Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Franz Ferdinand og Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

Den gode soldaten Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevarane av denne vev-sida. I januar 2014 manglar enno 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive personar faktisk har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Sjå m.a. Lukáš og Wenzl.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (585) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen

Erzherzog Franz Ferdinanden flag
*18.12.1863 Graz - †28.6.1914 Sarajevo
Wikipedia czdeenhuno Google søk

Franz Ferdinand var den Ferdinand Švejk ikkje kjende. Romanen startar med at fru Müllerová fortel Švejk at "dei har slege i hel vår Ferdinand". Švejk kjenner to som heiter Ferdinand, ein apotekartenar og ein som samlar hundelort. Ikkje før fru Müllerová opplyser om at det er den tjukke, gudfryktige frå Konopiště som er skoten, skjønar ein at det er snakk om det lagnadstunge attentatet i Sarajevo.

Bakgrunn

Franz Ferdinand var brorson til keisar Franz Joseph I og tronarving i Austerrike-Ungarn i frå 1896 til 1914. Han vart myrda i Sarajevo i 1914 saman med kona Sophie, ei hending som indirekte utløyste fyrste verdskrigen. Hans fulle namn var Franz Ferdinand Carl Ludwig Joseph Maria von Österreich-Este. Han eigde slottet Konopiště der familien oppheldt seg mykje.

Franz Ferdinand sine sine politiske synspunkt var relativt liberale. Han var motstandar av preventiv krigføring mot Serbia og han gjekk inn for ein omdanning av Austerrike-Ungarn til ein føderal stat der dei slaviske folka vart stilte på likefot med tyskarar og ungararar.

Linkar

Sitat
[1.1] „Tak nám zabili Ferdinanda,“ řekla posluhovačka panu Švejkovi, který opustiv před léty vojenskou službu, když byl definitivně prohlášen vojenskou lékařskou komisí za blba, živil se prodejem psů, ošklivých nečistokrevných oblud, kterým padělal rodokmeny.

Skrivst òg:Ferdinand Hašek František Ferdinand cz Ferenc Ferdinánd hu

Paní Müllerováen flag
Google søk

Müllerová var tenestejente heime hjå Švejk. Fyrste dialog i romanen er mellom desse to, dei diskuterer nyheita om attentatet i Sarajevo der tronarving Franz Ferdinand og kona vart myrda av serbiske nasjonalistar. Ho hadde lese om skota i avisa så samtalen fann nok stad 29.juni 1914 (kveldsavisenen dagen kom på trykk før nyhenda kom).

Fru Müllerová vert deretter ikkje nemnd att før Švejk vart sett fri i [I.6]. Då hadde ho alt leigd ut rommet hans til andre.

I neste kapittelet kjem den vidkjende scena då gamle fru Müllerová trillar Švejk til sesjon i rullestol. Siste gongen den gode soldaten er heime [I.10] finn han ut den stakkars dama vart arrestert same kvelden som han var til sesjon og at ho hadde vorten send til konsentrasjonsleiren Steinhof.

Bakgrunn

Ei mogeleg inspirasjonskjelde er ei viss Marie Müllerová, veninna til redaktør Michal Kacha som var ein av Hašek sine kameratar frå anarkist-rørsla (Radko Pytlík). Ei anna hypotese er at ho fekk namnet sitt frå Marie Müllerová, visstnok ei bordellmamma ved sida av U kalicha (Jan Berwid-Buquoy). Men det var mange som heitte Müller i Praha på den tida (7537 oppføringar i politiregistera mellom 1850 og 1914, av dei 531 berre på Marie), så her er det rom for ytterlegare spekulasjonar.

Müllerová er ikkje med i dei to tidlege versjonane av Švejk, men i Dobrý voják Švejk v zajetí vert rolla hennar delvis spela av Švejk sin tenar Bohuslav som skyv sjefen sin avgarde til opptakskommisjonen i rullestol. Dette tyder på at Müllerová knapt er meir enn eit namn som vert tildelt ei litterær rolle.

Linkar

Kjelde: Radko Pytlík, Jan Berwid-Buquoy

Sitat
[1.1] „Tak nám zabili Ferdinanda,“ řekla posluhovačka panu Švejkovi, který opustiv před léty vojenskou službu, když byl definitivně prohlášen vojenskou lékařskou komisí za blba, živil se prodejem psů, ošklivých nečistokrevných oblud, kterým padělal rodokmeny. Kromě tohoto zaměstnání byl stižen rheumatismem a mazal si právě kolena opodeldokem. „Kerýho Ferdinanda, paní Müllerová?“ otázal se Švejk, nepřestávaje si masírovat kolena, „já znám dva Ferdinandy.
Ferdinanden flag
Google søk

Ferdinand var tenar hjå Drogerie Průša og drakk opp ei flaske hårbalsam ved uhell. Dette var den fyrste Ferdinand Švejk kjende.

Bakgrunn

Ferdinand er truleg inspirt av ein av forfattarane sine kollegaer frå lærlingetida si som apotekar i 1898 og 1899. Han nemner ofte ein Ferdinand i ein samling soger "Frå det gamle apoteket". I desse forteljingane er eigaren av apoteket rettnok ein viss Kološka, ikkje Průša. Sjå Drogerie Kokoška.

Linkar

Sitat
[1.1] „Kerýho Ferdinanda, paní Müllerová?“ otázal se Švejk, nepřestávaje si masírovat kolena, „já znám dva Ferdinandy. Jednoho, ten je sluhou u drogisty Průši a vypil mu tam jednou omylem láhev nějakého mazání na vlasy, a potom znám ještě Ferdinanda Kokošku, co sbírá ty psí hovínka. Vobou není žádná škoda.“
Průša, Františeken flag
*Votice 17.10.1862 - †Král. Vinohrady 22.5.1915
Google søk
prusa2.png

Národní politika, 27.9.1902

prusa1.png

Adresář královského hlavního města Prahy, 1910

Průša var eigaren av apoteket der Ferdinand gjorde teneste.

Bakgrunn

Průša var eigar av apoteket Drogerie PrůšaTylovo náměstí i Královské Vinohrady. Jaroslav Hašek arbeidde her som lærling ei tid mellom mars 1898 og september 1899. Akkurat når han starta er uvisst, men det hende etter at han hadde vorte oppsagd på Drogerie Kokoška.

Apotekaren var fødd i 1862 i Votice, var gift med Mathilde (f. 1872) og dei fekk sonen Rudolf. Familien flytta til Královské Vinohrady i 1893 og budde der sidan. Ellers veit me lite om han men avisannonsar viser at apoteket eksisterte minst fram til 1915, året han døydde. I 1916 kunne Čech melda at enkja vart utsett for eit grovt svindelforsøk, men at gjerningsmannen vart arrestert og dømd til 5 månaders fengsel. Av dødsprotokollen kjem det fram at Průša fekk hjerneslag, at han leid av sukkersykje og budde i Vinohrady čp. 603 då han gjekk bort.

Annonsar frå ein apotekar Fr. Průsa dukka opp alt i 1890 men då frå Kamenice nad Lipou. Likevel kan det slåast fast at det dreiar seg om den same Průša ettersom politiregisteret oppgjev at sonen Rudolf var fødd i nettopp Kamenice i 1893.

Průša er det fyrste av mange døme på korleis forfattaren dreg inn fragment frå sine eigne opplevingar for å skapa bakteppet til romanen. Sjølv om Průša her virkar som ein oppdikta person er han henta frå det verkelege liv. Dette er truleg tilfelle med dei fleste av dei "fiktive" personane i novella; svært få namn var rein oppdikting. Rolla deira i forteljinga kan vera forvridd eller mystifisert men namna var sjeldan tilfeldige.

Linkar

KjeldeRadko Pytlík, Jaroslav Šerák

Sitat
[1.1] Jednoho, ten je sluhou u drogisty Průši a vypil mu tam jednou omylem láhev nějakého mazání na vlasy, a potom znám ještě Ferdinanda Kokošku, co sbírá ty psí hovínka. Vobou není žádná škoda.“

Skrivst òg:Pruscha de

Kokoška, Ferdinanden flag
Google søk

Kokoška plukka hundeskit. Han var den andre Ferdinand Švejk kjende.

Bakgrunn

Namnet er nok inspirert av den likenamnde Kokoška, forfattaren sin sjef ved Drogerie Kokoška i 1898. Hašek skal ha vorte oppsagd av han etter å ha teikna om ansiktet på ei ku slik at den likna sjefen. Her gjer forfattarenm han ytterlegare til narr ved å la han samla hundelort.

Kjelde: Václav Menger

Sitat
[1.1] Jednoho, ten je sluhou u drogisty Průši a vypil mu tam jednou omylem láhev nějakého mazání na vlasy, a potom znám ještě Ferdinanda Kokošku, co sbírá ty psí hovínka. Vobou není žádná škoda.“
Herzogin Sophie Chotek von Chotkowaen flag
*1.3.1868 Stuttgart - †28.6.1914 Sarajevo
Wikipedia czdeenhuno Google søk

Sophie vert i romanen aldri nemnd med namn, berre omtala som "erkehertuginna som køyrde i ein automobil i Sarajevo saman med erkehertugen sin". Švejk er tydelegvis ikkje klar over at ho òg vart skoten, ettersom han omtalar ho som ei enkje som må finna seg ein ny erkehertug, ein endå tjukkare ein.

Bakgrunn

Sophie var ei böhmisk adelsdame og gift med den austerrikske og ungarske tronarvingen Franz Ferdinand. Ho mista livet saman med mannen i Sarajevo. Ho vart aldri godteken som kongeleg i Habsburg-dynastiet ettersom ho var av lågare byrd. Borna til Sophie og Franz Ferdinand hadde dermed ikkje arverett til trona. Fullt namn: Sophie Maria Josephine Albina Gräfin Chotek von Chotkowa und Wognin.

Linkar

Sitat
[1.1] „Práskli ho v Sarajevu, milostpane, z revolveru, vědí. Jel tam s tou svou arcikněžnou v automobilu.“ „Tak se podívejme, paní Müllerová, v automobilu. Jó, takovej pán si to může dovolit, a ani nepomyslí, jak taková jízda automobilem může nešťastně skončit.

Skrivst òg:Žofie Chotková cz Sophie Chotek von Chotkowa de Chotek Zsófia hu

Guden flag
Wikipedia czdeennnno Google søk
gud.jpg

Gud slik Michelangelo såg han for seg.

Gud vert her vist til av Švejk som sler fast ovafor Müllerová at erkehertugen Franz Ferdinand no kviler i Guds fang. Det er sjølvsagt den kristne Gud det er tale om. Gud vert nemnd mange gonger i romanen, mest gjennom kraftuttrykk som Himmelherrgott!.

I [I.12] nemner den relegiøse feltpresten Herren ikkje mindre enn tre gonger i same andedrag, rettnok påverka av sterkdrykk.

Bakgrunn

Gud er ein mytisk skikkelse frå bibelen og er det viktigaste symbolet i dei tre monoteistiske verdsrelegionane av semittisk opphav: jødedomen, kristendomen og islam. Ordet "gud" kan òg ha ei meir allmenn betydning, mellom anna i polyteistiske relegionar som Åsatrua.

Den fromme feltpresten i [I.12] nemner Herren heile tre gonger i same andedrag, rettnok sterkt påvirka av drykk.

Sitat
[1.1] „Tak se podívejme, paní Müllerová, v automobilu. Jó, takovej pán si to může dovolit, a ani nepomyslí, jak taková jízda automobilem může nešťastně skončit. A v Sarajevu k tomu, to je v Bosně, paní Müllerová. To asi udělali Turci. My holt jsme jim tu Bosnu a Hercegovinu neměli brát. Tak vida, paní Müllerová. On je tedy pan arcivévoda už na pravdě boží. Trápil se dlouho?“
[1.12] "Já mám pánaboha rád," ozval se nábožný polní kurát, začínaje škytat, "moc ho mám rád. Dejte mně trochu vína. - Já si pánaboha vážím," pokračoval potom, "moc si ho vážím a ctím. Nikoho si tak nevážím jako jeho." Uhodil pěstí do stolu, až láhve poskočily: "Bůh je vznešená povaha, cosi nadpozemského.

Skrivst òg:Bůh cz Gott de God en

Kaiser Franz Joseph I.en flag
*18.8.1830 Wien - †21.11.1916 Wien
Wikipedia czdeenhuno Google søk
franzjoseph.jpg

Franz Joseph tilskiten av fluger. Biletet er ei gåve frå John Rocarek, Zenny Sadlon, og Mary Keenan Sadlon. Cedar Rapids (Iowa), 30. august 2014.

Franz Joseph I. er omtala i fyrste kapittelet som "herr keisaren" men vert nemnd direkte fleire gonger seinare i boka. Han vert tema i diskusjonen på U kalicha etter at Palivec avslører at flugene har drite på eit portrett av han.

Bakgrunn

Franz Joseph I. var keisar av Austerrike og frå "Ausgleich" i 1867 krona som konge av Ungarn. Regjeringstida hans varde frå 1848 til 1916. Regjeringsperioden hans er såleis den tredje lengste nokonsinne i Europa. Han kom til makta som attenåring etter revolusjonen i 1848 og var den fyrste tida å rekna som svært konservativ. Den unge monarken var i starten lite populær og vart i 1853 utsett for eit attentatforsøk. Året etter gifta han seg med syskenbarnet sitt, Elisabeth zu Bayern (Sisi). Dei fekk fire born.

Keisaren opplevde mange personlege tragediar: eldste dottera døydde to år gamal, broren Maximilian (sjå Maximiliano I) vart avretta i Mexico, tronarving Rudolf gjorde sjølvmord, og i 1914 vart brorsonen Franz Ferdinand myrda i Sarajevo. Keisaren var heller upopulær blandt tsjekkarar avdi han nekta å la seg krona til konge av Böhmen.

Linkar

Sitat
[1.1] „To se samo sebou rozumí, paní Müllerová,“ řekl Švejk, konče masírování kolen, „kdybyste chtěla zabít pana arcivévodu, nebo císaře pána, tak byste se jistě s někým poradila.

Skrivst òg:Francis Joseph I Parrot František Josef I/Franz Josef I Sadlon František Josef I cz Franjo Josip I hr I. Ferenc József hu Franciszek Józef I pl František Jozef I sk Franc Jožef I sl Франц Йосиф I ua

Lucheni, Luigien flag
*22.4.1873 Paris - †19.10.1910 Genève
Wikipedia czdeenfrit Google søk

Lucheni vert nemnd av Švejk i samband med utgreiinga ovafor fru Müllerová om diverse potentat-mord.

Bakgrunn

Lucheni var ein fransk-fødd anarkist av italiensk avstaming som budde mesteparten av livet i Sveits. Han myrda keisarinne Elisabeth zu Bayern av Austerrike-Ungarn i Genève i 1898. Han fekk livstidsdom for mordet (Sveits hadde avskaffa dødsstraffa) og tok seinare livet av seg i fengselet. Namnet vert ofte skrive Luccheni, som òg Hašek brukar.

Sitat
[1.1] Hlavní věcí je vyčíhat na ten moment, až takovej pán jede kolem. Jako, jestli se pamatujou, na toho pana Luccheniho, co probod naši nebožku Alžbětu tím pilníkem. Procházel se s ní.

Skrivst òg:Luccheni Hašek

Kaiserin Elisabeth zu Bayernen flag
*24.12.1837 München - †10.9.1898 Genève
Wikipedia czdeenhuno Google søk
sissi.jpg

Zlatá Praha, 16.9.1898

sissi1.png

Kourier an der Donau, 1.1.1838

sissi.png

Journal de Genève, 11.9.1898

Elisabeth zu Bayern vert omtala som "keisarinna" av Švejk i samband med utgreiinga hans for Müllerová om ulike majestetsdrap. Sjølv om namnet henner ikkje er nemnd direkte avslører opplysninga om at gjerningsmanne var Lucheni at det er snakk om henne.

Bakgrunn

Elisabeth zu Bayern var keisarinne av Austerrike, dronning av Ungarn, populært kalla Sisi (seinare Sissi) og gift med keisar Franz Joseph I.. Hennar fulle namn var Elisabeth Amalie Eugenie, Herzogin in Bayern.

Elisabeth zu Bayern var nest eldste dottera til hertug Max Joseph av Bayern frå den kongelege bayerske Wittelsbach-slekta, og del av ein syskenflokk på åtte. Berre sytten år gamal gifte ho seg med syskenbarnet sitt keisar Franz Joseph I. i det ein kan kalla eit dynastisk arrangert ekteskap. Paret fekk fire born, men levde ellers mest frå kvarandre. Etter "Ausgleich" vart ho 8.juni 1967 krona til dronning av Ungarn.

Keisarinna/dronninga var svært populær og har i ettertid oppnådd legendestatus. Ho har vore tema i eit utal spelefilmar, skodespel, ballettar, bøker og teiknefilmar.

Myrda

Hendinga som Švejk viser til fann stad 10.september 1898 i Genève. Den unge anarkisten Lucheni (som eigentleg planla å myrda hertugen av Orleans) stakk keisarinna i brystet med ei kvesst fil kl. 12:40 om ettermiddagen og klokka 15:50 vart ho lyst død. Mordet vart rapportert i avisene i Wien alt om kvelden og vekte stor oppstand over heile verda. Gjerningsmannen vart arrestert og identifisert alt same kveld.

Linkar

Sitat
[1.1] Hlavní věcí je vyčíhat na ten moment, až takovej pán jede kolem. Jako, jestli se pamatujou, na toho pana Luccheniho, co probod naši nebožku Alžbětu tím pilníkem. Procházel se s ní.

Skrivst òg:Alžběta cz Erzsébet hu

Tsar Nikolaj IIen flag
*18.5.1868 Sankt-Peterburg - †17.7.1918 Jekaterinburg
Wikipedia czdeennnru Google søk
nikolaj1.png

Národní listy, 18.3.1917

Nikolaj II vert nemnd av Švejk i samband med utgreiinga hans for fru Müllerová om ulike majestetsdrap, og nemner at det ein dag kan henda til og med tsaren og tsarevna.

Bakgrunn

Nikolaj II var tsar av Romanov-dynastiet og den siste tsar av Russland. Styret hans varde frå 1894 til 1917 då han vart avsett under Februarrevolusjonen (15. mars). Han var frå september 1915 øvstkommanderande for Russland sine væpna styrkar etter å ha avløyst syskenbarnet sitt Nikolaj Nikolajevitsj. 17. juli 1917 vart han og familien avretta av bolsjevikane, noko som er rekna som eit av dei mest betydningsfulle politiske drap i nyare tid.

Nikolaj var rekna som ein svak og udugeleg herskar, men har etter 1990 fått ei viss post-mortem oppreising. Fyrst vart han i 1998 offisielt gravlagd og i 2000 vart han helgenerklært av den russisk-ortodokse kyrkja.

Eit paradoks er at Jaroslav Hašek i 1916 og 1917 var tilhengar av tsar-dømet og at han til og med gjekk inn for å setja inn ein prins av Romanov-dynastiet på den tsjekkiske trona etter den antatte sigeren i verdskrigen og den fylgjande oppløysinga av Austerrike-Ungarn.

Linkar

Sitat
[1.1] A vono to čeká ještě moc osob. A uvidějí, paní Müllerová, že se dostanou i na toho cara s carevnou, a může být, nedej pánbůh, i na císaře pána, když už to začli s jeho strýcem. Von má, starej pán, moc nepřátel.

Skrivst òg:Mikuláš II cz Nikolaus II de Nicholas II en Николай II ru

Tsaritsa Alexandraen flag
*6.6.1872 Darmstadt - †17.7.1917 Jekaterinburg
Wikipedia czdeennoru Google søk

Alexandra vert nemnd av Švejk i samband med utgreiinga hans for Müllerová om ulike majestetsdrap, og nemner at det ein dag kan henda til og med tsaren og tsarevna.

Bakgrunn

Alexandra var keisarinne av Russland frå 1894 til 1917, gift med tsar Nikolaj II. Ho vart avretta saman med familien i Jekaterinburg (Екатеринбу́рг) 17. juli 1917. Den gode soldaten sin spådom viste seg å verta verkeleg litt over tre år seinare.

Geboren: Victoria Alix Helena Louise Beatrice von Hessen und bei Rhein.

Sitat
[1.1] A vono to čeká ještě moc osob. A uvidějí, paní Müllerová, že se dostanou i na toho cara s carevnou, a může být, nedej pánbůh, i na císaře pána, když už to začli s jeho strýcem. Von má, starej pán, moc nepřátel.

Skrivst òg:Alix de Александра ru

Browning, John Mosesen flag
*21.1.1855 Ogden - †26.11.1926 Liège
Wikipedia czdeenno Google søk
browning.jpg

Våpenet som drap Franz Ferdinand.

Browning vert gjennom pistol-merket sitt nemnd av Švejk i samband med utgreiinga hans for fru Müllerová om kva våpen han ville brukt på ein erkehertug.

Bakgrunn

Browning var ein amerikansk våpenkonstruktør. Han laga både pistolar, rifler, hagler og maskin-gevær. Franz Ferdinand vart skoten med ein belgisk-produsert Browning halv-automatisk pistol (FN Model 1910).

Sitat
[1.1] „To jde náramně rychle, paní Müllerová, strašně rychle. Já bych si na takovou věc koupil brovnink. Vypadá to jako hračka, ale můžete s tím za dvě minuty postřílet dvacet arcivévodů, hubenejch nebo tlustejch.
Rei Carlos Ien flag
*28.9.1863 Lisboa - †1.2.1908 Lisboa
Wikipedia deenptsv Google søk
carlos1.jpg

Světozor, 14.2.1908

Carlos I vert nemnd indirekte av Švejk i samband med utgreiinga hans for fru Müllerová om kva våpen han ville brukt på ein erkehertug. På tjukke myndigheitspersonar som den portugisiske kongen trengdest eit skikkeleg våpen som ein Browning.

Bakgrunn

Carlos I var konge av Portugal frå 1889 fram til han vart myrda av republikanske aktivistar i 1908. Portugal gjekk konkurs to gonger i hans levetid, ein av desse var under styret hans, i 1902.

Carlos I var dei siste leveåra sine nokså tjukk, akkurat som Švejk sa. Han vart rettnok drepen av rifleskot og ikkje med ein Browning som den gode soldaten hevda.

Nome completo: Carlos Fernando Luís Maria Vítor Miguel Rafael Gabriel Gonzaga Xavier Francisco de Assis José Simão de Bragança Sabóia Bourbon Saxe-Coburgo-Gotha.

Linkar

Sitat
[1.1] Ačkoliv, mezi námi řečeno, paní Müllerová, že do tlustýho arcivévody se trefíte jistějc než do hubenýho. Jestli se pamatujou, jak tenkrát v Portugalsku si postříleli toho svýho krále. Byl taky takovej tlustej. To víte, že král nebude přece hubenej.
Princip, Gavriloen flag
*25.7.1894 Obljaj - †28.4.1918 Terezín
Wikipedia czdeennosr Google søk

Princip vert nemnd indirekte i samtalen mellom Švejk og fru Müllerová når dei diskuterer dei som utførda drapa i Sarajevo.

Bakgrunn

Princip var ein av attentat-mennene som deltok i komplottet for å drepa Franz Ferdinand i Sarajevo 28.juni 1914. Princip og hans medsamansvorne var trena av og handla på ordre av den serbiske nasjonalist-gruppa Den Svarte Hand, som hadde utspring i det serbiske militæret. Desse hadde som mål å samla alle serbarar i eit større Serbia.

Det var Princip som fyrde dei dødelege skota etter at fleire forsøk hadde mislukkast i minutta før. Princip prøvde å gjera sjølvmord men vart hindra frå det og arrestert på staden. Rettsaka stod på slutten av 1914. Han fekk livstidsdom men døydde i fengsel alt i 1918, så han rakk aldri å oppleva det større Serbia som Jugoslavia på mange måtar vart.

Sitat
[1.1] Já si představuju, že se pan arcivévoda Ferdinand také v tom Sarajevu zmejlil v tom člověkovi, co ho střelil. Viděl nějakého pána a myslil si: To je nějakej pořádnej člověk, když mně volá slávu. A zatím ho ten pán bouch. Dal mu jednu nebo několik?“

Skrivst òg:Гаврило Принцип sr

Detektiv Bretschneideren flag
Google søk

Bretschneider var sivil agent i teneste hjå statspolitiet. Han møtte ŠvejkU kalicha og prøvde å få han og verten Palivec til å kompromittera seg i samband med attentatet i Sarajevo. Han lukkast i begge tilfella. Bretschneider høyrer me om for siste gong i [I.6] når Švejk er på frifot att. Denne gongen fekk han ingen på limpinnen, og forfattaren sender han ut av soga på miserabelt vis med å opplysa lesaren om at detektiven vart eten av hundane han hadde kjøpt av Švejk. Bretschneider er den einaste personen av dei som deltek direkte i handlinga som vert drepen.

Bakgrunn

Bretschneider er truleg framstilt etter ein verkeleg person i K.u.k. Staatspolizei i Praha. Jaroslav Hašek var sjølv ofte i politiet sitt søkelys grunna si tilknytning til anarkist-rørsla og han kjende mange i politi-etaten. Emil Artur Longen hevdar at modellen for Bretschneider var ein viss Václav Spanda, og at denne og Hašek hadde møttest i Berlin i 1920 (lite truleg). I Longen si bok vert samanhengen beskriven i detalj.

Ein meir sannsynleg modell er Hynek "Alexandr" Mašek som prøvde å infiltrera anarkist-rørsla ved fleire høve, og som Jaroslav Hašek skreiv om i Po stopách státní policie v Praze. Her går det fram at Mašek var dobbeltagent i det tsjekkiske emigrantmiljøet i Russland, og artikkelen førde til at han vart arrestert og seinare avretta. Kan det vera denne avrettinga Jaroslav Hašek viser til symbolsk når han let Bretschneider verta eten av eigne hundar?

Namnet Bretschneider kan ha fleire kjelder: politimannen Josef Brettschneider som budde i Košíře samtidig med Hašek, eller bilethoggaren Vladimír Bretschneider som forfattaren personleg kjende. Ein viss Karel Bretschneider var politimann busett i Kinského tř. 31 i Smíchov i 1891, eksakt kva periode han tenestegjorde i er ikkje kjendt.

Radko Pytlík: Kniha o Švejkovi, s.146: Policejní strážník Josef Brettschneider, uveden ve statu pražské policie roku 1910, bydlel v Košířích č. 177, tedy v rajónu Světa zvířat; sochař Vladimír Bretschneider byl jedním z blízkých Haškových kamarádů.

Linkar

KjeldeRadko Pytlík, Břetislav Hůla (LA PNP)

Sitat
[1.1] V hospodě „U kalicha“ seděl jen jeden host. Byl to civilní strážník Bretschneider, stojící ve službách státní policie.
Hostinský Palivecen flag
Google søk

Palivec var krovert på U kalicha og kjend for sin vulgære språkbruk. Han var samtidig ein mann som hadde lese mykje utan at dette hadde forfina språkføringa hans det minste. Han vart arrestert av detektiv Bretschneider etter å ha kome med eit ytra noko om flugene som besudla eit portrett av keisaren. For det uheldige utsagnet fekk han 10 års straffarbeid.

I etterordet til del 1 kjem det fram at han sat inne til krigen var slutt. I same etterordet held forfattaren fram Palivec som eit symbol for retten hans til å gjengi ting som dei vart sagt, utan å måtta slipa det til for den meir sensitive delen av lesarmassen, eller til tidas krav til sømeleg språkbruk.

Av biografiske detaljar kjem det fram at Palivec var gift og kona arbeidde i baren, han hadde gjort militærteneste i Bosnia og at han sympatiserte med organisasjonen Volná myšlenka (Fri tanke).

Bakgrunn

Palivec kan vel ha hatt ein modell frå det verkelege liv. I 1989 hevda Jan Berwid-Buquoy at denne var Václav Šmíd som skal ha vore vert på U kalicha i 1914 og var kjend for det grove språket sitt. Same kjelda hevdar at ein Josef Palivec var kelnar på same staden.

Radko Pytlík finn det derimot truleg at ein viss Josef Šolc var førebiletet for Palivec. Šolc var vert på ein pub i nærleiken, på hjørna av Sokolská ulice og Fügnerovo nám og dette var ein pub forfattaren kjende godt.

Det som er udiskutabelt er at kroverten på U kalicha i 1910 og i 1913 var Vilém Juris, og at to ulike Václav Šmíd dreiv vertshus andre stader. I 2011 har Berwid-Buquoy endra pubverten sitt namn til Josef Šmída), og legg til at han dreiv U kalicha saman med Vilém Jurisch og at sistnemnde døydde om våren 1914. Deretter skal Šmída ha drive puben åleine. Politiregister viser 180 oppslag på Palivec frå 1850 til 1914 så her er det mange kandidatar. Den same kjelde stadfester at Juris var fødd i 1871, men omstende kring hans bortgang kan ikkje stadfestast. I ein artikkel i Prager Presse 5.desember 1929 hevdar Maximilian Huppert at den tidlegare verten på U kalicha, Ferdinand Juris enno levde. Om dette er ei samanblanding med nokre andre veit me ikkje.

Linkar

Sitat
[1.1] V hospodě „U kalicha“ seděl jen jeden host. Byl to civilní strážník Bretschneider, stojící ve službách státní policie. Hostinský Palivec myl tácky a Bretschneider se marně snažil navázat s ním vážný rozhovor. Palivec byl známý sprosťák, každé jeho druhé slovo byla zadnice nebo hovno. Přitom byl ale sečtělý a upozorňoval každého, aby si přečetl, co napsal o posledním předmětě Victor Hugo, když líčil poslední odpověď staré gardy Napoleona Angličanům v bitvě u Waterloo.
Hugo, Victoren flag
*28.2.1802 Besançon - †22.5.1885 Paris
Wikipedia czdeenfrnnno Google søk

Hugo var ein forfattar Palivec hadde lese og gjerne siterte. Palivec brukte Hugo som forsvar for det vulgære språket sitt. Det er nok her referert til ein passasje i "Les Misérables" der det berømte mot de Cambronne, som omhandlar Napoléon's gamle garde i slaget ved Waterloo, er sitert.

General Cambronne skal ha kome med fylgjande enkle svar til general Colville då sistnemnde bad han overgje seg: Merde!.

Bakgrunn

Hugo var ein fransk forfattar og politikar som både ga ut poesi, drama og romanar. I Frankrike er han rekna som ein av landets fremste poetar gjennom tidene. Den mest kjende romanen er nok "Les Misérables". Hugo var òg ein betydeleg politisk aktivist og måtte dra i eksil nokre år. Etter heimkomsten i 1870 vart han valgd inn i sentatet. Han var ein kjend menneskerettsforkjempar.

Sitat
[1.1] Palivec byl známý sprosťák, každé jeho druhé slovo byla zadnice nebo hovno. Přitom byl ale sečtělý a upozorňoval každého, aby si přečetl, co napsal o posledním předmětě Victor Hugo, když líčil poslední odpověď staré gardy Napoleona Angličanům v bitvě u Waterloo.
Lasarusen flag
Wikipedia czdeenno Google søk

Lasarus vert nemnd i dialog av Švejk som låg bunden som Lasarus i to dagar etter å vorte arrestert i militæret med 20 knappar for lite på uniforma.

Bakgrunn

Lasarus var namnet på to personar i det nye testamentet. Den eine var ein fattig mann i Lukas-evangeliet, nemnd i ei likning. Den andre var Lasarus av Bethania, bror til Marta og Maria, og som sto Jesus svært nær. Det var denne Jesus vekte opp frå dauden og nesten sikkert han Švejk har i tankane.

Sitat
[1.1] Jednou se pamatuji, že mně scházelo při takové přehlídce dvacet knoflíků u munduru a že mě zavřeli za to na čtrnáct dní do ajnclíku a dva dni jsem ležel jako lazar, svázanej do kozelce.

Skrivst òg:Lazar cz Lazarus de Lazarus en

Oberleutnant Makovecen flag
Google søk

Makovec var ein av offiserane til Švejk under fyrstegongstenesta. Han er omtala som "Obrlajtnant Makovec", og er framstilt som ein lite sympatisk figur og ein disiplinfanatikar. Eit av dei mest kjende sitata i romamen kjem frå Makovec: "I hæren må det disiplin til, dykkar toskar".

Bakgrunn

Makovec vert i høgtlesinga til Jan Werich av ukjend grunn omtala som Michal Makovec.

Sitat
[1.1] Náš obrlajtnant Makovec, ten nám vždycky říkal: ,Disciplina, vy kluci pitomí, musí bejt, jinak byste lezli jako vopice po stromech, ale vojna z vás udělá lidi, vy blbouni pitomí? A není to pravda? Představte si park, řekněme na Karláku, a na každým stromě jeden voják bez discipliny. Z toho jsem vždycky měl největší strach.“
Ludvík, Břetislaven flag
*31.7.1882 Praha - †6.12.1956 Praha
Google søk

Ludvík var ein krøterhandlar som vart stukken ned på torget i Budějovice i fylgje ei av Švejk sin mange og lange anekdoter. Denne assosierer krøterhandlarar med keisarfamilien og medverka sterkt til at Švejk vart arrestert av Bretschneider.

Bakgrunn

Namned er lånt av ein journalist og multikunstnar, som i politibøkene i 1913 er oppførd som "Schauspieler". Han var barndomskamerat av Jaroslav Hašek, og i 1946 gav han ut ei lita bok med tittelen Kdo je Jaroslav Hašek i serien Kven er. Ludvík innrømmer at han vart sint så han såg korleis namnet hans vart brukt, og opplyser dessutan at han møtte den tidlegare kameraten sin flyktig i 1922.

Ein av dei meir fantasifulle påstandane i boka er at Hašek møtte Benito Mussolini i Trento. Historia er arva frå Václav Menger som legg møtet til 1906 og brukar Josef Mach som kjelde.

Historikaren Renzo de Felice antyder til og med at dette møtet inspirerte den seinare diktatoren si interesse for Jan Hus. Så seint som i 2013 vart temaet brukt i filmen Toulavé house av Vít Olmer.

Ludvík er eit godt døme på korleis forfattaren kunne låna eit namn og tileigna det ein literær figur som hadde absolutt ingen ting til felles med originalen.

Pavel Helan

Mussolini and Hašek both visited Switzerland and Trentino, but never at the same time. The information about contacts between the two may be found in Břetislav Ludvík’s Kdo je Jaroslav Hašek (Prague, 1946) 15-16, but the source is unreliable, even if Hašek himself was the informant. This tenuous account reached de Felice in a telephone conversation from Claudio Poeta, an Italian student in Prague in the mid-1970s, as Poeta told me in 1999.

Linkar

Kjelde: Pavel Helan

Sitat
[1.1] U nás před léty v Budějovicích probodli na trhu v nějaké takové malé hádce jednoho obchodníka s dobytkem, nějakého Břetislava Ludvíka.
Ludvík, Bohuslaven flag
Google søk
bludvik.png

Politiregsitrering 1911

Ludvík var son til Ludvík i krøterhandlar-anekdota til Švejk. Han gjorde sjølvmord ved å hoppa i Vltava frå ei bru. Sjå Most v Krumlově.

Bakgrunn

Ein einaste person med dette namnet var registrert av politiet i Praha mellom 1850 og 1914. Han var fødd i 1883, registrert i Nusle i 1904. Han var jamngamal med Jaroslav Hašek, og budde i eit område forfattaren kjende godt, men det kan ikkje påvisast at dei to hadde kontakt.

Linkar

Sitat
[1.1] U nás před léty v Budějovicích probodli na trhu v nějaké takové malé hádce jednoho obchodníka s dobytkem, nějakého Břetislava Ludvíka. Ten měl syna Bohuslava, a kam přišel prodávat prasata, nikdo od něj nic nekoupil a každý říkal: ,To je syn toho probodnutýho, to bude asi také pěknej lump.’ Musel skočit v Krumlově s toho mostu do Vltavy a museli ho vytáhnout, museli ho křísit, museli z něho pumpovat vodu a von jim musel skonat v náručí lékaře, když mu dal nějakou injekci.“
Pinďouren flag
Google søk
pindour.jpg

Ein typisk viltoppsynsmann frå Zliv

Pinďour var ein viltoppsynsmann frå Zliv i den upassande anekdota som Švejk fortel BretschneiderU kalicha. Her vert både oppsynsmenn, damrøktarar og grisegjeldarar indirekte jamførde med monarkar. Pinďour vart skoten av krypskyttarar. Pinďour var eit svært stygt namn ifylgje Švejk. Namnet betyr "liten pikk" men dette vert av naturlege årsaker ikkje direkte uttalt i romanen. Oppsynsmannen vart skoten av krypskyttarar og etterlet seg nettopp enkja som heile anekdota er spunnen rundt.

Sitat
[1.1] To byl ve Zlivi u Hluboké před léty jeden hajný, měl takové ošklivé jméno Pinďour.

Skrivst òg:Pinscher Reiner

Šavel, Pepíken flag
Google søk

Šavel var ein viltoppsynsmann frå Mydlovary i anekdota Švejk fortalde på U kalicha (sjå Pinďour). Han vart gift med enkja etter Pinďour og vart som han skoten av krypskyttarar. Analogien til skota i Sarajevo tente ikkje Švejk godt ovafor Bretschneider.

Bakgrunn

Pepík er ei tsjekkisk kortform av Josef.

Sitat
[1.1] To byl ve Zlivi u Hluboké před léty jeden hajný, měl takové ošklivé jméno Pinďour. Zastřelili ho pytláci a zůstala po něm vdova s dvěma dítkami a vzala si za rok opět hajného, Pepíka Šavlovic z Mydlovar. A zastřelili jí ho taky.

Skrivst òg:Pepi Schawlowitz Reiner Rohwolt (2001) Schewla-Pepi Reiner (Aufbau 2009)

Fyrsten på Hlubokáen flag
*18.3.1832 Wien - †5.10.1914 Libějovice
Google søk

Fyrsten på Hluboká vert nemnd i anekdoten til Švejk om enka etter viltoppsysnsmannene som møter opp på kontoret til fyrsten på Hluboká nad Vltavou for å be om råd.

Bakgrunn

Fyrsten på Hluboká er kanskje Adolf Joseph Schwarzenberg, den 8. hertugen av Schwarzenberg og den største landeigaren i Sør-Bøhmen. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at det kan ha vore sonen Johann II (1860-1938) ettersom begge nok levde på tidspunktet anekdota viser til ("for mange år sidan"). Dei hadde òg tittelen Hertug av Krumlov, ein anna av eigedomane til Schwarzenberg-slekta.

Linkar

Sitat
[1.1] To se ví, že jí ho zas zastřelili, a to už měla s těmi hajnými šest dětí dohromady. Byla až v kanceláři knížete pána na Hluboké a stěžovala si, že má s těmi hajnými trápení.

Skrivst òg:Kníže na Hluboké cz Der Fürst in Hluboká de The prince at Hluboká en

Baštýř Jarešen flag
Google søk
jares.png

Národní listy, 2.10.1889

Jareš var damvaktar frå Ražická bašta i anekdota Švejk fortalde på U kalicha. Han vart gift med enkja etter Pinďour og Šavel men drukna under utfiskinga av ein dam. Enkja enda til slutt opp med ein grisegjeldar frå Vodňany men vart slegen i hel av denne. Grisegjeldraren ytra dei verste ukvemsord om keisaren då han vart hengd i Písek. Denne anekdoten har nok vore sterkt medvirkande til Švejk sin arrestasjon.

Bakgrunn

Antonín Jareš (1806-1889) var morfar til Jaroslav Hašek og damvaktar i Ražice. Namnet blir brukt opp att på andre personar i tre samanhengar seinare i romanen; ein gong i Švejk sin samtala med tenestjenta til oberst Kraus, og to gonger i ein anekdote som vart fortald i Švarcenberský ovčín.

Bestefar Jareš budde dei siste åra sine hjå dottera og familien i Praha, og vart her kjend med den seinare så vidkjende sonesonen sin. Det er ingen tvil om at han har inspirert både namna her i romanen, og i tillegg sju sogar om damvaktaren på Ražická bašta som kom ut i Veselá Praha i 1908.

Linkar

Sitat
[1.1] Tak jí odporučili porybnýho Jareše ražické bašty. A co byste řekli, utopili jí ho při lovení rybníka, a měla s ním dvě děti.
Kronprinz Rudolfen flag
*21.08.1858 Laxenburg - †30.01.1889 Mayerling
Wikipedia czdeenhusv Google søk

Rudolf vert nemnd av Švejk då han ramsar opp for Bretschneider dei personlege tragediane som råka keisaren gjennom livet.

Bakgrunn

Rudolf var kronprins og arving til tronene av Austerrike-Ungarn og einaste son til Franz Joseph I. og Elisabeth zu Bayern. Han gjorde sjølvmord saman med elskarinna Maria Vetsera på slottet Mayerling utafor Wien. Rudolf leid under sterke stemnings-svingingar men det har likevel vorte spekulert over om det verkeleg var sjølvmord. Dødsattesten nemner "åndeleg forvirring". Dramaet frå Mayerling har vorte filmatisert mange gonger, mellom anna i ein fransk/britisk produksjon frå 1968 med Omar Sharif i rolla som Rudolf.

Den frittenkjande kronprinsen levde eit utsvevande liv, vart morfinavhengig etter behandling for kjønns-sjukdomar og smitta kona si med gonoré, noko som gjorde henne steril. Rudolf var politisk liberal og tilkytta Fritenkjarrørsla. Dei politiske haldningane hans førde til at han vart helden utafor det gode selskap ved hoffet der faren hindra at han fekk politisk innflytelse.

Sitat
[1.1] Syna Rudolfa ztratil v útlém věku, v plné mužské síle.
Orth, Johannen flag
*25.11.1852 Firenze - †12.7.1890 (?) Cabo tres Puntas
Wikipedia deenhuitsv Google søk

Orth vert nemnd av Švejk under oppramsing til Bretschneider av tragediane som hadde råka keisaren gjennom livet.

Bakgrunn

Orth var erkehertug av huset Habsburg og prins av Toscana. Hans verkelege namn var Johann Salvator, det borgarlege namnet Orth tok han i 1889 etter å ha sagt frå seg alle fyrstelege rettar. Dette skjedde etter ein konflikt med hoffet då han ville gifta seg med dansarinna Ludmilla Stubel, ei dame langt under hans rang. Namnet Orth tok han etter slottet han eigde i Salzkammergut. Etter brotet med hoffet måtte han forlata landet. Han hadde alt skaffa seg kapteinslisens og prøvde seg no innafor kommersiell skipsfart. I 1890 drog han til London der han kjøpte frakteskipet Saint Margaret og la ut på eit oppdrag til Argentina og Chile. Skuta vart borte i ein storm ved Cabo Tres Puntas rundt 12.juli 1890.

Det fulle namnet hans var Giovanni Nepomuceno Salvatore Maria Giuseppe Giovanni Ferdinando Baldassare Lodovico Carlo Zenobio Antonino d'Asburgo-Lorena.

Spekulasjonar

Kva som hende er enno uvisst og det har stadig dukka opp rykte om at han overlevde. Han vart offisielt lyst død i 1911, men i 1945 hevda ein viss Alexander Hugo Köhler frå Kristiansand på dødsleiet at han var Orth. Saka var oppe i den norske retten både i 1945 og 2007 og vekte merksemd òg i Austerrike. Forskarar ved universitet i Bergen har likevel lita tru på påstandane til Köhler og etterkomarane hans.

Drill oder Erziehung
drill2.png

Drill oder Erziehung, side 11. Når den intelligente soldaten er tilsynelatande lydig.

drill.png

Konklusjonen i Drill oder Erziehung

Det finst i romanen endå ein referanse til Orth, om enn obskur og indirekte, fyrst påpeika av Sergej Soloukh i 2012. I Marek sin omtale av Dauerling i [II.3] vert det vist til boka Drill oder Erziehung der det i fylgje Marek står at frykt er grunnleggjande i trening av soldaten og at kor vellukka treninga er avheng av kor mykje soldaten vert terrorisert. Dette skriftet på 22 sider eksisterer men innhaldet stemmer dårleg med beskrivelsen Marek gjev og kan knappast he inspirert Dauerling og hans disiplinætyranni. Boka er eit avtrykk av eit foredrag Orth (då framleis Erzherzog Johann) heldt 3. november 1883 i Militär-Wissenschaftlichen Vereine zu Wien og det vart trykt på deira forlag. Det nemnde sitat er ikkje å finna å skriftet, og det var nettopp denne typen kadaverdisiplin Erzherzog Johann gjekk ut mot. Marek sin påstand om at det vart trykt av Kriegsministerium stemmer heller ikkje. I Dobrý voják Švejk v zajetí vert boka endåtil omtala som ei militær lærebok.

Drill oder Erziehung er eit skarpt åtak på K.u.k. Heer si overdrevne vektlegging av drill på bekostning av utdanning i den militære oppplæringa. Det vekte stor harme og forverra det alt belasta forholdet mellom den frilyndte erkehertugen og dei etablerte militære kretsane. Johann hadde òg ei viss tyngde utover å vera av Habsburg-slekta: han var yrkemilitær og kommandant for 25. Infanterie-Truppendivision og utmerka seg under okkupasjonen av Bosnia­-Hercegovina­ i 1878. Då han heldt det provokative foredraget hadde den 41 år gamle erkehertugen alt oppnådd rangen Feldmarschall-Leutnant.

Linkar

Sitat
[1.1] Manželku Alžbětu mu propíchli pilníkem, potom se mu ztratil Jan Orth; bratra, císaře mexického, mu zastřelili v nějaké pevnosti u nějaké zdi.

Skrivst òg:Jan Orth cz Orth János hu Giovanni Orth it

Emperador Maximiliano Ien flag
*6.6.1832 Wien - †19.6.1867 Santiago de Querétaro
Wikipedia czdeenesno Google søk
maximillian.jpg

Keisar av Mexico, av Mathew Brady, rundt 1864.

Maximiliano I vert omtala av Švejk som keisaren av Mexico i hans utlegning for Bretschneider om tragediane som råka Franz Joseph I. Han vart skoten ved ein eller anna mur i ei eller anna festning sa Švejk.

Bakgrunn

Maximiliano I var erkehertug av huset Habsburg og bror til Franz Joseph I. Han vart innsett som keisar av Mexico av franskmennene i 1863, men avretta der i 1867 på Cerro de las Campanas i Querétaro etter eit opprør leia av den liberale Benito Juárez.

Hans fulle namn og tittel var Ferdinand Maximilian Joseph von Österreich.

Sitat
[1.1] Manželku Alžbětu mu propíchli pilníkem, potom se mu ztratil Jan Orth; bratra, císaře mexického, mu zastřelili v nějaké pevnosti u nějaké zdi.
Paní Palivcováen flag
Google søk

Palivcová sto gråtande att på U kalicha ved slutten av [I.1] då mannen vert førd bort av Bretschneider. Palivec trøysta ho med att ho ikkje trong frykta polititet berre på grunn av at flugene hadde skite på keisarportrettet.

Fru Palivec dukkar opp att i kapittel [I.6] etter at Švejk er på frifot att. I [I.11] nektar ho Švejk servering fordi ho trur han er desertør. Dette er det siste me høyrer om ho.

Sitat
[1.1] A zatímco vedli Švejka do přijímací kanceláře, „U kalicha“ předával pan Palivec hospodu své plačící ženě, těše ji svým zvláštním způsobem: „Neplač, neřvi, co mně mohou udělat kvůli posranýmu obrazu císaře pána?“
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen


© 2009 - 2018 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 14/11-2018