Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (577) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

2. I Budapest

Budapesten flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk Švejk-muzeum
budapest.jpg

Utsikt frå Buda mot Pest og Parlamentet

Budapest er åstad for heile [III.2]. Handlinga føregår i utkanten av byen rundt Újpest og Isatarcsa, ved ein militær jernbanestasjon på Pest-sida av Donau. Det er ei soge om stadige utsetjingar av reisa, om mat kompaniet er lova men ikkje får, om Švejk som for fyrste gong kjem i konflikt med løytnant Dub, om Švejk som vert skulda for å stela ei høne. Her kjem òg Marek med i soga att, som bataljonshistorieskribent. Viktigaste historiske referansen er Italia si krigslysing 23.mai 1915. Marsbataljonen oppheld seg i byen i to dagar.

Bakgrunn

Budapest var i 1914 hovudstad i kongedømet Ungarn, den eine halvdelen av Austerrike-Ungarn. Franz Joseph I vart krona til konge her i 1867 under namnet I Ferenc Jószef. Etter 1918 har byen vore hovudstad i republikken Ungarn. Byen har i dag omtrent 1,7 millionar innbyggjarar og er langt den største byen i landet. Den ligg på begge sider av Donau, men Buda som den eldste delen på vestsida og Pest som det administrative og kommersielle senteret på austsida.

Jaroslav Hašek drog gjennom byen med den 12. marsjbataljon ikring 1. Juli 1915. I fylgje diktet Cestou na bojiště (Vegen til slagmarka) kom dei hit ein morgon, akkurat som i romanen. Dette må ha vore dagen etter avreisa frå Királyhida, og det ser ut som dei drog vidare raskt: over Rakos, Aszód og Hatvan. Det er òg kjendt at Hašek vitja Budapest sommaren 1903, truleg på veg til Balkan.

Cestou na bojiští - Jaroslav Hašek (Večerní Česke Slovo, 1924)

Když nad Dunajem rozbřesklo se ráno,
my k Pešti drkotali přes Komárno
a v Pešti potom bez vši velké slávy,
my napili se trochu černé kávy
a že tak brzo nebude snad mír,
my soudili už z toho,
že nám k tomu dali ementálský sýr.
Také jsme shledávali k svému bolu,
že tam prodávali vše bez alkoholu.

Sitat
[3.2] Matušič přinesl na vojenském nádraží v Budapešti hejtmanovi Ságnerovi z velitelství telegram, který poslal nešťastný velitel brigády dopravený do sanatoria. Byl téhož obsahu, nešifrován, jako na poslední stanici: „Rychle uvařit menáž a pochodem na Sokal.“ K tomu bylo připojeno: „Vozatajstvo začíslit u východní skupiny. Výzvědná služba se zrušuje. 13. pochodový prapor staví most přes řeku Bug. Bližší v novinách.“

Skrivst òg:Budapešť cz

Gödöllően flag
Wikipedia deenhunn Google kartsøk Švejk-muzeum
godollo.png

Illustrovaný svět, 3.6.1904

Gödöllő er nemnd av kaptein Ságner like etter at toget kjem til Budapest. Der skulle kompaniet få 15 dekagram Emmenthal-ost per mann. Kompaniet dreg forbi Gödöllő på veg til fronten utan at staden er nemnd meir.

Bakgrunn

Gödöllő er ein by nord for Budapest som under Dobbeltmonarkiet var sommar-residens for den ungarske kongen (Franz Joseph I). Den vart ofte vitja av dronninga (Sissi) og var ein popular stad blandt samfunnets øvre lag.

Gödöllő og hans 12. marsjbataljon reiste utan tvil forbi her, truleg 1. juli 1915 (dei forlet Bruck an der Leitha kvelden før).

Hatvan vert nemnd alt i 1904 i ei av sogene til Hašek og det er ikkje utenkjeleg at forfattaren vitja byen alt då. Nabobyen Gödöllő er nemnd i same soga. Na svazích Hegyalye (Illustrovaný svět, 3 Juni 1904.

Linkar

Sitat
[3.2] „Pane majore,“ otázal se hejtman Ságner velitele vojenského nádraží, „dle rozkazů pluku, dle maršrúty jedeme do Gödölö. Mužstvo má zde dostat 15 deka ementálského sýra. Na poslední zastávce mělo mužstvo dostat 15 deka uherského salámu. Ale nedostalo ničeho.“

Skrivst òg:Gödölö Hašek

Emmentalen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
emmental_adv.png

Danzers Armee-Zeitung, 20.Mai 1915

Emmental kjem indirekte inn i soga gjennom Emmental-osten som mannskapet var lova 15 dekagram av i Gödöllő. Kaptein Ságner etterlyser dette, på vegne of mennene sine, frå sjefen på den militære jernbanestasjonen i Budapest, ein major.

Bakgrunn

Emmental er eit dalføre i Bern-kantonen i Sveits, kjend for kumjølksosten sin. Emmenental var ikkje eit verna merkevarenamn så osten der er snakk om kom truleg frå Austerrike-Ungarn. Annonsen til høgre tyder i alle fall på det. Her var det snakk om 30 dekagram som heldt seg så godt at den jamvel kan sendast med Feldpost. Jaroslav Hašek introduserte Emmental-osten alleireie i 1915, i diktet sitt Vegen til slagmarka.

Cestou na bojiští - Jaroslav Hašek (Večerní Česke Slovo, 1924)

Když nad Dunajem rozbřesklo se ráno,
my k Pešti drkotali přes Komárno
a v Pešti potom bez vši velké slávy,
my napili se trochu černé kávy
a že tak brzo nebude snad mír,
my soudili už z toho,
že nám k tomu dali ementálský sýr.
Také jsme shledávali k svému bolu,
že tam prodávali vše bez alkoholu.

Kjelde: ÖNB, Jan Morávek, wikipedia.de

Sitat
[3.2] „Pane majore,“ otázal se hejtman Ságner velitele vojenského nádraží, „dle rozkazů pluku, dle maršrúty jedeme do Gödölö. Mužstvo má zde dostat 15 deka ementálského sýra. Na poslední zastávce mělo mužstvo dostat 15 deka uherského salámu. Ale nedostalo ničeho.“

Skrivst òg:Ementál cz

Berounen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Beroun er nemnd saman med Na Zderaze, Tábor, Příbram og Mladá Boleslav når Švejk ramsar opp for Lukáš leverposteiforgiftningane han har lese om.

Bakgrunn

Beroun er ein industriby 30 km sør-vest for Praha, den ligg ved elva Berounka.

Sitat
[3.2] Já jsem čet několikrát v novinách, že se celá rodina votrávila játrovou paštikou. Jednou na Zderaze,jednou v Berouně, jednou v Táboře, jednou v Mladé Boleslavi, jednou v Příbrami. Všichni tej votravě podlehli. Játrová paštika, to je nejhorší prevít...“

Skrivst òg:Beraun de

Mladá Boleslaven flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Mladá Boleslav er nemnd saman med Na Zderaze, Tábor, Příbram og Beroun når Švejk ramsar opp for Lukáš leverposteiforgiftningane han har lese om.

Bakgrunn

Mladá Boleslav er ein by i Midt-Böhmen, på vestsida av elva Jizera omtrent 60 km nordaust for Praha. Byen er mest kjend for bilfabrikken til Škoda.

Sitat
[3.2] Já jsem čet několikrát v novinách, že se celá rodina votrávila játrovou paštikou. Jednou na Zderaze,jednou v Berouně, jednou v Táboře, jednou v Mladé Boleslavi, jednou v Příbrami. Všichni tej votravě podlehli. Játrová paštika, to je nejhorší prevít...“

Skrivst òg:Jungbunzlau de

Příbramen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Příbram er nemnd saman med Na Zderaze, Tábor, Mladá Boleslav og Beroun når Švejk ramsar opp for Lukáš leverposteiforgiftningane han har lese om.

Bakgrunn

Příbram er ein by som ligg vest i dei sentrale delene av Böhmen. Den har cirka 35 500 innbyggjarar og ligg om lag 60 km sørvest for Praha.

Sitat
[3.2] Já jsem čet několikrát v novinách, že se celá rodina votrávila játrovou paštikou. Jednou na Zderaze, jednou v Berouně, jednou v Táboře, jednou v Mladé Boleslavi, jednou v Příbrami. Všichni tej votravě podlehli. Játrová paštika, to je nejhorší prevít...“

Skrivst òg:Pibrans de

Canisiusgasseen flag
Google kartsøk

Canisiusgasse er er nemnd som gata der Kommisjonen for krigsgraver heldt til.

Bakgrunn

Canisiusgasse er ei gate i Wien. Komitee für die Kriegsgräber-fürsorge in Österreich heldt til i Canisiusgasse 10.

Sitat
[3.2] Místo patnácti dekagramů ementálského sýra, který měl zde být rozdán, dostal každý po škatulce zápalek a jednu pohlednici, kterou vydalo komité pro válečné hroby v Rakousku (Vídeň XIX/4, Canisiusgasse).
Siedliskaen flag
Wikipedia enpl Google kartsøk
siedliska.jpg

Krigskyrkjegard nummer 152

Siedliska og krigsgravene der var avbilda på postkortet frå Krigsgravkommisjonen i Canisiusgasse.

Bakgrunn

Siedliska er ein landsby i Vest-Galicia, sør for Tarnów. I november 1915 vart det vedteke å oppretta eit krigsgravskompleks her. Den består no av 378 gravplassar med i alt 60 000 graver. Minnesmerket vart ofte fotografert og det vart i tillegg laga maleri og bygd statuar. Heinrich Scholz var arkitekt og teknisk ansvarleg for mange av gravplassane.

Merk at forfattaren her nok har brukt trykt materiale som kjelde. Han har oversett at krigsgravplassen ved Siedliska enno ikkje var oppretta på den tida denne episoden i romamen er lagt til (slutten av mai 1915).

Am 3. November 1915 wurde durch das Wiener Kriegsministerium die Kriegsgraberabteilung mit der Nummer 9 mit weitgehenden Befugnissen geschaffen.

Kjelde: Pawel Pencakowski

Sitat
[3.2] Místo patnácti dekagramů ementálského sýra měl každý v ruce západohaličský hřbitov vojínů v Sedlisku s pomníkem nešťastných landveráků, zhotovených ulejvákem-sochařem, jednoročním dobrovolníkem šikovatelem Scholzem.

Skrivst òg:Sedlisko Hašek

Vicenzaen flag
Wikipedia czdeenitnn Google kartsøk

Vicenza er ein av slagmarkene nemnde i telegram frå brigaden då nyhendet om krigslysinga til Italia kjem.

Bakgrunn

Vicenza er ein by i Veneto-provinsen i Italia, den ligg mellom Verona og Venezia. Slaget det vert vist til her stod 10.juni 1848 under den fyrste italienske frigjeringskrigen. Andre slag i denne nemnde i Švejk stod ved Santa Lucia, Novara, og Custoza. Dei austerriske styrkane var leia av Radetzky.

Sitat
[3.2] V to důvěřujeme pevně, že s pomocí boží brzy nadejde den, kdy roviny italské opět uvidí vítěze od Santa Lucia, Vicenzy, Novary, Custozzy. Chceme zvítězit, musíme zvítězit, a jistě zvítězíme!
Novaraen flag
Wikipedia czdeenitno Google kartsøk

Novara er ein av slagmarkene nemnde i telegram frå brigaden då nyhendet om krigslysinga til Italia kjem.

Bakgrunn

Novara er ein by i Piemonte, den ligg 50 km vest for Milano. Slaget det vert vist til her stod 23.mars 1849 under den fyrste italienske frigjeringskrigen. Andre slag i denne krigen (som er nemnde i Švejk) stod ved Santa Lucia, Vicenza, og Custoza. Dei austerriske styrkane var leia av Radetzky og den austerrikske sigeren førde til at Sardinia søkte fred.

Sitat
[3.2] V to důvěřujeme pevně, že s pomocí boží brzy nadejde den, kdy roviny italské opět uvidí vítěze od Santa Lucia, Vicenzy, Novary, Custozzy. Chceme zvítězit, musíme zvítězit, a jistě zvítězíme!
Veneziaen flag
Wikipedia czdeenitnnno Google kartsøk
venezia.png

Venkov, 30.4.1911

Venezia hadde hatt æra av eit besøk av kokken Jurajda som kunne fortelja sine medsoldatar at i Italia var alt "porco", sjølv paven.

Bakgrunn

Venezia er ein by i det nord-austlege Italia, som fram til 1797 var hovudstad i Republikken Venezia. Etter Napopelonskrigane kom den under Austerrike som måtte gi den frå seg til Italia i 1866. I dag er den hovudstad i regionen Veneto, og ein av verdas absolutt største turistattraksjonar.

Turista Aratáš

Venezia er òg tema i soga Turista Aratáš som Hašek fekk på trykk i Venkov i 1911. Mange bygningar og kjennemerke i byen vert nemnde her, mellom anna Fondaco dei Turchi, Palazzo Pesaro, Palazzo Grimani, Palazzo Contarini delle Figure, Canal Grande, Ponte di Rialto, Palazzo Manin, Bacino Orseola.

Linkar

Sitat
[3.2] „Cožpak Italie, to je pěkná země,“ prohodil kuchař Jurajda, „já sem byl jednou v Benátkách a vím, že Talián nazve každého prasetem. Když se rozčílí, je u něho každej porco maladetto. I papež je u něho porco, i ,madonna mia e porco’, ,papa e porco’.“

Skrivst òg:Benátky cz Venedig de Venice en Venezia it

Krameriova uliceen flag
Google kartsøk

Krameriova ulice er nemnd i urinanalyse-historia til Švejk. Puben der historia starta låg her.

Bakgrunn

Krameriova ulice var namnet på ei gate i Královské Vinohrady som var kalla opp etter forfattaren og utgivaren Václav Kramerius. No heiter den Americká i nedre delen og Kopernikova i øvre.

Sitat
[3.2] „Vono se řekne,“ usmál se Švejk, „pomstít se. Někdo myslí, že se pomstí, a nakonec to vodnese ten, koho si jako takovej člověk vybral za nástroj svý pomsty. Když jsem bydlel před lety na Vinohradech, tak tam bydlel v přízemí domovník a u toho na bytě byl jeden takovej malej ouředníček z ňáký banky, a ten chodil do jednoho výčepu v Krameriově ulici a pohádal se tam jednou s jedním pánem, kerej měl takovej ňákej ústav na Vinohradech pro analysu moče.
Ulice Čelakovskéhoen flag
Google kartsøk
celakovskeho.png

Ulice Čelakovského er nemnd i urinanalyse-historia til Švejk. Málek jagar urinprøvemanne gjennom denne gata og vidare ned Havlíčkova třída.

Bakgrunn

Ulice Čelakovského var namnet på dagens Ulice Jana Masaryka i Královské Vinohrady. I fylgje politiregistera budde Jaroslav Hašek her i 1904, i nummer 29 (stadfesta av politiet 20.juni 1904).

Kjelde: Břetislav Hůla

Sitat
[3.2] Když ho vytáh z almary, popad bejkovec a už ho hnal dolů v kaťatech Čelakovskýho ulicí, a ten ječel, jako když šlápneš psovi na vocas, a na Havlíčkově třídě skočil do elektriky, a domovníka chyt strážník, sepral se s ním, a poněvadž byl domovník v kaťatech a všechno mu lezlo ven, tak ho kvůli takovýmu pohoršení hodili do košatinky a vodvezli na policii, a von ještě z košatinky řval jako tur: ,Vy pacholci, já vám ukážu mně analysovat moč.’
Habsburgen flag
Wikipedia czdeenesitno Google kartsøk

Habsburg har utruleg nok ikkje vore nemnd direkte før, men no kjem det endeleg inn gjennom omtalen av løytnant Dub. Sistnemnde er tsjekkisk-lærar i det sivile og svært lojal mot keisarhuset. Han gav gjerne elevane sine oppgåver om Habsburgarane.

Bakgrunn

Habsburg er ein stad i Aarau-kantonen i Sveits som gav namnet sitt til fyrstehuset som skulle koma til å styra store deler av Europa frå 1400-talet fram til 1918. På eit eller anna tidspunkt regjerte Habsburg-huset Austerrike, Böhmen, Mähren, Ungarn, deler av Balkan, Spania, Belgia, Nederland, deler av Sveits, Italia, det sørlege Polen, Galicia og deler av Tyskland.

Austerrike-Ungarn var deira siste stat, fyrste verdskrigen betydde den endelige spikaren i kista som keisar- og kongehus. Gjennom åra utvida dei områda sine både med krigføring og kongelege alliansar og ekteskap. Böhmen kom under Habsburgarane i 1526 då tsjekkarane valgde Ferdinand av Habsburg som konge. Ungarn vart ein del av Habsburg-området same år.

Sitat
[3.2] „Je pravdou,“ pokračoval již mírnějším tónem, „že se ve většině případech i ve školních úlohách zapomínalo na náš bývalý poměr s Italií, na ony veliké dny slavných vítězných armád i v roce tisíc osm set čtyřicet osm, i v roce tisíc osm set šedesát šest, o kterých se mluví ve dnešních příkazech po brigádě. Já jsem však ale vykonal vždy svou povinnost a ještě před ukončením školního roku, takřka na samém začátku války, dal jsem svým žákům slohový úkol: ,Unsere Helden in Italien von Vicenza bis zur Custozza, oder...’“ A blbeček poručík Dub slavnostně dodal: „...Blut und Leben für Habsburg! Für ein Österreich, ganz, einig, groß!“...

Skrivst òg:Habsburk cz Habsburgo es Asburgo it

Most císaře Františka Josefa I.en flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Most císaře Františka Josefa I. er nemnd i samband med beskrivelsen av Dub som hadde skrive i ein stil at keisaren sitt største verk var å få denne brua i Praha bygd. Brua har alt vorte nemnd av Švejk under det folkelege namnet Eliščin most.

Bakgrunn

Most císaře Františka Josefa I. var namnet på ei bru i Praha som vart riven i 1947. På same staden vart den noverande Štefánikův most bygd.

Sitat
[3.2] e vyšších třídách byla ta themata ovšem spletenější, jako kupříkladu úloha pro septimány: „Císař František Josef I., podporovatel věd a umění“, kteráž práce vynesla jednomu septimánovi vyloučení ze všech středních škol říše rakousko-uherské, poněvadž napsal, že nejkrásnějším činem tohoto mocnáře bylo založení mostu císaře Františka Josefa I. v Praze.
Tripolien flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Tripoli er nemnd av løytnant Dub under utlegninga for offiserane om bakrunnen for at Italia hadde lyst krig med sine formelt allierte Austerrike-Ungarn. Han kjem òg innpå krigen mellom det Osmanske rike og Italia om Tripoli.

Bakgrunn

Tripoli er ein by i Nord-Afrika, no hovudstad i Libya. Den var under tyrkisk herredøme fram til 1911. Då overtok Italia styringa etter eit kort krig.

Sitat
[3.2] „Celkem vzato mě naprosto nepřekvapilo vystoupení Italie. Čekal jsem to již před třemi měsíci. Je jisté, že Italie značně zpyšněla poslední dobou následkem vítězné války s Tureckem o Tripolis. Kromě toho příliš spoléhá se na své loďstvo i na náladu obyvatelstva v našich přímořských zemích a v jižním Tyrolsku.

Skrivst òg:Tripolis cz Tripolis de

Sør-Tirolen flag
Wikipedia czdeenitno Google kartsøk
merano.jpg

Merano (Meran), no i Italia.

Sør-Tirol er nemnd av løytnant Dub under utlegninga for offiserane om bakgrunnen for at Italia hadde lyst Austerrike-Ungarn krig.

Bakgrunn

Sør-Tirol var ein del av Austerrike fram til 1919 då provinsen vart annektert av Italia. Provinsen har enno eit tysk-talande fleirtal.

Militært var området svært viktig for Austerrike-Ungarn ettersom Italia gjorde krav på det. Den enorma festninga i Trento var senteret for festningsverka men det var forlagt garnisonar mange andre stader òg. Mellom anna var deler av Praha sitt IR28 forlagt her, og fleire av Jaroslav Hašek sine kameratar tenestegjorde her.

Sitat
[3.2] „Celkem vzato mě naprosto nepřekvapilo vystoupení Italie. Čekal jsem to již před třemi měsíci. Je jisté, že Italie značně zpyšněla poslední dobou následkem vítězné války s Tureckem o Tripolis. Kromě toho příliš spoléhá se na své loďstvo i na náladu obyvatelstva v našich přímořských zemích a v jižním Tyrolsku.

Skrivst òg:Jižní Tyrolsko cz Süd-Tirol de South Tyrol en Alto Agide it

Szatmáren flag
Wikipedia deenhuro Google kartsøk

Szatmár er nemnd i samband med erkebiskop Géza av Szatmár-Budafalu.

Bakgrunn

Szatmár er eit historisk ungarsk fylke. Etter Trianon-freden vart mesteparten av området i 1920 avstått til Romania, inkludert byen fylket har namn etter, dagens Satu Mare.

Sitat
[3.2] Kromě toho přinesly ustarané, utahané dámy veliký balík vytištěných dvou modliteb sepsaných budapešťským arcibiskupem Gézou ze Szatmár-Budafalu. Byly německo-maďarské a obsahovaly nejstrašnější prokletí všech nepřátel. Psány byly tyto modlitbičky tak vášnivě, že tam jenom na konci scházelo řízné maďarské „Baszom a Krisztusmárját!“

Skrivst òg:Satu Mare ro

Budafaluen flag
Wikipedia enfrhuit Google kartsøk

Budafalu er nemnd i samband med erkebiskop Géza av Szatmár-Budafalu.

Bakgrunn

Budafalu er eit av dei ungarske namna på landsbyen Budeşti i Maramureş-fylket i det nord-vestlege Romania. Kjelder viser òg til den som Budfalu og Budfalva. Budfalu er namnet som er brukt på det Austerrisk-Ungarske militærkartet frå 1910.

Budfalu er òg nemnd i ei av novellene til Hašek og opplysningane han kjem med her etterlet ingen tvil om at dette er staden han meiner. Forfattaren vitja truleg Budafalu på ei av dei mange vandringane sine. Området vart i 1921 avstått til Romania.

Sitat
[3.2] Kromě toho přinesly ustarané, utahané dámy veliký balík vytištěných dvou modliteb sepsaných budapešťským arcibiskupem Gézou ze Szatmár-Budafalu. Byly německo-maďarské a obsahovaly nejstrašnější prokletí všech nepřátel. Psány byly tyto modlitbičky tak vášnivě, že tam jenom na konci scházelo řízné maďarské „Baszom a Krisztusmárját!“

Skrivst òg:Wynzdorf de Budfalva/Budfalu hu Budeşti ro

Újpesten flag
Wikipedia deenhu Google kartsøk Švejk-muzeum

Újpest er nemnd når forfattaren beskriv ein gruppe bosniarar som har lege fast i nokre dagar og som må tigga mat i Újpest. Truleg var den militære jernbanestasjonen som handlinga føregår på Rákosrendező.

Bakgrunn

Újpest er ein forstad til Budapest, namnet betyr "Nye Pest". Den ligg nord for setrum på aust-sida av Donau. I 1915 var den enno ein eigen by.

Sitat
[3.2] Bosňáci již dva dni nefasovali mináž a chodili žebrat chleba po Nové Pešti. Také nebylo nic jiného slyšet nežli rozčilený hovor ztracených Bosňáků, živě gestikulujících, kteří vyráželi neustále ze sebe: „Jeben ti boga - jeben ti dušu, jeben ti majku.“

Skrivst òg:Nové Pešt cz Neu-Pest de

Prešoven flag
Wikipedia czdeennnsk Google kartsøk

Prešov er nemnd av Bautanzel når han fortel om efaringane sine frå fronten i Karpatane.

Bakgrunn

Prešov er ein by i Šariš-regionen i det austlege Slovakia, på den tida under ungarsk styre. No er den med sine neste 100 000 innbyggjarar tredje største byen i landet.

Sitat
[3.2] Panečku, než jsme přijeli tenkrát do Prešova, tak jsme měli haldy všeho, na co si člověk pomyslil. Měl jsem schováno deset tisíc memfisek, dvě kola ementálského sýra, tři sta konserv, a potom, když už se šlo na Bardějov do zákopů, Rusové od Mušiny odřízli spojení na Prešov, potom se dělaly obchůdky.

Skrivst òg:Eperies de Eperjes hu

Bardejoven flag
Wikipedia czdeensk Google kartsøk

Bardejov er nemnd av Bautanzel når han fortel om efaringane sine frå fronten i Karpatane.

Bakgrunn

Bardejov er ein by i Aust-Slovakia, den ligg nord for Prešov nær grensa til Polen. Byen står på UNESCO si verdsarvliste.

Sitat
[3.2] Panečku, než jsme přijeli tenkrát do Prešova, tak jsme měli haldy všeho, na co si člověk pomyslil. Měl jsem schováno deset tisíc memfisek, dvě kola ementálského sýra, tři sta konserv, a potom, když už se šlo na Bardějov do zákopů, Rusové od Mušiny odřízli spojení na Prešov, potom se dělaly obchůdky.

Skrivst òg:Bardějov Hašek Bartfeld de Bartfa hu

Muszynaen flag
Wikipedia deenpl Google kartsøk

Muszyna er nemnd av Bautanzel når han fortel om efaringane sine frå fronten i Karpatane. Russarane kom herfrå og skar av forbindelsen mellom Prešov og Bardejov.

Bakgrunn

Muszyna er ein småby i Karpatane, den ligg i Polen litt vest for Bardejov. Byen var strategisk viktig grunna jernbanelinja over fjella.

Sitat
[3.2] Panečku, než jsme přijeli tenkrát do Prešova, tak jsme měli haldy všeho, na co si člověk pomyslil. Měl jsem schováno deset tisíc memfisek, dvě kola ementálského sýra, tři sta konserv, a potom, když už se šlo na Bardějov do zákopů, Rusové od Mušiny odřízli spojení na Prešov, potom se dělaly obchůdky.

Skrivst òg:Mušina Hašek

Podolínecen flag
Wikipedia czdeenplsk Google kartsøk

Podolínec er nemnd av Bautanzel når han fortel om efaringane sine frå fronten i Karpatane. Russarane var komne hit og trua Bardejov vestfrå.

Bakgrunn

Podolínec er ein by i Slovakia, på sørsida av Karpatane like ved grensa til Polen.

Sitat
[3.2] Za tu celou dobu, co jsme stáli pod Bardějovem, jsem si při nákupu dobytka neušetřil víc než něco málo přes dvanáct set korun, a to jsme ještě většinou namísto peněz dávali poukázky se štemplem batalionu, zejména poslední dobou, když jsme věděli, že Rusové na východ od nás jsou v Radvani a na západ v Podolíně.

Skrivst òg:Podolín Hašek Pudlein de Podolin hu Podoliniec pl

Hatvanen flag
Wikipedia deenhu Google kartsøk Švejk-muzeum
hatvan.png

Illustrovaný svět, 3.6.1904

Hatvan er nemnd avdi jernbanelinja der var blokkert av eit tog med såra. Difor vart avreisa til bataljonen frå Budapest utsett 4 timar. Bataljonen vert lova brød i Hatvan fordi forrige transport ikkje fekk noko. Kompaniet dreg forbi Hatvan på veg til fronten utan at den er nemnd meir. Byen er òg nemnd i tittelen på [III.3].

Bakgrunn

Hatvan er ein by og jernbaneknutepunkt nord-aust for Budapest, på jernbanelinja mot Miskolc.

Jaroslav Hašek og hans 12. marsjbataljon reiste utan tvil forbi her, truleg 1. juli 1915 (dei forlet Bruck an der Leitha kvelden før).

Hatvan vert nemnd alt i 1904 i ei av sogene til Hašek og det er ikkje utenkjeleg at forfattaren vitja byen alt då. Nabobyen Gödöllő er nemnd i same soga. Na svazích Hegyalye (Illustrovaný svět, 3 Juni 1904.

Linkar

Sitat
[3.2] Potom přišla zpráva, že se pojede ještě až za čtyři hodiny. Trať nahoře na Hatvan že je zastavena vlaky s raněnými. Také se rozšiřovalo po nádraží, že u Jágru srazil se jeden sanitní vlak s nemocnými a raněnými s vlakem vezoucím dělostřelectvo. Z Pešti že tam jedou pomocné vlaky.
Subotištěen flag
Wikipedia czdeenhunnsr Google kartsøk
subotica.jpg

Szabadka i 1914.

Subotiště vert nemnd av latrine-generalen i Buadapest når han fortel om logistisk rot ved utdeling av gulasj og poteter til troppane i Bosnia.

Bakgrunn

Subotiště kan ikkje identifiserast eintydig ettersom det ikkje finst nokon stasjon med dette namnet i det sørlege Bosnia. Generalen meiner nok heller "stasjonen Subotica på den sørungarske jernbana". Byen er eit viktig jernbaneknutepunkt på linja Budapest - Beograd og mange troppetransport-tog passerte her tidleg i krigen. Sidan 1920 har byen tilhøyrd Serbia men eit fleirtal av innbyggjararane er enno etniske ungarske.

Sitat
[3.2] Při revisi stanice Subotiště na jižní dráze bosenské zjistil jsem, že šest ešalonů nedostalo večeři, poněvadž o ni zapomněli velitelé ešalonů žádat. Šestkrát se na stanici vařil guláš s brambory, a nikdo o něj nežádal.

Skrivst òg:Subotiště Hašek Sabatka Reiner Maria-Theresiopel de Szabadka hu Суботица sr

Rákospalotaen flag
Wikipedia enhu Google kartsøk

Rákospalota er nemnd avdi Švejk var kjend heile vegen frå stasjonen og dit.

Bakgrunn

Rákospalota er ein forstad til Budapest, den ligg aust for Újpest.

Sitat
[3.2] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že už se vypravil,“ rozjasněně hlásil Baloun. „Řekl, že pan obrlajtnant bude spokojen a že panu obrlajtnantovi budou všichni závidět. Šel někam z nádraží a říkal, že to tady zná až za Rákošpalotu. Kdyby snad vlak bez něho odjel, že se přidá k automobilové koloně a dohoní nás na nejbližší stanici automobilem.

Skrivst òg:Rákošpalota Hašek

Aszóden flag
Wikipedia deenhusk Google kartsøk Švejk-muzeum

Aszód er nemnd når det etter nok ei utsetjing vert sagt at toget dreg vidare klokka 2 om ettermiddagen mot Gödöllő-Aszód. Kompaniet må ha drege forbi Aszód på veg til fronten utan at den er nemnd meir.

Bakgrunn

Aszód er ein by nord for Budapest, på jernbanelinja mellom Gödöllő og Hatvan.

Sitat
[3.2] Přinesli zprávu z kanceláře velitelství, že se pojede až odpůldne ve dvě hodiny na Gödöllö-Aszód a že se fasuje pro důstojníky na nádražích po dvou litrech červeného vína a láhev koňaku. Říkalo se, že je to nějaká ztracená zásilka pro Červený kříž.
Gumpoldskirchenen flag
Wikipedia deensk Google kartsøk

Gumpoldskirchen er nemnd når det etter nok ei utsetjing endeleg kjem gode nyheiter: ein Raude Kross-sending med konjakk og Gumpoldskirchen-vin er komen på avvege og kjem no offiserane til gode, spesielt hejtman Ságner.

Bakgrunn

Gumpoldskirchen er ein vinby i Niederösterreich, i distriktet Mödling sør for Wien.

Sitat
[3.2] Říkalo se, že je to nějaká ztracená zásilka pro Červený kříž. Ať se to mělo jak chce, spadlo to přímo s nebe a ve štábním vagoně bylo veselo. Koňak měl tři hvězdičky a víno bylo známky Gumpoldskirchen.
Isatarcsaen flag
Wikipedia enhusk Google kartsøk Švejk-muzeum

Isatarcsa er åstaden for Švejk sitt påståtte hønetjuveri. Dette som så mange andre uhell skjer når han vil gjera vel mot sin obrlajtnant. Han vert arrestert av ein honvéd-patrulje og førd tilbake til stasjonen der det vert meir hovudbry for Lukáš. Švejk sa om landsbyen at den hadde tretten gater, noko som stemmer.

I slutten av kapittelet forsvinn toget bak Isatarcsa når Nasáklo står på stasjonen (i Budapest) og diskuterer prisen med ei prostituert.

Bakgrunn

Isatarcsa er høgst sannsynleg Kistarcsa, er ein liten by rett utafor Budapest. Dette stemmer nokså bra med dei geografiske beskrivelsane av resten av opphaldet i Budapest. Den ungarske overstejaren går òg ut frå dette og "rettar" Hašek som fylgje. Eit militært kart frå 1910 stadfester at jernbana gjekk forbi her og at det var ein stasjon.

Sitat
[3.2] Nezbývalo již nic jiného než koupit slepici. Šel jsem tedy za nádražím do Išatarči. Je to vlastně vesnice, jako by to nebylo žádný město, ačkoliv je tam napsáno v první ulici Išatarča vároš. Projdu jednu ulici se zahrádkami, druhou, třetí, čtvrtou, pátou, šestou, sedmou, osmou, devátou, desátou, jedenáctou, až v třinácté ulici na samém konci, kde za jedním domkem už začínaly trávníky, páslo se a procházelo stádo slepic.

Skrivst òg:Išatarča Hašek

Transilvaniaen flag
Wikipedia czdeenhunnnoro Google kartsøk

Transilvania vert nemnd av Švejk; av høna skal det verta så god suppe at det kan luktast heilt til Transilvania.

Bakgrunn

Transilvania er eit område i Romania som fram til 1920 tilhøyrde Ungarn. På den tida var det etnisk meir blanda enn i dag, med store grupper tysk og ungarsk-talande. Området omfattar mesteparten av Romania vest for Karpatane.

Sitat
[3.2] Tak vidíte, pane obrlajtnant, že se dá všechno urovnat,“ řekl Švejk k nadporučíkovi Lukášovi, „nejlepší je, když se všechno obejde bez skandálu, bez velkých ceremonií. Nyní s Balounem vám uvaříme takovou slepičí polévku, že ji bude cítit až do Sedmihradska.“

Skrivst òg:Sedmihradsko cz Siebenbürgen de Transylvania en Erdély hu Transilvania ro

Filippien flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Filippi vert påkalla som trugsmål mot Švejk av Dub: "Me møtest ved Filippi". Svejk oppfattar Filippi som ein stad homoseksuelle møtest og har dermed fått set Dub i den kategorien.

Bakgrunn

Filippi var ein by i antikkens Hellas. Dub sitt sitat er frå "Julius Caesar" av William Shakespeare, det viser til Caesar sin mordar Brutus, som var mellom taparane i slaget ved Filippi i 42 f.kr.

Plutark skriv om den berømte visjonen Brutus hadde om eit spøkelse, nokon få måneder før slaget. Ei natt såg han ei stor og skuggeaktig form åpenbara seg framfor han og han spurte: «Kva og korfrå er du?» og etterpå svarde: «Eg er den vonde ande, Brutus: me skal atter ein gong møtast ved Filippi.» Han møtte spøkelset att natta før slaget.

Kjelde: Wikipedia

Sitat
[3.2] „Pro nás, poslušně hlásím, pane lajtnant. Podívejte se, co má sádla.“ Poručík Dub odcházel bruče: „U Filippi se sejdeme.“ „Cože ti říkal?“ obrátil se k Švejkovi Jurajda. „Ale dali jsme si schůzku někde u Filipy. Voni tihle vznešení páni bejvají obyčejně buseranti.“

Skrivst òg:Philippi en

Praha II.en flag
Wikipedia czen Google kartsøk

Praha II. er nemnd i historia til Švejk om to skilde og avdanka fruentimmer som valdtok ein hundreårig mann ved Roztoky.

Svært mange av stadene som er nemnde i romanen ligg innafor bydelen, mellom anna U kalicha. Nesten heile handlinga i dei fyrste sju kapittela av romanen finn stad her.

Bakgrunn

Praha II. er eit adminstrativt distrikt i Praha som omfattar heile Vyšehrad og deler av Královské Vinohrady, Nové Město og Nusle.

Fram til 1922 var Praha II langt mindre enn i dag, og samsvara med Nové Město. Det var i denne bydelen Jaroslav Hašek vart fødd, vaks opp, gjekk på skule og seinare fullførde si høgare utdanning. Som vaksen budde han i lange periodar her fram til slutten av 1914.

Linkar

Sitat
[3.2] “Vona je to holt vášeň, ale nejhorší je to, když to přijde na ženský. V Praze II byly před léty dvě vopuštěný paničky, rozvedený, poněvadž to byly coury, nějaká Mourková a Šousková, a ty jednou, když kvetly třešně v aleji u Roztok, chytly tam večer starýho impotentního stoletýho flašinetáře a vodtáhly si ho do roztockýho háje a tam ho znásilnily. Co ty s ním dělaly!

Skrivst òg:Praha II cz Prag II de Prague II en

Roztokyen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Roztoky er nemnd i historia til Švejk om to avdanka sjuskene Mourková og Šousková som valdtok ein hundreåring her.

Bakgrunn

Roztoky er ein liten by ved Vltava like nord for Praha.

Sitat
[3.2] “Vona je to holt vášeň, ale nejhorší je to, když to přijde na ženský. V Praze II byly před léty dvě vopuštěný paničky, rozvedený, poněvadž to byly coury, nějaká Mourková a Šousková, a ty jednou, když kvetly třešně v aleji u Roztok, chytly tam večer starýho impotentního stoletýho flašinetáře a vodtáhly si ho do roztockýho háje a tam ho znásilnily. Co ty s ním dělaly!
Pečkyen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
pecky.jpg

Pečky stasjon i 1924

Pečky er sentral i ankedota som Švejk fortel i Budapest om tog nummer 4268 som vart ståande på spor 16 her. Denne lange historia som han fortalde i Budapest knekte den brutale sersjanten Nasáklo fullstendig.

Bakgrunn

Pečky er ein småby i Kolín-distriktet aust for Praha. Den ligg på jernbanelinja mellom Praha og Brno og har stasjon. Derimot er det lite truleg at den hadde 16 spor ettersom byen er svært liten og heller ikkje er noko jernbaneknutepunkt.

Linkar

Sitat
[3.2] Švejk si mezitím prohlížel číslo na ručnici a ozval se: „4268! Takový číslo měla jedna lokomotiva v Pečkách na dráze na šestnácté koleji. Měli ji odtáhnout do depot v Lysý nad Labem, ku správě, ale vono to tak lehce nešlo, poněvadž, pane šikovateli, ten strojvůdce, který ji tam měl odtáhnout, měl velmi špatnou paměť na čísla.
Lysá nad Labemen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Lysá nad Labem er med i ankedota til Švejk om tog nummer 4268 som skulle til depotet her. Sjå Pečky.

Bakgrunn

Lysá nad Labem er ein by ved Labe (Elbe) nord-aust for Praha.

Sitat
[3.2] Švejk si mezitím prohlížel číslo na ručnici a ozval se: „4268! Takový číslo měla jedna lokomotiva v Pečkách na dráze na šestnácté koleji. Měli ji odtáhnout do depot v Lysý nad Labem, ku správě, ale vono to tak lehce nešlo, poněvadž, pane šikovateli, ten strojvůdce, který ji tam měl odtáhnout, měl velmi špatnou paměť na čísla.
Klokotyen flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Klokoty er nemnd av Baloun som var på pilgrimsferd dit for å be Herren rå med glupskheita si.

Bakgrunn

Klokoty er ein pilgrims-stad ein kort gåtur vest for Tábor, no ein del av bydistriktet.

Sitat
[3.2] Baloun zaúpěl, že už ztratil důvěru v pána boha, poněvadž už kolikrát se modlil, aby mu dal tolik síly a nějak mu ten jeho žaludek sescvrknul. „To se nedatuje vod týhle vojny,“ zabědoval, „to už je stará nemoc, tahle moje žravost. Kvůli ní chodila žena s dětma na pouť do Klokot.“ „To znám,“ poznamenal Švejk, „to je u Tábora a mají tam bohatou panenku Marii s falešnejma briliantama, a chtěl ji vokrást jeden kostelník vodněkud ze Slovenska. Moc nábožnej člověk.
Madriden flag
Wikipedia czdeenesnnno Google kartsøk
madrid.jpg

Plaza Mayor.

Madrid er nemnd av Marek i samband med kommandanten i Madrid som åt tenaren sin under Napoleonskrigane. Denne soga har likheiter med opplysningar forfattaren kom med i del 1, sjå Fernando og Toledo.

Bakgrunn

Madrid er hovudstad i Spania og landets største by med 3,2 millionar innbyggjarar. Den er tredje største byen i EU. Frå 1808 til 1813 var Madrid okkupert av franske troppar og Napoleon sin bror, Joseph vart innsett som konge. Kjend er oppstanden i Madrid 2.mai 1808, datoen er nasjonal heilagdag.

Opplysningane som vert gitt i romanen er tvilsame. Madrid opplevde inga lang beleiring under Napoleonskrigane, det gjorde heller ikke Toledo. Den mest sannsynlege historiske hendinga er nok beleiringane av Zaragoza.

Sitat
[3.2] „My vás proto neodsuzujeme,“ řekl jednoroční dobrovolník, „naopak je vidět, že z vás bude dobrý voják. Když Francouzi za napoleonských válek obléhali Madrid, tu španělský velitel Madridu, než by vydal pevnost z hladu, snědl svého adjutanta bez soli.“
Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

2. I Budapest


© 2009 - 2017 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 12/5-2018