Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Franz Ferdinand og Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

Den gode soldaten Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevarane av denne vev-sida. I januar 2014 manglar enno 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive personar faktisk har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Sjå m.a. Lukáš og Wenzl.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (585) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

7. Švejk dreg i krigen

Doktor Páveken flag
Google søk

Pávek var ein lege frå Královské Vinohrady og føreskreiv Švejk brom mot hans gikt, krigslyst og overdrevne patriotisme.

Bakgrunn

Adresseboka for Praha (1910) kan ikkje visa til nokon doktor Pávek. Det same gjeld addresseboka for Královské Vinohrady (1912).

Etternamnet Pávek dukkar òg opp i forteljina Korleis Cetlička avga stemme frå 1913, men her er det ikkje snakk om nokon doktor.

Linkar

Sitat
[1.7] A tak byl probuzen obtloustlým pánem, který mu chvíli držel ruku na čele a říkal: „Nebojte se, já jsem doktor Pávek z Vinohrad - ukažte ruku - tenhle teploměr si dejte pod paždí... Tak - ukažte jazyk - ještě víc - držte jazyk - na co zemřel váš pan otec a vaše matka?“ A tak v době, kdy Vídeň si přála, aby všichni národové Rakousko-Uherska dávali nejskvělejší příklady věrnosti a oddanosti, předepsal doktor Pávek Švejkovi proti jeho vlasteneckému nadšení brom a doporučoval statečnému a hodnému vojínu Švejkovi, aby nemyslil na vojnu.
Mucius Scaevolaen flag
Wikipedia deenlano Google søk
scaevola.jpg

Scaevola og kong Porsena av Bernardo Cavellino

scaevola.png

Ein zweiter Mucius Scaevola. Die neue Zeitung, 13.6.1915.

Mucius Scaevola vert i ein artikkel i Pražské úřední noviny samanlikna med Švejk i samband med opptrinnet då sistnemnde vart trilla til mønstring i rullestol. Artikkelen har overskrifta: Ein krøplings patriotisme.

Bakgrunn

Mucius Scaevola var ein kjend figur frå antikkens Roma som skal ha redda byen under ei etruskisk beleiring i år 508 f.kr. Han vart send inn i leiren til fienden for å myrda kong Porsena men vart teken til fange. For å visa kongen kor lite lidingar betydde for ein romersk krigar heldt han handa inn i elden uten å visa det minste teikn på smerte. Kongen sette Mucius fri og tilbaud Roma fred. Det er uvisst om denne soga har historisk bakgrunn men den er i alle fall bygd på nedteikningane til den romerske historikaren Titus Livius.

Symbol i heltesoger frå krigen

Mucius og den brende handa hans dukka ofte opp som symbol i historier om heltedådar i Dobbeltmonarkiet si presse, spesielt i 1915. Omtalar kan ein òg finna i den tsjekkiske pressa, òg frå tida før krigen. Mellom avisene som trykte desse sogane i 1915 war Neue Freie Presse og Pester Lloyd. Ei slik soge kom i juni 1915 på trykk i fleire aviser, mellom dei Pester Lloyd. Det viser til eit flåteåtak på dei italienske kystfestningane ved Porto Corsini 24. mai 1915, altså dagen etter krigslysinga. Åtaket var leia av admiral Miklos Horthy, betre kjend som ungarsk diktator i mellomkrigstida og under 2.verdskrigen og som førde landet sitt inn i krigen på Nazi-Tyskland si side.

Ombruk av tema

Mange tema i romanen er brukte om att frå sogene til Jaroslav Hašek, slik òg Mucius: Jak se Baluška naučil lhát (Slik lærde Baluška seg å lyga), fyrst trykt i Právo lidu, Dělnická besídka, 2. mars 1913.

Linkar

Sitat
[1.7] O celé této události objevil se v „Pražských úředních novinách“ tento článek:
[1.7] Vlastenectví mrzáka: Včera dopoledne byli chodci na hlavních pražských třídách svědky scény, která krásně mluví o tom, že v této veliké a vážné době i synové našeho národa mohou dáti nejskvělejší příklady věrnosti a oddanosti k trůnu stařičkého mocnáře. Zdá se nám, že se vrátily doby starých Řeků a Římanů, kdy Mucius Scaevola dal se odvésti do boje, nedbaje své upálené ruky.
Lynch, Williamen flag
Wikipedia czdeenno Google søk
lynch.png

Dunkle Geschichten aus dem Alten Österreich

Lynch vert nemnd indirekte gjennom omgrepet "lynsjing", her i Prager Tagblatt som rapporterer at tsjekkiske agentar for Ententen prøvde å lynsja krøplingen Švejk då han vart trilla til Odvodní komise i rullestol. Den djerve krøplingen vart heldigvis verna av tyskarar.

Bakgrunn

Lynch (Charles eller William) er begge kandidatar for det etymologiske opphavet til omgrepet "lynsjing". Begge levde på 1700-talet og var dommarar og omstenda var den amerikanske sjølvstendekrigen (1776-1783). I USA vart etter kvart omgrepet mest brukt i samband med overgrep mot svarte. Austerrikske aviser brukte omgrepet "Lynchjustiz" alt før 1840 og nemner tilfelle i USA, men ikkje berre der.

Det har ikkje lukkast å finna noko i Prager Tagblatt som minner om sitatet i romanen og fatale lynsjingar var sjeldan i mellom sivile i Austerrike-Ungarn sjølv under krigen. Derimot var vilkårleg justis utbreidd ved fronten og brukt både mot fiendar og eigne undersåttar som var mistenkte for å samarbeida med fienden. Ofra var ofte ukrainarar og sør-slavar.

Sitat
[1.7] Ve stejném smyslu psal i Prager Tagblatt, který končil. svůj článek slovy, že mrzáka dobrovolce vyprovázel zástup Němců, kteří ho svými těly chránili před lynčováním ze strany českých agentů známé Dohody.
Doktor Bautzeen flag
Google søk
halbhuber1.png

Jaroslav R. Veselý, Květy, 7.9.1968

halbhuber2.png

Pester Lloyd, 24.10.1914

Bautze var overlege ved mønstringskommisjonen på Střelecký ostrov. Effektivt og nådelaust avslørde han alle simulantar. Han er mannen bak eit av dei mest kjende sitata frå Švejk: Das ganze tschechische Volk ist eine Simulantenbande". Švejk leid same lagnad som alle dei 11 000 andre simulantane Bautze hadde avslørt dei ti vekene han hadde vore i denne tenesta.

Bakgrunn

Bautze har ingen tilsynelatande modell men me veit nokså sikkert at Jaroslav Hašek i midten av desember 1914 stod framfor LandsturmmønstringskommisjonenStřelecký ostrov, så han har visst kven som undersøkte han, og kan nok ha lånt trekk frå denne til sin litterære figur. Men nokon dr. Bautze er ikkje å oppdriva i addressebøkene frå tida før krigen

I ein artikkel i Květy frå 7.september 1968 hevdar Jaroslav R. Veselý at ein viss Dr. Halbhuber undersøkte Josef ŠvejkStřelecký ostrov, og påstanden synest verd å etterprøva. Dr. Franz Halbhuber var verkeleg ein militærlækjar og etter alt å døma svært brutal mot dei stakkars soldatatene som kom ut for han. Han sende hundrevis av sjuke og krøplingar tilbake til fronten. Han var dessutan kjend som tysk sjåvinist og svært upopulær blandt den tsjekkiske delen av folket.

Det nok er likevel nok av grunnar til å stilla spørsmål ved forteljinga til Veselý. Halbhuber tykkjest å ha vore i Praha berre frå 1916 til 1918. Han tenestegjorde som som "Oberstabsarzt" ved Vojenská nemocnice Karlovo náměstí, og før dette hadde han hatt same funksjon i Košice og Litoměřice. At han skal vore involvert i Landsturmmønstringskommisjonen (sjå Odvodní komise) i 1914 slik Veselý påstår verkar usannsynleg, spesielt sett i lys av ein artikkel i Pester Lloyd 24.oktober 1914 som opplyser at Halbhuber i Košice på denne tida mottok ein kommisjon leia av Grev Tisza, den ungarske statsministeren. Oktober 1914 var nettopp då Josef Švejk og andre som var fødde i 1892 var inkalla til mønstring (Josef skulle etter offisielle papir å døma vore der den 20., det er dersom historia om at han var "superarbitrert" stemmer i det heile ...). Ein kan ikkje sjå vekk frå at Halbhuber hadde eit midlertidig oppdrag, men dette kan berre stadfestast gjennom undersøking av dokumenta hans.

Likevel må ein gå ut frå at denne doktoren eller andre brutale militærlegar kan ha inspirert forfattaren til å laga romanfigurane Bautze og Grünstein. Halbhuber hadde mange trekk felles med begge som passar godt inn i omtalen av dei. I tillegg var Halbhuber notorisk berykta, mellom anna for å behandla alvorleg sjuke som simulantar og dermed få dei sendt til fronten. Hašek visste difor heilt sikkert om han.

Halbhuber sin forgjengar som "Oberstabsarzt", MUDr. Jaromír Pečírka, kan vera personen som eksaminerte HašekStřelecký ostrov i 1914, eller i det minste leia møsntringskommisjonen. Men at han på nokon måte har vore førebilete for dei svært så tyske doktorane virkar lite truleg. Pečírka var tsjekkar og nekrologen hans tyder ikkje på at han hadde noko som helst til felles med desse usympatiske doktorane Švejk vart utsett for.

Linkar

Sitat
[1.7] Zejména ne vrchní vojenský lékař Bautze. Byl to muž neúprosný, který ve všem viděl podvodný pokus uniknout vojně, frontě, kulce a šrapnelům. Známý jest jeho výrok: „Das ganze tschechische Volk ist eine Simulantenbande.“ Za deset týdnů své činnosti vymýtil z 11.000 civilistů 10.999 simulantů a byl by se dostal na kobylku i tomu jedenáctitisícímu, kdyby nebyla toho šťastného člověka právě v tom okamžiku, když na něho zařval „Kehrt euch!“ ranila mrtvice. „Odneste toho simulanta,“ řekl Bautze, když zjistil, že je muž mrtev.
Marschall Radetzky, Johann Joseph Wenzelen flag
*2.11.1776 Třebnice - †5.1.1858 Milano
Wikipedia czdeenno Google søk
radecky.jpg

Radetzky, 1857

radetzky_tot.png

Bohemia, 6.1.1858

radetzky_1919.png

Národní listy, 23.4.1919

Radetzky vert nemnd då Švejk vart førd forbi ei statue av han på veg til garnisonsarresten. Švejk heidra han sjølvsagt med å gjera honnør.

Radetzky vert nemnd fleire gonger utover i romanen, mest i fokus er han under feltmessa som Ibl held i Királyhida før avreisa til fronten.

Radetzkymarsjen er nemnd direkte i [IV.1] Dobromil når den lite nyktre forhøyraren/tolken nynnar den og set sin eigen tekst til den.

Bakgrunn

Radetzky var adelsmann og austerriksk feltmarskalk av tsjekkisk opphav. Han var Austerrike sin fremste militære leiar i fyrste halvdel av 1800-talet og sto fram i krigane i Italia i 1848/49 der sigrane hans ved Custoza, Santa Lucia og Novara underbygde hans ry som ein framifrå hærførar. Han tena i Austerrike sin hær i heile 72 år, under fem keisarar, deltok i 17 felttog, og vart dekorert 146 gonger.

Johann Strauss den Eldre komponerte i 1848 den vidgjetne Radetzky-marsjen som enno i dag avsluttar Nyttårskonsertane i Wien.

Statua

Statua som er nemnd i romanen vart fjerna i 1919 og stod på Malostranské náměstí. Statua er no oppbevara i Lapidárium i Holešovice, ei avdeing av Nasjonalmuseet.

Linkar

Sitat
[1.7] Bajonety svítily v záři slunce a na Malé Straně obrátil se Švejk před pomníkem Radeckého k zástupu, který je vyprovázel: „Na Bělehrad! Na Bělehrad!“
A maršálek Radecký snivě se díval ze svého pomníku za vzdalujícím se dobrým vojákem Švejkem s rekrutskou kytkou na kabátě, kulhajícím na starých berlích, zatímco sděloval nějaký vážný pán lidem kolem, že vedou desentéra.

Skrivst òg:Radecký cz

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

7. Švejk dreg i krigen


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 25/5-2019