Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Franz Ferdinand og Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

Den gode soldaten Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevarane av denne vev-sida. I januar 2014 manglar enno 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive personar faktisk har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Sjå m.a. Lukáš og Wenzl.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (581) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

2. I Budapest

Špatinaen flag
Google søk

Špatina frå Zhoř skal til å figurera i ei soge då Lukáš tvert avbryt den ivrige forteljaren Švejk.

Sitat
[3.2] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant“ řekl s obvyklou ohebností Švejk, „věc, o kterou jde, je nesmírně důležitou. Prosil bych, pane obrlajtnant, abychom mohli tu celou záležitost vyřídit někde vedle, jako říkal jeden můj kamarád, Špatina ze Zhoře, když dělal svědka na svatbě a chtělo se mu najednou v kostele...“
Scholz, Heinrich Karlen flag
*Lub u Frýdlantu (Mildenau) 16.10.1880 - †Wien 12.6.1937
WebGoogle søk

Scholz var i fylgje forfattaen sersjanten, unnaluraren og bilethoggaren som hadde laga krigsgravmonumentet i Siedliska.

Bakgrunn

Scholz var ein betydeleg akademisk bilethoggar frå Nord-Böhmen som under fyrste verdskrigen Verdsomfattande væpna konflikt som føregjekk frå 1914 til 1918. Dannar bakteppet for romanen som desse web-sidene handlar om. var ansvarleg for over 50 krigskyrkjegardar og minnesmerke i området Tarnów-Gorlice, mellom dei òg i Siedliska. Statuen "Nackter Krieger" er ei av dei som står der enno.

Sitat
[3.2] Místo patnácti dekagramů ementálského sýra měl každý v ruce západohaličský hřbitov vojínů v Sedlisku s pomníkem nešťastných landveráků, zhotovených ulejvákem-sochařem, jednoročním dobrovolníkem šikovatelem Scholzem.
Hořejšíen flag
Google søk

Hořejší er nemnd i Švejk si soge relatert til at Italia gjekk med i krigen mot sine allierte, her illustrert ved tre kjøpmenn i Táborská ulice.

Sitat
[3.2] „V Táborskej ulici v Praze byl taky takovej případ,“ začal Švejk. „Tam byl ňákej kupec Hořejší, kus vod něho dál naproti měl svůj krám kupec Pošmourný a mezi nima voběma byl hokynář Havlasa. Tak ten kupec Hořejší jednou dostal takovej nápad, aby se jako spojil s tím hokynářem Havlasou proti kupci Pošmournýmu, a začal s ním vyjednávat, že by mohli ty dva krámy spojit pod jednou firmou: ,Hořejší a Havlasa’.
Pošmournýen flag
Google søk

Pošmourný er nemnd i Švejk si soge relatert til at Italia gjekk med i krigen mot sine allierte, her illustrert ved tre kjøpmenn i Táborská ulice.

Sitat
[3.2] „V Táborskej ulici v Praze byl taky takovej případ,“ začal Švejk. „Tam byl ňákej kupec Hořejší, kus vod něho dál naproti měl svůj krám kupec Pošmourný a mezi nima voběma byl hokynář Havlasa. Tak ten kupec Hořejší jednou dostal takovej nápad, aby se jako spojil s tím hokynářem Havlasou proti kupci Pošmournýmu, a začal s ním vyjednávat, že by mohli ty dva krámy spojit pod jednou firmou: ,Hořejší a Havlasa’.
Havlasaen flag
Google søk

Havlasa er nemnd i Švejk si soge relatert til at Italia gjekk med i krigen mot sine allierte, her illustrert ved tre kjøpmenn i Táborská ulice.

Sitat
[3.2] „V Táborskej ulici v Praze byl taky takovej případ,“ začal Švejk. „Tam byl ňákej kupec Hořejší, kus vod něho dál naproti měl svůj krám kupec Pošmourný a mezi nima voběma byl hokynář Havlasa. Tak ten kupec Hořejší jednou dostal takovej nápad, aby se jako spojil s tím hokynářem Havlasou proti kupci Pošmournýmu, a začal s ním vyjednávat, že by mohli ty dva krámy spojit pod jednou firmou: ,Hořejší a Havlasa’.
Chovanecen flag
Google søk

Chovanec var ei bestefar frå Motol som ga ungar juling mot fast betaling frå foreldra, nemnd av Švejk for å illustrera at ein no hadde fleire fiendar (Italia) og måtte spara på ammunisjonen.

Sitat
[3.2] „Když už tedy zas máme novou vojnu,“ pokračoval Švejk, „když máme vo jednoho nepřítele víc, když máme zas novej front, tak se bude muset šetřit s municí. ,Čím víc je v rodině dětí, tím více se spotřebuje rákosek,’ říkával dědeček Chovanec v Motole, kerej vyplácel rodičům v sousedství děti za paušál.“
Skorkovskýen flag
Google søk
skorkovsky.jpg

Jiří Skorkovský, redaktor "Českoho slova" ...

© Národní archiv - Archiv České strany národně sociální

Skorkovský er ein lågare bankfunksjonær som er del av Švejk si lange soge om urin-analyse. Han bestemmer seg for å hemna seg den innpåslitne "urin-analysøren" med å senda han på "oppdrag" til ein illsint Málek. Denne var vaktmeister i eit hus i Vinohrady der Švejk for mange år sida budde.

Bakgrunn

Denne anekdota inneheldt svært mange element frå soga Analysa moče (Urinanalyse) som Hašek fekk trykt i satire-magasinet Kopřivy i 1912. Her er det derimot forfattaren sjølv som har rolla Škorkovský har i romanen. Den illsinte vaktmeisteren heiter Jan Vaňous og bur i Čelakovského 24. Dette var faktisk heimeadressa til Hašek frå 1901 til 1906!

I denne soga er den fanatiske "urin-mannen" namngjeven som ein viss Mašek som var lærling saman med HašekDrogerie Průša. Dei to vart uvener og Hašek tok hemn med å senda brev til han om at vaktmeisteren trengde urin-analyse. Resultatet er mykje likt de me kjenner frå Švejk...

Lånt namn?

Det er nokså truleg at Jaroslav Hašek lånte namnet til bankmannen sin frå Jiří Skorkovský, ein politikar i Česká strana národně sociální. Han var ein periode redaktør i partiavisa České Slovo Hovudorganet til det Tsjekkiske nasjonalsosiale partiet. , ein publikasjon Hašek òg skreiv for og var tilsett hjå ei kort stund i 1912.

Eksterne lenkar

Sitat
[3.2] Všichni, co chodili do výčepu, i hostinský a hostinská, dali si moč analysovat, jenom ten úředníček se ještě držel, ačkoliv ten pán za ním lez pořád do pissoiru, když šel ven, a vždycky mu starostlivě říkal: ,Já nevím, pane Skorkovský, mně se ta vaše moč nějak nelíbí, vymočte se do lahvičky, dřív než bude pozdě!’ Konečně ho přemluvil.
Domovník Máleken flag
Google søk

Málek er ein del av Švejk si lange soge om urin-analyse, for å visa at hemn kan slå tilbake på ein sjølv. I denne soga kjem det fram at Švejk for lenge sidan budde i Vinohrady, og at Málek var ein illsint vaktmeister der Švejk budde. Hovudpersonen i anekdota er ikkje nemnd men namn, men han hadde eit firma som dreiv urin-analyse.

Han vart svært påtrengande og prøvde å overtala alle han kom i kontakt med til å ta ein urinprøve. Han hadde terga på seg den bank-tilsette Skorkovský med urin-analysane sine men denne tok hemn med å fortelja at Málek trengde ein analyse.

Då den gretne vaktmeisteren vart vekt klokka 7 om morgonen vart han lite blid og jaga urin-mannen over halve Vinohrady i berre underbuksa. Det enda likevel at Málek vart arrestert og dømd for å ha forstyrra den offentlege ro, medan den innpåslitne urin-mannen kom unna.

Eksterne lenkar

Sitat
[3.2] A von tam šel. Domovník ještě spal, když ho ten pán vzbudil a povídal mu přátelsky: ,Moje úcta, pane Málek, dobré jitro přeji. Tady prosím lahvička, račte se vymočit a dostanu šest korun.’ Ale to bylo boží dopuštění potom, jak ten domovník vyskočil v kaťatech z postele, jak toho pána chyt za krk, jak s ním praštil vo almaru, až ho do ní zafasoval!
Kaiser Ferdinand Ien flag
*19.4.1793 Wien - †29.6.1875 Praha
Wikipedia czdeenno Google søk

Ferdinand I er nemnd når Dub vert introdusert til lesaren.

Bakgrunn

Ferdinand I var Franz Joseph I sin forgjengar som keisar av Austerrike, konge av Ungarn og den siste krona konge av dei Tsjekkiske Land. Han gjekk uoffisielt under namnet Ferdinand der Gütige (Ferdinand den Gode), men etter at han måtte gå av etter revolusjonane i 1848 vart dette gjerne snudd om til Gütinand der Fertige (Godinand den Ferdige). Han styrde frå 1835 til 1848 og budde på Hradčany i Praha frå han abdiserte og fram til sin død.

Sitat
[3.2] V nižších třídách strašil žáky císař Maxmilián, který vlezl na skálu a nemohl slézt dolů, Josef II. jako oráč a Ferdinand Dobrotivý.
Kaiser Joseph IIen flag
*13.3.1741 Wien - †20.2.1790 Wien
Wikipedia czdeenno Google søk

Joseph II er nemnd når Dub vert introdusert til lesaren.

Bakgrunn

Joseph II var austerriks keisar frå 1780 til 1790 og son til keisarinne Maria Theresia. Han var kjend for ei rekkje samfunnsreformer og var rekna som ein opplyst herskar for si tid. Av reformer kan nemanst: relegionsfriheit (kom jødane til gode), skatt for adelen, oppheving av liveigenskap, oppheving av dødsstraff i sivile rettsaker, obligatorisk skulegong, oppløysing av 700 kloster og mange sosiale reformer. Mange av desse måtte han trekkja tilbake like før han døydde.

Sitat
[3.2] V nižších třídách strašil žáky císař Maxmilián, který vlezl na skálu a nemohl slézt dolů, Josef II. jako oráč a Ferdinand Dobrotivý.

Skrivst òg:Josef II. cz Joseph_II. de

Weineren flag
Google søk
weiner.jpg

Hansy Weiner

Weiner var ei skodespelarinne som Ságner hadde sett på scena i Bruck an der Leitha, og som no, i fylgje Pester Lloyd, opptredde på Kis Színkör i Budapest.

Bakgrunn

Weiner kan ha vore Hansy Weiner som det vart omtala i Sport und Salon 25. desember 1915. Ho opptredde ved Volksoper i Wien og var ei talentfull songarinne. Det har ikkje lukkast å finna nokon annonse i Pester Lloyd som tilsvarar den frå romanen.

Sitat
[3.2] Zklamal se však úplně, neboť hejtman Ságner, kterému přinesl batalionsordonanc Matušič ze stanice večerní vydání „Pester Lloydu“, řekl, dívaje se do novin: „Tak vida, ta Weinerová, kterou jsme viděli v Brucku vystupovat pohostinsky, hrála zde včera na scéně Malého divadla.“
Géza av Szatmár-Budafaluen flag
Google søk

Géza av Szatmár-Budafalu var i fylgje romanen erkebiskop i Budapest og forfattar av to bøner som lyste dei verste besvergelsar over fienden.

Bakgrunn

vert presentert som ein historisk person men det finst ingen opplysningar om han om utover det som står i teksten. Lister over biskopar og erkebiskopar i Ungarn på denne tida nemner ingen person som kan tilsvara denne (Hans-Peter Laqueur Tysk historikar og orientalist (1949-), forfattar av eit studium kring tyrkiske tema i Švejk. Dessutan har han gjennom sin inngåande kunnskap om europeisk og tyrkisk historie gjeve viktige innspel til denne vevsida. ). Erkebiskopsetet i Ungarn var dessutan i Esztergom så alt tyder på at denne biskopen er ei oppfinning. Kombinasjonen Szatmár og Budafalu er òg usannsynleg: det fyrste er namnet på eit fylke og ein by, det andre knapt meir enn ein landsby.

Sitat
[3.2] Kromě toho přinesly ustarané, utahané dámy veliký balík vytištěných dvou modliteb sepsaných budapešťským arcibiskupem Gézou ze Szatmár-Budafalu. Byly německo-maďarské a obsahovaly nejstrašnější prokletí všech nepřátel. Psány byly tyto modlitbičky tak vášnivě, že tam jenom na konci scházelo řízné maďarské „Baszom a Krisztusmárját!“

Skrivst òg:Géza ze Szatmár-Budafalu Hašek Géza ze Szatmár-Budafalu cz Géza of Szatmár-Budafalu en Szatmárbudafalusy Géza hu

Šimeken flag
Google søk

Šimek var ein soldat som vart klappa på kinnet av ei dame frå Selskapet for mottakelse av Heltar. Kommentaren hans var at horene er svært så frekke her.

Sitat
[3.2] Byl to nějaký Šimek z Budějovic, který neznaje ničeho o tom vznešeném poslání těch dam, prohodil k svým soudruhům po odchodu dám: „Jsou ale tady ty kurvy drzý. Kdyby aspoň taková vopice vypadala k světu, ale je to jako čáp, člověk nic jiného nevidí než ty haksny a vypadá to jako boží u.mučení, a ještě si taková stará rašple chce něco začínat s vojáky.“
Rechnungsfeldwebel Bautanzelen flag
Google søk

Bautanzel er rekneskaps-sersjant ved marsbataljonen, og ekspert på å lura unna forsyningar som er meint til soldatane. Han skildrar i detalj korleis tjuveria føregår, illustrert med eksempel på marsjbataljonar han tidlegare har vore med i Karpatane, jamfor historia om major Sojka. Bautanzel klagar over den stadig dårlegare forsyningsituasjonen og samanliknar stoda i mai 1915 med overfloda i byrjinga av krigen. Han skildrar dessutan kor mykje betre preussarane er stilte, dei betalar dobbelt for rekvisisjonar.

Sitat
[3.2] Ve vagonu, kde byla kancelář a skladiště batalionu, účetní šikovatel pochodového praporu Bautanzel velmi blahosklonně rozdal dvěma písařům od batalionu po hrsti ústních pokroutek z těch krabiček, které se měly rozdat mezi batalion.
Major Sojkaen flag
Google søk

Sojka var ein major som Bautanzel hadde tenestegjord saman med på ei av dei to reisene sone til Karpatane med tidlegare marsjbataljonar. Han var matglad og hadde ein tendens til å trekkja mot feltkjøkenet, spesielt når kuler og shrapnel byrja flyga rundt han.

Sitat
[3.2] Za tu celou dobu nic víc se mně nepodařilo ušetřit pro nás v kanceláři než jedno prasátko, které jsme si dali vyudit, a aby ten major Sojka na to nepřišel, tak jsme ho měli uschované hodinu cesty u artilerie, kde jsem měl jednoho známého feuerwerkra.
Fähnrich Wolfen flag
Google søk

Wolf var ein fenrik som hadde ein kviskrande samtale med overløytnant Kolář der det vart sagt at Oberst Scröder hadde tileigna seg midlar som han hadde sendt til banken.

Sitat
[3.2] Nastal vzájemný šepot mezi fähnrichem Wolfem a nadporučíkem Kolářem, že plukovník Schröder za poslední tři neděle poslal na své konto do vídeňské banky 16.000 K.
Oberleutnant Kolářen flag
Google søk

Kolář var ein overløytnant som hadde ein kviskrande samtale med fenrik Wolf der det vart sagt at oberst Scröder hadde tileigna seg midlar som han hadde sendt til banken. Kolář fortel så vidare i generelle vendingar om korleis svindelen føregår.

Sitat
[3.2] Nastal vzájemný šepot mezi fähnrichem Wolfem a nadporučíkem Kolářem, že plukovník Schröder za poslední tři neděle poslal na své konto do vídeňské banky 16.000 K.
Oberst Wachtlen flag
Google søk

Wachtl var ein oberst frå fyrstegingstenesta til Švejk som han nemner når han svarar den polske latrine-fikserte generalen at ein soldat kan ikkje stadig tenkja på driting, han må tenkja kamp òg.

Sitat
[3.2] „Poslušně hlásím, pane generálmajor, na manévrech u Písku říkal nám pan plukovník Wachtl, když mužstvo v době rastu se rozlézalo po žitech, že voják nesmí pořád myslet jen na šajseraj, voják že má myslet na bojování. Ostatně, poslušně hlásím, co bychom tam na tý latrině dělali? Není z čeho tlačit. Podle maršrúty měli jsme už dostat na několika stanicích večeři, a nedostali jsme nic. S prázdným žaludkem na latrinu nelez!“
Jesenská, Růženaen flag
*17.6.1863 Smíchov - †14.7.1940 Praha
Wikipedia czen Google søk

Jesenská er nemnd når Švejk sit på latrina i Budapest og les på eit avrive ark frå ein roman av Jesenská.

Bakgrunn

Jesenská var ei tsjekkisk forfattarinne og poet, som utgav mellom anna bøker om oppdragelse. Som talsmann for sex før ekteskapet vart ho i si samtid utsett for sterkt kritikk. Ho var tanta til den langt meir kjende Milena Jesenská.

KjeldeMilan Hodík Tsjekkisk militærhistorikar (1933-), gav ut tre bøker om Švejk. Best kjend er leksikonet med forklaringar til tema i romanen. , Wikipedia

Sitat
[3.2] Na levém křídle seděl Švejk, který se sem připletl, a se zájmem si přečítal útržek papírku, vytrženého bůhví z jakého románu Růženy Jesenské:

...dejším pensionátě bohužel dámy
em neurčité, skutečné snad více
Křičkaen flag
Google søk
kricka2.jpg

Petr Křička, Pestrý týden, 17.11.1928

kricka.png

Lidové noviny, 16.8.1926

Křička er nemnd i bokfragmentet av Jesenská som Švejk les når han sit på huk over latrina i Budapest.

Bakgrunn

Det nemnde bokfragmented kan ikkje påvisast i nokon litteratur av Jesenská. Enten er det eit sitat frå ein anna forfattar eller så er det dikta opp. Om det siste er tilfelle kan det vera at Hašek gjer narr av ein av sine samtidige.

Ein kandidatet i så måte er poeten Petr Křička som han kjende m.a. frå vinhuset U Petříku der dei begge vanka. Břetislav Hůla nemner han dessutan som ein person som kan ha opplysningar om Jaroslav Hašek.

Ei anna mogeleg inspirasjonskjelde: i eit brev til den seinare kona si Jarmila, datert 21.juli 1908, nemner forfattaren ein arkitekt Křička han hadde møtt i Kolín. Denne personen var Čeněk Křička (1858-1948), ein politikar som seinare vart borgarmeister i byen.

Kjelde: Jiří Fiala, Sergey Soloukh, Václav Menger Tsjekkisk skodespelar, barndomsven av Hašek (1888-1947). Forfattar av to bøker og ei rad avisartiklar om han. , Břetislav Hůla

Sitat
[3.2] ..dejším pensionátě bohužel dámy
em neurčité, skutečné snad více
ré většinou v sebe uzavřeny ztrát
h menu do svých komnat, aneb se
svérázné zábavě. A utrousily-li t
šel člověk jen a pouze stesk na ct
se lepšila, neb nechtěla tak úspěšně
covati, jak by samy si přály.
nic nebylo pro mladého Křičku.

Skrivst òg:Kříčka Parrott Keitschka Reiner

Korporal Málek en flag
Google søk

Málek var ein korporal soom var den fyrste til å innta den opprinnelege drite-posisjon etter at generalen hadde overraska kompaniet med buksene nede.

Sitat
[3.2] Generálmajor přívětivě se usmál a řekl: „Ruht, weiter machen!“ Desátník Málek dal první příklad svému švarmu, že musí opět do původní posice. Jen Švejk stál a salutoval dál, neboť z jedné strany blížil se k němu hrozivě poručík Dub a z druhé generálmajor s úsměvem.
Leutnant Chudavýen flag
Google søk

Chudavý var ein løytnant ved kaserna i Karlín som Švejk minnast etter å ha fått nok ein tirade av Dub.

Sitat
[3.2] Švejk odcházel konečně k svému vagonu a přitom si pomyslil: Jednou byl, když jsme ještě byli v Karlíně v kasárnách, lajtnant Chudavý a ten to říkal jinak, když se rozčilil: „Hoši, pamatujte si, když mne uvidíte, že jsem svině na vás a tou sviní že zůstanu, dokud vy budete u kumpanie.“
Herr Istvánen flag
Google søk

Herr István frå Isatarcsa vart offer for det påståtte hønetjuveriet til Švejk. Den gode soldaten vart ført inn på stasjonen i Budapest av militærpolitiet etter det vart rapportert at han hadde stole høna, og dessutan slege till István så han fekk eit blått auge. Švejk nekta for dette, dei hadde berre krangla om prisen. Til slutt kom han unna med å betala fem gylden, fem for høna og fem for blåauga.

Sitat
[3.2] Veliteli 11. marškumpanie N pochodového praporu 91. pěšího pluku k dalšímu řízení.
Předvádí se pěšák Švejk Josef, dle udání ordonance téže marškumpanie N pochodového praporu 91. pěšího pluku, pro zločin loupeže, spáchaný na manželích Istvánových v Išatarča v rayoně velitelství nádraží.

Skrivst òg:Mr István en

Fru Istvánen flag
Google søk

Fru István frå Isatarcsa vart saman med mannen offer for det påståtte hønetjuveriet til Švejk. Den gode soldaten vart ført inn på stasjonen av militærpolitiet etter det vart rapportert at han hadde stole høna, og dessutan slege till István så han fekk eit blått auge. Švejk nekta for dette, dei hadde berre krangla om prisen. Til slutt kom han unna med å betala 10 gylden, 5 for høna og fem for blåauga.

Sitat
[3.2] Veliteli 11. marškumpanie N pochodového praporu 91. pěšího pluku k dalšímu řízení.
Předvádí se pěšák Švejk Josef, dle udání ordonance téže marškumpanie N pochodového praporu 91. pěšího pluku, pro zločin loupeže, spáchaný na manželích Istvánových v Išatarča v rayoně velitelství nádraží.

Skrivst òg:Mrs István en

Matějůen flag
Google søk

Matějů er ein dreiar nemnd når Švejk dreg ei historie for å illustrera det bagatellmessige i at han dengde til Herr István med høna.

Sitat
[3.2] To vyrazili ,U starý paní’ soustružníkovi Matějů celou sanici cihlou za dvacet zlatejch, s šesti zubama, a tenkrát měly peníze větší cenu než dnes. Sám Wolschläger věší za čtyry zlatky.
Wohlschlager, Leopolden flag
*1.11.1855 Osijek - †21.8.1929 Praha
Wikipedia cz Google søk
wohlschlager1.png

Nikolsburger Wochenschrift, 30.8.1929

wohlschlager.png

Expres, 21.8.1929

Wohlschlager er nemnd når Švejk dreg ei historie for å illustrera kor ublu prisen Herr István skulle ha for høna i Budapest var. Wohlschlager hengde trass alt folk for berre fire gylden.

Bakgrunn

Wohlschlager (av og til skrive Wohlschläger) var offentleg bøddel i Böhmen frå 1888. Han hadde som femtenåring alt vore vitne til henginga av Janeček i 1871, den siste offentlege avrettinga i Böhmen under Austerrike-Ungarn. Avrettinga vart utførd av den stykfaren hans, Jan Piperger.

Frå 1918 fram til sin død heldt han fram som offentleg bøddel i Tsjekkoslovakia. I adresseboka for Praha (1910) er han oppførd som "bøddel", i folkeregisteret som gullsmed og bøddel.

Švejk si opplysing om at han vart betalt 4 gylden for kvar avretting stemmer ikkje, Wohlschlager fekk 25 alt frå byrjinga. Når han ikkje utførde sine offisielle plikter arbeidde han som gullsmed i Příčná ulice. I 1929, året hand døydde, fekk han endåtil gjeve ut boka "I teneste for rettferd i Austerrike og i Republikken" (Ve službách spravedlnosti za Rakouska i Republiky). Han døydde heime hjå seg sjølv på Letná etter å ha vore sjuk med åreforkalking i to år.

Eksterne lenkar

Kjelde: Karel Ladislav Kukla

Sitat
[3.2] To vyrazili ,U starý paní’ soustružníkovi Matějů celou sanici cihlou za dvacet zlatejch, s šesti zubama, a tenkrát měly peníze větší cenu než dnes. Sám Wohlschläger věší za čtyry zlatky.

Skrivst òg:Wohlschläger Hašek

Mourkováen flag
Google søk

Mourková var ei avdanka sluske frå Praha II. som saman med fru Šousková valdtok ein hundreåring ved Roztoky.

Sitat
[3.2] “Vona je to holt vášeň, ale nejhorší je to, když to přijde na ženský. V Praze II byly před léty dvě vopuštěný paničky, rozvedený, poněvadž to byly coury, nějaká Mourková a Šousková, a ty jednou, když kvetly třešně v aleji u Roztok, chytly tam večer starýho impotentního stoletýho flašinetáře a vodtáhly si ho do roztockýho háje a tam ho znásilnily
Šouskováen flag
Google søk

Šousková var ei avdanka sluske frå Praha II. som saman med fru Mourková valdtok ein impotent olding ved Roztoky.

Sitat
[3.2] “Vona je to holt vášeň, ale nejhorší je to, když to přijde na ženský. V Praze II byly před léty dvě vopuštěný paničky, rozvedený, poněvadž to byly coury, nějaká Mourková a Šousková, a ty jednou, když kvetly třešně v aleji u Roztok, chytly tam večer starýho impotentního stoletýho flašinetáře a vodtáhly si ho do roztockýho háje a tam ho znásilnily
Profesor Axamit, Janen flag
*12.12.1870 Rychnov nad Kněžnou - †18.11.1931 Praha
Wikipedia cz Google søk
axamit.png

Národní politika, 6.4.1912

axamit2.png

Prager Tagblatt, 21.8.1924

Axamit frå Žižkov er tilfeldig involvert i valdteksthistoria til damene Mourková og Šousková ved Roztoky.

Bakgrunn

Axamit var ein tsjekkisk lege med øyre, nase, hals som spesialitet. Etter medisin-studiar ved universitet i Praha praktiserte han som assistent i Praha, Berlin og Wien. Seinare vende han tilbake og opna eigen praksis i Žižkov.

Han var dessutan arkeolog på fritida, noko som knyter han til denne groteske anekdota. Under fyrste verdskrigen Verdsomfattande væpna konflikt som føregjekk frå 1914 til 1918. Dannar bakteppet for romanen som desse web-sidene handlar om. var han kortvarig sjef for prehistorisk avdeling ved Nasjonalmuseet. Frå 1918 arbeidde han som konservator ved Selskapet for Najonens Arv. Han vart etter kvart langt meir kjend som arkeolog enn som lege.

Ein Axamit var dessutan hovudperson i forteljinga Vláda je vinná (Regjeringa er skuldig) av Jaroslav Hašek frå 1911, trykt i Rovnost. Truleg er det ikkje same personen det er snakk om etterom forfattaren omtalar han som embetsmann ved Statthaldarkontoret.

Eksterne lenkar

KjeldeJaroslav Šerák Tsjekkisk Hašek-ekspert, utgivar og redaktør av Virtuální muzeum Jaroslava Haška. Utgivar av Hašek sine samla dikt. , Hans-Peter Laqueur Tysk historikar og orientalist (1949-), forfattar av eit studium kring tyrkiske tema i Švejk. Dessutan har han gjennom sin inngåande kunnskap om europeisk og tyrkisk historie gjeve viktige innspel til denne vevsida.

Sitat
[3.2] To je na Žižkově pan profesor Axamit a ten tam kopal, hledal hroby skrčenců a několik jich vybral, a voni si ho, toho flašinetáře, vodtáhly do jedný takový vykopaný mohyly a tam ho dřely a zneužívaly. A profesor Axamit druhej den tam přišel a vidí, že něco leží v mohyle.
Feldwebel Nasákloen flag
Google søk

Nasáklo var ein sersjant frå det 12. marsjkompani, ein tyrann, som etter ordre frå Ságner gav Švejk geværdrill som straff for at han i sin tur hadde eksersert Baloun fordi denne hadde lurt unna eit hønelår.

Ved avreisa frå Budapest kom det fram at Nasáklo ikkje kom med toget vidare ettersom han var oppteken med å pruta med ei prostituert bak stasjonen.

Sitat
[3.2] Batalionní ordonanc obdržel rozkaz zavolat šikovatele od 12. kumpanie Nasákla, který byl znám jako největší tyran, a zaopatřit ihned Švejkovi ručnici. „Zde tento muž,“ řekl hejtman Ságner k šikovateli Nasáklovi, „nechce zbytečně proválet drahocenný čas. Vezměte ho za vagon a hodinu s ním cvičte kvérgrify. Ale beze všeho milosrdenství, bez oddychu. Hlavně pěkně za sebou, setzt ab, an, setzt ab!
Oberleutnant Kvasničkaen flag
Google søk

Kvasnička var ein overøytnant ved kaserna i Karlín som kunne lova rekruttane helvete òg i det neste livet, alt i fylgje Švejk. Poenget vert understreka av ei imponerande rekkje skjellsord.

Sitat
[3.2] K tomuto připojil Švejk tuto jednoduchou poznámku: „Ba jo, žádnej člověk neví, co bude vyvádět za pár milionů let, a ničeho se nesmi vodříkat. Obrlajtnant Kvasnička, když jsme ještě sloužívali v Karlíně u erkencunkskomanda, ten vždycky říkal, když držel školu: ,Nemyslete si, vy hovnivárové, vy líní krávové a bagounové, že vám už tahle vojna skončí na tomhle světě. My se ještě po smrti uhlídáme, a já vám udělám takovej vočistec, že z toho budete jeleni, vy svinská bando.’“
Adjutant Ziegleren flag
Google søk

Ziegler var ein tynn bataljonsadjutant som knapt heldt til eit måltid for eit marsjkompani i fylgje Švejk.

Sitat
[3.2] Jakpak se jmenuje, pane rechnungsfeldvébl, ten náš adjutant od našeho batalionu? Ziegler To je ňákej takovej uhejbáček, z toho by se neudělaly porce ani pro jednu marškumpačku.“
Moritz Löwensteinen flag
Google søk
mlowenstein.png

Moritz Löwenstein var eit firma frå Wien som leverte relegiøst krims-krams. Her åt Baloun opp kulene på ein rosekrans, firmaet leverte òg til Klokoty. Forfattaren nemner i [I.11] firmaet Moritz Mahler som eit liknande føretak.

Bakgrunn

Korkje firmaet eller eigaren kan ikkje sporast i adresseboka for Wien, 1915. Truleg er desse namne valgde ut heller tilfeldig med unnatak av det vanlege jødiske førenamnet Moritz. Sjå Moritz Mahler.

Sitat
[3.2] A opravdu, Baloun ve svém největším hoři hledal spásu v drobných kuličkách z klokočí od firmy Moritz Löwenstein ve Vídni. „Ten je taky z Klokot,“ řekl smutně Baloun. „Než mně ho přinesly, zařvala dvě housata, ale to není žádný maso, to je měkkotina.“
Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

2. I Budapest


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 15/12-2019