Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Franz Ferdinand og Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

Den gode soldaten Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevarane av denne vev-sida. I januar 2014 manglar enno 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive personar faktisk har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Sjå m.a. Lukáš og Wenzl.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (581) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

9. Švejk i garnisonsarresten

Klíma, Jaroslaven flag
*1879 Kostelec nad Černými lesy - †5.5 1927 Menton
Google søk
klima2.png

Moravská orlice, 8.5.1927

klima1.png

Rovnost, 13.7.1923

klima.png

Informasjon frå 1906

Klíma vert nemnd av forfattaren når han omtalar politifolk i det austerrikske undertrykkkingsapparatet som heldt fram i stilllingane sine i det nye Tsjekkoslovakia.

Bakgrunn

Klíma var advokat og høgkommisær i K.u.k. Staatspolizei. Han var i fylgje Václav Menger mannen som forhøyrde Jaroslav Hašek etter den vidkjende affæren på U Valšů i november 1914, der Hašek ga seg ut for å vera handelsreisande frå Russland.

Klíma er meir utførleg omtala i Dobrý voják Švejk v zajetí enn i romamen, han leiar no forhøyret av ŠvejkPolicejní ředitelství. I soga Kolik kdo má kolem krku tek han òg del. Sjå Slavíček.

I Tsjekkoslovakia heldt han fram med å tenestegjera i politiet, men vart som kollegaen sin send i "eksil" til Slovakia. I 1927 vart han sjuk med ettervirkningar frå spanskesykja, vart send utanlands til rekonvalesens, men døydde like etter, 48 år gamal. Etterfylgjaren hans som politisjef i Bratislava var Slavíček.

Dobrý voják Švejk v zajetí, 1917

Bude-li to někoho zajímat, poznamenávám, že Klíma i Slavíček bydlí naproti Riegrovým sadům a že mají vyhlídku na dva jasany v parku. Jsou to zdravé stromy se silným větvemi. Komisař Klíma má kolem krku 40 cm, komisař Slavíček 42 cm.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.9] Státní policie dodávala také na garnison materiál, pánové Klíma, Slavíček & Comp. Vojenská censura dopravovala sem autory korespondence mezi frontou a těmi, které doma zanechali v zoufalství. Sem vodili četníci i staré výměnkáře, kteří posílali psaní na frontu, a vojenský soud házel jim na krk za jich slova útěchy a líčení bídy domácí po dvanácti letech.
Slavíček, Karelen flag
*23.1 1874 Vodňany - †21.10 1929 Bratislava
Google søk
slavicek_nek.png

Expres, 21.10.1929

slavicek0.png

Čechoslovan, 19.2.1917 (ort. kal)

slavicek1.png

Sebrané spisy Jaroslava Haška, 1925

Slavíček vert nemnd når forfattaren opplyser om at Klíma og Slavíček begge var framleis tilsette i statspolitiet i den nye tsjekkoslovakiske republikken.

Bakgrunn

Slavíček var politimann, jurist og tenestemann i K.u.k. Staatspolizei, der han var tilsett frå 1900 til 1918. Han utdanna seg i jus ved Univerzita Karlova før han som 26-åring vart tilsett i politiet. Han gjorde rask karriere innafor dei hemmelege tenestene der han òg kom i direkte kontakt med Jaroslav Hašek, mellom anna i samband med den famøse episoden ved U Valšů 24.november 1914. Han vart forfremja til kommissær i 1909, til overkommisær i 1913 og i august 1915 avløyste han Viktor Chum som leiar for statspolitiet i Praha.

Slavíček var gift med Bohumila (fødd Vaníčková i 1884) og ekteparet hadde i 1912 ein son, Karel (fødd i 1905).

I teneste for Tsjekkoslovakia

Slavíček vart granska av dei nye tsjekkoslovakiske styresmaktene i 1919 men fekk halda fram i politiet, men frå no av i "eksil" i Bratislava. Han hadde i hovudrolle i oppbygginga og "avmadjariseringa" av politiet i Slovakia. Frå 1923 var han stajonert i Košice, og frå 1927 var han politidirektør i Bratislava. To år seinare døydde han brått av slag, 55 år gammal.

I fokus hjå Hašek

Dr. Slavíček er gjeven ei meir synleg rolle i Dobrý voják Švejk v zajetí der han forhøyrer Švejk personleg. Forfattaren kjem her med dårleg løynde dødstrugsmål: han veit at Slavíček og Klíma bur ved Riegrové sady og at i parken er det tre med greiner som toler vekta deira.

Endra stavemåte

I soga Kolik kdo má kolem krku arresterer Slavíček og Klíma herrane Kramář og Klofáč og sender dei til Wien, men forfattaren fortel mest om sitt eige møte med dei under ei husransaking mot slutten av 1914. Det same dødstrugsmålet er med; desse historiene er skrivne på same tida. Då denne soga kom på trykk i Sebrane spisy i 1925 var Slavíček omdøypt til Klabíček og Klima til Slíva. I orginalutgåva av forteljinga frå Čechoslovan (19.februar 1917) brukar forfattaren dei verkelege namna til politimennene.

Det virkar innlysande at forleggjar Adolf Synek eller redaktør Antonín Dolenský ikkje ville støyta dei to herrane som enno var i live og sat i høge stillingar i politiet i Slovakia. Kanskje var dei redde for søksmål? I Spisy Jaroslava Haška frå 1973 er denne omskrivinga ikkje retta opp att så redaktørane hadde tydelegvis ikkje lese Čechoslovan altfor nøye. Ein viss kommisær Knotek er òg omdøypt (til Snopek).

Dobrý voják Švejk v zajetí, 1917

Bude-li to někoho zajímat, poznamenávám, že Klíma i Slavíček bydlí naproti Riegrovým sadům a že mají vyhlídku na dva jasany v parku. Jsou to zdravé stromy se silným větvemi. Komisař Klíma má kolem krku 40 cm, komisař Slavíček 42 cm.

Eksterne lenkar

KjeldeJaroslav Šerák,Zdeněk Kárník

Sitat
[1.9] Státní policie dodávala také na garnison materiál, pánové Klíma, Slavíček & Comp. Vojenská censura dopravovala sem autory korespondence mezi frontou a těmi, které doma zanechali v zoufalství. Sem vodili četníci i staré výměnkáře, kteří posílali psaní na frontu, a vojenský soud házel jim na krk za jich slova útěchy a líčení bídy domácí po dvanácti letech.
Stabsprofus Slavíken flag
Google søk

Slavík var ein brutal "stabsprofus" (stabsvaktar) ved garnisonsarresten på Hradčany. Han var den fyrste som tok imot Švejk i fengselet og var dessutan til stades under den heilage messa som Katz heldt for fangane i fengselskapellet. Han kom i fengsel for tjuveri etter krigen.

Bakgrunn

Slavík er omtala som ein verkeleg person, men det har ikkje lukkast å identifisera kven forfattaren har hatt i tankane. I 1906 var det to "stabsprofusar" ved fengselet: Jan Frkal og Josef Bureš. Ellers er Slavík eit svært vanleg namn, og det har ikkje lukkast å finna nokon opplagd kanditat blandt dei mange oppføringane i adressebøkene frå 1907, 1910 og 1924.

Sitat
[1.9] Je úplně přirozené, že štábní profous Slavík, když přejímal Švejka, vrhl na něho pohled plný němé výčitky:„I ty máš porouchanou pověst, že jsi se dostal až sem mezi nás? My ti, chlapečku, pobyt zde osladíme, jako všem, kteří upadli v naše ruce, a ty naše ruce nejsou nějaké dámské ručky.“ Aby pak dodal váhy svému pohledu, přiložil svou svalnatou, tlustou pěst Švejkovi pod nos a řekl: „Čichni si, lumpe!“ Švejk si čichl a poznamenal: „S tou bych nechtěl dostat do nosu, to voní hřbitovem.“
Feldwebel Řepaen flag
Google søk

Řepa var sersjant ved garnisonsarresten (ved eit tilfelle har han tittelen korporal) - ein torturist med mange liv på samvitet. Spesialfelt hans var å bryta ribbebeina på fangane ved å hoppa på dei. Han vart og kalla "skarprettaren". Řepa gjekk tilbake til yrket som murarmeister etter krigen.

Bakgrunn

Det har ikkje lukkast å påvisa noko konkret inspirasjonsjelde frå det verkeleg liv for denne figuren.

Sitat
[1.9] A v garnisoně trojice: štábní profous Slavík, hejtman Linhart a šikovatel Řepa, přezdívaný též „kat“, vykonávali již svou úlohu. Kolik jich umlátili v samovazbě!
Hauptmann Linharten flag
Google søk

Linhart var kaptein ved garnisonsarresten, men lite involvert i handlinga utover ein lite hjarteleg telefonsamtale med advokat Bernis om Švejk sine saksdokument.

Bakgrunn

Heller ikkje denne figuren kan det ikkje påvisast noko konkret førebilete for. Rettnok tenestegjorde ein Karel Linhart i politiet i Smíchov (Jaroslav Hašek budde her i 1910-11), men samanhengen kan ikkje påvisast sjølv om Hašek sikkert kjende eller kjende til han. Linhart var eit svært vanleg namn i Praha, forfattaren kan ha visst om mange av dei.

Sitat
[1.9] A v garnisoně trojice: štábní profous Slavík, hejtman Linhart a šikovatel Řepa, přezdívaný též „kat“, vykonávali již svou úlohu. Kolik jich umlátili v samovazbě!
Feldkurat Katz, Ottoen flag
Google søk
katz2.png

A. Sauer a J. Čermák, 1921

Katz er feltprest i Praha og utan tvil ein av dei mest kjende skikkelsane i heile romanen. Han var av jødisk opphav men gjekk over til den romersk-katolske kyrkja. Otto Katz var notorisk drikkfeldig og med tvilsam moral, men ein fargerik og intelligent person som forfattaren har tydeleg sympati for.

Katz er den einaste av Švejk sine overordna som ikkje kjeftar på tenaren sin. Feltpresten er sentral frå dette ([1.10]) og dei fire neste kapitla. Han redda Švejk unna garnisonsarresten ved å ta han til seg som offiserstenar og soldaten hadde jamt gode tider då han tente hjå Katz. Saman heldt dei feltmesser, ga den siste olje, deltok på same side i ein relegiøs debatt, og dei konsumerte alt av alkohol dei kom over. Denne idyllen enda syrgjeleg i [I.14] då Katz spela bort den lojale tenaren sin til obrlajtnant Lukáš i eit kortlag.

Forfattaren gjev lesaren ei rad biografiske detaljar om Otto Katz. Det kjem fram at han hadde studert ved eit handelsakademi, gjorde teneste som eittårsfrivilleg i K.u.k. Heer, arva handelsfirmaet Katz a spol. av faren, og hadde sett føretaket over styr i løpet av eit år. Faren gjorde opp med kreditorane i det løynde og emigrerte til Nord-Amerika utan at sonen fekk arva noko som helst.

Otto Katz hadde dermed ikkje anna utveg enn å verva seg i hæren. Men alt før dette hadde han eit framifrå påhitt. Han vende seg til Kristus i von om at dette skulle fremja karrieren hans og vart døypt av pater Alban (Schachleiter) i Emauzský klášter. Opptaksprøva som offiser gjekk òg bra, så han heldt fram i hæren og hadde til og med planar om å ta eit stabskurs.

Men ein vakker dag drakk han seg full og skifta ut sverdet med kappe og krage. Han studerte til prest ved erkebiskops-seminaret (sjå Seminář) og vart ordinert. Etter avslutta studium og ordinasjon søkte han seg tilbake til hæren, og ved det gamle regimentet sitt fekk han stillingen som gjorde han vidkjend.

Som feltprest arbeidde han i Praha, budde i Královská třída i Karlín men det vert ikkje sagt kva eining han tenestegjorde ved, sjølv om forfattaren opplyser om at det var ved eit regiment. Han kjøpte seg hest, levde eit utsvevande liv med kortspel, drykk og hor - gjerne på lånte pengar som han aldri tenkte å betala attende. Mellom offiserane i regimentet var han kjend som den "Heilage Far".

Katz forsvinn ut av handlinga etter det katastrofale kortlaget, men vert nemnd att av forfattaren i etterordet til bok 1. Der kjem det fram at han kom unna krigen heilskinna, hadde slutta i kyrkjetenesta etter krigen, og var vorte "prokurista" (fullmektig) hjå ein målingsfabrikk i Nord-Böhmen. Han skreiv eit langt og trugande brev til forfattaren etter at han hadde lese om seg sjølv i ei omsetjing av av eit kapittel som ei viss tysk avis hadde trykt. Dei to møttest likevel, vart vel forlikte, og det viste set at drikkevanane til den tidlegare feltpresten ikkje hadde endra seg det minste.

Utover i romamen dukkar han opp eit par gonger til, men no berre i sogene som Švejk underheld medsoldatane sine med.

Bakgrunn

Nokon utvetydig modell for Otto Katz har ingen enno lukkast i å finna. Minst fire personar med dette namnet budde i Praha i 1910 og er såleis mogelege inspirasjonskjelder, men vel å merka i rolla som namnebror, jøde og handelsmann, ikkje som feltprest. Minst tre av desse dreiv i Hašek si levetid eigne firma og var dessutan jødar, så me skal etter kvart sjå nærare på dei.

I rolla som feltprest Katz har derimot all leiting vore fåfengd ettersom absolutt ingen med etternamnet Katz står oppførde i listene over geistlege i K.u.k. Heer i 1914 (Schematismus). Om nokon verkeleg feltprest har inspirert forfattaren har han i så fall hatt eit anna namn.

Augustín Knesl sine granskingar
katzh.png

Augustín Knesl, Večerní Praha, 1983

I fylgjetongen Josef Švejk a ti druzí som vart trykt i Večerní Praha i 1983 identifiserte Augustín Knesl ein Otto Katz som han hevdar var førebiletet for Hašek sin feltprest. Denne personen var fødd i Praha i 1864, son til Leopold. Han gjekk på tysk gymnas men studerte deretter ved Českoslovanské akademie obchodní og Knesl legg fram mange detaljar om studietida hans der, mellom anna karakterane og kven lærarane var.

Så vert åra frå Otto Katz vart uteksaminert i 1881 og fram til 1920 hoppa over, med unnatak av "litterære fakta" som han utan synderleg skepsis låner frå romanen. Neste steget hans er nokre annonsar for eit firma Otto Katz i Celetná ulice 14, Staré Město. Desse kom på trykk i 1920 og 1921 i České Slovo. Knesl noterer òg at firmaet ser ut til å ha avslutta drifta i januar 1923. Dette knyter Knesl til informasjonen frå romanen, og konkluderer med at Katz gjekk konkurs to gonger. Han har tydelegvis ikkje sett for seg at det kunne finnast fleire firma som heitte Otto Katz i Praha.

Rapsolje i Libeň
fkatz4.png

Adresář Praha, 1910

katz1.jpg

Huset der Otto vart fødd

Nylege undersøkingar i aviser og politidokument avslører at ein viss Otto Katz var medeigar i eit firma i Libeň som framstilde planteolje. Dette føretaket heldt til i Královská třída i Libeň og var i drift frå 1893 og minst fram til 1899. I 1902 var firmaet ikkje lenger oppførd men Otto Katz stod enno som eigar på adressa. Eit underleg samantreff med romanen er gata der firmaet heldt til. Feltpresten frå litteraturen og den fabrikkeigaren frå røyndomen budde begge i Královská třída, rettnok i motsette endar.

Ein kan no slå fast at rapsoljefabrikanten i Libeň (i nokre dokument kalla Otta) var den same som Knesl omtalar (sjå link A). Han var fødd 6.desember 1864 i Praha, av jødisk trusretning, son til Leopold og Matylda. Han gifte seg med Marie Moravec i 1894, noko som gjer det utenkjeleg at han nokon gong var katolsk prest.

Den 1.mars 1893 registrerte han og Josef Gross frå Karlín firmaet Grossmann a Katz, produsent av rapsolje. I 1896 er Katz oppførd som eineeigar og i 1899 stadfestar ein annonse at firmaet enno var i drift. Annonsen er rettnok ikkje for oljeprodukt men for møblar, noko som tyder på at føretaket var i ferd med å leggja ned. I 1902 står enno Otto Katz som eigar av bygningen (Královská třída 358) men det vert ikkje nemnt noko om firmaet eller fabrikken lenger. Dette året bur han i Podskalská ul. i Praha II., faktisk svært nær Českoslovanské akademie obchodní der Jaroslav Hašek studerte frå 1899 til 1902.

I adresseboka for 1910 er han på ny oppførd, no som disponent og huseigar. Han er dessutan formann i Samskipnaden for tsjekkiske rapsoljeprodusentar. Addressa hans er no Hybernská 40 og han hadde budd her minst sidan 1905. I 1915 var Katz framleis gift og enno innskriven med "israelittisk konfesjon", så i motsetning til romanfiguren konverterte han aldri. Så seint som 1932 var han enno oppførd som innehavar av den same eigedomen i Libeň. Otto Katz døydde 16.juni 1935 og kona Marie vart i 1942 deportert av nazistane og myrda i Treblinka.

Leopold Katz

I fylgje romamen var far til Katz eigar av eit handelsfirma. Den verkelege Leopold Katz, fødd i Poděbrady i 1831, død 22.april 1909, var faktisk eigar av eit firma, men dette handla med lærvarer. Han døydde i Praha så det er usannsynleg at han utvandra til Nord-Amerika. Det finst heller ingen spor etter nokon Leopold Katz i passasjerlistene for ankomstar i New York. Me har heller ikkje sett prov på at nokon Otto nokon gong tok over firmaet eller at dette gjekk konkurs. Då Otto Katz vart fødd budde familien på Pořící (Praha II., hus nr. 1071).

Sying og broderi

I adresseboka for 1910 finn me ein anna Otto Katz som dreiv eige føretak. Ved å samanlikna adresser i politibøker og adressebok veit ein at Katz frå Sedlec budde i Ferdinandova tř. 25 i 1910 og dreiv eit sy- og broderiføretak. Han var gift med Božena som konverterte til jødedomen då ho gifta seg. I 1913 er han registrert i Staré Město nr. 387 (Provaznická 2). Namnet hans finn ein att her så seint som i 1916.

Flaum av annonsar
fkatz3.png

Budweiser Zeitung, 7.2.1919

fkatz1.png

Národní politika, 27.2.1921

Det tredje firmaet var eit veveri og tekstil-føretak i Celetná ulice 14 og er utan tvil firmaet Knesl viser til i samband med annonsane i 1920. Det var i drift minst frå januar 1918 då det annonserte forklede i Lidové noviny, og kan ha vore i gang alt i 1916, men då i Josefovská ulice 25/34 i Josefov (denne adressa finn ein òg i annonsar frå 1918).

Firmaet annonserte frå 1918 ofte i avisene, spesielt i 1920 og 1921, inkludert perioden på våren/sommaren då forfattaren introduserte Otto Katz for lesarane. Jaroslav Hašek kan godt ha lagt merke til desse ettersom han ivreg las aviser, jamvel annonsane. Otto Katz sine annonsar dukka opp både i riks- og regions-avisene, endåtil i utlandet. Ein kunne òg finna dei i tyske-språklege aviser som Budweiser Zeitung og Dorfsbote, og i slovenske Maribor Zeitung. Prager Tagblatt melde at det 28.november 1922 braut ut brann i varelageret i 1. etasje og i ein notis i Lidové noviny 25.januar 1923 kjem det fram at firmaet no var konkurs, noko som stemmer godt med Knesl sine opplysningar. I 1924 vart det helde auksjon på aktiva etter konkursen.

katz3.png

Prager Presse, 13.6.1924

Kven denne Otto Katz var er uklårt. Ved fyrste augekast ser det ut som same personen som nemnt over, fødd i Sedlec i 1870. Adressboka for 1924 viser derimot han og tøyfabrikanten i Celetná ul. som ulike personar. Fleire andre med namnet Otto Katz budde i Praha, og nokre av dei kan potensielt vore firmaeigarar i 1918. Ein av dei var fødd i 1886 og er oppførd som obchodník (handelsmann) i 1915 og budde i Praha I. hus nr. 920.

Bedragar i uniform
katz1.png

Národní listy, 7.4.1915

I april 1915 skreiv avisene om ein viss Otto Katz frå Plzeň som svindla ei rekkje hotell og var iførd uniforma til ein Fähnrich. Det er nokså truleg at Jaroslav Hašek las om dette ettersom han var marod (sjuk) i Budějovice på denne tida og hadde tid til å lesa aviser. Me veit dessutan at fragment frå avisene i denne perioden fann vegen inn i romanen (sjå Kronika světové války). Desse innslaga kan såleis ha gjeve dropar av inspirasjon til Otto Katz (å ikkje oppfylla finansielle plikter og vitjing på bordell), men dette vert rein spekulasjon.

"Feltprest" Mojžíš
katz2.jpg

Eit høgst usannsybleg førebilete for Katz

Jan Berwid-Buquoy hevda i boka si om Hašek Jaroslav Hašek und sein „braver Soldat“ Schwejk (2011) at modellen var Lev Mojžíš, "ein prest frå Břevnov, notorisk drukkenbolt". Tenaren hans i Praha mot slutten av krigen skal ha vore Zdeněk Matěj Kuděj, ein av Jaroslav Hašek sine næraste vener.

At presten Leo Josef Mojžíš levde er uomtvisteleg. Han var fødd i Česká Skalice 1.april 1863, tenestegjorde ved Břevnovský klášter frå 1888 til 1920, og i soknet på Bílá Hora frå 1924 til 1948. Avisklipp frå krigen viser til han som prest frå Břevnov, men aldri som feltprest. Utanom namnet finst det tilsynelatande ingen prov på at Mojžíš var av jødisk opphav og han overlevde nazi-okkupasjonen (død 1.mai 1948). Eit poeng frå Berwid-Buquoy si bok er likevel verd å ta med seg: at Zdeněk Matěj Kuděj si erfaring med Militärgeistlichkeit kan ha gjeve innspel til Hašek i omtalane hans av feltprestar.

Mojžíš vert ikkje nemnd i dei uutgjevne memoarane til Kuděj, som heller ikkje seier noko om at han var tenar hjå nokon feltprest i Praha. Han tente rettnok hjå Militärgeistlichkeit, men hjå feltbiskopen i Wien. Her vart han dimmittert etter å ha simulert eit mentalt samanbrot grunna ein konflikt med ein overordna. Han vart sent tilbake til regimentet sitt i Beroun og Rumburk og i Litoměřice vart rundt 25.juli 1918 innvilga eitt års sjukeperm. Få dagar etter heimkomsten til Praha vart han sjuk på verkeleg og lagd inn på klinikk under oppsyn av Dr Thomayer. Her vart han verande i tre månader og hadde såleis ikkje meir med militæret og feltprestar å gjera. Jan Berwid-Buquoy sine opplysningar om at Kuděj tente hjå "feltprest Mojžíš" i Praha kan såleis ikkje stemma og må vera bygde på rykte.

Alderen teken i omsyn er det lite truleg at Mojžíš var kalla inn i 1914, og "Schematismus" frå same året avkreftar at han tenestegjorde i K.u.k. Heer. Han er ikkje ein gong nemnd i lista over reserve-feltprestar. Derimot viser "Schematismus" ein anna reserve-feltprest med eit tydeleg jødisk etternamn: Jan Mojžíš. Denne tenestegjorde faktisk i BudějoviceJaroslav Hašek har truleg vore klar over han og om nokon Mojžíš kan ha gjeve inspirasjon til figuren Katz er det i så fall denne.

Eit uklårt bilete
katzdean.png

Fekdkurat Stephan Dean: ei mappe hadde passa Katz godt. © ÖStA

I motsetning til feltprestane Lacina og i mindre grad Ibl har ikkje Otto Katz nokon eintydig modell frå det verkelege liv. Katz som jødisk handelsmann har rettnok eit par mogelege førebilete, men som feltprest finn ein ingen som stikk seg fram. I 1914 fanst det i fylgje "Schematismus" ikkje ein einaste felprest Katz i K.u.k. Heer.

Nokre av Otto Katz sine mindre aktverdige eigenskapar kan jamvel ha kome frå forfattaren sjølv: kynisme, drukkenskap og tendensen til å unndra seg finansielle plikter. Feltprest Katz må fyrst og fremst sjåast som Jaroslav Hašek sitt hovudinstrument i harselasen med den katolske kyrkja og militærgeistlegheita, og forfattaren har heilt sikkert henta inspirasjon frå fleire kantar då han skapte denne groteske men interessanne figuren. Dette kan vera eigne erfaringar, men òg andrehandsinformasjon, ikkje minst frå Zdeněk Matěj Kuděj. Legg enn så til Jaroslav Hašek sin velutvikla fantasi og umåtelege kreativitet har ein denne uforgløymelege feltpresten.

Eksterne lenkar

KjeldeJaroslav Šerák, Augustín Knesl, Václav Petera, Jan Berwid-Buquoy

Sitat
[1.9] Potom ještě to kázání, ta zábava a legrace. Polní kurát Otto Katz byl přece jen roztomilý člověk. Jeho kázání byla neobyčejně poutavá, legračná, osvěžující tu nudu garnisonu. Uměl tak krásně žvanit o neskonalé milosti boží, sílit zpustlé vězně a muže zneuctěné. Uměl tak krásně vynadat od kazatelny i od oltáře. Uměl tak báječně řvát u oltáře své: „Ite, missa est“, celé bohoslužby provést originelním způsobem a přeházet celý pořádek mše svaté, vymyslit, si, když už byl hodně opilý, úplně nové modlitby a novou mši svatou, svůj ritus, něco, co zde ještě nebylo.
[1.16] Potom je Otto Katz je též na živu. Je to skutečná figurka polního kuráta. Hodil to všechno po převratě na hřebík, vystoupil z církve, dělá dnes prokuristu v jedné továrně na bronz a barviva v severních Čechách. Psal mi dlouhý dopis, ve kterém vyhrožuje, že si to se mnou spořádá. Jeden německý list přinesl totiž překlad jedné kapitoly, kde je vylíčen, jak skutečně vypadal. Navštívil jsem ho tedy a dopadlo to s ním velice dobře. Ve dvě hodiny v noci nemohl stát na nohou, ale kázal a říkal: „Já jsem Otto Katz, polní kurát, vy gypsové hlavy.“ště to kázání, ta zábava a legrace.
Arcibiskup Kohn, Theodoren flag
*22.3.1845 Březnice - †3.12.1915 Ehrenhausen
Wikipedia czde Google søk
kohn.jpg

Das interessante Blatt, 16.2.1915

kohn1.png

Národní Politika, 9.11.1892

kohntot.png

Wiener Zeitung, 4.12.1915

Kohn vert her gjeve som eit eksempel på ein som i likheit med Katz var jøde, men at det i og for seg ikkje var noko spesielt med akkurat det. Forfattaren legg òg til at Kohn endåtil var kameraten til Machar. Dessutan kan han opplysa om at Katz hadde ei langt meir fargerik fortid enn den vidkjende erkebiskopen.

Bakgrunn

Kohn var professor i kyrkjerett og teologi og frå 1892 til 1904 erkebiskop av Olomouc. Han var av jødisk avstamning men bestefaren hadde konvertert til katolisismen. Familien var tsjekkisk-språkleg og kom frå små kår. Den evnerike og flittige unge mannen fekk med hjelp av ulike stipend ei god utdanning og vart vigsla til prest i 1871. Etter diverse prestesembede, stillinger ved universitet i Olomouc og ved erkebispesetet i byen, vart han i 1892 vald til erkebiskop. Han var den fyrste ikkje-adelege i embetet på 300 år, og difor var valget populært blandt folket, spesielt den tsjekkiske delen av det.

Kohn kom etter kvart på kant med deler av det katolske kyrkjehierarkiet, han var mellom anna lite ansedd i Wien grunna sin ikkje-adelege og ikkje minst jødiske bakgrunn. Kohn noterer i memoarane sine at Eduard Taaffe, dåverande ministerpresident i Cisleithanien, kommenterte ved utnemninga: Und hat er sich schon getauft lassen? (Og har han alt lete seg døypa?).

Kohn var ein god administrator og fekk skikk på økonomien til erkebispedømet, men viste seg òg som eigenrådig og tildels despotisk. Rett som det var tydde han til disiplinærtiltak mot dei han meinte motarbeidde han. Det kom etter kvart mykje kritikk mot han, òg på trykk, og etter den såkalla Rectus-affæren i 1903 vart han kalla inn til sjølvaste paven som ba han om å trekkja seg. I denne saka hadde han gått til søksmål på grunnlag av eit kritisk anonymt lesarinnleg i tidsskriftet Rectus, men det viste seg at feil person vart skulda.

Paven kalla han til slutt til Roma og ba han om å trekkja seg. Året etter ga Kohn etter for presset, sa frå seg embetet, flytta til slottet Ehrenhausen i Steiermark der han heldt til resten av livet og via tida si til vitskapelege studiar. Kohn testamenterte deler av formua si til det tsjekkiske universitetet i Brno.

Støtte frå J. S. Machar

Det var i samband med dette han fekk støtte frå uventa hald - av den sterkt anti-klerikale forfattaren Machar. Denne skreiv 5. Mai 1903 eit langt innlegg som kom på trykk i Die Zeit, ei avis frå Wien som alt før hadde skrive om Kohn. I 1909 var dei to innblanda i nok ein kontrovers: Kohn fekk besøk av den før omtala Machar i Ehrenhausen og hyhenda vekte ein god del oppstyr til trass for at den tidlegare erkebiskopen prøvde i vera diskret om vitjinga.

Eksterne lenkar

Kjelde: Jitka Jonová

Sitat
[1.9] Polní kurát Otto Katz, nejdokonalejší vojenský kněz, byl žid. To ostatně není nic divného. Arcibiskup Kohn byl také žid a ještě dokonce Macharův kamarád. Polní kurát Otto Katz měl ještě pestřejší minulost než slavný arcibiskup Kohn.
Machar, Josef Svatopluken flag
*29.2.1864 Kolín - †17.3.1942 Praha
Wikipedia czdeen Google søk
machar.jpg

Český svět, 14.10.1910

Machar vert omtala av Jaroslav Hašek som ven av erkebiskop Kohn.

Bakgrunn

Machar var ein tsjekkisk poet og satirikar. Som Jaroslav Hašek var han sterkt anti-austerriksk, anti-kyrkjeleg, og ein meister i bruken av folkeleg tsjekkisk språk. Han var ein periode ein av Masaryk sine favorittar, medlem av Realist-partiet og medarbeidar i partiorganet Čas. Etter krigen kom han på kant med presidenten og bevega seg mot den ytste politiske høgresida.

Kameratskapen med Kohn som forfattaren viser til er nok basert på hendingane i 1903 då det storma som verst omkring Kohn etter den såkalla Rectus-affæren. Machar forsvara erkebiskopen i ein lang avisartikkel i Die Zeit 5.mai 1903. Han vitja dessutan den no avsette Kohn i Ehrenhausen i 1909. Begge desse hendingane vart mykje omtala i pressa og Jaroslav Hašek var heilt sikkert godt orientert om saka.

Eksterne lenkar

Kjelde: Jitka Jonová

Sitat
[1.9] Polní kurát Otto Katz, nejdokonalejší vojenský kněz, byl žid. To ostatně není nic divného. Arcibiskup Kohn byl také žid a ještě dokonce Macharův kamarád. Polní kurát Otto Katz měl ještě pestřejší minulost než slavný arcibiskup Kohn.
Páter Schachleiter, Albanen flag
*20.1.1861 Mainz - †20.6.1937 Feilnbach
Wikipedia czdeen Google søk
alban.jpg

© Langhans Praha

alban2.png

Národní politika, 7.11.1908

alban.png

Národní listy, 5.12.1918

schachleiter1.png

Národní listy, 21.6.1937

Schachleiter var presten som stod for dåpen av Katz etter sistnemnde si konvertering frå jødedomen. I romanen omtala som páter Albán duppa han høgtideleg den tilkomande feltpresten i døypefonten i Emauzský klášter.

Bakgrunn

Schachleiter (døypt Johann Jakob) var ein tysk Benedektinar-munk og frå 1908 abbed i Emauzský klášter. I 1886 vart han vigd til prest, og han var tilknytta klosteret i ulike funksjonar frå 1892 til 1918. Han var sterkt engasjert i musikk, var sjølv organist og orgel-ekspert. Han var òg involvert i politikk, mellom var han leiande i den tysk-nasjonalistiske Los-von-Rom-Bewegung som var arbeidde for nærare tilknyting til Tyskland både relegiøst og politisk.

Schachleiter var ein velståande mann, i 1908 kjøpte han ein flott bil frå Laurin a Klement, firmaet som seinare vart til Škoda. I august 1914 gjorde han verkstaden ved klosteret om til lasarett som kunne ta i mot opptil 50 pasientar. Pater Alban var på grunn av sin tyske nasjonalisme upopulær blandt den tsjekkiske delen av folket og til trass for dei mange åra i Praha brydde han seg ikkje med å læra tsjekkisk. Folkeregisteret viser at bustadadressa hans var sjølve klosteret (1902) men i 1915 var han ikkje lenger offisielt busett i Praha.

Den nye staten

I den spende situasjonen etter Austerrike-Ungarn sitt samanbrot og opprettinga av Tsjekkoslovakia 28.oktober 1918 vart Schachleiter i deler av den tsjekkiske pressa utsett for skuldingar om mellom anna spionasje. Alt 31. oktober dukka ein delegasjon utnemnd av det nyoppretta Nasjonalkomiteen opp for å undersøkja påstandane men let seg overtyda om at dei var grunnlause. Emaus-klosteret vart likevel offer for den opphissa stemninga som rådde desse dagane. Det vart omringa av folkemengder, vart okkupert og vakta av Sokol og den såkalla Akademiske Liga (studentar).

For å tilbakevisa påstandane fekk han trykt ei kunngjering (datert 5. november) i Národní politika, Prager Tagblatt og Bohemia. Dette gjorde lite inntrykk og abbeden fekk husarrest og valgde grunna den fiendtlege stemninga å koma seg ut av landet ettersom Nasjonalkomiteen ikkje kunne garantera for tryggleiken hans. Ved utreisa 9. desember vart han i Benešov gjenkjend og arrestert. På instruks frå styresmaktene vart han likevel sett fri og kunne reisa vidare til Linz dit han kom 10.desember 1918. Det viste seg at abbeden hadde forlete landet for godt og i 1920 sa Schachleiter opp stillinga si ved klosteret. Alle dei tyske munkane ved Emaus-klosteret la likeleis ned embeta sine og emigrerte.

Skuldingane vart han aldri rettsleg tiltala for og det vart heller aldri framlagt bevis. Han meinte sjølv at det var medlemmer av den ateistiske organisasjonen Volná myšlenka som stod bak svertekampanjen, men understreka samtidig at dei tsjekkiske styresmaktene ikkje hadde direkte med aksjonane mot han og Emauzský klášter å gjera.

Nazi-tilknyting

Schachleiter busette seg i Bayern og om han hadde vore nasjonalist i Praha, gjekk han no eit steg vidare. I ettertida er han kjend og berykta for det opne samarbeidet med nazistane og Adolf Hitler personleg, noko som hadde starta så tidleg som i 1923. Det finst fleire bilete av han der han helsar på Der Führer. Dette politiske engasjementet førde han i konflikt med den katolske kyrkja og han var ein kort periode suspendert. På 74-årsdagen sin fekk Schachleiter peronlege helsingar frå Adolf Hitler, Rudolf Hess og fleire andre i nazi-hierarkiet og han vart i 1937 æra med ei statsgravferd.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.9] Křtili ho slavnostně v Emauzích. Sám páter Albán ho na máčel do křtitelnice. Byla to nádherná podívaná, byl u toho jeden nábožný major od pluku, kde Otto Katz sloužil, jedna stará panna z ústavu šlechtičen na Hradčanech a nějaký otlemený zástupce konsistoře, který mu dělal kmotra.

Skrivst òg:Páter Albán Hašek

François de Salesen flag
*21.8.1567 Chateau de Sales - †28.12.1622 Lyon
Wikipedia czdeenfrno Google søk
sales.png

Wiener allgemeine Literatur-Zeitung, 11.10.1816

François de Sales hang det eit portrett av i sakristiet i kapellet på garnisonen på Hradčany. Han er jamvel vitne til Švejk sin fyrste samtale med feltprest Katz. Sjå òg Vězeňské kaple.

Bakgrunn

François de Sales var ein fransk biskop og teolog, seinare helgen. Han var ein framståande motreformist, spesielt mot kalvinismen. Han er skytshelgen for forfattarar, journalistar of døve.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.9] Seskočil se stolu a cukaje Švejkovi za rameno křičel pod velkým, zasmušilým obrazem Františka Sáleského: „Přiznej se, lumpe, žes brečel jen tak kvůli legraci?!“ A František Sáleský díval se tázavě z obrazu na Švejka.

Skrivst òg:František Saleský cz Franz von Sales de Francis de Sales en Frans av Sales no

Auditor Bernisen flag
Google søk

Bernis var aktor ved Vojenský soud (militærstrafferetten) på Hradčany. Han var ein levemann som hadde fokus alle andre stader enn i retten. Han rota bort dei fleste rettspapira og måtte oftast dikta opp skuldingane undervegs for å få sakene unna.

Bakgrunn

Namnet Bernis kan ikkje ein gong påvisast i adressebøker frå Praha så det er eit mysterium kvar Hašek har henta inspirasjon frå. Kjende personar med dette namnet fanst rettnok, men desse var frå ei fransk adelsslekt. Namnet dukka rettnok opp i pressa i Austerrike-UngarnHašek kan kanskje ha henta det derfrå.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.9] Vyšetřující auditor Bernis byl muž společnosti, půvabný tanečník a mravní zpustlík, který se zde strašně nudil a psal německé verše do památníků, aby měl pohotově vždy nějakou zásobu. Byl nejdůležitější složkou celého aparátu vojenského soudu, poněvadž měl tak hrozné množství restů a spletených akt, že uváděl v respekt celý vojenský soud na Hradčanech. Ztrácel obžalovací materiál a byl nucen vymýšlet si nový.
Korporal Říhaen flag
Google søk
riha1.png

Jaroslav Hašek, 1921

© LA-PNP

riha2.png

Adolf Synek, 1930

riha3.png

Vydavatelstvo ROH, 1955

Říha var òg tilsett ved garnisonsarresten men er berre så vidt nemnd i ein anekdote som ein av dei insette i celle 16 fortel (frå opphaldet sitt i celle 12).

Bakgrunn

Heller ikkje her er det nokon påviseleg samanheng med nokon verkeleg person sjølv om fleire med etternamnet Říha budde i Praha på den aktuelle tida. Han var nokså sikkert ein reservist, så eit oppslag i adressebøker (militærpersonar) frå før krigen vil neppe gje noko resultat. I 1915 var det fleire med etternamnet Říha som tenestegjorde i IR91, så namnet kan godt vera lånt frå ein av desse.

I etterkrigsutgåvene av romanen er Říha rett og slett erstatta av Řepa i rollen. Redaktørane må ha trudd at forfattaren eigentleg meinte den siste og retta "feilen" (som der truleg òg var). Det vart gjort over hundre mindre endringar i romanen tidleg i 1950-åra: fjerning av "russisismar", tilpassing til moderne tsjekkisk og ungarsk rettskriving, og i minst eitt tilfelle vart skrivefeil på tysk retta.

Revideringa av romanen førde til at Říha vart bort frå begge dei engelske etterkrigsomsetjingane, likeleis dei fleste moderne omsetjingane, og sjølv frå omsetjingar frå mellomkrigstida som seinare vart reviderte. I den nyaste tyske omsetjinga (2014) har han derimot dukka opp att.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.9] Tak tam hned přilítli, zavolali štábního profousa a kaprála Říhu. My všichni jeden jako druhý říkáme, že se zbláznil, že včera i dlouho do noci žral a že to všechno sežral.
Koudela, Josefen flag
Google søk
koudela.png

Adresář hl. města Prahy..., 1910

Koudela var ein arrestant i Posádková věznice (garnisonsarresten) som vart offer for rotet til Bernis. Denne hadde byta om papira hans med Švejk sine. Dokument som vart funne etter krigen kunne tyda på at denne Koudela vart avretta.

Bakgrunn

Koudela er eit vanleg tsjekkisk etternamn og det budde mange av dei i Praha i 1910, mellom dei minst fem med førenamnet Josef. Ei rekkje andre er oppførde i tapslistene frå verdskrigen, og dessutan hadde ein kjend person namnet Josef Koudela. Han var politikar frå det nasjonal-katolske partiet. Alt i alt har det likevel ikkje lukkast å identifisar nokon som passar til omtalen frå garnisonsfengslet.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.9] Spisy byly zastrčeny do spisů týkajících se jakéhosi Josefa Koudely. Na obálce byl křížek a pod ním „Vyřízeno“ a datum.
Infanterist Maixneren flag
Wikipedia cz Google søk
maixner.png

Adresář hl. města Prahy..., 1910

maixner.jpg

Český svět, 9.11.1917

Maixner var ein infanterist som kom under tiltale samtidig med Švejk. Dette kjem fram i eit telegram Bernis får frå Policejní ředitelství akkurat i det Švejk skulle på kontoret hans til forhøyr.

Bakgrunn

Maixner og Meixner var vanlege etternamn i Praha på den aktuelle tida og mange gjorde sjølvsagt teneste i K.u.k. Heer. Det har likevel ikkje lukkast å finna nokon som tilsvarar omtalen av personen i romanen så det er truleg snakk om lån av namn og ingenting meir.

Dr. Maixner

Maixner er eit namn som kort dukka opp i soga Střed Evropy som Jaroslav Hašek fekk trykt i Národní obzor i 1912 så dersom det er snakk om eit lånt namn er han ein kandidat. I denne forteljinga er personen Maixner udiskutabelt verkeleg. Hašek skriv i negative ordelag om Dr. Emerich Maixner (1847-1920), storgodseigar og utover det ein kjend lækjar som etter kvart vart utnemnd til Hofrat. Han var dessutan i ein periode hovudredaktør for Ottův slovník naučný.

Jaroslav Hašek: Střed Evropy

Chlumecké panství rozesílá do kraje své pivo, na velkostatcích se lidi dřou do úmoru, ve Velkých Kňovicích má velkostatek pan dr. Maixner, a jestli si tohoto povšimne, tak si přečte, že právě na jeho velkostatku jsou mzdové poměry velice bídné. Jedině co v tom kraji tak bije do očí, jest poctivost.

Eksterne lenkar

KjeldeJaroslav Šerák

Sitat
[1.9] Po odchodu polního kuráta dal si auditor Bernis předvésti Švejk a nechal ho stát u dveří, poněvadž právě dostal telefonogram od policejního ředitelství, že vyžadovaný materiál k obžalovacímu spisu čís. 7267, týkající se pěšáka Maixnera, byl přijat v kanceláři čís. 1 s podpisem hejtmana Linharta.
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

9. Švejk i garnisonsarresten


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 5/10-2019