Tooltip container
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Erzherzog Franz Ferdinand og Herzogin Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28. juni 1914.

Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 manglar enno rundt 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga. Heinrich Heine som historisk person. Otto Katz som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive romanfigurar har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (580) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet

© 2009 - 2020 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 15/1-2021