Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Franz Ferdinand og Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28.juni 1914.

Den gode soldaten Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til kaptein Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevarane av denne vev-sida. I januar 2014 manglar enno 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga, Heinrich Heine som historisk person, og Ferdinand Kokoška som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive personar faktisk har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Sjå m.a. Lukáš og Wenzl.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (581) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
Index Back Forward IV. Det ærerike samanbrotet held fram Hovudpersonen

2. Sjelesorg

Oberleutnant Wurm, Johannen flag
*22.3.1884 Smíchov - †? 19??
Google søk
wurm1.jpg

Frå "Jednadevadesátníci". Jan Ciglbauer, 2018.

wurm5.png

Rangliste. Bestand Karl Wagner, Kriegsarchiv.

© ÖStA

wurm4.png

Jan Ev. Eybl, 16.3.1915.

© SOkA Beroun

wurm.png

Konskripce 1911, NAČR

wurm1.png

Nachrichten über Verwundete und Kranke ..., 1915

wurm6.png

Prager Tagblatt, 15.2.1915

Wurm var ein obrlajtnant i Budějovice som Švejk fortalde feltprest Martinec om på sjelesorg-seansen på cella i Przemyśl. Det var ei svært lang anekdote om offisersaspirantar som korkje var befal eller vanlege soldatar, ikkje fekk eta i nokon av messene ettersom Wurm forbaud dei å bruka mannskapsmessa.

Bakgrunn

Wurm var ein offiser i K.u.k. Heer, overløytnant i IR91 fram til 1.juli 1915, deretter kaptein. Bortsett frå at han utan tvil var personen Švejk omtala i cella i Przemyśl, er det òg grunn til å tru at Wurm delvis var inspirasjonskjelde for den groteske fenrik Dauerling.

Eybl si dagbok

Feltprest Jan Eybl skreiv i dagboka si at overløytnant Wurm kommanderte eit marsjkompani som kom til fronten ved Jaworzec i Karpatane 16.mars 1915. Tidsmessig indikerer dette at kompaniet hans var del av 7. marsjbataljon. På denne tida var IR91 Ersatzbattailon enno lokalisert i Budějovice, så det er svært truleg at Hašek kjende Wurm ettersom fyrstnemnde tenestegjorde der frå 17. februar og 7. marsjbataljonen truleg reiste derifrå ikring 8. mars. Eybl noterte dessutan at Wurm war brorson til feltmarskalk Wenzel Wurm (han tok feil på rangen: Wurm var i 1915 Feldzeugmeister).

Ranglisten und Schematismus

Den einaste personen i ranglistene til IR91 som svarar til Eybl sin omtale er Johann Wurm, fødd i 1884 i Praha. Lista avslører at han vart forfremja til kaptein 1.juli 1915 og har såleis vore overløytnant i mars, akkurat som Jan Eybl skreiv. Denne rangen oppnådde han 1.november 1912 og han hadde tenestgjord som løytnant sidan 1.mai 1907. Tidleg i karrieren tenestegjorde han ved Feldjägerbataillon Nr. 7 og frå 1907 i Feldjägerbataillon Nr. 22.

Politibøker

Nokon Johann Wurm fødd i 1884 er ikkje oppførd i politibøkene i Praha, men ein viss Hans Wurm stemmer derimot godt overeins. Namna Hans og Johann vart ofte brukte om eit anna (Hans Bigler er ein anna offiser som vart oppførd med begge namna). Løytnant Wurm tenestegjorde ved Infanterieregiment Nr. 75 i 1911 og han budde i Královské Vinohrady Hálkova tř. 379/12 (i dag Londýnská 379/73).

Før krigen

Ved hjelp av avisklipp har ein fått ei viss oversikt over Wurm sin karriere utover det som er nemnd ovafor. 22.mai 1909 var han involvert i ein episode i Jindřichův Hradec der han under ein krangel med ein instruktør frå Sokol drog sabelen og hogg motstandaren i handa.

Wurm var son til fabrikkdirektør Josef Wurm i Podbořany (Podersam), der faren dreiv eit omns- og jernstøyperi. Tysk-språklege aviser bruka namna Hans og Johann om eit anna sjølv om det siste var mest vanleg. Den tsjekkiske pressa brukte mest Jan sjølv om Hans òg førekom.

I teneste for IR91

Av avisnotisane ser ein at Wurm våren 1914 vart overført frå Infanterieregiment Nr. 75 til IR91/1. bataljon. Frå krigsutbrotet tenestegjorde han hjå bataljonen i Serbia der han var sjef for 4. feltkompani. Ein gong mellom 4. og 6. oktober vart han såra (skoten i foten). Han vart send til sjukehus og dessutan dekorert med Signum Laudis. I fylgje lista over såra soldatar som Kriegsministerium sende ut vart han send til eit reservesjukehus i Kroměříž (Kremsier). 7.februar 1915 var han til stades ved ein festleg samankomst for dekorerte offiserar i Suché Vrbné (Dirnfellern) ved Budějovice der 7. marsjbataljon var forlagd. Det vart notert i Prager Tagblatt at til trass for at han vart hardt såra reiser han tilbake til fronten.

Karriera vidare i krigen har me enno berre brotstykke frå. Ein notis i Prager Tagblatt 21.november 1915 opplyser om at han vart dekorert for andre gong, no for innsats i kamp 24.september 1915. Dette gjaldt slaget ved Chorupan der Jaroslav Hašek, František Strašlipka, Emanuél Michálek og hundrevis av medsoldatane deira vart tekne til fange. I 1916 vart han dekorert for tredje gong og han var enno i teneste hjå IR91. Kor han heldt til og kva han gjorde frå 1916 til 1921 veit me enno ingen ting om (*).

*) I påvente av undersøkingar i militærhistoriske arkiv.

Arrestert som spion
wurm3.png

Budweiser Zeitung, 11.10.1922

I mai 1921 gjekk Wurm i aktiv teneste i den tsjekkoslovakiske hæren. Han vart stabskaptein i Forsvarsdepartementet (MNO) og fungerte som liaisonoffiser mot Parlamentet med tyske utsendingar som hovudansvar. 7.oktober 1922 vart han arrestert grunna spionasjemistankar. I same aksjonen hadde to andre offiserar, Gustav Wolf og Georg Nowakowski alt vorte pågripne. Dei tre vart stilte for ein militærdomstol i desember.

Rettsaka
wurm9.png

Lidové noviny, 11.12.1922

wurm0.png

Prager Tagblatt, 12.12.1922

Rettsaka starta klokka 9 om morgonen 11. desember og vart førd ved den militære domstolen på Hradčany (sjå Vojenský soud). Deler av rettsaka vart helden bak stengde dører. Aktoratet la fram ei skulding på 24 sider mot dei tre, som i grove trekk gjaldt spionasje og landsvik. Wurm vart skulda for å ha gjeve vidare eit gradert dokument mot ei betaling på 3000 kroner. Mottakar var Jaroslav Philipp, ein tidlegare k.u.k. offiser og no agent i polsk teneste. Wurm var òg mistenkt for å ha utlevert anna gradert materiale til same kontakten. Wurm skal ha vore i nær kontakt med den overtydde monarkisten Philip alt frå tidspunktet han gjekk inn i den tsjekkoslovakiske hæren.

I alt vart 13 personar kalla inn og desse avga 91 sider med vitneutsagn. I tillegg vart det kalla inn sakkyndige i psykiatri, skriftgjenkjenning og fotografi. Den fyrste som vart forhøyrd var stabskaptein Wurm. Han forklarde under avhøyret 11. desember at han hadde gjeve fortruleg materiale vidare til Philipp, men nekta for å ha visst kva denne skulle med det. Han medga at han fekk 3000 kroner for dokumenta, ettersom han var i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

wurm10.png

Prager Presse, 14.12.1922

Neste dag gjaldt rettsforhandlingane berre Wolf og Nowakowski, men 13. desember vert Wurm omtala under vitenavhøyr. Det vert sagt at "sjølv om han var av tsjekkisk avstamning var han av tysk-nasjonal politisk overtyding". Eit anna vitne, ein slektning av Wurm, omtala den tiltala som "herskesjuk, usympatisk og dårleg likt, sjølv mellom kameratar".

Vitne som kjende han frå K.u.k. Heer omtala han som ein rå, forfengeleg og hensynslaus offiser, spesielt ovafor tsjekkiske soldatar. Som døme på råskapen hans vart det sagt at han ein gong straffa hesten sin med to dagars svelteforing for å ha kasta han av, og at han skaut sin eigen hund når denne ikkje lydde.

Psykiatriske sakkunnige sa under rettsforhandlingane om ettermiddagen 13. desember at "Wurm kan vurderast som kroppsleg og sjeleleg degenerert" men det kunne ikkje konkluderast med at han var (eller hadde vore) psykisk sjuk. Det kom òg fram at tilståinga frå Wolf like etter arrestasjonen førde til arrestasjonen av Wurm.

wurm7.png

Moravská orlice, 16.12.1922

Forsvararen til Wurm, major Řehák, prosederte for full frifinning. Han sa det var utenkeleg at Wurm skulle setja heile sin eksistens på spel for eit så lite beløp, at Wurm var ein imøtekomande person som handla under press frå Philipp. Domstolen burde ta omsyn til formildande omstende: hittil plettfritt rulleblad, den tiltalte sin vansklege situasjon: finansielt og psykisk, dessutan til familien. Wurm heldt òg eit sluttinnlegg der han gråtande fortalde om den vanskelege stoda han og familien var i, og bad om ei mild straff.

Dommen vart avsagd 15.desember 1922 og alle dei tre skulda vart dømde. Det vart slått fast at dei spionerte utfrå finansielle og ikkje nasjonale eller politiske motiv. Wurm fekk 4 år og 6 månaders fengsel under skjerpa tilhøve: faste ein gong i månaden og einecelle ein månad i kvart halvår. Han vart dessutan frådømd offisersrangen og mista stemmeretten så lenge han sat i fengsel. Wurm vart send til Terezín for soning. Nowakowski vart dømd til 8 år og Wolf til 3.

Opplysningar i pressa
wurm2.png

Venkov, 14.12.1922

Avisreportasjane frå rettsaka avslører endå fleire detaljar om Jan Wurm (som han vart kalla på tsjekkisk). Han var fødd i Smíchov 22.mars 1884, gjekk på tyske skular, inkludert K.u.k. Infanteriekadettenschule Prag. Han gjekk inn i hæren i 1904 etter fyrst å ha tenestegjord som eittårsfrivilleg. Han oppga seg med tysk nasjonalitet men snakka godt tsjekkisk. Han hadde tre born som gjekk på tyske skular. På tida rettsaka føregjekk budde familien i Dejvice i ein bustad som kona eigde. Dette må ha vore andre kona avdi den fyrste kona Mathilde (fødd Hartmann) døydde 16.oktober 1918 i ein alder of 29.

Venkov, Prager Tagblatt og Budweiser Zeitung stadfesta på denne tida opplysningane frå Eybl om at Wurm var brorson til generaloberst Wenzel Wurm. Venkov legg dessutan til at sistenemnde gjorde sjølvmord. Det som kan stadfestast er at han døydde i Wien 22.mars 1921 men Lidové noviny og Innsbrucker Nachrichten skreiv at han døydde av naturlege årsaker. Budweiser Zeitung hevdar utruleg nok at Wurm-slekta var tsjekkarar, at faren Josef og den vidkjende onkelen var tsjekkiske sjåvinistar og fiendtleg innstilte til tyskarar.

Registreringsskjema
wurm8.png

Soupis pražského obyvatelstva 1830-1910 (1920)

Registreringspapira til faren kastar til slutt lys over Wurm sin bakgrunn. Han var son til Josef Wurm, som fødd i Penzing ved Wien 17.mars 1857. Mora var Karolina, fødd Schück i 1860. Foreldra gifta seg i 1881 og Hans Wurm vart fødd 22.mars 1884 i Smíchov. Han hadde ei syster, Karolina, fødd i Praha 3.desember 1882. Bestefaren Josef var k.u.k. Oberleutnant og som var vanleg med militæpersonell flytta han ofte. Faren var ikkje militær men flytta til Nové Strašecí i 1892, og så til Podbořany. Fram til då hadde dei budd i Královské Vinohrady.

Ukjend lagnad

Kva som hende vidare med Wurm etter at han vart sett på frifot veit me lite om. Sommaren 1932 vart han omtala i samband med eit stemne for krigsveteranar i Volary (Wallern). Han var i live så seint som 1938, og heldt tale ved eit veterantreff i Vimperk (Winterberg) 13. og 14. august det året. Såleis var han visseleg vitne til annekteringa av Sudentenland nokre månader seinare. Dersom han i 1945 enno var i live vart han truleg fordriven frå Tsjekkoslovakia.

Det absolutt siste avisoppslaget om han som er funne så langt er i Budweiser Zeitung 14.februar 1940, og på ny er det referat frå eit veteranmøte (no under regi av Nazi-partiet). Denne gongen er det ikkje lenger Wurm sjølv som talar, men andre som snakkar om han. Dette kan tyda på at han hadde døydd i mellomtida.

Om han budde i Praha òg etter at han vart sett på frifot er uvisst. Tre Jan Wurm er oppførde i adresseboka frå 1937, men det er umogeleg å slå fast om nokon av desse er identisk med den tidlegare offiseren. Ingen av dei tre budde i Dejvice.

Militærarkiv
wurm.jpg

Wurm var ofte sjuk under krigen.

© VHA

wurm2.jpg

Utdrag frå karrieren i 1915 og 1916.

© VHA

wurm3.jpg

Frå den Tsjekkoslovakiske hæren.

© VHA

Nylege granskingar (VHA, 22.november 2018) av Wurm sine dokument frå K.u.k. Heer stadfestar mykje av det som er kome fram i avisene, og gir òg utfyllande opplysningar. I denne omtalen tek me likevel berre med det som angår IR91 under krigen, og litt om etterkrigstida i Tsjekkoslovakia.

Wurm tenestegjorde som kompanikommandant ved 1. bataljon i Dalmatia frå starten av krigen. Han vart såra 2.oktober 1914 og reiste fyrst tilbake i felten med 7. marsjbataljon. Desse drog frå Budějovice 8.mars 1915 og framme i Karpatane tok han over kommandoen for 14. feltkompani. Han vart sjuk med lungebetennelse og tyfus 2.april, og låg ei stund på sjukehus i Kroměříž. Frå 2.mai arbeidde han ved mønstringskommisjonen til Infanterieregiment Nr. 75. Frå 26.juli 1915 var han tilbake i IR91, med 14th marsjbataljon og frå 19.september på ny ved fronten, no ved Chorupan. Han deltok i slaget her fem dagar seinare, og overføringa til Isonzo-fronten midt i november.

Den 10.januar 1916 vart han sjuk att, og etter eit ei vekes rekonvalesensopphald i Laibach (Ljubljana), vart han overførd til Bruck an der Leitha der han tok over 1. Ersatzkompanie ved IR91. Denne stillinga hadde han fram til 14.april 1916 då han vart overførd til ein mønstringskommmisjon (ukjendt kvar). På denne tida viser dokumenta hans at han på ny frivilleg melde seg til front-teneste, men vart nekta avdi helsa hans ikkje tillet dette og at regimentet dessutan hadde bruk for erfarne instruktørar bak fronten.

Frå 8.juli 1916 var han kommanderande for 23. marsjbatlajon og 29.august reiste han til fronten i Italia med desse. Den 8.februar 1917 melde han seg sjuk og vart transportert til eit sjukehus i Ljubljana og etter å ha vorte frisk var han på ny ved ein mønstringskommisjon, truleg i Praha. Fram til 3.desember var han kommandant for IR91/1. bataljon og så hjå 28. Rifleregiment, 3. bataljon. Så vart det eit langt sjukehusopphald, heilt fram til 10.april 1918 i Praha. På ny var det lungene som plaga han. Frå 30.april var han i teneste hjå Jägerregiment Nr. 137, maskingeværavdelinga.

Detaljar om karrieeren hans i den tsjekkoslovakiske hæren kjem fram og desse stemmer godt med det som vart skrive i avisene før og under rettsaka. Det kjem òg fram at han vart sett fri på prøve etter å ha sona tre år. Dei tre borna hans var fødde henholdsvis i 1912, 1914 og 1916, to døtrer og ein son. Domen var korrekt attgjeven i avisene. Det er kjem ikkje fram opplysningar som kan kasta lys over laganden hans etter at han vart sett fri.

Djevel forkledd som menneske
wurma.png

Kamarádtsví, 15.9.1937

I den nyutkomne boka "Jednadevesátníci" (Jan Ciglbauer, 2018) vert det kasta ein mørk skugge over Wurm, både som person og offiser. Opplysningane stadfestar langt på veg dei negative vitneutsagna som kom fram under spionsaka i 1922. Ciglbauer merkar seg at Wurm sitt namn dukkar opp påfallande ofte i notat og dagbøker etter veteranar i IR91, og då i det verst mogelege lys.

Boka referer mellom anna til ein artikkel i tidskriftet Kamarádství frå 1937, der J. Hospodářský, ein tidlegare soldat hjå IR91, omtalar Wurm som ein uvanleg brutal offiser, anormal i sin oppførsel. Heile regimentet frykta og hata han, jamvel offiserskollegaene. Som sjef for 1. Ersatzkompanie i Királyhida i 1916 mishandla han hesten sin på på Batailionsraport. Så "dømde" han dyret til to dagar på stallen utan mat og drikke. Han fekk dessutan kona si eskortert vekk av fire væpna soldatar då ho kom inn på treningsområdet der sivilistar hadde strengt forbod mot å opphalda seg under eksersis. Det vart sagt at han skaut soldatar for småting, og ein gong fekk han bunde opp tenaren sin i to timar fordi denne ikkje hadde skaffa han vatn i tide. Hospodářský omtalar Wurm som "ein djevel i mennskeklede".

Den arresterte hesten
wurmb.png

"Den arresterte hesten". Prager Tagblatt, 14.12.1922

Soga om den arresterta hesten kom òg på trykk i avisene i samband med at spionsaka gjekk for retten. Her refererte mellom anna Prager Tagblatt til vitneutsagn frå rettsaka.

Likheita mellom Wurm og romanfiguren Dauerling er slåande, i det minste i måten dei to tyrannane handsama rekruttane på. Jaroslav Hašek tenestegjorde rettnok med Wurm berre tre veker tidleg på våren 1915 og dessutan ei kort stund om hausten, og dei var ikkje i same kompania. Likevel høyrde nok forfattaren om Wurm sine utskeielsar, og dette kan nok ha gjeve han inspirasjon til den groteske figuren Dauerling.

Jan Morávek
wimmer.jpg

Morávek stilte kaptein Wimmer i eit ufortent dårleg lys. Večerní Česke Slovo, 1924

I fylgjetongen "Jaroslav Hašek - Den gode soldat Švejk" (Večerní České Slovo, 1924) nemner Jan Morávek ein kaptein Wimmer som vart avløyst av Rudolf Lukas som kommandant for Hašek sitt marsjkompani like før dei vart overførde frå Budějovice til Bruck an der Leitha. Lukas overtok 4. marsjkompani 1.juni 1915, og IR91 Ersatzbattailon vart overført til Bruck dagen etter. Wimmer skal ha tyrannsert soldatane og jamvel straffa hesten sin på bataljonsrapport.

Ein kaptein Otto Wimmer gjorde faktisk teneste i IR91, men at IR91 var belemra med to slike galningar er lite truleg. Jan Morávek nemner dessutan at "det vart skrive om Wimmer i avisene for om lag eit år sidan". Dette stemmer grovt sett med tidspunktet for spionsaka (Morávek fekk fylgjetongen sin på trykk i september 1924). Det er difor svært truleg at Morávek blanda saman Wurm og Wimmer, og at den siste dermed ufortent vart omtala som ein brutal psykopat. Tenestedokumenta til Wurm avslører at han i mai 1915 var sjukmeld. Difor må ein gå ut frå at Wimmer faktisk kan ha vorte avløyst av Rudolf Lukas, men at Morávek blanda dei to saman seinare.

Petr Novák

V edici je Eyblův záznam z 16. března přepsána takto: "Spal v márnici. Naše vojsko je zahrabáno, na útok nepomýšlí. Proti nám stojí čerstvé vojsko, minský a jekatěrinoburský pluk. Došla marškumpanie, kterou vedl nadporučík Wurm, synovec Feldmaršála Wurma."

Eksterne lenkar

Kjelde: Petr Novák, Jan Eybl, Jan Ciglbauer, ÖSTA, VHA

Sitat
[4.2] Měli jsme jich tam tenkrát pět a ze začátku vám to žralo v kantině samý syrečky, poněvadž mináž nikde nedostali, až tam na ně přišel takhle jednou obrlajtnant Wurm a zakázal jim to, poněvadž prej se to nesrovnává se ctí kadetštelfrtrérů, chodit do kantiny pro manšaft.
Gaudrsová, Růženaen flag
Google søk

Gaudrsová var ei dame som hadde vore tilsett i ei vinárna i Platnéřská ulice. Ho saksøkte 18 menn i farskaps-sak men enda opp i Nový Jičín. Dette er nemnd som eit apropos frå Švejk om Martinec sin fødestad.

Sitat
[4.2] „To snad znali, pane feldkurát, nějakou Růženu Gaudrsovou, byla předloni zaměstnána v jedný vinárně v Platnéřský ulici v Praze a žalovala vám najednou osmnáct lidí pro paternitu, poněvadž se jí narodily dvojčata.
Faustýnen flag
Google søk

Faustýn var var kameraten til Švejk frå tida han budde i Opatovická ulice. Faustýn var portier på eit hotell og kunne på diskret vis skaffa damer av alle fasongar. Alt dette er fakta Martinec vert gjord merksam på.

Sitat
[4.2] Když jsem bydlel v Opatovickej ulici, tak jsem tam měl jednoho kamaráda, Faustýna, vrátnýho z hotelu. Byl to moc hodnej člověk, spravedlivej a přičinlivej. Znal kdejakou holku z ulice, a mohli by přijít, pane feldkurát, kterejkoliv čas noční do hotelu k němu a říct mu jen: ,Pane Faustýne, potřebuju nějakou slečnu,’ a von vám hned svědomitě se optal, jestli blondýnku, brunetu, menší, vyšší, tenkou, tlustou, Němkyni, Češku nebo židovku, svobodnou, rozvedenou nebo vdanou paničku, inteligentní nebo bez inteligence.“
Index Back Forward IV. Det ærerike samanbrotet held fram Hovudpersonen

2. Sjelesorg


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 5/10-2019