Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (580) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

Innleing

Makedoniaen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Makedonia vert brukt som adjektiv gjennom forfattaren sitt omgrep for Aleksander den store, Alexandr Macedonský.

Bakgrunn

Makedonia var eit kongedøme i antikken med opphav nord på den greske halvøya. Gjennom styret til Filip II av Makedonia og sonen Aleksander den store vart det eit enormt rike som strekte seg heilt til elva Indus. Hovudstad på denne tida (400 til 300 f.kr) var Pella. Makedonia er den fyrste av over 800 geografiske referansar i romanen, og den kjem alt i tredje setningen!

Linkar

Sitat
[Úvod] Velká doba žádá velké lidi. Jsou nepoznaní hrdinové, skromní, bez slávy a historie Napoleona. Rozbor jejich povahy zastínil by slávu Alexandra Macedonského. Dnes můžete potkat v pražských ulicích ošumělého muže, který sám ani neví, co vlastně znamená v historii nové velké doby.

Skrivst òg:Macedonie Hašek Makedonie cz Makedonien de Macedonia en Μακεδονία gr Македонија mk

Prahaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk Švejk-muzeum
praha.jpg

Social-Demokraten, 21.12.1920

praha1.jpg

Krásná Praha, 1907

praha3.jpg

Světozor, 20.2.1914

Praha vert nemnd alt i innleiinga og seinare kjem handlinga i heile den fyrste delen av romanen til å føregå her i heimbyen til Švejk. Forfattaren kjende Praha som si eiga bukselomme og han refererer i løpet av romanen til opp mot 140 stader i byen. Handlinga føregår i bydelane Nové Město, Staré Město, Malá Strana og Hradčany. Viktigaste området er nok Nové Město der det heile startar. Švejk budde truleg svært nær Na Bojišti i Nové Město. Handlinga føregår òg i område som frå 1922 vart innlemma i Praha: Karlín, Vršovice, Žižkov, Motol og Břevnov. Švejk legg dessutan mange av dei tallause anekdotane sine til Praha og dei inntilliggjande distrikta.

Bakgrunn

Praha er hovudstaden og den største byen i Tsjekkia. Byen ligg på begge sidar av Vltava og folketalet er om lag 1,2 millionar. Etter 1648 har Praha har vore lite utsett for krigsskadar så den gamle bykjerna er svært godt halden. Byen kan såleis by på intakt arkitektur frå fleire epoker og er rekna som ein av dei vakraste i Europa. Frå 1992 har det indre byområdet stått på UNESCO si verdsarvliste.

Praha var alt i middelalderen ein viktig by og hadde si glanstid under regjeringsperioden til Karl IV, som også var tysk-romersk keisar. Etter at Böhmen kom under habsburgarane sitt herredøme frå 1526, mista den gradvis si betydning og vart redusert til ein av fleire austerrikske regionshovudstader.

Praha i 1914

Ved utbrotet av fyrste verdskrigen var byen mykje mindre enn i dag, beståande av distrikta: I. Staré Město, II. Nové Město, III. Malá Strana, IV. Hradčany, V. Josefov, VI. Vyšehrad, VII. Holešovice-Bubny og VIII. Libeň. Den vart offisielt kalla Královské hlavní město Praha (Den kongelege hovudstaden Praha). Nummereringa av diskrikta var òg annaleis enn i dag; Malá Strana for eksempel, høyrde til Praha III men er no i Praha I. Folketalet var i 1910 om lag 224 000, med forstadene 476 000, av desse var over 90 prosent av tsjekkisk nasjonalitet, resten tyske (medrekna jødar). Byen var setet for Generalkommando des VIII. Armekorps, eininga som IR91 høyrde til. I 1922 vart nabodistrikta slegne saman med den nye tsjekkoslovakiske hovudstaden. Denne nye administrative eininga vart kalla Velká Praha.

Hašek sin heimby

Jaroslav Hašek vart fødd i Školská 16 i Praha II. 30.april 1883. Han budde i byen og nabodistrika Královské Vinohrady og Smíchov fram til februar 1915. Han heldt til i byen på ny frå 19.desember 1920 til 25.august 1921, rettnok mest i Žižkov som enno ikkje var vorte ein del av Praha. Heile fyrste og byrjinga av andre delen av Den gode soldat Švejk vart skrivne her frå mars til august 1921.

Linkar

Kjelde: Radko Pytlík, Baedekers Österreich 1910

Sitat
[Úvod] Dnes můžete potkat v pražských ulicích ošumělého muže, který sám ani neví, co vlastně znamená v historii nové velké doby.

Skrivst òg:Prag de Prague en

Austerrikeen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
cisleithanien.png

Austerrike vist i raudt, Ungarn i grått.

Austerrike er såvidt nemnt av forfattaren i innleiinga, men spelar ei nøkkelrolle gjennom heile romanen og vert nemnd mange gonger. Dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn er den viktigaste skyteskiva for Jaroslav Hašek si satire. Ofte brukar forfattaren omgrepet Austerrike òg når det meinast heile Dobbeltmonarkiet. Handlinga føregår for det meste på austerriksk område. Det gjeld heile del ein, omtrent halve del to, siste kapittel av del tre og heile del fire. Resten finn stad i den ungarske delene av imperiet.

Bakgrunn

Austerrike var den politiske eininga som Böhmen høyrde til frå 1526 til 1918. Frå 1804 til 1867 dekka omgrepet heile Habsburg-imperiet, etter "Ausgleich" i 1867 berre den austerrikske delene av det som no vart kalla Austerrike-Ungarn. Wien var hovudstad i heile perioden.

Eit mykje brukt uoffisielt omgrep for Austerrike i tida 1867-1918 var Cisleithanien. Det offisielle namnet fram til 1915 var Die im Reichsrat vertretenen Königreiche und Länder, frå 1915 på ny Österreich. Den siste namneendringa kom i stand til trass for sterk motstand frå dei tsjekkiske utsendingane i Parlament. Området var offisielt eit keisardøme og Franz Joseph I. var keisar fram til han døydde 1916.

Resulatet av nederlaget i 1. verdskrigen var at monarkiet gjekk under og landområda i den austerrikske delen vart delte mellom den nye republikken Austerrike, Tsjekkoslovakia, Jugoslavia, Polen, Italia og Romania.

Linkar

Sitat
[Úvod] A tento tichý, skromný, ošumělý muž jest opravdu ten starý dobrý voják Švejk, hrdinný, statečný, který kdysi za Rakouska byl v ústech všech občanů Českého království a jehož sláva nezapadne ani v republice.

Skrivst òg:Rakousko cz Österreich de Austria en Ausztria hu

Kongeriket Böhmenen flag
Wikipedia czenno Google kartsøk
bohmen.png

Ottův slovník naučný

Kongeriket Böhmen er såvidt nemnd av forfattaren i innleinga, men har ellers ei perifér rolle, i alle fall når det gjeld direkte referansar. Likevel føregår ein betydeleg del av handlinga og nesten alle anekdotane på territoriet til det tidlegare kongedømet.

Bakgrunn

Kongeriket Böhmen var eit historisk kongedøme som eksiterte frå 1198, og frå 1526 til 1918 var det ei politisk eining (kronland) underlagd Habsburg-imperiet. Mange av Habsburg-keisarane vart òg krona som kongar av Böhmen. Franz Joseph I derimot avslo å la seg krona, noko som skapte motvilje mot han blandt mange tsjekkarar.

Keisaren sin representant i kongedømet var "der Statthalter" som heldt til i Praha. Dei offisielle språka var tsjekkisk og tysk. Kongedømet vart avskaffa i 1918 og området vart den leiande regionen i den nyproklamerte staten Tsjekkoslovakia.

Linkar

Sitat
[Úvod] A tento tichý, skromný, ošumělý muž jest opravdu ten starý dobrý voják Švejk, hrdinný, statečný, který kdysi za Rakouska byl v ústech všech občanů Českého království a jehož sláva nezapadne ani v republice.

Skrivst òg:České království cz Königreich Böhmen de Kingdom of Bohemia en

Tsjekkoslovakiaen flag
Wikipedia czdeennosk Google kartsøk

Tsjekkoslovakia vert indirekte nemnd av forfattaren gjennom omgrepet "i republikken". Seinare kjem det fleire referansar, spesielt gjennom bitre utbrot mot folk som hadde arbeidd for dei austerrikske undertrykkarane men som no levde behageleg i den nye republikken. Sjå Slavíček og Klíma.

Bakgrunn

Tsjekkoslovakia var ein historisk stat i Mellom-Europa. Den vart oppretta 28.oktober 1918 som konsekvens av Austerrike-Ungarn sitt samanbrot på slutten av 1.verdskrigen.

Tsjekkoslovakia besto av landskapa Böhmen, Mähren, Slovakia, Karpato-Ruthenia og ein liten del av Schlesien. Fram til München-avtalen øydela staten i 1938 hadde Tsjekkoslovakia eit høgt utvikla demokrati med ein sterk industriell base.

Etter nazistane sitt nederlag vart Tsjekkoslovakia gjenoppretta med eit demokratisk styresett, men i februar 1948 tok kommunistane makta ved eit kupp og eittpartistaten vart innførd. I 1989 vart demokratiet innførd att, men staten vart splitta i Tsjekkia og Slovakia 1.januar 1993. Dette var ei av verda sine få fredelege politiske skilsmisser.

Sitat
[Úvod] A tento tichý, skromný, ošumělý muž jest opravdu ten starý dobrý voják Švejk, hrdinný, statečný, který kdysi za Rakouska byl v ústech všech občanů Českého království a jehož sláva nezapadne ani v republice.
[1.14.2] Dnes jsou důstojničtí sluhové roztroušeni po celé naší republice a vypravují o svých hrdinných skutcích.

Skrivst òg:Československo cz Tschechoslowakei de Czechoslovakia en

Efesosen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Efesos vart omtala i forbindelse med Herostratos, den forfengelege tosken som her vert stilt som kontrast til Švejk. Jamfør omgrepet "herostratisk berømt", han sette fyr på tempelet for å bli kjend.

Bakgrunn

Efesos var i oldtida ein viktig havneby på Vesleasia sin vestkyst, med omkring 250.000 innbyggjarar. Byen var det joniske Hellas sitt økonomiske sentrum og seinere ein av det romerske imperiet sin viktigaste byar. I byen låg mellom anna eit av verdens sju underverk, Artemistempelet.

Sitat
[Úvod] On nezapálil chrám bohyně v Efesu, jako to udělal ten hlupák Herostrates, aby se dostal do novin a školních čítanek.

Skrivst òg:Ephesos de Ephesus en Efes tr

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

Innleing


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 13/8-2019