkiske styrkar. Beleiringa enda med alliert siger.

Sitat
[3.1] Znám systémy šifer, které byly používány ve válkách o Sardinii a Savojsko, v anglo-francouzské kumpanii u Sevastopolu, při povstání boxerů v Číně i za poslední rusko-japonské války. Systémy tyto byly předávány...“

Skrivst òg:Sewastopol de Севастополь ru/uk

Kinaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
kina.jpg

Allierte styrkar i Peking i 1900

Kina er nemnd av kadett Biegler når han breiar ut sine krigshistoriske kunnskapar for offiserane etter flausen med Die Sünde der Väter. Her viser han til Bokseroppstanden i 1900.

Bakgrunn

Kina var frå 1912 republikk men politisk fragmentert. Landet to ikkje del i fyrste verdskrigen. Biegler omtalar Boksaopprøret (1899-1901), ein nasjonalistisk oppstand mot aukande framand innflytelse. Åtte imperialistiske makter greip inn og slo ned opprøret, og her er det truleg vist til den austerriksk-ungarske deltakelsen.

Folkerepublikken Kina er i 2010 det mest folkerike i verda, har 4. største areal og er ei stormakt både økonomisk, politisk og militært. Kina har permanent plass i Sikkerheitsrådet i FN.

Sitat
[3.1] Znám systémy šifer, které byly používány ve válkách o Sardinii a Savojsko, v anglo-francouzské kumpanii u Sevastopolu, při povstání boxerů v Číně i za poslední rusko-japonské války. Systémy tyto byly předávány...“

Skrivst òg:China de China en

Sachsenen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Sachsen er nemnd av kadett Biegler når han breiar ut sine krigshistoriske kunnskapar for offiserane etter flausen med Die Sünde der Väter.

Bakgrunn

Sachsen er eit historisk kongedøme i Tyskland, med eit område som var litt mindre enn dagens Freistaat Sachsen. Det vart oppretta av Napoleón i 1806 og eksisterte fram til 1918, frå 1871 som ein del av Tyskland. Hovudstaden var Dresden.

Sitat
[3.1] Jest tam důkladně popsána, pane hejtmane, methoda, o které jste nám vypravoval. Vynálezcem jejím je plukovník Kircher, sloužící za Napoleona I. ve vojsku saském. Kircherovo šifrování slovy, pane hejtmane.

Skrivst òg:Sasko cz Saxony en

Wiener Neustadten flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Wiener Neustadt er nemnd av kadett Biegler når han breiar ut sine krigshistoriske kunnskapar for offiserane etter flausen med Die Sünde der Väter.

Bakgrunn

Wiener Neustadt er ein by 50 km sør for Wien med om lag 40000 innbyggjarar, og er nest største by i Niederösterreich. Byen er sete for Theresianische Militärakademie som er nemnd av Biegler. Elva Leitha renn gjennom dei austlege utkantane av byen.

Sitat
[3.1] Každé slovo depeše se vykládá na protější stránce klíče. Methoda ta zdokonalena nadporučíkem Fleissnerem v knize ,Handbuch der militärischen Kryptographie’, kterou si každý může koupit v nakladatelství vojenské akademie ve Víd. Novém Městě. Prosím, pane hejtmane.“

Skrivst òg:Vídeňské Nové Město cz Bécsújhely hu

Győren flag
Wikipedia czdeenhunnno Google kartsøk Švejk-muzeum
gyor.jpg

Széchenyi tér august 2004

Győr er åstaden for fleire hendigar når toget gjer eit opphald der. Den fyrste viktige hendinga er samtalen mellom Lukáš og Švjek der det vert avslørt korleis dei to binda av Ganghofer sin roman vart byta om. Švjek blir fortalt at han har gjort noko så aldeles forferdeleg at han ikke ein gong får lov til å vita om det.

Så tek kaptein Ságner hemn over den nidkjære Biegler når han kjem over han med nokre notat som viser kva bøker Biegler har planar om å skriva om krigføring. Her titulerer han seg som k.u.k Offizier, noko som gjer han til lett match for Ságner. Fullstendig audmjuka kastar Biegler notatene i do og drikk seg full, noko som får katastrofale konsekvenser på toget til Budapest.

Ei av de mest makabre scenene i heile romanen finn stad då eit tog med Deutschmeister-regimentet passerer, og ein soldat ramlar av og spiddar seg på ein sporvekslar-spake. Denne hendinga illustrerer dei kyniske trekka i Švejk sin karakter.

Bakgrunn

Győr er ein av dei sju regionale sentra i Ungarn, den ligg nordvest i landet mellom Budapest og Wien nær Donau.

Sitat
[3.1] Hejtman Ságner mezitím počal ze zoufalství číst nešťastnou knihu Hříchy otců, a když vlak stanul na nádraží v Rábu, sklapl přečtené stránky a poznamenal: „Tenhle Ludwig Ganghofer nepíše špatně.“ Nadporučík Lukáš první vyřítil se, ze štábního vagonu a šel k vagonu, kde nalézal se Švejk.

Skrivst òg:Ráb cz Raab de

Bakonyen flag
Wikipedia deenhunn Google kartsøk

Bakony er nemnd i soga om Róža Šavaňů som Švejk hadde lese.

Bakgrunn

Bakony er eit skogkledd område i Ungarn nord for Balaton-sjøen, for det aller meste i fylket Veszprém.

Sitat
[3.1] „Já jsem byl, jak povídám,“ zněl na opuštěné koleji měkký hlas Švejkův, „taky téhož mínění. Jednou jsem koupil krvák vo Róžovi Šavaňů z Bakonskýho lesa a scházel tam první díl, tak jsem se musel dohadovat vo tom začátku, a ani v takovej raubířskej historii se neobejdete bez prvního dílu.

Skrivst òg:Bakonský les cz Bakonywald de

Zemunen flag
Wikipedia csdeenhunosr Google kartsøk
zemun_most.png

Budivoj, 31.7.1914

Zemun er nemnd i ein song Deutschmeister-regimentet syng på toget i det det passerer stasjonen i Győr.

Bakgrunn

Zemun er ein bydel i Beograd som ligg på andre sida av Sava frå sentrum. Fram til 1918 var den ein del av Austerrike-Ungarn. På den tida var halvparten av innbyggjrarane serbiske. Noko av det fyrste som hende etter krigslysinga i 1914 var at serbarane sprenga brua mellom Zemun og Beograd i lufta (sjå avisklipp frå "Budivoj").

Sitat
[3.1] Als der Brucken war geschlagen,
daß man kunnt’ mit Stuck und Wagen
frei passier’n den Donaufluß,
bei Semlin schlug man das Lager,
alle Serben zu verjagen...

Skrivst òg:Semlin de Zimony hu Земун sr

Veronaen flag
Wikipedia czdeenitnnno Google kartsøk
verona.jpg

George Clarkson Stanfield "A View of Verona" 1848

Verona er nemnd i ein song Deutschmeister-regimentet frå Kašperské Hory syng på toget i det det passerer stasjonen i Győr.

Bakgrunn

Verona er ein by i i Veneto-provinsen i Nord-Italia. Den er rik på arkitekttur og kultur og er ein stor turist-attraksjon. Byen tilhøyrde Austerrike frå slutten av Napoleonskrigane fram til 1866 då Veneto-provinsen vart avstått til Italia etter ein seks veker lang krig. Songen viser til slaget ved byen under den fyrste italienske frigjeringskrigen i 1848. Sjå Santa Lucia.

Sitat
[3.1] In, Verona langes Hoffen,
als mehr Truppen eingetroffen,
fühlt und rührt der Held sich frei...
Anloyen flag
Wikipedia frnlwa Google kartsøk

Anloy er nemnd av Biegler som opplyser Čeněk Sagner om kvar Udo kraft døydde.

Bakgrunn

Anloy er ein del av den Belgiske kommunen Libin i den fransk-talande delen av Belgia. Anloy ligg i Ardennene.

Sitat
[3.1] Mým vzorem je německý profesor Udo Kraft. Narodil se roku 1870, nyní ve světové válce přihlásil se dobrovolně a padl 22. srpna 1914 v Anloy. Před svou smrtí vydal knihu ,Sebevýchova pro smrt za císaře’.

Skrivst òg:Anloe wa

Nördlingenen flag
Wikipedia deensv Google kartsøk

Nördlingen er ein av slagplassane Biegler har skisse av i notisboka si.

Bakgrunn

Nördlingen er ein by i Tyskland. Den ligg i Bayern nær grensa til Baden-Württemberg. Nördlingen er ein av tre tyske byar som enno har intakte bymurar. Slaget som er nemnt her stod 6.september 1634 under Trettiårskrigen. Det var eit knusande nederlag for Sverige og deira protestantiske allierte mot ein keisarleg katolsk styrke.

Sitat
[3.1] Od bitvy u Nördlingen 6. září 1634 přes bitvu u Zenty 11. září 1697, u Caldiera 31. října 1805, přes bitvu u Ašprů 22. května 1809 a bitvu národů u Lipska v 1813, přes St. Lucii v květnu 1848 a bitvu u Trutnova 27. června 1866 až po dobytí Sarajeva 19. srpna 1878. V schematech a nákresích plánů těch bitev nic se neměnilo. Všude nakreslil kadet Biegler obdélníčky na jedné straně prázdné, kdežto nepřítele znázorňovaly vyčárkované.
Sentaen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Senta er ein av slagplassane Biegler har skisse av i notisboka si.

Bakgrunn

Senta er ein by i Vojvodina-regionen i Serbia som frå 1699 til 1918 var del av Austerrike, seinare Austerrike-Ungarn. I dag er 80% av innbyggarane etniske ungararar. Det stod eit stort slag her i 1697 mellom det Ottomanske imperiet og Austerrike. Dei var eit av dei verste nederlaga i tyrkisk historie og bekrefta Austerrike sitt herredøme i Mellom-Europa. Habsburg-styrkane var leia av Eugene av Savoie.

Sitat
[3.1] Od bitvy u Nördlingen 6. září 1634 přes bitvu u Zenty 11. září 1697, u Caldiera 31. října 1805, přes bitvu u Ašprů 22. května 1809 a bitvu národů u Lipska v 1813, přes St. Lucii v květnu 1848 a bitvu u Trutnova 27. června 1866 až po dobytí Sarajeva 19. srpna 1878. V schematech a nákresích plánů těch bitev nic se neměnilo. Všude nakreslil kadet Biegler obdélníčky na jedné straně prázdné, kdežto nepřítele znázorňovaly vyčárkované.

Skrivst òg:Zenta cz Zenta de Zenta hu Сента sb

Caldieroen flag
Wikipedia enfrit Google kartsøk

Caldiero er ein av slagplassane Biegler har skisse av i notisboka si. Merk at han bommar med eit døgn på datoen.

Bakgrunn

Caldiero er ein by ved Verona der det stod eit slag mellom franske og austerrikske styrkar 30.oktober 1805. Franskmennene vann, men med store tap.

Sitat
[3.1] Od bitvy u Nördlingen 6. září 1634 přes bitvu u Zenty 11. září 1697, u Caldiera 31. října 1805, přes bitvu u Ašprů 22. května 1809 a bitvu národů u Lipska v 1813, přes St. Lucii v květnu 1848 a bitvu u Trutnova 27. června 1866 až po dobytí Sarajeva 19. srpna 1878. V schematech a nákresích plánů těch bitev nic se neměnilo. Všude nakreslil kadet Biegler obdélníčky na jedné straně prázdné, kdežto nepřítele znázorňovaly vyčárkované.
Santa Luciaen flag
Wikipedia czenit Google kartsøk

Santa Lucia er ein av slagplassane Biegler har skisse av i notisboka si.

Bakgrunn

Santa Lucia er ein bydel i Verona der det stod eit slag mellom sardinske og austerrikske styrkar i mai 1848. Som ved Custoza var dette eit slag in den 1. italienske frigjeringskrigen. Radetzky leia dei austerrikske styrkane. I 1848 var Santa Lucia ein landsby utafor bymurane.

Sitat
[3.1] Od bitvy u Nördlingen 6. září 1634 přes bitvu u Zenty 11. září 1697, u Caldiera 31. října 1805, přes bitvu u Ašprů 22. května 1809 a bitvu národů u Lipska v 1813, přes St. Lucii v květnu 1848 a bitvu u Trutnova 27. června 1866 až po dobytí Sarajeva 19. srpna 1878. V schematech a nákresích plánů těch bitev nic se neměnilo. Všude nakreslil kadet Biegler obdélníčky na jedné straně prázdné, kdežto nepřítele znázorňovaly vyčárkované.

Skrivst òg:Santa Lucie cz

Trutnoven flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Trutnov er ein av slagplassane Biegler har skisse av i notisboka si.

Bakgrunn

Trutnov er ein by i det austlege Tsjekkia ved foten av Krkonoše-fjella. Det stod eit slag her 27/28.juni 1866 mellom Preussen og Austerrike. Det var einaste slagest Austerrike vann i denne korte krigen.

Sitat
[3.1] Od bitvy u Nördlingen 6. září 1634 přes bitvu u Zenty 11. září 1697, u Caldiera 31. října 1805, přes bitvu u Ašprů 22. května 1809 a bitvu národů u Lipska v 1813, přes St. Lucii v květnu 1848 a bitvu u Trutnova 27. června 1866 až po dobytí Sarajeva 19. srpna 1878. V schematech a nákresích plánů těch bitev nic se neměnilo. Všude nakreslil kadet Biegler obdélníčky na jedné straně prázdné, kdežto nepřítele znázorňovaly vyčárkované.

Skrivst òg:Trautenau de

Komáromen flag
Wikipedia czdeenhunosk Google kartsøk
komarno.jpg

Stasjonen i juni 2010

Komárom er nemnd avdi ei avis her skriv at Lukáš skal ha prøvd å valdta fru Kákonyi ved middagsbordet. Byen er nemnd att i [II.5]: det 91.regimentet skulle i fylgje planane reisa gjennom men det er ingen direkte skildring frå staden.

Bakgrunn

Komárom var fram til 1920 ein ungarsk by som låg på begger sider av Donau, mellom Pressburg og Budpaest. No er den delt mellom Ungarn og Slovakia. Stasjonen ligg i den ungarske delen.

Sitat
[2.4] Rozumíte mně, pane nadporučíku. Je v tom jistá tendence. Spíš by snad vás zajímal článek v ,Komárenském večerníku’, kde se o vás tvrdí, že jste se pokoušel znásilnit paní Kákonyiovou přímo v jídelně při obědě u přítomnosti jejího manžela, kterého jste ohrožoval šavlí a nutil ho, aby zacpal ručníkem ústa své manželky, aby nekřičela. To je poslední zpráva o vás, pane nadporučíku.“

Skrivst òg:Komorn de Komárno sk

Helgolanden flag
Wikipedia czdedken Google kartsøk
helgoland.jpg

HMS Schwarzenberg og SMS Radetzky frå venstre

Helgoland er nemnd i forbindelse med krigen i 1864 mellom Danmark og den prøyssisk-austerrikske alliansen. På vegen til Budapest drøymer Biegler om eit sjøkart frå denne krigen som viser øygruppa.

Bakgrunn

Helgoland er ei flat, vindfylt øygruppe i Nordsjøen. Helgoland var under britisk styre fram til 1890 då den vart overført til Tyskland. Under 1.verdskrigen vart alle innbyggjarane evakuert til fastlandet.

Slaget ved Helgoland 9. mai 1864 var ein begrensa dansk siger i den korte 2. slesvigske krig. Motstandaren var mest austerrikske skip, mellom anna fregattane "Schwarzenberg" og "Radetzky". Politisk hadde slaget ingen betydning ettersom krigen var over fem veker seinare.

Sitat
[3.1] Generál Biegler rozsvěcuje elektrickou lampičku. Vidí, že má štábní mapu na kolenou. Ale je to námořní mapa helgolandského pobřeží z roku 1864, ve válce rakousko-pruské proti Dánsku za Šlesvik.

Skrivst òg:Helgoland de Heligoland en

Danmarken flag
Wikipedia czdedkennnno Google kartsøk
danmark.jpg

Dybbøl er storma og Danmark har tapt krigen i 1864

Danmark er nemnd i forbindelse draumen til Biegler som kjem inn på med krigen mellom Danmark og allianses mellom Preussen og Austerrike i 1864.

Bakgrunn

Danmark er eit land i Nord-Europa, fordelt over mange øyar og halvøyar mellom Nordsjøen og Austersjøen. Danmark av i dag er eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk styresystem, medlem av EU og NATO.

Fram til 1864 inkluderte landområdet og Slesvig-Holstein, men desse etnisk blanda grevskapa vart avstått til Preussen og Austerrike etter krigen same året. Denne krigen var den siste Austerrike nokon gong vann. Danmark fekk tilbake Nord-Slesvig etter 1.verdskrigen, ein konflikt landet var nøytralt i.

Sitat
[3.1] Generál Biegler rozsvěcuje elektrickou lampičku. Vidí, že má štábní mapu na kolenou. Ale je to námořní mapa helgolandského pobřeží z roku 1864, ve válce rakousko-pruské proti Dánsku za Šlesvik.

Skrivst òg:Dánsko cz Dänemark de Denmark en

Slesvigen flag
Wikipedia czdedkenno Google kartsøk

Slesvig er nemnd i forbindelse med krigen mellom Danmark og Preussen/Austerrike i 1864, som Biegler drøymer om på toget.

Bakgrunn

Slesvig er eit tidlegare hertugdøme, oppløyst i 1864, sidan 1920 delt mellom Tyskland og Danmark. Fram til 1864 styrde Danmark heile Slesvig-Holstein men mista begge under krigen mot Preussen og Austerrike same året.

Sitat
[3.1] Generál Biegler rozsvěcuje elektrickou lampičku. Vidí, že má štábní mapu na kolenou. Ale je to námořní mapa helgolandského pobřeží z roku 1864, ve válce rakousko-pruské proti Dánsku za Šlesvik.

Skrivst òg:Šlesvik Hašek Šlesvicko cz Schleswig de Slesvig dk Schleswig en

Liebertwolkwitzen flag
Wikipedia de Google kartsøk

Liebertwolkwitz kjem inn i draumen til Biegler når han tek for seg slaget ved Leipzig i 1813.

Bakgrunn

Liebertwolkwitz var ein landsby i Sachsen, no ein bydel i Leipzig. To dagar før det eigentleg Folkeslaget ved Leipzig starta, stod eit ryttarslag i området ved Wachau og Liebertwolkwitz.

Sitat
[3.1] „Znáte dějiny bitvy národů u Lipska?“ otázal se, „když polní maršálek kníže Schwarzenberg šel na Liebertkovice 14. října roku 1813 a když 16. října byl zápas o Lindenau, boje generála Merweldta, a když rakouská vojska byla ve Wachavě a když 19. října padlo Lipsko?“

Skrivst òg:Liebertkovice Hašek

Wachauen flag
Wikipedia de Google kartsøk
wachau.jpg

Wachau 1813

Wachau kjem inn i draumen til Biegler når han tek for seg slaget ved Leipzig i 1813.

Bakgrunn

Wachau er ein landsby i Sachsen, no ein del av Markleeberg ved Leipzig. To dagar før det eigentleg Folkeslaget ved Leipzig starta, stod eit ryttarslag i området ved Wachau og Liebertwolkwitz.

Sitat
[3.1] „Znáte dějiny bitvy národů u Lipska?“ otázal se, „když polní maršálek kníže Schwarzenberg šel na Liebertkovice 14. října roku 1813 a když 16. října byl zápas o Lindenau, boje generála Merweldta, a když rakouská vojska byla ve Wachavě a když 19. října padlo Lipsko?“

Skrivst òg:Wachava Hašek

Lindenauen flag
Wikipedia de Google kartsøk
lindenau.jpg

Lindenau Dorfkirche 1850

Lindenau kjem inn i draumen til Biegler når han tek for seg slaget ved Leipzig i 1813.

Bakgrunn

Lindenau er ein bydel i Leipzig, i 1813 ein landsby. Det var kampar her under Folkeslaget og Napoleon hadde ein pause her under tilbaketoget.

Sitat
[3.1] „Znáte dějiny bitvy národů u Lipska?“ otázal se, „když polní maršálek kníže Schwarzenberg šel na Liebertkovice 14. října roku 1813 a když 16. října byl zápas o Lindenau, boje generála Merweldta, a když rakouská vojska byla ve Wachavě a když 19. října padlo Lipsko?“
Betlehemen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Betlehem er nemnd i draumen til Biegler, gjennom omgrepet "ditt betlehemske svin".

Bakgrunn

Betlehem is a town in the Palestine, known as Jesus' birthplace. It is located 10 km south of the Jerusalem, on the occupied West Bank.

Sitat
[3.1] Jeli kolem skupiny, kde rezavý kaprál-anděl měl právě jednoho nemotorného rekruta-anděla v parádě, mlátil mu pěstí do břicha a řval na něho: „Rozevři lepší svou držku, svině betlémská. Takhle se volá ,Alelujá’?

Skrivst òg:Betlém cz

Libanonen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Libanon er nemnd i draumen til Biegler, gjennom omgrepet "ditt libanesiske cedertre".

Bakgrunn

Libanon er eit lite land i Mist-Austen som grensar til Syria og Israel. I 1914 tilhøyrde området det Osmanske rike. Frå 1920 fram til fullt sjølvstende i 1943 var landet fransk mandatområde.

Libanesisk ceder (cedrus libani) er ein tresort som veks i fjellområde i det indre Middelhavet og er med som symbol i det libanesiske flagget.

Sitat
[3.1] To bych rád věděl, který vůl tě sem, ty dobytku, pustil do ráje. Zkus to ještě jednou... Hlahlehluhja? Cože, bestie, ještě nám tady v ráji huhňáš... Zkus to ještě jednou, cedre libanonský.“

Skrivst òg:Lebanon en

Jordanen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
jordan.jpg

Das interessante Blatt, 23.9.1915

Jordan er nemnd i draumen til Biegler, gjennom omgrepet "di jordanske ku".

Bakgrunn

Jordan er ei elv, ein dal og eit land i Midt-Austen, men ettersom staten Jordan ikkje eksisterte er det nok Jordanelva det er snakk om. Elva er svært viktig i bibelhistoria, det det var her Jesus vart døypt i fylgje den kristne tru.

Omgrepet "jordansk ku" virkar å vera bruk på tsjekkisk, men det er uvisst kvar det stammar frå.

Sitat
[3.1] Ujížděli dál a za nimi ještě dlouho bylo slyšet úzkostlivé řvaní huhňavého anděla-rekruta „Hla-hle-hlu-hjá“ a křik anděla-kaprála „A-le-lu-já, a-le-lu-já, ty krávo jordánská!“

Skrivst òg:Jordán cz

Donauen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
donau.jpg

Donau i Budapest 2010

Donau er nemnd av Vodička i same soga frå fronten som Běloun er nemnd i. Oppblesne lik flytt ut i Donau frå Drina, austerrikar som serbar. Švejk kryssa Donau minst to gonger, før Wien og før Budapest.

Elva er nemnd i handlinga i bok 3 når toget nærmar seg Budapest og ein ser lyskastarane over elva.

Bakgrunn

Donau er nest største elva og bind saman Tyskland, Austerrike, Slovakia, Ungarn, Kroatia, Serbia, Bulgaria, Romania, Moldova og Ukraina.

I 1914 var den dels grenseelv mellom Austerrike-Ungarn og Serbia. Leitha og Tisza er sideelvar som er nemnde i romanen. Viktige byar langs elva som Wien, Budapest, Pressburg, Beograd og Linz er òg nemnde. Mellom dei mindre stadene som dukkar opp i romanen er Hainburg, Győr and Komárom.

Sitat
[3.1] 2.4) „Ale kdo by na takový věci myslel,“ odpověděl Vodička, „my jsme svý udělali a vo věci ostatní jsme neměli žádnou starost. Tam to bylo úplně lehký. Každej den někdo zmizel, a ani už to z Driny nelovili. Plaval tam nadmutej čúžák vedle našeho rozflákanýho landveráka hezky po Drině do Dunaje. Někteří nezkušení, když to viděli ponejprv, tak dostali malinkou horečku.“

3.1) Nad Budapeští bylo již vidět záři světel a nad Dunajem přeskakoval reflektor.

Skrivst òg:Dunaj cz Donau de Danube en Duna hu

Linzen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
linz.jpg

Linz, november 2011

Linz er ein av dei mange stadene nemnde i draumen til Biegler, han forsvarar Linz under den Austerriske arvefylgjekrigen. Interressant nok er Napoleon sine styrkar òg ein del av draumen - til trass for at desse opererte i området meir enn 60 år seinare!

Bakgrunn

Linz er tredje største byen i Austerrike. Byen ligg ved Donau og er hovudstad i Oberösterreich.

Den historiske hendinga romanen viser til er den fransk-bayerske okkupasjonen av byen i 1741/42 under den Austerrikske arvefylgjekrigen.

Sitat
[3.1] A kadet Biegler vrtěl sebou čím dál nepokojněji, a jeho nový sen byl velice fantastický. Obhajoval Linec ve válce o dědictví rakouské. Viděl reduty, retranchementy a palisády kolem města. Jeho hlavní stan byl proměněn v ohromnou nemocnici. Všude kolem váleli se nemocní a drželi se za břicho. Pod palisádami města Lince projížděli se francouzští dragouni Napoleona I.

Skrivst òg:Linec cz

Újbudaen flag
Wikipedia deenhu Google kartsøk

Újbuda var bydelen der Biegler enda på det militære isolasjons-sjukehuset grunna "koleraen" han fekk etter uhellet sitt på toget til Budapest.

Bakgrunn

Újbuda er ein bydel i Budpest, som ligg sør for Gellert-høgda på vestbreidda av Donau. Det er no det tettast befolka distriktet i Budapest.

Sitat
[3.1] Tak se stalo, že statečný kadet Biegler byl odvezen do vojenské isolační nemocnice v Új Buda. Jeho podělané kalhoty ztratily se ve víru světové války.

Skrivst òg:Új Buda Hašek

Tarnówen flag
Wikipedia czdeennnnopl Google kartsøk
tarnow.jpg

Das interessante Blatt, 27.5.1915

Tarnów og byen si kolera-brakke betyr ein førebels slutt på krigen for kadett Biegler. Inntil han har vorte kvitt "koleraen" sin vert han der, men kjem tilbake i soga i del 4.

Bakgrunn

Tarnów er ein by i Galicia som fram til 1918 var under Austerriks-Ungarsk herredøme. Den var fyrste polske byen som lyste sjølvstende frå Austerrike-Ungarn i 1918. På den tida var nesten halve befolkniga jødisk. Byen ligg på jernbanelinja mellom Sanok og Kraków, på austbreidda av Dunajec.

Sitat
[3.1] „Pište,“ řekl štábní lékař: „Kadet Biegler, 13. pochodový prapor, 11. pochodová setnina, 91. pluk, na pozorování do cholerových baráků v Tarnově. Nositel cholerových bacilů...“ A tak se stal z kadeta Bieglera, nadšeného bojovníka, nositel cholerových bacilů.

Skrivst òg:Tarnov cz

Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

1. Gjennom Ungarn


© 2009 - 2017 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 12/5-2018