Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (578) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen

Konopištěen flag
Wikipedia dedkenno Google kartsøk

Konopiště vert omtala av Müllerová i det ho skal beskriva kva for ein Ferdinand som er vorten myrda: "herr erkehertugen, han frå Konopiště, han feite gudfryktige!"

Bakgrunn

Konopiště er eit slott ved Benešov som var eigd av den austerrikske tronfylgjaren Franz Ferdinand frå 1887 til 1914. Han og familien budde mykje her. I dag fungerer slottet som museum. Ein kan blandt anna sjå Franz Ferdinand sine omtrent 475 000 jakttrofé og mengder av klassiske møblar og maleri. Landsbyen hadde 115 innbyggjarar i 1913.

Ottův slovník naučný

Konopiště: ves a panství v Čechách, hejt., okr., fara a pš. Benešov; 23 d., 391 ob. č. (1890), 2tř. šk., 2 mlýny. Alod. panství (5397,48 ha) s krásným letním zámkem náleží arcivév. rak. Františkovi Ferdinandovi. R. 1898 zámek nádherně opraven a panské průmyslové závody v Konopišti zrušeny a převedeny do Benešova. … meir

Linkar

Sitat
[1.1] „Ale, milostpane, pana arcivévodu Ferdinanda, toho z Konopiště, toho tlustýho, nábožnýho.“ „Ježíšmarjá,“ vykřikl Švejk, „to je dobrý. A kde se mu to, panu arcivévodovi, stalo?“ „Práskli ho v Sarajevu, milostpane, z revolveru, vědí. Jel tam s tou svou arcikněžnou v automobilu.“

Skrivst òg:Konopist Bang-Hansen Konopischt de

Sarajevoen flag
Wikipedia bsczdeennnno Google kartsøk

Sarajevo vert fyrst nemnd av Müllerová i det ho fortel Švejk om attentatet på Franz Ferdinand. Seinare i kapittelet dreiar samtalen på U kalicha seg aller mest om mordet på tronfylgjaren og Sarajevo vert nemnd fleire gonger både av Bretschneider, Švejk og Palivec.

Bakgrunn

Sarajevo var i 1914 som i dag hovudstaden i Bosnia­-Hercegovina­. I 1878 okkuperte Austerrike-Ungarn men området var formelt enno ein del av Tyrkia. I 1908 vart det innlemma i Dobbeltmonarkiet, noko som vekte harme i Serbia. 28. juni 1914 var byen åstad for drapet på en austerrikske tronfylgjaren Franz Ferdinand, ei hending som indirekte utløyste fyrste verdskrigen. Drapet var utførd av serbiske ekstremistar og det er ikkje påvist at den serbiske regjeringa var involvert.

Drapa i Sarajevo er heilt konkret utgangspunktet for romanen desse vevsidene handlar om.

Linkar

Sitat
[1.1] „Práskli ho v Sarajevu, milostpane, z revolveru, vědí. Jel tam s tou svou arcikněžnou v automobilu.“ „Tak se podívejme, paní Müllerová, v automobilu. Jó, takovej pán si to může dovolit, a ani nepomyslí, jak taková jízda automobilem může nešťastně skončit. A v Sarajevu k tomu, to je v Bosně, paní Müllerová. To asi udělali Turci. My holt jsme jim tu Bosnu a Hercegovinu neměli brát.
Bosniaen flag
Wikipedia czdeenhrnnsr Google kartsøk

Bosnia vert fyrst nemnd av Švejk som sler fast ovafor fru Müllerová at Sarajevo ligg i Bosnia. Seinare er området tema i samtalane på U kalicha mellom Bretschneider, Palivec og Švejk, og vert nemnd fleire gonger seinare i romanen. I Budapest vert eit bosnisk regiment omtala.

Bakgrunn

Bosnia vert gjerne omtala saman med Hercegovina som Bosnia og Hercegovina. Dette har i langre tid vore den politiske eininga, dei to delene har vore reine geografiske omgrep sidan middelalderen.

Området vart innlemma i Austerrike-Ungarn i 1908, noko som førde til sterk misnøye blandt serbarar. Dette var noko av bakgrunnen for uroa som førde til at terroristar planla og utførde drapet på Franz Ferdinand.

Sitat
[1.1] „A v Sarajevu k tomu, to je v Bosně, paní Müllerová. To asi udělali Turci. My holt jsme jim tu Bosnu a Hercegovinu neměli brát."

Skrivst òg:Bosna cz Bosnien de Bosna hr Босна sr

Bosnia og Hercegovinaen flag
Wikipedia bsczdeenno Google kartsøk

Bosnia og Hercegovina vert fyrst nemnd av Švejk som sler fast ovafor Müllerová at Sarajevo ligg i Bosnia at Austerrike-Ungarn ikkje burde teke det frå tyrkarane. Seinare er området tema i samtalane på U kalicha mellom Bretschneider, Palivec og Švejk.

Bakgrunn

Bosnia og Hercegovina var (og er) eit politisk omgrep for områda Bosnia og Hercegovina på Balkan. Området vart innlemma i Austerrike-Ungarn i 1908, noko som førde til sterk misnøye blandt serbarar. Dette var noko av bakgrunnen for uroa som førde til at terroristar planla og utførde drapet på Franz Ferdinand.

Sitat
[1.1] „A v Sarajevu k tomu, to je v Bosně, paní Müllerová. To asi udělali Turci. My holt jsme jim tu Bosnu a Hercegovinu neměli brát."

Skrivst òg:Bosna a Hercegovina cz Bosnien und Herzegowina de Bosnia and Hercegovina en Bosna i Hercegovina hr Босна и Херцеговина sr

Nusleen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Nusle er i boka fyrst omtala av Müllerová grunna eit brotsverk med revolver som fann stad der i heimbyen hennar. Nusle vert seinare i kapittelet omtala av PalivecU kalicha, og det kjem fram at byen har dårleg rykte på den tida. Fleire stader i Nusle vert omtala seinare i romanen, mellom anna vertshuset U Bansethů.

Bakgrunn

Nusle var frå 1898 fram til innlemminga i Praha i 1922 ein by som tilhøyrde hejtmanství Královské Vinohrady. Nusle vaks fram under den industrielle revolusjonen og i 1913 hadde den 22 755 innbyggjarar der nesten alle oppga tsjekkisk som morsmål. Riegrovo náměstí (no Náměstí Bratří Synků) var rekna som sentrum av byen.

Linkar

Sitat
[1.1] Nedávno taky si hrál jeden pán u nás v Nuslích s revolverem a postřílel celou rodinu i domovníka, kterej se šel podívat, kdo to tam střílí ve třetím poschodí.“
Sveitsen flag
Wikipedia czdeenfritno Google kartsøk
sveits.jpg

General Ulrich Wille, sveitsisk øvstkommanderande i 1.verdskrigen.

sveits.png

Národní listy, 6.11.1904

Sveits er i ein anekdote av Švejk tilfluktsland for ein vaktar som hadde lånt bukseselane sine til ein innsett som hadde myrda ein kaptein. Den innsette brukte selane til å hengja seg. Vakta fekk 6 månader men stakk av til Sveits.

Bakgrunn

Sveits var nøytralt under 1.verdskrigen og var på den tida som no ein forbundsrepublikk. Som ein kuriositet kan nemnast at Habsburg-slekta stammar frå Sveits. Sveits var under 1.verskrigen tilhaldstad for Lenin som frå 1917 skulle koma til å spela ei avgjerande rolle i hendingane som førde til at Russland trekte seg frå krigen.

Sveits var dessutan under krigen til tider tilhaldstad for Masaryk og andre tsjekkarar som arbeidde for nasjonalt sjølvstende.

Hašek i Sveits

Jaroslav Hašek skreiv fleire soger med handlinga lagd til Sveits og etter alt å døma vitja han landet på ei reise i 1904. Rettnok er ikkje dette stadfesta av andre kjelder enn forfattaren sjølv men ettersom han for det meste la sogene sine til stader han sjølv hadde vitja, har ein all grunn til å tru at han faktsik var der. I ei forteljing skriv han at han gjekk til fots frå Sveits gjennom Bayern tilbake til Domažlice. reisa må ha funne stad i tidsrommet juli til september.

Fyrste soga med tema Sveits kom på trykk i Národní listy alt 6.november 1904 og heitte Oslík Guat (Eselet Guat) og finn stad i Bern-Alpene. Ingen av stadene der handlinga finn stad kan identifiserast med skrivemåten forfattaren brukte. Desse namna var "Dünsingen", "Tillingen", "Stroschein" og "Gallensheim". Nemnde i forbifarten er òg Bern og Bodensee. I forteljinga Výprava na Moasserspitze skriv eg-personen at han budde i Bern, men planla ei utflukt til "Moasernspitze, seks timar herfrå, i kantonen Bern". Dette skal ha vore eit fjell med ein spiss topp, men ingen av stavingsvariantane gjev nokon idé om kvar dette fjellet var. Eg-personen skriv dessutan at opphaldet var i slutten av juni, noko som ikkje samsvarar med forfattaren sine kjende opphald på denne tida.

Linkar

KjeldeRadko Pytlík

Sitat
[1.1] To vědí, paní Müllerová, že v takový situaci jde každému hlava kolem. Profousa za to degradovali a dali mu šest měsíců. Ale von si je nevodseděl. Utek do Švejcar a dneska tam dělá kazatele ňáký církve.

Skrivst òg:Švýcarsko cz Schweiz de Switzerland en Suisse fr Svizzera it Švejcar Švejk

Portugalen flag
Wikipedia czdeennnnopt Google kartsøk
portugal.jpg

Heising av det portugisiske flagget under 1.verdskrigen.

Portugal vert referert til av Švejk grunna eit drap på ein feit konge av Portugal. Dette dreiar seg visseleg om drapet på Carlos I av huset Bragança i 1908.

Bakgrunn

Portugal var i 1911 ein republikk som enno hadde nokre koloniar, mest i Afrika. På starten av 1900-talet var det strid mellom reformviljuge og konservative grupper. Republikanarane stod sterkt, og ein republikk vart etablert i 1910, to år etter at kongen og kronprinsen hadde vorte myrda.

Tyskland lyste Portugal krig 9.mars 1916 og portugisiske styrkar deltok i Afrika og på vestfronten. Tyske u-båtar senka ein del portugisiske skip.

Etter krigen søkte Karl, den siste Habsburg-keisaren, tilflukt i Portugal og han døydde på Madeira. Sjå Karl Franz Joseph.

Sitat
[1.1] Jestli se pamatujou, jak tenkrát v Portugalsku si postříleli toho svýho krále. Byl taky takovej tlustej.

Skrivst òg:Portugalsko cz

Waterlooen flag
Wikipedia czdeenfrnlno Google kartsøk

Waterloo og det berømte slaget der vert nemnd i forfattaren sin omtale av Palivec og kjennskapen hans til Victor Hugo. Vidare nemner Svejk den i [2.1] på toget til Tábor.

Bakgrunn

Waterloo er ein by i provinsen Vallonsk Brabant i Belgia, nær Brussel. Byen er kjendt på grunn av det berømte slaget som fann stad her den 18.juni 1815, då Wellington og Blücher sigra over Napoléon sin franske hær. Slaget betydde slutten for Napoleon sin politiske og militære karriere.

Sitat
[1.1] Palivec byl známý sprosťák, každé jeho druhé slovo byla zadnice nebo hovno. Přitom byl ale sečtělý a upozorňoval každého, aby si přečetl, co napsal o posledním předmětě Victor Hugo, když líčil poslední odpověď staré gardy Napoleona Angličanům v bitvě u Waterloo.
Balkanen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
balkan.png

The New York Times Current History, March 1915

Balkan vert nemnd ein gong av Švejk i samtalen på U kalicha.

Bakgrunn

Balkan var på starten av 1900-talet det minst stabile området i Europa. I 1912 og 1913 haddet det vore to krigar; fyrst Hellas, Serbia, Bulgaria og Montenegro mot Tyrkia. Deretter Serbia, Montenegro og Hellas mot Bulgaria.

I den andre Balkan-krigen greip i tillegg Romania og Tyrkia inn mot Bulgaria då desse var i ferd med å tapa. Serbia kom styrka ut av desse krigane, noko som gjorde Austerrike-Ungarn urolege og kan ha medvirka til deira uforsonlege haldning i 1914.

Sitat
[1.1] A Švejk vyložil svůj názor na mezinárodní politiku Rakouska na Balkáně. Turci to prohráli v roce 1912 se Srbskem, Bulharskem a Řeckem. Chtěli, aby jim Rakousko pomohlo, a když se to nestalo, střelili Ferdinanda.

Skrivst òg:Balkán cz Balkans en

Serbiaen flag
Wikipedia czdeennnnosr Google kartsøk
serbia.png

Österreichische Illustrierte Zeitung, 9.8.1914

Serbia vert fyrst nemnd i samtalen på U kalicha mellom Švejk og Bretschneider om Balkan (sjå denne). Etterpå dukkar landet opp stadig, slagordet Heil, nieder mit den Serben! vert sitert nokre gonger. I del to og utover vert ofte den serbiske hæren, irregulære grupper, og sivile nemnde i sogene veteranar fortel frå felttoget mot Serbia i 1914.

Bakgrunn

Serbia var i 1914 eit kongedøme på Balkan som spela ei sentral rolle under utbrotet av 1. verdskrigen. Austerrike-Ungarn gjorde den serbiske regjeringa ansvarleg for attentatet mot tronfylgjar Franz Ferdinand. Serbia var det fyrste land det vart lyst krig mot og fyrste land som var åstad for krigshandlingar. Serbia klarde seg godt mot K.u.k. Heer og slo tilbake tre invasjonsforsøk i 1914 sjølv om deira eigne tap òg var store. Men etter at Bulgaria kom med i krigen og tyske styrkar hjelpte til vart motstanden knust i oktober 1915.

Serbia var det landet som relativt sett hadde dei største tapa i verdskrigen, ein reknar at 27% of innbyggjarane mista livet, mange av desse i historias verste tyfus-epidemi. Landområdet til Serbia var i 1914 noko annaleis enn i dag, det omfatta Macedonia men ikkje Vojvodina og Banat som på den tida tilhøyrde Ungarn. Hovudstaden var då som no Beograd.

Det 91. regiment i Serbia

IR91 vart sendt til fronten i Serbia like etter krigsutbrotet og tok del i alle tre invasjonane den hausten. I tida mellom 15. august og 15. desember oppheldt dei seg for det meste på serbisk territorium. Tapa deira var skremande store, og då dei endelege trekte seg ut av landet over Donau ved Beograd var dei som resten av invasjonshæren fullstendig desimert. Fleire offiserar som seinare vart prototypar for Švejk sine overordna var med: Franz Wenzel, Čeněk Sagner, Rudolf Lukas, Josef Adamička og Jan Evangelista Eybl. Kvar einaste ein av dei med unnatak av Eybl (han var berre med dei tre siste vekene) vart på eit tidspunkt såra eller melde seg sjuke.

I byrjinga av oktober 1918 vart regimentet, som del av 9. infanteridivisjon, sende tilbake til Serbia (Vranje sør for Niš) avdi Bulgaria hadde trekt seg ut av krigen og styrkane deira måtte erstattast. Dette vart eit einaste langt tilbaketog nordover i ein K.u.k. Heer som no var i oppløysing.

Linkar

Sitat
[1.1] A Švejk vyložil svůj názor na mezinárodní politiku Rakouska na Balkáně. Turci to prohráli v roce 1912 se Srbskem, Bulharskem a Řeckem. Chtěli, aby jim Rakousko pomohlo, a když se to nestalo, střelili Ferdinanda.
[1.13] Nadporučík Machek zajat v Srbsku, dluhuje mně 1500 korun. Je zde víc takových lidí. Ten padne v Karpatech s mou nezaplacenou směnkou, ten jde do zajetí, ten se mně utopí v Srbsku, ten umře v Uhrách ve špitále.
[1.14.4] Švejk posadil se na lavici ve vratech a vykládal, že v bitevní frontě karpatské se útoky vojska ztroskotaly, na druhé straně však že velitel Přemyšlu, generál Kusmanek, přijel do Kyjeva a že za námi zůstalo v Srbsku jedenáct opěrných bodů a že Srbové dlouho nevydrží utíkat za našimi vojáky.

Skrivst òg:Srbsko cz Serbien de Србија sr

Bulgariaen flag
Wikipedia bgczdeennnno Google kartsøk

Bulgaria vert nemnd under samtalen på U kalicha om Balkan.

Bakgrunn

Bulgaria var eit kongedøme på Balkan som under 1.verdskrigen var nøytralt i starten. I september 1915 gjekk dei med i krigen på sentralmaktene si side. Det viktigaste motivet var oppreising etter nederlaget mot Serbia i andre balkankrigen. Bulgaria var med på åtaket mot Serbia i oktober 1915, offensiven som til slutt knekte Serbia. Bulgaria var i 1914 litt større enn i dag, dei måtte avstå Thrakia til Hellas i 1918.

Sitat
[1.1] A Švejk vyložil svůj názor na mezinárodní politiku Rakouska na Balkáně. Turci to prohráli v roce 1912 se Srbskem, Bulharskem a Řeckem. Chtěli, aby jim Rakousko pomohlo, a když se to nestalo, střelili Ferdinanda.

Skrivst òg:България bg Bulharsko cz Bulgarien de

Hellasen flag
Wikipedia czdeelenno Google kartsøk

Hellas vert nemnd i samatalen på U kalicha om Balkan.

Bakgrunn

Hellas var nøytralt i starten av krigen men kom frå november 1916 med på Ententen si side influert av statsminister Venizelos. Hellas var på denne tida eit kongedøme under huset Glücksburg. Landet var i 1914 litt mindre enn i dag, det overtok Thrakia frå Bulgaria i 1923.

Sitat
[1.1] A Švejk vyložil svůj názor na mezinárodní politiku Rakouska na Balkáně. Turci to prohráli v roce 1912 se Srbskem, Bulharskem a Řeckem. Chtěli, aby jim Rakousko pomohlo, a když se to nestalo, střelili Ferdinanda.

Skrivst òg:Řecko cz Griechenland de Ελλάδα el Greece en

Vltavaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
vltava.jpg

Vltava frå Žďákovský most, august 2009.

Vltava vert fyrst nemnd i anekdota om han som hoppa frå brua i Krumlov. Elva vert nemnd fleire gonger seinare og Švejk må ha kryssa den to gonger på sin anabasis i [2.2], utan at dette vert sagt direkte. Fyrste gongen var mellom Květov og Vráž, andre gongen på toget like før Budějovice.

Bakgrunn

Vltava er den lengste elva i Böhmen. Ho har sitt utspring i Šumava, renn gjennom Krumlov, Budějovice og Praha, før ho renn i hop med Elbe ved Mělník. Lengda hennar er 430 km, og ho har eit nedslagsfelt på 28 090 km². På utanlandske språk vert ofte det tyske namnet Moldau brukt.

Sitat
[1.1] Musel skočit v Krumlově s toho mostu do Vltavy a museli ho vytáhnout, museli ho křísit, museli z něho pumpovat vodu a von jim musel skonat v náručí lékaře, když mu dal nějakou injekci.“

Skrivst òg:Moldau de

Krumloven flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Krumlov vert nemnd i anekdote om Ludvík og dessutan eit par gonger i del to. Mellom anna kjem den etter kvart sentrale Baloun frå området rundt Krumlov.

Bakgrunn

Krumlov var inntil 1920 namnet på Český Krumlov, ein by ikke langt frå grensa til Austerrike. I 1913 var folketalet 8 716 og av desse oppga 7 367 seg som tyske. Byen var sete for både hejtmanství og okres av same namn. Distriktet Krumlov låg i IR91 sitt rekrutteringsområde så Jaroslav Hašek vil ha kjent ein del med-soldatar herfrå. Sjå Ergänzungskommando.

Byen sin middelalderstruktur har vorte teken vare på og byen er i dag på verdsarvlista til UNESCO. Den er dessutan vorte eit viktig turistmål.

Ottův slovník naučný

Krumlov Český, (Böhmisch-Krumau, lat. Crumlovium), město v již. Čechách, 475 m n. m., na Vltavě, při stanici spol. Rak. míst. drah (Budějovice-Zelnava), má 770 d., 1402 obyv. č., 6882 n. (1890), hejtmanství, okr. soud … meir

Linkar

Sitat
[1.1] Musel skočit v Krumlově s toho mostu do Vltavy a museli ho vytáhnout, museli ho křísit, museli z něho pumpovat vodu a von jim musel skonat v náručí lékaře, když mu dal nějakou injekci.“

Skrivst òg:Krumau de

Most v Krumlověen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Most v Krumlově vert nemnd i anekdota om Ludvík som hoppa frå brua i Krumlov ut i Vltava.

Bakgrunn

Most v Krumlově var i fzlgje forteljinga ei bru over Vltava i Krumlov. Det kjem ikkje fram kva for ei av bruene Švejk siktar til, men mest truleg er det trebrua Lazebnický most i sentrum. Deette er den eldste og mest kjende av bruene der. I denne hovudsakleg tysktalande byen vart brua på denne tida òg kalla Baderbrücke.

Linkar

Sitat
[1.1] Musel skočit v Krumlově s toho mostu do Vltavy a museli ho vytáhnout, museli ho křísit, museli z něho pumpovat vodu a von jim musel skonat v náručí lékaře, když mu dal nějakou injekci.“

Skrivst òg:Bridge in Krumlov en Brücke in Krumau de Bru i Krumlov no

Zliven flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Zliv vert nemnd av Švejk i anekdote, fortald til Bretschneider, om ein viltoppsynsmann som vart skoten av krypskyttarar.

Bakgrunn

Zliv er ein landsby i Sør-Böhmen, 10 km nodvest for Budějovice og 4 km vest for Hluboká.

Sommaren 1896 (eller 1897) tok mor til Hašek, Kateřina, ungane med seg på ein tur til området ved Protivín for å vitja slektningar. Begge foreldra var frå dette området. Dei var i Zliv, Mydlovary, Hluboká, Budějovice, Putim, Skočice, Krč, Protivín, Ražice, og Vodňany. Alle desse stadene dukkar opp i Švejk, og nokre av dei til og med i sogene til Hašek. In the spring of 1915 var Hašek i Zliv på ny, no på ei uautorisert "utflukt" frå garnisonen i Budějovice.

I 1913 hadde Zliv 1324 innbyggjarar og 1307 av desse førde opp morsmålet sitt som tsjekkisk. I forvaltninga var den ein del av Okres Hluboká, Okresní hejtmanství Budějovice.

Linkar

KjeldeRadko Pytlík, Václav Menger, Jaroslav Šerák

Sitat
[1.1] To byl ve Zlivi u Hluboké před léty jeden hajný, měl takové ošklivé jméno Pinďour.

Skrivst òg:Zliw Reiner

Hlubokáen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Hluboká vert nemnd i same anekdoten som Zliv, om enkja etter kryskyttararne som møter opp på kontoret til Fyrsten på Hluboká for å be om råd.

Bakgrunn

Hluboká er ein småby i Sør-Böhmen, 15 km nord for Budějovice. Den var ein av yndlingstadene til den tysk-romerske Keisar Karl IV, som ofte var på vitjing når han residerte i Budějovice. No er Hluboká mest kjend for det Windsor-liknande slottet, som fram til 1938 tilhøyrde huset Schwarzenberg.

I forvaltninga var kommunen underlagt Okres Hluboká, Okresní hejtmanství Budějovice. Òg kalla Podhradí talde den 1472 innbyggjarar i 1913, og medrekna Podskal og Zámostí kom talet opp i 2835. Nesten alle som budde der vat tsjekkiske, dei fleste av dei få andre tyske.

Jaroslav Hašek vitja Hluboká i barndomen, kanskje òg i 1915. Sjå Zliv.

Ottův slovník naučný

Hluboká nad Vltavou, dř. Hluboká, též Podhradí, sídlo soud. okr., v polit. okr. českobuděj., 2927 ob. (1921), z nich nár. čsl. 2851, 2735 ob. (1930), z nich nár. čsl. 2648. Cís. výsad. listem z 20. květ. 1908 povýšen městys.

Linkar

Sitat
[1.1] Byla až v kanceláři knížete pána na Hluboké a stěžovala si, že má s těmi hajnými trápení. Tak jí odporučili porybnýho Jareše z ražické bašty.

Skrivst òg:Frauenberg de

Mydlovaryen flag
Wikipedia czen Google kartsøk
josef_hasek.jpg

Josef Hašek (1843-1896)

Mydlovary vert nemnd av Švejk i anekdoten om viltoppsynsmenn som han fortel BretschneiderU kalicha.

Bakgrunn

Mydlovary er ein landsby i Sør-Böhmen, 16 kilometer nordvest for Budějovice. Mydlovary er fødestaden til Josef Hašek, far til Jaroslav Hašek. Han var fødd i hus nummer 8. Den komande satirikaren vitja Mydlovary i barndomen (1896 eller 1897) og har neppe vore langt unna i 1915. Sjå Zliv.

Faktumet at faren var fødd i Mydlovary er viktig. Dette medførde at Jaroslav Hašek hadde heimstadrett her, slik at han, akkurat som romanhelten sin, vart mønstra til IR91.

I 1913 bestod kommunen av to landsbyar med til saman 687 innbyggjarar, 680 av desse var tsjekkarar. Kommunen had kyrkje, skule og fire pubar. Zaháj var faktisk den største av dei to og kyrkja låg her. Næraste postkontor og jernbanestasjon låg i Zliv. Ordførar på denne tida var Jan Kolář (relevant mht. soga om speidarane som fekk bank med bjørkeris i ordførarerns påsyn, sjå Okresní hejtmanství Budějovice).

Ottův slovník naučný

Mydlovary, ves v Čechách, hejtm. Č. Budějovice, okr. a pš. Hluboká, fara Zahájí; 34 d., 319 ob. č. (1890), dobývání hlíny na výrobu zemitých barev a ložisko železné rudy.

Linkar

Sitat
[1.1] Zastřelili ho pytláci a zůstala po něm vdova s dvěma dítkami a vzala si za rok opět hajného, Pepíka Šavlovic z Mydlovar.

Skrivst òg:Mydlowař Reiner Mydlowar de

Ražická baštaen flag
Google kartsøk

Ražická bašta vert nemnd av Švejk i anekdote om damvaktaren Jareš, etter inspirasjon av forfattaren sin bestefar, Antonín Jareš. Denne samanhengen vert brukt om att i dialogar både i [I.14] og [II.2].

Bakgrunn

Ražická bašta var eit fiskedamanlegg mellom Ražice og Putim som tilhøyrde Schwarzenberg-slekta. Bestefar til forfattaren var damvaktar her og forfattaren skreiv nokre historier frå dammen i Veselá Praha i 1908 (Historky z ražické bašty). Dammen er der enno men er ikkje lenger brukt til fiskeoppdrett. Damvaktar-bygningen er òg borte, men viser enno på eit militærkart frå 1928.

Den unge Jaroslav Hašek vitja staden i 1896 eller 1897 saman med familien. Sjå Zliv.

Linkar

KjeldeRadko Pytlík, Jaroslav Šerák

Sitat
[1.1] Tak jí odporučili porybnýho Jareše z ražické bašty.
Mexicoen flag
Wikipedia czdeenesnnno Google kartsøk

Mexico er nemnd i samtale mellom Švejk og Bretschneider ettersom bror til Franz Joseph I, Maximiliano I, var keisar i landet frå 1863 til 1867. Her er han berre omtala som den meksikanske keisaren.

Mexico vert i [II.2] omtala av Marek når han fortel Švejk om tilhøva i IR91.

Bakgrunn

Mexico var i 1914 ein republikk med mykje indre uro etter at diktaturet til Porfirio Diaz vart styrta under revolusjonen i 1911. I ein periode frå 1864 til 1867 var Maximiliano I av Mexico keisar, og det er i denne samanhengen landet så vidt er nemnd i romanen.

Sitat
[1.1] Manželku Alžbětu mu propíchli pilníkem, potom se mu ztratil Jan Orth; bratra, císaře mexického, mu zastřelili v nějaké pevnosti u nějaké zdi.

Skrivst òg:Mexiko cz Mexiko de México es

Cerro de las Campanasen flag
Wikipedia es Google kartsøk

Cerro de las Campanas er indirekte nemnd i samtale mellom Švejk og Bretschneider der det vert fortald at bror til Franz Joseph I vart avretta ved "i ei eller anna festning ved ein eller anna mur".

Bakgrunn

Cerro de las Campanas er ei høgd i Queretaro der keisar Maximiliano I vart avretta i 1867 etter å ha tapt kampen mot dei republikanske opprørarane til Benito Juárez.

Linkar

Sitat
[1.1] Manželku Alžbětu mu propíchli pilníkem, potom se mu ztratil Jan Orth; bratra, císaře mexického, mu zastřelili v nějaké pevnosti u nějaké zdi.
Russlanden flag
Wikipedia czdeennnnoru Google kartsøk

Russland er kort nemnd samtalen på U kalicha om den politiske situasjonen etter attentatet i Sarajevo. Neste korte omtalen er i [I.14,1] når Katz har spela bort Švejk i kortspel "som om han var ein liveigen i Russland".

Seinare vert landet nemnd mange gonger, det var trass alt Russland hovudpersonen skulle til fronten og slåst mot. Russiske borgarar deltek direkte i handlinga når Švejk vert tildelt ein russisk fangetransport ved Chyrów. Forfattaren legg ved minst eitt høve inn fragment frå sine eigne opplevingar i Russland (sjå Dubno). Dei opprinnelege reklameplakatane for romanen gjer det klårt at Jaroslav Hašek planla å leggja siste delen av handlinga til russisk territorium - plakaten omtalar nemleg den russiske borgarkrigen.

Bakgrunn

Russland (rus. Россия) var i 1914 eit keisarrike styrt av Romanov-familien og var langt større enn i dagens Russiske Føderasjon. Det omfatta heile det seinare Sovjetunionen, heile Finland og deler av noverande Polen. Største utstrekninga hadde Russland fram til 1866 då dei selde Alaska. Russland si støtte til Serbia under juli-krisa i 1914 var ein av dei viktigaste grunnane til at ein regional konflikt på Balkan vart til ein verdskrig.

Russland var dårleg budde til ein lengre storkrig, store forsyningsproblem og slett militær leiing førde snart til katastrofale tap. Til trass for dette lukkast dei å invadera Galicia og Bukovina i 1914 og truga ei stund med å kryssa Karpatane. Den 2. mai 1915 sette Sentralmaktene inn ein vellukka motoffensiv ved Gorlice og Tarnów og 1915 vart ei katastrofe for Russland som måtte gje opp både Polen og Galicia. Dette året gjorde mangelen på utstyr seg sterkt gjeldande, og mange soldatar vart sende i kamp utan skytevåpen.

I 1916 betra stoda seg noko ettersom Brusilov-offensiven påførde Austerrike-Ungarn så store tap at samanbrotet truga. Tyske forsterkningar stablisierte etter kvart fronten og Russland brukte mykje av sine minkande krefter på å prøva å bryta gjennom. Tsardømet fall i mars 1917 men den midlertidige regjeringa gjekk inn for å halda fram med krigen. Ein siste offensiv starta 1. juli 1917 men den køyrde seg snart fast. Under desse kampane deltok tsjekkike frivillege (inludert Jaroslav Hašek) for fyrste gong som samla eining mot Dobbeltmonarkiet (Zborów 2.juli). Ein tysk motoffensiv frå 19. juli førde til full oppløysing i den russiske hæren som alt var råka av massedesertering og generell mangel på disiplin.

Etter Oktoberrevolusjonen (7. november) vart det inngått våpenkvile, og dei nye kommunistiske styresmaktene måtte godta harde vilkår ved fredsavtalen i Brest-Litovsk (signert 3. mars 1918). Heile Baltikum, Finland, Polen og Ukraina gjekk tapt (Ukraina vart teke tilbake etter krigen). Den påfylgjande borgarkrigen forlenga lidinga til folka i Russland med mange år og i 1921 braut det ut massiv hungersnaud. Det russiske nederlaget i krigen fekk lagnadstunga fylgjer; det bana vegen for 70 år med kommunistisk styre, til tider svært brutalt.

Hašek i Russland

Jaroslav Hašek tenestegjorde som ordonnans ved fronten mot Russland frå 11. juli 1915 og var med i det blodige slaget mot den russiske 8.arme ved Sokal i slutten av månaden. Den 27. august 1915 kryssa hans IR91 grensa og frå no av oppheldt han seg på russisk jord samanhengjande fram til om lag 4. desember 1920. Det var på russisk territorium han let seg ta til fange (Chorupan 24.september).

Etter 9 månader som krigsfange var han frå juni 1916 til mars 1918 frivillig i dei tsjekkiske styrkane i Russland (sjå České legie), og var dermed formelt sett russisk soldat. Etter å ha brote med legionane var han journalist, agitator og rekrutteringsagent for tsjekkiske kommunistar, seinare direkte for bolsjevikane - oppgåver han hadde heilt til han vart send tilbake til heimlandet som agitator i slutten av 1920. Russisk hadde han lært som ung og han skal ha snakka språket svært godt. Ved avreisa i 1920 hadde han tilpassa seg såpass at sjølv den store romanen hans inneheld "russismar". I løpet av dei vel fem åra han oppheldt seg i Russland reiste han over store område, mest i det noverande Ukraina, i Volga-regionen og Sibir. 15. mai 1920 gifta han seg med ei russisk kvinne, Alexandra Lvova, som han òg tok med seg tilbake til Praha.

Sitat
[1.1] „Vy myslíte, že to císař pán takhle nechá bejt? To ho málo znáte. Vojna s Turky musí být. Zabili jste mně strejčka, tak tady máte přes držku. Válka jest jistá. Srbsko a Rusko nám pomůže v té válce. Bude se to řezat!“
[1.14.1] Polní karát prodal Švejka nadporučíkovi Lukášovi, čili lépe řečeno, prohrál ho v kartách. Tak dřív prodávali na Rusi nevolníky.

Skrivst òg:Rusko cz Russland de Russia en Россия ru

Tyrkiaen flag
Wikipedia czdeennnnotr Google kartsøk

Tyrkia er tema i samtale på U kalicha om den politiske situasjonen etter attentatet i Sarajevo. Švejk trur Tyrkia står bak mordet på Franz Ferdinand.

Landet vert òg nemnd i [I.14] i den lange utgreiinga til Lukáš ovafor humlehandlar Wendler om krigsstoda. Denne samtalen dreg dessutan inn ei rekkje framståande osmanske politikarar og offiserar. Mellom desse var sultanen, Enver Paşa, Cevat Paşa, Hali Bey og Ali Bey.

Bakgrunn

Tyrkia (det osmanske riket) var ein stat som eksisterte fram til 1922 og var etterfylgd av det moderne Tyrkia. Landområdet var enno i 1914 langt større enn det noverande tyrkiske republikken og omfatta store delar av Midt-Austen. Hovudstaden var Konstantinopel. Det osmanske riket tok frå 29.oktober 1914 del i krigen på sentralmaktene si side. Tapet i verdskrigen betydde i slutten for riket og tap av alle dei arabiske landområda.


Notice: Trying to get property of non-object in /var/www/honsi.org/public_html/svejk/source/php/database.php on line 243

Sitat
[1.1] „Může být,“ pokračoval v líčení budoucnosti Rakouska, „že nás v případě války s Tureckem Němci napadnou, poněvadž Němci a Turci drží dohromady. Jsou to takový potvory, že jim není v světě rovno. Můžeme se však spojit s Francií, která má od 71. roku spadeno na Německo. A už to půjde. Válka bude, víc vám neřeknu.“

Skrivst òg:Turecko cz Türkei de Turkey en Tyrkiye tr

Frankrikeen flag
Wikipedia czdeenfrnnno Google kartsøk

Frankrike er nemnd i samtalen mellom Švejk og BretschneiderU kalicha om den politiske situasjonen etter attentatet i Sarajevo. Fleire franskmenn er nemnde i løpet av romanen: Napoléon, Hugo og Rabelais er mellom dei. Nokre franske stadsnamn dukkar òg opp, til dømes i samtalen mellom Wendler og Lukáš i [I.14].

Bakgrunn

Frankrike Frankrike var i 1914 ein demokratisk republikk med nesten 40 millionar innbyggjarar og rådde òg over eit stort kolonirike, mest i Afrika.

var ein av dei hovudstridande i 1.verdskrigen. Tyskland lyste krig mot dei 3. august 1914 og 11. august lyste Frankrike krig mot Austerrike-Ungarn. Alt frå 1894 hadde Frankrike inngått ein militærallianse med Russland, og frå 1907 kom og England med, om enn mindre forpliktande. Desse tre maktene danna den såkalla Trippelententen. Tyskland si veksande makt var grunnen til at dei tidlegare rivaliserande stormaktene no fann saman.

Under krigen skar nesten heile Vestfronten gjennom den nordlege delene av Frankrike, og områda der kampane fann stad vart lagde i ruinar. Franske tap kom opp i 1,7 millionae daude, og av desse var 1,4 millionar soldatar. Tapa utgjorde meir enn 4 prosent av folketalet. Frankrike var nær samanbrot både i 1914 og 1918 då den tyske hæren kom fram til elva Marne, nord-aust for Paris.

I 1918 spela Frankrike ei viktig rolle under opprettinga av det nye Tsjekkoslovakia. Landet var det fyrste som tilslutta seg den tsjekkoslovakiske frigjeringsrørsla sine ynskje om nasjonalt sjølvstende, og Paris var alt frå 1916 hovudsetet for det Tsjekkoslovakiske nasjonalrådet. Frå 7. februar 1918 stod det Tsjekkoslovakiske armekorpset formelt under fransk kommando og skulle etter planen overførast til Vestfronten (sjå České legie). Jaroslav Hašek var imot denne avgjerda og den var truleg hovudårsaka til at han forlet armekorpset to månader seinare.

Ved Versailles-freden fekk Frankrike tilbake Alsace og Lorraine som dei hadde avstått til Tyskland i 1871.

Linkar

Sitat
[1.1] „Může být,“ pokračoval v líčení budoucnosti Rakouska, „že nás v případě války s Tureckem Němci napadnou, poněvadž Němci a Turci drží dohromady. Jsou to takový potvory, že jim není v světě rovno. Můžeme se však spojit s Francií, která má od 71. roku spadeno na Německo. A už to půjde. Válka bude, víc vám neřeknu.“

Skrivst òg:Francie cz Frankreich de France en La France fr

Tysklanden flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Tyskland er fyrst nemnd i samtalen på U kalicha om den politiske situasjonen etter attentatet i Sarajevo. Landet dukkar deretter opp i fleire høve utover i romanen, spesielt i samband med marsjbataljonen si reise til austfronten i 1915. Švejk møter jamvel tyske soldatar mot slutten av romanen. Forfattaren merkar seg kor godt dei har det med proviant og utstyr samanlikna med sine allierte frå Austerrike-Ungarn.

Mange tyske personar vert nemnde i romanen, mellom dei keisar Wilhelm II. og Hindenburg. Fleire av dei tyske storbyane dukkar òg opp: til dømes Berlin og Hamburg. Det kjem fram at Švejk har vitja Bremen, det einaste høvet han synest å ha vore utafor grensene til Dobbeltmonarkiet. I samband med forfalskinga av stamtavla til hunden Fox nemner Švejk namnet på fleire tyske byar med institusjonar tilknytta hundeoppdrett (sjå Nürnberg). Eit par stader i Elsass (Alsace) vert ramsa opp av Wendler i samtalen med Lukáš - mellom dei Mühlhausen (no Mulhouse). I den vidkjende draumen sin nemner Biegler nokre mindre småbyar i samband med utgreiinga si om slaget ved Leipzig i1813) (sjå Wachau). Det siste me høyrer om tyskarar er då Švejk kjem til Żółtańce der han må vera vitne til at tyskarane får utdelt fatøl, ein luksus han og hans medsoldatar berre kan drøyma om. Me får òg vita at menn frå regimentet hans har vore i slagsmål med bayerane.

Bakgrunn

Tyskland var i 1914 eit konstitusjonelt monarki med keisaren som statsoverhovud og offiselt kalla Das Deutsche Kaiserreich. Landet kom som alliert av Austerrike-Ungarn med i krigen frå 1.august 1914 då dei lyste Russland krig. Dei hadde vore allierte med Dobbeltmonarkiet sidan 1879, og Tyskland sin uttalte støtte var ei av årsakene til at Dobbeltmonarkiet våga å "gje Serbia ein lærepenge" i 1914. To dagar seinare var tofrontskrigen eit faktum i og med den franske krigslysinga. Der tyske åtaket på Belgia 4. august skaffa dei ein endå mektigare fiende: England og det britiske imperiet.

Tyskland hadde i 1914 verdas sterkaste hær men til trass for si militære slagkraft kunne dei ikkje halda ut i lengda i ein konflikt der motstandaren sine ressursar var overlegne både i industri, folketal og ikkje minst råvarer. Den britiske overmakta til sjøs var òg utslagsgivande - den effektive blokaden førde til varemangel og etter kvart direkte naud. Nederlaget i 1918 gjorde slutt på keisardømet som vart etterfølgd av Weimar-republikken. Landet måtte ved Versailles-freden i 1919 avstå store landområde; mest til Polen og Frankrike men óg mindre område til Danmark, Belgia og Tsjekkoslovakia. Tyskland hadde over 2 millionar falne og i tillegg omkom nokre hundre tusen sivile grunna svolt og sjukdom. Dei økonomiske, sosiale og politiske konsekvensane av nederlaget var fatale og rydda langt på veg grunnen for den endå verre katastrofa nazismen og 2.verdskrigen medførde.

Tyskland måtte frå 1915 gong på gong gripa inn for å hjelpa Austerrike-Ungarn. På frontavsnittet i Galicia og Volyn der Jaroslav Hašek sitt IR91 deltok i 1915, vart Dobbeltmonarkiet støtta av tyske troppar og tre einigar av desse vert omtala i romanen (sjå Posen, Hannover og Brandenburg). Tyskland vert ofte ufordelaktig omtala i forteljingane som Jaroslav Hašek skreiv i teneste for tsjekkiske eksilorganisasjonar i Russland i 1916 og 1917. Dobrý voják Švejk v zajetí er eit døme på dette. Hausten 1916 heldt forfattaren seg mykje ved fronten ved elva Stochod (no Stochid), der dei sto ovafor tyske stridskrefter.

Jaroslav Hašek og Tyskland

I teneste for bolsjevikane i 1919 og 1920 arbeidde Jaroslav Hašek tett med tyske internasjonalistar (kommunistar), rekrutterte frå fangeleirane. Alt tyder på at han følgde lagnaden til den revolusjonære rørsla i Tyskland nøye og han skreiv på denne tida jamvel eit dikt på tysk. Det heitte Spartaks Helden og var ei hyllest til dei myrda kommunistane Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht. Diktet er rettnok farleg nær å vera eit plagiat av Erich Mühsam sitt Generalstreik - Marsch.

Jaroslav Hašek vitja keisarriket Tyskland sommaren 1904, og då truleg berre Bayern der han nok har opphalde seg fleire veker. Han skreiv ei handfull forteljingar frå denne turen. Han kunne godt tysk sjølv om sitat frå romamen tyder på visse manglar (han vert av og til retta i den tyske omsetjinga). I ei anna soge skriv han at han vitja Dresden, noko som er høgst truleg.

Den 8.desember 1920 sette han atter foten på tysk jord. Han og kona Alexandra kom med båt frå Tallinn til Swinemünde (no Swinoujście). Dei var på veg frå Russland og reiste vidare med tog frå Stettin (no Szczecin) om kvelden 9. desember. Opphaldet på tysk jord har nok vard mindre enn to døgn, med sannsynleg togbyte i Berlin før dei kom til Pardubice om kvelden "andre dagen" (truleg 10.desember).

Linkar

Sitat
[1.1] „Může být,“ pokračoval v líčení budoucnosti Rakouska, „že nás v případě války s Tureckem Němci napadnou, poněvadž Němci a Turci drží dohromady. Jsou to takový potvory, že jim není v světě rovno. Můžeme se však spojit s Francií, která má od 71. roku spadeno na Německo. A už to půjde. Válka bude, víc vám neřeknu.“
[1.14.3] A vopravdu, lidi hned byli rádi, že to tak dobře dopadlo, že mají doma čistokrevný zvíře, a že jsem jim moh nabídnout třebas vršovickýho špice za jezevčíka, a voni se jen divili, proč takovej vzácnej pes, kerej je až z Německa, je chlupatej a nemá křivý nohy.

Skrivst òg:Německo cz Deutschland de Germany en

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen


© 2009 - 2018 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 12/10-2018