Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Franz Ferdinand og Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

Den gode soldaten Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevarane av denne vev-sida. I januar 2014 manglar enno 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive personar faktisk har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Sjå m.a. Lukáš og Wenzl.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (581) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

13. Švejk gir den siste olje

Němcová, Boženaen flag
*4.2.1820 Wien - †21.1.1862 Praha
Wikipedia czdeenno Google søk
nemcova1.png

Pestrý týden, 19.1.1927

nemcova2.png

České národní báchorky a pověsti, Díl I

nemcova.png

Moravské noviny, 24.1.1862

nemcova3.png

Das Vaterland, 26.1.1862

Němcová vert nemnd når Švejk fortel Katz at å finna olje signa av ein biskop blir verre enn å finna livets vatn i eventyra av Němcová.

Bakgrunn

Němcová var ei betydeleg tsjekkisk forfattarinne som skreiv forteljingar, eventyr og dikt. Det meste kjende verket hennar er derimot ein roman: Babička (Bestemor) er rekna blandt dei store i tsjekkisk litteratur. Den kjende filmen Tre nøtter for Askepott (1973) er bygd på eventyret hennar frå 1845 kalla O Popelce (om Askepott).

Livets vatn

Eit av eventyra som Švejk viser til er visseleg Om den snakkande fuglen, livets vatn og dei tre gyldne epletrea. Denne kom fyrst på trykk i 1846 og har vore med i mange samleutgåver opp gjennom åra. Sjå link A.

Livsløp

Němcová var fødd Barbara Pankl i Wien, men familien flytta til Böhmen før ho var eitt år gamal. Faren var ein tysk (austerriks) kusk, mora ei tsjekkisk tenestjenta. Němcová vaks opp i Ratibořice ved Náchod og gifte seg med den 15 år eldre stastenestemannen Josef Němec då ho var 17. Ekteskapet kom i stand etter påtrykk frå foreldra. Paret hadde fire born men det var eit ulukkeleg ekteskap, og Němcová hadde fleire utanomekteskapelege forhold.

I 1842 flytta familien til Praha der ho kom i kontakt med leiande personar i den tsjekkiske nasjonale oppvekkingsrørsla. På denne tida byrja ho å skriva og i 1844 kom dei fyrste forteljingane ut. På denne tida endra ho òg namnet sitt til det meir typisk tsjekkiske Božena.

Familien flytta ofte og dei siste åra leid Němcová av sjukdom og fattigdom og ho var berre 42 år gamal då ho døydde 21.januar 1862. Gravferda fann stad tre dagar etterpå og stod i sterk kontrast til dei tronge kåra ho levde under dei siste åra av livet sitt. Til stades var ei stor folkemengde og mellom dei var ei rekkje kjende personar frå politiske og litterære krinsar. Ho vart gravlag på Vyšehrad og grava hennar er enno der.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Švejk vypravil se tedy na cestu za olejem posvěceným od biskupa. Taková věc je horší než hledání živé vody v pohádkách Boženy Němcové.
Tauchenen flag
Google søk

Tauchen var assistent i butikken til Firma Polák. Det var han Švejk kjøpte Hampfrøolje Nr.3 av. Denne skulle brukast som siste olje ved Vojenská nemocnice Karlovo náměstí. Det var krevd at olja var signa av ein biskop.

Bakgrunn

Tauchen er eit namn som dukkar opp òg seinare i romanen når Švejk fortel Vaněk om læretida si hjå Drogerie Kokoška og denne Tauchen er likeleis apotekar-assistent. Tauchen (i den lett omskrivne forma Tauben) hadde alt i 1909 funne innpass i forfattarskapet til Jaroslav Hašek; denne var assistent hjå Kološka (les Kokoška) i dei åtte forteljingane "Frå det gamle apoteket" Veselá Praha. Det er høgst truleg at desse tre variantane av Tauchen er inspirert av forfattaren si eiga tid som apotekarlærling i 1898-99. Det har til denne dag (2017) ikkje lukkast å slå fast kven den verkelege Tauchen var.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Když Švejk přišel a přál si za deset korun olej posvěcený od biskupa, řekl šéf k příručímu: „Nalejou mu, pane Tauchen, deset deka konopného oleje čís. 3.“
Johannes Chrysostomosen flag
*347 Antiokia - †14.9.407 Komana Pontika
Wikipedia czdeennnno Google søk

Johannes Chrysostomos vart sitert av Katz etter at han hadde hatt ein innpåsliten pengeinnkrevar på besøk: "Den som ærar presten ærar Kristus og den som spottar Krist spottar presten som er hans sanne representant på jorda".

Bakgrunn

Johannes Chrysostomos var ein gresk kyrkjefader som blei utropt til helgen med minnedag 13. september. Han var vidkjend for retorikk- og preikeevnene sine. Namnet Chrysostomos, som er gresk for 'gullmunn', viser til denne evna.

Sitat
[1.13] „Vidíte, Švejku, jak to dopadá s takovým člověkem, který nectí kněze,“ usmál se polní kurát. „sv. Jan Zlatoústý řekl: ,Kdo ctí kněze, ctí Krista, kdo příkoří činí knězi, činí příkoří Kristu pánu, jehož zástupcem právě kněz jest.’

Skrivst òg:Jan Zlatoústý cz John Chrysostom en

Boušeken flag
Google søk
bousek.png

Adresář obce libeňské, 1896

Boušek var ein kar frå Libeň som var umogeleg å kasta ut frå U Exnerů. I ei av sine velvalgde analogiar samanlikna Švejk han med den innpåslitne pengelånaren som plaga Katz.

Bakgrunn

Det ingen med dette namnet i adresseboka for Libeň frå 1896, men derimot dukkar det opp eit par Bouček. Heller ikkje i politiregistera har det lukkast å finna nokon Boušek.

Sitat
[1.13] „Poslušně hlásím, pane feldkurát,“ poznamenal Švejk, „že je to hotovej nezmar, jako nějakej Boušek z Libně. Vosumnáctkrát za večer ho vyhodili od ,Exnerů’, a vždycky se jim tam vrátil, že tam zapomněl fajfku.
Oberleutnant Janataen flag
Google søk
janata.png

Verlustliste Nr. 85, 23.12.1914

Janata var ein offiser som fall ved Drina utan å ha betalt gjelda si på 700 kroner til pengeutlånaren som plaga Katz.

Bakgrunn

Namnet Janata dukkar opp fleire gonger i tapslistene frå krigen. Databasen med falne frå dagens Tsjekkia og Slovakia inneheld 13 namn, men det virkar som ingen av desse personane døydde ved Drina eller hadde rang som overløytnant.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Vytáhl zápisník z kapsy a pokračoval: „Mám to všechno zapsáno. Nadporučík Janata dluhoval mně 700 korun a odvážil se padnout na Drině.
Leutnant Prášeken flag
Google søk

Prášek var ein løytnant vart teken til fange av russarane utan å ha betalt skulda til pengeutlånaren.

Bakgrunn

I likheit med Janata er heller ikkje nokon løytnant Prášek å finna i lister over falne tsjekkarar og slovakar. Tre personar med dette namnet og frå dette området fall under krigen. Mange fleire vart derimot såra i fylgje Verlustlisten, men det har ikkje lukkast å finna ein einaste ein som kan identifiserast som ein løytnant Prášek som fall ved den russiske fronten.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Poručík Prášek upadl na ruské frontě do zajetí, a je mně dlužen na 2000 korun.
Hauptmann Wichterleen flag
Google søk

Wichterle var ein kaptein som let seg slå i hel av eigne soldatar ved Rawa Ruska utan å ha gjort opp skulda til pengeutlånaren.

Bakgrunn

Ingen Wichterle er oppførd i databasen med falne i fyrste verdskrigen Verdsomfattande væpna konflikt som føregjekk frå 1914 til 1918. Dannar bakteppet for romanen som desse web-sidene handlar om. (soldatar frå dagens Tsjekkia og Slovakia). Heller ikkje i Verlustlisten fins dette namnet, ei i lister over offiserar i K.u.k. Heer frå 1914. Det einaste som dukkar opp under søk på Wichterle er eit maskinvarefirma i Prostějov.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Hejtman Wichterle, dluhující mně stejný obnos, dal se zabít pod Ruskou Ravou vlastními vojáky.
Oberleutnant Macheken flag
Google søk
machek.png

Schematismus ..., 1914

machek1.png

Nachrichten über Verwundete und Verletzte, 21.1.1915

machek2.png

Národní listy, 10.2.1915

Machek var ein overløytnant som sat fanga i Serbia trass ubetalt gjeld på 1500 kroner til pengeutlånaren.

Bakgrunn

I Armeeschematismus frå 1914 er faktisk ein Oberleutnant Viktor Machek oppførd. Han tenestegjorde dette året ved 3. Tyroler Kaiserjägerregiment. Han vart forfremja til kaptein 1. juli 1915 og var framleis oppførd hjå same regimentet.

I lista over såra og skadde 21. januar 1915 kjem det fram at Machek var innlagd på sjukehus i Wien etter å ha vorte skoten i lunga. Det vert òg nemnd at han var fødd i Praha i 1886. I Verlustliste Nr. 116 frå 29. januar er han tilsvarande oppførd som "Verwundet". Likevel er den tsjekkiske utgåva slik den vart trykt i Čech og Národní listy uklår. Her kan oppfattast som om han vart teken til fange. Národní politika gjer det derimot klårt at når ikkje noko er skrive, er det snakk om ein såra soldat.

Rangen stemmer, Machek var fødd i Praha og det kan utfrå det tsjekkiske aviser skreiv oppfattast som om han var teken til fange. Familien budde i Vinohrady, ein stad Jaroslav Hašek kjende svært så godt. Dette gjer at ein ikkje kan sjå vekk frå at forfattaren på eit vis kobla sin litterære figur med den verkelege Viktor Machek.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Nadporučík Machek zajat v Srbsku, dluhuje mně 1500 korun. Je zde víc takových lidí.
Feldkurat Matyášen flag
Google søk
matyas.png

Schematismus für das kaiserliche und königliche Heer..., 1914

Matyáš var ein feltprest frå Brno som døydde i isolat på eit epidemisjukehus. Gjelda til pengeutlånaren døydde han frå.

Bakgrunn

I 1914 tenestegjorde faktisk ein feltprest Miklos Mátyás i K.u.k. Heer. Feltpresten var ungarsk og Hašek skriv namnet litt annaleis (men fonetisk korrekt). Om han var frå Brno eller døydde der veit ein ikkje. Det er ikkje påvist at han fall eller vart såra i krigen, sjølv om fleire med same namnet dukkar opp i tapslistene (men ingen av dei er feltprestar).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Přistrčil polnímu kurátovi svůj zápisník pod nos. „Vidíte: Polní kurát Matyáš v Brně, zemřel v isolační nemocnici před týdnem. Já bych si rval vlasy. Nezaplatil mně 1800 korun, a jde do cholerového baráku zaopatřovat nějakého člověka, po kterém mu nic nebylo.“
Profesor Zenger, Karel Václav Bedřichen flag
*17.12.1830 Chomutov - †22.1.1908 Praha
Wikipedia cz Google søk
zenger.jpg

Karel V. Zenger

zenger.png

Národní politika, 2.10.1902

zenger2.png

Le Figaro, 6.7.1902

zenger1.png

Lidové noviny, 23.1.1908

Zenger er nemnd indirekte som "ein professor" når Švejk omtalar uhella sine i samband med solflekkar. Han hevdar at "den gongen då vulkanen Montagne Pelée øydela heile øya Martinique hadde ein professor skrive i Národní politika at han forlengst hadde åtvara mot ein stor solflekk".

Bakgrunn

Zenger er nokså sikkert personen Švejk viser til i samtalen på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí. Det kan rett nok ikkje påvisast at Zenger skreiv ein liknande artikkel som den Švejk nemner, men studiane hans av samanhengen mellom solflekker og seismiske hendingar på jorda gjer han til ein innlysande inspirasjon for denne sekvensen i romanen.

Zenger var ein framståande fysikar og metereolog og slutten av livet vart han jamvel utnemned til "Hofrat". Han publiserte på tsjekkisk, tysk og endåtil fransk. Særleg i franske vitskapelege kretsar var han godt kjend, men namnet hans dukkar òg opp i aviser som Bergens Tidende.

Han underviste ved den tekniske høgskulen Česká technika (no ČVUT) i Praha og Jaroslav Hašek omgjekk studentane herfrå mykje og har heilt sikkert vore klår over professoren og teoriane hans.

Zenger observerte ein tilnærma tiårsyklus på større vulkanutbrot, og sette dette i samanheng med ein tilsvarande syklus med høg solaktivitet. Fyrste utbrotet som var med i undersøkinga var i 1732, og med berre to unntak tok utbrota seg opp att i år som slutta på to. Dei to andre hende i år som slutta på tre, mellom desse var Krakatoa i 1883.

Národní politika

Nokre månader etter katastrofa på Martinique kom det ein artikkel på trykk i nettopp Národní politika der Zenger sine teoriar vert knytte til det nemnde utbrotet. Artikkelen siterer avisa L'Opinion frå Martinique, men òg andre franske aviser skreiv om Zenger og teoriane hans.

Alt i mange år hadde Zenger vore oppteken av samanhengen mellom aktivitet på sola og verknadene deira på jorda. Han fann opp omgrepet "solklima" og var ein internasjonal kapasitet innafor dette forskningsfeltet. Han la mellom anna fram ein teori om ein samanheng mellom høg solflekkaktivitet og seismiske hendingar på jorda, og det kan gjerne vera denne Švejk har bite seg merke.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Když tenkrát ta sopka Mont-Pellé zničila celý ostrov Martinique, jeden profesor psal v ,Národní politice’, že už dávno upozorňoval čtenáře na velkou skvrnu na slunci.
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

13. Švejk gir den siste olje


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 15/12-2019