Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (174) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

2. Švejks anabase til Budějovice

Na Kocourkuen flag
Google kartsøk
putim42.jpg

Na staré hospodě. Bilete frå 1931.

Na Kocourku var ein pub i Putim som gendarmane sende gamle Pejzlerka til for å henta mat og drikke. Det er inga skildring av kneipa utover dette, nesten heile handlinga føregår på politistasjonen.

Bakgrunn

Na Kocourku var ein pub i Putim, namnet er oppdikta. Det var på den tida 3 kneiper i landsbyen: U Srnků (der U Cimbury ligg i dag), U Pavlů, og Stará hospoda. Den siste er den mest trulege kandidaten, men ettersom heile Putim-episoden (inkludert politistasjonen) er oppdikta, skal ein ikkje leggja for mykje vekt på "fakta" i dette tilfellet.

Kjelde: Václav Pixa

Sitat
[2.2] „Tohle je velká výjimka,“ důstojně řekl strážmistr, „to je nějaký vyšší důstojník, nějaký štábní. To víte, že Rusové na špionáž sem nepošlou nějakého frajtra. Pošlou mu do hospody ,Na Kocourku’ pro nějaký oběd. Jestli už nic není, ať uvaří něco.
U černého koněen flag
Google søk
ucernehokone.png

Vertshus i Protivín i 1915

U černého koně var ein pub der gendarmen Rampa sat og spela kort sjølv når han eigentleg var på vakt.

Bakgrunn

U černého koně var i fylgje romanen ein pub i Protivín men stadfestande opplysningar utover dette er ikkje tilgjengelege.

Sitat
[2.2] Strážmistr zůstal sedět na strážnici vedle Švejka na kavalci prázdné postele četníka Rampy, který měl do rána službu, obchůzku po vesnicích, a který v tu dobu klidně seděl „U černého koně“ v Protivíně a hrál s obuvnickými mistry mariáš, vykládaje v přestávkách, že to Rakousko musí vyhrát.

Skrivst òg:The Black Horse en Den svarte hest no

Bezirksgendarmeriekommandoen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Bezirksgendarmeriekommando er åstaden for Švejk si avslutning av sin anabasis. Rytmistr König finn fort ut at Švejk ikkje er nokon russisk person, og sender han prompte til regimentet i Budějovice.

Bakgrunn

Bezirksgendarmeriekommando var den tidlegare regionale statspoliti-stasjonen i Pīsek. Kvar politistasjonen lår er uvisst.

Linkar

Sitat
[2.2] Závodčího zmocnila se naprostá deprese, a když po hrozném utrpení pozdě večer dorazili do Písku k četnickému velitelství, na schodech řekl úplně zdrceně závodčí Švejkovi: „Teď to bude hrozné. My od sebe nemůžem.“ A opravdu bylo to hrozné, když strážmistr poslal pro velitele stanice, rytmistra Königa. První slovo rytmistrovo bylo: „Dýchněte na mne.“ „Teď to chápu,“ řekl rytmistr, zjistiv nesporně situaci svým bystrým, zkušeným čichem, „rum, kontušovka, čert, jeřabinka, ořechovka, višňovka a vanilková.

Skrivst òg:Regional State Police Headquarters en Okresní četnické velitelství cz

Mariánská kasárnaen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Mariánská kasárna spelar ei sentral rolle i dette kapitelet ettersom deler av handlinga føregår i denne forlegninga i Budějovice. Det er her Švejk og Marek sit arrestert i tre dagar.

Bakgrunn

Mariánská kasárna var ein garnisons-bygning i Budějovice som husa erstatningsbataljonen til IR91 som Švejk og Lukáš gjorde teneste i. Forfattaren sjølv var her frå omtrent 17.februar 1915 til ut mai. Erfaringane hans her er i stor grad gjenfortalde av hans alter ego Marek. Jaroslav Hašek tenestgjorde her som Einjährigfreiwilliger, skulen låg i fjerde etasje i bygningen. Her låg òg regimentsarresten som både Švejk og skaparen hans kjende godt til.

1. juni 1915 vart erstatningsbataljonen til IR91 flytta til Királyhida under omstende som likna mykje på omtalen i romanen. Akkurat som i romanen vart dei erstatta av eit ungarsk regiment; IR101 frå Békéscsaba i det sør-austlege Ungarn.

Bygningen var i 2014 forfallen og berre delvis i bruk. Ved hovudinngangen heng ei minnetavle over Jaroslav Hašek.

Linkar

KjeldeFranta Hofer, Jaroslav Kejla

Sitat
[2.2] Po celé cestě se Švejkem od nádraží do Mariánských kasáren v Budějovicích upíral své oči křečovitě na Švejka, a kdykoliv přicházeli k nějakému rohu nebo křižovatce ulic, jako mimochodem vypravoval Švejkovi, kolik dostávají ostrých patron při každé eskortě, načež Švejk odpovídal, že je o tom přesvědčen, že žádný četník nebude po někom střílet na ulici, aby neudělal nějaké neštěstí.

Skrivst òg:Mariánské kasárny Hašek Marienkaserne de

K.u.k. Reserve-Spitalen flag
Google kartsøk

K.u.k. Reserve-Spital er nemnd indirekte av Marek når han fortel om korleis han brukte Regimentskrankenbuch til å lura seg ut av sjukehuset for å hygga seg på byen. Namnet på sjukehuset er ikkje eksplisitt nemnd.

Bakgrunn

K.u.k. Reserve-Spital var sjukehuset i Budějovice der Jaroslav Hašek i det verkelege liv skal ha gjort same trikset med Krankenbuch som Marek. Det er kjendt at han var på sjukehuset i mars 1915. Kaserna var på den tida brukt av Landwehr og er enno i dag i militær bruk. Den ligg nær jernbanestasjonen i Žižkova třída, i 1915 enno Radetzkygasse.

Linkar

Kjelde: Radko Pytlík

Sitat
[2.2] Může být,“ připouštěl jednoroční dobrovolník, „že při té tahanici padlo pár pohlavků, ale to myslím nic na věci nemění, poněvadž je to vyložený omyl. On sám přiznává, že jsem řekl: ,Servus, Franci’ a jeho křestní jméno je Anton. To je úplně jasné. Mně snad může škodit jenom to, že jsem utekl z nemocnice, a jestli to praskne s tím ,krankenbuchem’...
Port Arthuren flag
Rudolfovská třída 326/-, Budějovice III-Bernard Machatý [1909]
Google kartsøk
namyte.jpg

Zaniklé hospody, s.131

portartur3.png

Budivoj, 8.1.1904

portarthur4.png

Budivoj, 7.11.1906

portarthur.png

Jihočeské Listy, 08.04.1907

portartur2.png

Offisielle bordell i Budějovice (1915)

portartur_vazda.png

Budweiser Zeitung, 9.8.1924

Port Arthur var eit horehus som dagleg vart frekventert av Marek. Han håpa med dette få kjønnsjukdomar nok til å bli friteken krigsteneste.

Bakgrunn

Port Arthur er allment kjendt som det europeiske namnet på Lüshunkou. Dette er ein hamneby i Mandsjuria som vart verdskjend då den vart beleira av japanske styrkar under den russisk-japanske krigen i 1904-05.

Bordell etablert i 1904

Viktigare i Švejk-samanheng er at "Port Artur" faktisk VAR eit bordell i Budějovice. Det låg i Rudolfovská třída i den austlege utkanten av byen på ei høgd 401 m.u.h. kalla Pěkná vyhlídka (tysk Schöne Aussicht). I januar 1904 overtok Jan Filip vertshuset Na pěkné vyhlídce (hus nummer 326) og om hausten same året var det kome i drift som gledeshus etter at han hadde fått innvilga bordell-lisens. Frå fyrste stund vert det rapportert om bråk, noko som kan ha ført til kallenamnet "Port Artur", inspirert av krigen i det fjerne austen og beleiringa av denne hamnebyen (den starta tidlegare på året).

I 1906 kom eigaren Jan Filip på nytt i avisene med skuldingar om at han hadde svike den tsjekkiske nasjon og seld stemma si til den tyske borgarmeisteren Josef Taschek for å få lisens til å driva bordell. Året etter var "Port Artur" på ny i avisene grunna bråk men den negative omtalen frå dei tsjekkiske avisene har eit visst preg av svertekampanje mot "Judas" Filip, den tysk-nasjonalistiske Taschek, og tyskarar generelt. I det heile er avisene på denne tida fulle av sjåvinistisk oppgulp, og dette gjeld begge sider.

Uvisst etter 1909

I 1909 kjøpte ein viss Bernard Machatý eigedomen og i adresseboka står han som eigar av hestedrosjar. Han har nok gått konkurs for i 1914 vart nr. 326 lyst ut på tvangsauksjon. Om bordellet har halde fram på same adressa etter 1909 er uvisst men i juni 1915 kom det eit avisoppslag som viser til arrestasjon av to tjuvar som hadde drukke på "eit visst bordell" i Rudolfovská třída. Dette treng nødvendigvis ikkje ha vore på same adressa eller ha hatt noko med "Port Artur" å gjera. Dessutan nemner adresseboka for 1915 berre to bordell i byen, men ingen av dei var i Rudolfovská třída. Men utover dette har nok uoffisielle bordell vore i drift og dessutan er heller ikkje adressebøker feilfrie.

I 1919 dukkar endå ein mogeleg samanheng opp. Ein notis i Hlas lidu med overskrifta "Eit nytt skammens hus?" fortel at ei viss fru Machatá, den fråskilde kona til ein bordelleigar Machatý, har seld horehuset Tripolis og skal starta eit nytt att. Dette var i den nordlege delen av byen, ikkje så langt frå Mariánská kasárna.

Etter krigen

På denne adressa adverterer i 1919 hestehandlaren Felix Vazda hollandske hestar og frå 1920 til 1947 viser annonsar eintydige spor etter møbelfabrikken til Václav Vazda (f. 1889) som hadde flytta til byen frå Ledenice. På den andre sida opplyser Milan Binder om at i mellomkrigstida var eigedomen tilhaldstad for hospoda Na Mýtě. Etter krigen vart bordella stengde og det ser ut som staden vart eit vanleg vertshus (dette kan vel òg has skjedd alt frå 1909). Ein notis i Budweiser Zeitung frå 1924 opplyser at Mautwirtshaus no i tillegg hadde fått det tsjekkiske namnet Hostinec na Mytě. Men ved fyrste augekast virkar det som om "na Mytě" ikkje er på adressa til "Port Artur" ettersom husnummera ikkje stemmer. I dag held bygningsfirmaet Edikt As til her men husnummeret er 461, ikkje 326 som ein skulle tru. Nummer 326 eksisterer ikkje i dette området lenger. Milan Binder legg i denne samanhengen til at det to gonger har vore omnummerering av bygningar i Budějovice, sist i 1979. Dette er i det minste ei god forklaring på at nummera ikkje stemmer.

Linkar

Kjelde: Milan Binder, Jihočeské Listy, Budivoj, Budweiser Zeitung

Sitat
[2.2] Denně jsem chodil do ,Port Arthuru’, někteří kolegové už dostali zánět varlat, řezali jim pauchy, a já jsem byl pořád imunní. Smůla, kamaráde, nekřesťanská. Až jsem se ti jednou ,U růže’ seznámil s jedním invalidou z Hluboké.
U růžeen flag
Pražská ul. -/5, Budějovice-Fratišek Vostl [1915]
Google kartsøk
uruze.jpg

Zaniklé hospody, s.157

uruze1.png

Chytilův adresář, 1915

uruze2.png

Jihočeské listy, 9.1.1937

uruze.png

Jihočeské listy, 31.12.1914

U růže er nemnd når Marek møter ein krøpling frå Hluboká her som kunne hjelpa han med gikt.

Bakgrunn

U růže viser truleg til U bílé růže, ein pub som låg to inngangar nord for Mariánská kasárna i Pražská ulice 5, Budějovice. Vertshuset eksisterte minst sidan 1879 og vart til dels brukt som forsamlingslokale, til dømes valgmøte. I 1884 annonserte František Smauš at han hadde teke over lokalet som òg på denne tida var kjendt som U hlavů. I 1896 vart det dokketeaterframstillingar her og vert var no Jindřich Kopecký. Han er òg oppførd som innehavar i 1905 då han lyste ein karusell til salgs. Denne har nok vore brukt i hagen til restauranten. På 1890-talet selde vertshuset øl frå Protivín men det er uvisst om dette var tilfellet òg i 1915.

Restaurantvert per 31. desember 1910 var František Vostl, ein person Jaroslav Hašek heilt sikkert kjende ettersom han framleis var oppførd som innehavar i 1915. Vostl dreiv dessutan med hestedrosjar og handla med fisk. Han døydde 22. juni 1933 i ein alder av 62. Han var kneipevert på U bílé růže minst fram til 1924 og sette ofte inn annonsar i Jihočeské listy på nyttårsaftene der han ynskte kundane "Godt Nyttår". Lokalet var i bruk som vertshus til etter 2.verdskrigen og bygningen vart riven fyrst i 1992.

Hašek på "Den kvite rose"

Ein artikkel i Jihočeské listy frå 9. januar 1937 stadfestar at Jaroslav Hašek vanka på lokalet i 1915. Han underheldt gjestene med patriotisk skrål. Artikkelen som er underteikna med pseudonymet Al. Terego nemner dessutan at lokalet òg berre vart kalla "U růže".

Eit alternativ

Marek kan òg ha meint kaféen U černého růže (Zur schwarzen Rose) på hjørna av Piaristická ulice og Česká ulice. Denne hypotesa er langt svakare ettersom lokalet ligg lenger borte frå kaserna og virkar dessutan å ha vore mest besøkt av tyskarar. Innehavar i 1915 var Anna Czech.

Milan Binder

Zmiňovaná hospoda "U růže" bude určitě hospoda "U bílá růže", která byla hned vedle Mariánských kasáren. Informace o ní najdete také v knize "Zaniklé hospody", na straně 157 a 158.

Linkar

Kjelde: Milan Binder, Jihočeské listy, Budivoj

Sitat
[2.2] Denně jsem chodil do ,Port Arthuru’, někteří kolegové už dostali zánět varlat, řezali jim pauchy, a já jsem byl pořád imunní. Smůla, kamaráde, nekřesťanská. Až jsem se ti jednou ,U růže’ seznámil s jedním invalidou z Hluboké. Ten mně řekl, abych jednou v neděli k němu přišel na návštěvu, a na druhý den že budu mít nohy jako konve. Měl doma tu jehlu i stříkačku, a já jsem opravdu sotva došel z Hluboké domů.

Skrivst òg:The Rose en Zur Rose de Ved rosa no

Měšťanská besedaen flag
Na Sádech -/-, Budějovice-Vilém Sandholec [1915]
Google kartsøk
besedacb.png

Hlas lidu, 29.9.1914

Měšťanská beseda skulle i fylgje Marek servera god mat, i motsetning til arresten han og Švejk sit i.

Bakgrunn

Měšťanská beseda var eit forsamlingshus, restaurant og overnattingsstad i Budějovice som eksisterte frå 1870, eigd av borgarsamskipnaden Českobudějovická Beseda. Den var mest ein samlingsstad for den tsjekkiske delen av byen si befolkning og det var her Český akciovný pivovar (no kjent som Budweiser Budvar) vart stifta i 1891. Bryggeriet kom i drift i 1895 og det seier seg dermed sjølv av restauranten tappa øl frå nettopp dette bryggeriet og det gjorde det enno ved krigsutbrotet.

Frå Juli 1914 og minst fram til 1922 vart restauranten hjå Beseda driven av Vilém Sandholec, bror til eigaren av Hotel Slunce på Náměstí. I fylgje Radko Pytlík vitja Jaroslav Hašek faktisk restauranten så Marek visste nok godt kva han snakka om. I 1924 vart det gjort ei større renovering og restauranten var i 2015 enno i drift men om den har vore det samanhengande etterpå er uvisst.

Linkar

KjeldeRadko Pytlík, Milan Binder, Jihočeské Listy

Sitat
[2.2] Himlhergot, není co kouřit, kamaráde. Nechcete, abych vás naučil plivat na strop? Podívejte se, to se dělá takhle. Myslete si přitom něco, a vaše přání se splní. Jestli rád pijete pivo, mohu vám odporučiti výbornou vodu tamhle ve džbáně. Máte-li hlad a chcete-li chutně pojíst, doporučuji vám ,Měšťanskou besedu’.

Skrivst òg:City Club Parrott Burghers'Club Sadlon Bürgerressource de Borgarklubben no

Pionierkadettenschule Hainburgen flag
Wikipedia de Google kartsøk

Pionierkadettenschule Hainburg er nemnd når Marek fortel Švejk om den idiotiske fähnrich Dauerling som fekk opplæringa si ved denne skulen.

Bakgrunn

Pionierkadettenschule Hainburg eksisterte frå 1868 til 1913, då den fekk status som Militærakademi. Institusjonen låg på Schloss.

Sitat
[2.2] Mladý Dauerling po hrozném zápase s čtyřmi třídami nižší reálky, které vystudoval soukromě, přičemž předčasně zešedivěl a zblbl jeho domácí učitel a druhý chtěl skočit v zoufalství se svatoštěpánské věže ve Vídni, přišel do hainburské kadetní školy. V kadetce se nikdy nedbalo na předběžné vzdělání, neboť to většinou nehodí se pro rakouské aktivní důstojníky.
Stephansdomen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Stephansdom vert nemnd avdi læraren til Dauerling var så oppgitt over dumskapen til eleven sin at han i fortvilelse ville kasta seg ut frå tårnet i Stefansdomen.

Bakgrunn

Stephansdom er viktigaste katedralen i Wien og ein av dei store attraksjonane i byen.

Linkar

Sitat
[2.2] Mladý Dauerling po hrozném zápase s čtyřmi třídami nižší reálky, které vystudoval soukromě, přičemž předčasně zešedivěl a zblbl jeho domácí učitel a druhý chtěl skočit v zoufalství se svatoštěpánské věže ve Vídni, přišel do hainburské kadetní školy. V kadetce se nikdy nedbalo na předběžné vzdělání, neboť to většinou nehodí se pro rakouské aktivní důstojníky.

Skrivst òg:Saint Stephen's Cathedral en Dóm svatého Štěpána cz Stephansdom de

Theresianische Militärakademieen flag
Wikipedia deenhuno Google kartsøk

Theresianische Militärakademie er ein stad der, i fylgje Marek, dei største idiotane hamnar.

Bakgrunn

Theresianische Militärakademie er verdas eldste militærakademi, grunnlagd av keisarinne Maria Theresa i 1751. Alle offiserane i Austerrike-Ungarn vart utdanna her. I dag er det Austerrike sin einaste undervisningstad for militære. Akademiet ligg i Wiener Neustadt.

Sitat
[2.2] Jeho odpovědi při zkouškách jasně hovořily o tom neštěstí a vynikaly takovou pitomostí, a byly považovány přímo za klasické pro svou hlubokou pitomost a popletenost, že profesoři kadetky jinak ho nenazývali než ,unser braver Trottel’. Jeho hloupost byla tak oslňující, že byla největší naděje, že snad po několika desetiletích dostane se do tereziánské vojenské akademie či do ministerstva vojenství.

Skrivst òg:Theresian Military Academy en Tereziánská vojenská akademie cz Theresianum Katonai Akadémia hu

Apolloen flag
Fügnerovo nám. 1866/4, Praha II-František Štastný [1910]
Google kartsøk
apollo2.png

Národní listy, 4.2.1915

Apollo er nemnd i soga Švejk fortel Marek i om krigens fyrste invalide, ein viss Mlíčko. På Apollo reiv nokon av han trefoten og klakka til han i hovudet med den.

Bakgrunn

Apollo var ein stor nattkafe og danserestaurant på Fügnerovo náměstí i Nové Město, ikkje i Královské Vinohrady som Švejk seier. Den er inkludert i E.E Kisch si liste over 11 lokale som var forbodne for dei som tenestegjorde i dei K.u.k væpna styrkane [7].

Tidleg i februar 1915 dukka det opp ein annonse for "danseunderhaldning" i Národní listy, og dette stadfestar at František Štastný enno dreiv lokalet (han var alt oppført som innehavar i adresseboka frå 1910).

Linkar

KjeldeJaroslav Šerák, Radko Pytlík, Hans-Peter Laqueur

Sitat
[2.2] Jednou přišel do ,Apolla’ na Vinohradech a tam se dostal do sporu s řezníky z porážky, kteří mu nakonec utrhli umělou nohu a praštili ho s ní přes hlavu.
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

2. Švejks anabase til Budějovice


© 2009 - 2018 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 19/8-2018