Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Forfattaren

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt
Jaroslav_Hasek_obad.jpg

Jaroslav Hašek som nyutskriven frå det tsjekko-slaviske handelsakademiet i Praha, 1902

Jaroslav Hašek (30.april 1883 - 3.januar 1923), forfattar av romanen Lagnaden til den gode soldat Švejk i verdskrigen og over 1500 forteljingar, levde eit kort men uvanleg stormfult liv. Han var fødd i Praha, då ein del av Austerrike-Ungarn. Foreldra, Josef Hašek og Kateřina Jarešová var begge innflyttarar frå Sør-Bøhmnen, med bakgrunn i det ein kan kalla den utdanna bondestand. Faren var hjelpelærar, seinare banktilsett, men døydde alt i 1896. Etter dette fekk familien økonomiske vanskar og flytta heile 15 gonger gjennom oppveksten til den unge Jaroslav. Trass den omskiftande oppveksten fekk ha: seg ei god utdanning men viste seg snart ute av stand til å tilpassa seg ein ordna livsførsel. Derimot vart han ein kreativ og produktiv forfattar, trass det uryddige tilveret og det etter kvart store alkoholforbruket.

Alt før Den gode soldat Švejk vart skriven (1921-22) hadde Jaroslav Hašek ry som ein framståande satirikar, men var også kontroversiell grunna ein periode som aktiv anarkist. Hašek var òg kjend for sine mange påfunn. Mellom anna stifta han "Partiet for måteleg framsteg innafor rammene av lova", som dels var eit forum for karikering av dåtidas politiske elite, dels vart stifta for å auka omsetjinga til skjenkestaden der partimøta vart heldne. Han var stadig i konflikt med politiet, både grunna tilknytninga til anarkist-rørsla men flest gonger grunna ordensforstyrrelsar og fyll. Han vart arrestert fleire gonger og i minst tre tilfelle fengsla.

hasekfoto_0015.jpg

Hašek gifta seg i 23.5 1910 med Jarmila Mayerová som han hadde vore på friarføter til sidan 1906. Foreldra hennar var sterkt mot forholdet grunna Jaroslav Hašek sine anarkistiske aktivitetar og uryddige livsførsel. Ekteparet fekk i 1912 sonen Richard men like etterpå forlet Hašek familien og såg dei ikkje att før i 1921. Familielivet hadde passa han dårleg, og han tok no opp att sin tidlegare bohémlivsførsel.

jarda_jarmila.jpg

Jaroslav og Jarmila, Karlovo náměstí

Før 1905 var han ofte på lange vandringar, noko som gav rikt stoff til forteljingane hans og det seinare meisterverket Osudy dobrého vojaka Švejka za světove valky. På desse reisene var han ofte pengelens, overnatta ute og tok seg mykje fram til fots. Etter brotet med familien i 1912 tok han opp att desse vandringane, no lokalt i Böhmen og saman med kameraten Matěj Kuděj.

hasek_kamarady_kiev.jpg

Jan Šípek, Jaroslav Hašek, Václav Menger. Berezne, Ukraina (hausten 1917).

Krigsutbrotet i 1914 førde til store endringar i ha: sitt liv. Han vart i februar 1915 utskriven til krigsteneste, send til fronten i Galicia, og let seg ta til fange av russarane 24. september same året. Tida i hæren gav rikt stoff til den seinare romanen om Švejk; mange geografiske detaljar og andre omstende syner samsvar mellom forfattaren sine opplevingar og romanen. I fangeleir i Russland fekk Hašek tyfus, ein sjukdom som tok livet av tusenvis av hans medfangar. Frå juni 1916 var han på frifot og arbeidde som rekrutteringsagent for Den tsjekkoslovakiske brigaden i Russland. Han var òg journalist for den tsar-tru vekeavisa Čechoslovan i Kiev. Hašek var i denne perioden sterk nasjonalistisk og støtta dessutan tsar-regiment som han såg på som beste garantisten for ein framtidig tsjekkisk stat. Etter diverse uheldige episodar vart han tidleg i mai 1917 send til fronten som vanleg soldat. Den satirske artikkelen Den tsjekkiske Pickwick-klubben (Revoluce 6.5 1917), førte i tillegg til disiplinærsak. Hašek deltok i slaget ved Zborów 2.7 der han dels stod ovafor sine eigne landsmenn. Ein av motstandarane var Klement Gottwald som i 1948 vart Tsjekkoslovakias fyrste kommunistiske president.

Den russiske revolusjonen 7.november 1917 og den påfølgjande fredsavtalen mellom den nye Sovjet-staten og sentralmaktene gjorde vidare krigføring meinigslaus for dei tsjekkoslovakiske styrkane i Russland. Dei vart formelt stilte under fransk kommando, og det vart bestemt at dei skulle flyttast over til vestfronten via Vladivostok. Denne avgjerda var Jaroslav Hašek ueining i. Han forlet det tsjekkoslovakiske armekorpset og i mars 1918 melde han seg til teneste for dei tsjekkiske sosialdemokratane (kommunistane) i Moskva. Desse hadde som mål å få tsjekkarene til å bli i Russland og slutta seg til revolusjonen. I april same året tok Hašek steget fullt ut og braut formelt med den tsjekkoslovakiske armeen. I mai 1918 gjorde tsjekkoslovakane opprør mot det unge kommunist-regimet, noko som førde Hašek i direkte konflikt med sine tidlegare kameratar. Han og mange andre tsjekkiske kommunistar vart stempla som landssvikarar og det vart sendt ut arrestordre på dei (Omsk 25.7 1918). No var alle bruer brende og frå oktober 1918 arbeidde han direkte for bolsjevikane sin 5.arme.

hasek_vystup.jpg

Hašek kunngjer at han forlet den tsjekkiske hæren avdi han er ueinig med overflyttinga til Frankrike(13. april 1918).

I Russland gjorde han lynkarriere. Han var medarbeidar i politisk avdeling i den 5.arme og ferda gjekk heilt til Irkutsk der han òg vart medlem av by-sovjetet. Hašek var ansvarleg for propaganda og rekruttering blandt dei mange utanlandske krigsfangane som dreiv rundt i Russland i kaoset under borgarkrigen. Hašek gav ut materiale både på russisk, tsjekkisk, tysk, basjkir, ungarsk og burjat. Han gifta seg på nytt medan han var i Sibir; med Alexandra Lvova. Dette til trass for at han ikkje var formelt skild med Jarmila.

Hausten 1920 endra omstenda seg brått att. Bosjevikane hadde no vunne borgarkrigen og dei mange utlendigane som hadde arbeidd for dei vart overflødige. Hašek og mange med han vart send tilbake til heimlanda av Komintern for å hjelpa kommunistrørsla der. 24.oktober forlet Jaroslav Hašek Irkutsk og dukka opp att i Praha 19.desember. Gjennom tida i den 5.armé var Hašek for fyrste gong i fast arbeid i meir enn eit halvt år om gongen og han hadde slutta å drikka. Tilbake i Praha kom han derimot fort inn i gamle spor og kommunistrørsla fekk svært så lite nytte av han. Om Hašek var kontroversiell i førkrigs-Praha var han det ikkje mindre no; det trua rettsforfylgjing avdi han hadde forlete det tsjekkoslovakiske amrekorpset (legionane) og han var òg i søkelyset grunna bigami.

hasek_1921a.jpg

Hašek tilbake i heimlandet(1921).

I februar 1921 byrja han å skriva Švejk, ein roman som var planlagd utgjeven i seks deler. Fyrste delen gjorde han fort ferdig hjå venen Franta Sauer i Žižkov.Boka, fyrst gjeven ut som hefte, vart ein umiddelbar suksess. Den 25.august same året flytta han til Lipnice nad Sázavou der han fullførde to nye deler. Helsa gjekk det derimot fort nedover med, det harde livet hadde teke på og han var dessutan vorte farleg overvektig. Han vann ikkje å gjera ferdig fjedre delen før han døydde av hjartestans på morginkvisten 3. januar 1923, knapt 40 år gammal.

Det er kome ut ei rekke biografiar om Jaroslav Hašek, rett nok mest på tsjekkisk. Sjølvbiografisk materiale er det derimot lite av. Nesten alt ein veit om han i dag byggjer på nedskrivingane til folk som kjende han. Dertil kjem opplysningar frå ulike arkiv. Den beste skrivne kjelda for eit norsk publikum er The Bad Bohemian av Cecil Parrott, mannen bak den andre av dei tre omsetjingane av Den gode soldaten Švejk til engelsk. Biografien til Parrott er i stor grad bygd på Radko Pytlík sitt standardverk, Toulavé house. Pytlík er rekna som den fremste nolevande eksperten på Hašek og fleire av bøkene hans er omsette til andre språk. Det finst òg original-litteratur om Hašek på tysk, mellom anna den nokså spekulative men godt dokumenterte Der Vater des braven Soldaten Schweik av Gustav Janouch.


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 15/9-2018