Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Franz Ferdinand og Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

Den gode soldaten Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevarane av denne vev-sida. I januar 2014 manglar enno 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive personar faktisk har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Sjå m.a. Lukáš og Wenzl.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (585) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

11. Švejk på feltmesse med feltpresten

St Adalberten flag
*956 Libice nad Cidlinou - †23.4.997 Truso
Wikipedia czdeensv Google søk
adalbert.jpg

St. Adalbert i Praha, Václavské náměstí.

St Adalbert vert av forfattaren omtala som ein kjeltring som brukte krosset i eine handa og sverdet andre i myrderia og utryddinga av dei slaviske folka i Baltikum. Det er feltmesse-institusjonen som er temaet.

Bakgrunn

St Adalbert var ein tsjekkisk misjonær, martyr og helgen som breidde kristendomen i fleire land. Han leid martyrdøden i forsøka på å kristna baltarane og vart seinare skytshelgen for Böhmen, Polen, Ungarn og Preussen. På mange språk er han omtala som St.Adalbert frå Praha.

Sitat
[1.11.1] Nic se nezměnilo od té doby, kdy loupežník Vojtěch, kterému přezděli „svatý“, účinkoval s mečem v jedné a křížem v druhé ruce při vraždění a vyhubení pobaltických Slovanů.

Skrivst òg:Svatý Vojtěch cz Adalbert von Prag de Adalbert of Prague en

Guillotin, Joseph-Ignaceen flag
*1770 Paris - †1823 Paris
Wikipedia czdeenfrno Google søk
guillotin.jpg

Exécution de Marie Antoinette le 16 octobre 1793

Guillotin (eller rettare avrettingapparatet som ber namnet hans) vert av forfattaren omtala under omtalen hans av avrettings- og feltmesse-rituale.

Bakgrunn

Guillotin var ein fransk lækjar og politikar som 10. oktober 1789 i nasjonalforsamlinga føreslo ei reform av avrettingsprosessen; lik metode uansett klasse, formål å avslutta livet utan unødvendige pinsler osb. Resultatet av forslaget var at det vart sett i gang utvikling av eit falløks-apparat. Frå 1792 vart det teke i bruk og gjorde avrettingar langt raskare, mindre smertefull og var eit stort framsteg frå tidlegare barbariske metodar.

Spesielt er giljotinen kjend frå den franske revolusjonen der mange prominente hovud rulla. Apparatet vart òg brukt i Sveits, dessutan i Tyskland og okkuperte land under nazismen. I Austerrike-Ungarn var henging i Würgegalgen den offisielle avrettingsmetoden.

Sitat
[1.11.1] V Prusku vodil pastor ubožáka pod sekyru, v Rakousku katolický kněz k šibenici, ve Francii pod gilotinu, v Americe kněz na elektrickou stolici, ve Španělsku na židli, kde byl důmyslným způsobem uškrcen, a v Rusku bradatý pop revolucionáře atd.
Kolaříken flag
Google søk
kolarik.jpg

Kolařík - Katz - Švejk

Kolařík var ein from pensjonert lærar i Vršovice som hadde kjøpt sofaen til Katz og gjeve bort feltaltaret som låg inni. Han hadde trudd at altaret var ei guds gåve som han plikta å gje vidare til det lokale kyrkjesoknet. Katz og Švejk framheva at altaret var militær eigedom og at slik lausleg omgang med den kunne få dei verste konsekvensar. Sjå Vršovice kostel.

Sitat
[1.11.2] Ve Vršovicích v bytě pana učitele, starého nábožného pána, čekalo je nemilé překvapení. Naleznuv polní oltář v pohovce, starý pán domníval se, že je to nějaké řízení boží a daroval jej místnímu vršovickému kostelu do sakristie, vyhradiv si na druhé straně skládacího oltáře nápis: „Darováno ku cti a chvále boží p. Kolaříkem, učitelem v. v. Léta Páně 1914.“ Zastižen jsa ve spodním prádle, jevil velké rozpaky.
Pivoňkaen flag
Google søk

Pivoňka var ein mann frå Chotěboř som hadde tileigna seg statens eigedom og lide ein heller ublid lagnad som resultat. Švejk fann det på sin plass å opplysa den gudfryktige læraren Kolařík om dette avdi sistnemnde hadde nettopp gjeve bort feltaltaret til den lokale kyrkja. Den vitskremde gamle mannen skjøna dermed alvoret i det han hadde gjort.

Bakgrunn

Pivoňka er eit namn som dukkar opp i minst ei av sogene til Jaroslav Hašek. Ein av dei var ein kaptein i Frelsesarmeen som vitja Pardubice, nemnd i soga Zápas s Armádou spásy (Kopřivy, 26.januar 1921). Inspirasjonen kan òg ha kome frå forfattaren si vitjing i Chotěboř i 1912, der utfallet vart soga Zrádce národa v Chotěboři.

Radko Pytlík skriv i Data, fakta, dokumenty (2013) at Pivoňka var sektretær på skattekontoret i Chotěboř. Han møtte Hašek i 1912 og dei to vitja fleire vertshus saman. Kjelde til denne opplysninga er ukjend, og Jaroslav Šerák legg til at ingen Pivoňka er innskriven i fødsels- og døds-protokollane frå Chotěboř mellom 1880 og 1929. Han kan sjølvsagt ha flytta hit, men å stadfesta dette må verta eit tema for vidare granskingar.

Linkar

KjeldeRadko Pytlík,Jaroslav Šerák

Sitat
[1.11.2] „Na útraty vojenského eráru, to se rozumí,“ řekl tvrdě a drsně Švejk, „zaplaťpánbůh za takový boží řízení. Nějakej Pivoňka z Chotěboře považoval jednou také za boží řízení, když se mu do rukou připletla ohlávka s cizí krávou.“
Oberleutnant Witingeren flag
Google søk
witinger.png

Schematismus für das k. u. k. Heer ... 1914

Witinger var ein overløytnant frå Infanterieregiment Nr. 75 som lånte bort pokalen som Katz som brukte den som kalk ved feltmessa. Pokalen hadde offiseren vunne for mange år sidan då han sprang for Sport-Favorit. Han var ein god løpar og skrytte gjerne av at han hadde sprunge 40 kilometer Wien - Mödling på 1:48.

Bakgrunn

Witinger skal ha tilhøyrd Infanterieregiment Nr. 75, ei eining som var forlagd i Jindřichův Hradec og Salzburg i 1914. Det ville såleis ha vore sjeldan ein kom utfor offiserar frå dette regimentet i Praha på denne tida. Sjå Just.

Opplysningane i romanen om avstand og tid stemmer òg heller dårleg. Om Witinger hadde rett var tida han sprang på langt over verdsrekorden i maraton. Sjå Mödling.

Witinger var ikkje eit vanleg namn i Praha på soldaten vår si tid, men det bortimot like Wittinger var utbreidd. Eventuelle inspirasjon for figuren finn ein truleg mellom desse.

Ingen spor i K.u.k. Heer

Det var ingen offiser med namnet Witinger i K.u.k. Heer i 1914 eller åra fr, og berre ein Wittinger. Den siste var reserveløytnanten Edmund Wittinger, oppførd i Traindivision Nr. 4 i Budapest. At denne personen skal ha hatt noko å gjera med figuren i romanen er høgst usannsynleg.

Sitat
[1.11.2] Tak dostaneme sportovní pohár od nadporučíka Witingra od 75. pluku. On kdysi před lety běhal o závod a vyhrál jej za ,Sport-Favorit’. Byl to dobrý běžec. Dělal čtyřicet kilometrů Vídeň-Mödling za 1 hodinu 48 minut, jak se nám vždycky chlubí. Jsem hovado, že všechno odkládám na poslední chvíli. Proč jsem se, trouba, nepodíval do té pohovky.“
Dalton, Johnen flag
*6.9.1766 Eaglesfield - †27.7.1844 Manchester
Wikipedia czdeenno Google søk

Dalton er indirektet nemnd gjennom omgrepet daltonist (ein person som lid av fargeblindheit) når det glorete feltaltaret til Katz vert levande omtala av forfattaren.

Bakgrunn

Dalton var ein framståande vitskapsmann i fysikk og kjemi, og kjend for forskninga si på fargeblindheit, som han sjølv leid av. Daltonisme har gått inn i fleire språk som ordet for fargeblindheit, spansk og fransk blandt dei. Det eit synonym i mange fleire, mellom dei tsjekkisk og norsk. Dalton budde nesten heile livet sitt i Manchester.

Linkar

Kjelde: Wikipedia (en)

Sitat
[1.11.2] Oltář skládal se ze tří dílů, opatřených hodně falešným pozlátkem, jako celá sláva církve svaté. Nebylo také možno zjistit bez fantasie, co vlastně představují obrazy namalované na těch třech dílech. Jisto je, že to byl oltář, kterého by mohli stejně používat nějací pohani na Zambezi či šamáni Burjatů i Mongolů. Opatřen řvavými barvami, vypadal zdáli jako barevné tabule určené pro zkoumání daltonistů na železné dráze.
Moritz Mahleren flag
Google søk

Moritz Mahler vert indirekte nemnd gjennom det jødiske firmaet med same namn i Wien som laga relegiøst utstyr, i dette tilfellet feltaltaret til Katz.

Bakgrunn

Firmatet kan ikkje påvisast i adresseboka for Wien, 1915. Firma som leverte relegiøse artefaktar har sjølvsagt eksistert, men det virkar som om namnet er eit reint påfunn. Firmaet Moritz Löwenstein i [III.2] ser ut til å vera ein variant over same temaet.

Sitat
[1.11.2] Slavný polní oltář byl od jedné židovské firmy, Moritz Mahler ve Vídni, která vyráběla všemožné mešní potřeby a předměty náboženské, jako růžence a obrázky svatých.
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

11. Švejk på feltmesse med feltpresten


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 29/6-2019