Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (578) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward IV. Det ærerike samanbrotet held fram Hovudpersonen

3. Švejk tilbake i marsjkompaniet sitt

Loděniceen flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Loděnice er nemnd i anekdoten om Karderaz.

Bakgrunn

Loděnice er ein landsby ved Beroun vest for Praha. Sjølv om det er fleire stader med dette namnet i Böhmen, er denne sannsynleg ettersom forfattaren kjende området godt. Sjå Kačák.

Sitat
[4.3] Vyspat se na cylindru, to doved jenom nějakej pan Karderaz v Loděnici.
Turzeen flag
Wikipedia pluk Google kartsøk

Turze vert nemnd i samtalen mellom Derwota og Fink von Finkenstein. Majoren påpeika at Švejk vart teken til gange 150 km bak fronten som gjekk langs linja Sokal - Turze - Kozłów.

Bakgrunn

Turze er det polske namnet på landsbyen Тур'я (Turia) i Busk-regionen i det vestlege Ukraina.

Sitat
[4.3] Major otevřel si stůl, vytáhl mapu a zamyslel se nad tím, že Felštýn je 40 kilometrů jihovýchodně od Přemyšlu, takže jevila se zde hrozná záhada, jak přišel pěšák Švejk k ruské uniformě v místech vzdálených přes sto padesát kilometrů od fronty, když posice táhnou se v linii Sokal-Turze-Kozlów.

Skrivst òg:Тур'я ua

Kozłówen flag
Wikipedia pluk Google kartsøk

Kozłów vert nemnd i samtalen mellom Derwota og Fink von Finkenstein. Majoren påpeika at Švejk vart teken 150 km bak fronten som gjekk langs linja Sokal - Turze - Kozłów.

Bakgrunn

Kozłów er det polske namnet på småbyen Козлів (Kozliv) i Ternopil-oblastet i Ukraina.

Sitat
[4.3] Major otevřel si stůl, vytáhl mapu a zamyslel se nad tím, že Felštýn je 40 kilometrů jihovýchodně od Přemyšlu, takže jevila se zde hrozná záhada, jak přišel pěšák Švejk k ruské uniformě v místech vzdálených přes sto padesát kilometrů od fronty, když posice táhnou se v linii Sokal-Turze-Kozlów.

Skrivst òg:Козлів ua

Wojutyczeen flag
Wikipedia enpluk Google kartsøk Švejk-muzeum
wojutycze.jpg

Воютичі 2010

wojutycze.png

Neue Freie Presse, 6.6.1915

wojutycze1.png

Das Infanterieregiment Nr.91 am Vormarsch in Galizien, 15.5.1915

Wojutycze (no Воютичі) var brigadehovudkvarteret og det var hit Švejk vart førd etter at han så vidt unngjekk å bli hengd i Przemyśl. Sjef for staben var oberst Gerbich som sleit med si vonde tå og tilsvarande raserianfall. Her får me òg eit gjensyn med både løytnant Dub og kadett Biegler. Dub har hatt nok eit uhell medan Švejk var borte, han fall av hesten då han skulle prøva å visa fram ridekunstane sine. Biegler er no utskriven frå koleraanstalten i Tarnów og har teke seg fram med tog, for det meste på toalettet grunna den lause magen han har slite med sidan Budapest.

Bakgrunn

Wojutycze er det polske namnet på småbyen Воютичі (Vojutytsji) i Lviv-oblastet i Ukraina. Merk at forfattaren kallar den Wojalycze, men det er så godt som sikkert at det er Wojutycze han viser til.

Wojutycze ligg på jernbanelinja mellom Sambor og Chyrów og IR91 sin 12. marsjbataljon med Jaroslav Hašek drog forbi her om lag 4. juli 1915. Nokon brigadestab for 17. infanteribrigade (som IR91 tilhøyrde) kan det ikkje ha vore snakk om korkje før eller etter at forfattaren kom til fronten. Den 4. juli var brigaden lokalisert mykje lenger aust ved Lipowce og heller ikkje då IR91 marsjerte forbi 15. mai var det snakk om forlegning av brigadestaben her.

Linkar

Sitat
[4.3] Polák mu na to neodpovídal a nakonec celá eskorta byla v hlubokém mlčení, jako by jela na pohřeb a přemýšlela s pietou na nebožtíka. Tak se blížili ku štábu brigády do Wojalyzce. Mezitím se u štábu brigády zběhly jisté velice podstatné změny. Řízením štábu brigády byl pověřen plukovník Gerbich.

Skrivst òg:Wojalycze Hašek Воютичі ua

Sądowa Wiszniaen flag
Wikipedia deenpluk Google kartsøk

Sądowa Wisznia er nemnd i samband med Dub sitt rideuhell.

Bakgrunn

Sądowa Wisznia er det polske namnet på byen Судова Вишня (Sudova Vysjnja) i Lviv-oblastet i Vest-Ukraina. Den ligg rett ved grensa til Polen.

Sitat
[4.3] Za těch několik dní od pochodu Sanok-Sambor poručík Dub prodělal opět jedno dobrodružství. Za Felštýnem potkala totiž 11. pochodová setnina transport koní, které vedli k dragounskému pluku do Sadowe-Wisznie.

Skrivst òg:Sadowe-Wisnie Hašek Судова Вишня ua

Lwówen flag
Wikipedia czdeennnnopluk Google kartsøk Švejk-muzeum
lviv.png

Die Neue Zeitung, 23.6.1915

Lwów er såvidt nemnd avdi Švejk vert tildelt ein militærbilett frå Wojalycze (Wojutycze) til Żółtańce via Lwów. Det er ikkje skildra noko opphald der. Byen hadde før dette alt vorte nemnd nokre gonger i romanen. Skal ein leggja historiske kjensgjerningar til grunn må soldaten ha reist gjennom Lwów ein gong etter 22. juni 1915 ettersom dette var dagen då Sentralmaktene tok tilbake byen.

Bakgrunn

Lwów er det polske namnet på Львів (Lviv), største byen i det vestlege Ukraina. Fram til 1918 tilhøyrde den Austerrike-Ungarn og var hovudstad i Galicia. Polakkane var den største etniske gruppa på den tida, men byen hadde òg store ukrainske, tyske og jødiske folkegrupper.

Den russiske hæren inntok Lwów den 3. september 1914 men byen vart teken tilbake av Sentralmaktene 22. juni 1915. Ved begge høva kom byen unna utan større skadar ettersom forsvararane trekte seg ut.

Linkar

Sitat
[4.3] Plukovník se také usmíval a potom vydal tyto rozkazy: „Vyhotovit Švejkovi vojenský lístek přes Lvov na stanici Zóltance, kam má zítra dorazit jeho pochodová setnina, a vydat mu ze skladiště nový erární mundur a 6 korun 82 haléře v záměnu mináže na cestu.“

Skrivst òg:Lvov cz Lemberg de Lwów pl Львів uk

Żółtańceen flag
Wikipedia pluk Google kartsøk Švejk-muzeum

Żółtańce (no Жовтанці) er stasjonen Švejk kjem fram til etter han er sendt tilbake til marsjkompaniet sitt. Han har eit kort opphald her, spør kvar det 11. marsjkompaniet held til, før han går vidare for å slutta seg til dei i Klimontów. Forfattaren beskriv situasjonen i byen detaljert, at fronten no er så nær at ein kan høyra artilleriet og sjå røyk frå brennande landsbyar. Han skriv òg om kor godt stilt den tyske hæren er forsyningsmessig, dei får til og med øl til lunsj.

Bakgrunn

Żółtańce er det polske namnet på Жовтанці (Zhovtantsi), ein småby med 3500 innbyggjrar nord-aust for Lwów.

Tre bataljonar frå Jaroslav Hašek sitt IR91 kom til Żółtańce 16. juli 1915. Det var berre ein 2 timars rast på marsjen frå Gologory til fronten ved Sokal. Det er difor lite truleg at forfattaren var inne i byen på denne korte tida, og ein må gå utfrå at hendingane her hentar inspirasjon annanstads frå. Stasjonen som er nemnd i romanen må ha vore Żółtańce-Kłodno, nokre kilometer mot nordaust. I dag er stasjonen kalla Kłodno.

Evžen Topinka:: Želežnicní trat ze Lvova do Sapizanky byla postavena v r. 1910 pak dále do Vladimira Volynskeho (přes Krystynopol - ted Červonohrad a Sokal) v 1914. (Hrankin , Lazecko, Somockin, Sramko. Lvivska zaliznycja. Istorija i sucasnist). Přimo v Žovtancich želežnicní stanice neni, je vedle a jmenuje se Kolodno. Problém je v tom, že Hasek ji omylem jmenuje Klimontów.

Kjelde: Evžen Topinka, Jaroslav Křížek, VÚA

Sitat
[4.3] Ve stanici Zóltance bylo shromáždění celého batalionu hejtmana Ságnera až na nachhut ze 14. kumpanie, který se někde ztratil, když obcházeli Lvov. Při vstupu do městečka Švejk ocitl se úplně v novém prostředí, neboť zde již bylo pozorovat ze všeobecného ruchu, že není tak příliš daleko na posici, kde se to řeže. Všude leželo kolem dělostřelectvo a vozatajstvo, z každého domu vystupovali vojáci nejrůznějších pluků, mezi těmi jako elita chodili říšští Němci a aristokraticky rozdávali Rakušanům cigarety ze svých hojných zásob. U říšskoněmeckých kuchyní na náměstí byly dokonce sudy s pivem, kde se vojákům točilo pivo do odměrek k obědu a k večeři, kolem kterých sudů ploužili se jako mlsné kočky zanedbaní rakouští vojáci s nabobtnalými břichy od špinavého odvaru slazené cikorky.

Skrivst òg:Zóltance Hašek Жовтанці ua

Kamionka Strumiłowaen flag
Wikipedia deenpluk Google kartsøk
kamionka.jpg

Jernbanestasjonen i mellomkrigstida.

Kamionka Strumiłowa er nemnd i skildringa frå Zóltance. Det vert sagt at russarane bombarderer byen frå Grabowa.

Bakgrunn

Kamionka Strumiłowa er det det tidlegare polske namnet på Кам'янка-Бузька (Kamjanka-Buska), ein by i Lviv-oblastet i Ukraina. Byen ligg ved elva Bug, 40 km nord for Lviv.

Jaroslav Hašek sitt 91.regiment var i omådet ved byen frå 17. til 21.juli 1915 der dei førebudde kryssing av Bug. Dette skjedde ikkje ettersom dei vart omdirigerte til Sokal grunna den vanskelege stoda ved frontavsnittet der. Dette er ei rute Švejk òg truleg ville teke.

Kjelde: Alexandr Drbal, Jaroslav Křížek, VÚA

Sitat
[4.3] Slyšet bylo zřetelně dunění děl. Tu zas křičeli, že Rusové bombardují z Grabové Kamionku Strumilowu a že se bojuje podél celého Bugu, a vojáci že zadržují běžence, kteří se už chtěli vrátit za Bug opět do svých domovů.

Skrivst òg:Kamionka Strumilowa Hašek Kamjanka-Buska de Kamionka Bużańska pl Кам'янка-Бузька ua

Grabowaen flag
Wikipedia pluk Google kartsøk

Grabowa er nemnd i skildringa frå Zóltance. Russarane bombarderer Kamionka Strumiłowa frå Grabowa.

Bakgrunn

Grabowa er det polske namnet på Грабова (Hrabova) i Lviv-oblastet i Ukraina. Landsbyen, som ved siste teljing, hadde 402 innbyggjarar, ligg 24 km aust for Kamianka-Buzka, like nord for Busk.

Sitat
[4.3] Slyšet bylo zřetelně dunění děl. Tu zas křičeli, že Rusové bombardují z Grabové Kamionku Strumilowu a že se bojuje podél celého Bugu, a vojáci že zadržují běžence, kteří se už chtěli vrátit za Bug opět do svých domovů.

Skrivst òg:Grabová Hašek Грабова uk

Busken flag
Wikipedia deenplruuk Google kartsøk

Busk er nemnd i skildringa frå Zóltance. Røyken frå brennande byar vart observert og det vart sagt at Busk var ein av byane som brann.

Bakgrunn

Busk (Буськ) er ein by i Lviv-oblastet i Ukraina som ligg ved elva Bug. Den har godt over 2000 innbyggjarar. Rundt midten av juli 1915 var det harde kampar ved Bug, hendingar som vert nemnde i offisielle kommuniké frå Wien. Til høgre som gjengitt i Národní politika, 13. juli.

Linkar

Sitat
[4.3] Skupiny pejzatých židů v dlouhých kaftanech ukazovaly si na mraky kouře na západě, šermovaly rukama. Křičelo se všude, že to hoří na řece Bugu Uciszków, Busk a Derewiany,.

Skrivst òg:Буськ ua

Uciszkówen flag
Wikipedia ruuk Google kartsøk

Uciszków er nemnd i skildringa frå Zóltance. Røyken frå brennande byar vart observert og det vart sagt at Uciszków var ein av byane som brann.

Bakgrunn

Uciszków er det polske namnet på landsbyen Утішків (Utishkiv) i Lviv-oblastet i Ukraina. Den ligg ved elva Bug, i Busk-rajonen. Den hadde ved siste teljing 894 innbyggjarar (2001). Landsbyen har òg jernbanestasjon, på linja Lviv-Zdolbuniv.

Sitat
[4.3] Skupiny pejzatých židů v dlouhých kaftanech ukazovaly si na mraky kouře na západě, šermovaly rukama. Křičelo se všude, že to hoří na řece Bugu Uciszków, Busk a Derewiany,.

Skrivst òg:Утешков ru Утішків ua

Derewlanyen flag
Wikipedia ruuk Google kartsøk

Derewlany er nemnd i skildringa frå Zóltance. Røyken frå brennande byar vart observert og det vart sagt at Derewiany var ein av byane som brann.

Bakgrunn

Derewlany er det polske namnet på Деревляни (Derevljany) i Lviv-oblastet i Ukraina. Landsbyen ligg ved Bug og hadde ved siste teljing 462 innbyggjarar ved siste teljing (2011).

Ved midten av juli 1915 var det harde kampar langs Bug, akkurat som forfattaren observerer. På denne tida var han sjølv komen til fronten (11. juli), og regimentet hans og heile 9. Infanteridivisjon vart forflytta nordover på vestsida av Bug. Den 23. juli vart divisjonen sett inn i kampane ved Sokal etter å ha avløyst to tyske regiment.

Eroberung eines russischen Stützpunktes am Bug

Wien, 12. Juli, mittags. Amtlich wird verlautbart
Am Bug, nordwestlich Busk, haben unsere Truppen bei Derewlany einen russischen Stützpunkt genommen.

Linkar

Sitat
[4.3] Skupiny pejzatých židů v dlouhých kaftanech ukazovaly si na mraky kouře na západě, šermovaly rukama. Křičelo se všude, že to hoří na řece Bugu Uciszków, Busk a Derewiany.

Skrivst òg:Derewiany Hašek Деревляны ru Деревляни ua

Adigeen flag
Wikipedia czdeenitnnno Google kartsøk

Adige kjem inn Švejk sine dystre tankar om den homoseksuelle obesten Habermaier.

Bakgrunn

Adige er ei elv i Nord-Italia, som renn gjennom mellom anna Bolzano, Trento og Verona. Elva sine kjelder er på den austerrikske grensa og den renn ut i Adriaterhavet.

Sitat
[4.3] Švejk pokračoval na své cestě do vesnice, a přemýšleje o plukovníkovi, dospěl k tomu úsudku, že před dvanácti lety byl v Tridentu nějaký plukovník Habermaier, který se také tak laskavě choval k vojákům, a nakonec vyšlo najevo, že je homosexuelní, když chtěl v lázních u Adiže zprznit jednoho kadetaspiranta, vyhrožuje mu „dienstreglamá“.

Skrivst òg:Adiže cz Etsch de

Klimontówen flag
Wikipedia pluk Google kartsøk Švejk-muzeum

Klimontów er siste stopp i romanen. Det 11. marsjkompani er vorte forlagd på skulen her etter slåsting med bayerske soldatar på torget i Żółtańce. Staben er innkvartert på prestegarden til den avretta gresk-katolske presten og det vert laga eit måltid av ein nyslakta gris. Her kjem òg Dub og Biegler saman med resten av kompaniet att etter sine tidlegare uhell. Siste orda i romanen er det Dub som ytrar, idiotisk som alltid, i samtale med kaptein Ságner.

Jaroslav Hašek døydde 3. januar 1923 og det satiriske meisterverket hans enda her. På dette triste punktet i soga kan ein berra spekulera på kva meir han hadde planlangd ...

Bakgrunn

Klimontów er nesten sikkert ei forveksling med Колодно (Kolodno), ein stor landsby 3 km frå Żółtańce på austsida av jernbanelinja Lviv - Sokal. Den vart óg ofte omtala som Kłodno Wielkie, i våre dagar Велике Колодно. Jernbanestasjone i Kłodno er nok den Švejk kom til, før han gjekk til fots til Żółtańce der han fann ut av regimentet heldt til i Kłodno. Den gresk-katolske kyrkja låg der den russisk-ortodokse no ligg. Det 91. regiment marsjerte forbi her 16. juli 1915, men noko opphald med overnatting var det ikkje snakk om. Difor har truleg forfattaren henta inspirasjon for denne delen av soga ein anna stad frå. Det er òg lite truleg at det har vore ein stor skule her.

Det er uklårt kvifor Hašek kalla landsbyen Klimontów, men det må leggjast til at forfattaren var svært sjuk då han dikterte desse siste avsnitta i romanen.

Sitat
[4.3] „Se mnou můžeš mluvit česky,“ řekl plukovník, „já jsem také z Čech. Tvůj batalion je rozložen vedle ve vesnici Klimontówě za drahou, a do městečka se nesmí, poněvadž se od vaší jedné kumpanie poprali na náměstí s Bavoráky, hned jak přišli.“ Švejk vydal se tedy do Klimontówa. Plukovník na něho zavolal, sáhl do kapsy a dal Švejkovi pět korun, aby si za ně koupil cigarety, poznovu se s ním laskavě rozloučiv, vzdaloval se od Švejka a myslel si v duchu: „Jaký to sympatický vojáček.“

Skrivst òg:Klimontów Hašek Велике Колодно ua

Bochnia Zamurowanaen flag
Wikipedia czdeenpl Google kartsøk

Bochnia Zamurowana er nemnd i samband med avrettinga av den gresk-katolske presten i Klimontów. Presten hadde vore på ein kurstad i Bochnia Zamurowana då det påståtte landsviket mot Austerrike hadde funne stad.

Bakgrunn

Bochnia Zamurowana er ikkje nokon identifisert stad på kartet, men ein må gå ut frå at forfattaren viser til distriktet Bochnia ved Raba mellom Kraków og Tarnów. Der ligg òg landsbyen Lipnica Murowana, det kan vera ein samanheng her.

Sitat
[4.3] Nebylo to sice pravda, poněvadž v té době obviněný vůbec nebyl v místě přítomen, jsa na léčení kvůli svým žlučovým kamínkům v malých lázních nedotčených válkou, v Bochnie Zamurowane.

Skrivst òg:Bochnie Zamurowane Hašek

Jihlavaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Jihlava er del av ein anekdote av Švejk.

Bakgrunn

Jihlava er ein by i Vysočina-regionen i Mähren. Fram til 1945 var den ein tysk-talande enklave. Gustav Mahler budde størstedelen av oppveksten sin her.

Sitat
[4.3] Za to dostal jednou od nějakýho slušnýho pána z Jihlavy takovou přes hubu, že kavárník ráno, když vymetli ty zuby, zavolal svou dcerušku, která chodila do pátý vobecný školy, a zeptal se jí, kolik má dospělý člověk v hubě zubů.

Skrivst òg:Iglau de

Kundraticeen flag
Wikipedia czen Google kartsøk

Kundratice er del av anekdota om Herr Hauber som vart knivstukken her ved mistak då han var på ein sundagstur.

Bakgrunn

Kundratice er mange stader som heiter men her er det heilt sikkert snakk om Kunratice i Praha 4. Kunratice var fram til 1990 eiga administrativ eining.

Sitat
[4.3] Takovej člověk musí bejt skromnej a trpělivej. V Nuslích je nějakej pan Hauber, toho jednou v neděli v Kundraticích na silnici píchli omylem nožem, když šel z výletu od Bartůňkovýho mlejna.

Skrivst òg:Kundratitz Reiner

Solingenen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk

Solingen er del av anekdota om Herr Hauber frå Nusle som hadde vore på sundagstur i Kundratice då han ved feiltak vart stukken med ein kniv laga av Solingen-stål.

Bakgrunn

Solingen er ein by i Nordrhein-Westphalen med om lag 160 000 innbyggjarar. Byen har frå middelalderen vore kjend for knivproduksjon, og enno i dag vert 90% av alle tyske knivar laga i Solingen.

Sitat
[4.3] A von s tím nožem v zádech přišel až domů, a když mu žena svlíkala kabát, tak mu ho pěkně vytáhla ze zad a dopoledne už s tím nožem rozkrajovala maso na guláš, poněvadž byl ze solingenský vocele a pěkně nabroušenej a voni měli doma všechny nože pilkovatý a tupý.
Petrograden flag
Wikipedia czdeennnnoru Google kartsøk

Petrograd vert nemnd av Švejk som meiner at å føra krig for å slutta ved dei ganmle grensene iu Galicia er meiningslaust. Ein må minst koma til Moskva eller Petrograd.

Bakgrunn

Petrograd var frå 1914 til 1924 namnet på noverande Санкт-Петербург (Sankt Petersburg), nest største byen i Russland og landets hovudstad frå 1713 til 1918. Byen har 4.6 millionar innbyggjarar, 6 millionar medrekna forstader.

Byen spela ei avgjerande rolle i revolusjonane i mars og november 1917 som til slutt førde til at Russland trekte seg ut av verdskrigen. Revolusjonane fekk òg vidtrekkjande fylgjer for Jaroslav Hašek og ville òg fått det for Švejk dersom romanen hadde vorte fullførd.

Linkar

Sitat
[4.3] „To by nestálo za to ani válčit,“ řekl důrazně Švejk. „Když vojna, tak vojna. Já rozhodně dřív vo míru mluvit nebudu, dokuď nebudeme v Moskvě a v Petrohradě. Přeci to nestojí za to, když je světová vojna, prdelkovat se jenom kolem hranic. Vezměme si například Švejdy, za tý třicetiletý vojny.

Skrivst òg:Petrohrad cz Петроград ru

Jedouchoven flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Jedouchov vert nemnd av Švejk i samband med hærar som når langt vekk frå heimlandet. Prøyssarane hadde kome seg heilt hit og sjølv til Amerika!

Bakgrunn

Jedouchov er ein landsby i Vysočina-regionen 5 km frå Lipnice nad Sázavou. Ein må rekna som sikkert at Jaroslav Hašek har vore der.

Linkar

Sitat
[4.3] Vodkuď až nepřišli - a dostali se až k Německýmu Brodu a na Lipnici, kde uďáli takovou paseku, že ještě dodneška se tam mluví v hospodách po půlnoci švédsky, takže si navzájem nikdo nerozumí. Nebo Prušáci, ty taky nebyli jen přespolní, a na Lipnici je po nich Prusů habaděj. Dostali se až do Jedouchova a do Ameriky a zas nazpátek.“
Stockholmen flag
Wikipedia czdeennnnosv Google kartsøk

Stockholm vert nemnd av Švejk når han har ein av sine siste konfliktar med Dub. Denne truar med å få Svejk utstoppa. Svejk observerer tørt at han har høyrd om Svenskekongen som hadde falle saman i eit slag, og at både kongen og hesten han svart frakta tilbake til Sverige, og no var utstoppa i eit Stockholms-museum.

Bakgrunn

Stockholm er hovudstad og største by i Sverige og ein av dei største byane i Nord-Europa. Byen har om lag 800 000 innbyggjarar, men tel 1,3 millionar når heile byområdet er rekna med.

Stockholm har ein av dei eldste Švejk-restaurantane i verda, Krogen Soldaten SvejkSödermalm. Av øl serverer dei berre tsjekkiske fatøl, og eit godt utvalg av dei. Flasker eller ikkje-tsjekkiske øl er ikkje å få!

Sitat
[4.3] „Zum Befehl, pane lajtnant,“ zasalutoval Švejk, „jednou jsem četl, poslušně hlásím, že byla jednou jedna veliká bitva, ve který pad jeden švédský král se svým věrným koněm. Vobě zdechliny dopravili do Švédska, a teď ty dvě mrtvoly stojejí vycpaný v štokholmským museu.“ „Odkud máš ty vědomosti, pacholku,“ rozkřikl se poručík Dub. „Poslušně hlásím, pane lajtnant, vod svýho bratra profesora.“

Skrivst òg:Štokholm Hašek

Bohdalecen flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Bohdalec vert nemnd av Švejk i ein anecdote han aldri får fullførd avdi Marek avbryt han etter at Švejk i sin tur har avbrote Jurajda.

Bakgrunn

Bohdalec er er ein liten bydel i Praha som ligg administrativt i Praha 10. Høgda det er snakk om ligg på grensa mellom Michle og Vršovice.

Linkar

Sitat
[4.3] „To jsi měl ještě popsat vůni,“ ozval se s lavice Švejk, „měl jsi říct, že marjánka voní tak. jako když čicháš k lahvičce inkoustu v aleji rozkvetlejch agátů. Na vrchu Bohdalci u Prahy...“ „Ale Švejku,“ přerušil ho prosebným hlasem jednoroční dobrovolník Marek, „nech dokončit Jurajdu.“

Skrivst òg:Bohdaletz Reiner

Index Back Forward IV. Det ærerike samanbrotet held fram Hovudpersonen

3. Švejk tilbake i marsjkompaniet sitt


© 2009 - 2018 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 19/8-2018