Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (577) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

3. Frå Hatvan til den galisiske grensa

Laborecen flag
Wikipedia deennosk Google kartsøk Švejk-muzeum
laborec.jpg

Laborec ved Brestov

Laborec er nemnd nemd heilt i starten på kapittelet: bataljonen skulle gå marsjera herfrå gjennom Aust-Galicia til fronten. Dei kjem etter kvart fram til elva utan at den vert nemnd meir. Humenné er største byen ved elveløpet men nemnde seinar er òg Brestov nad Laborcom, Radvaň nad Laborcom, Čabiny og Medzilaborce.

Bakgrunn

Laborec er i elv i det austlege Slovakia, då ein del av Ungarn. Vinteren 1914/15 trengde russarene ned i Laborec-dalen, noko som kjem tydeleg fram seinare i romanen.

Sitat
[3.3] Po celou dobu železniční přepravy batalionu, který měl sklízet válečnou slávu, až projde pěšky od Laborce východní Haličí na front, vedly se ve vagonu, kde byl jednoroční dobrovolník a Švejk, opět podivné řeči, víceméně velezrádného obsahu; v menším měřítku, ale můžeme říct povšechně, dělo se tak i v jiných vagonech, ba i ve štábním vagonu panovala jakási nespokojenost, poněvadž ve Füzesabony přišel rozkaz po armádě od pluku, ve kterém se porce vína snižovala důstojníkům o jednu osminku litru.

Skrivst òg:Laborc hu

Füzesabonyen flag
Wikipedia deenhusk Google kartsøk Švejk-muzeum

Füzesabony er ein stad bataljonen har stoppa ettersom ein fann ut att eit kompani hadde gløymd att feltkjøkenet i Bruck. Der fekk ein òg dei dårlege nyhenda om at vin-porsjonen for offiserane var redusert, likeleis som sagogryn-rasjonen for fotfolket. Dei trudde òg at dei endeleg skulle få servert gulasj og poteter, men no vart det sagt at heile gulasjen var ein øvelse avdi soldatatene måtte venja seg til å få måltida utsette eller øydelagde ved fronten.

Bakgrunn

Füzesabony er ein mindre by i Heves-provinsen i Nord-Ungarn, viktigast som jernbaneknutepunkt.

Sitat
[3.3] Ve Füzesabony přišlo se také na to, že jedna kumpanie ztratila polní kuchyni, poněvadž konečně se měl na této stanici vařit guláš s bramborama, na který kladl velký důraz „latrinengenerál“. Pátráním vyšlo najevo, že nešťastná polní kuchyně vůbec s sebou z Brucku nejela a že asi dodnes tam stojí za barákem 186, opuštěná a vychladlá.
Miskolcen flag
Wikipedia czdeenhunn Google kartsøk Švejk-muzeum

Miskolc var verd ein kort stopp for endeleg å få gulasj, men dette gjekk ikkje avdi russiske jernbanevogner blokkerte sporet.

Bakgrunn

Miskolc er ein by i det nord-austlege Ungarn, med 180 000 innbyggjarar den tredje største i landet etter Budapest og Debrecen. Miskolc vart hardt ramma av ein kolera-epidemi under 1. verdskrigen.

Sitat
[3.3] Tohle byla tedy jakási průprava, ne tak do důsledků tragická, ale přece jen poučná. Když totiž se měl již guláš rozdávat, přišel rozkaz „Do vagonů!“ a už se jelo na Miškovec. Ani tam se nerozdal guláš, poněvadž na trati stál vlak s ruskými vagony, proto se mužstvo nepustilo ven z vagonů a ponechalo se mužstvu volné pole k fantasii, že se bude guláš rozdávat, až se vyleze už v Haliči z vlaku, kde bude uznán guláš zkysaným, k požívání neschopným, a pak že se vyleje.

Skrivst òg:Miškovec cz

Tiszalúcen flag
Wikipedia deenhu Google kartsøk Švejk-muzeum

Tiszalúc er ein stad toget reiser forbi, ingen gulasj her heller.

Bakgrunn

Tiszalúc er ein by i det nord-austlege Ungarn ved elva Tisza. Den ligg på jernbanelinja mellom Miskolc og Sátoraljajúhely. Tiszalök som Hašek skriv, er òg ein by men ettersom den ikkje ligg på jernbanelinja er nok dette feil.

Sitat
[3.3] Potom vezli guláš dál na Tiszalök, Zombor, a když už nikdo nečekal, že se bude guláš rozdávat, zastavil se vlak v Novém Městě pod Šiatorem, kde se znova rozdělal oheň pod kotli, guláš se ohřál a byl konečně rozdán.

Skrivst òg:Tiszalök Hašek

Mezőzomboren flag
Wikipedia deenhu Google kartsøk Švejk-muzeum

Mezőzombor er ein stad toget reiser forbi, ingen gulasj her heller.

Bakgrunn

Mezőzombor er ein by i det nord-austlege Ungarn på jernbanelinja mellom Miskolc og Sátoraljaújhely. Forfattaren kallar den Zombor.

Sitat
[3.3] Potom vezli guláš dál na Tiszalök, Zombor, a když už nikdo nečekal, že se bude guláš rozdávat, zastavil se vlak v Novém Městě pod Šiatorem, kde se znova rozdělal oheň pod kotli, guláš se ohřál a byl konečně rozdán.

Skrivst òg:Zombor Hašek

Sátoraljaújhelyen flag
Wikipedia czdeenhusk Google kartsøk Švejk-muzeum

Sátoraljaújhely er vitne til eit kort opphald av marsbataljonen for no kan endeleg gulasjen og potetene setjast til livs. Innslaget frå Sátoraljaújhely startar med ei skildring av korleis ungarske Honvéd-hussarar forgrip seg mot ei gruppe polske jødar. Deretter oppstår nok ein konflikt mellom Švejk og Dub: den tåpelege løytnanten vert avslørd når han hevdar at øydelagd krigsmateriell er russisk endå det har påskrifter som identifiserer det som austerriksk. Vidare dreg Švejk ei utruleg lang ankedote. Innhaldet får Lukáš til å kommentera at "det virkar som om du ikkje respekterer dine overordna i det heile".

Til slutt kjem ein episode som illustrerer det språklege mangfoldet i det multi-etniske imperiet: ein polsk soldat skapar forvirring avdi han ikkje klarer å oppfatta og gjengi passordet.

Bakgrunn

Sátoraljaújhely er ein by i det nord-austlege hjørnet av Ungarn, heilt inntil grensa til Slovakia. Byen vart ved Trianon-traktaten i 1920 delt mellom Ungarn og Tsjekkoslovakia. På jernbanestasjonen er det sett opp ei minnetavle for Svejk. Forstaden Kisújhely med den andre viktige jernbanestasjonen ligg i Slovakia og heiter no Slovenské Nové Mesto. Kart frå 1910 viser at det berre var EIN jernbanestasjon i byen. Dermed kan det med stor sikkerheit slåast fast at handlinga føregjekk på noverande ungarske område.

Sitat
[3.3] Potom vezli guláš dál na Tiszalök, Zombor, a když už nikdo nečekal, že se bude guláš rozdávat, zastavil se vlak v Novém Městě pod Šiatorem, kde se znova rozdělal oheň pod kotli, guláš se ohřál a byl konečně rozdán. tanice byla přeplněna, měly být napřed odeslány dva vlaky s municí, za nimi dva ešalony dělostřelectva a vlak s pontonovými oddíly. Vůbec možno říct, že zde se shromáždily vlaky s trupami všech možných částí armády.

Skrivst òg:Nové Město pod Šiatorem Hašek New Town under the Šiator Sadlon Neustadt am Zeltberg de Nové Mesto pod Šiatrom sk

Na Poříčíen flag
Google kartsøk

Na Poříčí er nemnd i anekdota om oberst Fliedler von Bumerang.

Bakgrunn

Na Poříčí er ei gate i Nové Město som går frå Prašná brána og endar opp ved Florenc.

Sitat
[3.3] Tak jak šli přes Poříč, kolem Rozvařilů, Železný skočil do průjezdu a ztratil se mu průchodem a zkazil Kaučukovýmu dědkovi tu velikou radost, až ho bude sázet do arestu.

Skrivst òg:Porschitz Reiner

Dolní Královiceen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Dolní Královice er nemnd i anekdota om oberst Fliedler von Bumerang, i delen då Švejk nesten helgenforklarer han, han hadde lete soldatane sine drikka tomt bryggeriet i Dolní Královice.

Bakgrunn

Dolní Královice er ein landsby i den austlege delen av Benešov-distriktet. På sytti-talet vart landsbyen flytta avdi eit drikkevatn-reservoar for Praha vart bygd i Želivka-dalen, ikkje så langt frå Lipnice nad Sázavou. Bryggeriet vart stengd i 1957.

Sommaren 1922 vitja Jaroslav Hašek landsbyen. Dette var den større siste utflukta hans før hans tidlege død eit halvt år etter [4].

Sitat
[3.3] Když jsme přišli do Dolních Královic, tak dal rozkaz vypít celej dolnokrálovickej pivovar na jeho útraty, a když měl svátek nebo narozeniny, tak dal pro celej regiment navařit zajíce na smetaně s houskovejma knedlíkama. Von byl takovej hodnej na manšaft, že vám jednou, pane obrlajtnant
Kołomyjaen flag
Wikipedia czdeenpluk Google kartsøk

Kołomyja var heimstaden til ein polakk som ikkje hadde oppfatta felt-passordet grunna språkforvirring. Denne episoden hende under opphaldet i Sátoraljaújhely.

Bakgrunn

Kołomyja er det polske namnet på Коломия (Kolomyja) i Galicia som no ligg i Ivano-Frankivsk oblastet i Ukraina. Den var fram til 1918, som resten av regionen, ein del av Austerrike. Russarane inntok byen i september 1914, men vart drivne ut året etter. På den tida var nesten halve befolkninga jødar.

Sitat
[3.3] Ten den byl feldruf: „Kappe“ a losung: „Hatvan“. Post, který si to měl u telefonních aparátů pamatovat, byl nějaký Polák z Kolomyje, který nějakou divnou náhodou se dostal k 91. regimentu.

Skrivst òg:Kolomyje Hašek Коломия ua

Lastovceen flag
Wikipedia enhusk Google kartsøk Švejk-muzeum
lastovce.jpg

Lastovce i juni 2010

Lastovce vert passert av bataljonen på veg frå Sátoraljaújhely til Trebišov. Det skjedde etter midnatt og det er inga skildring av noko opphald her.

Bakgrunn

Lastovce er nesten sikkert det forfattaren meiner med Ladovce. Det er ein småstad litt sør for Trebišov i det austlege Slovakia. Regionen var ein del av Ungarn fram til 1920.

Sitat
[3.3] Po půlnoci vlak se hnul na Ladovce a Trebišov, kde ho ráno uvítal na stanici veteránský spolek, poněvadž si tenhle maršbatalion spletl s maršbatalionem 14. honvédského maďarského pluku, který projel stanicí hned v noci.

Skrivst òg:Ladovce Hašek Lasztóc hu

Trebišoven flag
Wikipedia deenhusk Google kartsøk Švejk-muzeum
trebisov.jpg

Trebišov stasjon i 2004.

Trebišov vert passert av marsbataljonen på veg frå Sátoraljaújhely til Humenné. Dette hende på morgonkvisten og soldatane på toget vart vekt opp av ropa frå ein ungarsk veteransamskipnad som trudde dei ynskte ein marsjbataljon frå det 14. Honvéd-regiment velkommen. Opphaldet var berre på fem minutt.

Bakgrunn

Trebišov er ein by i Zemplín-regionen i det austlege Slovakia. I 1915 var området enno styrt av Ungarn.

Sitat
[3.3] Po půlnoci vlak se hnul na Ladovce a Trebišov, kde ho ráno uvítal na stanici veteránský spolek, poněvadž si tenhle maršbatalion spletl s maršbatalionem 14. honvédského maďarského pluku, který projel stanicí hned v noci. Jisto bylo, že veteráni byli namazaní, a svým řevem: „Isten áld meg a királyt“ probudili ze spaní celý transport. Několik uvědomělejších naklonilo se z vagonů a odpovědělo jim: „Polibte nám prdel. Éljen!“

Skrivst òg:Tőketerebes hu

Tiszaen flag
Wikipedia czdeenhunnsk Google kartsøk

Tisza og Tisza-dalen vert nemnd når forfattaren skildrar dei fyrste teikna til krigsøydeleggjingar når toget fortset nordover mot Humenné. Dette var langs Laborec, ei sidelev til Tisza.

Bakgrunn

Tisza er ei elv som renn frå dei ukrainske Karpatane og ut i Donau i Vojvodina-regionen i Serbia. Byar ved elva er mellom anna Sighetu Marmaţiei, Čop, Tokaj, Szolnok og Szeged.

Sitat
[3.3] Za pět minut jel vlak dál na Humenné. Zde již byly jasně a zřetelně znát stopy bojů, když Rusové táhli do údolí Tisy. Po stráních táhly se primitivní zákopy, tu a tam bylo vidět vypálenou usedlost, kolem které narychlo zbudovaná bouda znamenala, že se majitelé opět vrátili.

Skrivst òg:Tisa cz Theiß de Tisa sk Тиса sr Тиса ua

Humennéen flag
Wikipedia czdeenhusk Google kartsøk Švejk-muzeum
humenne2.jpg

Wiener Illustrierte Zeitung, 16.1.1915

Humenné var åstad for eit nokså hendelsesfylt lunsj-opphald som må ha vard nokre timar. Toget kom hit ved middagstid to dagar etter avreisa frå Budapest, altså må datoen vera 26. mai 1915. Forfattaren noterer at stasjonen har krigsskadar.

Det vert ein stygg episode når dei nyleg framkomne troppane observerer korleis ungarsk stats-politi mishandler medlemmer av den rutenske befolkninga (kalla ungarske russarar av forfattaren). Dette vert stort sett fordømt av offiserane, unnataket er den avskyelege løytnant Dub som reagerer motsett. Denne episoden fører direkte til at Lukáš får behov for å drikka seg full som kur mot si Weltschmerz. Me veit korleis dette enda: Švejk vert teken på fersken av Dub når han kjøper sprit frå ein lokal jøde og må drikka hele flaska på styrten for å verna seg sjølv og sin overordna. Han kom så vidt unna med det, og alt i alt vert opphaldet her lite vellukka for Dub. Han vert ytterlegare audmjuka då ein ungarsk soldat merkar seg at han er tsjekkisk og held hendene hånleg i veret(viser til tsjekkarane sin påståtte manglande vilje til å slåst).

Bakgrunn

Humenné er ein by i Laborec-dalen i det austlege Slovakia. Innbyggjartalet er om lag 35 000. Det står ei statue av ŠvejkHumenné stasjon, den fyrste av han i verda.

Humenné var enno fram til 1921 ungarsk og vart i slutten av november 1914 kortvarig okkupert av russiske styrkar. Innbyggjarane var etnisk blanda med ungararar i fleirtal.

Wien, 29. November, mittags

In den Karpathen wurden die auf Homonna vorgedrungenen Kräfte geschlagen und zurückgedrängt. Unsere Truppen machten 1500 Gefangene.

Sitat
[3.3] Za pět minut jel vlak dál na Humenné. Zde již byly jasně a zřetelně znát stopy bojů, když Rusové táhli do údolí Tisy. Po stráních táhly se primitivní zákopy, tu a tam bylo vidět vypálenou usedlost, kolem které narychlo zbudovaná bouda znamenala, že se majitelé opět vrátili. Potom, když k polednímu přišla stanice Humenné, kde nádraží jevilo také zbytky bojů, vykonány byly přípravy k obědu a mužstvo transportu zatím mohlo nahlédnout do veřejného tajemství, jak úřady po odchodu Rusů jednají s místním obyvatelstvem, které bylo řečí i náboženstvím příbuzné ruským vojskům.

Skrivst òg:Homonna hu

Strašniceen flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Strašnice er nemnd i anekdota om gartnaren Josef Kalenda som er herfrå og som herfrå startar sin legendariske pub-runde gjennom heile Praha.

Bakgrunn

Strašnice er eit område i det austlege Praha som grensar mot Královské Vinohrady, Žižkov, Vršovice, Zaběhlice og Michle. Bydelen vart ein del av hovudstaden i 1922.

Sitat
[3.3] Nedal se však tím odstrašit, poněvadž se vsadil předtím ten večer v Strašnicích v hospodě ,U remisy’ s jedním řídičem vod elektriky, že udělá pěšky cestu kolem světa za tři neděle. Počal se tedy dál a dál vzdalovat vod svýho domova, až se přivalil do ,Černýho pivovaru’ na Karlově náměstí, a vodtamtuď šel na Malou Stranu k Sv. Tomáši do pivovaru a odtamtud přes restauraci ,U Montágů’ a ještě vejš přes hospodu ,U krále brabanskýho’, pak na ,Krásnou vyhlídku’, odtud do Strahovskýho kláštera do pivovaru.
Korunní třídaen flag
Google kartsøk

Korunní třída var gata der Josef Kalenda byrja å kjenna heimlengsel på reisa si rundt jorda, etter å ha vore innom fleire hospody på reisa si rundt jorda.

Bakgrunn

Korunní třída er ei lang gate i Královské Vinohrady, den går frå Strašnice til Náměstí Míru. I denne gata ligg Vinohradská vodárna (vasstårnet). I enden av gata på Náměstí Míru ligg Kostel svaté Ludmily som òg vert nemnd i anekdota. I denne kyrkja gifte Jaroslav Hašek seg med Jarmila Mayerova 23. mai 1910.

Sitat
[3.3] Strašnickej zahradník, nějakej Josef Kalenda, ten se taky jednou vzdálil z domova, šel ze Strašnic na Vinohrady, stavil se ,Na zastávce’ v hospodě, ale to mu ještě nic nebylo, ale jakmile přišel do Korunní třídy k vodárně, bral v Korunní třídě až za kostel svaté Ludmily hospodu za hospodou a cítil už malátnost.
Loretánské náměstíen flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Loretánské náměstí var siste stopp på ferda til Josef Kalenda. Han braut saman på fortauet av heimlengsel, harka og sputta på verdsturnéen sin.

Bakgrunn

Loretánské náměstí er eit bytorg på Hradčany, like ved Loreta-kyrkja og Černín-palasset. Det siste er no brukt av det tsjekkiske utanriksdepartementet. Loretánské náměstí ligg svært nær garnisonsarresten der Švejk sat då han vart "oppdaga" av Katz.

Sitat
[3.3] Dostal se až na Loretánský náměstí a tam dostal najednou takový stesk po domově, že sebou praštil na zem, počal se válet po chodníku a křičel: ,Lidičky, já už dál nepůjdu. Já se na cestu kolem světa,’ s dovolením, pane obrlajtnant, ,vykašlu.’
Kamýk nad Vltavouen flag
Wikipedia czen Google kartsøk

Kamýk nad Vltavou kjem fram når Švejk forklarer Dub at konjakken han hadde kjøpt ulovleg til Lukáš er vatn rikt på jern akkurat som smeden i Kámyk fekk til med å kasta hestesko i kjelda.

Bakgrunn

Kamýk nad Vltavou er ein stad ved Vltava sør for Praha. Den ligg i okres Příbram.

Sitat
[3.3] V Kamýku nad Vltavou jeden hostinskej dělal pro svý letní hosty.železitou vodu takovým způsobem, že do studny házel starý podkovy.“
Donen flag
Wikipedia czdeennnnoru Google kartsøk
don.jpg

Don i Voronesj oblast

Don er nemnd av Marek når han sit i stabsvogna på Humenné stasjon og diktar bataljonshistorie, der Don-regimentet er med. I mellom tida søv Švejk av seg rusen frå konjakk-flaska.

Bakgrunn

Don er ei av dei store elvane i Russland. Ho spring ut ved Novomoskovsk, 60 km frå Tula, søraust for Moskva, og renn 1870 km til Azovhavet. Frå kjelda renn elva først søraustover til Voronesj, så sørvestover til munningen. Den største byen langs elva er Rostov-na-Donu og den største sideelva er Donets.

Sitat
[3.3] Ku př. zde líčím, jak náš batalion, to snad bude asi za dva měsíce, málem překročí ruské hranice, velice silně obsazené, řekněme donskými pluky nepřítele, zatímco několik nepřátelských divisí obchází naše posice.

Skrivst òg:Дон ru

Wallseeen flag
Wikipedia deeb Google kartsøk

Wallsee vert nemnd av Marek når han skriv om det keisarlege familieselskapet på Schönbrunn. Marie Valerie med familie reiste eins ærend frå Wallsee til Schönbrunn for å feira Marek sin heroiske bataljon.

Bakgrunn

Wallsee var frå 1895 bustaden til Marie Valerie og familien. Slottet ligg i Amstetten-distriktet ved Donau i Oberösterreich.

Sitat
[3.3] Představuji si to tak, jak vidíte v mých poznámkách, že arcivévodská rodina Marie Valérie přesídlí kvůli tomu z Wallsee do Schönbrunnu.
Padovaen flag
Wikipedia czdeenitnn Google kartsøk

Padova vert nemnd av Marek når han førebur Chodounský og Jurajda sin heroiske død i den førehandsskrivne bataljonshistoria. Sjå Karl von Österreich-Teschen.

Bakgrunn

Padova er ein større by i regionen Veneto i Italia. Den ligg mellom Verona, Vicenza og Venezia. Padova var som resten av Veneto styrd av Austerrike mellom 1815 og 1866.

Sitat
[3.3] Mohu vám přečíst výňatek z armádního rozkazu, který bude čten po všech oddílech armády, který se velice podobá onomu rozkazu arcivévody Karla, když stál se svým vojskem roku 1805 před Paduou a den po rozkazu dostal slušný nátěr.

Skrivst òg:Padua Hašek Padua de Padua en Padova it

Jindřichův Hradecen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
jhradec.jpg

Prospektkort frå 1914

Jindřichův Hradec vert nemnd når Švejk snakkar i sømne, enno sterkt påvirka av konjakk han måtte styrta ned. I draumen liknar ein uidentifisert sjølvmordar på Piskora, Lejhanz og Jaroš. Byen er òg nemnd i ei av dei siste anekdotane til Švejk, om pølsemakaren Josef Linex som hadde insektpulver i pølsene.

Bakgrunn

Jindřichův Hradec er ein by i Sør-Böhmen i eitt flatt område med mange fiskedammar. Det historiske bysenteret er verna.

Byen var òg setet for rekrutteringsdistrikt 75 og reservebataljonen til Infanterieregiment Nr. 75. Regimentstaben heldt òg til her i periodar og regimentet var alltid representert her med minst ein bataljon.

Linkar

Sitat
[3.3] Z místa, kde ležel Švejk, ozvalo se zívnutí a bylo slyšet, jak Švejk mluví ze spaní: „To mají pravdu, paní Müllerová, že jsou si lidi podobný. V Kralupech stavěl pumpy nějaký pan Jaroš a ten se podobal hodináři Lejhanzovi z Pardubic, jako když mu z voka vypadne, a ten zas byl tak nápadně podobnej jičínskýmu Piskorovi a všichni čtyři dohromady neznámýmu sebevrahovi, kterýho našli voběšenýho a úplně zetlelýho v jednom rybníku u Jindřichova Hradce, zrovna pod dráhou, kde se asi vrhnul pod vlak.“

Skrivst òg:Neuhaus de

Veszprémen flag
Wikipedia czdeenhunn Google kartsøk

Veszprém blir nemnd i unnskuldninga til Švejk for å ha sove så tungt at han ikkje vakna då Dub var innom forrige gong.

Bakgrunn

Veszprém er ein by i Ungarn som ligg nord for Balaton-sjøen. Det er ein av dei eldste byane i Ungarn og ein av dei fyrste som hadde universitet. I 1914 var Veszprém garnisons-by og sete for det 31. Honvéd Infanteriregiment.

Sitat
[3.3] „Já jsem, poslušně hlásím, pane lajtnant, celou noc nespal, poněvadž jsem si vzpomínal na ty doby, když jsme ještě dělali manévry u Vesprimu. Tenkrát suponovanej první a druhej armádní sbor šel přes Štyrsko a západníma Uhrama vobklíčil náš čtvrtej sbor, kterej byl na lágru ve Vídni a v okolí, kde jsme měli všude festunky, ale voni vobešli nás a dostali se až na most, kterej dělali pionýři z pravýho břehu Dunaje.

Skrivst òg:Vesprim Hašek Weißbrunn de Vesprim hr Vesprím sk

Michalovceen flag
Wikipedia czdeensk Google kartsøk Švejk-muzeum

Michalovce er ein stad toget må ha drege forbi allereie avdi det vert nemnd før Medzilaborce at tyskarane frå Kašperské Hory enno song, men at entusiasmen hadde dabba då dei såg krigsgravene og uniformsrestane i den raserte Laborec-dalen.

Bakgrunn

Michalovce er ut frå skildringa, reiseruta og tidsaspektet heilt sikkert det forfattaren meiner når han skriv Milovice. Neste Milovice finn eg berre ein referanse til; ein stad ved Nymburk som var sovjetisk militærbase frå 1968 til 1991. I 1914 var over halve befolkninga i Michalovce ungarske og forfattaren har truleg oversett frå gamle kart med ungarske namn.

Sitat
[3.3] Němci od Kašperských Hor, kteří seděli v zadních vagonech a ještě v Milovicích na stanici hulákali při vjezdu: „Wann ich kumm, wann ich wieda kumm...“, od Humenného silně ztichli, poněvadž nahlíželi, že mnozí z těch, jejichž čepice jsou na hrobech, zpívali totéž o tom, jak to bude pěkné, až se opět vrátí a zůstane pořád doma se svou milou.

Skrivst òg:Milovice Hašek Großmichel de Nagymihály hu Michalovce sk

Brestov nad Laborcomen flag
Wikipedia enhuitrueskuk Google kartsøk Švejk-muzeum

Brestov nad Laborcom er nemnd av forteljaren når toget går vidare frå Humenné mot Medzilaborce. Landsbyen har vorte brent ned i tidlegare kampar.

Bakgrunn

Brestov nad Laborcom er ein landsby ved elva Laborec i Slovakia. Innbyggjartalet er berre 66, der 49 av dei er rutenske. Den ligg to kilometer sør for Radvaň nad Laborcom. Då Jaroslav Hašek skreiv romanen heitte landsbyen Zbudský Brestov.

Sitat
[3.3] Za čtvrt hodiny se jelo dál na Novou Čabynu přes vypálené vesnice Brestov a Veliký Radvaň. Bylo vidět, že zde to již šlo do tuhého. Karpatské stráně a svahy byly rozryty zákopy jdoucími z údolí do údolí podél trati s novými pražci, po obou stranách veliké jámy od granátů. Někde přes potoky tekoucí do Laborce, jehož horní tok dráha sledovala, bylo vidět nové mosty a ohořelé trámy starých mostových přechodů.

Skrivst òg:Brestov Hašek Laborcbér hu Берестів над Лабірцём rue Берестiв над Лабiрцем ua

Radvaň nad Laborcomen flag
Wikipedia enhuitsk Google kartsøk Švejk-muzeum
radvan.jpg

Tyske troppar i Laborec-dalen

Radvaň nad Laborcom er nemnd av forteljaren når toget går vidare frå Humenné mot Medzilaborce og det krigsøydeleggjingane er skildra. Landsbyen har tidlegare kome fram i soga når Bautanzel alt i Budapest fortalde om efaringane sine frå fronten i Karpatane.

Bakgrunn

Radvaň nad Laborcom er ein landsby mellom Humenné og Medzilaborce ved elva Laborec. Fram til til 1964 vart staden to landsbyar, frå 1920 kalla Vyšná Radvaň og Nižná Radvaň. Med Veliký Radvaň meinte Hašek antakeleg den fyrste ettersom denne låg ved jernbanelinja. På militærkartet frå 1910 er det ungarske Laborcradvány vist.

Sitat
[3.3] Za čtvrt hodiny se jelo dál na Novou Čabynu přes vypálené vesnice Brestov a Veliký Radvaň. Bylo vidět, že zde to již šlo do tuhého. Karpatské stráně a svahy byly rozryty zákopy jdoucími z údolí do údolí podél trati s novými pražci, po obou stranách veliké jámy od granátů. Někde přes potoky tekoucí do Laborce, jehož horní tok dráha sledovala, bylo vidět nové mosty a ohořelé trámy starých mostových přechodů.

Skrivst òg:Radvaň/Veliký Radvaň Hašek Laborcradvány hu Радвань над Лабiрцем ua

Čabinyen flag
Wikipedia enhusk Google kartsøk Švejk-muzeum

Čabiny er nemnd av forteljaren når toget går vidare frå Humenné mot Medzilaborce. Forfattaren opplyser at landsbyen har vorten brent ned under kampane tidlegare.

Bakgrunn

Čabiny er ein landsby mellom i Laborec-dalen mellom Humenné og Medzilaborce. Under den russiske vinteroffensiven i 1914-15 vart landsbyen utsletta. Den ligg no nokså spreidd og har to jernbanestasjonar: Nišné Čabiny og Vyšné Čabiny. Desse var eigne kommunar fram til 1964.

Sitat
[3.3] Za čtvrt hodiny se jelo dál na Novou Čabynu přes vypálené vesnice Brestov a Veliký Radvaň. Bylo vidět, že zde to již šlo do tuhého. Karpatské stráně a svahy byly rozryty zákopy jdoucími z údolí do údolí podél trati s novými pražci, po obou stranách veliké jámy od granátů. Někde přes potoky tekoucí do Laborce, jehož horní tok dráha sledovala, bylo vidět nové mosty a ohořelé trámy starých mostových přechodů.

Skrivst òg:Nová Čabyna Hašek Nagy-Czaba Reiner Csebény hu

Medzilaborceen flag
Wikipedia czdeensk Google kartsøk Švejk-muzeum

Medzilaborce er vitne til eit kort opphald av marsjbataljonen. Det meste er ei skildring av korleis rekvirering av mat frå lokalbefolkninga føregjekk. Ein bondefamilie vart motvillig av med tre griser, men dei hadde få andre valg. Øydeleggjelsane i byene etter kampane nyleg er inngåande skildra.

Bakgrunn

Medzilaborce er ein by i Laborec-dalen i det austlege Slovakia, nær grensa mot Polen og Łupków-passet. I februar 1915 vart byen okkupert av russiske styrkar, men dei vart drivne ut att i mai same året. Dette hende altså berre nokre veker før Švejk og marsjbataljonen hans kom dit, så spora etter kampane var ferske.

Sitat
[3.3] V Medzilaborci byla zastávka za rozbitým, vypáleným nádražím, z jehož začouzených stěn vyčnívaly zkroucené traversy. Nový dlouhý barák ze dřeva, namísto vypáleného nádraží rychle postavený, byl pokryt nalepenými plakáty ve všech řečích: „Upisujte rakouskou válečnou půjčku!“ V jiném dlouhém baráku byla i stanice Červeného kříže, odkud vyšly s tlustým vojenským lékařem dvě sestřičky a smály se na celé kolo tlustému vojenskému lékaři, který k jich obveselení napodoboval různé zvířecí zvuky a nepodařeně chrochtal.

Skrivst òg:Mezőlaborc hu Меджилабірці rt

Dolní Zahájíen flag
Wikipedia czennn Google kartsøk

Dolní Zahájí vert nemnd av Baloun som vedkjenner seg sine synder, ei av dei var at han prylte opp kapellanen her.

Bakgrunn

Dolní Zahájí fins ikkje på dagens kart men truleg meiner Baloun Zahájí ved Mydlovary i Sør-Böhmen, distriktet han er frå.

Sitat
[3.3] Baloun s naprostým zoufalstvím začal vyznávat generální zpověď: „Já jsem se vám rouhal svatejm i světicím božím, na Malši v hospodě a v Dolním Zahájí ztřískal jsem kaplana. V boha jsem ještě věřil, to nezapírám, ale o svatým Josefovi jsem pochyboval.
Palotaen flag
Wikipedia enhuplrueskuk Google kartsøk Švejk-muzeum

Palota vert berre nemnd i forbifarten når det vert sagt at mannskapet skal ha lunsj i Przełęcz Łupkowska, etter Palota.

Bakgrunn

Palota er ein liten landsby på den slovakiske sida av Łupków-passet, omtrent 10 km frå Medzilaborce. Den har ikkje lenger jernbanestasjon sjølv om linja frå Medzilaborce til Sanok går like forbi.

Sitat
[3.3] Mužstvu bylo oznámeno, že oběd bude za Palotou v Lupkovském průsmyku, a také vyšli do obce Medzilaborce batalionní účetní šikovatel s kuchaři od kumpanií a poručíkem Cajthamlem, který měl na starosti hospodářství batalionu. K nim byli přiděleni čtyři mužové jako patrola.

Skrivst òg:Палота rue Полата uk

Łupków-passeten flag
Wikipedia czennnplsk Google kartsøk Švejk-muzeum
lupkow.jpg

I 2010: bygningen er Łupków stasjon.

Łupków-passet var stoppestad for ein mannskapet sin lunjspause, men det er uvisst akkurat kvar i passet dette var. Forfattaren nemner eit minnesmerke som det tyske Brandenburg-regimentet har sett opp til minne om sine falne heltar på ein knaus rett bak stasjonen. Ellers er den groteske fordelinga av mat avslørande skildra. Offiserar får sjølvsagt mest, deretter er fordelinga etter kokkane sitt forgodtbefinnande, gjerne etter kven dei meiner dei har fordel av å behandla bra. Den einaste som set seg mot dette er Marek.

Utover dette har Švejk endå ein konflikt med Dub som endar med at løytnanten trekkjer revolveren. Til slutt kjem episoden der Švejk rapporterer Dub for å ha slege til Kunert. Her observerer Lukáš ei ny side ved offiserstenaren sin, langt frå den godmodige han er vand med.

Bakgrunn

Łupków-passet er eit pass i Karpatane mellom Slovakia og Polen. Tunnelen og jernbanelinja stod ferdig i 1874 for å knyte Galicia til resten av Austerrike-Ungarn over Karpatane. Passet var ein av dei strategisk viktigaste fjellovergangane i Karpatane under slaga på Austfronten vinteren 1914/1915. Jernbanetunnelen vart øydelagd og bygd opp att fleire gonger i løpet av dei to verdskrigane.

Sitat
[3.3] Hejtman Ságner dal již též rozkaz týkající se důstojnické kuchyně: „Vepřové na kmíně; vybrat to nejlepší maso, aby to nebylo příliš tučné!“ A tak se stalo, že když v Lupkovském průsmyku rozdávala se mužstvu menáž, v každém vojenském kotlíku ve své porci polévky našel jednotlivec dva malé kousíčky masa, a ten, který se narodil ještě na horší planetě, našel jenom kousek kůže.

Skrivst òg:Lupkovský průsmyk cz Łupków Pass en Przełęcz Łupkowska pl Lupkovský priesmyk sk

Brandenburgen flag
Wikipedia deennopl Google kartsøk
brandenburg.png

Brandenburg som del av Preussen.

Brandenburg kjem inn gjennom namnet ein militærformasjon som hadde sett opp eit monument over sine falne bak stasjonen i Łupków-passet.

Bakgrunn

Brandenburg er ein historisk provins i Preussen som eksisterte fram til 1945. Denne samsvarar ikkje direkte med dagens tyske delstat, ettersom den omfatta område i noverande Polen. Hovudstad var Potsdam.

"Brandenburgarene" som vert vist til i romanen er truleg Dragoner-Regiment „von Arnim“ (2. Brandenburgisches Nr. 12), som tilhøyrder den 4. tyske infanteridivisjonen, del av Beskidenkorps. Denne eininga kjempa i Laborec-dalen frå April 1915 og var med på forfylginga av russarane over Východní Beskydy i byrjinga av Mai 1915.

Kjelde: Österreich-Ungarns letzter Krieg, Band II

Sitat
[3.3] Za nádražím na skále pospíšili si již Němci z říše postavit pomník padlým Brandeburákům s nápisem: „Den Helden von Lupkapaß“, s velikou říšskoněmeckou orlicí vylitou z bronzu, přičemž na podstavci bylo výslovně podotčeno, že ten znak je vyroben z ruských děl ukořistěných při osvobození Karpat říšskoněmeckými pluky.

Skrivst òg:Brandenburgia pl

Csapen flag
Wikipedia czdeenhuskuk Google kartsøk

Csap er nemnd i eit forvirra telegram frå brigade-staben som tyder på at kompaniet skulle ha teke derge austover mot fronten alt ved Sátoraljaújhely.

Bakgrunn

Csap er det ungarske namnet på grensebyen Чоп (Chop) mellom Ukraina, Slovakia og Ungarn, fram til 1921 ein del av Ungarn. No ligg den på ukrainsk område og er eit viktig jernbaneknutepunkt og grenseovergang.

Sitat
[3.3] Zprávy byly tak nejasné, že to vypadalo asi tak, že by ani neměli do Lupkovského průsmyku přijeti a měli jeti zcela jiným směrem od Nového Města pod Šiatorem, poněvadž v telegramech byla nějaká řeč o místech: Csap - Ungvár, Kis-Berezna - Uzsok.

Skrivst òg:Čop cz Tschop de Csap hu Čop sk Чоп ua

Ungváren flag
Wikipedia czdeenhunoruskuk Google kartsøk

Ungvár er nemnd i eit forvirra telegram frå brigade-staben som tyder på at dei skulle ha reist austover mot fronten alt ved Sátoraljaújhely.

Bakgrunn

Ungvár er det ungarske namnet på Ужгород (Uzjhorod), ein by på den noverande grensa mellom Ukraina og Slovakia. Fram til 1921 var den ein del av Ungarn, og fram til 1938 høyrde den til Tsjekkoslovakia. No ligg den litt inne på ukrainsk område og er eit viktig jernbaneknutepunkt. Byen har òg eit universitet ein del industri. Den er dessutan eit nokså populært reisemål. Byen har ei miniatyrstatue av Švejk i bronse, montert på eit rekkverk ved elva.

Sitat
[3.3] Zprávy byly tak nejasné, že to vypadalo asi tak, že by ani neměli do Lupkovského průsmyku přijeti a měli jeti zcela jiným směrem od Nového Města pod Šiatorem, poněvadž v telegramech byla nějaká řeč o místech: Csap - Ungvár, Kis-Berezna - Uzsok.

Skrivst òg:Užhorod cz Ungvár hu Ужгород ru Užhorod sk Ужгород ua

Kisbereznaen flag
Wikipedia czhuruskuk Google kartsøk

Kisberezna er nemnd i eit forvirra telegram frå brigade-staben som tyder på at dei skulle ha teke ei anna retning frå Sátoraljaújhely.

Bakgrunn

Kisberezna er det ungarske namnet på Малий Березний (Malyj Bereznyj), ein landsby på vestsida av Karpatane nord for Užhorod. Fram til 1921 høyrde den til Ungarn, i mellomkrigstida til Tsjekkoslovakia, frå 1945 Sovjetunionen og sidan 1991 Ukraina. I 1914 var over 70% av befolkninga rusynske.

Sitat
[3.3] Zprávy byly tak nejasné, že to vypadalo asi tak, že by ani neměli do Lupkovského průsmyku přijeti a měli jeti zcela jiným směrem od Nového Města pod Šiatorem, poněvadž v telegramech byla nějaká řeč o místech: Csap - Ungvár, Kis-Berezna - Uzsok.

Skrivst òg:Kisberezna hu Малый Берёзный ru Malá Berezná sk Малий Березний ua

Uszoken flag
Wikipedia czdehupluk Google kartsøk
uzhok.jpg

Das interessante Blatt, 8.4.1915

Uszok er nemnd i eit forvirra telegram frå brigade-staben som tyder på at marsjbataljonen skulle ha teke ei anna retning frå Sátoraljaújhely.

Bakgrunn

Uszok (no Užok/Ужok) er ein landsby i Karpatane i Ukraina, ved kjeldene til elva Už som er mest kjend gjennom passet som er oppkalt etter den. Det var harde kampar i Uszok-passet i 1914-15. Frå tidleg mai 1915 kom det atter på austerriksk-ungarske hender.

Sitat
[3.3] Zprávy byly tak nejasné, že to vypadalo asi tak, že by ani neměli do Lupkovského průsmyku přijeti a měli jeti zcela jiným směrem od Nového Města pod Šiatorem, poněvadž v telegramech byla nějaká řeč o místech: Csap - Ungvár, Kis-Berezna - Uzsok.

Skrivst òg:Użok pl Užok sk Ужok ua

Munkácsen flag
Wikipedia czdeenhuskuk Google kartsøk

Munkács er nemnd i eit forvirra telegram frå brigade-staben som tyder på at marsjbataljonen skulle ha teke ei anna retning frå Sátoraljaújhely.

Bakgrunn

Munkács er det ungarske namnet på Мукачеве, ein by i Karpatane i Ukraina. Ei av dei tre jernbane-traseane over Karpatane gjekk gjennom byen som òg husa ein Honvéd-garnison. Etter 1921 heitte byen Mukočevo og tilhøyrde Tsjekkoslovakia. Frå 1945 til 1991 var den på sovjetiske hender.

Sitat
[3.3] Mamlas v brigádní bási je udiven odpovědí, že jde o 7. pochodový prapor 91. pluku, i táže se, kdo dal rozkaz jeti na Munkačevo, po vojenské trati na Stryj, když maršruta je přes Lupkovský průsmyk na Sanok do Haliče.

Skrivst òg:Munkačevo Hašek Mukačevo cz Мукачеве ua

Stryjen flag
Wikipedia czdeenplskuk Google kartsøk
stryj.jpg

Das interessante Blatt, 24.6.1915

Stryj er nemnd i eit forvirra telegram frå brigade-staben som tyder på at marsjbataljonen skulle ha teke ei anna retning frå Sátoraljaújhely.

Bakgrunn

Stryj (Стрий) er ein by i oblast Lviv Ukraina, og namnet på elva som renn gjennom byen. I 1914 høyrde byen til Galicia.

Sitat
[3.3] Mamlas v brigádní bási je udiven odpovědí, že jde o 7. pochodový prapor 91. pluku, i táže se, kdo dal rozkaz jeti na Munkačevo, po vojenské trati na Stryj, když maršruta je přes Lupkovský průsmyk na Sanok do Haliče.

Skrivst òg:Стрий ua

Velká Polankaen flag
Google kartsøk

Velká Polanka er nemnd av løytnant Dub når han gjev seg ut som ekspert i militær strategi.

Bakgrunn

Velká Polanka er det litt usikkert kva vert vist til, men utfrå teksten og historiske omstende dreiar det seg utan tvil om Vyšna Polianka nord for Bardejov. Fram til 2.mai 1915 då Sentralmaktene sette i gang den vellukka offensiven ved Gorlice og Tarnów, låg denne landsbyen like ved fronten. Den russiske 48. infanteridivisjon (hovudsetete i Samara) heldt dette frontavsnittet på den aktuelle tida. Den vart nesten heilt øydelagd fyrste veka i mai.

Kjelde: Österreich-Ungarns letzter Krieg, Band II

Sitat
[3.3] Zejména jsou neobyčejně protivné jeho věty takovéhoto smyslu: „Potom jsme šli na Bukovsko, abychom měli pojištěnou linii Bukovsko-Dynov, majíce spojení s bardějovskou skupinou u Velké Polanky, kde jsme rozbili samarskou divisi nepřítele.“

Skrivst òg:Felsőpagony hu Vyšná Polianka sk

Samaraen flag
Wikipedia czdeennnnoru Google kartsøk

Samara er nemnd av løytnant Dub når han gjev seg ut som ekspert i militær strategi og fortel om korleis den russiske Samara-divisjonen vart knust.

Bakgrunn

Samara er ein by ved Volga, og er den 6. største byen i Russland. Samara er ein viktig industriby, kjend for mellom anna for våpenindustri. Under 2.verdskrigen var den provisorisk hovudstad i Sovjetunionen. Frå 1935 til 1991 heitte byen Kujbysjev.

Samara-divisjonen som Dub snakkar om er den russiske 48. infanteridivisjon (hovudkvarter i Samara) som tidleg i mai 1915 vart inneslutta og riven opp i Karpatane. Store deler av den, inkludert staben med øvstkommanderande Lavr Kornilov vart tekne til fange. Omtalen i romanen stemmer presis med historiske fakta.

Jaroslav Hašek held til i Samara frå tidleg april 1918 fram til byen 8.juni vart okkupert av dei tsjekkiske legionane (sjå České legie). Han var òg innom ved i 1915 og 1916 på veg fram og tilbake frå fangeleiren i Totskoje. Dessutan må han ha reist gjennom byen i November 1920 etter at Komintern hadde kalla han tilbake frå Irkutsk for å tena som agitator i heimlandet.

Jaroslav Hašek heldt til i Samara frå tidleg april 1918 fram til byen 8.juni vart okkupert av dei tsjekkiske legionane (sjå České legie). Han var òg innom ved i 1915 og 1916 på veg fram og tilbake frå fangeleiren i Totskoje. Dessutan må han ha reist gjennom byen i November 1920 etter at Komintern hadde kalla han tilbake frå Irkutsk for å tena som agitator i heimlandet.

I 2013 vart ein Švejk-statue sett opp i Samara, den fjerde av sitt slag i Russland. Dei andre står i St. Petersburg, Omsk og Bugulma. Byen har dessutan ein Švejk-restaurant. På det tidlegare Hotel San Remo der Jaroslav Hašek heldt til i 1918 var det tidlegare ei minnetavle over forfattaren men denne hadde i 2010 vorte fjerna.

Linkar

Sitat
[3.3] Zejména jsou neobyčejně protivné jeho věty takovéhoto smyslu: „Potom jsme šli na Bukovsko, abychom měli pojištěnou linii Bukovsko-Dynov, majíce spojení s bardějovskou skupinou u Velké Polanky, kde jsme rozbili samarskou divisi nepřítele.“

Skrivst òg:Самара ru

Bukowskoen flag
Wikipedia deenpl Google kartsøk

Bukowsko er nemnd av løytnant Dub når han gjev seg ut som ekspert i militær strategi.

Bakgrunn

Bukowsko er ein landsby i Sanok-distriktet i Polen, i 1914 ein del av Austerrike.

Sitat
[3.3] Zejména jsou neobyčejně protivné jeho věty takovéhoto smyslu: „Potom jsme šli na Bukovsko, abychom měli pojištěnou linii Bukovsko-Dynov, majíce spojení s bardějovskou skupinou u Velké Polanky, kde jsme rozbili samarskou divisi nepřítele.“

Skrivst òg:Bukovsko Hašek

Dynówen flag
Wikipedia czdeenpl Google kartsøk

Dynów er nemnd av løytnant Dub når han gjev seg ut som ekspert i militær strategi.

Bakgrunn

Dynów er ein liten by i fylket Rzeszów i Polen, i 1914 ein del av Austerrike.

Sitat
[3.3] Zejména jsou neobyčejně protivné jeho věty takovéhoto smyslu: „Potom jsme šli na Bukovsko, abychom měli pojištěnou linii Bukovsko-Dynov, majíce spojení s bardějovskou skupinou u Velké Polanky, kde jsme rozbili samarskou divisi nepřítele.“

Skrivst òg:Dynov Hašek

Poděbradyen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Poděbrady er nemnd av Švejk i ei anekdote om ei nattpotte, som eit apropos til den etterlatne russiske potta i Łupków-passet.

Bakgrunn

Poděbrady er ein kurby i okres Nymburk. Den ligg 50 km aust for Praha på elvesletta ved Labe.

Soga til Švejk er nok eit eksempel på at forfattaren flettar inn kjenningar, denne gong Hájek som òg var nemnd av Marek i soga om "Dyreverda".

Linkar

Sitat
[3.3] Na všechny to působilo ohromným dojmem, a když poručík Dub mlčel, ozval se Švejk: „Poslušně hlásím, pane lajtnant, že s takovým nočníkem byla jednou pěkná legrace v lázních Poděbradech. Vo tom se u nás vypravovalo na Vinohradech v hospodě. Tenkrát totiž začali vydávat v Poděbradech časopejsek ,Nezávislost’ a poděbradskej lekárník byl toho hlavní hlavou, a redaktorem tam udělali ňákýho Ladislava Hájka Domažlickýho.
Trentoen flag
Wikipedia czdeenitnnno Google kartsøk

Trento er nemnd av forfattaren i diskusjonen hans om ulike grader av toskeskap blandt sivile og militære autoritetar.

I [IV.3] vart byen nemnd at i samband med den homoseksuelle oberst Habermaier.

Bakgrunn

Trento (i 1914 og Trient) er ein by i Nord-Italia som i 1914 enno høyrde til Austerrike. Den var sterkt befesta, hadde ein garnison og vart krigsområde frå 1915 og utover. Den fyrste Švejk ("Ur-Švejk"), som Hašek skreiv fem historier om i 1911, var på manøver her. Det må leggast til at denne Švejk var ein heilt anna enn den ein kjenner i den bitande satiriske romanen. Ei samanlikning med Forrest Gump er meir relevant.

Sitat
[3.3] U některých posádek, jako například v Tridentu, místo prďoch říkalo se „náš starej hajzl“. Ve všech případech šlo o osobu starší, a jestli Švejk nazval v duchu poručíka Duba poloprďochern, vystihl naprosto logicky, že jak do stáří, tak do hodnosti a vůbec do všeho schází poručíkovi Dubovi do prďocha ještě 50 procent.

Skrivst òg:Trident cz Trient de Trento it

Bytouchoven flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Bytouchov er nemnd i samband med soldaten Koudela.

Bakgrunn

Bytouchov (no Bítouchov) er ein landsby ved Mladá Boleslav.

Sitat
[3.3] A nebejt mě, tak by se k tomu raportu snad vůbec nedostal, jako ten Koudela z Bytouchova, kterej za aktivní služby tak dlouho chodil k raportu, až byl přeloženej k marině, kde se stal kornetem, a byl na ňákým vostrově potom, v Tichým oceánu, vyhlášenej jako desertýr. Von se tam potom voženil a mluvil taky s cestovatelem Havlasou, kterej vůbec nepoznal, že to není domorodec
Mnichovo Hradištěen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Mnichovo Hradiště er nemnd i forbifarten av Švejk i samtale med Lukáš etter episoden med Dub og Kunert.

Bakgrunn

Mnichovo Hradiště er ein by nord for Mladá Boleslav.

Sitat
[3.3] Když odešel, obrátil se Švejk k nadporučíkovi Lukášovi jemným, přátelským tónem: „V Mnichově Hradišti byl taky takovej jeden pán a taky tak s tím druhým mluvil, a von mu vodpověděl: ,Na popravišti se sejdeme.’„

Skrivst òg:Münchengrätz de

Szczawneen flag
Wikipedia enpl Google kartsøk Švejk-muzeum

Szczawne er skildra av forfattaren på togreisa mellom Łupków-passet og Sanok. Det vert fortald om øydeleggingar, endå fleire kvite krossar og ein statue of Kristus som har fått hovudet blese av.

Bakgrunn

Szczawne er ein landsby i Podkarpackie-regionen i Polen, på jernbanelinja mellom Łupków-passet og Sanok. Jernbanestasjonen er Szczawne-Kulaszne. Området var fram til 1947 hovudsakleg befolka av ukrainarar, men desse vart tvangsflytta under den etniske rensinga etter 2.verdskrigen.

Sitat
[3.3] Za stanicí Ščavne počaly se objevovat opět v údolích nové vojenské hřbitůvky. Pod Ščavne bylo vidět z vlaku kamenný kříž s bezhlavým Kristem pánem, který ztratil hlavu při odstřelu trati.

Skrivst òg:Ščavne Hašek

Kulaszneen flag
Wikipedia enpl Google kartsøk Švejk-muzeum
kulaszne_zug.jpg

Øydelagd tog ved Komańcza (1915) © Tomasz Nowakowski

Kulaszne er skildra av forfattaren på togreisa mellom Łupków-passet og Sanok. Det vert fortald om eit Raude Kross tog, som har vorte skote på og har spora av. Kokken Jurajda spør om det har gått så langt at det er lov å skyta på tog frå Raude Kross. Švejk svarar filosofisk at det er mangt som ikkje er lov men som likevel kan gjerast.

Bakgrunn

Kulaszne er ein landsby i Komańcza kommuna i Podkarpackie-regionen i Polen, på jernbanelinja mellom Łupków-passet og Sanok. Jernbanestasjonen heiter Szczawne-Kulaszne. Landsbyen var under russisk okkupasjon frå november 1914 til mai 1915. På den tida var den hovudsakleg befolka av ukrainarar med gresk-katolsk trusretning. Desse vart fordrivne etter 2. verdskrigen men ei gresk-katolsk kyrkje finst no i landsbyen.

Ein må gå ut frå at IR91 sin 12. marsjbataljon med Jaroslav Hašek reiste forbi dette punktet 2. juli 1915. Dei kom til Humenné denne dagen og reiste truleg nokså fort vidare. Me veit òg at dei kom til Sambor den 4. juli.

Sitat
[3.3] Vlak zrychloval svou rychlost, žena se dolů údolím k Sanoku, obzory se rozšiřovaly a tím i četnějšírni stávaly se celé skupiny rozbitých vesnic po obou stranách do kraje. U Kulašné bylo vidět dole v říčce s železničního náspu zřícený, rozbitý vlak Červeného kříže.

Skrivst òg:Kulašná Hašek

Málagaen flag
Wikipedia czdeenesnnno Google kartsøk

Málaga er nemnd av Jurajda når han fortel om sjukepleiarar i ved Raude Kross i Bruck som underslo sjokolade og Málaga-vin.

Bakgrunn

Málaga er ein by i Andalusia i sør-Spania. Málaga-vinen er ein søt dessert-vin og vert dyrka i området rundt byen. Vintypen har ei historie som går tilbake til romartida og har òg geografisk opphavsrettsvern (Denominación de Origen).

Sitat
[3.3] „Hlavně se krade u Červeného kříže,“ s velkou zlostí prohlásil kuchař Jurajda. „Měl jsem v Brucku známého kuchaře, který vařil pro sestřičky v baráku, a ten mně říkal, jak představená těch sestřiček a vrchní ošetřovatelky posílají domů celé bedny malaga a čokolády. To nese sama sebou příležitost, to je sebeurčení člověka.
Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

3. Frå Hatvan til den galisiske grensa


© 2009 - 2017 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 12/5-2018