Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (170) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

2. I Budapest

Kis Színkören flag
Google kartsøk

Kis Színkör er nemnd i kommentar av Ságner som las i Pester Lloyd at skodespelarinna Weiner skulle opptre der.

Bakgrunn

Kis Színkör var eit teater og kabaret i Városliget (byparken) i Budapest, grunnlagd i 1904.

Kjelde: László Polgár

Sitat
[3.2] Zklamal se však úplně, neboť hejtman Ságner, kterému přinesl batalionsordonanc Matušič ze stanice večerní vydání „Pester Lloydu“, řekl, dívaje se do novin: „Tak vida, ta Weinerová, kterou jsme viděli v Brucku vystupovat pohostinsky, hrála zde včera na scéně Malého divadla.“

Skrivst òg:Small Theatre en Vesle Teater nn Malé divadlo cz Kleines Theater de Kis Színkör hu

Firma Löwensteinen flag
Google søk

Firma Löwenstein forsynte hæren med høy. Truleg var det kalla opp etter eigaren. Her er det snakk om at stasjonskommandanten i Pest har lurt unna to vogner med høy som han selde til dette firmaet.

Bakgrunn

Firma Löwenstein kan vel ha vore eit verkeleg firma, eller i det minste modellert etter eit eksisterande føretak. I adresseboka for Wien frå 1915 er fleire Löwenstein firma oppførde, men ingen av dei leverer høy eller passar til beskrivelsen ellers.

Sitat
[3.2] Musí to zas zaplatit sám. Takových návštěv je denně několik. Už na to praskly dva vozy se senem, které dal zatáhnout na slepou kolej a které prodal firmě Löwenstein, vojenským dodavatelům sena, jako se prodává žito nastojatě. Erár zas ty dva vagony od nich koupil, ale on je tam nechal pro jistotu dál stát.
U staré paníen flag
Michalská ul. 441/11, Praha I
Google kartsøk

U staré paní var puben der Matějů fekk knust kjeften med ein murstein. Dette kan Švejk fortelja som apropos til at Herr István vart slegen i auget med ei høne.

Bakgrunn

U staré paní var ein pub i Staré Město, no restaurant og hotell.

Sitat
[3.2] To vyrazili ,U starý paní’ soustružníkovi Matějů celou sanici cihlou za dvacet zlatejch, s šesti zubama, a tenkrát měly peníze větší cenu než dnes.
Filipaen flag
Google søk

Filipa er med i Švejk si oppfatning av Dub sitt sitat av Shakespeare om Filippi. Her konkluderer han ovafor Jurajda med at Dub er "buserant" (homoseksuell).

Bakgrunn

Filipa var utfrå teksten ein stad der homoseksuelle møttest, utan tvil vert det referert til ein stad i Praha.

Sitat
[3.2] „Pro nás, poslušně hlásím, pane lajtnant. Podívejte se, co má sádla.“ Poručík Dub odcházel bruče: „U Filippi se sejdeme.“ „Cože ti říkal?“ obrátil se k Švejkovi Jurajda. „Ale dali jsme si schůzku někde u Filipy. Voni tihle vznešení páni bejvají obyčejně buseranti.“
Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

2. I Budapest


© 2009 - 2017 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 12/5-2018