Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Franz Ferdinand og Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

Den gode soldaten Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevarane av denne vev-sida. I januar 2014 manglar enno 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive personar faktisk har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Sjå m.a. Lukáš og Wenzl.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (581) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

4. Švejk blir kasta ut av galehuset

Jomfru Mariaen flag
Wikipedia czdeennnno Google søk
maria.jpg

Ikon av Maria i Vladimir, Russland

Jomfru Maria var ein av personane dei innlagde på asylet kunne gje seg ut for å vera. Ellers er ho alt indirekte nemnd gjennom det vanlege tsjekkiske utbrotet Ježíšmarjá, som blir brukt av Švejk alt i den fyrste dialogen i boka. I denne og liknande variantar dukkar namnet hennar opp ved fleire høve.

Bakgrunn

Jomfru Maria var Jesu Kristi mor og er den fremste helgenen i den katolske kyrkja. I det nye testamentet er ho omtalt i evangelia og Apostelgjerningane. Ved konsilet i Efesos gav konsilfedrene henne tittelen Theotokos, 'Guds mor'. Koranen omtalar ho som utvald av Gud framfor alle kvinner i verda; ho er nemnd i sju av kapitla i Koranen, eitt av dei med namnet hennar som tittel. Ho er framstilt i talrike kunstverk, der ho som regel berre blir kalla «Madonna» — 'Vår frue'.

Sitat
[1.4] Člověk se tam může vydávat za pánaboha nebo za panenku Marii, nebo za papeže, nebo za anglickýho krále, nebo za císaře pána, nebo za sv. Václava, ačkoliv ten poslední byl pořád svázanej a nahej a ležel v isolaci.

Skrivst òg:Panenka Marie Hašek Panna Maria cz Jungfrau Maria de The Virgin Mary en

Pavenen flag
Wikipedia czdeenno Google søk
paven.jpg

Pius X, Wiener Bilder, 23.8.1914

Paven var ein av personane dei innlagde på asylet kunne gje seg ut for å vera.

Bakgrunn

Paven er biskop av Roma og øvste leiar av den Romersk-katolske kyrkja og har hovudsete i Vatikanet. Pave frå 1904 til 20.august 1914 var Pius X, som vart etterfylgd av Benedikt XV. Pius sat dermed enno i pavestolen på den tida Švejk var innlagd på asylet (juli 1914).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.4] Člověk se tam může vydávat za pánaboha nebo za panenku Marii, nebo za papeže, nebo za anglickýho krále, nebo za císaře pána, nebo za sv. Václava, ačkoliv ten poslední byl pořád svázanej a nahej a ležel v isolaci.

Skrivst òg:Papež cz Der Pabst de The Pope en

Kongen av Englanden flag
Wikipedia czdeenno Google søk
george5.jpg

Georg V før krigen

Kongen av England var ein av personane dei innlagde på asylet kunne gje seg ut for å vera - utan at det fekk fylgjer.

Bakgrunn

Kongen av England viser her mest til kongetittelen og ikkje nødvendigvis til George V som var konge av Storbritannia, Irland og samveldelanda frå 1910 til 1936. Han hadde òg tittlen keisar av India. Tittelen konge av England hadde ikkje eksistert formelt sidan 1707, men som i vår tid var det vanleg å blanda omgrepa England, Storbritannia og United Kingdom.

Kong Georg var av til Huset Saxen-Coburg, ein fyrstefamilie av tysk opphav. Han var syskebarn til både keisar Wilhelm II og tsar Nikolaj II. Av utsjånad var han nokså lik den russiske tsaren. I 1917 vart fyrstehuset døypt om til House of Windsor, eit av fleire døme på politisk motiverte namneendringar under verdskrigen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.4] Člověk se tam může vydávat za pánaboha nebo za panenku Marii, nebo za papeže, nebo za anglickýho krále, nebo za císaře pána, nebo za sv. Václava, ačkoliv ten poslední byl pořád svázanej a nahej a ležel v isolaci.

Skrivst òg:Anglický král cz

Sankt Václaven flag
*907 Praha - †28.9.35 Stará Boleslav
Wikipedia czdeenno Google søk

Sankt Václav vart nemnd under Švejk sitt opphald på Blazinec (Galehuset) når forfattaren ramsar opp ulike personar eller ting dei innlagde ga seg ut for å vera.

Han dukkar opp att i anekdota om nattpotta i Poděbrady som vart utgitt for å vera hjelmen til St Václav.

Bakgrunn

Sankt Václav var prins (kníže) av Böhmen frå 921 til sin død. Han vart myrda av bror sin Bohuslav, vart kanonisert etter sin død, og vart til slutt tsjekkisk skytshelgen. Václav er framleis skytshelgen for det tsjekkiske folket og Tsjekkia. Festdagen hans er 28.september, og er heilagdag i Tsjekkia.

Václavské náměstí er kalla opp etter han og i 1912 vart det sett opp ei stor ryttarstatue av han i den sørlege enden av gata framfor Museum. Václav er enno i dag eit av dei vanlegaste tsjekkiske mannsnamna.

Sitat
[1.4] A von mu ten jeho kamarád napsal takovej fejton vo takovým jednom sběrateli, jak našel v písku na břehu Labe starej nočník plechovej a myslel, že to přilbice svatýho Václava, a udělal s tím takovej rozruch, že se tam na to přijel podívat biskup Brynych z Hradce s procesím a s korouhvema.
[3.3] A von mu ten jeho kamarád napsal takovej fejton vo takovým jednom sběrateli, jak našel v písku na břehu Labe starej nočník plechovej a myslel, že to přilbice svatýho Václava, a udělal s tím takovej rozruch, že se tam na to přijel podívat biskup Brynych z Hradce s procesím a s korouhvema.

Skrivst òg:Svatý Václav cz Heiliger Wenzel de Saint Wenceslaus en

Erkebiskopenen flag
Wikipedia czdeenno Google søk
arcibiskup.jpg

Lev Skrbenský z Hříště, Zlatá Praha, 1899

Erkebiskopen vert vist til i samband med det ein av pasientane på Blázinec hevdar at han var erkebiskop. I [I.9] vert han nemnd på ny ettersom Katz fekk audiens her og etter alt å døma hjelp til å koma inn på presteseminaret. Sjå Seminář.

Bakgrunn

Erkebiskopen kan her bety den romersk-katolske erkebiskopen av Praha sjølv om teksten ikkje indikerer nokon spesiell erkebisop, snarare embetet generelt. I [I.9] er det derimot ingen tvil om at forfattaren skriv omn erkebiskopen av Praha.

I bispesetet på tida det er snakk om sat Lev Skrbenský z Hříště (1863-1938) som heldt embetet frå 1899 til 1916. Han var ein tsjekkisk geistleg og adelsmann som før han vart utnemnd til erkebiskop hadde tena i 10 år som feltprest i K.u.k. Heer.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.4] Byl tam taky jeden, kterej křičel, že je arcibiskupem, ale ten nic jiného nedělal, než jen žral a ještě něco dělal, s odpuštěním, víte, jak se to může rýmovat, ale tam se žádnej za to nestydí. Jeden se tam dokonce vydával za svatýho Cyrila a Metoděje, aby dostával dvě porce.

Skrivst òg:Der Erzbischof de The Archbishop en

Sankt Kyrillosen flag
*827 Solun (Thessaloniki) - †869 Roma
Wikipedia czdeenno Google søk
kyrillos.jpg

Kyrillos i Olomouc

Sankt Kyrillos vart nemnd i forteljinga til Švejk om oppphaldet sitt på asylet. Ein av dei innlagde på asylet gav seg ut for å vera helgenane Kyrillos og Methodios for å få to porsjonar.

Bakgrunn

Sankt Kyrillos var ein gresk misjonær, seinare helgen, som saman med broren Methodios starta kristninga dei slaviske folkeslaga. Det kyrilliske alfabetet er oppattkalla etter han. Då han levde var han kjend som Konstantin.

Sitat
[1.4] Jeden se tam dokonce vydával za svatýho Cyrila a Metoděje, aby dostával dvě porce.

Skrivst òg:Svatý Cyril cz Sankt Kyrill de Saint Cyril en

Sankt Methodiosen flag
*815 Solun (Thessaloniki) - †6.4.885 Mähren
Wikipedia czdeenno Google søk
methodios.jpg

Methodios i Olomouc

Sankt Methodios vart nemnd i forteljinga til Švejk om oppphaldet sitt på asylet. Ein av dei innlagde på asylet gav seg ut for å vera helgenane Kyrillos og Methodios for å få to porsjonar.

Bakgrunn

Sankt Methodios var ein gresk misjonær og helgen som saman med den yngre broren Kyrillos starta kristninga dei slaviske folkeslaga. Då han levde var han kjend som Michael. Brødrene er ofte kalla dei slaviske apostlar. Dei omsette Bibelen til det som no vert kalla gammal kyrkjeslavisk.

Sitat
[1.4] Jeden se tam dokonce vydával za svatýho Cyrila a Metoděje, aby dostával dvě porce.

Skrivst òg:Svatý Metoděj cz Sankt Method de Saint Methodius en

Otto, Janen flag
*8.11.1841 Přibyslav - †29.5.1916 Praha
Wikipedia czdeen Google søk

Otto vert nemnd indirekte i samband med pasienten som ga seg ut for å vera 16. del av Otto's konversasjonsleksikon.

Bakgrunn

Otto var ein tsjekkisk forleggjar, mest kjend som utgjevar av Ottův slovník naučný. Han gav og ut skjønnlitteratur, fagbøker og tidskrift. Mellom sistnemnde var Zlatá Praha og Světozor som Jaroslav Hašek skreiv mange soger for. Hovudkvarterer til forlaget J. Otto låg på Karlovo náměstí 34 og dei hadde dessutan ein filial i Wien.

Sonen hans studerte ved Českoslovanská akademie obchodní Det tsjekkoslaviske handelsakademi, grunnlagd i 1872. Mellom studentane var Hašek (1899-1902). på same tid som Jaroslav Hašek (1899-1902). Otto oppretta òg eit fond for støtte til fatttige studentar ved akademiet.

Eksterne lenkar

KjeldeRadko Pytlík Tsjekkisk literaturhistorikar (1928-), leiande ekspert på Hašek, har skrive mange bøker om forfattaren av Švejk. , Marek Šimoňák

Sitat
[1.4] Nejzuřivější byl jeden pán, kerej se vydával za 16. díl Ottova slovníku naučného a každého prosil, aby ho otevřel a našel heslo ,Kartonážní šička’, jinak že je ztracenej.
General Windischgrätzen flag
*11.5.1787 Brussel - †21.3.1862 Wien
Wikipedia czdeensv Google søk
windischgraetz.jpg

Alfred Füsrt zu Windisch-Graetz

wind_hula.png

Břetislav Hůla, 1951. ©LA PNP

wind_dead.png

Oberst Fürst Windischgrätz, kommandanten IR35 lyst død, 24. juni 1859

Windischgrätz vert i boka berre omtala i ein song, ein av dei som rettslegane spør Švejk om han kan. I [I.7] syng han deler av songen i giktdilerium, like før han dreg i krigen i rullestol, trilla av fru Müllerová.

Bakgrunn

Windischgrätz og kven songen viser til rår det uvisse om. Ein har lenge trudd at det er snakk om general Alfred I. Fürst zu Windisch-Graetz (ref. Břetislav Hůla, 1951). Han var ein kjend hærførar som brutalt slo ned revolusjonane i 1848 både i Praha og Wien.

Songen det er snakk om her viser til hendingar under den andre italienske uavhengigheitskrigen i 1859, og her var ikkje den gamle feltmarskalken med. Derimot deltok nevøen og svigersonen hans, Karl Vinzenz 19.oktober 1821 - 24.juni 1859, oberst og øvstkommanderande for IR35 (Pilsen). Han fall jamvel i slaget ved Solferino. 18. juli kom liket tilbake til Praha, ei handing som vekte stor merksemd og fekk stor dekning i pressa.

Den siste tyske oversetjinga av Švejk (Antonín Brousek, Reclam Verlag, 2014), viser i sine omfattande "Anmerkungen" til begge personane, men hevdar i fyrste tilfellet at det er Alfred I. det er snakk om. I neste er det derimot Karl Vinzenz, sjølv om det utan tvil er vist til same songen. Berre ei grundig undersøking av etymologien bak sjølve songen kan kasta lys over desse motsetningane.

Eksterne lenkar

Kjelde: Antonín Brousek, Militär-Zeitung

Sitat
[1.4] A také to dál neumím,“ vzdychl Švejk. „Znám ještě první sloku z ,Kde domov můj’ a potom ,Jenerál Windischgrätz a vojenští páni od východu slunce vojnu započali’ a ještě pár takových národních písniček jako ,Zachovej nám, Hospodine’ a ,Když jsme táhli k Jaroměři’ a ,Tisíckrát pozdravujeme Tebe’...“
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

4. Švejk blir kasta ut av galehuset


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 15/12-2019