Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (174) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

7. Švejk dreg i krigen

Kriegsministeriumen flag
Stubenring -/1, Wien I.-K.u.k. Ärar [1914]
Wikipedia deenit Google kartsøk
kriegsministerium.jpg

Seidels kleines Armeeschema (1914)

Kriegsministerium vert nemnd av forfattaren då han opplyste om at ministeriet hugsa på Švejk på den tida då austerrikarane flykta over elva Raba og at Švejk skulle hjelpa dei ut av knipa.

Ministeriet dukkar opp att by ny heilt i starten av [I.13]Katz får eit direktiv om den utdeling av den siste olje.

Bakgrunn

Kriegsministerium var Austerrike-Ungarn sitt forsvarsdepartement, ein av dei få institusjonane som dei to delene av Dobbeltmonarkiet delte. Krigsminister frå 1912 til 1917 var Alexander von Krobatin. Han var rekna som ein av haukane som ville gjera opp med Serbia under det minste påskot. Som ein ser av biletet hadde sivilpersonar tilgang til krigsministeren to timar kvar veke.

Departemenet var ikkje ansvarleg for K.k. Landwehr og Honvéd, heimevernet for dei to delane av riket. Kva formell status Švejk hadde i høvet til ministeriet er uvisst. Han var klassifisert som Landsturm (domobranec), reservar som fyrst vart kalla inn når fedrelandet var i stor fare.

Linkar

Sitat
[1.7] V době, kdy lesy na řece Rábu v Haliči viděly utíkat přes Ráb rakouská vojska a dole v Srbsku rakouské divise jedna za druhou dostávaly přes kalhoty to, co jim dávno patřilo, vzpomnělo si rakouské ministerstvo vojenství i na Švejka, aby pomohl mocnářství z bryndy.
[I.13] Polní kurát Otto Katz seděl zadumané nad cirkulářem, který právě přinesl z kasáren. Byl to rezervát ministerstva vojenství
K.k. Linien-Infanterieregiment Nummer 18en flag
Hradec Králové-K.u.k. Ärar [1859]
Wikipedia de Google kartsøk

K.k. Linien-Infanterieregiment Nummer 18 vert nemnd i songen Jenerál Windischgrätz a vojenští páni gjennom omgrepet "den attande gjengen". Sjå Solferino og Piemonte.

Bakgrunn

K.k. Linien-Infanterieregiment Nummer 18 var eit infanteriregiment med rekrutteringsdistrikt Hradec Králové som slost i nesten alle krigane som Habsburg-imperiet deltok i sidan regimentet vart grunnlagd i 1682. Dette inkluderer felttoget under den andre italienske frigjeringskrigen i 1859, temaet for denne songen. Under slaget ved Solferino deltok berre 4.bataljon, resten av regimenet var så heldige få grensevaktteneste. I 1914 var soldatane i regimentet i hovudsak tsjekkiske (75 prosent), resten tyske.

Linkar

Sitat
[1.7]
Krve po kolena a na fůry masa, 
vždyť se tam sekala vosumnáctá chasa, 
hop, hop, hop!
Pražské úřední novinyen flag
Karmelitská ul. 387/6, Praha III.-Aladar Quido Przedak [1910]
Google kartsøk
pnov2.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních, 1907

pnov4.png

Prager Tagblatt, 5.7.1914

pnov5.png

Prager Tagblatt, 8.9.1914

Pražské úřední noviny skreiv ein glødande hyllest til den patriotiske krøplingen Švejk etter at han vart trilla til mønstringskommisjonen i rullestol. Tittelen var: "Ein krøplinsgs patriotisme".

Bakgrunn

Pražské úřední noviny er ikkje er oppførd som avis i adressebøkene frå korkje 1907 eller 1910, men likevel er det liten tvil om at forfattaren viser til publikasjonane til C.k. Místodržitelství (K.u.k. Statthalterei), og desse vart ofte omtala under denne eller liknande fellesnemnarar. Organa var altså direkte talerøyr for det Austerrikske embetsverket som statthaldaren var sjef for i Böhmen.

Avisene kom ut både på tsjekkisk og tysk, med ein offisiell og ein vanleg kommersiell del. Hovudorganet heitte på tysk Prager Zeitung, på tsjekkisk Pražské Noviny, begge var morgonaviser som kom ut alle dagar unnateke måndag. Om kvelden på kvardagane utga dei òg Prager Abendblatt, rettnok berre på tysk. Dei offisielle kunngjeringane kom i eit eige bilag på kvardagar: hhv. Úřední list Pražských Novin, Amtsblatt der Prager Zeitung. På sundagar vart det utgjeve eige underhaldningsbilag.

Redaksjonslokala og administrasjonen låg i Malá Strana, like bak Kampa. Mellom 1907 og 1910 bytte dei adresse, men heldt seg i same kvartalet. Sjefsredaktør for alle avisene var Aladar Guido Przedak, for den tsjekkiske delen Jan Svátek. Przedak (1857-1926) var sjefsredaktør frå 1900 til 1918 og hadde dessutan tittelen "K.u.k. Regierungsrat". Opplaget til Prager Abendblatt vart femdobla under perioden hans som redaktør.

Linkar

Sitat
[1.7] O celé této události objevil se v „Pražských úředních novinách“ tento článek:
[ERROR] Vlastenectví mrzáka. Včera dopoledne byli chodci na hlavních pražských třídách svědky scény, která krásně mluví o tom, že v této veliké a vážné době i synové našeho národa mohou dáti nejskvělejší příklady věrnosti a oddanosti k trůnu stařičkého mocnáře. Zdá se nám, že se vrátily doby starých Řeků a Římanů, kdy Mucius Scaevola dal se odvésti do boje, nedbaje své upálené ruky. Nejsvětější city a zájmy byly včera krásně demonstrovány mrzákem o berlích, kterého stará matička vezla na vozíku pro nemocné. Tento syn českého národa dobrovolně, nedbaje své neduživosti, dal se odvésti na vojnu, aby dal svůj život i statky za svého císaře. A jestli jeho volání „Na Bělehrad!“ mělo tak živý ohlas v pražských ulicích, jest to jen svědectvím, že Pražané skýtají vzorné příklady lásky k vlasti a k panovnickému domu.

Skrivst òg:Prague Official Newspaper en Prager Amtszeitung de Praha Amtstidende no

Prager Tagblatten flag
Panská ul. 896/12, Praha I.-Gustav Horn [1910]
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
tagblatt2.png

Prager Tagblatt, 1.12.1914

tagblatt1.png

Oppføring i adresseboka frå 1910.

tagblatt4.png

Prager Tagblatt, 5.1.1923

Prager Tagblatt nemner kort at Švejk vart verna av tyskarar mot tsjekkiske agentar for Ententen som ville lynsja han på vegen til Střelecký ostrov.

Bakgrunn

Prager Tagblatt var ei tysk-språkleg dagsavis som kom ut i Praha frå 1877 til 1939. Avisa hadde ry på seg for framifrå kvalitet, ein av tida sine aller beste tysk-språklege aviser, og knytte til seg ei rekkje framståande skribentar opp gjennom åra. Mellom desse var Max Brod, Egon Erwin Kisch, Franz Kafka, Josef Roth, Michal Mareš og Friedrich Torberg. Politisk var den rekna som demokratisk-liberal, og står oppførd i tsjekkiske adressebøker som "tysk progressiv". Ansvarleg redaktør i 1910 var Gustav Horn. Franz Kafka var mellom dei som bidrog til avisa og han var dessutan ein ihuga lesar.

Under fyrste verdskrigen deltok rettnok avisa i den offisielle krigspropagandaen, men vart ofte offer for sensuren, og via meir plass til dei humanitære kostnadane ved krigen enn mange andre aviser. I mellomkrigstida bygde avisa opp att sitt ry for framifrå journalistiske kvalitetar, men knapt to månader etter den tyske innmarsjen i Praha i mars 1939 vart den stengd for godt. Dei mange jødiske medarbeidarane vart oppsagde alt i dagane etter innmarsjen.

Redaksjonslokala og administrasjonen låg i Panská ulice (Herrengasse), faktisk omtrent der Kraus tok Lukáš på fersken med den stolne Fox.

Prager Tagblatt og Hašek

Etter Jaroslav Hašek sin død 3. januar 1923 spela Prager Tagblatt ei viktig role ved å anerkjenna og spre ordet om forfattaren og det satiriske meisterverket hans. Dette var fyrst og fremst takka vere Max Brod, ein utgjevar som er betre kjend som ivaretakar av Franz Kafka sine etterletne brev og skrifter. Alt 5. januar kom avisa med ein nekrolog, og i samme utgåva trykte dei Brod si eiga omsetjing av fyrste kapittelet i romanen. I løpet av dei neste 15 åra dukka Švejk og Hašek gong på gong opp i spaltene deira, spesielt i 1926 då Grete Reiner gav ut den fulle omsetjinga til tysk.

Švejk greift in den Weltkrieg ein (Max Brod)

"Also den Ferdinand haben die uns erschlagen", sagte die Bedienerin zu Švejk, welcher, nachdem er vor Jahren den militärischen Dienst verlassen hatte (die ärtztliche Kommission erklärte ihn für vollkommen irrsinnig), sich durch den Verkauf von Hunden weisterbrachte, deren Stammbaum er fälschte.

Linkar

Sitat
[1.7] Ve stejném smyslu psal i „Prager Tagblatt“, který končil svůj článek slovy, že mrzáka dobrovolce vyprovázel zástup Němců, kteří ho svými těly chránili před lynchováním ze strany českých agentů známé Dohody.
Bohemiaen flag
Liliova ul. 211/13, Praha I.-Andreas Haase [1914]
Wikipedia deen Google kartsøk
bohemia2.png

Fyrste utgåva etter namneendringa

bohemia3.png

E.E. Kisch, 5.7.1914, Ferdinand Mestek de Podskal

Bohemia utga ein artikkel som likna den i Prager Tagblatt om krøplingen Švejk og ferda hans i rullestol. Den legg til at gåver frå tyske borgarar til inntekt for soldaten kan leverast inn til administrasjon.

I neste kapittel kjem det fram at det var i denne avisa Botzenheim las om den ivrige soldaten. I [I.14] dukkar avisa opp på ny avdi Kraus hadde sett inn ein annonse om den forsvunne hunden her. På toget til Tábor i [II.1] kjem det dessutan fram at òg Lukáš las Bohemia.

Bakgrunn

Bohemia var ei tysk-språkleg dagsavis som kom ut i Praha frå 1828 til 1938, tilknytta det Tyske Liberale Parti. Under krigen var den sterkt patriotisk og skifta frå 15.november 1914 namn til Deutsche Zeitung Bohemia. Redaksjonslokala og administrasjonen låg i Liliova ulice i Staré Město og sjefsredaktør i 1914 var Andreas Haase. Han sat i stillinga heile 40 år, frå 1879 til 1919.

E.E. Kisch

Den best kjende reportaren deira var utan tvil den legendariske Egon Erwin Kisch. Frå 1906 til 1913 arbeidde han for avisa og skreiv mange lokalreportasjar frå Praha. Han via ein eigen fylgjetong til loppesirkusdirektør Mestek, kom inn på mordaren Valeš og negeren Kristian, og omtalar ei rekkje av dei tvilsame lokala som er kjende for lesarane av Švejk: Apollo, Tunel, U Kocanů, for berre å nemna nokre. Kisch kjende Jaroslav Hašek personleg og skreiv om han ved eit par høve.

Linkar

Sitat
[1.7]Bohemie“ uveřejnila tuto zprávu žádajíc, aby mrzák vlastenec byl odměněn, a oznámila, že pro neznámého přijímá od německých občanů dárky v administraci listu.
Odvodní komiseen flag
Střelecký ostrov 336/-, Praha I.-K.u.k. Ärar [1913]
Google kartsøk
odvod.png

Kommisjonen 31. desember 1914

strelov.png
odvod1.png

Oversikt over Landsturmmønstringskommisjonar i Praha (Čech, 8.11.1914)

Odvodní komise er det tsjekkiske omgrepet for mønstringskommisjonen, organet som eksaminerte ŠvejkStřelecký ostrov. Sjefen for kommisjonen var den legendariske Bautze.

Bakgrunn

Odvodní komise viser til Landsturmmusterungskommision Nr. 1, ein mellombels kommisjon som hadde som oppgåve å føreta ei revurdering av Landsturm-rekruttar som i fredstid enten hadde vorte kjende uskikka til å bera våpen (waffenunfähig) eller vorte dimmiterte frå dei væpna styrkane etter fyrst å ha starta i tenesta (superarbitriert).

Kommisjon nr. 1 var ansvarleg for alle som var busette i og hadde heimstadrett i Praha. I tillegg mønstra dei alle som var busette i Praha men med heimstadrett utafor byen, dersom desse var fødde frå 1878 til 1883. Innunder denne kategorien kom dermed Jaroslav Hašek (heimstadrett Mydlovary, fødd 1883) og nødvendigvis òg Švejk. Som soldat i IR91 må han nemleg ha hatt heimstadrett innafor Ergänzungsbezirk Nr. 91. Sjå Ergänzungskommando.

Kommisjonen starta arbeidet sitt 1. oktober 1914 då årgangane 1892 til 1894 vart kalla inn. Mellom desse vart over halvparten vurderte dugelege til krigsteneste. Frå 16. november til 31. desember kom turen til dei som var fødde frå 1878 til 1890. Blandt desse var langt færre klassifiserte Tauglich, mindre enn ein tredjedel. Den siste gruppa er for oss den langst viktigaste ettersom det var her Jaroslav Hašek kom inn. Alt tyder på at Švejk òg tilhøyrde ein av desse årgangane (1878-1883). 20. januar 1915 vart det annonsert at dei som var kjende dugelege hadde å melda seg hjå sin Ergänzungskommando 15. februar.

Mønstringane fann stad i hagerestauranten på Střelecký ostrov, på den sørlege enden av øya. Restauranten var i 1914 eit populært utfluktsmål.

Linkar

Sitat
[1.7] Když Švejk revírnímu inspektorovi ukázal, že to má černé na bílém, že dne musí před odvodní komisi, byl revírní inspektor trochu zklamán; kvůli zamezení výtržnosti dal doprovázet vozík se Švejkem dvěma jízdními strážníky na Střelecký ostrov.

Skrivst òg:Draft commission en Musterungskommision de Mønstringskommisjonen no

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

7. Švejk dreg i krigen


© 2009 - 2018 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 19/8-2018