Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (582) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

Innleing

Makedoniaen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Makedonia vert brukt som adjektiv gjennom forfattaren sitt omgrep for Aleksander den store, Alexandr Macedonský.

Bakgrunn

Makedonia var eit kongedøme i antikken med opphav nord på den greske halvøya. Gjennom styret til Filip II av Makedonia og sonen Aleksander den store vart det eit enormt rike som strekte seg heilt til elva Indus. Hovudstad på denne tida (400 til 300 f.kr) var Pella. Makedonia er den fyrste av over 800 geografiske referansar i romanen, og den kjem alt i tredje setningen!

Eksterne lenkar

Sitat
[Úvod] Velká doba žádá velké lidi. Jsou nepoznaní hrdinové, skromní, bez slávy a historie Napoleona. Rozbor jejich povahy zastínil by slávu Alexandra Macedonského. Dnes můžete potkat v pražských ulicích ošumělého muže, který sám ani neví, co vlastně znamená v historii nové velké doby.

Skrivst òg:Macedonie Hašek Makedonie cz Makedonien de Macedonia en Μακεδονία gr Македонија mk

Prahaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk Švejk-muzeum
praha.jpg

Social-Demokraten, 21.12.1920

praha1.jpg

Krásná Praha, 1907

praha3.jpg

Světozor, 20.2.1914

Praha vert nemnd alt i innleiinga og seinare kjem handlinga i heile den fyrste delen av romanen til å føregå her i heimbyen til Švejk. Forfattaren kjende Praha som si eiga bukselomme og han refererer i løpet av romanen til opp mot 140 stader i byen. Handlinga føregår i bydelane Nové Město, Staré Město, Malá Strana og Hradčany. Viktigaste området er nok Nové Město der det heile startar. Švejk budde truleg svært nær Na Bojišti i Nové Město. Handlinga føregår òg i område som frå 1922 vart innlemma i Praha: Karlín, Vršovice, Žižkov, Motol og Břevnov. Švejk legg dessutan mange av dei tallause anekdotane sine til Praha og dei inntilliggjande distrikta.

Bakgrunn

Praha er hovudstaden og den største byen i Tsjekkia. Byen ligg på begge sidar av Vltava og folketalet er om lag 1,2 millionar. Etter 1648 har Praha har vore lite utsett for krigsskadar så den gamle bykjerna er svært godt halden. Byen kan såleis by på intakt arkitektur frå fleire epoker og er rekna som ein av dei vakraste i Europa. Frå 1992 har det indre byområdet stått på UNESCO si verdsarvliste.

Praha var alt i middelalderen ein viktig by og hadde si glanstid under regjeringsperioden til Karl IV, som også var tysk-romersk keisar. Etter at Böhmen kom under habsburgarane sitt herredøme frå 1526, mista den gradvis si betydning og vart redusert til ein av fleire austerrikske regionshovudstader.

Praha i 1914

Ved utbrotet av fyrste verdskrigen var byen mykje mindre enn i dag, beståande av distrikta: I. Staré Město, II. Nové Město, III. Malá Strana, IV. Hradčany, V. Josefov, VI. Vyšehrad, VII. Holešovice-Bubny og VIII. Libeň. Den vart offisielt kalla Královské hlavní město Praha (Den kongelege hovudstaden Praha). Nummereringa av diskrikta var òg annaleis enn i dag; Malá Strana for eksempel, høyrde til Praha III men er no i Praha I. Folketalet var i 1910 om lag 224 000, med forstadene 476 000, av desse var over 90 prosent av tsjekkisk nasjonalitet, resten tyske (medrekna jødar). Byen var setet for Generalkommando des VIII. Armekorps, eininga som IR91 høyrde til. I 1922 vart nabodistrikta slegne saman med den nye tsjekkoslovakiske hovudstaden. Denne nye administrative eininga vart kalla Velká Praha.

Hašek sin heimby

Jaroslav Hašek vart fødd i Školská 16 i Praha II. 30.april 1883. Han budde i byen og nabodistrika Královské Vinohrady og Smíchov fram til februar 1915. Han heldt til i byen på ny frå 19.desember 1920 til 25.august 1921, rettnok mest i Žižkov som enno ikkje var vorte ein del av Praha. Heile fyrste og byrjinga av andre delen av Den gode soldat Švejk vart skrivne her frå mars til august 1921.

Eksterne lenkar

KjeldeRadko Pytlík, Baedekers Österreich 1910

Sitat
[Úvod] Dnes můžete potkat v pražských ulicích ošumělého muže, který sám ani neví, co vlastně znamená v historii nové velké doby.

Skrivst òg:Prag de Prague en

Austerrikeen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
cisleithanien.png

Austerrike vist i raudt, Ungarn i grått.

Austerrike er såvidt nemnt av forfattaren i innleiinga, men spelar ei nøkkelrolle gjennom heile romanen og vert nemnd mange gonger. Dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn er den viktigaste skyteskiva for Jaroslav Hašek si satire. Ofte brukar forfattaren omgrepet Austerrike òg når det meinast heile Dobbeltmonarkiet. Handlinga føregår for det meste på austerriksk område. Det gjeld heile del ein, omtrent halve del to, siste kapittel av del tre og heile del fire. Resten finn stad i den ungarske delene av imperiet.

Bakgrunn

Austerrike var den politiske eininga som Böhmen høyrde til frå 1526 til 1918. Frå 1804 til 1867 dekka omgrepet heile Habsburg-imperiet, etter "Ausgleich" i 1867 berre den austerrikske delen av det som no vart kalla Austerrike-Ungarn. Wien var hovudstad i heile perioden.

Eit mykje brukt uoffisielt omgrep for Austerrike i tida 1867-1918 var Cisleithanien. Det offisielle namnet fram til 1915 var Die im Reichsrat vertretenen Königreiche und Länder, frå 1915 på ny Österreich. Den siste namneendringa kom i stand til trass for sterk motstand frå dei tsjekkiske utsendingane i Reichsrat. Området var offisielt eit keisardøme og Franz Joseph I. var keisar fram til han døydde 1916. Politisk var det delt inn i 17 kronland som dels hadde betydeleg sjølvstyre.

Resulatet av nederlaget i 1. verdskrigen var at monarkiet gjekk under og landområda i den austerrikske delen vart delte mellom den nye republikken Austerrike, Tsjekkoslovakia, Jugoslavia, Polen, Italia og Romania.

Eksterne lenkar

Sitat
[Úvod] A tento tichý, skromný, ošumělý muž jest opravdu ten starý dobrý voják Švejk, hrdinný, statečný, který kdysi za Rakouska byl v ústech všech občanů Českého království a jehož sláva nezapadne ani v republice.

Skrivst òg:Rakousko cz Österreich de Austria en Ausztria hu

Kongeriket Böhmenen flag
Wikipedia czenno Google kartsøk
bohmen.png

Ottův slovník naučný

Kongeriket Böhmen er såvidt nemnd av forfattaren i innleinga, men har ellers ei perifér rolle, i alle fall når det gjeld direkte referansar. Likevel føregår ein betydeleg del av handlinga og nesten alle anekdotane på territoriet til det tidlegare kongedømet.

Bakgrunn

Kongeriket Böhmen var eit historisk kongedøme som eksiterte frå 1198, og frå 1526 til 1918 var det ei politisk eining (kronland) underlagd Habsburg-imperiet. Mange av Habsburg-keisarane vart òg krona som kongar av Böhmen. Franz Joseph I. derimot avslo å la seg krona, noko som skapte motvilje mot han blandt mange tsjekkarar.

Keisaren sin representant i kongedømet var "der Statthalter" som heldt til i Praha. Dei offisielle språka var tsjekkisk og tysk. Kongedømet vart avskaffa i 1918 og området vart den leiande regionen i den nyproklamerte staten Tsjekkoslovakia.

Eksterne lenkar

Sitat
[Úvod] A tento tichý, skromný, ošumělý muž jest opravdu ten starý dobrý voják Švejk, hrdinný, statečný, který kdysi za Rakouska byl v ústech všech občanů Českého království a jehož sláva nezapadne ani v republice.

Skrivst òg:České království cz Königreich Böhmen de Kingdom of Bohemia en

Tsjekkoslovakiaen flag
Wikipedia czdeennosk Google kartsøk

Tsjekkoslovakia vert indirekte nemnd av forfattaren gjennom omgrepet "i republikken". Seinare kjem det fleire referansar, spesielt gjennom bitre utbrot mot folk som hadde arbeidd for dei austerrikske undertrykkarane men som no levde behageleg i den nye republikken. Sjå Slavíček og Klíma.

Bakgrunn

Tsjekkoslovakia var ein historisk stat i Mellom-Europa. Den vart oppretta 28.oktober 1918 som konsekvens av Austerrike-Ungarn sitt samanbrot på slutten av 1.verdskrigen.

Tsjekkoslovakia besto av landskapa Böhmen, Mähren, Slovakia, Karpato-Ruthenia og ein liten del av Schlesien. Fram til München-avtalen øydela staten i 1938 hadde Tsjekkoslovakia eit høgt utvikla demokrati med ein sterk industriell base.

Etter nazistane sitt nederlag vart Tsjekkoslovakia gjenoppretta med eit demokratisk styresett, men i februar 1948 tok kommunistane makta ved eit kupp og eittpartistaten vart innførd. I 1989 vart demokratiet innførd att, men staten vart splitta i Tsjekkia og Slovakia 1.januar 1993. Dette var ei av verda sine få fredelege politiske skilsmisser.

Sitat
[Úvod] A tento tichý, skromný, ošumělý muž jest opravdu ten starý dobrý voják Švejk, hrdinný, statečný, který kdysi za Rakouska byl v ústech všech občanů Českého království a jehož sláva nezapadne ani v republice.
[1.14.2] Dnes jsou důstojničtí sluhové roztroušeni po celé naší republice a vypravují o svých hrdinných skutcích.

Skrivst òg:Československo cz Tschechoslowakei de Czechoslovakia en

Efesosen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Efesos vart omtala i forbindelse med Herostratos, den forfengelege tosken som her vert stilt som kontrast til Švejk. Jamfør omgrepet "herostratisk berømt", han sette fyr på tempelet for å bli kjend.

Bakgrunn

Efesos var i oldtida ein viktig havneby på Vesleasia sin vestkyst, med omkring 250.000 innbyggjarar. Byen var det joniske Hellas sitt økonomiske sentrum og seinere ein av det romerske imperiet sin viktigaste byar. I byen låg mellom anna eit av verdens sju underverk, Artemistempelet.

Sitat
[Úvod] On nezapálil chrám bohyně v Efesu, jako to udělal ten hlupák Herostrates, aby se dostal do novin a školních čítanek.

Skrivst òg:Ephesos de Ephesus en Efes tr

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen

Konopištěen flag
Wikipedia dedkenno Google kartsøk
konopiste.jpg

Světozor, 2.9.1910

konopiste1.jpg

Venkov, 19.6.1914

Konopiště vert omtala av Müllerová i det ho skal beskriva kva for ein Ferdinand som er vorten myrda: "herr erkehertugen, han frå Konopiště, han feite gudfryktige!"

Bakgrunn

Konopiště er eit slott ved Benešov som var eigd av den austerrikske tronfylgjaren Franz Ferdinand frå 1887 til 1914. Han og familien budde mykje her. I dag fungerer slottet som museum. Ein kan mellom anna sjå Franz Ferdinand sine omtrent 475 000 jakttrofé og mengder av klassiske møblar og maleri.

I 1913 hadde landsbyen 115 innbyggjarar som budde i 13 hus. Den tilhøyrde okres og hejtmanství Benešov. Kommunen med same namn var noko større: 484 sjeler fordelt på 53 hus.

Ottův slovník naučný

Konopiště: ves a panství v Čechách, hejt., okr., fara a pš. Benešov; 23 d., 391 ob. č. (1890), 2tř. šk., 2 mlýny. Alod. panství (5397,48 ha) s krásným letním zámkem náleží arcivév. rak. Františkovi Ferdinandovi. R. 1898 zámek nádherně opraven a panské průmyslové závody v Konopišti zrušeny a převedeny do Benešova. … meir

Sitat
[1.1] „Ale, milostpane, pana arcivévodu Ferdinanda, toho z Konopiště, toho tlustýho, nábožnýho.“ „Ježíšmarjá,“ vykřikl Švejk, „to je dobrý. A kde se mu to, panu arcivévodovi, stalo?“ „Práskli ho v Sarajevu, milostpane, z revolveru, vědí. Jel tam s tou svou arcikněžnou v automobilu.“

Skrivst òg:Konopist Bang-Hansen Konopischt de

Sarajevoen flag
Wikipedia bsczdeennnno Google kartsøk

Sarajevo vert fyrst nemnd av Müllerová i det ho fortel Švejk om attentatet på Franz Ferdinand. Seinare i kapittelet dreiar samtalen på U kalicha seg aller mest om mordet på tronfylgjaren og Sarajevo vert nemnd fleire gonger både av Bretschneider, Švejk og Palivec.

Bakgrunn

Sarajevo var i 1914 som i dag hovudstaden i Bosnia­-Hercegovina­. I 1878 okkuperte Austerrike-Ungarn men området var formelt enno ein del av Tyrkia. I 1908 vart det innlemma i Dobbeltmonarkiet, noko som vekte harme i Serbia. 28. juni 1914 var byen åstad for drapet på en austerrikske tronfylgjaren Franz Ferdinand, ei hending som indirekte utløyste fyrste verdskrigen. Drapet var utførd av serbiske ekstremistar og det er ikkje påvist at den serbiske regjeringa var involvert.

Drapa i Sarajevo er heilt konkret utgangspunktet for romanen desse vevsidene handlar om.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] „Práskli ho v Sarajevu, milostpane, z revolveru, vědí. Jel tam s tou svou arcikněžnou v automobilu.“ „Tak se podívejme, paní Müllerová, v automobilu. Jó, takovej pán si to může dovolit, a ani nepomyslí, jak taková jízda automobilem může nešťastně skončit. A v Sarajevu k tomu, to je v Bosně, paní Müllerová. To asi udělali Turci. My holt jsme jim tu Bosnu a Hercegovinu neměli brát.
Bosniaen flag
Wikipedia czdeenhrnnsr Google kartsøk

Bosnia vert fyrst nemnd av Švejk som sler fast ovafor fru Müllerová at Sarajevo ligg i Bosnia. Seinare er området tema i samtalane på U kalicha mellom Bretschneider, Palivec og Švejk, og vert nemnd fleire gonger seinare i romanen. I Budapest vert eit bosnisk regiment omtala.

Bakgrunn

Bosnia vert gjerne omtala saman med Hercegovina som Bosnia og Hercegovina. Dette har i langre tid vore den politiske eininga, dei to delene har vore reine geografiske omgrep sidan middelalderen.

Området vart innlemma i Austerrike-Ungarn i 1908, noko som førde til sterk misnøye blandt serbarar. Dette var noko av bakgrunnen for uroa som førde til at terroristar planla og utførde drapet på Franz Ferdinand.

Sitat
[1.1] „A v Sarajevu k tomu, to je v Bosně, paní Müllerová. To asi udělali Turci. My holt jsme jim tu Bosnu a Hercegovinu neměli brát."

Skrivst òg:Bosna cz Bosnien de Bosna hr Босна sr

Bosnia og Hercegovinaen flag
Wikipedia bsczdeenno Google kartsøk

Bosnia og Hercegovina vert fyrst nemnd av Švejk som sler fast ovafor Müllerová at Sarajevo ligg i Bosnia at Austerrike-Ungarn ikkje burde teke det frå tyrkarane. Seinare er området tema i samtalane på U kalicha mellom Bretschneider, Palivec og Švejk.

Bakgrunn

Bosnia og Hercegovina var (og er) eit politisk omgrep for områda Bosnia og Hercegovina på Balkan. Området vart innlemma i Austerrike-Ungarn i 1908, noko som førde til sterk misnøye blandt serbarar. Dette var noko av bakgrunnen for uroa som førde til at terroristar planla og utførde drapet på Franz Ferdinand.

Sitat
[1.1] „A v Sarajevu k tomu, to je v Bosně, paní Müllerová. To asi udělali Turci. My holt jsme jim tu Bosnu a Hercegovinu neměli brát."

Skrivst òg:Bosna a Hercegovina cz Bosnien und Herzegowina de Bosnia and Hercegovina en Bosna i Hercegovina hr Босна и Херцеговина sr

Nusleen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Nusle er i boka fyrst omtala av Müllerová grunna eit brotsverk med revolver som fann stad der i heimbyen hennar. Nusle vert seinare i kapittelet omtala av PalivecU kalicha, og det kjem fram at byen har dårleg rykte på den tida. Fleire stader i Nusle vert omtala seinare i romanen, mellom anna vertshuset U Bansethů.

Bakgrunn

Nusle var frå 1898 fram til innlemminga i Praha i 1922 ein by som tilhøyrde hejtmanství Královské Vinohrady. Nusle vaks fram under den industrielle revolusjonen og i 1913 hadde den 22 755 innbyggjarar der nesten alle oppga tsjekkisk som morsmål. Riegrovo náměstí (no Náměstí Bratří Synků) var rekna som sentrum av byen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] Nedávno taky si hrál jeden pán u nás v Nuslích s revolverem a postřílel celou rodinu i domovníka, kterej se šel podívat, kdo to tam střílí ve třetím poschodí.“
Sveitsen flag
Wikipedia czdeenfritno Google kartsøk
sveits.jpg

General Ulrich Wille, sveitsisk øvstkommanderande i 1.verdskrigen.

sveits.png

Národní listy, 6.11.1904

Sveits er i ein anekdote av Švejk tilfluktsland for ein vaktar som hadde lånt bukseselane sine til ein innsett som hadde myrda ein kaptein. Den innsette brukte selane til å hengja seg. Vakta fekk 6 månader men stakk av til Sveits.

Bakgrunn

Sveits var nøytralt under 1.verdskrigen og var på den tida som no ein forbundsrepublikk. Som ein kuriositet kan nemnast at Habsburg-slekta stammar frå Sveits. Sveits var under 1.verskrigen tilhaldstad for Lenin som frå 1917 skulle koma til å spela ei avgjerande rolle i hendingane som førde til at Russland trekte seg frå krigen.

Sveits var dessutan under krigen til tider tilhaldstad for Masaryk og andre tsjekkarar som arbeidde for nasjonalt sjølvstende.

Hašek i Sveits

Jaroslav Hašek skreiv fleire soger med handlinga lagd til Sveits og etter alt å døma vitja han landet på ei reise i 1904. Rettnok er ikkje dette stadfesta av andre kjelder enn forfattaren sjølv men ettersom han for det meste la sogene sine til stader han sjølv hadde vitja, har ein all grunn til å tru at han faktsik var der. I ei forteljing skriv han at han gjekk til fots frå Sveits gjennom Bayern tilbake til Domažlice. reisa må ha funne stad i tidsrommet juli til september.

Fyrste soga med tema Sveits kom på trykk i Národní listy alt 6.november 1904 og heitte Oslík Guat (Eselet Guat) og finn stad i Bern-Alpene. Ingen av stadene der handlinga finn stad kan identifiserast med skrivemåten forfattaren brukte. Desse namna var "Dünsingen", "Tillingen", "Stroschein" og "Gallensheim". Nemnde i forbifarten er òg Bern og Bodensee. I forteljinga Výprava na Moasserspitze skriv eg-personen at han budde i Bern, men planla ei utflukt til "Moasernspitze, seks timar herfrå, i kantonen Bern". Dette skal ha vore eit fjell med ein spiss topp, men ingen av stavingsvariantane gjev nokon idé om kvar dette fjellet var. Eg-personen skriv dessutan at opphaldet var i slutten av juni, noko som ikkje samsvarar med forfattaren sine kjende opphald på denne tida.

Eksterne lenkar

KjeldeRadko Pytlík

Sitat
[1.1] To vědí, paní Müllerová, že v takový situaci jde každému hlava kolem. Profousa za to degradovali a dali mu šest měsíců. Ale von si je nevodseděl. Utek do Švejcar a dneska tam dělá kazatele ňáký církve.

Skrivst òg:Švýcarsko cz Schweiz de Switzerland en Suisse fr Svizzera it Švejcar Švejk

Portugalen flag
Wikipedia czdeennnnopt Google kartsøk
portugal.jpg

Heising av det portugisiske flagget under 1.verdskrigen.

Portugal vert referert til av Švejk grunna eit drap på ein feit konge av Portugal. Dette dreiar seg visseleg om drapet på Carlos I av huset Bragança i 1908.

Bakgrunn

Portugal var i 1911 ein republikk som enno hadde nokre koloniar, mest i Afrika. På starten av 1900-talet var det strid mellom reformviljuge og konservative grupper. Republikanarane stod sterkt, og ein republikk vart etablert i 1910, to år etter at kongen og kronprinsen hadde vorte myrda.

Tyskland lyste Portugal krig 9.mars 1916 og portugisiske styrkar deltok i Afrika og på vestfronten. Tyske u-båtar senka ein del portugisiske skip.

Etter krigen søkte Karl, den siste Habsburg-keisaren, tilflukt i Portugal og han døydde på Madeira. Sjå Karl Franz Joseph.

Sitat
[1.1] Jestli se pamatujou, jak tenkrát v Portugalsku si postříleli toho svýho krále. Byl taky takovej tlustej.

Skrivst òg:Portugalsko cz

Waterlooen flag
Wikipedia czdeenfrnlno Google kartsøk

Waterloo og det berømte slaget der vert nemnd i forfattaren sin omtale av Palivec og kjennskapen hans til Victor Hugo. Vidare nemner Svejk den i [2.1] på toget til Tábor.

Bakgrunn

Waterloo er ein by i provinsen Vallonsk Brabant i Belgia, nær Brussel. Byen er kjendt på grunn av det berømte slaget som fann stad her den 18.juni 1815, då Wellington og Blücher sigra over Napoléon sin franske hær. Slaget betydde slutten for Napoleon sin politiske og militære karriere.

Sitat
[1.1] Palivec byl známý sprosťák, každé jeho druhé slovo byla zadnice nebo hovno. Přitom byl ale sečtělý a upozorňoval každého, aby si přečetl, co napsal o posledním předmětě Victor Hugo, když líčil poslední odpověď staré gardy Napoleona Angličanům v bitvě u Waterloo.
Balkanen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
balkan.png

The New York Times Current History, March 1915

Balkan vert nemnd ein gong av Švejk i samtalen på U kalicha. Seinare dukkar halvøya opp att i samtalen mellom Wendler og Lukáš.

Bakgrunn

Balkan var på starten av 1900-talet det minst stabile området i Europa. I 1912 og 1913 haddet det vore to krigar; fyrst Hellas, Serbia, Bulgaria og Montenegro mot Tyrkia. Deretter Serbia, Montenegro og Hellas mot Bulgaria.

I den andre Balkan-krigen greip i tillegg Romania og Tyrkia inn mot Bulgaria då desse var i ferd med å tapa. Serbia kom styrka ut av desse krigane, noko som gjorde Austerrike-Ungarn urolege og kan ha medvirka til deira uforsonlege haldning i 1914.

Sitat
[1.1] A Švejk vyložil svůj názor na mezinárodní politiku Rakouska na Balkáně. Turci to prohráli v roce 1912 se Srbskem, Bulharskem a Řeckem. Chtěli, aby jim Rakousko pomohlo, a když se to nestalo, střelili Ferdinanda.
[1.14.5] Pro chmel je nyní ztracena Francie, Anglie, Rusko i Balkán.

Skrivst òg:Balkán cz Balkans en

Serbiaen flag
Wikipedia czdeennnnosr Google kartsøk
serbia.png

Österreichische Illustrierte Zeitung, 9.8.1914

Serbia vert fyrst nemnd i samtalen på U kalicha mellom Švejk og Bretschneider om Balkan (sjå denne). Etterpå dukkar landet opp stadig, slagordet Heil, nieder mit den Serben! vert sitert nokre gonger.

I del to og utover vert ofte den serbiske hæren, irregulære grupper, og sivile nemnde i sogene veteranar fortel frå felttoget mot Serbia i 1914.

Bakgrunn

Serbia var i 1914 eit kongedøme på Balkan som spela ei sentral rolle under utbrotet av 1. verdskrigen. Austerrike-Ungarn gjorde den serbiske regjeringa ansvarleg for attentatet mot tronfylgjar Franz Ferdinand. Serbia var det fyrste land det vart lyst krig mot og fyrste land som var åstad for krigshandlingar. Serbia klarde seg godt mot K.u.k. Heer og slo tilbake tre invasjonsforsøk i 1914 sjølv om deira eigne tap òg var store. Men etter at Bulgaria kom med i krigen og tyske styrkar hjelpte til vart motstanden knust i oktober 1915.

Serbia var det landet som relativt sett hadde dei største tapa i verdskrigen, ein reknar at 27% of innbyggjarane mista livet, mange av desse i historias verste tyfus-epidemi. Landområdet til Serbia var i 1914 noko annaleis enn i dag, det omfatta Macedonia men ikkje Vojvodina og Banat som på den tida tilhøyrde Ungarn. Hovudstaden var då som no Beograd.

Det 91. regiment i Serbia

IR91 vart sendt til fronten i Serbia like etter krigsutbrotet og tok del i alle tre invasjonane den hausten. I tida mellom 15. august og 15.desember 1914 oppheldt dei seg for det meste på serbisk territorium. Tapa deira var skremande store, og då dei endelege trekte seg ut av landet over Donau ved Beograd var dei som resten av invasjonshæren fullstendig desimert. Fleire offiserar som seinare vart prototypar for Švejk sine overordna var med på felttoget: Franz Wenzel, Čeněk Sagner, Rudolf Lukas, Josef Adamička og Jan Eybl. Kvar einaste ein av dei med unnatak av Eybl (han var berre med dei tre siste vekene) vart på eit tidspunkt såra eller melde seg sjuke.

I byrjinga av oktober 1918 vart regimentet, som del av 9. infanteridivisjon, sende tilbake til Serbia (Vranje sør for Niš) avdi Bulgaria hadde trekt seg ut av krigen og styrkane deira måtte erstattast. Dette vart eit einaste langt tilbaketog nordover i ein K.u.k. Heer som no var i oppløysing.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] A Švejk vyložil svůj názor na mezinárodní politiku Rakouska na Balkáně. Turci to prohráli v roce 1912 se Srbskem, Bulharskem a Řeckem. Chtěli, aby jim Rakousko pomohlo, a když se to nestalo, střelili Ferdinanda.
[1.13] Nadporučík Machek zajat v Srbsku, dluhuje mně 1500 korun. Je zde víc takových lidí. Ten padne v Karpatech s mou nezaplacenou směnkou, ten jde do zajetí, ten se mně utopí v Srbsku, ten umře v Uhrách ve špitále.
[1.14.4] Švejk posadil se na lavici ve vratech a vykládal, že v bitevní frontě karpatské se útoky vojska ztroskotaly, na druhé straně však že velitel Přemyšlu, generál Kusmanek, přijel do Kyjeva a že za námi zůstalo v Srbsku jedenáct opěrných bodů a že Srbové dlouho nevydrží utíkat za našimi vojáky.
[1.14.5] Kromě toho naše manévry na Srbsku pokračují velice úspěšně a odchod našich vojsk, který jest fakticky jen přesunutím, vykládají si mnozí zcela jinak, než jak toho vyžaduje naprostá chladnokrevnost ve válce.
[1.14.6] "Náš pán je přísnej, a jak posledně se říkalo, že nám v Srbsku natloukli, tak přišel celej vzteklej domů a sházel v kuchyni všechny talíře a chtěl i mně dát vejpověď."

Skrivst òg:Srbsko cz Serbien de Србија sr

Bulgariaen flag
Wikipedia bgczdeennnno Google kartsøk

Bulgaria vert nemnd under samtalen på U kalicha om Balkan.

Bakgrunn

Bulgaria var eit kongedøme på Balkan som under 1.verdskrigen var nøytralt i starten. I september 1915 gjekk dei med i krigen på sentralmaktene si side. Det viktigaste motivet var oppreising etter nederlaget mot Serbia i andre balkankrigen. Bulgaria var med på åtaket mot Serbia i oktober 1915, offensiven som til slutt knekte Serbia. Bulgaria var i 1914 litt større enn i dag, dei måtte avstå Thrakia til Hellas i 1918.

Sitat
[1.1] A Švejk vyložil svůj názor na mezinárodní politiku Rakouska na Balkáně. Turci to prohráli v roce 1912 se Srbskem, Bulharskem a Řeckem. Chtěli, aby jim Rakousko pomohlo, a když se to nestalo, střelili Ferdinanda.

Skrivst òg:България bg Bulharsko cz Bulgarien de

Hellasen flag
Wikipedia czdeelenno Google kartsøk

Hellas vert nemnd i samatalen på U kalicha om Balkan.

Bakgrunn

Hellas var nøytralt i starten av krigen men kom frå november 1916 med på Ententen si side influert av statsminister Venizelos. Hellas var på denne tida eit kongedøme under huset Glücksburg. Landet var i 1914 litt mindre enn i dag, det overtok Thrakia frå Bulgaria i 1923.

Sitat
[1.1] A Švejk vyložil svůj názor na mezinárodní politiku Rakouska na Balkáně. Turci to prohráli v roce 1912 se Srbskem, Bulharskem a Řeckem. Chtěli, aby jim Rakousko pomohlo, a když se to nestalo, střelili Ferdinanda.

Skrivst òg:Řecko cz Griechenland de Ελλάδα el Greece en

Vltavaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
vltava.jpg

Vltava frå Žďákovský most, august 2009.

Vltava vert fyrst nemnd i anekdota om han som hoppa frå brua i Krumlov. Elva vert nemnd fleire gonger seinare og Švejk må ha kryssa den to gonger på sin anabasis i [2.2], utan at dette vert sagt direkte. Fyrste gongen var mellom Květov og Vráž, andre gongen på toget like før Budějovice.

Bakgrunn

Vltava er den lengste elva i Böhmen. Ho har sitt utspring i Šumava, renn gjennom Krumlov, Budějovice og Praha, før ho renn i hop med Elbe ved Mělník. Lengda hennar er 430 km, og ho har eit nedslagsfelt på 28 090 km². På utanlandske språk vert ofte det tyske namnet Moldau brukt.

Sitat
[1.1] Musel skočit v Krumlově s toho mostu do Vltavy a museli ho vytáhnout, museli ho křísit, museli z něho pumpovat vodu a von jim musel skonat v náručí lékaře, když mu dal nějakou injekci.“

Skrivst òg:Moldau de

Krumloven flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Krumlov vert nemnd i anekdote om Ludvík og dessutan eit par gonger i del to. Mellom anna kjem den etter kvart sentrale Baloun frå området rundt Krumlov.

Bakgrunn

Krumlov var inntil 1920 namnet på Český Krumlov, ein by ikke langt frå grensa til Austerrike. I 1913 var folketalet 8 716 og av desse oppga 7 367 seg som tyske. Byen var sete for både hejtmanství og okres av same namn. Distriktet Krumlov låg i IR91 sitt rekrutteringsområde så Jaroslav Hašek vil ha kjent ein del med-soldatar herfrå. Sjå Ergänzungskommando.

Byen sin middelalderstruktur har vorte teken vare på og byen er i dag på verdsarvlista til UNESCO. Den er dessutan vorte eit viktig turistmål.

Ottův slovník naučný

Krumlov Český, (Böhmisch-Krumau, lat. Crumlovium), město v již. Čechách, 475 m n. m., na Vltavě, při stanici spol. Rak. míst. drah (Budějovice-Zelnava), má 770 d., 1402 obyv. č., 6882 n. (1890), hejtmanství, okr. soud … meir

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] Musel skočit v Krumlově s toho mostu do Vltavy a museli ho vytáhnout, museli ho křísit, museli z něho pumpovat vodu a von jim musel skonat v náručí lékaře, když mu dal nějakou injekci.“

Skrivst òg:Krumau de

Most v Krumlověen flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Most v Krumlově vert nemnd i anekdota om Ludvík som hoppa frå brua i Krumlov ut i Vltava.

Bakgrunn

Most v Krumlově var i fylgje forteljinga ei bru over Vltava i Krumlov. Det kjem ikkje fram kva for ei av bruene Švejk siktar til, men mest truleg er det trebrua Lazebnický most i sentrum. Deette er den eldste og mest kjende av bruene der. I denne hovudsakleg tysktalande byen vart brua på denne tida òg kalla Baderbrücke.

Sitat
[1.1] Musel skočit v Krumlově s toho mostu do Vltavy a museli ho vytáhnout, museli ho křísit, museli z něho pumpovat vodu a von jim musel skonat v náručí lékaře, když mu dal nějakou injekci.“

Skrivst òg:Bridge in Krumlov en Brücke in Krumau de Bru i Krumlov no

Zliven flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Zliv vert nemnd av Švejk i anekdote, fortald til Bretschneider, om ein viltoppsynsmann som vart skoten av krypskyttarar.

Bakgrunn

Zliv er ein landsby i Sør-Böhmen, 10 km nodvest for Budějovice og 4 km vest for Hluboká.

I 1913 hadde Zliv 1324 innbyggjarar og 1307 av desse førde opp morsmålet sitt som tsjekkisk. I forvaltninga var den ein del av Okres Hluboká, Okresní hejtmanství Budějovice.

Hašek og Zliv

Sommaren 1896 (eller 1897) tok mor til Hašek, Kateřina, ungane med seg på ein tur til området ved Protivín for å vitja slektningar. Begge foreldra var frå dette området. Dei var i Zliv, Mydlovary, Hluboká, Budějovice, Putim, Skočice, Krč, Protivín, Ražice, og Vodňany. Alle desse stadene dukkar opp i Švejk, og nokre av dei til og med i sogene til Hašek.

Våren 1915 skal Jaroslav Hašek ha vore i Zliv på ny, no på ei uautorisert "utflukt" frå garnisonen i Budějovice.

Eksterne lenkar

KjeldeRadko Pytlík, Václav Menger, Jaroslav Šerák

Sitat
[1.1] To byl ve Zlivi u Hluboké před léty jeden hajný, měl takové ošklivé jméno Pinďour.

Skrivst òg:Zliw Reiner

Hlubokáen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Hluboká vert nemnd i same anekdoten som Zliv, om enkja etter kryskyttararne som møter opp på kontoret til Fyrsten på Hluboká for å be om råd.

Bakgrunn

Hluboká er ein småby i Sør-Böhmen, 15 km nord for Budějovice. Den var ein av yndlingstadene til den tysk-romerske Keisar Karl IV, som ofte var på vitjing når han residerte i Budějovice. No er Hluboká mest kjend for det Windsor-liknande slottet, som fram til 1938 tilhøyrde huset Schwarzenberg.

I forvaltninga var kommunen underlagt Okres Hluboká, Okresní hejtmanství Budějovice. Òg kalla Podhradí talde den 1472 innbyggjarar i 1913, og medrekna Podskal og Zámostí kom talet opp i 2835. Nesten alle som budde der var tsjekkiske, dei fleste av dei få andre tyske.

Jaroslav Hašek vitja Hluboká i barndomen, kanskje òg i 1915. Sjå Zliv.

Ottův slovník naučný

Hluboká nad Vltavou, dř. Hluboká, též Podhradí, sídlo soud. okr., v polit. okr. českobuděj., 2927 ob. (1921), z nich nár. čsl. 2851, 2735 ob. (1930), z nich nár. čsl. 2648. Cís. výsad. listem z 20. květ. 1908 povýšen městys.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] Byla až v kanceláři knížete pána na Hluboké a stěžovala si, že má s těmi hajnými trápení. Tak jí odporučili porybnýho Jareše z ražické bašty.

Skrivst òg:Frauenberg de

Mydlovaryen flag
Wikipedia czen Google kartsøk
josef_hasek.jpg

Josef Hašek (1843-1896)

Mydlovary vert nemnd av Švejk i anekdoten om viltoppsynsmenn som han fortel BretschneiderU kalicha.

Bakgrunn

Mydlovary er ein landsby i Sør-Böhmen, 16 kilometer nordvest for Budějovice. Mydlovary er fødestaden til Josef Hašek, far til Jaroslav Hašek. Han var fødd i hus nummer 8. Den komande satirikaren vitja Mydlovary i barndomen (1896 eller 1897) og har neppe vore langt unna i 1915. Sjå Zliv.

Faktumet at faren var fødd i Mydlovary er viktig. Dette medførde at Jaroslav Hašek hadde heimstadrett her, slik at han, akkurat som romanhelten sin, vart mønstra til IR91.

I 1913 bestod kommunen av to landsbyar med til saman 687 innbyggjarar, 680 av desse var tsjekkarar. Kommunen hadde kyrkje, skule og fire vertshus. Zaháj var faktisk den største av dei to og kyrkja låg her. Næraste postkontor og jernbanestasjon låg i Zliv. Ordførar på denne tida var Jan Kolář (relevant mht. soga om speidarane som fekk bank med bjørkeris i ordføraren sitt påsyn, sjå Okresní hejtmanství Budějovice).

Tidleg soge

I 1911 skreiv Hašek ei forteljing som handla om Mydlovary: Vislingská aféra v Mydlovarech. Den kom fyrst på trykk i Karikatury 7.mars 1911 og ikkje lenge etter dukka den opp i underhaldningsbladet Šípy i Chicago!

Ottův slovník naučný

Mydlovary, ves v Čechách, hejtm. Č. Budějovice, okr. a pš. Hluboká, fara Zahájí; 34 d., 319 ob. č. (1890), dobývání hlíny na výrobu zemitých barev a ložisko železné rudy.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] Zastřelili ho pytláci a zůstala po něm vdova s dvěma dítkami a vzala si za rok opět hajného, Pepíka Šavlovic z Mydlovar.

Skrivst òg:Mydlowař Reiner Mydlowar de

Ražická baštaen flag
Google kartsøk

Ražická bašta vert nemnd av Švejk i anekdote om damvaktaren Jareš, etter inspirasjon av forfattaren sin bestefar, Antonín Jareš. Denne samanhengen vert brukt om att i dialogar både i [I.14] og [II.2].

Bakgrunn

Ražická bašta var eit fiskedamanlegg mellom Ražice og Putim som tilhøyrde Schwarzenberg-slekta. Bestefar til forfattaren var damvaktar her og forfattaren skreiv nokre historier frå dammen i Veselá Praha i 1908 (Historky z ražické bašty). Dammen er der enno men er ikkje lenger brukt til fiskeoppdrett. Damvaktar-bygningen er òg borte, men viser enno på eit militærkart frå 1928.

Den unge Jaroslav Hašek vitja staden i 1896 eller 1897 saman med familien. Sjå Zliv.

Eksterne lenkar

KjeldeRadko Pytlík, Jaroslav Šerák

Sitat
[1.1] Tak jí odporučili porybnýho Jareše z ražické bašty.
Mexicoen flag
Wikipedia czdeenesnnno Google kartsøk

Mexico er nemnd i samtale mellom Švejk og Bretschneider ettersom bror til Franz Joseph I, Maximiliano I, var keisar i landet frå 1863 til 1867. Her er han berre omtala som den meksikanske keisaren.

Mexico vert i [II.2] omtala av Marek når han fortel Švejk om tilhøva i IR91.

Bakgrunn

Mexico var i 1914 ein republikk med mykje indre uro etter at diktaturet til Porfirio Diaz vart styrta under revolusjonen i 1911. I ein periode frå 1864 til 1867 var Maximiliano I av Mexico keisar, og det er i denne samanhengen landet så vidt er nemnd i romanen.

Sitat
[1.1] Manželku Alžbětu mu propíchli pilníkem, potom se mu ztratil Jan Orth; bratra, císaře mexického, mu zastřelili v nějaké pevnosti u nějaké zdi.

Skrivst òg:Mexiko cz Mexiko de México es

Cerro de las Campanasen flag
Wikipedia es Google kartsøk

Cerro de las Campanas er indirekte nemnd i samtale mellom Švejk og Bretschneider der det vert fortald at bror til Franz Joseph I vart avretta ved "i ei eller anna festning ved ein eller anna mur".

Bakgrunn

Cerro de las Campanas er ei høgd i Queretaro der keisar Maximiliano I vart avretta i 1867 etter å ha tapt kampen mot dei republikanske opprørarane til Benito Juárez.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] Manželku Alžbětu mu propíchli pilníkem, potom se mu ztratil Jan Orth; bratra, císaře mexického, mu zastřelili v nějaké pevnosti u nějaké zdi.
Russlanden flag
Wikipedia czdeennnnoru Google kartsøk

Russland er kort nemnd samtalen på U kalicha om den politiske situasjonen etter attentatet i Sarajevo. Neste korte omtalen er i [I.14,1] når Katz har spela bort Švejk i kortspel "som om han var ein liveigen i Russland".

Seinare vert landet nemnd mange gonger, det var trass alt Russland hovudpersonen skulle til fronten og slåst mot. Russiske borgarar deltek direkte i handlinga når Švejk vert tildelt ein russisk fangetransport ved Chyrów. Forfattaren legg ved minst eitt høve inn fragment frå sine eigne opplevingar i Russland (sjå Dubno). Dei opprinnelege reklameplakatane for romanen gjer det klårt at Jaroslav Hašek planla å leggja siste delen av handlinga til russisk territorium - plakaten omtalar nemleg den russiske borgarkrigen.

Bakgrunn

Russland (rus. Россия) var i 1914 eit keisarrike styrt av Romanov-familien og var langt større enn i dagens Russiske Føderasjon. Det omfatta heile det seinare Sovjetunionen, heile Finland og deler av noverande Polen. Største utstrekninga hadde Russland fram til 1866 då dei selde Alaska. Russland si støtte til Serbia under juli-krisa i 1914 var ein av dei viktigaste grunnane til at ein regional konflikt på Balkan vart til ein verdskrig.

Russland var dårleg budde til ein lengre storkrig, store forsyningsproblem og slett militær leiing førde snart til katastrofale tap. Til trass for dette lukkast dei å invadera Galicia og Bukovina i 1914 og truga ei stund med å kryssa Karpatane. Den 2.mai 1915 sette Sentralmaktene inn ein vellukka motoffensiv ved Gorlice og Tarnów og 1915 vart ei katastrofe for Russland som måtte gje opp både Polen og Galicia. Dette året gjorde mangelen på utstyr seg sterkt gjeldande, og mange soldatar vart sende i kamp utan skytevåpen.

I 1916 betra stoda seg noko ettersom Brusilov-offensiven påførde Austerrike-Ungarn så store tap at samanbrotet truga. Tyske forsterkningar stablisierte etter kvart fronten og Russland brukte mykje av sine minkande krefter på å prøva å bryta gjennom. Tsardømet fall i mars 1917 men den midlertidige regjeringa gjekk inn for å halda fram med krigen. Ein siste offensiv starta 1.juli 1917 men den køyrde seg snart fast. Under desse kampane deltok tsjekkike frivillege (inludert Jaroslav Hašek) for fyrste gong som samla eining mot Dobbeltmonarkiet (Zborów 2.juli). Ein tysk motoffensiv frå 19.juli førde til full oppløysing i den russiske hæren som alt var råka av massedesertering og generell mangel på disiplin.

Etter Oktoberrevolusjonen (7.november) vart det inngått våpenkvile, og dei nye kommunistiske styresmaktene måtte godta harde vilkår ved fredsavtalen i Brest-Litovsk (signert 3.mars 1918). Heile Baltikum, Finland, Polen og Ukraina gjekk tapt (Ukraina vart teke tilbake etter krigen). Den påfylgjande borgarkrigen forlenga lidinga til folka i Russland med mange år og i 1921 braut det ut massiv hungersnaud. Det russiske nederlaget i krigen fekk lagnadstunga fylgjer; det bana vegen for 70 år med kommunistisk styre, til tider svært brutalt.

Hašek i Russland

Jaroslav Hašek tenestegjorde som ordonnans ved fronten mot Russland frå 11.juli 1915 og var med i det blodige slaget mot den russiske 8.arme ved Sokal i slutten av månaden. Den 27.august 1915 kryssa hans IR91 grensa og frå no av oppheldt han seg på russisk jord samanhengjande fram til om lag 4.desember 1920. Det var på russisk territorium han let seg ta til fange (Chorupan 24.september 1915).

Etter 9 månader som krigsfange var han frå juni 1916 til mars 1918 frivillig i dei tsjekkiske styrkane i Russland (sjå České legie), og var dermed formelt sett russisk soldat. Etter å ha brote med legionane var han journalist, agitator og rekrutteringsagent for tsjekkiske kommunistar, seinare direkte for bolsjevikane - oppgåver han hadde heilt til han vart send tilbake til heimlandet som agitator i slutten av 1920. Russisk hadde han lært som ung og han skal ha snakka språket svært godt. Ved avreisa i 1920 hadde han tilpassa seg såpass at sjølv den store romanen hans inneheld "russismar". I løpet av dei vel fem åra han oppheldt seg i Russland reiste han over store område, mest i det noverande Ukraina, i Volga-regionen og Sibir. 15.mai 1920 gifta han seg med ei russisk kvinne, Alexandra Lvova, som han òg tok med seg tilbake til Praha.

Sitat
[1.1] „Vy myslíte, že to císař pán takhle nechá bejt? To ho málo znáte. Vojna s Turky musí být. Zabili jste mně strejčka, tak tady máte přes držku. Válka jest jistá. Srbsko a Rusko nám pomůže v té válce. Bude se to řezat!“
[1.14.1] Polní karát prodal Švejka nadporučíkovi Lukášovi, čili lépe řečeno, prohrál ho v kartách. Tak dřív prodávali na Rusi nevolníky.
[1.14.5] Francie, Anglie i Rusko jsou příliš slabé proti rakousko-turecko-německé žule.
[1.14.5] Pro chmel je nyní ztracena Francie, Anglie, Rusko i Balkán.

Skrivst òg:Rusko cz Russland de Russia en Россия ru

Tyrkiaen flag
Wikipedia czdeennnnotr Google kartsøk
tyrkia1.png

Prager Tagblatt, 30.10.1914

tyrkia1.jpg

Der Krieg, Zweiter Band, 1915

tyrkia2.png

Čech, 31.10.1918

Tyrkia er tema i samtale på U kalicha om den politiske situasjonen etter attentatet i Sarajevo. Švejk skuldar Tyrkia for mordet på Franz Ferdinand.

Landet vert òg nemnd i [I.14] i den lange utgreiinga til Lukáš ovafor humlehandlar Wendler om krigsstoda. Denne samtalen dreg dessutan inn ei rekkje framståande osmanske politikarar og offiserar. Mellom desse var sultanen, Enver Paşa, Cevat Paşa, Hali Bey og Ali Bey. Dessutan vert Konstantinopel, Dardanellene og det tyrkiske parlamentet nemnde.

Bakgrunn

Tyrkia (det osmanske riket) var ein stat som eksisterte fram til 1922 og var etterfylgd av det moderne Tyrkia. Landområdet var enno i 1914 langt større enn det noverande tyrkiske republikken og omfatta store delar av Midt-Austen. Tyrkia var eit fleir-etnisk rike, beståanda av tyrkarar, arabarar, armenarar, albanarar, grekarar, jødar osv. Hovudstaden var Konstantinopel.

Fyrste verdskrigen

Det osmanske riket tok frå 29.oktober 1914 del i krigen på Sentralmaktene si side. Det starta med eit åtak på russiske hamner i Svartehavet og få dagar seinare lyste Russland krig, og like etter var Tyrkia òg i krig med England og Frankrike.

Tyrkia kjempa på fleire frontar: mot Russland i Kaukasus, mot britane i Egypt og Mesopotamia, mot russarar og britar i Persia. I 1915 vart det opna endå ein front (om enn kortvarig) då dei allierte prøvde å trengja gjennom Dardanellene. I tilleggg måtte riket slåst mot opprøar på den Arabiske halvøya og andre stader.

Fleire framståande tyske militære gjorde teneste i dei tyrkiske væpna styrkane, både som kommanderande og rådgjevarar. Mellom desse var Liman, Goltz Paşa og Usedom Paşa. Folkemordet på armenararne i 1915 kasta ein varig skugge over dei siste åra til det osmanske riket.

Tyrkia hadde berre avgrensa militær framgang under krigen, men eit viktig unntak var forsvaret av Dardanellene og Gallipoli-halvøya i 1915. Ved slutten av 1917 stod allierte styrkar langt inne på osmansk territorium: i Palestina og dessutan i Mesopotamia.

Etter at Bulgaria trekte seg ut av krigen i september 1918 vart stoda uhaldbar og 30.oktober 1918 vart våpenkvila underteikna. Tapet i verdskrigen betydde i slutten for riket og tap av alle dei arabiske landområda. Dei tyrkiske kjerneområda vart forvandla til republikk og kom til å danna grunnlaget for det moderne Tyrkia.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] „Může být,“ pokračoval v líčení budoucnosti Rakouska, „že nás v případě války s Tureckem Němci napadnou, poněvadž Němci a Turci drží dohromady. Jsou to takový potvory, že jim není v světě rovno. Můžeme se však spojit s Francií, která má od 71. roku spadeno na Německo. A už to půjde. Válka bude, víc vám neřeknu.“
[1.14.5] „A co Turecko?“ otázal se obchodník s chmelem, uvažuje přitom, jak začít, aby se dostal k jádru věci, pro kterou přijel.

Skrivst òg:Turecko cz Türkei de Turkey en Tyrkiye tr

Frankrikeen flag
Wikipedia czdeenfrnnno Google kartsøk

Frankrike er nemnd i samtalen mellom Švejk og BretschneiderU kalicha om den politiske situasjonen etter attentatet i Sarajevo. Fleire franskmenn er nemnde i løpet av romanen: Napoléon, Hugo, Papin og Rabelais er mellom dei.

I samtalen mellom Wendler og Lukáš i [I.14] dukkar ein del franske stadsnamn opp, alle langs med fronten i det nordlege Frankrike. Offiseren nemner òg sjølve landet og Wendler punkta langs fronten: Combres, Woëvre, Marchéville og Vosges. Elvane Meuse og Mosel som delvis renn gjennom landet er nemnde i same sekvensen.

Bakgrunn

Frankrike Frankrike var i 1914 ein demokratisk republikk med nesten 40 millionar innbyggjarar og rådde òg over eit stort kolonirike, mest i Afrika.

var ein av dei hovudstridande i 1.verdskrigen. Tyskland lyste krig mot dei 3.august 1914 og 11. august lyste Frankrike krig mot Austerrike-Ungarn. Alt frå 1894 hadde Frankrike inngått ein militærallianse med Russland, og frå 1907 kom og England med, om enn mindre forpliktande. Desse tre maktene danna den såkalla Trippelententen. Tyskland si veksande makt var grunnen til at dei tidlegare rivaliserande stormaktene no fann saman.

Under krigen skar nesten heile Vestfronten gjennom den nordlege delene av Frankrike, og områda der kampane fann stad vart lagde i ruinar. Franske tap kom opp i 1,7 millionar daude, og av desse var 1,4 millionar soldatar. Tapa utgjorde meir enn 4 prosent av folketalet. Frankrike var nær samanbrot både i 1914 og 1918 då den tyske hæren nådde elva Marne, nord-aust for Paris.

I 1918 spela Frankrike ei viktig rolle under opprettinga av det nye Tsjekkoslovakia. Landet var det fyrste som tilslutta seg den tsjekkoslovakiske frigjeringsrørsla sine ynskje om nasjonalt sjølvstende, og Paris var alt frå 1916 hovudsetet for det Tsjekkoslovakiske nasjonalrådet. Frå 7.februar 1918 stod det Tsjekkoslovakiske armekorpset formelt under fransk kommando og skulle etter planen overførast til Vestfronten (sjå České legie). Jaroslav Hašek var imot denne avgjerda og den var hovudårsaka til at han forlet armekorpset to månader seinare.

Ved Versailles-freden fekk Frankrike tilbake Alsace og Lorraine som dei hadde avstått til Tyskland i 1871.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] „Může být,“ pokračoval v líčení budoucnosti Rakouska, „že nás v případě války s Tureckem Němci napadnou, poněvadž Němci a Turci drží dohromady. Jsou to takový potvory, že jim není v světě rovno. Můžeme se však spojit s Francií, která má od 71. roku spadeno na Německo. A už to půjde. Válka bude, víc vám neřeknu.“
[1.14.5] Francie, Anglie i Rusko jsou příliš slabé proti rakousko-turecko-německé žule.
[1.14.5] Stejně Francouzům hrozí v nejkratší době ztráta celé východní Francie a vtržení německého vojska do Paříže.
[1.14.5] Pro chmel je nyní ztracena Francie, Anglie, Rusko i Balkán.

Skrivst òg:Francie cz Frankreich de France en La France fr

Tysklanden flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Tyskland er fyrst nemnd i samtalen på U kalicha om den politiske situasjonen etter attentatet i Sarajevo. Landet dukkar deretter opp i fleire høve utover i romanen, spesielt i samband med marsjbataljonen si reise til austfronten i 1915. Švejk møter jamvel tyske soldatar mot slutten av romanen. Forfattaren merkar seg kor godt dei har det med proviant og utstyr samanlikna med sine allierte frå Austerrike-Ungarn.

Mange tyske personar vert nemnde i romanen, mellom dei keisar Wilhelm II. og Hindenburg. Fleire av dei tyske storbyane dukkar òg opp: til dømes Berlin og Hamburg. Det kjem fram at Švejk har vitja Bremen, det einaste høvet han synest å ha vore utafor grensene til Dobbeltmonarkiet. I samband med forfalskinga av stamtavla til hunden Fox nemner Švejk namnet på fleire tyske byar med institusjonar tilknytta hundeoppdrett (sjå Nürnberg). Eit par stader i Elsass (Alsace) vert ramsa opp av Wendler i samtalen med Lukáš - mellom dei Mühlhausen (no Mulhouse). I den vidkjende draumen sin nemner Biegler nokre småbyar i samband med utgreiinga si om slaget ved Leipzig i 1813) (sjå Wachau). Det siste me høyrer om tyskarar er då Švejk kjem til Żółtańce der er vitne til at tyskarane får utdelt fatøl, ein luksus han og hans medsoldatar berre kan drøyma om. Me får òg vita at menn frå regimentet hans har vore i slagsmål med bayerane på torget i byen.

Bakgrunn

Tyskland var i 1914 eit konstitusjonelt monarki med keisaren som statsoverhovud og offiselt kalla Das Deutsche Kaiserreich. Landet kom som alliert av Austerrike-Ungarn med i krigen frå 1.august 1914 då dei lyste Russland krig. Dei hadde vore allierte med Dobbeltmonarkiet sidan 1879, og Tyskland sin uttalte støtte var ei av årsakene til at Dobbeltmonarkiet våga å "gje Serbia ein lærepenge" i 1914. To dagar seinare var tofrontskrigen eit faktum i og med den franske krigslysinga. Der tyske åtaket på Belgia 4.august 1914 skaffa dei ein endå mektigare fiende: England og det britiske imperiet.

Tyskland hadde i 1914 verdas sterkaste hær men til trass for si militære slagkraft kunne dei ikkje halda ut i lengda i ein konflikt der motstandaren sine ressursar var overlegne både i industri, folketal og ikkje minst råvarer. Den britiske overmakta til sjøs var òg utslagsgivande - den effektive blokaden førde til varemangel og etter kvart direkte naud. Nederlaget i 1918 gjorde slutt på keisardømet som vart etterfølgd av Weimar-republikken. Landet måtte ved Versailles-freden i 1919 avstå store landområde; mest til Polen og Frankrike men óg mindre område til Danmark, Belgia og Tsjekkoslovakia. Tyskland hadde over 2 millionar falne og i tillegg omkom nokre hundre tusen sivile grunna svolt og sjukdom. Dei økonomiske, sosiale og politiske konsekvensane av nederlaget var fatale og rydda langt på veg grunnen for den endå verre katastrofa nazismen og 2.verdskrigen medførde.

Tyskland måtte frå 1915 gong på gong gripa inn for å hjelpa Austerrike-Ungarn. På frontavsnittet i Galicia og Volyn der Jaroslav Hašek sitt IR91 deltok i 1915, vart Dobbeltmonarkiet støtta av tyske troppar og tre einigar av desse vert omtala i romanen (sjå Posen, Hannover og Brandenburg). Tyskland vert ofte ufordelaktig omtala i forteljingane som Jaroslav Hašek skreiv i teneste for tsjekkiske eksilorganisasjonar i Russland i 1916 og 1917. Dobrý voják Švejk v zajetí er eit døme på dette. Hausten 1916 heldt forfattaren seg mykje ved fronten ved elva Stochod (no Stochid), der dei sto ovafor tyske stridskrefter.

Nederlaget i 1918 medførde slutten for det keisarlege Tyskland som vart etterfylgd av Weimar-republikken. Versailles-freden i 1919 tvinga Tyskland til å avstå store landområde; mest til Polen og Frankrike men òg striper til Danmark, Belgia og Tsjekkoslovakia. Tyskland hadde meir enn 2 million falne og i tillegg døydde nokre hundre tusen sivile av matmangel. Dei økonomiske, sosiale og politiske konsekvensane av nederlaget var fatale og opna i stor grad vegen for den nazismen og den medførande andre verdskrigen.

Jaroslav Hašek og Tyskland

I teneste for bolsjevikane i 1919 og 1920 arbeidde Jaroslav Hašek tett med tyske internasjonalistar (kommunistar), rekrutterte frå fangeleirane. Alt tyder på at han følgde lagnaden til den revolusjonære rørsla i Tyskland nøye og han skreiv på denne tida jamvel eit dikt på tysk. Det heitte Spartaks Helden og var ei hyllest til dei myrda kommunistane Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht. Diktet er rettnok farleg nær å vera eit plagiat av Erich Mühsam sitt Generalstreik - Marsch.

Jaroslav Hašek vitja keisarriket Tyskland sommaren 1904, og då truleg berre Bayern der han nok har opphalde seg fleire veker. Han skreiv ei handfull forteljingar frå denne turen. Han kunne godt tysk sjølv om sitat frå romamen tyder på visse manglar (han vert av og til retta i den tyske omsetjinga). I ei anna soge skriv han at han vitja Dresden, noko som han høgst truleg gjorde.

Den 8.desember 1920 sette han atter foten på tysk jord. Han og kona Alexandra kom med båt frå Tallinn til Swinemünde (no Swinoujście). Dei var på veg frå Russland og reiste vidare med tog frå Stettin (no Szczecin) om kvelden 9. desember. Opphaldet på tysk jord har nok vard mindre enn to døgn, med sannsynleg togbyte i Berlin før dei kom til Pardubice om kvelden "andre dagen" (truleg 10.desember).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] „Může být,“ pokračoval v líčení budoucnosti Rakouska, „že nás v případě války s Tureckem Němci napadnou, poněvadž Němci a Turci drží dohromady. Jsou to takový potvory, že jim není v světě rovno. Můžeme se však spojit s Francií, která má od 71. roku spadeno na Německo. A už to půjde. Válka bude, víc vám neřeknu.“
[1.14.3] A vopravdu, lidi hned byli rádi, že to tak dobře dopadlo, že mají doma čistokrevný zvíře, a že jsem jim moh nabídnout třebas vršovickýho špice za jezevčíka, a voni se jen divili, proč takovej vzácnej pes, kerej je až z Německa, je chlupatej a nemá křivý nohy.

Skrivst òg:Německo cz Deutschland de Germany en

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

2. Den gode soldat Švejk på hovudpolitistasjonen

Holiceen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Holice var heimstaden til ein bonde som vart utsett for eit mislukka rovmord. Gjerningsmannen var ein av dei seks som sat arrestert saman med ŠvejkPolicejní ředitelství. Han ville ikkje ha noko med dei andre å gjera for å unngå at mistankar om at han skulle ha utførd eit politisk brotsverk.

Bakgrunn

Holice er ein småby ved Pardubice. I 1913 var folketalet 5938. Byen gav namn til sin eigen okres< og høyrde til hejtmanství Pardubice.

Ottův slovník naučný

Město v Čechách nad Ředickým potokem, v hejt. pardubickém, sídlo okr. soudu a berního úřadu, má farní kostel sv. Martina bisk. (z r. 1738), 5tř. a 4tř. školu obec. a 3tř. měšť. pro chl. a dív., pš., teleg., obč. a okr. hospodář. záložnu, cukrovar, cihelnu, výrobu hospodář. strojů, 6 továren na obuv, výrobu kopyt a desk do obuvi, továrnu na ceresin, mazadla a voskové zboží; nad městem pěkný hřbitov »na Kostelíku« s kaplí, nedaleko lázně »pod Javorkou«. Holice děłí se na [Holice] Nové s 323 d., 2354 obyv. č., 5 n. a Holice Staré s 303 d., 1885 ob. č. (1890).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.2] „Kvůli Sarajevu!“, „kvůli Ferdinandovi!“, „kvůli té vraždě na panu arcivévodovi!“, „pro Ferdinanda!“, „za to, že pana arcivévodu odpravili v Sarajevu!“ Šestý, který se těch pěti stranil, řekl, že s nimi nechce nic mít, aby na něho nepadlo nijaké podezření, on že tu sedí jen pro pokus loupežné vraždy na pantátovi z Holic.

Skrivst òg:Holitz de

Řetězová uliceen flag
Google kartsøk

Řetězová ulice i form av Café Montmartre er staden der ein feit eigar av ein papirhandel hadde vorte sedd full av detektiv Brixi, saman med to serbiske studentar. Dette førde rakt til cella på Policejní ředitelství.

Bakgrunn

Řetězová ulice er ei gate svært sentralt i Praha, like ved notidas turist-rute. Café Montmartre låg i si tid her, og er no (2010) open att på same eigedomen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.2] Výjimku dělal neobyčejně tlustý pán s brýlemi, s uplakanýma očima, který byl zatčen doma ve svém bytě, poněvadž dva dny před atentátem v Sarajevu platil „U Brejšky“ za dva srbské studenty, techniky, útratu a detektivem Brixim byl spatřen v jejich společnosti opilý v „Montmartru“ v Řetězové ulici, kde, jak již v protokole potvrdil svým podpisem, též za ně platil.

Skrivst òg:Kettengasse de

Hodkovičkyen flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Hodkovičky var der formannen i den lokale velforeninga Spolek Dobromil var uheldig med uttalelsane sine då politiet ba dei avslutta eit selskap grunna den store sorga Austerrike var i. Formannen hamna i cella på Policejní ředitelství saman med Švejk og dei andre konspiratørane.

Bakgrunn

Hodkovičky er ein bydel i dei sørlege utkantane av Praha. Den tilhøyrer no Praha 4. I 1914 var Hodkovičky enno ein landsby, administrativt i okres Nusle, hejtmanství Královské Vinohrady. Folketalet i 1913 var berre 719, alle unnateke ein med tsjekkisk som morsmål. Den vart del av hovudstaden i 1949.

Ottův slovník naučný

Ves na pr. bř. Vltavy, hejt. a okr. Kr. Vinohrady, fara Modřany, pš. Bráník; 39 d., 269 ob. č. (1890), kaple sv. Bartoloměje, telegra žel. stan. rak. st. dr. (Praha-Modřany), stan, pražské paroplavby (Praha-Štěchovice); popl. dvůr Fr. a Marie Tomášů, letohrádky, zelinářství.

Sitat
[1.2] Třetí spiklenec byl předseda dobročinného spolku „Dobromil“ v Hodkovičkách. V den, kdy byl spáchán atentát, pořádal „Dobromil“ zahradní slavnost spojenou s koncertem. Četnický strážmistr přišel, aby požádal účastníky, by se rozešli, že má Rakousko smutek, načež předseda „Dobromilu“ řekl dobrácky: „Počkají chvilku, než dohrajou ,Hej, Slované’.“
Londonen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

London er side-tema i dialog av Švejk sin med-arrestant på Policejní ředitelství som hadde fasthelde at ingen attentat interresserte han det minste - om det så var i Praha, Wien, Sarajevo eller London.

Bakgrunn

London var i 1914 ikkje berre hovudstaden i England men óg det enorme Britiske Imperiet. Krigslysinga mot Tyskland 4.august 1914 og mot Austerrike-Ungarn 12.august kom herfrå. Byen vart frå 1915 utsett for tyske luftåtak og 670 omkom. Med dei falne på slagmarkene var tapa 124 000. Av andre henvisningar tilknytta London i romanen er: Edward Grey og magasinet Country Life.

Sitat
[1.2] „Mne vůbec žádná vražda nezajímá, ať je třebas v Praze, ve Vídni, v Sarajevu nebo v Londýně. Od toho jsou úřady, soudy a policie. Jestli někde někoho zabijou, dobře mu tak, proč je trouba a tak neopatrný, že se dá zabít.“

Skrivst òg:Londýn cz

Záběhliceen flag
Wikipedia czen Google kartsøk

Záběhlice er nemnd i anekdote av Švejk der temaet er skuldspørsmål. Švejk "oppmuntra" cellekameratane sine med at Jesus Kristus òg var uskuldig men at han likevel vart dømd - akkurat som den uskuldige sigøynaren i Záběhlice. I [II.3] er det vist direkte til ein restaurant i byen, Na růžovém ostrově.

Bakgrunn

Záběhlice er ein bydel sør-aust i Praha som har tilhøyrd hovudstaden sidan 1922. På Jaroslav Hašek si tid var den enno ein småby med 2669 innbyggjarar (1913). Den tilhøyrde okres Vršovice og hejtmanství Královské Vinohrady. Andre stader med dette namnet fanst òg (Ledeč, Příbram, Smíchov, Sedlčany) men dette er den langt mest opplagde kandidaten.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.2] Nebo ten nevinnej cikán v Záběhlicích, co se vloupal do toho hokynářskýho krámu na Boží hod vánoční v noci. Zapřísáh se, že se šel vohřát, ale nic mu to nepomohlo.
Kočevjeen flag
Wikipedia czdeenit Google kartsøk
kocebrak.jpg

© Richard Ruppe

hula_kocevje.png

Břetislav Hůla

Kočevje er indirkete nemnd gjennom ordet Kočevje-korg. Dette er i samband med at ein bosniar kom inn på Policejní ředitelství og var redd for å mista korga si.

Bakgrunn

Kočevje er ein by og region i det sørlege Slovenia som gav namn til det tsjekkiske omgrepet Kočevje-korg. Det var ei korg selgjarar bar på brystet, støtta med eit belte rundt aksla.

Området rundt Kočevje var gjennom 600 år ein tysk-talanda enklave, kjend som Gottschee. Språket Gottscheerisch er kategorisert som Ober-bairisch men i løpet av hundreåra i isolasjon skilde det seg etter kvart meir og meir frå originalen.

Etter at tyrkarane øydela området rundt år 1500, vart dei fattige innbyggjarane gjevne keisarlege fullmakter til å driva handel i naboområda, og etter kvart utvida dei handelen sin til å omfatta område så langt borte som Wien og Praha. Reisande kramkarar frå Gottschee vart eit vanleg syn i store deler av Habsburg-riket, framfor alt vinterstid. Handelen fekk eit tilbakeslag gjennom den industrielle revolusjon og betre transport, men spikearen i kista var oppløysinga av Austerrike-Ungarn som førde til at mesteparten av marknadene vart liggjande bak dei nye statsgrensene.

Det kan synast som om omgrepet Kočevje-korg er avgrensa til det tsjekkiske språket og så vidt eg veit finst det ikkje noko liknande ord på tysk. I Grete Reiner si omsetjing av romanen vert det lagd til ein fotnote som forklarer Gottscheerkorb. Det ålmenne omgrepet på tysk er Hausiererkorb (dørselgjarkorg). Ingen av omsetjingane på engelsk eller norsk formidlar den geofrafiske dimensjonen ved ordet, og Paul Selver si omsetjing nemner ikkje korga i det heile.

Oppløysinga av Austerrike-Ungarn var berre det fyrste i ei rekkje tilbakeslag for Gottscheesamfunnet. Dei vart utsette for sterk diskriminering i mellomkrigstidas Jugoslavia, og i 1941 vart regionen råka av ei katastrofe: dei enno talrike innbyggjarane i Gottschee vart tvangsflytta etter at ein avtale mellom Hitler og Mussolini slo fast at Kočevje skulle tilhøyra Italia. I etterkrigstida sitt Jugoslavia vart i tillegg språket forbode. I dag er det nesten utdøydd; berre enkeltindivid i USA, Austerrike, Slovenia og Tyskland beherskar det. I fylgje UNESCO er Gottscherisch mellom dei krtisk trua språka (critically endangered languages).

Gottscheerkorb: Hausiererkorb: Viele Einwohner der Gottschee, einer Sprachinsel in Slowenien, zogen besonders im Winter als Wanderverkäufer durch die Länder der alten Monarchie. Grete Reiner

Ottův slovník naučný

Kočevje leží 460 m n. m., nedostatku vody a kamenitosti málo úrodná, mající celkem asi na 705 km2 25.000 většinou něm. obyvatel, kteří tak tvoří značný ostrov v živlu slovinském. Území to (několika ponornými říčkami a jeskyněmi-pěkná zejména ledová jeskyně Friedrichsteinská-památné) bývá zváno rovněž Kočevje nebo Kočevarsko, něm. Land Gottschee.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.2] Zatím přivedli nové dva. Jeden z nich byl Bosňák. Chodil po komoře, skřípal zuby a každé jeho druhé slovo bylo: „Jeben ti dušu.“ Mučilo ho pomyšlení, že se mu na policejním ředitelství ztratí jeho kočebrácký košík.

Skrivst òg:Gottschee de Cocevie it

Eliščin mosten flag
Wikipedia czen Google kartsøk

Eliščin most er nemnd i anekdote av Švejk om kor bra dei innsette hadde det no for tida. Denne referer til Jan Nepomucký som skal ha vorte kasta ut frå denne brua og drukna.

Brua vert nemnd at i del 3, no av løytnant Dub som brukar det formelle Most císaře Františka Josefa I.

Bakgrunn

Eliščin most var dåtidas folkelege namn på Most císaře Františka Josefa I. over Vltava i den nordlege delen av Praha. Den vart riven i 1947 og på staden vart den noverande Štefánikův most bygd. Både den gamle og den nye brua har vore omdøypte fleire gonger, sist i 1997.

I verkelegheita vart liket av helgenen kasta ut frå Karlův most.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.2] Nebo mu dali nohy do španělský boty a natáhli ho na žebřík, když se nechtěl přiznat, nebo mu pálili boky hasičskou pochodní, jako to udělali svatému Janu Nepomuckému. Ten prej řval při tom, jako když ho na nože bere, a nepřestal, dokud ho neshodili s Eliščina mostu v nepromokavým pytli.

Skrivst òg:Eliška's bridge Parrott the Eliška bridge Sadlon Elisabethbrücke de

Golgataen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Golgata vert omtala symbolsk av forfattaren: Švejk bar sin kross til sitt Golgata i tredje avdeling på hovudpolitistasjonen.

Bakgrunn

Golgata was ein rettarstad utanfor Jerusalem der Jesus vart krossfesta i lag med to opprørarar. Namnet er ei gresk form av det arameiske Gûlgaltâ, som tyder «hovudskalle», og namnet kan anten visa til ein naturformasjon som liknar ein hovudskalle eller til ein stad det ligg mange hovudskallar. Golgata skal liggja ein stad utanfor Jerusalem.

Sitat
[1.2] A tak, stoupaje po schodišti do III. oddělení k výslechu, Švejk nesl svůj kříž na vrchol Golgoty, sám ničeho nepozoruje o svém mučednictví.

Skrivst òg:Golgota cz Golgatha de Golgotha en

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

3. Švejk hos rettslegane

Romarriketen flag
Wikipedia czdeenitlannno Google kartsøk

Romarriket vert fyrst nemnd på Zemský trestní soud i samband med forfattaren sin omtale av anklagarene som "1914 sine variantar av Pontius Pilatus". Seinare er riket nemnd av den fromme feltpresten i [I.12], av forfattaren i [I.14] (sjå Gallarhavet) og dessutan ved fleire andre høve. Alt i alt viser nok dette forfattaren si interesse for oldtidshistorie og historie generelt.

Bakgrunn

Romarriket var ein sivilisasjon som vaks ut frå bystaten Roma, grunnlagd på den italienske halvøya i det 8. århundre f.Kr. Gjennom si tolv århundres levetid skifta den romerske sivilisasjonen frå å vera monarki, republikk, til å bli keiserrike. Det skulle koma til å dominera Vest-Europa og heile området rundt Middelhavet gjennom erobring og assimilasjon. Sivilisasjonen bukka under gjennom framande invasjonar i det 5. århundret, kjenneteikna som Romarriket sin nedgang og starten på Middelalderen.

Romarriket etterlet seg varige kulturelle spor og er saman med antikkenes Hellas rekna som den europeiske sivilisasjon si viktigaste vogge. Formelle restar av riket bestod from til Napoléon si tid som det Heilage Tysk-romerske riket, der fleire Habsburg-herskarar var nominelle overhovud. Den tsjekkiske kongen Karel IV var òg romersk keisar.

Imperium Romanum fuit res publica antiqua, cuius caput erat Roma, olim maxima mundi occidentalis urbs, et quae tempore maximae suae potestatis a Britannia usque ad Mesopotamiam extensa est. Ab Augusto Caesare imperium Romanum sic institutum est, ut gubernare rem publicam uni principi solo sit.

Sitat
[1.3] Vracela se slavná historie římského panství nad Jerusalemem. Vězně vyváděli i představovali je před Piláty roku 1914tého dolů do přízemku.

Skrivst òg:Starověký Řím cz Römisches Reich de Roman Empire en Impero romano it Imperium Romanum la

Jerusalemen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Jerusalem er nemnd av forfattaren i når han beskriv dei tilsette i Zemský trestní soud som "1914 si utgåve av Pontius Pilatus".

Bakgrunn

Jerusalem var på Pontius Pilatus si tid hovudstad i den romerske provinsen Judea.

Sitat
[1.3] Vracela se slavná historie římského panství nad Jerusalemem. Vězně vyváděli i představovali je před Piláty roku 1914 tého dolů do přízemku.

Skrivst òg:Jeruzalém cz

Plzeňen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
plzen.jpg

Pilsner Urquell bryggeriet i 1914

Plzeň vert nemnd indirekte i samband med pilsner-ølet som dei tilsette i Zemský trestní soud hentar på Teissig. Seinare dukkar den opp når Švejk omtalar avrettinga av sigøynaren Janeček.

Bakgrunn

Plzeň var ein av dei viktigaste industribyane i Austerrike-Ungarn. Den var monarkiet si viktigaste våpensmie og Škoda leverte svært mykje av det tyngre artilleriet til K.u.k. Heer, og leverte òg til Tyskland.

Byen er i dag mest kjend for å ha gjeve namn til den undergjera øltypen Pilsner som har vore brygga der sidan 1842 og no er vorte eit noko upresist samlebegrep for lyse, undergjøra øltypar. Dei mest kjende merka brygga i byen i dag er Pilsner Urquell og Gambrinus.

Plzeň var i 1913 ein by med 80 343 innbyggjarar, der over 85 prosent var registrerte med tsjekkisk nasjonalitet. Byen var sentrum av hetjmanství og okres med same namn. Meir enn 1000 militære var òg stasjonerte i Plzeň, som dessutan var basen til det 35. infanteriregimenet. Pilsen-distriktet (hejtmanství) talde på denne tida 156 073 sjeler.

Hašek i Plzeň

Jaroslav Hašek vitja Plzeň i 1913 saman med Zdeněk Matěj Kuděj. Dei to bohemane leita etter Karel Pelant, redaktør for vekeavisa Směr. Denne skulda Hašek pengar for nokre forteljingar. Redaktøren gjorde sitt beste for å unngå dei, men dei lurde han til å møte opp på U Salzmannů. Etter eit lystig laga enda han opp med å betala restaurantrekninga for dei to gjestene sine.

Dei to oppheldt seg her nokre dagar og var innom ei imponerande mengde skjenkestader. Plzeň var siste stoppestad på ei reise som hadde starta i Praha og halde fram via Loděnice, Beroun, Nový Jáchymov, Rakovník, Ziroh og Rokycany. Det meste vart tilbakelagd til fots og Kuděj skildrar reisa i boka si Ve dvou se to lépe táhne (1923-24). Hašek nemner redaktøren i forteljinga O upřímnem přátelství, rettnok utan å nemna namn (det gjer heller ikkje Kuděj).

Eksterne lenkar

KjeldeRadko Pytlík, Jaroslav Šerák, Z.M. Kuděj

Sitat
[1.3] A vyšetřující soudcové, Piláti nové doby, místo aby si čestně myli ruce, posílali si pro papriku a plzeňské pivo k Teissigovi a odevzdávali nové a nové žaloby na státní návladnictví.

Skrivst òg:Pilsen de

Botičen flag
Wikipedia czde Google kartsøk

Botič vert nemnd i anekdoten som Švejk fortel til cellekameratane sine på Zemský trestní soud. Han hadde vorte overfallen ved ei bru over denne bekken i Nusle, nokon tok han for ein anna enn den han var.

Bakgrunn

Botič er ein bekk i sør-austlege delen av Praha. Den renn ut i Vltava ved Vyšehrad etter å ha flytt gjennom Vršovice og Nusle.

Sitat
[1.3] Jako jednou v Nuslích, právě u mostu přes Botič, přišel ke mně v noci jeden pán, když jsem se vracel od Banzetů, a praštil mě bejkovcem přes hlavu, a když jsem ležel na zemi, posvítil si na mne a povídá: ,Tohle je mejlka, to není von.’
Most přes Botičen flag
Wikipedia czde Google kartsøk
mostnusle.png

© Archiv Hlavního Města Prahy

Most přes Botič vert nemnd i anekdoten som Švejk fortel til cellekameratane sine på Zemský trestní soud. Han hadde vorte overfallen ved brua over Botič i Nusle.

Bakgrunn

Most přes Botič har vore ei av bruene over Botič i Nusle. Hovudbrua for fotgjengarar var nok den som førde Havlíčkova třída frå Královské Vinohrady til Nusle. Dette var òg den brua som låg nærast sentrum av byen.

Sitat
[1.3] Jako jednou v Nuslích, právě u mostu přes Botič, přišel ke mně v noci jeden pán, když jsem se vracel od Banzetů, a praštil mě bejkovcem přes hlavu, a když jsem ležel na zemi, posvítil si na mne a povídá: ,Tohle je mejlka, to není von.’

Skrivst òg:Bridge across Botič en Bru over Botič no

Podolíen flag
Wikipedia czennl Google kartsøk

Podolí er nemnd i same anekdote som U Bansethů og Botič, indirekte ved omtale av kyrkja i bydelen: Podolský kostelík.

Bakgrunn

Podolí er sidan 1922 ein bydel i Praha. Den ligg på austsida av Vltava mellom bydelane Vyšehrad i nord og Braník mot sør. Aust for Podolí ligg Pankrác og Nusle. Adminitrativt høyrde Podolí til Královské Vinohrady (fram til 1922).

I 1913 var det ein stad med 4038 innbyggjarar i hejtmanství Královské Vinohrady, okres Nusle. Alle unnateke 15 oppga seg som tsjekkisk-talande.

Ottův slovník naučný

far. ves na pravém bř. Vltavy pod posvátným Vyšehradem, hejtm. a okr. Král. Vinohrady, pš. Pankrác; 110 d., 1854 ob. č. (1890), s Dvorci 187 d., 3515 obyv. č., 13 n., 6 ciz. (1900), starožitný kostel sv. Michala archanděla ze XIII. stol., šk. o 10 tř., průmyslová pokračovací škola, zastávka parníků, čtvery vápenice (v nichž se vyrábí též hydraulické vápno, zvané »podolské«, a portlandský cement), cihelna, továrny na dlaždice, falcované tašky z cementu, fermeže, oleje a tuky, čistírna peří, pražská a vinohradská vodárna.

Sitat
[1.3] Votevřel si klíčem podolskej kostelík, poněvadž myslel, že je doma, zul se v sakristii, poněvadž myslel, že je to u nich ta kuchyně, a lehl si na voltář, poněvadž myslel, že je doma v posteli, a dal na sebe nějaký ty dečky se svatými nápisy a pod hlavu evangelium a ještě jiný svěcený knihy, aby měl vysoko pod hlavou.
Kladnoen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
kladno.jpg

Kladno, 1920

Kladno er dels tema i historia til Švejk om den politimeisteren Rotter som set hundane sine på lausgjengarar.

Bakgrunn

Kladno er ein industriby vest for Praha, og var alt under Austerrike-Ungarn eit viktig sentrum for arbeidar-rørsla. Det var herfrå eit mislukka kommunistisk kuppforsøk og generalstreik vart styrd i desember 1920. Jaroslav Hašek var tiltenkt ei rolle her av Komintern, men kom tilbake til heimlandet nokre dagar etter at kuppforsøket feila.

Hašek kjende til Kladno frå før krigen, og 28.juni 1914 var han og Josef Lada på vitjing hjå Rotter, den ovannemnde politimannen!

I 1913 hadde Kladno hadde 19 369 innbyggjarar, nesten alle tsjekkarar. Byen var sete både for hejtmasntví og okres med same namn. Militært høyrde den til Ergänzungsbezirk 28, Praha.

Eksterne lenkar

Kjelde: Josef Lada

Sitat
[1.3] Taky vám dám příklad, jak se na Kladně zmejlil jeden policejní pes, vlčák toho známého rytmistra Rottera.
Kladenskoen flag
Google kartsøk
kladensko.jpg

Unhošť

Kladensko inngår i anekdoten om Rotter og politihundane hans og eksperimenta med å setja hundar på landstrykarar.

Bakgrunn

Kladensko er det tsjekkiske namnet på Kladno-distriktet vest for Praha. Jaroslav Hašek vitja området 28.juni 1914 saman med Josef Lada. Sjå Kačák vidare opplysningar.

Kladensko eit omgrep som nok var synonymt med okreshejtmanství Kladno, eit distrikt som talde 80 785 innbyggjarar som budde i dei to jurisdiske distrikta Kladno og Unhošť, fordelt over 45 lokale samfunn (1913).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1.3] Taky vám dám příklad, jak se na Kladně zmejlil jeden policejní pes, vlčák toho známýho rytmistra Rottra. Rytmistr Rotter pěstoval ty psy a dělal pokusy s vandráky, až se Kladensku počali všichni vandráci vyhejbat.
Lánské lesyen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Lánské lesy er nemnd i same soga som Kladno, om politimeister Rotter og hundane hans.

Bakgrunn

Lánské lesy er eit skogområde ved Kladno, oppkalla etter småbyen Lány like ved. Sjå Kladensko.

Sitat
[1.3] Tak mu přivedli jednou tak dost slušně ošaceného člověka, kterého našli v lánských lesích sedět na nějakém pařezu.

Skrivst òg:Laner Wäldern de Lány-skogane no

Stillehaveten flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
pacific.jpg

SMS Kaiserin Elisabeth

Stillehavet dukkar opp når rettslegekommisjonen spør Švejk om han veit kor djupt dette havet er på det djupaste. I [III.3] dukkar havet opp att i anekdota om Koudela.

Bakgrunn

Stillehavet er det største av verdshava og det djupaste havet i verda. Punktet som Švejk vert spurd om er den 10911 meter djupe Marianegropa.

I 1914 var det kampar i Stillehavet og Tyskland vart fort fråteke koloniane sine der, nesten utan blodspille. Ved krigsutbrotet vart den tyske Stillehavsflåten (Ostasiengeschwader) send heim, men neste alle skipa vart senka på vegen. Austerrike-Ungarn hadde eitt skip i Stillehavet. SMS Kaiserin Elisabeth vart senka av eige mannskap 2.november 1914 under den japanske beleiringa av den tyske marinebasen Tsingtao.

Sitat
[1.3] Soudní lékaři podívali se významně na sebe, nicméně jeden s nich dal ještě tuto otázku: „Neznáte nejvyšší hloubku v Tichém oceáně?“ „To prosím neznám,“ zněla odpověď, „ale myslím, že rozhodně bude větší než pod vyšehradskou skálou na Vltavě.“

Skrivst òg:Tichý Oceán cz Pazifische Ozean de Pacific Ocean en

Vyšehraden flag
Wikipedia czdadeen Google kartsøk

Vyšehrad kjem inn i dialogen når Švejk svara psykiater-kommisjonen at Stillehavet må vera djupare enn Vltava under klippa ved Vyšehrad.

Bakgrunn

Vyšehrad er eldste bydelen i Praha, kjend for den historiske festninga. Ligg på ei høgd ved Vltava, mellom dei noverande bydelane Nové Město og Nusle. Nasjonalgravplassen ligg òg her.

I 1913 var bydelen identisk med det VI. distrikt i den kongelege hovudstaden, offsielt kalla Královské Vyšehrad. Distriktet hadde 5252 innbyggjrar, og nesten alle var tsjekkiske.

Sitat
[1.3] Soudní lékaři podívali se významně na sebe, nicméně jeden s nich dal ještě tuto otázku: „Neznáte nejvyšší hloubku v Tichém oceáně?“ „To prosím neznám,“ zněla odpověď, „ale myslím, že rozhodně bude větší než pod vyšehradskou skálou na Vltavě.“

Skrivst òg:Wyschehrad de

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

4. Švejk blir kasta ut av galehuset

Englanden flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

England er fyrst vist til i samband med at Kongen av England var ein av personane dei innlagde på asylet kunne gje seg ut for å vera. Ellers dukkar namnet opp seinare gjennom krigspropaganda-utrykket Gott strafe England. Ellers er det lite direkte om England i romanen - blandt dei få referansane er London, Grey, Shrapnel, Dalton, Darwin, Yorkshire (gris) og magasinet Country Life.

Bakgrunn

England var i 1914 sentrum for the Britiske Imperiet, det største koloniriket verda har sett. Landet kom med i verdskrigen 4.august, gjennom alliansen med Frankrike (Ententen) og provosert av den tyske innmarsjen i Belgia. Krigslysinga mot Austerrike-Ungarn fylgde 12.august.

Det var lite av direkte kampar mellom britiske og austerriksk-ungarske styrkar. Britiske styrkar tok mest del i kampar på Vestfronten og i Midt-Austen, men var involvert over heile verda. Alt i 1914 var dei nesten alle tyske koloniar okkuperte. Imperiet sin økonomiske styrke og den britiske flåten sitt herredøme på havet vart avgjerande for krigsutfallet. Spesielt var blokaden av Sentralmaktene effektiv.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.4] Člověk se tam může vydávat za pánaboha nebo za panenku Marii, nebo za papeže, nebo za anglickýho krále, nebo za císaře pána, nebo za sv. Václava, ačkoliv ten poslední byl pořád svázanej a nahej a ležel v isolaci.
[1.14.5] Francie, Anglie i Rusko jsou příliš slabé proti rakousko-turecko-německé žule.
[1.14.5] Pro chmel je nyní ztracena Francie, Anglie, Rusko i Balkán.

Skrivst òg:Anglie cz Angleterre fr

Krkonošeen flag
Wikipedia czdeennnpl Google kartsøk

Krkonoše vert omtala i samband med at ein innlagd professor på Blázinec hevda at sigøynarane si vogge låg nettopp i desse fjella.

Bakgrunn

Krkonoše er ei fjellkjede på grensa mellom Polen og Tsjekkia, i 1914 mellom Austerrike-Ungarn og Tyskland. Namnet er gamalt, vart nemnd av Ptolemaios, og kan ha urindoeuropeisk opphav. Tydinga av namnet har vorte bevart, og på latin var namnet Gigantei montes. Dette er dei høgaste fjella i Tsjekka, Sněžka ragar 1602 moh.

Sitat
[1.4] Taky jsem se tam sešel s několika profesory. Jeden s nich pořád chodil za mnou a vykládal, že kolíbka cikánů byla v Krkonoších, a ten druhý mně vysvětloval, že uvnitř zeměkoule je ještě jedna mnohem větší než ta vrchní.

Skrivst òg:Giant Mountains en Riesengebirge de Karkonosze pl

Jaroměřen flag
Wikipedia czdeensv Google kartsøk
jaromer1.jpg

K.k. LIR Jičín, August 1914

Jaroměř vert nemnd då Švejk ramsar opp songane han kan i det forhøyret på Blázinec før han vert kasta ut.

Bakgrunn

Jaroměř er ein gammal by nær Hradec Králové i det austlege Böhmen. Byen har i dag (2017) omtrent 12 000 innbyggjarar.

I 1913 var Jaroměř del av hejtmanství Dvůr Králové nad Labem. Folketalet i sjølve byen var 7859 og nesten alle var oppførde med tsjekkisk nasjonalitet. 181 var registrerte som militære, utan tvil grunna den korte avstanden til garnisonsbyen Josefov. Jaroměř låg i okres med same namn og hadde dessutan kyrkjesokn og postkontor.

Sitat
[1.4] „Znám ještě první sloku z ,Kde domov můj’ a potom ,Jenerál Windischgrätz a vojenští páni od východu slunce vojnu započali’ a ještě pár takových národních písniček jako ,Zachovej nám, Hospodine’ a ,Když jsme táhli k Jaroměři’ a ,Tisíckrát pozdravujeme Tebe’...“
Salmova uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum
salmovska.jpg

Salmovská mot Ječná, den tidlegare politistasjonen er merka.

salmova1.png

Pokrok západu, 2.4.1902

salmova.png

Národní listy, 6.6.1891

Salmova ulice vert fyrst nemnd slutten av [I.4]Švejk vart førd til politistasjonen i denne gata etter å ha vorten kasta ut av galehuset. Her møter han den brutale inspektør Braun og deler celle med ein god borgar som har hamna på skråplanet etter ein firmafest. Datoen for opphaldet må vera like etter 28.juni 1914 ettersom Švejk les kriglysinga då han vert eskortert vidare til Policejní ředitelství.

Bakgrunn

Salmova ulice er forfattaren sin skrivemåte for Salmovská ulice, ei kort og krum gate i Nové Město, ikkje langt frå U kalicha. Det låg på den aktuelle tida ein politistasjon på hjørna med Ječná ulice (sjå Policejní komisařství Salmova ulice). Gata fekk namn etter Franz Altgraf von Salm-Reifferscheid som på slutten av 1700-talet fekk laga ein stor hage bak hus nr. 506.

Namnekonflikt

Kvifor forfattaren brukar namnet Salmova ulice er uvisst ettersom gata vart omdøypt frå Salmova til Salmovská alt i 1870. Likevel ser ein i avisannonsar at Salmova var i bruk til langt ut i mellomkrigstida. Dermed vart namnet lenge brukt side om side med det offisielle Salmovská, så bruken av Salmova er nok eit bevisst valg av forfattaren og ikkje nokon skrivefeil.

Trelasthandlaren Švejk

Ein mann som sette inn ei lysing i 1891 heitte faktisk Josef Švejk og budde i nr. 14. Han lyste bøkeplankar til salgs.

Eksterne lenkar

KjeldeJaroslav Šerák

Sitat
[1.4] Švejk prohlásil, že když někoho vyhazují s blázince, že ho nesmějí vyhodit bez oběda. Výtržnosti učinil konec vrátným přivolaný policejní strážník, který Švejka předvedl na policejní komisařství do Salmovy ulice.

Skrivst òg:Salmgasse de

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

5. Švejk på politistasjonen i Salmova-gata

Marathonen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
marathon.png

1896 olympisk maraton

marathon_np.png

Národní Politika, 26.10.1908

Marathon er nemnd indirekte av forfattaren gjennom omgrepet maratonløp. Den arresterte familiefaren på politistasjonen i Salmova ulice spring rundt som om han vil vinna ei maraton og skrik: "Slepp meg ut!"

Bakgrunn

Marathon er det gamle namnet på Marathónas, ein liten by nord for Athen som er vorte vide kjend gjennom maratonløpet. Legenda vil ha det til at ein bodbringar etter slaget ved Marathon i 490 f.kr. sprang til Athen med nyhenda om sigeren og fall daud om då han var framme.

Maratonløpet vart introdusert under OL i Athen i 1896 og i byrjinga varierte distanse heilt til den vart sett til 42 195 meter i 1921. I 1914 var distansen 40,2 kilometer. Det fyrste offisielle løpet i Kongeriket Böhmen fann stad 25. oktober 1908 mellom Smíchov og Dobříš. Det vart arrangert av S.K. Slavia og lengda var 40 km.

I dag er maraton ein stor idrett med hundrevis av årlege løp rundt om i verda. Dei største er i New York der over 50 000 har kome i mål (2013). Innafor gamle Austerrike-Ungarn er det årlege løp m.a. i Praha, Wien, Budapest og Bratislava. Kvart år vert det òg halden ein klassisk maraton langs den antatt opprinnelege løypa.

Sitat
[1.5] Muž, který běhal mezi dveřmi a pryčnou, jako by chtěl vyhrát maratónský běh, se zastavil a udýchán se posadil opět na své staré místo, složil hlavu do dlaní a náhle zařval: "Pusťe mne ven!" "Ne, oni mne nepustí," mluvil pro sebe, "nepustí a nepustí. Už jsem zde od rána od šesti hodin."
Královské Vinohradyen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
vinohrady.jpg

Kravín, der partiet til Hašek heldt valgmøte

vinohrady_stat.png

Folketal og administrativ inndeling i 1913

Královské Vinohrady er området der Švejk sin celle-kamerat skal ha utagért i eit anstendig lokale. Královské Vinohrady vert nemnd både i samband med Dr Pávek sitt sjukebesøk i [I.7] og i fleire anekdotar seinare. Handlinga føregår aldri eksplisitt her.

Bakgrunn

Královské Vinohrady er ein tidlegare by og noverande matrikkel-område i Praha, søraust for sentrum. Administrativt er bydelen delt mellom Praha 2, Praha 3 og Praha 10. Etter 1968 har den offisielt heitt Vinohrady, og det er denne kortforma forfattaren brukar i romanen. Fyrst i 1922 vart den innlemma i hovudstaden.

Královské Vinohrady fekk status som "kongeleg by" i 1879 og vaks raskt til å bli den tredje største byen i Kongeriket Böhmen. I 1913 hadden den 77 190 innbygjjarar der tsjekkarar utgjorde eit stort fleirtal. Den var òg sentrum i distriktet (okreshejtmanství) med same namn og byen var einaste kommunen i sitt rettsdistrikt (soudní okres).

Jaroslav Hašek budde på ulike stader i Královské Vinohrady frå 1896 til 1908 og dessutan ved eit par høve seinare. Den 23.mai 1910 gifte han seg med Jarmila Mayerova i Kostel svaté Ludmily. Det vidkjende "partiet" hans Strana mírného pokroku v mezích zákona heldt mange av møta sine her, framfor alt før valget parlamentsvalget i 1911 der han i fylgje legendene stilte som kanditat.

I den andre utgåva av Švejk, Dobrý voják Švejk v zajetí, er hovudpersonen busett i Královské Vinohrady. Her var han skomakar, ikkje hundehandlar som han seinare vart kjend som.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] Tak jsme ho šli opět všude hledat a nakonec jsme se ztratili jeden druhému, až nakonec jsem se ocitl v jedné z nočních kaváren na Vinohradech, velmi slušné místnosti, kde jsem pil nějaký likér přímo z láhve.

Skrivst òg:Vinohrady Hašek Königliche Weinberge de

Ražiceen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Ražice vert fyrst nemnd av Švejk ei anekdote om speidarar han fortel medfangen sin på politistasjonen i Salmova ulice.

Staden dukkar seinare opp i [I.14] og [II.2] og den gode soldaten må ha vore berre få kilometer herfrå på sin anabasis i bok to då han gjekk forbi Protivín mot Putim etter å ha overnatta i Švarcenberský ovčín.

Bakgrunn

Ražice er ein landsby i Písek-distriktet i Sør-Böhmen. Den er eit viktig jernbaneknutepunkt mellom Písek, Budějovice og Plzeň.

I 1913 hadde landsbyen 398 innbyggjarar, alle oppførde med tsjekkisk som morsmål. Administrativt låg den under okres og hejtmanství Písek.

Jaroslav Hašek kjende Ražice og området rundt svært godt, og nemner den både i Švejk og i nokre av forteljingane sine. Sjå òg Ražická bašta.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] Potom na trápení u starosty, pod rákoskou, doznali, že není ani jedna louka v okolí, kterou by nebyli zváleli, když se vyhřívali na slunci, dále že ten lán žita nastojatě, právě před žněmi u Ražic, vyhořel čirou náhodou, když si v žitě pekli na rožni srnku, ku které se přikradli s noži v obecním lese.
[1.14.6] „Nejste vy Jarešův?“ otázala se dívka, začínajíc sympatisovat s neznámým vojáčkem. „Jsem.“ „A kterýho Jareše, toho z Krče u Protivína, nebo z Ražic?“ „Z Ražic.“

Skrivst òg:Ražitz de

Okres Hlubokáen flag
Google kartsøk
okreshluboka2.png

Nokre av stadene Švejk nemner

Okres Hluboká vert nemnd i forteljinga til Švejk om speidarar som han underheld den ulukkelege familifaren på cella på Policejní komisařství Salmova ulice med.

Bakgrunn

Okres Hluboká viser til soudní okres Hluboká (rettsdistrikt) som bar namnet til administrasjonssenteret. Kretsen høyrde til Okresní hejtmanství Budějovice slik Švejk korrekt seier. Den hadde 26 kommunar og nesten berre tsjekkiske innbyggjarar: Bavorovice, Břehov, Čejkovice, Češnovice, Dasný, Dobřejice, Dříteň, Hluboká, Hosín, Hrdějice, Chlumec, Chotýčany, Jaroslavice, Jeznice, Česká Lhota, Lišnice, Munice, Mydlovary, Nakří, Opatovice, Pištín, Plastovice, Purkarec, Velice, Nová Ves, Volešník, Vyhlavy, Zbudov, Zliv.

Mydlovary har ei spesiell rolle ettersom det var her Jaroslav Hašek hadde heimstadrett og dermed kom inn under rekrutteringsområdet til IR91. Sjå Ergänzungskommando.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] "U skautů?" zvolal Švejk. "O těch skautech rád slyším. Jednou v Mydlovarech u Zlivi, okres Hluboká, okresní hejtmanství České Budějovice, právě když jsme tam měli jednadevadesátí cvičení, udělali si sedláci z okolí hon na skauty v obecním lese, kteří se jim tam rozplemenili.
Okresní hejtmanství Budějoviceen flag
Wikipedia de Google kartsøk
strelnicka.jpg

Okresní hejtmanství Budějovice vert nemnd i forteljinga om uheldige speidarar som Švejk underheld den ulukkelege familifaren med på cella på Policejní komisařství Salmova ulice.

Bakgrunn

Okresní hejtmanství Budějovice var den lokale statsforvaltningsregionen rundt Budějovice. Utanom distrikts-hovudstaden var det ingen større byar her. I 1913 hadde distriktet 120 659 innbyggjarar, der nær 80 prosent oppga tsjekkisk som morsmål. I sjølve Budějovice var det jamnare fordeling mellom folkegruppene ettersom nesten heile det tyske mindretalet i distriktet budde her.

Distriktet bestod av fire soudní okres (rettsdistrikt): Budějovice, Hluboká, Lišov og Trhové Sviny. Kontora låg i Střelnická ulice, no třída 28. října.

Bezirkhauptmannschaft

Omgrepet (tsj. okreshejtmanství) treng nok nærare oppklåring. Begge dei to siste engelske omsetjingane av romanen omtalar det nemleg som "politidistrikt", noko det slett ikkje er. Det er derimot det tredje nivået av statsforvaltninga i Cisleithanien (dvs. den austerrikske delen av Dobbeltmonarkiet). Neste nivå opp var Statthalter (tsj. místodržitel) som i sin tur rapporterte direkte til sentraladministrasjonen i Wien. I den ungarske delene av riket var Komitat den eininga som tilsvara Bezirk.

Kongeriket Böhmen bestod av nesten 100 politické okresy (politische Bezirke). Desse var gjerne oppdelte i 3-4 soudní okresy (Gerichtsbezirke) men talet kunne variera. På tsjekkisk er ofte kortforma hejtmanstvi brukt, mellom anna i Ottův slovník naučný. Tilsvarande er soudní okres referert til som berre okres.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] "U skautů?" zvolal Švejk. "O těch skautech rád slyším. Jednou v Mydlovarech u Zlivi, okres Hluboká, okresní hejtmanství České Budějovice, právě když jsme tam měli jednadevadesátí cvičení, udělali si sedláci z okolí hon na skauty v obecním lese, kteří se jim tam rozplemenili.

Skrivst òg:Bezirkhauptmannschaft Budweis de Okresní hejtmanství České Budějovice Švejk

Ječná uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum
jecna.jpg

Hjørnet Ječná og Karlovo náměstí.

Ječná ulice er ei av gatene Švejk går gjennom med politieskorte, på veg frå Salmova ulice politistasjon tilbake til Policejní ředitelství. Datoen må ha vore ikring 28/7-1914.

Bakgrunn

Ječná ulice er ei travel gate i Nové Město som går frå Karlovo náměstí til IP Pavlova. Familien til Hašek budde ei stund i nummer 7 i 1884, året etter at han vart fødd.

Sitat
[1.5] Ukloniv se uctivě, odcházel s policejním strážníkem dolů na strážnici a za čtvrt hodiny bylo již vidět na rohu Ječné ulice a Karlova náměstí Švejka v průvodu druhého policejního strážníka, který měl pod paždí objemnou knihu s německým nápisem „Arrestantenbuch“.

Skrivst òg:Gerstengasse de

Karlovo náměstíen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejk-muzeum
hasekjarmila.png

Forfattaren med kona Jarmila på Karlovo náměstí

Karlovo náměstí er ein anna stad Švejk gjekk forbi med politieskorte, på veg frå Salmova-stasjonen tilbake til Policejní ředitelství. Datoen må ha vore kring 28.juli 1914, dagen for krigslysinga mot Serbia.

Plassen vert nemnd fleire gonger i del 1 av romanen, det var i dette området Švejk budde. Det folkelege namnet "Karlák" vart brukt alt i fyrste kapittelet.

I [I.13] finn handlinga på ny stad her ettersom Švejk og Katz må til militærsjukehuset for å gje den siste olje. Sjå Vojenská nemocnice Karlovo náměstí.

Bakgrunn

Karlovo náměstí er senteret i Nové Město og ein av dei største byplassane i Europa. I dag har den meir preg av å vera ein park enn eit bytorg. Den vart grunnlagd av kong Karl IV i 1348.

Plassen ligg i området der Jaroslav Hašek vaks opp og dette speglar seg i talet på stader i området som er nemnde i romanen: Zemský trestní soud, Černý pivovar, Vojenská nemocnice Karlovo náměstí, U mrtvoly, Kostel svátého Ignáce. Både gymanset og handelsakademiet (Českoslovanské akademie obchodní) der Hašek utdanna seg ligg få meter frå plassen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] Ukloniv se uctivě, odcházel s policejním strážníkem dolů na strážnici a za čtvrt hodiny bylo již vidět na rohu Ječné ulice a Karlova náměstí Švejka v průvodu druhého policejního strážníka, který měl pod paždí objemnou knihu s německým nápisem „Arrestantenbuch“.
[I.13] Potom přečetl polní kurát ještě jednou předpis, ve kterém se mu oznamuje, že zítra má jít na Karlovo náměstí do Vojenské nemocnice zaopatřovat těžce raněné.

Skrivst òg:Charles Square en Karlsplatz de Karlák Švejk

Spálená uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Spálená ulice dukkar opp i samband med at Švejk og eskorten hans stoppar i på hjørnet Karlovo náměstí - Spálená ul. for å lesa krigslysinga, truleg hende dette 28.juli 1914.

Bakgrunn

Spálená ulice er ei gate i Nové Město som går frå Karlovo náměstí nordover mot Národní třída (då Ferdinandova třída). Namned betyr "Den brende gata".

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] Na rohu Spálené ulice setkal se Švejk se svým průvodčím s tlupou lidí, kteří se tlačili kolem vyvěšeného plakátu. „To je manifest císaře pána o vypovězení války,“ řekl policejní strážník k Švejkovi.

Skrivst òg:Brenntegasse de

Europaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Europa blir nemnd av forfattaren i samband med hyhendet om krigslysinga. "og einstads frå den fjerne historia demra det for Europa at morgondagen ville utsletta dagens planar."

Bakgrunn

Europa var ved krigsutbrotet politisk lang mindre fragmentert enn i dag, ikkje minst grunna Austerrike-Ungarn som låg på område som no tilhøyrer 11 ulike statar. Tyskland og Russland var òg mykje større enn i dag. Den store krigen snudde opp ned på verdsdelen. Dei store rika Tyskland, Dobbeltmonarkiet, Tyrkia og Russland braut alle saman og tapa var enorme, ein reknar med at omlag 15 millionar mista livet. Berre Spania, Nederland, Sveits, Sverige, Danmark og Norge heldt seg nøytrale.

Sitat
[1.5] A kdesi v dálných dálavách historie snášela se k Evropě pravda, že zítřek rozboří i plány přítomnosti.

Skrivst òg:Evropa cz Europe en

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen

Příčná uliceen flag
Google kartsøk

Příčná ulice vert nemnd av fru Palivcová som kunne fortelja Švejk at ein møbeltapetserar herfrå var den einaste som hadde gått på limpinnen til Bretschneider etter at Palivec og Švejk vart arresterte. Gata dukkar òg opp att i anekdoten om bokbindar Božetěch herfrå i [IV.1].

Bakgrunn

Příčná ulice er ei svært kort tverrgate i Nové Město litt aust for Karlovo náměstí. Den går frå Žitna ulice til Navrátilova ulice (då Hopfenstockova ulice).

I fylgje addresseboka for 1910 var det ingen møbeltapetserarar i denne gata, det næraste var nokre i Žitná ulice.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.6] Za tu celou dobu dostal na lep jen čalouníka z Příčné ulice.

Skrivst òg:Quergasse de

Račiněvesen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Račiněves vert nemnd kort i ein annonse som Švejk les høgt på U kalicha for å avleia Bretschneider. Sjå Straškov.

Bakgrunn

Račiněves er ein landsby ved Roudnice nad Labem, 47 km nord for Praha.

I 1913 talde staden 840 hovud, alle tsjekkiske. Den tilhøyrde okres og hejtmanství Roudnice, og som korrekt påpeika i romanen hadde den jernbanestasjon og skule.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.6] Švejk sňal s věšáku nějaké noviny a prohlížeje si zadní stranu inserátů, ozval se: „Tak vida, tenhle Čimpera v Straškově č. 5, p. Račiněves, prodá hospodářství s třinácti korci vlastních polí, škola a dráha na místě.“
Straškoven flag
Google kartsøk

Straškov vert nemnd kort i ein annonse frå ein viss Čimpera som Švejk les høgt på U kalicha for å avleia Bretschneider. Sjå Račiněves.

Bakgrunn

Straškov er ein landsby ved Roudnice nad Labem, 47 km nord for Praha. Fjellet Říp som ligg like ved skal i fylgja leganda vera den fyrste staden i Böhmen der tsjekkiske innflyttarar slo seg ned.

I 1913 talde staden 509 hovud, alle tsjekkiske. Den tilhøyrde okres og hejtmanství Roudnice, og som korrekt påpeika i romanen var postkontoret i Račiněves (og den hadde faktisk ein jernbanestasjon).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.6] Švejk sňal s věšáku nějaké noviny a prohlížeje si zadní stranu inserátů, ozval se: „Tak vida, tenhle Čimpera v Straškově č. 5, p. Račiněves, prodá hospodářství s třinácti korci vlastních polí, škola a dráha na místě.“
Dejviceen flag
Wikipedia czen Google kartsøk
dejvice.jpg

Dejvice dukkar opp når Švejk fortel at han veit veit om ein tannlaus hund der som han kan skaffa Bretschneider.

Bakgrunn

Dejvice er ein bydel og matrikkeldistrikt i vestlege delen av Praha, mellom sentrum og flyplassen. Administrativt tilhøyrer den Praha 6, og er rekna som eit av dei meir ekslusive områda i hovudstaden. Bydelen var innlemma i Praha i 1922 og Vítězné náměstí er rekna som sentrum.

I 1913 var Dejvice enno ei eiga administrativ eining, sjølv om den var ein del av byområdet Praha. Den tilhøyrde hejtmanství og okres Smíchov. Folketalet var 6 582, og alle bortsett frå 268 var tsjekkisk-talande.

Sitat
[1.6] „Já bych chtěl špice,“ s klidnou umírněností řekl Bretschneider, „špice, kterej by nekousal.“ „Přejete si tedy bezzubého špice?“ otázal se Švejk, „vím o jednom. Má ho jeden hostinský v Dejvicích.“
Store St. Bernhard-passeten flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
bernardyn.jpg

Svět zvířat, 1910.

bernardyn1.jpg

Světozor, 6.8.1915

Store St. Bernhard-passet vert nemnd indirekte gjennom hunderasen Sanktbernhard (eller Bernardiner) som er oppattkalla etter det kjende passet i Alpane.

Hunderasen dukkar fyrst opp i [I.6] når Švejk unngår Bretschneider sine forsøk på å lura fram kompromitterande utsegn. Dette oppnår han ved å svara med eit heitl anna tema, i dette tilfellet ei historie om ein bernardiner-kvelp. I same kapittelet fortel Müllerová at ho vart vitja av politiet medan Švejk sat i arresten og at ein Bernardiner beit ein politimann før den rømde.

Utover i romanen dukkar denne hundensorten opp att fleire gonger, mellom anna i [I.14] under ein samtale med Lukáš og dessutan under førebuinga av hundetjuveriet. Fabrikkeigar Vydra eigde ein Bernardiner som Blahník stal.

Bakgrunn

Store St. Bernhard-passet er eit pass i dei vestlege Alpane som har gjeve namn til den nemnde hunderasen. Høgaste punktet ligg 2469 meter over havet og passet knyter saman Sveits og Italia. Det er kalla opp etter Bernard av Aosta, betre kjend som Sankt Bernhard.

Hunderasen

Sanktbernhardshundane er rekna som dei største av alle hunderasar og kan vega opp mot hundre kilo og bli ein meter høge. Den vart avla fram ved Store St. Bernhard-passet og vart opprinneleg brukt til redningsteneste i fjellet. Hundane var for hundre år sidan mindre enn i dag, men no er dei grunna den auka vekta ikkje lenger eigna som lavine- og redningshundar.

Hašek og Sanktbernhardshundar
bernardyn2.png

Václav Menger, "Jaroslav Hašek doma"

På tida då Jaroslav Hašek var redaktør for tidskriftet Švět zvířat (Dyreverda) dukka Sanktberhardshunden ofte opp på sidene i bladet, både i tekst og fotografi. Utover dette skriv Václav Menger at Hašek ved eit tilfelle skreiv eit oppdikta innslag om ein slik hund i České slovo, til stor ergring for hundeeigaren Karel Černý, ein hotellvert frå Černošice. Sistnemnde dukka jamvel illsint opp i redaksjonslokala, med den digre hunden sin på slep!

Eksterne lenkar

Sitat
[1.6] Švejk prohlásil, že neměl se státem co dělat, ale že jednou měl na ošetřování slabé štěně bernardýna, které krmil vojenskými suchary, a že také chcíplo.
[1.6] Pak šla stlát postel, neobyčejně pečlivě uváděla všechno do pořádku a vrátivši se ke Švejkovi do kuchyně se zaslzeným zrakem poznamenala: „Ty dvě štěňata, milostpane, co jsme měly na dvoře, chcíply. A ten bernardýn, ten nám utek, když tady dělali domovní prohlídku.“
[1.14.3] Kam se na něj hrabe takovej pitomej bernardýn. Je ještě chytřejší než foxteriér. Já jsem znal jednoho...
[1.14.6] „Pohostím ho hovězíma,“ rozhodl se Blahník, „na ty jsem už dostal bernardýna továrníka Vydry, náramně věrný zvíře. Zejtra ti psa přivedu v pořádku.“

Skrivst òg:Velký Svatobernardský průsmyk cz Grosser St. Bernhard de Great St Bernard Pass en Col du Grand St-Bernard fr Colle del Gran San Bernardo it

Brnoen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
brno.jpg

Postkort frå Hašek i 1902

brno_baedeker.png

Baedekers Oesterreich 1910, s.332

Brno vert nemnd av Müllerová då ho fortel Švejk om politiavhøyret etter av sistnemnde vart arrestert. Ho vert spurd av politiet om ho har fått pengar frå utlandet, og ho svarar: "Ja, frå Brno".

Byen vert seinare nemnd berre ein gong, i samband med feltpresten Matyáš som døydde der utan å ha betalt gjelda si.

Bakgrunn

Brno er den nest største byen i Tsjekkia med om lag 380 000 innbyggjarar. Byen har ein sterk industritradisjon og er dessutan sete for dei viktigaste rettsinstitusjonane i landet.

Brno var i 1914 hovudstad i Mähren, men byen var mykje mindre enn i dag, òg i flatevidde. På den aktuelle tida var fleirtalet av dei 123 000 borgarane tyske (dette talet inneheld òg dei om lag 15 000 jødane).

Jaroslav Hašek vitja Brno i 1902 på vegen tilbake frå Slovakia. Han skreiv eit postkort herfrå, adressert til syskenbarnet Marie som på denne tida budde i Jaroměř. Kortet er òg underskrive av Viktor Janota og Jan Čulen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.6] Se mnou také dělali výslech, kdo k nám chodí, jestli nedostáváme nějaké peníze z ciziny, a potom dělali narážky, že jsem hloupá, když jsem jim řekla, že peníze z ciziny chodějí jen zřídka, posledně od toho pana řídícího z Brna ta záloha šedesát korun na angorskou kočku, kterou jste inseroval v Národní politice a místo toho jste mu poslal v bedničce od datlí to slepé štěňátko foxteriéra.
[1.13] „Vidíte: Polní kurát Matyáš v Brně, zemřel v isolační nemocnici před týdnem. Já bych si rval vlasy. Nezaplatil mně 1800 korun, a jde do cholerového baráku zaopatřovat nějakého člověka, po kterém mu nic nebylo.“

Skrivst òg:Brünn de

Angoraen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
angora1.png

Národní politika, 26.7.1908

angora.png

Svět zvířat, 22.2.1909

Angora er her brukt som adjektiv for ein katterase og er det tidlegare namnet på Ankara. Angorakatten vert nemnd tre gonger i romanen.

Fyrst dukkar den opp når Müllerová opplyser Švejk at ho fortalde politiet at det var kome pengar til han etter ein salgsannonse for ein Angora-katt i Národní politika. Pengane var frå "utlandet", frå ein handelsmann i Brno. Dette var etter at Švejk var sett på frifot etter den fyrste arrestasjonen.

Den andre katten tilhøyrer premierløytnant Lukáš og tek direkte del i handlinga. Den sette til livs kanarifuglen hans etter at Švejk slapp katten og fuglen saman "så dei vart vande med kvarandre". Katten sjølv enda sine dagar ved å eta skokrem i [I.15], Švejk kvitta seg så med han i kjellaren til naboen.

Bakgrunn

Angora er det historiske namnet på Ankara, hovudstaden i Tyrkia. Ankara er den nest største byen i landet og har vore hovudstad sidan 1923. Angorakatten er ein huskatt-rase med opphav i det sentrale Vesleasia.

Bilete av angorakattar dukka opp på sidene til dyremagasinet Svět zvířat i tida då Jaroslav Hašek var redaktør der (1909-1910). På same tida skreiv han ei forteljing om angorakatten Bobeš, ein hankatt som kunne snakka. Forteljinga heitte O domýšlivém kocouru Bobešovi (Om den innbilske katten Bobeš) og kom på trykk i Svět zvířat 1.mars 1910.

Angorakatten er med i tilsaman 6 (minst) av sogene til Hašek frå før krigen. Ein av dei er Má drahá přitelkyně Julča (Mi kjære veninne Julie) som kom på trykk i tre påfylgjande utgåver av Zlatá Praha i april og mai 1915. Denne soga er lagt til Jaroslav Hašek si tid som dyrehandlar i Košíře og inneheld tema me kjenner frå romanen (Brehm og Klamovka er nemnde). Soga O nejošklivějším psu Balabánovi (Svět zvířat, 1913) viser i forbifarten til ein Angorakatt. Den snakkande katten Markus dukkar opp i ei anna historie, og til slutt er det katten Lili i soga om Axamit. Sjå linkane nedafor for eit full oversikt.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.6] Se mnou také dělali výslech, kdo k nám chodí, jestli nedostáváme nějaké peníze z ciziny, a potom dělali narážky, že jsem hloupá, když jsem jim řekla, že peníze z ciziny chodějí jen zřídka, posledně od toho pana řídícího z Brna ta záloha šedesát korun na angorskou kočku, kterou jste inseroval v Národní politice a místo toho jste mu poslal v bedničce od datlí to slepé štěňátko foxteriéra.
[1.14.3] Neobyčejně rád měl zvířata. Měl harckého kanárka, angorskou kočku a stájového pinče.
[1.14.3] A angorská kočka si opět vlezla pod pohovku.
[1.15] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že jste přišel o kočku. Sežrala krém na boty a dovolila si chcípnout. Hodil jsem ji do sklepa, ale do vedlejšího. Takovou hodnou a hezkou angorskou kočku už nenajdete.“
Leonbergen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
leonberger2.png

Národní politika, 28.8.1910

Leonberg vert nemnd indirekte (gjennom hunderasen Leonberger) når Švejk fortel Bretschneider at han ein gong selde ein leonberger til ein anarkist for 100 kroner.

Bakgrunn

Leonberg er ein by i Schwaben som gav namnet sitt til den nemnde hundereasen. Dette er ein svært stor hunderase med mykje pels, som vart avla opp på 1800-talet. Den kan vega opp mot 80 kilo.

Leonberger-hunder vert skrivne om i vekebladet Svět zvířat på tida då Jaroslav Hašek var redaktør der. Forfattaren hadde god greie på hundehald, noko som kjem fram gjennom dei mange referansane til hundar, både i romanen og ellers i forfattarskapet hans.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.6] Když měli každý pátou čtvrtku, prohlásil se Bretschneider za anarchistu a ptal se Švejka, do které organisace se má dát zapsat. Švejk řekl, že si jednou jeden anarchista koupil od něho leonbergera za sto korun a že mu zůstal poslední splátku dlužen.
Skottlanden flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Skottland vert nemnd indirekte gjennom hunderasen skotsk sauehund når forfattaren omtalar Švejk sine hundeforretningar med detektiv Kalous.

Bakgrunn

Skottland er ein nasjon nord på øya Storbritannia som sidan 1707 har vore i union med England. Som ein del av United Kingdom tok skotske styrkar del i verdskrigen for fullt.

Den skotske sauehunden (border collie) vart avla fram på slutten av 1800-talet. Den er rekna som verda sin mest populære gjetarhund.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.6] Pak tam šel koupit psa detektiv Kalous a vrátil se s vyjevenou potvorou, připomínající hyenu skvrnitou, s hřívou skotského ovčáka, a v položkách tajného fondu přibyla nová: D...90 K.

Skrivst òg:Skotsko cz Schottland de Scotland en

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

7. Švejk dreg i krigen

Rabaen flag
Wikipedia ennnpl Google kartsøk
raba.jpg

Raba ved Dobczyce.

raba.png

Finljandskaja Gazeta, 30.11.1914

raba2.png

Kartvedlegg til "Kaiserbericht", 26. november 1914. © ÖStA

Raba vert nemnd av forfattaren i starten på [I.7]. Austerrikske styrkar flyktar over elva og Austerrike er i knipe. Forfattaren kallar den Ráb, noko som lett kan forvekslast med den meir kjende elva Raab som renn gjennom Austerrike og Ungarn.

I [I.14] vert elva nemnd att i ein liknande omtale. Sjå ellers Dunajec.

Bakgrunn

Raba er ei elv i Galicia som renn ut i Wisła aust for Kraków, sør i det noverande Polen. I 1914 låg heile elvestrekninga på austerriksk territorium.

Hendingane som vert vist til i romanen er nesten sikkert stoda på slagmarka i Galicia i slutten av november 1914. Under framrykkkinga mot Kraków den 26. november kryssa den 3. russiske arme elva, leia av Radko Dimitrijev, og nokre avdelingar hadde kryssa den kvelden før ved Mikluszowice. I fylgje russiske rapportar trekte den austerriksk-ungarske hæren seg tilbake i uorden og leid under vaklande moral. Dei beit seg likevel fast i nye stillingar vest for elva, på strekninga Dobczyce - Niepołomice, men mot slutten av månaden var dei trengde tilbake til Wieliczka, berre 13 km sør-aust for Kraków.

Denne stoda varde til 8. desember då russarane vart trengde tilbake i retning Dunajec under slaget ved Limanowa. Det var under dette framstøyet mot Kraków at tsjekkiske frivillege i den russiske hæren, Česká Družina, for fyrste gong var i strid med K.u.k. Heer. Wieliczka var òg det lengste den keisarlege russiske hæren nokon gong kom mot vest.

Nemnd i ei forteljing

Elva vart nemnd av forfattaren alt i 1908 då soga Ve vesnici u řeky Rábu (I ein landsby ved elva Raba) kom på trykk i Besedy lidu. Dette tyder sterkt på at Jaroslav Hašek hadde vore der, mest truleg sommaren 1903 då han vitja Kraków.

Österreich-Ungarns letzter Krieg, Band I.

Südlich der Weichsel hatte sich im Verlaufe des 25. das Vorgehen des Russen zunächst nicht geltend gemacht. Erst am 26. vordem Hellwerden überschritt das XI. Korps die untere Raba und drängte die Gruppe Obst. Brauner auf die Linie Dziewin-Grobla zurück. Zu derselben Stunde griff das feindliche IX. Korps Bochnia an, das von der 11. ID. verteidigt wurde. Weiter südlich rückten stärkere russische Kräfte von Lipnica her gegen die 30. ID. vor. Die auf Rajbrot entsandte 10. KD. war schon in der Nacht zum 25. auf Dobczyce zurückgenommen worden, da sie dringend einiger Erholung bedurfte. In solcher Lage meldete FZM. Ljubičić um 9h vorm., daß seine völlig erschöpften Truppen zu einem nachhaltigen Widerstand in der weitausgedehnten Front zwischen der Weichsel und der Straße Gdów-Muchówka nicht mehr befähigt seien. Inzwischen hatte die 11. ID. unter erheblichen Verlusten dem schweren russischen Druck bei Bochnia nachgeben müssen. FZM. Ljubičić ordnete daher um 9h45 vorm. den Rückzug seiner ganzen Gruppe in die vorbereitete Stellung Dobczyce-Niepołomice an.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.7] V době, kdy lesy na řece Rábu v Haliči viděly utíkat přes Ráb rakouská vojska a dole v Srbsku rakouské divise jedna za druhou dostávaly přes kalhoty to, co jim dávno patřilo, vzpomnělo si rakouské ministerstvo vojenství i na Švejka, aby pomohl mocnářství z bryndy.
[1.14.5] Zatímco masy vojsk připnuté na lesích u Dunajce i Rábu stály pod deštěm granátů a velkokalibrová děla roztrhávala celé setniny a zasypávala je v Karpatech a obzory na všech bojištích hořely od požárů vesnic i měst, prožíval nadporučík Lukáš se Švejk nepříjemnou idylu s dámou, která utekla svému muži a dělala nyní domácí paní.

Skrivst òg:Ráb Hašek

Galiciaen flag
Wikipedia czdeennnnopluk Google kartsøk
galicia.jpg
galicia2.png

Nokre stader i Galicia som er nemnde i romanen (oransje).

galicia3.png

Venkov, 5.7.1908

Galicia vert nemnd for fyrste gong av forfattaren i starten av [I.7]. Her fortel han at austerrikske styrkar flykta over elva Raba i Galicia. Mot slutten av romanen, frå [III.4] og den ufullførde [IV.1-3] føregår handlinga i si heilhet innafor området og i romanen er svært mange stader i Galicia nemnde. Dei viktigaste av desse er Kraków, Sanok, Przemyśl, Lwów og Sokal. Handlinga vert òg avslutta i Galicia, nær Żółtańce.

Bakgrunn

Galicia var fram til 1918 eit austerriksk kronland på nord-sida av Karpatane. Som politisk eining gjekk det under namnet Königreich Galizien und Lodomerien frå 1846 til 1918. På den tida var befolkninga blanda: med polakkar, tyskarar, jødar og ukrainarar som dei viktigaste gruppene. Galicia hadde stor grad av indre sjølvstyre og polsk var forvaltningsspråk, "poloniseringa" av landsdelen hadde endåtil støtte frå keisaren. Forvaltninga heldt til i Lwów som var ein polsk-dominert enklave i eit ellers ukrainsk område.

I september 1914 okkuperte Russland det meste av Galicia og k.u.k. Heer trekte seg tilbake til ei linje på vestbreidda av San 12.september. Mot slutten av november hadde fienden trengd endå lenger vest og truga Kraków. Frå 2.mai 1915 og utover sommaren vart storparten av Galicia teken tilbake av Sentralmaktene. Det var under denne offensiven Jaroslav Hašek deltok som soldat frå 11.juli til 24.september.

Frå 1918 tilfall området Polen, i 1939 vart det delt mellom Tyskland of Sovjetunionen, frå 1945 mellom Polen og Sovjetunionen (frå 1991 mellom Polen og Ukraina).

Hašek i Galicia

Utanom opphaldet under krigen kjende forfattaren Galicia godt frå sine lange vandringar like etter århundreskiftet. Han reiste her både i 1901 og 1903, meir presist i områda rundt Kraków og Tarnów. Han skreiv fleire forteljingar som var lagde til regionen, to av dei med jødiske tema frå småbyen Zapustna (uidentifisert).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.7] V době, kdy lesy na řece Rábu v Haliči viděly utíkat přes Ráb rakouská vojska a dole v Srbsku rakouské divise jedna za druhou dostávaly přes kalhoty to, co jim dávno patřilo, vzpomnělo si rakouské ministerstvo vojenství i na Švejka, aby pomohl mocnářství z bryndy.

Skrivst òg:Halič cz Galizien de Galicja pl Галичина ua

Krakówen flag
Wikipedia czdeennnnopl Google kartsøk
korps1.jpg

Militärterritorial- und Ergänzungsbezirkseinteilung, 1912

krakow.png

Hašek si forteljing på trykk i Cleveland.

Dennice novověku, 18.5.1905.

Kraków vert nemnd av Švejk i samtale med Müllerová då han fortel at han er kalla inn til krigsteneste. Her kjem det fram at russarane skal vera nesten framme i byen, noko som stemde med den militære stoda rundt 1.desember 1914.

Bakgrunn

Kraków er ein by i det sørlege Polen og nest største byen i landet med over 700 000 innbyggjarar. Den har ei godt bevart gamal bykjerne som står på UNESCO si verdsarvliste.

Fram til 1918 var Kraków del av Cisleithanien og dessutan eige kronland innafor Galicia. Den var òg ein garnisonsby, og vart verna av eit av dei sterkaste festningskompleksa i riket.

Byen var hovudkvarteret til Korpsbezirk Nr. 1 og dessutan Infanterieregiment Nr. 13. Kraków vart aldri utsett for kampar under krigen men i slutten av november 1914 var stoda kritisk ettersom russiske styrkar kom fram til posisjonar berre 13 kilometer frå byen før dei vart trengde tilbake til elva Dunajec under slaget ved Limanowa.

Hašek i Kraków

Jaroslav Hašek vitja området sommaren 1901 [4] og på ny i juli 1903. Ved siste høvet vart han arrestert etter å ha kryssa grensa til russisk Polen utan papira i orden. Den 10.februar 1905 trykte Světozor forteljinga Mezi tuláky (Mellom landstrykarar), der Hašek fortel om opphaldet sitt i byfengselet. Soga dukka jamvel opp i den tsjekkisk-amerikanske avisa Dennice novověku (Cleveland, Ohio) i mai same året, og vart dessutan trykt av Besedy lidu.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.7] „Panenko Maria,“ vykřikla paní Müllerová, „co tam budou dělat?“ „Bojovat,“ hrobovým hlasem odpověděl Švejk, „s Rakouskem je to moc špatný. Nahoře nám už lezou na Krakov a dole do Uher.

Skrivst òg:Krakov cz Krakau de

Ungarnen flag
Wikipedia czdeenhunnno Google kartsøk

Ungarn vert nemnd av Švejk i samtale med Müllerová då han fortel at han er kalla inn til krigsteneste. Russarane står snart i Ungarn. Seinare kjem siste del av handlinga i del II og storparten av del III til å føregå i kongedømet. Švejk sitt fyrste møte med Ungarn var i Királyhida og han forlet territoriet deira i Palota. Det kjem òg fram at han har vore i Ungarn før krigen på manøver: han nemner Veszprém. Merk at det vanlege tsjekkiske omgrepet for Ungarn, Maďarsko, vert aldri brukt i romanen.

Bakgrunn

Ungarn (Magyar Királyság) er i denne samanhengen det historiske kongeriket som frå 1867 til 1918 var i personal-union med Austerrike og som saman med dei utgjorde Austerrike-Ungarn. Kongedømet Ungarn omfatta grovt rekna det moderne Ungarn, Slovakia, Burgenland, Transilvania og dei delene av dagens Ukraina som ligg vest for Karpatane. Kroatia var eit nominelt kongerike som vart styrt frå Ungarn.

Folketalet var i 1910 godt over 21 millionar og etniske ungararar utgjorde mindre enn halvparten. Hovudstad var i denne perioden Budapest. Kongedømet vart òg omtala som Den heilage ungarske Stefanskrones land, og etter 1867 med det latinske Transleithanien, landet bortafor Leitha.

Frå "Ausgleich" i 1867 brukte Ungarn den nyvunne uavhengiheita si til å innføra ein madjariseringspolitikk som vekte stor motvilje blandt minoritetane i kongeriket. Ved Trianon-freden i 1920 mista landet bortimot to tredjedeler av landområdet og folketalet sitt, men kongeriket eksisterte framleis formelt fram til 1946 (rettnok utan konge). Etter 1946 har landet vore republikk.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.7] „Panenko Maria,“ vykřikla paní Müllerová, „co tam budou dělat?“ „Bojovat,“ hrobovým hlasem odpověděl Švejk, „s Rakouskem je to moc špatný. Nahoře nám už lezou na Krakov a dole do Uher.

Notice: Undefined offset: 1 in /var/www/honsi.org/public_html/svejk/source/php/book.php on line 289
[I.13] Ten padne v Karpatech s mou nezaplacenou směnkou, ten jde do zajetí, ten se mně utopí v Srbsku, ten umře v Uhrách ve špitále.

Skrivst òg:Uhry Hašek Magyaria Sadlon Maďarsko/Uhersko/Uhry cz Hungary en Magyar Királyság hu

Piemonteen flag
Wikipedia czdeenfritno Google kartsøk
piemonte.jpg

Stader som vart okkuperte av Austerrike i mai 1859 merka raudt.

Piemonte dukkar opp i den kjende tsjekkiske folkevisa Jenerál Windischgrätz a vojenští páni som Švejk syng i sjukesenga etter å ha vart kalla inn til mønstring av hæren.

Bakgrunn

Piemonte var i 1914 som i dag ein provins i Italia. Den ligg nord-vest i landet opp mot Alpane og grensar mot Frankrike og Sveits. Hovudstaden er Torino.

Det songen viser til er hendingar under den andre italienske frigjeringskrigen i 1859. Den 27. april braut det ut krig mellom Austerrike og Sardinia (som Piemonte tilhøyrde). I starten av krigen, før Sardinia fekk fram forsterkingane frå sin allierte Frankrike, rykka austerrikske styrkar inn i Piemonte. Dette var over grenseelva Ticino 29.april, og dei okkuperte mellom anna Novara, Montara, Vercelli og området rundt. Dei fire bruene det er snakk om i songen kan nok visa til Ticino eller elva Sesia lenger vest (som var det lengste invasjonshæren kom). Innan tidleg juni hadde austerrikarane trekt seg aust for Ticino att, og heile Piemonte var på ny under alliert kontroll.

Krigen enda med siger for Sardinia og Frankrike, og førde til at Austerrike måtte avstå heile Lombardia. Det avgjerande slaget stod ved Solferino 24. juni 1859, nemnd i same songen. Våpenstillstanden vart effektuert 12.juli (il armistizio de Villafranca).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.7] Uděšená paní Müllerová pod dojmem strašného válečného zpěvu zapomněla na kávu a třesouc se na celém těle, uděšena naslouchala, jak dobrý voják Švejk dál zpívá na posteli:

S panenkou Marií a ty čtyry mosty,
postav si, Pimonte, silnější forposty,
hop, hop, hop!

Skrivst òg:Pimonte Hašek Piemont cz Piemont de Piedmont en Piedmont fr

Solferinoen flag
Wikipedia czdeenitno Google kartsøk
solferino.jpg

Slagmarka ved Solferino

Solferino vert nemnd i songen jenerál Windischgrätz a vojenští páni som Švejk patriotisk stemmer i etter at han vart innkalla og omgåande fekk giktanfall.

Bakgrunn

Solferino er ein småby i Italia, litt sør for Garda-sjøen. Under den andre italienske sjølvstendekrigen, tapte Austerrike det avgjerande slaget her mot Frankrike og Sardinia her 24.juni 1859. Slaget betydde slutten på krigshandlingane og Austerrike måtte avstå Lombardia og utfallet bana vegen for samlinga av Italia.

Henry Dunant deltok i dette slaget og bevega av lidingane til soldatane grunnla han seinare Raude Kross. Dette var siste større slaget i historia der armeane stod under direkte kommando av monarkane. Keisar Franz Joseph I trekte seg som austerriksk øvstkommanderande etter dette.

Sitat
[1.7]
Byla bitva, byla, tam u Solferina, 
teklo tam krve moc, krve po kolena, 
hop, hop, hop! 

Krve po kolena a na fůry masa, 
vždyť se tam sekala vosumnáctá chasa, 
hop, hop, hop!
Austerrike-Ungarnen flag
Wikipedia czdeenhuno Google søk

Austerrike-Ungarn vert nemnd for fyrste gong av forfattaren, på denne måten: "slik var det, at på den tida då Wien ynskte at alle nasjonar av Austerrike-Ungarn ga framståande eksempel på trufastheit og lojalitet, skreiv Dr Pávek ut brom til Švejk mot hans fedrelandskjærleik og rådde den gode og heltemodige soldaten frå å tenkja på det militære".

Ellers er statsdannelsen Austerrike-Ungarn og dens institusjonar det viktigaste målet for Jaroslav Hašek sin satire gjennom heile romanen. Handlinga føregår frå start til slutt på territoriet til Dobbeltmonarkiet, frå Praha i vest til elva Bug i aust. Den er dessutan innom viktige storbyar som Wien, Lwów og Budapest. Monarkiet si viktigaste trafikkåre, Donau, er òg til stades. Romanen har hundrevis av referansar til stader i riket.

Bakgrunn

Austerrike-Ungarn var ei politisk eining som eksisterte frå 8. juni 1867 til 31. oktober 1918 i form av ein personal-union mellom Austerrike og Ungarn. I flatevidde og folketal (ca. 52 millionar) var staten ein av dei største i Europa. Austerrike-Ungarn var ein multi-etnisk stat med 12 offisielle språk og endå fleire folkegrupper. Den var eit konstitusjonelt monarki med relegionsfridom og allemnn stemmerett om enn med sterkt autokratiske trekk. Spesielt gjaldt dette i Ungarn der dei etniske mindretala hadde ein langt svakare stilling enn i den austerrikske delen.

Med si blanda befolking var Austerrike-Ungarn svært sårbar for indre konfliktar, noko som spesielt viste seg i krisetider. Det var òg store skilnader i økonomisk og sosial utvikling mellom dei ulike delene av riket. Det noverande Tsjekkia og Austerrike var for det meste industrielt høgt utvikla medan Balkan, deler av Ungarn og Galica var relativt tilbakeståande agrarsamfunn.

Fram til det såkalla "Ausgleich" (utjamninga) i 1867 vart staten berre kalla Keisardømet Austerrike. Ungarn utnytta nederlaget mot Preussen året før til å tvinga gjennom ei omfordeling av makt som gjorde dei likestilte med Austerrike. Desse særrettane til ungararane vekte stor harme hjå dei mange andre folkeslaga i riket. Tsjekkarane var spesielt misnøgde ettersom dei bidrog med nesten 25 prosent av skatteinntektene (sjølv om dette talet inkluderer tyskarane i Böhmen og Mähren).

Staten vart òg kalla Dobbelmonarkiet eller Donaumonarkiet. Franz Joseph I var keisar av Austerrike og konge av Ungarn. Elva Leitha danna til dels grensa mellom dei to delene av monarkiet, som difor uoffisielt vart omtala med dei latinske omgrepa Cisleithania og Transleithania.

Det offisielle namnet på tysk var Die im Reichsrat vertretenen Königreiche und Länder und die Länder der heiligen ungarischen Stephanskrone.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.7] A tak v době, kdy Vídeň si přála, aby všichni národové Rakousko-Uherska dávali nejskvělejší příklady věrnosti a oddanosti, předepsal doktor Pávek Švejkovi proti jeho vlasteneckému nadšení brom a doporučoval statečnému a hodnému vojínu Švejkovi, aby nemyslil na vojnu.

Skrivst òg:Rakousko-Uhersko cz Österreich-Ungarn de Austria-Hungary en Ausztria-Magyarország hu

Beograden flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
beograd.png

Bergens Tidende, 30.7.1914

belgradbrucken.png

Böhmerwalds Söhne im Felde

Beograd vert i romanen uttrykt gjennom Švejk sitt patriotiske utrop frå rullestolen: "Til Beograd, til Beograd!". Den vert òg nemnd i Királyhida når forfattaren fortel soga om den falske eittårsfrivillege Teveles.

Bakgrunn

Beograd var i 1914 hovudstad i kongeriket Serbia, seinare vart den hovudstad i Jugoslavia. Den låg strategisk svært utsett til, heilt på grensa til Ungarn som på den tida rådde over Vojvodina og Banat på andre breiddene av elvane Sava og Donau. Den noverande bydelen Zemun vest for Sava låg i Ungarn. Dei fyrste skota i verdskrigen vart fyrde mot Beograd frå elvebåtar 29.juli 1914.

I slutten av november gav serbarane opp byen og 2. desember 1914 rykka K.u.k. Heer inn. Eit serbisk motåtak gjorde likevel byen uhaldbar: den 15. måtte okkupantane trekkja seg tilbake. Byen fall ikkje att før i 9.oktober 1915 då den serbiske motstanden braut saman etter at Bulgaria og Tyskland kom Austerrike-Ungarn til hjelp. Beograd vart frigjord 1.november 1918 av serbiske og franske styrkar.

IR91 og Beograd

IR91 var i kamp ved elva Kolubara på tidspunktet då Beograd vart okkupert, og dei neste to vekene trekte dei seg nordover mot byen. Det var herfrå dei kom seg over Sava og i sikkerheit 14. og 15. desember. Regimentet var komplett desimert etter slaget og retretten frå Kolubara, og då dei trekte seg tilbake frå Beograd var det i full uorden, delte opp i mindre grupper, og i fylgje regimentskommandanten major Kießwetter var det tilfelle av samanbrot i disiplin blandt mennene hans, og sjølv tilbake på austerriks-ungarsk område i Zemun førekom det plyndring og utbreidd fyll. Tre heile kompani vart tekne til fange under den retretten. Fire av offiserane me kjenner som førebilete for personar frå Švejk tok del i slaget ved Kolubara og den traumatiske tilbaketrekninga: Rudolf Lukas, Čeněk Sagner (fram til 27. november) og Jan Eybl (frå 30. november). Kommandanten for II. bataljon, Franz Wenzel, vart sjukmeld i løpet av siste veka av tilbaketoget.

Eksterne lenkar

Kjelde: Rudolf Kießwetter

Sitat
[1.7] Stará žena, strkající před sebou vozík, na kterém seděl muž ve vojenské čepici s vyleštěným „frantíkem“, mávající berlemi. A na kabátě skvěla se pestrá rekrutská kytka. A muž ten, mávaje poznovu a poznovu berlemi, křičel do pražských ulic: „Na Bělehrad, na Bělehrad!“

Skrivst òg:Bělehrad cz Belgrad de Belgrade en Београд se

Václavské náměstíen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejk-muzeum

Václavské náměstí vert nemnd i den vidkjende scena då Švejk vart trilla nedover plassen i rullestol av fru Müllerová, på veg til mønstring. Det hadde samla seg ein folkestim på nokre hundre rundt dei.

Bakgrunn

Václavské náměstí er den mest kjende byplassen i Nové Město (Nyebyen) om ikkje i heile Praha. Plassen er sentrum for Praha sitt forretningsområde og strekkjer seg frå Nasjonalmuseet nordover mot Staré Město (Gamlebyen). Den er kalla opp etter den tsjekkiske nasjonalhelgenen Heilage Václav.

Jaroslav Hašek var ein kjend skikkelse i redaksjonane i gata ettersom han samarbeidde både med České slovo og Národní politika. Desse avisene trykte mange av forteljingane hans før krigen.

Sitat
[1.7] Na Václavském náměstí vzrostl zástup kolem vozíku se Švejkem na několik set hlav a na rohu Krakovské ulice byl jím zbit nějaký buršák, který v cerevisce křičel k Švejkovi: „Heil! Nieder mit den Serben!“ Na rohu Vodičkovy ulice vjela do toho jízdní policie a rozehnala zástup.

Skrivst òg:Wenceslas Square en Wenzelplatz de

Krakovská uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum
krakovska.jpg

Hjørna av Václavské nám. og Krakovská ulice

Krakovská ulice er nemnd avdi ein tysk-talande student vart banka opp av folkemengda på hjørna mellom denne gata og Václavské náměstí. Han hadde ropt "Heil! Nieder mit den Serben!"

Bakgrunn

Krakovská ulice er ei sidegate til Václavské náměstí, den går mot nord og endar i sørenden av sistnemnde.

Sitat
[1.7] Na Václavském náměstí vzrostl zástup kolem vozíku se Švejkem na několik set hlav a na rohu Krakovské ulice byl jím zbit nějaký buršák, který v cerevisce křičel k Švejkovi: „Heil! Nieder mit den Serben!“ Na rohu Vodičkovy ulice vjela do toho jízdní policie a rozehnala zástup.

Skrivst òg:Krakow street en Krakauerstrasse de

Vodičkova uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Vodičkova ulice er nemnd ettersom mengda som fylgde etter Švejk vart drivne frå kvarandre av ridande politi på hjørnet mellom Vodičková og Václavské náměstí.

Gata dukkar opp at på ny i [I.13] når Katz og Švejk køyrer gjennom på veg til Vojenská nemocnice Karlovo náměstí for å gje den siste olje.

Bakgrunn

Vodičkova ulice er den travlaste sidegata til Václavské náměstí nordvestfrå. Mange trikkar går gjennom den og gata ligg òg i eit livleg handledistriktet.

Sitat
[1.7] Na Václavském náměstí vzrostl zástup kolem vozíku se Švejkem na několik set hlav a na rohu Krakovské ulice byl jím zbit nějaký buršák, který v cerevisce křičel k Švejkovi: „Heil! Nieder mit den Serben!“ Na rohu Vodičkovy ulice vjela do toho jízdní policie a rozehnala zástup.

Notice: Undefined offset: 1 in /var/www/honsi.org/public_html/svejk/source/php/book.php on line 289
[I.13] A Švejk do toho zvonil, drožkář sekal bičem dozadu, ve Vodičkové ulici nějaká domovnice, členkyně mariánské kongregace, ...

Skrivst òg:Wassergasse de

Střelecký ostroven flag
Wikipedia cz Google kartsøk Švejk-muzeum
strelos4.jpg

Hagerestauranten var åstaden for mønstringa

Střelecký ostrov var staden der Švejk måtte møta til lækjarundersøking. Han vart trilla dit i rullestol av fru Müllerová, vakta av to politimenn til hest. Her vart han ynskja velkommen av Bautze som ytra dei no vidkjende orda: "Das ganze tschechische Volk ist eine Simulantenbande".

Bakgrunn

Střelecký ostrov er ei øy i Vltava i Praha som ligg nedafor Most Legií (i 1914 Most císaře Františka I.) nær vestbreidda av elva. Den vart alt i 1914 eit populært utfluktsområde med ein stor restaurant på sørenden av øya.

Landsturmmusterung

Frå 1.september 1914 fekk denne restauranten ei ny rolle: mønstringar for Landsturm (Heimeforsvaret) fann stad her. Den fyrste aldersgruppa som var kalla inn var fødde i 1892, 1893 and 1894. Av desse vart om lag halvparten funne stridsdyktige. Mellom 16.november og 31.desember kom turen til dei som var fødde mellom 1878 og 1890.

I denne aldersgruppa vart langt færre funne dugelege, berre rundt 30 prosent. Innkallingane gjaldt berre menn som tidlegare hadde vorte kjende ueigna til strid, eller dei som opprinneleg hadde vorte rekna sridsdyktige - men seinare var vorte dimmiterte før tida - med andre ord superarbitrerte. Vanlege Landsturm-soldatar over 32 år og som alltid hadde vore stridsdyktige vart kalla in tidlegare i krigen, og slost ofte som eigne Landsturm regiment. Sjå òg Odvodní komise.

Hašek som domobranec
strelos2.png

Prager Tagblatt, 17.11.1914

Militære dokument viser til Jaroslav Hašek som Landsturminfanterist, seinare Landsturm Gefreiter mit Einjährig-Freiwilliger Abzeichen. Ein må difor gå ut frå at han vart mønstra på Střelecký ostrov, og fleire kjelder stadfestar at han faktisk vart det, mellom dei Ludvík. Mønstringa som gjaldt Jaroslav Hašek si aldersgruppa kom på lysing i avisene 12.november 1914.

Střelecký ostrov måtte fylgjande møta opp

  • fødde 1878-1990 som budde i Praha og hadde heimstadrett i byen
  • fødde 1878-1883 som budde i byen men hadde "Heimatrecht" andre stader
Jaroslav Hašek, fødd i 1883 med heimstadrett i Mydlovary, høyrde faktisk til den siste kategorien. Dei yngre årskulla (1884-1990) med heimstadrett utafor Praha måtta melda seg på Beseda. Årsgangen 1883 med heimstadrett utafor byen vart mønstra frå 13. til 15.desember, så forfattaren var nokså sikkert mellom desse. Dei frå denne gruppa som vart vurderte dugelege skulle melda seg til teneste 15.februar 1915.

Landšturmák Švejk
strelos3.png

Čech, 12.11.1914

Švejk hadde utan tvil "Heimatrecht" in det sørlege Böhmen, eller hadde han ikkje tenestegjord ved IR91. Dette saman med andre opplysningar om mønstringane indikere Švejk sin alder. Hadde van vore meir enn 36 hadde han ikkje vorte kalla inn i denne runden, og hadde han vore under 30 hadde han måtta møta ved Beseda. Det faktum at Švejk var superarbitrated og vart mønstra på Střelecký ostrov betyr at han mår ha vore landšturmák i ein alder mellom 30 og 36 år. Ein kan rettnok tenkja seg at han kan ha vore i aldersgruppa 20-22 som rapporterte i oktober, men dette er usannsynleg ettersom forfattaren opplyser om at Švejk vart kalla inn då Austerrikarane rømde over Raba, noko som fann stad i slutten av November.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.7] Když Švejk revírnímu inspektorovi ukázal, že to má černé na bílém, že dne musí před odvodní komisi, byl revírní inspektor trochu zklamán; kvůli zamezení výtržnosti dal doprovázet vozík se Švejkem dvěma jízdními strážníky na Střelecký ostrov.

Skrivst òg:Schützeninsel de

Bayonneen flag
Wikipedia czdeenfrno Google kartsøk
bajonet.jpg

Mannlicher M95 bajonett

Bayonne er nemnd indirekte gjennom "bajonett", eit våpen som skal ha fått namn etter denne franske byen. Våpenet dukkar naturleg nok opp mange gonger utover i romanen, men fyrste gongen den er nemnd er i samband med at to soldatar med påsette bajonettar eskorterte Švejk frå Střelecký ostrov til Posádková vězniceHradčany.

Bakgrunn

Bayonne er ein by i Frankrike som skal he gjeva namn til bajonetten, eit stikkvåpen som vert typisk vert montert på gevær og brukt i nærkamp.

Bajonetten vart funnen opp i det 17. århundret og var mykje brukt i WW1, noko som kjem fram i teksten i romanen. Standardrifla i K.u.k. Heer, Mannlicher M95, kunne utstyrast med ulike variantar. Våpenet er enno i bruk i moderne hærar (2017).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.7] Dva vojáci s bajonety odváděli Švejka do posádkové věznice. Švejk šel o berlích a s hrůzou pozoroval, že jeho revmatismus začíná mizet.
Most císaře Františka I.en flag
Wikipedia cz Google kartsøk
cismost.png

Zlatá Praha, č.33, 1901

Most císaře Františka I. var brua ovafor Střelecký ostrov der Müllerová forgjeves venta på Švejk etter mønstringa. Namnet på brua er ikkje nemnd i teksten, men utfrå omtalen er det ingen tvil kva bru det er snakk om.

Bakgrunn

Most císaře Františka I. er det tidlegare namnet på Most Legií, ei bru over Vltava i Praha, oppkalla etter den siste tysk-romerske keisaren Franz I.. Den vart opna av keisar Franz Joseph I. 14. juni 1901. Seinare har brua vorte omdøypt fleire gonger. Den erstatta ei tidlegare hengjebru frå 1841. Sjå òg Starej Procházka.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.7] Paní Müllerová, která čekala nahoře na mostě s vozíkem na Švejka, když ho viděla pod bajonety, zaplakala a odešla od vozíku, aby se vícekrát k němu nevrátila.
Malá Stranaen flag
Wikipedia czdadeen Google kartsøk Švejk-muzeum
malastrana.jpg

Malostranské náměstí med Radetzky-monumentet.

malastrana2.png

Malá Strana rundt 1910 med dei viktige k.u.k statsinstitusjonane. © AHMP.

Malá Strana er nemnd ved at Švejk vart førd gjennom bydelen på veg til arresten på Hradčany. Švejk går forbi Malostranské náměstí på vegen dit. Dette bytorget er i boka indirekte referert til gjennom Radetzky-monumentet som sto her fram til 1918. Handlinga er kort innom Malá Strana på ny i [I.10] då Švejk verd førd til Katz og i [I.14] då han og Blahník planlegg hundetjuveriet. Ellers vert stader i bydelen nemnd i fleire anekdotar utover i romanen. Sjå U Montágů, U krále brabantského, U svatého Tomáše.

Bakgrunn

Malá Strana er namnet på ein av Praha sine eldste bydeler. Namnet betyr "Veslesida" og vart opprinneleg brukt som kortform for "Menší město pražské", "Prahas mindre by". Bydelen ligg på vestsida av Vltava like under Praha-borga. Den grensar mot Hradčany og Smíchov. Bydelen er ikkje lenger ei administrativ eining men har enno status som martikkelområde. Fram til 1922 var bydelen einsbetydande med Praha (III).

Statsinstitusjonar

Under Dobbeltmonarkiet var Malá Strana hovudsete for tre av imperiet sine mektigaste representar i Böhmen: K.u.k. Statthalterei, K.u.k. Landesgericht, og 8. Armeekorps (see 8. Korpskommando). Den fyrste representerte Wien si utøvande statsmakta, under krigen i praksis eit diktatur. Den andre institusjonen var rettsvesenet, og den tredje krigsmakta. Armekorpset sin jurisdiksjon omfatta Praha og områda i sør og vest til grensense mot Austerrike og Bayern. Resten av Böhmen sorterte under det 9. armekorps i Litoměřice (Leitmeritz). Til det 8. armekorpset høyrde 9. Infanterietruppendivision som IR91 kom under. Heile korpset var mobilisert 26.juli 1914 og sendt til Serbia der det leid katastrofale tap utover hausten.

Sitat
[1.7] Bajonety svítily v záři slunce a na Malé Straně obrátil se Švejk před pomníkem Radeckého k zástupu, který je vyprovázel: „Na Bělehrad! Na Bělehrad!“

Skrivst òg:Kleinseite de

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

8. Švejk som simulant

Piešťanyen flag
Wikipedia czdeenhusk Google kartsøk
piestany.jpg

Hašek sitt postkort frå Piešťany, 1902

Piešťany vert nemnd av doktor Grünstein då han fortel Švejk at han vil bli snarare kurert for revmatisme på militærsjukehuset (i Praha) enn i Piešťany.

Bakgrunn

Piešťany er ein kurstad i det vestlege Slovakia kjend for behandling av revmatisme. Fram til 1920 var den som resten av Slovakia del av Ungarn.

Jaroslav Hašek vitja sjølv staden; 28.september 1902 sende han eit postkort herfrå til syskenbarnet Marie. Då var han her saman med Viktor Janota, Ján Čulen og Štefan Čulen.

KjeldeRadko Pytlík, Václav Menger, Jaroslav Šerák, LA PNP

Sitat
[1.8] „A celé noci nemůže spát, není-liž pravda? Rheuma je velice nebezpečná, bolestná a těžká nemoc. My už tady máme s rheumatiky dobré zkušenosti. Naprostá dieta a jiný náš způsob léčení se velice dobře osvědčil. Budete zde dřív zdravější než v Píšťanech a mašírovat budete na posice, jen se za vámi zapráší.“

Skrivst òg:Pišťany Hašek Pistyan de Pöstyén hu

Hradčanyen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejk-muzeum
hradcany.jpg

Hradčany sett frå Strahov

Hradčany er området der heile handlinga i dette og neste kapittelet føregår. Švejk vert lagt inn i sjukeavdelinga ved Posádková věznice for å bli kurert for revmatisme, deretter sperra inne i sjølve fengselet, celle nummer 16, grunna mistanke om simulering. Andre stader Švejk er innom på Hradčany er Vojenský soud, Vězeňské kaple og truleg Vojenská nemocnice Hradčany.

Bakgrunn

Hradčany er ein bydel og martikkeldistrikt i Praha som mellom anna omfattar borgområdet. Her ligg borga med president-kontora, St.Veits-katedralen og mange andre kjende bygningar. Hradčany ligg på ei høgd vest for Vltava og grensar til Dejvice, Strahov og Malá Strana. I 1914 var bydelen einsbetydande med Praha IV.

Sitat
[1.8] Konečně poptávkou na policejním ředitelství zjištěno bylo, že to byl Švejk, a dále bylo už lehké pátrat. Baronka von Botzenheim vzala s sebou společnici a komorníka s košem a jeli na Hradčany.

Skrivst òg:Hradschin de

Siamen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
siam.png

Flagget til Siam fram til 1916

Siam vert nemnd in direkte gjennnom omgrepet siam-elefant som vert brukt som skjellsord mot Švejk på militærsjukehuset på Hradčany. Sjå Vojenská nemocnice Hradčany.

Bakgrunn

Siam er det tidlegare namnet på Thailand eller omtrentleg området som tilhøyrer den moderne staten. Siam vart aldri kolonisert men dei måtte avstå nokre område til europeiske makter. Hovudstad var heile tida Bangkok.

Omgrepet siamesisk elefant viser nok til kvite (albino) elefantar som vart rekna som heilage i området. Den kvite elefanten var hovudmotiv i flagget til Siam fram til 1916. Siamesisk elefant er altså ikkje nokon eigen rase.

Sitat
[1.8] „Poslušně hlásím, že já vůbec nemyslím.“ „Himmeldonnerwetter,“ hulákal jeden z členů komise, břinkaje šavlí, „tak von vůbec nemyslí. Pročpak, vy jeden siamskej slone, nemyslíte?“
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

9. Švejk i garnisonsarresten

Motolské cvičištěen flag
Wikipedia cz Google kartsøk Švejk-muzeum
motol2.png

Prager Tagblatt, 19.7.1914

Motolské cvičiště vert nemnd av forfattaren når han fortel her vart det gjennomførd avrettingar av folk som var dømde av Vojenský soud.

Ein lyt òg gå ut frå at feltmessene i [I.11] og [I.12] føregjekk her. På vegen var Katz og Švejk var innom Břevnovský klášter (i nærleiken) for å henta monstrans og siborium, noko som tungt støtter opp under denne antakelsen.

Bakgrunn

Motolské cvičiště var ein eksersisplass i Motol, ein bydel vest i Praha som vart innlemma i hovudstaden i 1922. Under fyrste verdskrigen var det fleire avrettingar her, den mest kjende vart soldaten Kudrna frå IR102 offer for 7. mai 1915. Denne episoden er nemnd i [II.2] på togereisa mellom Budějovice og Bruck an der Leitha.

Vidare nemner forfattaren under fyrste feltmessa ein plommetre-allé. I annonsar i Prager Tagblatt prøver 8. Korpskommando å få pakta bort frukt frå trea på eksersisplassen. Det vert ikkje sagt direkte men det er svært truleg snakk om plommer!

Eksterne lenkar

Sitat
[1.9] [I,9] Z hradčanského garnisonu vedla také cesta přes Břevnov na motolské cvičiště. Napřed šel v průvodu bodáků člověk s řetízky na rukách a za ním vůz s rakví. A na motolském cvičišti úsečný povel: „An! Feuer!“ A po všech regimentech a batalionech četli plukovní rozkaz, že zas jednoho zastřelili pro vzpouru, když narukoval a pan hejtman sekl šavlí jeho ženu, která se nemohla od muže rozloučit.
[1.9] [I,11] Vypadalo to jako indiánský tanec kolem obětního kamene, ale dělalo to dobrý dojem, zaplašujíc nudu zaprášeného, smutného cvičiště s alejí stromů švestkových vzadu a latrinami, jejichž vůně zastupovala mystickou vůni kadidla gotických chrámů.
Břevnoven flag
Wikipedia czen Google kartsøk

Břevnov vert nemnd av forfattaren når han fortel at vegen frå garnisonen på Hradčany til eksersisplassen i Motol går via Břevnov. Dessutan dukkar den opp i [I.11] når Katz og Švejk må innom klosteret for henta henta dei naudsynte rekvisittar til feltmessa.

Bakgrunn

Břevnov er ein bydel i det vestlege Praha, mellom Střešovice og Motol. Admintrativt høyrer bydelen til Praha 6. Den er mest kjend for klosteret sitt. Sjå Břevnovský klášter.

I 1907 fekk Břevnov bystatus og det året var jamvel hans keisarlege majestet Franz Joseph I på vitjing! Byen tilhøyrde hejtmanství og okres Smíchov. I 1913 talde den 11 116 sjeler, og nesten alle var av tsjekkisk nasjonalitet.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.9] Z hradčanského garnisonu vedla také cesta přes Břevnov na motolské cvičiště. Napřed šel v průvodu bodáků člověk s řetízky na rukách a za ním vůz s rakví.
Nord-Amerikaen flag
Wikipedia czdeenesnnno Google kartsøk

Nord-Amerika vert nemnd fordi far til Katz hadde utvandra dit for å unngå konsekvensane av konkursen sonen hadde påført familiefirmaet.

Bakgrunn

Nord-Amerika er den nordlege delen av den amerikanske verdsdelen og er eit reint geografisk omgrep. Det er mange definisjonar men den enklaste held seg til området nord for Panama-kanalen og inkluderer dei karibiske øyane. Dei største statane er Sambandstatane, Canada og Mexico. Dei to fyrstnemnde tok begge del i 1. verdskrigen, Cananda alt frå 1914 som ein del av det Britiske Imperiet.

Sitat
[1.9] Studoval obchodní akademii a sloužil jako jednoroční dobrovolník. A vyznal se tak dobře v směnečném právu a ve směnkách, že přivedl za ten rok obchodní firmu Katz a spol. k bankrotu tak slavnému a podařenému, že starý pan Katz odjel do Severní Ameriky, zkombinovav nějaké vyrovnání se svými věřiteli bez vědomí posledních i svého společníka, který odjel do Argentiny.

Skrivst òg:Severní Amerika cz Nordamerika de North America en Norteamérica es

Argentinaen flag
Wikipedia czdeenesnnno Google kartsøk

Argentina vert nemnd av forfattaren når han fortel firmaet til Katz. Kompanjongen hans valde å emigrera til Argentina etter den spektakulære konkursen i firmaet dei dreiv saman.

Bakgrunn

Argentina var fram til 1916 styrt av ein konservativ elite, og var ein relativt velståande republikk. Allmenn stemmerett for menn vart innført i 1912. Landet var nøytralt i verdskrigen og tente stort på økonomisk. Konflikt med Tyskland oppsto grunna senking av nokre argentinske skip, men det kom aldri til formell krigslysing.

Hovudstaden i landet er Buenos Aires og det offisielle språket er spansk. Folket er hovudsakleg av europeisk avstamning, spesielt var innvandringa frå Italia og Spania stor.

Sitat
[1.9] Studoval obchodní akademii a sloužil jako jednoroční dobrovolník. A vyznal se tak dobře v směnečném právu a ve směnkách, že přivedl za ten rok obchodní firmu Katz a spol. k bankrotu tak slavnému a podařenému, že starý pan Katz odjel do Severní Ameriky, zkombinovav nějaké vyrovnání se svými věřiteli bez vědomí posledních i svého společníka, který odjel do Argentiny.

Skrivst òg:Argentinien de

Sør-Amerikaen flag
Wikipedia czdeenesnnnopt Google kartsøk

Sør-Amerika vert nemnd av forfattaren når han fortel at firmaet Katz & Co no var delt opp og flytta til Amerika, nord såvel som sør.

Bakgrunn

Sør-Amerika er det sørlege av dei to kontinenta som utgjer den amerikanske verdsdelen. I 1914 bestod kontinentet av dei same landa som i dag, det var berre i Gyuana at det enno var koloniar att. Alle landa utanom Brasil (og dei tre nemnde koloniane) har spansk som offisielt språk.

Under 1.verdskrigen var alle statane utanom Brasil nøytrale. Dei kom med i krigen på Ententen si side i 1917 og sende hjelpepersonell til Vestfronten og marinen tok over patruljeringa i Sør-Atlanteren. Krigshandlingar ved kontinentet føregjekk berre til sjøs. Desse fann stad i 1914 mellom britiske og tyske sjøstridskrefter. Den tyske stillehavsflåten (på veg heim) vart øydelagd ved Falkland-øyane 8.desember 1914.

Sitat
[1.9] Když tedy mladý Otto Katz podělil firmou Katz a spol. nezištně Ameriku Severní i Jižní, octl se v situaci člověka, který nemá vůbec co dědit, neví, kam hlavu složit, a musí se dát na vojně aktivovat.

Skrivst òg:Jižní Amerika cz Südamerika de South America en Sudamérica es América do Sul pt

Slovakiaen flag
Wikipedia czdeenhunnnosk Google kartsøk
slovakia.jpg

Etniske slovakiske område i 1910

Slovakia vert nemnd avdi ein sigøynar vart skulda av advokat Bernis for å ha snakka på puben om ein framtidig tsjekkisk-slovakisk stat under ein felles slavisk konge. Sigøynaren var eigentleg arrestert for tjuveri, men Bernis rota alltid straffesakene saman.

Seinare kom noko av handlinga i [III.4] til å finna stad i den austlege delen av Slovakia, hovudsakleg i Humenné og Medzilaborce. Ellers er mange stader i landet nemnde gjennom anekdotar og forteljingar frå vinter-slaget i Karpatane i 1914-15.

Bakgrunn

Slovakia var i 1914 ein del av Austerrike-Ungarn, styrt direkte frå Budapest, òg omtala som Øvre Ungarn. Frå "Ausgleich" i 1867 vart Slovakia utsett for stadig tiltakande madjarisering, med undertrykking og diskriminering, både økonomisk og kulturelt. Skular vart stengde og det slovakiske språket fortrengd. Internasjonale namn som Bjørnson, Seton-Watson og Tolstoj engasjerte seg i denne perioden for Slovakia si sak. Største byen var Pozsony (ty. Pressburg), etter krigen omdøypt til Bratislava.

Frå november 1914 til våren 1915 trengde russiske styrkar litt inn på slovakisk terreng, men vart endeleg drivne tilbake i mai 1915. I 1918 danna Slovakia saman med Böhmen, Mähren, Rutenia og ein liten del av Schlesien den nye staten Tsjekkoslovakia.

Hašek og Slovakia

Jaroslav Hašek kjende Slovakia godt etter fire lengre reiser hit sommarane frå 1900 til 1903. Han skreiv fleire forteljingar inspirert av desse turane. I 1915 kom han på ny til landet, denne gongen som soldat. Marsjbataljonen hans stoppa i Humenné 2.juli 1915. Dei drog òg gjennom Laborec-dalen med tog på veg til fronten og den korte gjennomreisa er nøyaktig gjengitt i romanen (i alle fall i geografisk betydning).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.9] Jeho prozíravost a znalost lidí byla tak veliká, že jednoho cikána, který se dostal od svého pluku na garnison pro krádež několika tuctů prádla (byl k ruce skladníkovi ve skladišti!), obvinil z politických zločinů, že prý někde v hospodě mluvil s vojáky o zřízení samostatného národního státu ze zemí koruny české a Slovenska se slovanským králem v čele.

Skrivst òg:Slovensko cz Slowakei de Szlovákia hu Slovensko sk

Libeňen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Libeň vert nemnd av Švejk då han vert avhøyrd av Bernis, og med ein anekdote understrekar at han akkurat som ungen som vart funnen i Libeň, er eit hittebarn og ikkje veit kvifor han er funnen og arrestert. Libeň vert nemnd i eit par anekdotar seinare men handlinga vert aldri lagd dit. Sjå òg U Exnerů, Boušek og Na Zavadilce.

Bakgrunn

Libeň er ein bydel og martikkeldistrikt i den nord-austlege delen av Praha. Den fekk byrettar i 1898 men vart innlemma i Praha berre tre år seinare og vart administrativt til Praha VIII. I 1913 var folketalet 27 192 og alle unnatek 420 var oppførde med tsjekkisk som morsmål.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.9] „Poslušně hlásím, že to mohu vysvětlit náramně jednoduchým způsobem. U nás v ulici je uhlíř a ten měl úplně nevinnýho dvouletýho chlapečka a ten se jednou dostal pěšky z Vinohrad až do Libně, kde ho strážník našel sedět na chodníku.
[I.13] „Poslušně hlásím, pane feldkurát,“ poznamenal Švejk, „že je to hotovej nezmar, jako nějakej Boušek z Libně. Vosumnáctkrát za večer ho vyhodili od ,Exnerů’, a vždycky se jim tam vrátil, že tam zapomněl fajfku.

Skrivst òg:Lieben de

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

10. Švejk blir oppassar hos feltpresten

Karlův mosten flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk Švejk-muzeum
karluvmost.jpg

Karlův most sett austover mot Staré Město.

Karlův most er med i handlinga i ein kort setning når Švejk vert eskortert feltprest Katz: "dei gjekk over Karlsbrua i fullkomen tagnad". Brua hadde då alt vore nemnd i [I.4] der Švejk under opphaldet sitt på galehuset nemner eit bad i nærleiken av brua.

Bakgrunn

Karlův most er den eldste og mest kjende brua i Praha og nest eldste brua i heile Tsjekkia etter den i Písek. Den bind saman bydelane Malá Strana og Staré Město. Som landemerke og turistattraksjon høyrer den til landet sine aller fremste.

Bygginga kom i gang 1357 under Karl IV si regjeringstid og brua er kalla opp etter han. Rundt år 1700 fekk den dagens utforming og barokkstatuane vart sette opp. Brua har fleire gonger vore truga av høg vass-stand men kom seg uskadd gjennom storflaumen i 2002 men i 1890 vart den derimot delvis øydelagd.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.1] Šli přes Karlův most za naprostého mlčení. V Karlově ulici promluvil opět malý tlustý na Švejka: „Nevíš, proč tě vedem k polnímu kurátovi?“

Skrivst òg:Charles Bridge en Karlsbrücke de Karlsbrua no

Karlova uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Karlova ulice er åstad for handlinga når Švejk vert førd gjennom Karlova ulice på veg til feltprest Katz i Karlín. Vaktarane spør Švejk om kvifor han vert førd til feltpresten. "Fordi eg skal hengjast i morgon", var svaret. Dermed fekk han sympatien deira og det enda i lystig lag på Na Kuklíku.

Bakgrunn

Karlova ulice er ei gate i Staré Město i Praha. Den går frå Karlův most fram til Staroměstské náměstí.

Sitat
[1.10.1] Šli přes Karlův most za naprostého mlčení. V Karlově ulici promluvil opět malý tlustý na Švejka: „Nevíš, proč tě vedem k polnímu kurátovi?“ „Ke zpovědi,“ řekl ledabyle Švejk, „zítra mě budou věšet. To se vždycky tak dělá a říká se tomu duchovní outěcha.“

Skrivst òg:Karlstrasse de

Josefoven flag
Wikipedia czde Google kartsøk
josefov.png

Seidels kleines Armeeschema, August 1914.

Josefov vert nemnd av den tjukke og optimistiske vaktaren til Švejk på vegen til Katz. Han kom frå området rundt denne byen.

I [I.10] dukkar namnet opp att etter at Švejk på sitt siste besøk på U kalicha treffer ein låsesmed frå Smíchov. Denne trur soldaten er desertør, og fortel at sonen har rømd frå hæren og no oppheld seg hjå bestemora i Jasenná ved Josefov.

Bakgrunn

Josefov er ein festningsby og tidlegare garnisonsby i det austlege Böhmen, nær grensa til Polen. Den er no ein bydel i Jaroměř.

I var 1913 Josefov del av hejtmanství Dvůr Králové nad Labem og okres Jaroměř. Folketalet var 5 438 og av desse var 2 612 forsvarspersonell. På grunn av militæret var talet på tyskarar uvanleg høgt til denne svært tsjekkiske delen av Böhmen å vera: nærare ein fjerdedel av totalen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.1] „Asis se narodil na nešťastné planetě,“ znalecky a se soucitem poznamenal malinký, „u nás v Jasenné u Josefova ještě za pruský války pověsili také tak jednoho. Přišli pro něho, nic mu neřekli a v Josefově ho pověsili.“

Skrivst òg:Josefstadt de

Jasennáen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Jasenná var heimstaden til den tjukke optimistiske vaktaren som eskorterte Švejk til Katz.

I [I.10] dukkar namnet opp att etter at Švejk på sitt siste besøk på U kalicha treffer ein låsesmed frå Smíchov. Denne trur soldaten er desertør, og fortel at sonen har rømd frå hæren og no oppheld seg hjå bestemora i Jasenná ved Josefov.

Bakgrunn

Jasenná (òg Jasená) er ein landsby 8 km søraust for Jaroměř i distriktet Královéhradecko.

I 1913 var Jasenná del av hejtmanství Dvůr Králové nad Labem og okres Jaroměř. Av dei 1 354 innbyggjarane oppga berre ein at han var tysk-språkleg, resten var tsjekkarar.

Hašek i Jasenná

I 1914 vitja Jaroslav Hašek kameraten sin Václav Hrnčíř her, utan tvil inspirasjon for denne setningen i romanen. Opphaldet varde i om lag ein månad. Temaet dukkar òg opp i soga Nebezpečný pracovník som kom på trykk i Humoristické listy 28.august 1914.

Radko Pytlík, Toulavé house, kap. Sarajevo

V Praze začíná to být pro rebela a bývalého anarchistu nebezpečné. Kamarádi radí, aby zmizel z Prahy. Hašek odjíždí hned po vyhlášení války v létě 1914 k příteli Václavu Hrnčířovi do Jasené u Jaroměře. Příhody, které zažil na žních u Samků (jejichž Aninka byla Hrnčířovou nevěstou), popsal v povídce Nebezpečný pracovník. Zdržel se zde asi měsíc.

Eksterne lenkar

KjeldeRadko Pytlík

Sitat
[1.10.1] „Asis se narodil na nešťastné planetě,“ znalecky a se soucitem poznamenal malinký, „u nás v Jasenné u Josefova ještě za pruský války pověsili také tak jednoho. Přišli pro něho, nic mu neřekli a v Josefově ho pověsili.“

Skrivst òg:Jasena de

Preussenen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Preussen vert i romanen fyrst nemnd i samband med "Preussar-krigen", eit folkelege omgrep for den tyske krigen i 1866. Denne krigen er tema for samtalen mellom Švejk og eskorten hans på vegen frå Hradčany til Katz.

I [I.11] vert landet nemnd direkte, no i samband forfattaren si skildring av relegiøse rituale ved avrettingar.

Bakgrunn

Preussen var fram til 1947 ei geografisk og politisk eining, og hadde vore eige kongedøme frå 1701 til 1871. Preussen var den dominerande delstaten i Tyskland fram til 1945. I dag er området delt mellom Tyskland, Polen og Russland. Hovudstaden var Berlin.

Preussar-krigen, oftast kalla den tyske krigen, var ein månad lang væpna konflikt mellom Preussen og Italia på ei side og Austerrike og deira mest sør-tyske forbundsfeller på den andre. Krigen fann stad i 1866 og enda fort med preussisk siger. Det avgjerande slaget stod ved Hradec Králové (Königgrätz) 3. juli 1866. Politisk fekk Austerrike sitt nederlag vidtgåande fylgjer; Ungarn utnytta nederlaget til å krevja likestilling innafor monarkiet, såleis var krigen ei direkte årsak til at Austerrike-Ungarn oppsto som politisk eining.

Sitat
[1.10.1] „Asis se narodil na nešťastné planetě,“ znalecky a se soucitem poznamenal malinký, „u nás v Jasenné u Josefova ještě za pruský války pověsili také tak jednoho. Přišli pro něho, nic mu neřekli a v Josefově ho pověsili.“
[I.11] V Prusku vodil pastor ubožáka pod sekyru...

Skrivst òg:Prusko cz Preußen de Prussia en

Královéhradeckoen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
kralovehradecky.jpg

Hradec Králové

hradecko.png

Národní politika, 5.12.1915

Královéhradecko er heimstad-regionen til dei to soldatane som eskorterte Švejk frå Hradčany til Katz.

Bakgrunn

Královéhradecko er no ein administrativ region i Böhmen som grensar mot Polen. Den har namn etter forvaltnings-setet Hradec Králové, ein av dei 10 største byane i Tsjekkia.

Avisutklipp frå fyrste verdskrigen tyder på at omgrepet gjaldt okres Hradec Králové, eit område som ikkje omfattar Jasenná og Josefov der forfattaren opplyser om at eskorten til Švejk er frå. Hejtmanství Hradec Králové hadde 74 125 innbygjarar (1913), okres med same namn talde 55 521 og av desse budde 11 065 i sjølve kretshovudstaden.

Det er likevel lite truleg at forfattaren blanda dess omgrepa, så solide som geografikunnskapane hans var. Královéhradecko var òg namned på eit tidelgare kraj, ei administrativ eining som hadde vore i over hundre år men som i 1862 vart avskaffa. Namnet ville naturleg nok leva vidare lenge så det er nok dette forfattaren meinar med Královéhradecko. Kraj (Kreis) var ei langt større eining enn hejtmanství og i dette tilfellet inkluderte den òg Jasenná. I 1862 var det totalt 13 kraj i Böhmen. Ottův slovník naučný omtalar òg Hradec Králové som "kretsby" så ordet vart enno brukt sjølv i formell litteratur. I rettsdistriktsinndelinga var òg omgrepet enno i bruk, som i krajský soud (Kreisgericht). Det må òg noterast at den adminstrative eininga vart gjenoppretta i 1920 med omgrepet Žup, altså eksisterete den då romanen vart skriven.

Byen er i historia mest kjend for slaget mellom Austerrike og Preussen i 1866, i utlandet kjendt som slaget ved Königgrätz. Det austerrikske nederlaget der vart utnytta av ungararane til å oppnå likestillinga innafor Habsburg-monarkiet. Dette såkalla "Ausgleich" førde direkte til opprettinga av Austerrike-Ungarn i 1867.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.1] Zakouřili si všichni a průvodčí počali sdělovat jemu o svých rodinách na Královéhradecku, o ženách, dětech, o kousku políčka, o jedné krávě.

Skrivst òg:Region Königgrätz de

Pankrácen flag
Wikipedia czen Google kartsøk
pankrac1.png

Vilímek's Führer durch Prag und die Ausstellung, 1891

Pankrác vert introdusert alt av Palivec i fyrste kapittelet men då er det heilt konkret Věznice Pankrác han meiner. Dette gjeld òg i [I.3] der den uheldige dreiebenk-operatøeren som braut seg inn i Podolský kostelík vart fengsla og seinare døydde.

Staden sjølv dukkar seinare opp i den kjende songen "Na Pankráci" som vert sungen når Švejk med fylgje kjem inn på Na Kuklíku.

Fjerde gongen Pankrác vert nemnd er når forfattaren opplyser om at ein av Švejk sine forgjengarar som tenar for Lukáš hadde selgd hunden til sin føresette til rakkaren ved Pankrác (sjå Pohodnice Pankrác) og stukke pengane i eiga lomme.

Bakgrunn

Pankrác er den øvre delen av Nusle i Praha, oppattkalla etter Sankt Pankras. Området er mest kjend for fengselet men vart og eit viktig industriområde. No (2015) er det eit forretnings- og adminstrasjons-strok med fleire høgbygg og tilhaldstad for internasjonale firma. Sjå ellers Věznice Pankrác.

Pankrác var i 1913 ein bydel i okres og by Nusle, hejtmanství Královské Vinohrady. Folketalet var 8119 og bydelen talde offisielt 170 hus. Eit stort fleirtal av innbyggjarane var tsjekkarar. Pankrác tilhøyrde Nusle katolske prestegjeld men hadde eige postkontor.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.1]
Na Pankráci, tam na tom vršíčku, 
stojí pěkné stromořadí...
[1.14.3] Kanárka mořili hladem, jeden sluha angorské kočce vyrazil jedno oko, stájový pinč byl od nich práskán na potkání a nakonec jeden z předchůdců Švejka odvedl chudáka na Pankrác k pohodnému, kde ho dal utratit, nelituje dát ze své kapsy deset korun.
Florencen flag
Wikipedia czde Google kartsøk Švejk-muzeum
florenc.png

Prager Abendblatt, 23.3.1915

Florenc er der Švejk og dei to etter kvart snydens vaktarane hans er innom ein kafé, eigentleg bak Florenc. Dette er siste stopp før dei er på plass hjå feltprest Katz. Den tjukke av vaktarane selde sølvuret sitt her for å kunna hygga seg vidare.

Bakgrunn

Florenc er eit lite område i Praha, austover frå sentrum i retning Karlín. Den er no ei trafikkmaskin og den enorme buss-stasjonen ligg òg her. Heile bydelen sto under vatn under århundresflaumen i 2002.

Namnet Florenc oppsto på 1400-talet, truleg kalla opp etter italienske arbeidarar som slo seg ned her. Ettersom Florenc aldri var ei administrativ eining er grensene er uklåre men heile området låg i Praha II. og gata Na Florenci definerer laust stroket. Mest kjende bygningen var (og er) Museum města Prahy (Praha bymuseum).

Sitat
[1.10.1] Stavili se za Florencí v malé kavárničce, kde tlustý prodal své stříbrné hodinky, aby se mohli ještě dále veselit.
Karlínen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
karlin.png

Karlín 1909

Karlín var bydelen der Katz budde, nærmare bestemt i Královská třída (no Sokolovská třída). Me kan gú ut frú at kontoret hans var i Ferdinandova kasárna som lúg i nabolaget. Handlinga i [I.10-13] føregår til dels i Karlín, mest i bustaden til Katz. Bydelen og stader her vert dessutan nemnd i fleire anekdotar seinare i boka.

Bakgrunn

Karlín er ein bydel i Praha som grensar mot Vltava, Praha II., Žižkov og Libeň. Bydelen var fram til 1922 eigen by.

Ferdinandova kasárna (òg kalla Karlínska kasárna) låg her og var hovudsetet for IR91 fram til august 1914. Sjå Regimentskanzlei IR91. Karlín var eit industristrok der mellom anna den svære fabrikken Daňkovka heldt til. Ein anna viktig institusjon i byen var Invalidovna, under verdskrigen brukt som lasarett. I moderne tid, fram til 2013, husa bygningen Vojenské Ústřední Archiv (Det sentrale militærarkivet).

Karlín by hadde 24 230 innbyggjarar i 1913, av desse opppga 15 prosent seg med tysk nasjonalitet. Byen hadde dessutan 1 773 militære, mellom desse var fordelinga mellom nasjonalitetane nokså jamn. Karlín var òg setet for "hejtmanství" og "okres" med same namn, faktisk identiske i utstrekning. Kretsen talde totalt 69 184 innbyggjarar og dei største stadene var Troja, Kobylisy og Vysočany.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.1] Na úsměvy diváků odpovídal Švejk měkkým úsměvem, teplem a něhou svých dobráckých očí. A tak šli do Karlína, do bytu polního kuráta. První promluvil na Švejka malý tlustý. Byli právě na Malé Straně dole pod podloubím. „Odkud jseš?“ otázal se malý tlustý. „Z Prahy.“

Skrivst òg:Karolinenthal de

Královská třídaen flag
Wikipedia cz Google kartsøk Švejk-muzeum

Královská třída var gata i Karlín der Katz budde. Ein veit ikkje eksakt kvar men truleg budde feltpresten i den delen av gata som låg nærast Ferdinandova kasárna (der han truleg tenestegjorde).

Bakgrunn

Královská třída (no Sokolovská) er ein lang aveny i Praha som bind saman Praha II., Karlín, Libeň og Vysočany.

Sitat
[1.10.1] Švejk je neustále musel upozorňovat, když šel naproti důstojník nebo nějaká šarže. Po nadlidském úsilí a namáhání podařilo se Švejkovi přivléct je k domu v Královské třídě, kde bydlel polní kurát.

Skrivst òg:Königstraße de

Vatikaneten flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk

Vatikanet vert nemnd av Katz i fyllerøret i drosjen på veg heim frå festen hjå Helmich. Han hevdar at Vatikanet interesserer seg for han.

Bakgrunn

Vatikanet er senteret for den romersk-katolske kyrkja, og namnet på den tilhøyrande mikrostaten midt i Roma. Her er det truleg vist til Den Heilage Stol som institusjon heller enn sjølve Vatikanstaten. Pave frå 1904 til 20.august 1914 var Pius X, som vart etterfylgd av Benedikt XV. Sjå òg Paven.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.2] Já byl u arcibiskupa,“ hulákal, drže se vrat v průjezdu. „Vatikán se o mne zajímá, rozumíte?“

Skrivst òg:Vatikán cz Vatican en

Domažliceen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Domažlice er nemnd i ein song Katz syng i fylleturen i drosjen tilbake frå Helmich. Byen vert seinare omtala i fleire anekdotar, mellom anna av Marek i forteljinga om redaktøren som fann opp nye dyr. Ein av Hašek sin næreste vener, Hájek, dukkar opp i fleire av desse forteljingane.

Bakgrunn

Domažlice er ein by med omtrent 11 000 innbyggjarar i Plzeňský kraj i Vest-Böhmen, under 20 km frå den bayerske grensa. Jaroslav Hašek vitja byen i 1904 på veg heim frå ei vandring i Bayern. Han budde hjå venen Hájek og familien hans.

Domažlice by hadde 8 170 innbyggjarar i 1913, og av desse var nesten alle tsjekkiske. Byen var òg sete for hejtmanství og okres med same name. Militært låg byen i rekrutteringsområdet til IR35 (Ergänzungsbezirk Nr. 35, Pilsen).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.2] Vzpomínám na zlaté časy, když mne houpal na klíně, bydleli jsme toho času u Domažlic v Merklíně.

Skrivst òg:Taus de

Merklínen flag
Wikipedia czen Google kartsøk

Merklín vert nemnd i ein song som Katz syng på fylleturen i drosjen.

Bakgrunn

Merklín er ein landsby mellom Domažlice og Plzeň. Ved siste folketeljing (2006) hadde den 1 035 innbyggjarar.

Merklín tilhøyrde hejtmanství og okres Přestice ved Plzeň. I 1913 var innbyggjartalet 1 789, av desse oppgav meir enn ni av ti tsjekkisk som nasjonalitet.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.2]
Vzpomínám na zlaté časy, 
když mne houpal na klíně, 
bydleli jsme toho času 
u Domažlic v Merklíně.
Nymburken flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Nymburk kjem fram når Katz på drosjeturen på veg heim frå overløytnant Helmich fyllerører om Nymburk stasjon.

Bakgrunn

Nymburk er ein by med omtrent 14 000 innbyggjarar ved Elbe. Den ligg 45 km aust for Praha og er mellom anna kjend som oppvekstbyen til Bohumil Hrabal, ein forfattar som var sterkt inspirert av Jaroslav Hašek.

Nymburk by talde 10 169 innbyggjarar i 1913, og nesten alle var tsjekkiske. Den var senter for okres av same namn som i sin tur høyrde til hejtmanství Poděbrady.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.2] Potom počal považovat drožku za vlak, a nahýbaje se ven, křičel do ulice česky a německy: „Nymburk, přestupovat!“

Skrivst òg:Nimburg de

Podmoklyen flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Podmokly vert nemnd av Katz når han vil hoppa ut av drosjen avdi han trur han er på eit tog og får det for seg at han er i Podmokly i staden for Budějovice.

Bakgrunn

Podmokly er namnet på fire stader i Tsjekkia. Her er det snakk om ein stad med jernbanestasjon, dermed handlar heilt sikkert om Podmokly ved Děčín. Den tyske oversetjinga til Grete Reiner underbyggjer denne antakelsen: her vert staden kalla Bodenbach.

Fram til 1945 var byen overvegande tysktalande. Podmokly er i dag ein del av Děčín og stasjonen heiter no Děčín hlavní nádraží. Den er siste stopp før grensa mot Tyskland og alle toga mellom Berlin og Praha har opphald her.

Byen Bodenbach hadde 12 471 innbyggjarar i 1913, og nesten alle var av tysk nasjonalitet. Byen tilhøyrde okres og hejtmanství Děčín (Tetschen).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.2] Jen jednou učinil pokus se vzbouřit a vyskočit z drožky, prohlásiv, že dál již nepojede, že ví, že místo do Budějovic jedou do Podmoklí.

Skrivst òg:Bodenbach de

Gorgonzolaen flag
Wikipedia czdeenitno Google kartsøk
gorgonzola.png

Národní politika, 8.12.1908

Gorgonzola vert nemnd av Katz i drosjen på veg heim frå Helmich. Den fulle Katz spør Švejk ulike spørsmål: om han er gift, om han gjerne et gorgonzola-ost, og om han nokon gong har hatt veggedyr heime!

Bakgrunn

Gorgonzola viser her til den kjende blåskimmelosten frå Gorgonzola ved Milano. Osten har ei historie som går bak meir enn tusen år, og var sjølvsagt godt kjend òg i Austerrike-Ungarn. Den vart mellom anna produsert ved meieriet i Hall in Tirol (som òg laga Emmental og andre kjende ostar).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.2] Byl také zvědav, není-li prosinec nebo červen, a projevil velkou schopnost klásti nejrůznější otázky: „Jste ženat? Jíte rád gorgonzolu? Měli jste doma štěnice? Máte se dobře? Měl váš pes psinku?“
Mährenen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Mähren vert fyrst nemnd av Katz når han fortel Švejk at han her hadde han drukke den beste borovička (einerbrennevin) nokonsinne. Seinare i romanen er regionen omtala nokre gonger, mellom anna i omtalen av oberst Kraus, dertter i Putim i [II.3] og i samtalen med feltprest Martinec i [IV.2].

Mange stader i Mähren er nemnde i romanen, mellom dei Brno, Moravská Ostrava, Jihlava, Hodonín, Přerov, Hostýn, Šternberk og Nový Jičín.

Ein del personar frå Mähren er dessutan nemnde: Kohn, Martinec, Lacina, Nemrava, Kadlčák, og sist men ikkje minst: Masaryk.

Bakgrunn

Mähren er ein historisk region i Sentral-Europa som ikkje lenger er ei administrativ eining. Saman med det historiske området Böhmen og litt av Schlesien utgjer det Tsjekkia. Hovudstaden er Brno og regionen er kalla opp etter elva Morava (tysk March).

Andre viktige byar er Moravská Ostrava (industri) og gamle og vakre Olomouc som er erkebiskop-sete og eit framstånde utdannings-sentrum. Olomouc var òg Habsburgarane sin reserve-hovudstad i periodar då Wien var truga. Under Austerrike-Ungarn hadde Mähren status som Kronland. I 1910 utgjorde tsjekkarane over 70 prosent av befolkninga, men med store tyske mindretal. I byar som Brno, Olomouc, Vyškov og Jihlava var tyskarane i fleirtal.

Jaroslav Hašek reiste langt sjeldnare her enn i Böhmen men var innom på turane sine til Galicia og Slovakia kvart år frå 1900 til 1903 og i 1905 var han i Jihlava. Tidleg i august 1903 vart opphaldet ufrivilleg forlenga; han vart fenglsa for lausgjengeri i Frýdek-Místek [4].

Sitat
[1.10.3] Taková borovička není ani chutná, nemá ani barvu, pálí v krku. A kdyby byla aspoň pravá, destilát z jalovce, jakou jsem jednou pil na Moravě. Ale tahle borovička byla z nějakého dřevěného lihu a olejů.
[1.14.3] Nejvíc mně dalo práce ho přebarvit, aby měl barvu pepř a sůl. Tak se dostal se svým pánem až na Moravu a vod tý doby jsem ho neviděl.
[1.15.0] Nikdy nedorazil nikam včas, vodil pluk v kolonách proti strojním puškám a kdysi před lety stalo se při císařských manévrech na českém jihu, že se úplně s plukem ztratil, dostal se s ním až na Moravu, kde se s ním potloukal ještě několik dní po tom, když už bylo po manévrech a vojáci leželi v kasárnách.

Skrivst òg:Morava cz Mähren de Moravia en

Josefoven flag
Wikipedia czdedken Google kartsøk
studenacesta.png

Výroba lihovin na studené cestě, 1877

uzidech.png

Břetislav Hůla. Vysvětlíky. © LA-PNP

Josefov er fyrst nemnd under omgrepet "av jødane" når Katz fortel Švejk om korleis sprit skal vera framstilt, og ikkje kald-destillert i ein fabrikk av jødane.

Bydelen dukkar opp att med same utrykk att når Švejk møter Lukáš. Sistnemnde gir sin "pucflék" ei førelesing i god framferd, noko som ikkje inneber å stela paradeuniforma til sin føresette for å selgja den "i Jødane" (i.e. Josefov), slik ein av dei tidlegare tenarane hans hadde gjort.

Seinare, i [IV.2], vert same omgrepet brukt i ein anekdote som Švejk fortel feldkurát Martinec i cella i Przemyśl (sjå Faustýn). Ordet Josefov er aldri brukt direkte i romanen.

Bakgrunn

Josefov er ein del av Praha, Staré Město. Fram til 1922 var den ein eigen bydel, og kjend som Praha V. Frå slutten av 1800-talet gjennomgjekk bydelen ei sanering som endra utsjånaden til den drastisk. Svært få av dei gamle husa stod att.

Praha V. var den minste av bydelene, i 1913 hadde den berre 3376 innbyggjarar. Av desse var 678 oppførde som tyske, den høgaste prosentdelen av ikkje-tsjekkarar av alle bydelene. Dette skuldast utan tvil det høge talet på jødar. Josefov omfatta grovt sett området vest for Mikulášská třída mot Vltava.

Det jødiske samfunnet i Praha vart så godt som utrydda av nazistane under okkupasjonen frå 1939 til 1945. Franz Kafka er nok den mest berømte personen frå bydelen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.3] Kořalka je jed,“ rozhodl se, „musí být původní originál, pravá, a nikoliv vyráběná ve fabrice na studené cestě od židů. To je jako s rumem. Dobrý rum je vzácností.
[1.14.3] "U mě musíte si čistit boty, mít svou uniformu v pořádku, knoflíky správné přišité a musíte dělat dojem vojáka, a ne nějakého civilního otrapy. Jest to zvláštní, že vy neumíte se žádný držet vojensky. Jen jeden měl ze všech těch mých sluhů bojovné vzezření, a nakonec mně ukradl parádní uniformu a prodal ji v Židech.
[4.2] Já dál na světě bejt živ nemůžu, já poctivej člověk sem žalovanej pro kuplířství jako ňákej pasák ze Židů.

Skrivst òg:Jüdisches Viertel de Jewish Quarter en Jødekvarteret no

Vršoviceen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejk-muzeum
vrsovice.jpg

Vršovice 1910

Vršovice var Švejk var innom då han lånte pengar av overløytnant Mahler. In neste kapittele vert det eit noko lengre besøk her då feltpresten og tenaren hans måtte dit for å få tak i felt-altaret. Sjå Vršovice kostel. I [I.14] og [I.15] føregår truleg handlinga stort sett her då Švejk var tenar hjå overløytnant Lukáš (utan at dette er sagt direkte).

Bakgrunn

Vršovice er frå 1922 ein bydel i Praha som no ligg innafor hovudstaden sitt 10. distrikt.

Vršovice var frå 1902 til 1922 ein eigen by med nesten 25 000 innbygjarar (1913) i hejtmanství Královské Vinohrady. Over tusen av desse var tilknytta militæret, det var to kaserner i byen. IR73 ("Egerregiment") heldt til her med stab og 3 bataljonar. Vršovice var òg eigen okres, i 1913 var folketalet 31 284. Sjå òg Vršovice kasárna.

Hašek i Vršovice

Jaroslav Hašek budde i Vršovice med kona Jarmila i 1911 og 1912, og det var her i hus nummer 363 (Palackého třída, no Moskevská) at sonen Richard vart fødd 2.mai 1912. Forfattaren var registrert med adresse her 28.desember 1911, men alt 29.juli 1912 var han oppførd i Královské Vinohrady. Det var òg kona hans som no hadde flytta heim til foreldra i Dejvice. Brotet må såleis ha skjedd kort tid etter at sonen var fødd.

Eksterne lenkar

KjeldeRadko Pytlík, Jaroslav Šerák

Sitat
[1.10.3] Jestli tam nepochodíte, tak půjdete do Vršovic, do kasáren k nadporučíkovi Mahlerovi.
Zbraslaven flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Zbraslav vert nemnd i fyllepratet til feltprest Katz når han trur Švejk er ei dame som har ein villa i Zbraslav.

Bakgrunn

Zbraslav er ein bydel i Praha, 10 km sør for sentrum, der elva Berounka renn ut i Vltava. Zbraslav vart ein del av Praha så seint som i 1974.

Zbraslav var i 1913 eit samfunn med 1 772 innbyggjarar i okres med same namn, hejtmanství Smíchov. Den hadde både kyrkjesokn og postkontor. Kretsen var derimot mykje større, med 28 094 innbyggjarar. Den omfatta fleire stader som ellers er nemnde i romanen: Záběhlice, Všenory, Mníšek og Chuchle.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.3] Vy máte vilu na Zbraslavi. A můžete jezdit parníkem po Vltavě. Víte, co je to Vltava?“

Skrivst òg:Königsaal de

Steinhofen flag
Wikipedia deenruuk Google kartsøk Švejk-muzeum
thalerhof.jpg

Var Thalerhof den "K.u.k Konzentrationslager Steinhof" Hašek eigentleg meinte?

thalerhof.png

Salzburger Chronik, 13.12.1914

Steinhof var konsentrasjonsleiren der Müllerová sat innesperra utan dom. Ho hadde vorte arrestert same kvelden som ho køyrde Švejk til mønstring i rullestol.

Bakgrunn

Steinhof er av forfattaren omtala som ein konsentrasjonsleir men det er uvisst kva stad han viser til. Steinhof ved Wien er ein usannsynleg teori sjølv om namnet stemmer. Frå 1907 heldt den største psykiatriske institusjonen i Dobbeltmonarkiet til her, men det var ingen konsentrasjonsleir her under 1. verdskrigen.

Skot i blinde

Milan Hodík er inne på om det kan dreia seg om Stein an der Donau der det låg eit fengsel. Radko Pytlík nemner Kamenný Dvůr (tysk Steinhof) ved Cheb som ein kanditat men er usikker. Antonín Měšťan hevdar at det låg ein konsentrasjonsleir i Steinhof, men seier ikkje meir om kvar denne "Steinhof" faktisk låg.

Thalerhof

Ein langt meir solid peikepinn er Jaroslav Hašek sin korte roman frå 1917, kalla Dobrý voják Švejk v zajetí. Her vert leiren Thalerhof ved Graz omtala direkte og forfattaren let jamvel Švejk bli internert her. Den var ein av dei fyrste konsentrasjonsleirane i Europa, i drift frå 5.september 1914. Dei fleste av dei internerte var politisk mistenkelege ukrainarar (russofile) men ein del tsjekkarar fann òg vegen hit. Ein kan difor sjå for seg at forfattaren har hatt Thalerhof i tankane men ikkje hugsa namnet i farten.

Steinklamm

Jaroslav Šerák (2019) peikar på ei anna mogeleg namneforveksling. Her er det snakk om Steinklamm, ein leir i Bezirk St. Pölten som i 1914 vart oppretta for flyktningar men som seinare var brukt som fangeleier, òg for politisk mistenkelege sivilistar. Her som i Thalerhof braut det ut flekktyfus og tidleg i mai 1915 vart dette skrive om i fleire aviser.

Namneendring i siste liten
steinhof.png

Klosterneuburg bytt ut med Steinhof i manuskriptet

© LA-PNP

Manuskriptet til Švejk er òg verd å studera. Forfattaren la faktisk fyrst leiren til Klosterneuburg før han strauk over det og endra namnet til Steinhof. Ein bør dermed vera forsikting med å leggja altfor mykje betydning i valget av namn på leiren der Müllerová vart internert.

Antonín Měšťan

So gab es in Steinhof in der Tat während des Ersten Weltkriegs ein österreichisches Konzentrationslager (I. 113/118) sowie in Hainburg eine Kadettenschule (I. 268/274).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.4] Starou paní soudili vojenskými soudy a odvezli, poněvadž jí nic nemohli dokázat, do koncentračního tábora do Steinhofu.
[1.10.4] A přes celý lístek růžové razítko: Zensuriert. K. u. k. Konzentrationslager Steinhof.
Smíchoven flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Smíchov er såvidt nemnd når ein låsesmed frå bydelen kontaktar Švejk utafor U kalicha då Švejk er innom for siste gong og har vorte nekta servering. Ellers er bydelen lite nemnd, men i [III.4] kjem det fram at løytnant Dub budde her. Ølet frå Smíchov vert nemnd in den vidkjende avskjeds-scena mellom Švejk og Vodička i Királyhida [II.4].

Bakgrunn

Smíchov er ein bydel i Praha, vest for Vltava i den sørlege delen av byen. Smíchov har ein større jernbanestasjon, er ein industriell bydel, og er kjend for bryggeriet Staropramen. Den tidlegare byen vart ein del av Praha i 1922.

I 1913 var Smíchov ein by som med sitt tilhøyrande distrikt omfatta store deler av det som no er den vestlege delen av Praha. Den var sentrum i hejtmanství og okres med same namn, og hetjmanství Smíchov var svært folkerikt med 167 830 innbyggjarar - faktisk større enn noko anna distrikt i Böhmen med unnatak av Praha. Okres Smíchov åleine talde 139 736 der om lag 95 prosent var tsjekkarar. Byen i seg sjølv var òg betydeleg med 51 791 innbyggjarar, noko som gjorde den til ein av dei største i Böhmen. Hejtmanství Smíchov inneheldt dessutan okres Zbraslav. Innafor sjølve okres Smíchov låg fleire av stadene som er nemnde i romanen. Mellom desse er Břevnov, Dejvice, Klamovka, Kobylisy, Košíře, Motol, Roztoky og Horní Stodůlky.

Hašek og Smíchov
strana.png

"Pod černým vrchem" i 1912

Jaroslav Hašek budde i Smíchov frå 1909 til 1911, eller meir presist i Košíře der han var redaktør for tidskriftet Svět zvírat og seinare dreiv sitt Kynologiske institutt. Det er mange stader i Smíchov som har knyting til Hašek, ikkje minst vertshuset Pod černým vrchem der Strana mírného pokroku v mezích zákona heldt nokre av møta sine og der det vidkjende biletet av fire partimedlemmer med sine fire øl vart teke.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.10.4] Při té rozmluvě byl jeden starší pán, zámečník ze Smíchova, který šel ke Švejkovi a řekl k němu: „Prosím vás, pane, počkejte na mne venku, já s vámi musím mluvit.“
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

11. Švejk på feltmesse med feltpresten

Ny-Guineaen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
newguinea.jpg

Tyske reservistar i Ny-Guinea i 1914

Ny-Guinea vert nemnd av forfattaren i samband med kannibalar sine relegiøse riuale, som han samanliknar med dagens rituale relatert til krigføringa. Dette er introduksjonen hans til Katz og Švejk si feltmesse.

Bakgrunn

Ny-Guinea var i 1914 delt mellom Nederland, Storbritannia og Tyskland men allereie i 1914 vart den tyske delen okkupert av australske styrkar.

Ny-Guinea er nest største øya i verda og ligg like nord for Australia. Politisk er øya i dag delt mellom Papua Ny-Guinea og Indonesia.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.11.1] Lidožrouti ostrovů Guinejských a Polynesie, než sežerou slavnostně své zajatce či lidi nepotřebné, jako misionáře, cestovatele a jednatele různých obchodních firem či prosté zvědavce, obětují předtím svým bohům, vykonávajíce nejrozmanitější náboženské výkony. Poněvadž k nim nepronikla ještě kultura ornátů, vyzdobují své hyždě věnci z pestrého péří lesního ptactva.

Skrivst òg:Guinea Hašek Nová Guinea cz Neuguinea de New Guinea en

Polynesiaen flag
Wikipedia czdeenfrnnno Google kartsøk

Polynesia er nemnd når forfattaren omtalar relegiøse rituale i samband med avrettingar.

Bakgrunn

Polynesia er eit fellesomgrep for øygruppene i dei sentrale og sørlege delane av Stillehavet, og består av over 1000 øyar. Omgrepet "Polynesia" vart opprinneleg brukt om alle øyane i Stillehavet. Den einaste større politiske og geografiske eininga er New Zealand. Den amerikanske delstaten Hawaii ligg òg i Polynesia. Øyane er dels sjølstendige og dels underlagd andre statar (USA, Chile, Frankrike og Australia). Fram til 1914 var òg Tyskland representert (Samoa).

Sitat
[1.11.1] Lidožrouti ostrovů Guinejských a Polynesie, než sežerou slavnostně své zajatce či lidi nepotřebné, jako misionáře, cestovatele a jednatele různých obchodních firem či prosté zvědavce, obětují předtím svým bohům, vykonávajíce nejrozmanitější náboženské výkony.

Skrivst òg:Polynésie cz Polynesien de Polynésie fr

Spaniaen flag
Wikipedia czdeenesnnno Google kartsøk

Spania vert nemnd av forfattaren når han fortel om avrettingsmetodar og tilhøyrande rituale der prestar deltek. Her er det snakk om "ein stol der offeret vert kvelt", heilt sikkert garotten (el garrote). Dette avrettingsinstrumentet har vore i bruk heilt opp til våre dagar, og ikkje berre i Spania.

Landet vart indirekte nemnd alt i [I.2] gjennom omgrepet "spanskestøvelen", eit tortur-instrument. Av geografiske punkt i Spania inngår Toledo og Madrid andre stader i romanen. Av spanske personar er Ignatius av Loyola den einaste som er vist til. Litterærer figurer er det derimot fleire av: Don Quijote, Sancho Panza og den enno uidentifiserte Almavira (hertugen av) og tenaren hans Fernando.

Bakgrunn

Spania var i 1914 eit kongedøme og heldt seg nøytralt i verdskrigen. Konfliktar med Tyskland oppsto avdi ein del spanske skip vart senka, men det kom aldri til væpna aksjon frå spansk side.

Sitat
[1.11.1] V Prusku vodil pastor ubožáka pod sekyru, v Rakousku katolický kněz k šibenici, ve Francii pod gilotinu, v Americe kněz na elektrickou stolici, ve Španělsku na židli, kde byl důmyslným způsobem uškrcen, a v Rusku bradatý pop revolucionáře atd.

Skrivst òg:Španělsko cz Spanien de Spain en España es

Bremenen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Bremen vert nemnd av Švejk då han fortel Katz at han hadde lærd å laga grog i Bremen, då han for nokre år sidan var der på vandring. Bremen er ein av dei få stadene utafor Böhmen der Švejk seier rett ut han har vitja.

Bakgrunn

Bremen er ein hamneby nordvest i Tyskland, 60 km sør for munninga av Weser. På Švejk si tid hadde den status som Freie Hansestadt (fri Hanseatisk by).

Sjølv om Švejk seier han var vore i Bremen er det ikkje påvist at forfattaren sjølv nokon gong var der, så det er uvisst kva han har henta inspirasjon til denne soga frå. Ei mogeleg kjelde er Zdeněk Matěj Kuděj som reiste til New York frå Cuxhaven 17.mars 1903 og som godt kan ha vitja nabobyen Bremen på vegen.

Noko Jaroslav Hašek heilt sikkert var godt informert om var Bremer Räterepublik frå tidleg i 1919, ein av dei to mest kjende rådsrepublikkane på tysk jord. Den revolusjonære republikken varde i ein månad.

Sitat
[1.11.2] „Když jsem před léty vandroval,“ odpověděl Švejk, „v Brémách od jednoho zpustlýho námořníka, který říkal, že grog musí být tak silný, aby, když někdo spadne do moře, přeplaval celej kanál La Manche. Po slabým grogu se utopí jako štěně.“

Skrivst òg:Brémy cz

Den engelske kanalen flag
Wikipedia czdeenfrnnno Google kartsøk

Den engelske kanal vert nemnd når Švejk fortel Katz at grog må vera så sterk at ein kan symja over kanalen med ein slik innabords.

Bakgrunn

Den engelske kanal er sundet som skil England og Frankrike. Det er ein del av Atlanterhavet, og knyter dette til Nordsjøen. Kanalen er smalast mellom Dover og Calais der han er 34 km breid.

Sitat
[1.11.2] „Když jsem před léty vandroval,“ odpověděl Švejk, „v Brémách od jednoho zpustlýho námořníka, který říkal, že grog musí být tak silný, aby, když někdo spadne do moře, přeplaval celej kanál La Manche. Po slabým grogu se utopí jako štěně.“

Skrivst òg:kanál La manche cz Ärmelkanal de The English Channel en La Manche fr

Mödlingen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
modling.jpg

Mödling 1908. © Ulf Seidl

Mödling vert nemnd av forfattaren i samband med løpet Wien - Mödling der overløytnant Witinger hadde vunne pokalen feltprest Katz brukte som kalk ved feltmessa. Witinger hadde sprunge 40 km på 1 time og 48 minutt.

Bakgrunn

Mödling er ein by i Niederösterreich, med eit folketal (pr. 2007) på cirka 21 000. Byen ligg 16 kilometer sør for Wien og vert gjerne omtala som Perle des Wienerwaldes.

At Witinger hadde sprunge 40 km på 1:48 tyder på at forfattaren sin fantasi her var i full sving eller att han visste ting ettertida ikkje har fått med seg. Verdsrekorden i maraton (41 185 meter) per 2016 er på 2.02.57 og vart sett av Dennis Kimetto i Berlin i 2014. Dette er det fyrste døme i romanen på forfattaren si manglande interresse for kronologisk presisjon. Jaroslav Hašek kan dessutan ha bomma på distansen, den faktiske avstanden mellom byane (16 km) gir ein peikepinn.

Når det er sagt kan det godt vera at forfattaren ironiserer over skrytepaven Witinger og at han visste svært godt kor langt det var mellom stadene og kor lang tid det tok å springa 40 kilometer.

Sitat
[1.11.2] Tak dostaneme sportovní pohár od nadporučíka Witingra od 75. pluku. On kdysi před lety běhal o závod a vyhrál jej za ,Sport-Favorit’. Byl to dobrý běžec. Dělal čtyřicet kilometrů Vídeň-Mödling za 1 hodinu 48 minut, jak se nám vždycky chlubí. Jsem hovado, že všechno odkládám na poslední chvíli. Proč jsem se, trouba, nepodíval do té pohovky.“
Zhořen flag
Wikipedia czde Google kartsøk
zhor.jpg

Zhoř ved Písek

Zhoř er nemnd i ein anekdote av Švejk der presten i Vršovice blir trua med dei verste konskevensar om ikkje feltaltaret, militære eigedom, vert levert tilbake. Staden dukkar opp att på ny i samband med Špatina i [III.2].

Bakgrunn

Zhoř er namnet på mange stader i Böhmen. Forfattaren har nok kjendt til dei fleste av desse, så det er uvisst kva for ein han meiner. Ein må likevel gå ut frå at det er frå distrikt han kjende godt f.eks Vysočina eller Sør-Böhmen. Zhoř ved Vilémov er ein klår kandidat ettersom den er nemnd i same anekdoterekkja som Chotěboř.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.11.2] Jeden člověk ve Zhoři taky vyoral nějakej kalich na poli, kterej pocházel ze svatokrádeže a byl tam schovanej na lepší doby, až se na to zapomene, a považoval to taky za pokyn boží a šel, místo aby jej rozšmelcoval, k panu faráři s tím kalichem, že prý ho chce darovat kostelu.
Chotěbořen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
chotebor1.png

Panský dům. Fotografie László Polgár

Chotěboř er nemnd i samtalen Švejk har med presten i Vršovice, relatert til ein viss Pivoňka.

Bakgrunn

Chotěboř er ein by i Vysočina med 9 633 innbyggarar (2011). Den ligg 14 km nordaust for Havlíčkův Brod og høyrer til det likelydande distriktet.

I 1913 var byen del av hejtmanství og L(okres av same namn, innbygggjartalet var 4 481 og alle unnatake 9 var oppførde som tsjekkarar.

Hašek i Chotěboř

Jaroslav Hašek vitja Chotěboř sommaren 1912 og dette opphaldet var utan tvil grunnlaget for soga Zrádce národa v Chotěboři (Landssvikaren i Chotěboř). Denne kom på trykk i det satiriske bladet Kopřivy 10. oktober same året. Forfattaren overnatta i Panský dům og det er sett opp ei minnetavle til hans ære her.

Eksterne lenkar

KjeldeRadko Pytlík, László Polgár

Sitat
[1.11.2] Nějakej Pivoňka z Chotěboře považoval jednou také za boží řízení, když se mu do rukou připletla ohlávka s cizí krávou.
Zambezien flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Zambezi er nemnd i omtalen av feltaltaret som like gjerne kunne vore brukt av heidningar frå dei traktene.

Bakgrunn

Zambezi er Afrikas fjerde lengste elv og går frå vest mot aust i det sørlige Afrika.

Sitat
[1.11.2] Nebylo také možno zjistit bez fantasie, co vlastně představují obrazy namalované na těch třech dílech. Jisto je, že to byl oltář, kterého by mohli stejně používat nějací pohani na Zambezi či šamáni Burjatů i Mongolů.

Skrivst òg:Sambesi de

Burjatiaen flag
Wikipedia czdeennnru Google kartsøk
burjatia.jpg

Gusinoje Osero (Гусиное Озеро)

Burjatia er nemnd i forfattaren sin omtale av feltaltaret som i fylgje han like gjerne kunne vore brukt av burjatiske og mongolske sjamanar.

Bakgrunn

Burjatia er ein autonom republikk i Sibir mellom Baikal-sjøen og Mongolia. Burjatane er eit folkeslag av mongolsk avstamning, no er dei i mindretal i republikken. I 1923 var Burjatia ein autonom sovjetrepublikk (ASSR). Hovudstaden er Ulan-Ude og den Transsibirske jernbana går gjennom republikken.

Jaroslav Hašek dreiv i 1920 propaganda-arbeid blandt burjatane og lærde seg litt av språket. Det er påvist at han vitja området og minst var så langt som til Гусиное Озеро (Gusinoje Osero), nær den mongolske grensa.

Eksterne lenkar

Kjelde: Pavel Gan

Sitat
[1.11.2] Nebylo také možno zjistit bez fantasie, co vlastně představují obrazy namalované na těch třech dílech. Jisto je, že to byl oltář, kterého by mohli stejně používat nějací pohani na Zambezi či šamáni Burjatů i Mongolů.

Skrivst òg:Буряад Республика bu Burjatsko cz Burjatien de Buryatia en Республика Бурятия ru

Mongoliaen flag
Wikipedia czdeenmnnoru Google kartsøk
mongolia.jpg

Jurter i Songal, Nord-Mongolia

Mongolia er nemnd i Jaroslav Hašek sin omtale av feltaltaret "som like gjerne kunne vore brukt av burjatiske og mongolske sjamanar".

Bakgrunn

Mongolia er ein republikk i Asia mellom Russland og Kina som lausreiv seg frå Kina i 1911. Under den russike borgarkrigen skifta Mongolia hender fleire gonger, men frå 1921 fekk kommunistane under Damdin Sükhbaatar overtaket, noko som var innleiinga til nesten 70 år med kommunistisk styre og sterk tilknytning til Sovjetunionen. Ein arv etter dette er bruken av det kyrilliske alfabetet.

I 1920 var Jaroslav Hašek involvert i periferien av det politiske spelet om Mongolia og han kjende mellom anna Sükhbaatar personleg. I soga Malé nedorozumění (Ei lita misforståing), trykt i Tribuna i 1921, skriv han at han var heilt til Urga (no Ulaanbaatar), men denne historia er ikkje verifisert og er truleg eit døme på "mystifikace".

Eksterne lenkar

Kjelde: Pavel Gan

Sitat
[1.11.2] Nebylo také možno zjistit bez fantasie, co vlastně představují obrazy namalované na těch třech dílech. Jisto je, že to byl oltář, kterého by mohli stejně používat nějací pohani na Zambezi či šamáni Burjatů i Mongolů.

Skrivst òg:Mongolsko cz Mongolei de Монгол Улс mn Монголия ru

Wyandotteen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
wyandotte.jpg

Svět zvírat, 29.1.1909

wyandotte.png

Národní politika, 11.8.1910

Wyandotte er nemnd indirekte gjennnom Wyandotte-høner som kaklar seg inn i soga to gonger. Fyrst når forfattaren omtalar altaret som Katz brukar til feltmessa si og så når Marek fortel om dei uheldige opplevingane sine som redaktør for Svět zvířat (Dyreverda).

Bakgrunn

Wyandotte er namnet på fleire stader i USA, men namnet er henta frå Huron-stamma som òg kallar seg Wyandotte. Stammehovudkvarteret ligg no i Wyandotte, Oklahoma.

Hønerasen der er snakk om stammar frå USA og er kalla opp etter den nemnde indianarstamma. Den vart offisielt godkjend som rase i 1883 og i Europa vart ein dverg-rase avla fram seinare.

Jaroslav Hašek visste heilt klårt om denne dyresorten (og mange andre) frå tida si som redaktør av Svět zvířat i 1909-1910. Tidskriftet hadde under redaktørtida hans fleire innslag om "wyandottek" og la jamvel til nokre foto.

Sitat
[I.11] Namaloval nějakého ptáka, který mohl být stejně holubicí jako slepicí bílých wyandotek.
[II.3] Opět mne přerušil a řekl, že mu to úplně stačí, a jestli jen polovičku toho podaří se mně splnit, že mně daruje párek trpasličích wyandotek z poslední berlínské výstavy drůbeže, které obdržely první cenu a majitel zlatou medalii za výborné spáření.
Posázavíen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
sazava.jpg

Utsikt frå Lipnice over Sázava-dalen

Posázaví er nemnd i forfattaren sin omtale av feltaltaret der nokre motiv vert samanlikna med landskapet ved Sázava.

Bakgrunn

Posázaví er eit område i regionen Vysočina og er namnet på området ved elva Sázava. Denne renn frå aust mot vest, utspringet er vatnet Velké Dářko og den munnar ut i Vltava i Davle sør for Praha.

Dette var eit område Jaroslav Hašek kjende godt frå den tida han budde i Lipnice som ligg ved den øvre delen av elvedalen.

Sitat
[1.11.2] Vojáci se vždy hádali a luštili ten rebus. Někdo myslel dokonce, že je to krajinka z Posázaví.
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

12. Ein relegiøs debatt

Cognacen flag
Wikipedia czdeenfrno Google kartsøk

Cognac er her nemnd indirekte avdi Švejk hadde konjakk i feltflaska på andre feltmessa han assisterte Katz på. Feltpresten tilbaud galant den fromme kollegaen sin ein støyt av denne flaska. Sistnemnde fann dette påfallande nok til at han fann det på sin plass å avleggja Katz eit besøk for å snakka han vekk frå syndens tornefylte sti. Dette besøket førde til den relegiøse debatten som [I.12] handlar om.

Bakgrunn

Cognac er nemninga på ei gruppe druebrennevin oppkalla etter byen Cognac i Frankrike. Her vert drykken produsert og lagra i lang tid (minimum to år) på fat av eik for å få den særeigne konjakksmaken.

Sitat
[1.12] Švejk sloužil s polním kurátem ještě jednu polní mši u zákopníků, kam byl omylem pozván ještě jeden polní kurát, bývalý katecheta, neobyčejně nábožný člověk, dívající se na svého kolegu velice udiveně, když ten mu nabízel ze Švejkovy polní láhve, kterou ten vždy nosil na takové náboženské úkony s sebou, doušek koňaku.

Skrivst òg:Koňak cz Konjakk no

Nová Pakaen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
novapaka1.jpg

1910

Nová Paka vert nemnd av Švejk i ein anekdote han fortel Katz. På U zlatého věnce hadde han snakka med ein mann frå landsbygda hadde gått til kontora til Okresní hejtmanství Nová Paka for å spørja kvifor tilhengaren hans hadde vorte rekvirert til krigsteneste. Her vart han straks kasta ut. Han gjer så vidare til byplassen (sjå Nová Paka náměští) der ein framand spurde om han kunne passa hestane for han. Den framande viste seg aldri meir og stakkaren vart dragande med hestane og enda opp i Ungarn.

Bakgrunn

Nová Paka er ein by i Nord-Böhmen i okres Jičín. Den ligg 22 km nord for distriktshovudstaden. I 2016 var folketalet 9 208. Byen kan mellom anna visa fram eit museum og ein historisk byplass.

I 1913 hadde Nová Paka 6 057 innbyggjarar, og alle utanom 12 var tsjekkiske. Byen var sete for okres og hejtmanství med same namn.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.12] Včera jsem mluvil v hospodě ,U zlatého věnce’ s jedním člověkem z venkova, je mu už šestapadesát let, a ten šel se optat na okresní hejtmanství do Nové Paky, proč mu rekvisírovali bryčku.

Skrivst òg:Neu-Paka de

Nová Paka náměštíen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
novapaka.jpg

1916

Nová Paka náměští vert nemnd av Švejk i ein anekdote han fortel Katz. På U zlatého věnce hadde han snakka med ein mann frå landsbygda hadde gått til kontora til Okresní hejtmanství Nová Paka for å spørja kvifor tilhengaren hans hadde vorte rekvirert til krigsteneste. Her vart han straks kasta ut. Han gjer så vidare til byplassen der ein framand spurde om han kunne passa hestane for han. Den framande viste seg aldri meir og stakkaren vart dragande med hestane og enda opp i Ungarn.

Bakgrunn

Nová Paka náměští er byplassen i Nová Paka, no Masarykovo náměští.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.12] Včera jsem mluvil v hospodě ,U zlatého věnce’ s jedním člověkem z venkova, je mu už šestapadesát let, a ten šel se optat na okresní hejtmanství do Nové Paky, proč mu rekvisírovali bryčku. Na zpáteční cestě, když ho z okresního hejtmanství vyhodili, díval se na trén, který právě přijel a stál na náměstí. Nějaký mladý muž poprosil ho, aby mu chvíli počkal u koní, že vezou pro vojsko konservy, a víckrát už nepřišel. Když se pak hnuli, musel s nimi a dostal se až do Uher, kde někde poprosil taky někoho, aby mu počkal u vozu, a tím se jedině zachránil, a to by ho táhli do Srbska. Přijel celý vyjevený a víckrát nechce mít nic s vojenskejma věcma.“
Kölnen flag
Wikipedia czdeenfrno Google kartsøk
koln.jpg

Zlatá Praha, 8.8.1929

farina.png

Národni listy, 5.12.1889

louvain.png

Le Matin, 2.11.1914

Köln er indirekte nemnd gjennom omgrepet vatn frå Köln, med andre ord Eau de Cologne, den verdskjende parfymen. Det er Katz som fortel at i himmelen luktar det Eau de Cologne og dei spelar Brahms så helvete ville vera ein langt betre stad å vera.

Bakgrunn

Köln er ein by ved Rhinen sidt midtre løp, med over 1 million innbyggjarar. Den var i 2016 den fjerde største byen i Tyskland.

Etter at Köln vart innlemma i Preussen i 1815 opplevde byen stor vekst, vart eit viktig sentrum for industri og transport, og i 1913 var folketalet kome opp i nesten 700 000. Den var i starten av hundreåret største festningsbyen i Tyskland, grunna den strategiske plasseringa ved Rhinen. Frå 1918 til 1926 var byen okkupert av britiske tropper. Den seinare så kjende Konrad Adenauer var borgarmeister frå 1917 framtil han vart avsett av nazistane i 1933.

Eau de Cologne

Den verdskjende parfymen var oppfunne i 1709 av Giovanni Maria Farina, fekk snart innpass ved dei europeiske hoffa og draup etter kvart nedover i samfunnslaga. Det opprinneleg utsalget i Köln finst framleis og før fyrste verdskrigen hadde firmaet utsalg i Wien.

Eau de Cologne vart eit tidleg offer for namneendringane under WW1. Dette hende i Frankrike i november 1914 då det etter ei avstemning vart bestemt at parfymen no skulle heita "Eau de Lovain" etter den belgiske byen Lovain (Leuven) som vart øydelagd og plyndra av tyskarane i slutten av august same året. Andre namnekandidatar vart òg vurderte men nådde ikkje opp, mellom dei Eau de Pologne (polsk vatn).

Den mest kjende avgermaniseringa er nok Sankt Peterburg som alt i 1914 vart til Petrograd, men den var ikkje åleine. I USA vart sauerkraut føreslått omdøypt til det mildt fornøyelege namnet "liberty cabbage", men det er ikkje påvist at det vart sett ut i livet.

Eksterne lenkar

Sitat

Notice: Undefined offset: 1 in /var/www/honsi.org/public_html/svejk/source/php/book.php on line 289
[I.12] V ráji účinkují rozprašovače kolínské vody a filharmonie hraje tak dlouho Brahmsa, že raději dáte přednost peklu a očistci. Andílkové mají v zadnici vrtuli od aeroplánu, aby se tolik nenadřeli se svými křídly. Pijte, pane kolego, Švejku, nalejte mu koňak, mně se zdá, že mu není dobře.“

Skrivst òg:Kolín nad Rýnem cz Cologne en Cologne fr

Japanen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
japan.png

Das interessante Blatt, 18.2.1904

japan.jpg

Österreichische Illustrierte Zeitung, 6.9.1915

Japan vert indirekte nemnd i samtalen mellom Katz og den fromme kollegaen hans. Katz viser til eit vågalt bilete han har hengande som førestiller ein samurai i omgang med ei geisha.

Dukkar opp på ny i [III.1] når kadett Biegler breiar ut sine krigshistoriske kunnskapar for offiserane etter Ságner sin flause med Die Sünden der Väter (sjå Ganghofer). Her viser han til den russisk-japanske krigen i 1905 og det kryptografiske systemet som vart brukt.

Bakgrunn

Japan var i 1914 eit keisardøme med parlamentarisk styresett. Landet var frå august med i krigen på Ententen si side og tok frå Tyskland nokre øyar i Stillehavet. Dei utnytta dessutan krigen til å intervenera i Kina, noko som vart motarbeidd av USA. I 1919 greip dei inn i den russiske borgarkrigen, og okkuperte Vladivostok og deler av russisk fjerne austen. Austerrike-Ungarn hadde så å sei ingen kontakt med Japan, unntaket var S.M.S. Kaiserin Elisabeth, eit marinefartøy som var del av den tyske skvadronen i Tsingtao.

Krigen Biegler viser til fann stad i 1904-05 og resultatet vart siger til Japan over Russland. Dette var fyrste gong ei europeisk makt hadde tapt ein krig mot ein motstandar frå ein anna verdsdel.

Sitat
[1.12] Katz se usmál: "To je ,Zuzana v lázni` a ta nahá ženská pod tím je má stará známost. Napravo je japonérie, znázorňující sexuelní akt mezi gejšou a starým japonským samurajem. Pravda, něco velice originelního? Breviář mám v kuchyni. Švejku, přineste ho sem a otevřete na třetí straně."

Notice: Undefined offset: 1 in /var/www/honsi.org/public_html/svejk/source/php/book.php on line 289
[3.1] Znám systémy šifer, které byly používány ve válkách o Sardinii a Savojsko, v anglo-francouzské kumpanii u Sevastopolu, při povstání boxerů v Číně i za poslední rusko-japonské války. Systémy tyto byly předávány...“

Skrivst òg:Japonsko cz

Moselen flag
Wikipedia deensv Google kartsøk
mosel.jpg

Mosel ved Metz

Mosel vert fyrst nemnd av Katz då han samanlikna messevinen med Mosel-vin.

Mosel dukkar opp att meir direkte i [I.14] i samtalen mellom Wendler og Lukáš. Denne gongen er det utan tvil snakk om elva, ikkje vinen.

Bakgrunn

Mosel er ein vinregion i Tyskland, oppkalla etter elva Mosel som renn gjennom Frankrike, Luxemburg og Tyskland. Den munnar ut i Rhinen ved Koblenz.

Sitat
[1.12] „Je to mešní víno lehké, pane kolego,“ řekl Katz, „velice dobré jakosti, ryzlink. Chutí podobá se moselskému.“
[I.14.3] Proč zas se vedou mezi Maasou a Moselou prudké dělostřelecké boje? Víte, že v Combres a Woewru u Marche shořely tři pivovary, kam jsem posílal ročně přes pět set žoků chmele?

Skrivst òg:Mosela cz Mosel de Moselle fr

Vlašimen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Vlašim vert nemnd når Švejk fortel den fromme feltpresten om dekanen som i likheit med Sankt Augustin ikkje trudde på antipodane.

Bakgrunn

Vlašim er ein småby i Midt-Böhmen, den ligg i Benešov-distriktet aust for Vltava.

Vlašim var i 1913 ein småby med 3206 innbyggjarar, alle utan 5 var tsjekkiske. Den låg i okres med same namn og i hejtmanství Benešov. Det militære rekrutteringsdistriktet var dermed nummer 102.

Jaroslav Hašek vitja byen sommaren 1922. Dette var den større siste utflukta hans før hans altfor tidlege død eit halvt år seinare [4]. Han hadde alt vitja området saman med Zdeněk M. Kudej før krigen. Inspirasjonen må ha kome frå den fyrste turen, ettersom denne delen av romanen vart skriven i 1921.

Toulavé House (Radko Pytlík)

V létě 1922 podniká letní cestu na Pacovsko a Vlašimsko. Tentokrát už nejde pěšky, ale vyjíždí kočárem spolu se svými průvodkyněmi (se Šurou a její ruskou přítelkyní) do Dolních Kralovic. Tato místa navštívili už před válkou se Zdeňkem Matějem Kudějem na divokých toulkách "střední Evropou". Z výletu zasílá pozdrav hostinskému Invaldovi: "Mé společnice už ani nemoho plakat, jak jsou unaveny. Táhnu je do Vlašimi. Dnes jsme urazili 37 km. Dostaneme patrně, než přijedem na Lipnici, vši. Počínáme vypadat zpustle. Tvůj Jaroslav Hašek."

Eksterne lenkar

KjeldeZdeněk Matěj Kuděj, Radko Pytlík

Sitat
[1.12] „U Vlašimě byl, poslušně hlásím, pane feldkurát,“ řekl Švejk, „jeden děkan a ten měl, když mu jeho stará hospodyně utekla s klukem i s penězi, posluhovačku

Skrivst òg:Wlašim de

Benešoven flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Benešov er nemnd i soga om dekanen frå Vlašim som ikkje trudde på antipodane. Byen vert nemnd på ny i [II.3] i omtalen av Josef Kudrna og i [II.5] under førebuingane til avreisa til fronten. Toget med Švejk og Lukáš stoppa heilt sikkert her i [II.1], omtrent ein time etter avreisa frå Praha.

Bakgrunn

Benešov er ein by i Midt-Böhmen med om lag 16 000 innbyggjarar. Byen ligg omtrent 40 kilometer søraust for Praha, og er stoppestad på jernbanelinja til Budějovice. Det vidkjende slottet Konopiště, som fram til 1914 var eigd av Franz Ferdinand, ligg berre 2 km vestafor.

Byen var hovudsete for IR102 som var organisert i 17. infanteribrigade, akkurat som forfattaren sitt 91. regiment (IR91). Desse regimenta slost side om side under heile perioden Jaroslav Hašek tenestegjorde i K.u.k. Heer.

Benešov var viktigaste byen i hejtmanství og okres med same namn. I 1913 var folketalet 7400 og mellom desse var nesten alle tsjekkiske. Byen hadde 534 militærtilsette som tenestegjorde med IR102 og det tilhøyrande rekrutteringsdistriktet.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.12] Vono by jich tam patřilo víc. ,U uršulinek’ mají v klášteře lahvičku s mlékem panny Marie, kterým kojila Ježíška, a v sirotčinci u Benešova, když jim tam přivezli lurdskou vodu, dostali po ní sirotkové takovou běhavku, že to svět neviděl.“

Skrivst òg:Beneschau de

Australiaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Australia er nemnd i anekdoten om dekanen frå Vlašim som ikkje trudde på antipodane etter å ha lese Sankt Augustin.

Bakgrunn

Australia var i 1914 enno ein dominion men med utstrekt sjølvstyre. Landet bidrog til den allierte krigsinnsatsen, mellom anna var australske styrkar sterkt innvolvert i felttoget mot Tyrkia i 1915 (Gallipoli) og i åtaka på tyske koloniar i Polynesia.

Australia er det sjette største landet i verda i areal, og vert òg rekna som eit kontinent. Folketalet var i 2016 på litt over 23 millionar.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.12] Tak si zavolal svou posluhovačku a povídá k ní: ,Poslouchejte, vy jste mně jednou povídala, že váš syn je strojní zámečník a odjel do Australie.

Skrivst òg:Australie cz Australien de

Lourdesen flag
Wikipedia czdeenfrnn Google kartsøk
lourdes.png

Leopold Kolísek, 1907

lourdes1.png

Jean Gaignet, 1875

lourdes2.png

Čech, 1.6.1910

Lourdes er nemnd av Švejk gjennom adjektivet "lurdský" i anekdoten om dekanen som ikkje trudde på antipodane. Her var det snakk om vatnet frå Lourdes.

Byen dukkar opp att i "Songen om Lourdes" i [III.4] på marsjen frå Sanok mot fronten.

Bakgrunn

Lourdes er ein av dei mest besøkte romersk-katolske valfartstadene i verda. Den ligg sørvest i Frankrike, ikkje langt frå grensa til Spania og har i dag (2010) eit folketal på om lag 15 000.

Songen om Lourdes

Songen er trykt komplett med 60 vers i boka První česká pouť do Lurd roku 1903 (Den fyrste tsjekkiske pilfrimsreisa til Lourdes i året 1903) og i oppfylgjaren frå 1907. Begge bøkene står med fader Leopold Kolísek som forfattar.

Romanen gjev att 16 av desse 60 versa og desse er med nokre få unntak ordrett nedskrivne av forfattaren. Dei viktigaste unntaka er refrenget og fyrst linja på nokre av versa. Han legg òg til eit vers som det ikkje har lukkast å finna i bøkene om pilgrimsreisene. Versa som er med i romanen er desse: 1, 2, 4, 7, 9, 24, 25, 50, 29, 30, 41, 53, 54, 57, 52 og 60. Den litt omstokka rekkjefylgja og mindre endringane i teksten kan tyda på at forfattaren brukte andre kjelder enn bøkene til Kolísek.

Det fyrste trykte eksemplaret på fransk det har lukkast å finna er ei lita bok frå 1875 og er skrive av abbeden Jean Gaignet (1839-1914). Gaignet er difor utan tvil forfattaren av originateksten men i denne boka er ikkje notane med så desse kan ha kome til etterpå. Tittelen kan variera litt men songen er mest kjend som l'Ave Maria de Lourdes. Gaignet si utgåve frå 1875 heiter Cantique-récit de l'apparition de N.-D. de Lourdes en six dizaines de strophes. Han skreiv teksten i 1873 (sjå link A).

Den tsjekkiske teksten stemmer rettnok dårleg overeins med den franske utgåva og er mykje likarare den tyske (som den truleg er omsett frå). Det er uansett ikkje uvanleg at vers vert sterkt omskrivne for å få rim og rytme til å stemma. Ein annonse i den katolske avisa Čech i 1910 avslører at teksten fanst på tsjekkisk i to utgåver: ein fulltekst over 4 sier men òg ei kortutgåve på ei side. Den fyrste er omtala som ei omsetjing gjort av Beneš Method Kulda (1820-1903). Kortvesjonen er det òg han som står bak men det har ikkje lukkast å finna nokon kopi som kan stadfesta om det er denne Jaroslav Hašek bygde på.

Eksterne lenkar

Kjelde: Leopold Kolísek

Sitat
[1.12] Vono by jich tam patřilo víc. ,U uršulinek’ mají v klášteře lahvičku s mlékem panny Marie, kterým kojila Ježíška, a v sirotčinci u Benešova, když jim tam přivezli lurdskou vodu, dostali po ní sirotkové takovou běhavku, že to svět neviděl.“
[III.4] Zatímco se všichni čtyři vypravili na cestu, objevil se u kumpanie pan místní plebán a rozdával vojákům dle jich národnosti lísteček s „Lourdskou písní“ ve všech jazycích.

Skrivst òg:Lurdy cz

Sankt Gotthard-passeten flag
Wikipedia deenitno Google kartsøk

Sankt Gotthard-passet vert omtala av den fromme feltpresten etter at han har fått i seg rikeleg med sterkdrykk.

Bakgrunn

Sankt Gotthard-passet er eit fjellpass i Alpane som ligg rett sør for grensa mellom dei sveitsiske kantonane Uri og Ticino. Passet har mista mykje av betydninga si etter at tunnelen under passet vart opna i 1980. Det går òg jernbanetunnel under passet.

Den noko tåkete einetalen til feltpresten tyder på at han heller har St Bernhard-passet i tankane, ettersom Sankt Bernhard bygde hospits der for reisande, mellom dei mange pilgrimar.

Sitat
[1.12] „Sv. Ludmilu mám rád, i sv. Bernardina,“ pokračoval bývalý katecheta, „ten zachránil moc poutníků ve sv. Gotthardě.

Skrivst òg:Průsmyk svatého Gottharda cz Gotthardpass de Gotthard Pass en Passo del San Gottardo it

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

13. Švejk gir den siste olje

Dlouhá třídaen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Dlouhá třída er gata der Firma Polák, som handla i olje og lakk, heldt til. Her kjøpte Švejk olje signa av ein biskop: Hampfrøolje Nr. 3.

Bakgrunn

Dlouhá třída er ei gate i Staré Město (Gamlebyen), Praha. Den går frå Staroměstské náměstí mot Poříčí og er ei av dei eldste gatene i byen.

Sitat
[1.13] V druhé chtěli telefonovat na ochrannou stanici a ve třetí mu řekl provisor, že firma Polák v Dlouhé třídě, obchod olejem a laky, bude mít rozhodně žádaný olej na skladě.

Skrivst òg:Langengasse de

Žižkoven flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
zizkov.jpg

Karlova třída i 1915 (no Seifertova)

svejksesit.png

Osudy dobrého vojáka Švejka, 14.3.1921

zizkov1.jpg

Jeronýmova 324/8 (2010). Her vart fyrste delen av romanen skriven i 1921.

Žižkov vert fyrst nemnd i ein anekdote om ein prest, men bydelen (i 1914 eigen by) dukkar opp att fleire gonger utover i romanen utan at handlinga nokon gong vert lagd direkte hit.

Mellom anna spør Švejk etter vegen hit når han undersøkjer vanane til hunden han skal stela og spør ut tenestejenta til oberst Kraus. Dessutan vert staden nemnd att i samband med Axamit.

Bakgrunn

Žižkov er ein bydel og katastral-distrikt aust for sentrum av Praha. Den høyrer forvaltningsmessig til Praha 3 og dels Praha 8. Bydelen er kalla opp etter husittleiaren Jan Žižka. Frå 1881 til 1922 var den eigen by.

Žižkov by talde 72 173 innbyggjarar i 1913, og alle utanom 1555 registrerte seg med tsjekkisk nasjonalitet. Den var senter for okres og hejtmanství med same namn.

Fyrste og litt av andre delen av Švejk vart skriven i her. Jaroslav Hašek budde hjå venen Franta Sauer i Jeronýmova 324/3 frå januar til august 1921. Like ved, på Prokopovo náměstí, står det no ei statue av forfattaren.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Na Žižkově jednou farář zmlátil jednoho slepýho, že při takovej příležitosti nesmek, a eště byl zavřenej, poněvadž mu u soudu dokázali, že není hluchoněmej, a jenom slepej, a že slyšel cinkot zvonečku a budil pohoršení, ačkoliv to bylo v noci.
[I.14] Švejk ji oslovil: „Dovolte, slečno, kudy se jde na Žižkov?“ Zastavila se a podívala se na něho, myslí-li to upřímně, a dobrácký obličej Švejkův jí řekl, že opravdu ten vojáček chce asi jít na Žižkov. Výraz její tváře změkl a ona ochotně mu vykládala, jak na ten Žižkov půjde.
[III.2] To je na Žižkově pan profesor Axamit a ten tam kopal, hledal hroby skrčenců a několik jich vybral, a voni si ho, toho flašinetáře, vodtáhly do jedný takový vykopaný mohyly a tam ho dřely a zneužívaly.
Malešiceen flag
Wikipedia cz Google kartsøk
malesice.jpg

Malešice, 1974

Malešice vert nemnd i ein anekdote Švejk brukar som parallell til den innpåslitne pengeinnkrevaren. Soldaten viser til ein krovert som for alle høve hadde eit bibelsitat klart.

Bakgrunn

Malešice er ein bydel i den austlege delen av Praha, den ligg dels i Praha 10 og dels i Praha 9. Den vart del av hovudstaden i 1922.

I 1913 var Malešice ein del av hejtmanství og okres Žižkov. Folketalet var 1 114 og alle unnateke fem oppga seg som tsjekkarar.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] V Malešicích byl jeden šenkýř, písmák, který na všechno měl citáty z Písma svatýho, a když někoho pral bejkovcem, vždycky říkal: ,Kdo šetří metly, nenávidí syna svého; ale kdo ho miluje, včas jej tresce, já ti dám prát se mi v hospodě.’“
Bordeauxen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
bordeaux1.png

Troppauer Zeitung, 10.12.1893

bordeaux.png

Zemědělské listy, 31.12.1899

Bordeaux vert indirekte nemnd av Katz då han føresleg for Švejk at dei lagar seg Bordeaux-punsj.

Bakgrunn

Bordeaux er ein by i det sør-vestlege Frankrike med omlag 250 000 innbyggjarar (ein million med det urbane omlandet). Den er sentrum for vindistriktet av same namn og det er i denne samanhengen den finn vegen inn i romanen.

Bordeuax-punsj

Denne varianten av punsj er nok ikkje noko godt kjent omgrep i dag, men eit internett-søk avslører ein punsj basert på raudvin. Bordeaux er naturleg nok knytt til nettopp raudvins-ingrediensen ettersom området rundt denne franske byen er eit vidkjendt vindistrikt.

Drykken var òg til sals i flasker, som annonsar frå 1845 og utover vitnar om. Det best kjende merket tykkjest å ha vore E. Lichtwizt & Co frå Opava (Troppau) som òg var keisarlege og kongelege hoffleverandørar. Endå meir vanleg var essensar (smakskonsentrat) på flasker og det er desse som dukkar opp i dei tidlegaste annonsane. Den fyrste omtalen av Bordeaux-punsj som kan sporast i den Austerrikske pressea er frå 1845 og viser til eit arrangement på Sofien-Insel i Praha (no Slovanský ostrov).

I det handskrivne manuskriptet til Švejk (side 127) brukar Katz omgrepet "bordeux-punč". Dette òg ein del andre småfeil er retta i utgåvene av romanen som kom ut etter 2. verdskrigen.

Eksterne lenkar

Kjelde: Sergey Soloukh

Sitat
[1.13] "Vidíte, Švejku, jak to dopadá s takovým člověkem, který nectí kněze," usmál se polní kurát. "Svatý Jan Zlatoústý řekl: ,Kdo ctí kněze, ctí Krista, kdo příkoří činí knězi, činí příkoří Kristu Pánu, jehož zástupcem právě kněz jest.` - Na zítřek musíme se dokonale připravit. Udělejte smažená vajíčka se šunkou, uvařte Bordeaux punč a potom věnujeme se rozjímání, neboť jak je v modlitbě večerní: ,Odvráceny jsou milostí boží všechny úklady nepřátel o tento příbytek.` "
Drinaen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
drina.jpg

БИТКА НА ДРИНИ: 101 година од крвавих борби у Подрињу. © drina.info 8.9.2015

drina3.png

Böhmerwalds Söhne im Felde

drina2.png

Om det fatale forsøket på å kryssa Drina 8. september 1914. Kjelde: Böhmerwalds Söhne im Felde. Forfattar: Gustav Jungbauer.

Drina vert for fyrste gong nemnd av pengeutlånaren som plaga Katz. Han klaga over at overløytnant Janata hadde vore så frekk å falla ved Drina, til trass for at han var skuldig 700 kroner. Elva Drina vert seinare nemnd fleire gonger, spesielt i Királyhida der veteranar fortel om opplevingane sine frå felttoget mot Serbia i 1914.

Bakgrunn

Drina er ei elv på Balkan, og ei av dei sideelevene til Sava. Med ei lengd på 346 km dannar ho mellom anna grensa mellom Bosnia­-Hercegovina­ og Serbia, i 1914 grensa mellom Austerrike-Ungarn og Serbia.

IR91 ved Drina

IR91 var som del av 9. infanteridivisjon med på felttoget mot Sebia frå august til desember 1914. Mellom dei som deltok var fleire av offiserane som Jaroslav Hašek seinare brukte som førebilete til romanfigurane sine. Rudolf Lukas, Čeněk Sagner, Josef Adamička, og Franz Wenzel var alle med (Wenzel fyrst frå midten av august). Som offiserstenar for Lukas var tuleg òg František Strašlipka med alt då.

Regimentet kom til Gunja ved Sava 4. august etter ei tre dagars togreise frå Budějovice. Dei drog så med båt og til fots til oppmarsjområdet ved Drina omkring Bjelina (no Bijeljina), der dei kom fram dagen etter. Den 12. kryssa dei elva på pontong-bruer ved Novoselo og deltok i det blodige slag ved Cer frå 16. til 19.august. Etter store tap trekte dei seg attende og var tilbake på vestsida av elva 20. august.

8.september 1914 tok divisjonen del i eit nytt forsøk på å invadera Serbia, under det såkalla slaget ved Drina. No kryssa dei Drina ved munninga mot Sava. Åtaket var ei katastrofe og IR91 mista over 700 mann i falne, såra og sakna. Dei vart drivne attende, og om natta vart det beordra tilbaketrekking til den bosniske sida. Då var pontong-bruene ubrukelege, det oppstod panikk under den sterke serbiske elden og nesten alle av dei mange som prøvde å symja over elva drukna. Regimentet heldt seg ved Drina fram til 26. september då dei forflytta seg til nordbreidda av Sava. Drina skulle dei aldri meir sjå att.

E.E. Kisch

Den vidkjende reporteren Egon Erwin Kisch skreiv dagbok frå opplevingane sine med IR11 i Serbia. Regimentet hans, frå Písek, tilhøyrde som IR91 9. infanteridivisjon og deltok i same slaga under like omstende. I den sterke og velskrivne skildringa, Schreib das auf Kisch!, fortel forfattaren om strabasane og lidingane soldatane var utsette for, om dei uhyrlege tapa, om inkompetansen på alle plan, moralsk avstumpa offiserar, om kaoset, forvirringa, og dei løgnaktige framstillinga av den faktiske situasjonen som publikum heime fekk. Her finn ein svært mange skildringar som lesaren av Švejk vil kjenna att.

Eksterne lenkar

Kjelde: Gustav Jungbauer, Rudolf Kiesswetter, Egon Erwin Kisch, Vojenské Ústřední Archiv

Sitat
[1.13] Nadporučík Janata dluhoval mně 700 korun a odvážil se padnout na Drině.

Skrivst òg:Дрина sr

Rawa Ruskaen flag
Wikipedia czdeennnplruuk Google kartsøk
ravaruska.jpg

Jernbanestasjonen

rava1.png

Kaiserbericht, 11.9.1914

rava2.png

Finljandskaja Gazeta, 15.9.1914

Rawa Ruska vert nemnd av av den innpåslitne pengelånaren som ovafor den motvillige Katz klagar over at kaptein Wichterle hadde lete seg slå i hel av eigne soldatar trass i at han var skuldig 2000 kroner.

Bakgrunn

Rawa Ruska er det polske namnet på Рава-Руська (Rava-Ruska), ein by og jernbaneknutepunkt i Galicia, nær grensa mellom dagens Ukraina og Polen. Byen ligg administrativt i Lviv oblastet. Fram til 1918 tilhøyrde den Austerrike-Ungarn, i mellomkrigstida til Polen, frå 1945 til Sovjetunionen og frå 1991 Ukraina.

Rawa Ruska tilhøyrde under Austerrike-Ungarn Ergänzungsbezirk Nr. 30 som var ein del av Korpsbezirk Nr. 11 (begge Lwów). Soldatar frå området var såleis rekrutterte til IR30.

Slaget ved Rawa Ruska

Fragmentet frå romanen viser til slaget ved Rawa Ruska som fann stad frå 6. til 11. september 1914 mellom hærgrupper frå Austerrike-Ungarn og Russland.

Resultatet var eit katastrofalt nederlag for K.u.k. Heer som vart tvinga til å trekkja seg tilbake til forsvarslinjer ved elva San og langs Karpatane, og i praksis gje opp storparten av Galicia. Hardast råka var Brudermann sin tredje arme. Tilbaketrekkjinga starta natta til 12. september og same dagen vart sjølve Rawa Ruska okkupert. Ein av dei falne ved slaget var løytnant Herbert Conrad von Hötzendorf, son til generalstabsjefen Conrad.

Sentralmaktene var fyrst tilbake 21.juni 1915 då byen vart okkupert av tyske troppar.

Deutsche Heeresbericht, 21. Juni 1915

Die Armeen des Generalobersten v. Mackensen kämpfen um Lemberg und Zolkiew; Rawa-Ruska ist in unserer Hand. Westlich Rawa-Ruska wurde der Feind gestern von deutschen Truppen angegriffen und geworfen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Hejtman Wichterle, dluhující mně stejný obnos, dal se zabít pod Ruskou Ravou vlastními vojáky.

Skrivst òg:Ruská Rava Hašek Rawa-Ruska de Рава-Русская ru Рава-Руська ua

Karpataneen flag
Wikipedia deenru Google kartsøk
karpaty.jpg

Wiener Bilder, 3.1.1915

karpaty3.jpg

Světová válka 1914-1915 slovem a obrazem, s.519

karpaty4.png

Prager Tagblatt, 5.5.1915

karpaty5.png

Lage und Verteilung der Kräfte 1. Mai 1915. Österreich-Ungarns letzter Krieg II, Beilage 15.

Karpatane vert nemnd fyrst av pengelånaren som plaga Katz avdi endå ein offiser som skulda pengar hadde falle her. I same kapittelet vert to soldatar som ligg for døden på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí omtala. Begge hadde vorte skotne i magen.

Karpatane dukkar òg opp i [I.14] når Lukáš kjem med i handlinga. Švejk les om hendigane der i avisa då han fylgjer Katy til kaserna der Lukáš underviser eittårs-frivillge. Seinare i kapittelet vert fjellkjeda nemnde av Lukáš i samtalen med Wendler.

Frå og med [III.1] vert Karpatane og stader i fjellkjeda nemnde mange gonger i samtalar der soldatar som har vore der med tidlegare marsjbataljonar fortel om opplevingane sine.

I [III.4] vert handlinga lagt til Karpatane. Sjå Łupków-passet.

Bakgrunn

Karpatane er den austlege fjellkjeda av det store sentrale fjellsystemet i Europa. Ho strekk seg 1 500 km på områda til Romania, Tsjekkia, Slovakia, Polen, Ukraina, Austerrike, Serbia og Ungarn.

I september 1914 kom russiske styrkar fram til den nordlege delen av fjellkjeda og prøvde tidleg i oktober å trengja over passed ved Uszok. I November okkuperte russarane ei kort stund Humenné og kom dessutan inn på ungarsk område i Maramaros (no Maramureș i Romania).

Vinterslaget

Ein reknar at det eigentleg vinterslaget i Karpatane stod mellom desember 1914 og mars 1915. Uszok var teke av Russarane i desember og Łupków-passet var òg lenge under russisk kontroll. Eit tredje viktig punkt var Dukla der det var harde kampar gjennom vinteren. I Laborec-dalen kom russiske styrkar seg over passa i men lukkast aldri å trengja heilt gjennom og ned på ungarske sletta.

K.u.k. Heer prøvde fleire offensivar gjennom vinteren, men dei to armeane som var involvert (2. og 3.) var dårleg utstyrte for vinterkrig og ein reknar at fleire fraus i hel enn fall for fienden sine kuler. Russarane hadde òg store tap, som mellom anna skuldast taktikken med å senda bylgjer av soldatar direkte mot fienden, ein taktikk som grunna maskingeveret vart førde til masseslakt.

Gorlice-Tarnów

Slutten på krigen i Karpatane kom i tidleg i mai 1915 i samband med offensiven som starta med slaget ved Gorlice-Tarnów. Under tysk leiing trengde i løpet av få veker Sentralmaktene russarane vekk frå fjellkjeda.

IR91 i Karpatane
karpaty.png

IR91 gjekk av transporttoga ved Nagy-Berezna 7. februar 1915.

Böhmerwalds Söhne im Felde.

karpaty1.png

IR91 i Jaworzec, mars 1915.

Fond Jan Ev. Eybl..

© SOkA Beroun

Tre bataljonar frå IR91 kjempa i Karpatane frå 7.februar 1915 fram til fyrste veka i mai. Deesse batlajonane heldt seg innafor eit relativt avgrensa område, nær vår tids grensetriangel mellom Polen, Slovakia og Ukraina (sjå Východní Beskydy).

Regimentskommandant på denne tida var oberst Alfred Steinsberg som 1.februar 1915 hadde vorte overførd frå systerregimentet IR73 som tilhøyrde same divisjon (niende). I den harde vinteren var kulden ofte eit like stort problem som fienden, noko som òg vert reflektert i anekdotane som veteranar frå vinterslaget i Karpatane fortel i romanen.

Minst fire av førebileta for personar i Švejk gjorde teneste her: Rudolf Lukas, Jan Vaněk, Josef Adamička og Jan Eybl. Dei to fyrste var såra tidleg i mars og kom attende til regimentet fyrst 11. juli med 12. marsjbataljon. Den meir perifere Wurm gjorde òg teneste der, frå mars 1915. Både Lukas og Vaněk vart såra under felttoget i Karpatane.

I Jan Eybl sitt arkiv finn ein verdfulle bilete frå regimentet sitt opphald i området. Dei er frå Jaworzec der IR91 sin stab var lokalisert i mars 1915. Eybl sine dagbøker dekkar heile perioden regimentet var stasjonert i Karpatane.

Etter 2.mai 1915 endra stoda seg. Sentralmaktene sine store siger ved Gorlice-Tarnów tvinga russarane vekk frå fjellkjeda og IR91 var mellom einingane som forfylgde fienden derfrå, over elva San og i retning Sambor. Regimnetet marsjerte frå posisjonane sine ved Kistopolya og Oroszpatak 4. mai, kryssa San ei veke seinare og 15. mai var dei komne fram til området ved Sambor.

Pressesitat
karpaty7.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem, side 505

karpaty6.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem, side 508

I [I.14] finn ein to nesten ordrette sitat frå Kronika světové války som omhandlar Karpatane. Desse er mellom mange småsitat herfrå som finn vegen inn i denne delen av romanen.

Det fyrste kjem under Švejk sin utgreing om krigsstoda ved vakta på kaserna der han ledsaga Katy og er omtrent ordrett lik det ein finn i "Kronika" side 505. Det omtalar hendingane 26.mars 1915.

Det andre lånte sitatet er frå samtalen mellom Lukáš og Wendler der offiseren omtalar eit gjennomslag av den russiske fronten mellom midtre Dunajec og kammen av Karpatane som skal definitivt gjera slutt på krigen. Kjelda er Kronika světové války side 508 og viser til hendingane ved Dunajec 2.mai 1915, den fyrste dagen av Gorlice-Tarnów-offensiven.

Eksterne lenkar

Kjelde: Österreich-Ungarns Letzter Krieg, Norman Stone, Rudolf Kießwetter, Jan Ev. Eybl

Sitat
[1.13] Ten padne v Karpatech s mou nezaplacenou směnkou, ten jde do zajetí, ten se mně utopí v Srbsku, ten umře v Uhrách ve špitále.
[1.13] Po posledním pomazání ve vojenské nemocnici toužili dva. Jeden starý major a jeden bankovní disponent, důstojník v záloze. Oba dostali kulku do břicha v Karpatech a leželi vedle sebe.
[1.14.4] Švejk posadil se na lavici ve vratech a vykládal, že v bitevní frontě karpatské se útoky vojska ztroskotaly, na druhé straně však že velitel Přemyšlu, generál Kusmanek, přijel do Kyjeva a že za námi zůstalo v Srbsku jedenáct opěrných bodů a že Srbové dlouho nevydrží utíkat za našimi vojáky.
[1.14.5] Zatímco masy vojsk připnuté na lesích u Dunajce i Rábu stály pod deštěm granátů a velkokalibrová děla roztrhávala celé setniny a zasypávala je v Karpatech a obzory na všech bojištích hořely od požárů vesnic i měst, prožíval nadporučík Lukáš se Švejk nepříjemnou idylu s dámou, která utekla svému muži a dělala nyní domácí paní.
[1.14.5] Jakmile však prolomíme ruskou frontu mezi karpatským hřbetem a středním Dunajcem, není nijaké pochybnosti, že bude to znamenat konec války.
[1.14.5] V karpatských úsecích, jak vidíte, máme velkou oporu.

Skrivst òg:Karpaty cz Karpaten de Carpathians en Карпаты ru Карпати ua

Českomoravská vysočinaen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
vysocina.png

Frå boka "Českomoravská vysočina", 1909.

vysocina1.jpg

Vysočina i 2017. Utsikt frå borga i Lipnice.

Českomoravská vysočina (oftast kalla berre Vysočina - Høglandet) vert nemnd av forfattaren når ei gruppe soldatar, med Švejk i spissen, diskuterer. Ein ung soldat frå Vysočina som enno trudde på Gud blandar seg så i samtalen. Dette føregjekk på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí.

Bakgrunn

Českomoravská vysočina er eit historisk omgrep for det geografiske området som no vert kalla Českomoravská vrchovina (Böhmisk-Mähriske høglandet). Området tilsvarar stort sett den moderne adminstrative regionen Kraj Vysočina men er litt større. Administrasjons-senteret i det moderne Vysočina er Jihlava.

Hašek og Vysočina

Høglandet er sterkt knyta til Jaroslav Hašek, hovudsakleg avdi storparten av Švejk vart skriven her, meir presist i Lipnice. Dette er òg staden der han døydde og er gravlagd. Etterkomarane til forfattaren har sidan 2003 drive U české koruny, kroa der forfattaren budde frå august 1921 til oktober 1922.

Hašek kjende området godt, òg frå vandringar før krigen, og nemner fleire av stadene herfrå i romanen. Forutan sjølve Lipnice viser han til Posázaví, Německý Brod, Chotěboř, Skuteč, Okrouhlice, Kejžlice, Jihlava, Pelhřimov, Jedouchov, Velké Meziříčí, Dolní Královice.

Det kan leggjast til at då forfattaren skreiv denne sekvensen i romanen hadde han enno ikkje flytta til Lipnice.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Nějaký mladičký vojáček z Českomoravské vysočiny, který ještě věřil v pánaboha, prosil, aby se o takových věcech nevedly řeči a aby se svatá tajemství nezatahovala do debaty. Musíme křesťansky doufat.

Skrivst òg:Bohemian-Moravian Highlands en Böhmisch-Mährische Höhe de

Kartagoen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
kartago.jpg

Das interessante Blatt, 5.6.1913

Kartago vert omtala av ein soldat som er lærar i det sivile. Det handlar om korleis solflekker kan utløysa katastrofar på jorda, som erobringa av Kartago. Samtalen fann stad på militærsjukehuset ved Karlovo náměstí (sjå Vojenská nemocnice Karlovo náměstí).

Kartago vert nemnd på ny av Marek då han sitt i arresten i Budějovice og fortel om sitt hovmod som førde til hans fall.

Bakgrunn

Kartago var ein oldtidsbystat ved kysten av Nord-Afrika, sør for Tunis-sjøen i det som i dag er Tunisia. Han skal i glanstida si ha hatt opptil 700 000 innbyggjarar. Denne fønikiske byen var ei viktig sjømakt.

Byen vart jamna med jorda av romarane etter punarkrigane i 146 f.kr. og dette er hendinga begge samtalane i romanen viser til.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Jeden voják, učitel z povolání, jako by četl jeho myšlenky, poznamenal: „Někteří učenci vysvětlují válku objevením se skvrn na slunci. Jakmile taková skvrna se udělá, tak přijde vždy něco hrozného. Dobytí Karthaga...“
[2.2] Svou zpověď zakončil jednoroční dobrovolník slavnostně: „Došlo i na Karthago, z Ninive udělali zříceniny, milý příteli, ale hlavu vzhůru! Ať si nemyslí, že když mne pošlou na front, že dám jednu ránu. Regimentsraport! Vyloučení ze školy!

Skrivst òg:Karthago Hašek Kartágo cz Karthago de Carthage en

Montagne Peléeen flag
Wikipedia czdeenfrno Google kartsøk
montpelee.jpg

Saint-Pierre etter utbrotet i 1902.

martinique2.png

Le Journal, 4.5.1902

martinique.png

Národní listy, 15.5.1902

Montagne Pelée og vulkanutbrotet her "den gongen" er tema i dialogen på militærsjukehuset (sjå Vojenská nemocnice Karlovo náměstí) der Švejk og Katz gir den siste olje. Samtalen handlar om solflekker og at ein professor hadde skriva i Národní politika at han forlengst hadde åtvara om at dei forårsakar katastrofar på jorda.

Bakgrunn

Montagne Pelée er ein vulkan på nord-vestsida av den den franske karibiske øya Martinique. Den hadde eit eksplosivt utbrot 8. mai 1902 og det er dette Švejk viser til. Katastrofa krevde om lag 30 000 dødsoffer og Saint-Pierre, største byen på øya, vart jamna med jorda og berre få av innbyggjarane overlevde. Švejk er rettnok upresis når han hevdar at utbrotet øydela heile øya Martinique: det var hovudsakleg Saint-Pierre og områda på den nordlege delen av øya som vart råka.

Alt tidleg på året vart det registrert aktivitet i vulkanen og 23. april 1902 starta utbrotet. Tidleg i mai var situasjonen alvorleg, med store nedfall av oske. Om morgonen 4. mai kom det til eit utbrot og eit gjørmeskred øydela ein sukkerfabrikk og minst 23 menneske omkom. Mange hadde òg vorte drepne av giftige insekt og slangar som rømde frå utbrotsområdet. Same dagen sende guvernøren eit telegram til Frankrike sin koloniminister og hendinga vart omtala i pressa både i Frankrike og utlandet (mellom anna i Wien).

Så i løpet av få dagar inntraff den store katastrofa. 8. mai klokka 7:52 om morgonen eksploderte bokstaveleg talt vulkanen og sende ei gloheit sky av oske og gass i retning Saint-Pierre. Det tok berre eit minutt før skya råka byen og folk omkom momentant, drepne av varmen og sjokkbylgja. Alt som vart brennbart tok fyr og byen vart jamna med jorda. Skip som låg på hamna vart òg øydelagde. Utover sommaren var det fleire utbrot som førde til ytterlegare øydeleggingar og tap av menneskeliv.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Když tenkrát ta sopka Mont-Pellé zničila celý ostrov Martinique, jeden profesor psal v ,Národní politice’, že už dávno upozorňoval čtenáře na vekou skvrnu na slunci.

Skrivst òg:Mont-Pellé Hašek Mont Pelée cz Mount Pelée en

Martiniqueen flag
Wikipedia czdeenfrnnno Google kartsøk
martinique.jpg

Saint-Pierre i dag.

martinique1.png

Wiener Zeitung, 4.5.1902

zenger.png

Národní politika, 2.10.1902

Martinique solflekker og utbrotet på Montagne Pelée er tema i dialogen på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí der Švejk og Katz gjev den siste olje. Švejk set denne og andre katastrofer i samband med solflekkaktiviet avdi han hadde lese eit innlegg i Národní politika av ein professor som skreiv at han forlengst hadde åtvara mot ein stor solflekk og fylgjene dette kunne få.

Bakgrunn

Martinique er ei øy i dei Små Antillane i det Karibiske havet og eit fransk oversjøisk département. Øya ligg om lag 450 nordaust frå den søramerikanske kysten og 700 km søraust frå den Dominikanske republikken. Øya er enno ein del av Frankrike, medlem av EU, og har euro som mynteining. Folketalet i 2014 var ikring 384 000.

Katastrofalt utbrot

Vulkanutbrotet som er omtala i romanen fann stad 8. mai 1902 og vart rapportert i tsjekkiske aviser to dagar seinare. Sjå Montagne Pelée for meir informasjon om katastrofa.

Professoren

Professoren som Švejk viser til i samtalen er høgst truleg Zenger.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Když tenkrát ta sopka Mont-Pellé zničila celý ostrov Martinique, jeden profesor psal v ,Národní politice’, že už dávno upozorňoval čtenáře na velkou skvrnu na slunci.

Skrivst òg:Martinik cz

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

14. Švejk som oppassar hos overløytnant Lukáš

Na Zderazeen flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Na Zderaze er omtala av Švejk i den lange anekdota hans om det store kortspel-laget. Denne kom i samband med at han sjølv var spelt bort i kort av Katz og difor no vart tenar hjå overløytnant Lukáš. Den store vinnaren i kortspel-anekdota, gamle Vejvoda, budde i denne gata. Kortspelet fann stad i eit vertshus bak Stoletá kavárna.

Na Zderaze dukkar opp att i [3.2] under ein samtale mellom Švejk, Lukáš og Baloun i Budapest. Den gode soldaten fortel ein forskrekka Baloun at han hadde lese i avisa at ein heil familie vart forgifta av leverpostei der.

Bakgrunn

Na Zderaze er ei gate i Nové Město mellom Karlovo náměstí og Vltava. Den går parallelt med elva frå Myslíkova ulice til Resslova ulice. Ved Stoletá kavárna og Na Zbořenci deler gata seg i to. I gata Na Zbořenci bak Stoletá kavárna låg truleg vertshuset der det store kortspelet fann stad.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.1] Na Zderaze žil nějakej klempíř Vejvoda a ten hrával vždy mariáš jedné hospodě za ,Stoletou kavárnou’.
[3.2] Já jsem čet několikrát v novinách, že se celá rodina votrávila játrovou paštikou. Jednou na Zderaze,jednou v Berouně, jednou v Táboře, jednou v Mladé Boleslavi, jednou v Příbrami.
Myslíkova uliceen flag
Wikipedia cz Google kartsøk
myslikova.jpg
koprivy.png

Kopřivy, 29.4.1909.

Myslíkova ulice er nemnd i den gode soldaten si forteljing om det store kortlaget på kneipa bak Stoletá kavárna. Gamle Vejvoda måtte henta hjelp hjå politimennene her fordi han hadde vunne så mykje at dei andre i kortlaget gjorde det utriveleg for han.

Bakgrunn

Myslíkova ulice er ei gate i Nové Město som går frå Spálená ulice ned mot Vltava. Ei av sidegatene er Na Zderaze.

Myslíkova ulice er ei gate som Jaroslav Hašek må ha vore lommekjend i. Ikkje berre låg den i forfattaren sitt oppvektsområde i Praha II. - i nummer 15 låg redaksjonen og trykkeriet til Kopřivy (Brennesler) og Právo lidu (Folkets Rett), publikasjonar som det Tsjekkoslaviske Sosialdemokratiske Arbeidarparti sto bak. Mange av Hašek sine forteljingar kom på trykk her i 1913 og 1914.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.1] A jen tak bez klobouku vyběh na ulici a přímo do Myslíkovy ulice pro strážníky. Našel patrolu a oznámil jí, že v tej a tej hospodě hrajou hazardní hru.
Monte Carloen flag
Wikipedia czdeenfrnn Google kartsøk
montecarlo.jpg

Světozor, 2.12.1910

Monte Carlo er nemnd i anekdoten om det store kortlaget til gamle Vejvoda. Politiinspektøren meinte dette var verre enn Monte Carlo.

Bakgrunn

Monte Carlo er den mest velståande bydelen i fyrstedømet Monaco og er mest kjend for kasinoet som indirekte vert vist til i romanen.

Bydelen sin veg mot berømmelsen starta i 1863 då det noverande kasinoet sto ferdig. Same året vart den kjende finansmannen François Blanc (1806-1877), inntil då direktør for kasinoet i Bad Homburg, hyra for å driva kasionoet. Det tok likevel tid før kasionoet vart vidkjend, men innan utbrotet av fyrste verdskrigen var Monte Carlo vorte eit omgrep for pengespel.

I manuskriptet stava Jaroslav Hašek namnet Monte Karlo men ved ei "oppussing" av Švejk tidleg på 1950-talet vart denne og andre "uryddigheiter" retta på. Mellomkrigsutgåvene av romanen, som vart gjevne ut av Adolf Synek, heldt derimot på Hašek sin opprinnelege stavemåte.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.1] ,Tohle jsem ještě nežral,’ řekl policejní inspektor, když viděl takový závratný sumy, tohle je horší než Monte Karlo.

Skrivst òg:Monte Karlo Hašek

Chodoven flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
chodov2.png

Kopřivy, 1.1.1914

Chodov vert nemnd i ein song som Katz sin nye offiserstenar syng etter dugeleg inntak av sterkdrykk.

Bakgrunn

Chodov er namnet på fire stader i Böhmen, ein i utkanten av Praha og dei tre andre i den vestlege delen av landet. Teksten i sitatet er frå fem ulike folkesongar. Fyrste linja er tittelen på ein song frå Chodsko-regionen ved grensa mot Bayern så det er nesten sikkert snakk om Chodov ved Domažlice.

I 1913 tilhøyrde Chodov hejtmanstvi Domažlice og (okres) av same namn. Innbyggjartalet var 1 947 og alle unnateke ein person oppga tsjekkisk som morsmålet sitt. Kommunen omfatta bygdene Chodov, Trhanov og Pec.

Ombruk av tekst

Song-fragmentet i boka har alt før dukka opp hjå Jaroslav Hašek. På nyttårsdag 1914 trykte Kopřivy Forteljinga om ein skikkeleg mann men her nyttar forfattaren Domažlice i staden for Chodov.

Eksterne lenkar

KjeldeJaroslav Šerák

Sitat
[1.14.1]
Okolo Chodova teče vodička, 
šenkuje tam má milá pivečko červený. 
Horo, horo, vysoká jsi, 
šly panenky silnicí, 
na Bílé hoře sedláček oře.

Skrivst òg:Meigelshof de

Bílá Horaen flag
Wikipedia czdesv Google kartsøk
bilahora.jpg

Světozor, 7.11.1913

bilahora1.png

Sokolský zpěvník, 1909

bilahora.png

Ottův slovník naučný

Bílá Hora vert nemnd i ein song av Katz sin nye putzfleck etter dugeleg inntak av sterkdrykk.

Bakgrunn

Bílá Hora (Det kvite berg) er ei høgd i den vestlege utkanten av Praha, mellom Smíchov, Břevnov og Ruzyně. Fram til 1922 tilhøyrde den landsbyen Řepy i "hejtmanství" Smíchov, men fyrst i 1960-åra vart den lagt under hovudstaden.

Den er hovudsakleg kjend for slaget 8.november 1620 som i praksis gjorde slutt på det tsjekkiske sjølvstendet. Etter dette fylgde Habsburg-styre fram til 1918. Slaget er rekna som ei av dei viktigaste hendingane i Trettiårskrigen (1618-1648).

Teksten i sitatet er frå fem ulike folkesongar, noko som forfattaren sjølv påpeikar. Linja som er brukt her er frå den kjende folkevisa "Na Bílé Hoře" (På Kvitfjellet). Sjå òg Chodov.

Eksterne lenkar

KjeldeJaroslav Šerák

Sitat
[1.14.1]
Okolo Chodova teče vodička, 
šenkuje tam má milá pivečko červený. 
Horo, horo, vysoká jsi, 
šly panenky silnicí, 
na Bílé hoře sedláček oře.

Skrivst òg:White Mountain en Weiße Berg de

Toledoen flag
Wikipedia czdeenesnn Google kartsøk
toledo.jpg

Toledo en las fotos de Thomas (1884, 1910)

toledo1.jpg

Světozor, 13.1.1911

Toledo er nemnd avdi Hertugen av Almavira skal ha ete tenaren sin under ei beleiring av byen. I Budapest referer Marek til noko likande, men då er det snakk om Madrid under Napoleonskrigane.

Bakgrunn

Toledo er ein historisk by i Spania, 70 km sør for Madrid. I 1986 kom byen på UNESCO si verdsarvliste. Byen blømde i Middelaldren og var ein periode hovudstad i Castilla. I dag er byen hovudstad i regionen Castilla-La Mancha og ein betydeleg turistattraksjon.

Den historiske hendinga som er omtala kan vera frå 930 til 932 då byen vart omringa av maurarane etter eit kristent opprør. Etter to års beleiring overga den seg på grunn av svolt.

Jesús Carrobles Santos, "Historia de Toledo", 1997

Durante dos años se mantuvo el asedio a Toledo. Sus habitantes, como ya habían hecho en otras ocasiones, volvieron a solicitar ayuda militar cristiana, esta vez a Ramiro II. Pero el ejército que éste envió fue derrotado por las tropas omeyas. Aislados del exterior y acosados por el hambre, los toledanos tuvieron que rendirse. De esta manera, el 2 de agosto del 932, Abd al-Rahmán III entró a caballo en la ciudad donde estableció una numerosa guarnición, aunque no adoptó represalias ni medidas de castigo.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.2] Našli bychom tam, že vévoda z Almaviru snědl svého vojenského sluhu při obležení Toleda z hladu bez soli..
Schwabenen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
schwaben.png

Leitfaden zur Manipulation bei den Unter-Abtheilungen der k.k. Landarmee, 1876

Schwaben er indirekte nemnd av forfattaren i bolken om offiserstenarar. Han fortel om ei gammal svabisk bok om kunsten å føra krig og her er det beskrive kva karaktertrekk som vert krevd av ein offiserstenar. Det er ikkje lite, han må vera mønstergyldig.

Bakgrunn

Schwaben er eit historisk område i det sørlege Tyskland som no ligg både i forbundslanda Bayern og Baden-Württemberg. Dei viktigaste byane i området er Stuttgart, Ulm og Augsburg.

Skrifttypar

Forfattaren viser til ei gammal svabisk bok om kunsten å føra krig, men ein veit ikkje kva bok han viser til. På tsjekkisk vert utrykket švabach (svabisk skrift) ofte brukt om sjølve dei gamle tyske skrifttypane (Frakturschrift) så boka treng difor ikkje ha svabisk opphav i det heile. På forfattaren si tid brukte nesten alle tysk-språklege aviser og bøker frakturskrift så han kan i prinsippet ha vist til kva som helst slags gamal bok på tysk om krigføringskunsten. Den engelske omsetjaren av Švejk, Cecil Parrott, går tydelegvis ut i frå dette når han overset frasen det med "ei gamal tysk bok".

Jaroslav Hašek vitja Schwaben i 1904 og skreiv opp gjennom åra nokre humoristiske forteljingar bygd på dette opphaldet. Sjå Bayern.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.2] Ve staré švábské knize o umění vojenském nalézáme též pokyny pro vojenské sluhy. Pucflek staré doby měl býti zbožný, ctnostný, pravdomluvný, skromný, statečný, odvážný, poctivý, pracovitý. Zkrátka měl to být vzor člověka.

Skrivst òg:Švábsko cz Swabia en

Grazen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
graz.jpg

Graz. Hauptplatz. Um 1910. © IMAGNO/Austrian Archives

graz.png

Arbeiterwille, 10.6.1912

Graz er nemnd av forfattaren i bolken om offiserstenarar. Her fortel han om ei rettsak i Graz i 1912 mot ein kaptein som hadde sparka i hel tenaren sin og ikkje vorte straffa avdi det "berre var andre gongen han gjorde det".

Graz vert nemnd seinare i samband med Ratskeller.

Bakgrunn

Graz er den nest største byen i Austerrike og hovudstad i Steiermark. Byen hadde om lag 250 000 innbyggjarar i 2006. I 1914 var folketalet litt under 200 000.

Garnisonsby

Graz var hovudsete for 3. Armeekorps som rekrutterte frå Steiermark, heile det noverande Slovenia og frå mindre område som no er italienske eller kroatiske (Trieste og Istria). Rekrutteringsdistrikta med tilsvarande nummererte infanteriregiment var: 27 (Graz), 7 (Klagenfurt), 47 (Maribor), 17 (Ljubljana), 87 (Celje) og 97 (Trieste).

Offiserstenarar

Det har ikkje lukkast å finna nokon direkte parallell til saka frå 1912 om kapteinen som skal ha sparka i hel tenaren sin og vorten frifunnen. Truleg er framstillinga eit produkt av forfattaren sin fantasi og hang groteske overdrivingar. Derimot skreiv avisene dette året om fleire andre tilfelle der offiserstenarar var involvert. Det vert mellom anna meldt om tenarar som stal frå offiseren sin, tenarar som tok livet sitt, og ein tenar som gjorde eit mislukka mordforsøk på sin overordna og deretter mislukkast med eige sjølvmord.

Ein artikkel i Graz-avisa Arbeiterwille i 1912 omtalar eit tilfelle der ein offiserstenar gjer sjølvmord etter å ha vorte trakassert over tid og til slutt med urett skulda for å ha stole 5 hermetikkboksar. Artikkelen set òg hendinga inn i ein større samanheng. Den omtalar den håplause situasjonen til offiserstenaren. Han måtte ikkje berre tena offiseren, men òg familiemedlemmer. Dersom situsjonen vart utoleleg kunne han ikkje berre sei opp stillinga slik hans sivile kollega kunne. Artikkelen tek til orde for å avskaffa heile ordninga med offiserstenarar, og har dessutan visse ting felles med forfattaren si eiga framstilling i romanen.

Konsentrasjonsleir

Under fyrste verdskrigen hadde Thalerhof ved Graz einaste konsentrasjonsleiren i den austerriske delen av Dobbeltmonarkiet (det var to i Ungarn). Sjå Steinhof.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.2] Roku 1912 byl ve Štyrském Hradci proces, při kterém vynikající úlohu hrál jeden hejtman, který ukopal svého pucfleka.
[4.1] Všechny lidi, který potkával na ulici, viděl buď na nádraží v Miláně, nebo s nimi seděl ve Štýrským Hradci v radničním sklepě při víně.

Skrivst òg:Štýrský Hradec cz

Dubnoen flag
Wikipedia czdeenruuk Google kartsøk
dubno.jpg

Das interessante Blatt, 16.4.1916

dubno1.png

Le journal de Geneve, 12.6.1916

dubno.png

Haugesunds avis, 13.6.1916

Dubno er nemnd av forfattaten når han omtalar ein offiserstenar som vart teken til fange av russarane og dreg på vanvittige mengder bagasje frå Dubno til Darnitsa og vidare til Tasjkent der han kreperte av tyfus oppå alt saman.

I same avsnittet nemner Hašek "stormen" på Dubno, som nok viser til hendingane 8.september 1915.

Bakgrunn

Dubno (ukr. Дубно, rus. Дубно) er ein by i Volyn-regionen i Ukraina, fram til 1917 del av det russiske Volyn-gubernatet. Den ligg omtrent 15 km sør for Chorupan der Jaroslav Hašek vart teken til fange 24.juli 1915). Byen ligg i eit område som på den aktuelle tida hadde ei betydeleg gruppe tsjekkiske innvandrarar. Sjå Zdolbunov.

Dubno var strategisk viktig grunna festninga og jernbaneforbindelsen mot nord og sør. K.u.k. Heer inntok byen 8.september 1915 etter at russarane overraskande hadde trekt seg ut. Desse tok Dubno tilbake 10.juni 1916 under Brusilov-offensiven.

Web-sida til byen hevdar Jaroslav Hašek var innom her i 1915, men dette er lite truleg ettersom Dubno var på austerrikske hender i perioden forfattaren var i området. Mykje meir truleg er det at han vitja byen i 1916 og 1917 då den var på russiske hender og forfattaren reiste i området både som journalist og etter mai 1917 som vanleg soldat.

Österreich-Ungarns letzter Krieg, Band III

Schon am Vormittag (8.9. 1915) langte beim 4. Armeekmdo. die überraschende Nachricht ein, daß Dubno vom Feinde preisgegeben sei und die Ikwabrücken bei der Stadt in Flammen stünden.

Eksterne lenkar

Kjelde: Österreich-Ungarns letzter Krieg, Band III

Sitat
[1.14.2] Viděl jsem jednoho zajatého důstojnického sluhu, který od Dubna šel s druhými pěšky až do Dárnice za Kyjevem.
[1.14.2] Dnes jsou důstojničtí sluhové roztroušení po celé naší republice a vypravují o svých hrdinných skutcích. Oni šturmovali Sokal, Dubno, Niš, Piavu.

Skrivst òg:Дубно ru Дубно ua

Darnitsaen flag
Wikipedia enruuk Google kartsøk
darnica1.png

Nový velký ilustrovaný slovník naučný, 1930

darnica.png

Elsa Brändström

Darnitsa vert nemnd i samband med offiserstenaren som drog på bagasje frå Dubno til Tasjkent og til slutt kreperte på toppen av heile haugen.

Bakgrunn

Darnitsa (ukr. Дарниця, rus. Дарница) er i dag ein bydel i Kiev, aust for elva Dnjepr, og ein enorm drabantby. I ligg ei gate som er kalla opp etter Jaroslav Hašek.

Darnitsa var ein velkjend transittleir som var i bruk frå 1915. I byrjinga var leiren svært enkel og mangla dei mest grunnleggjande fasilitetar. Sjukdomar herja og dødsratane var skremande høge. Leiren var òg viktig i vervinga av tsjekkiske frivillege i kampen mot Austerrike-Ungarn. Frå 1916 vart det tillate å rekruttara i russiske krigsfangeleirar. Sjå České legie.

Hašek og Darnica

I fylgje Jaroslav Kejla var forfattaren internert her i tre dagar hausten 1915, truleg tidleg i oktober. Herfrå vart han send vidare til Totskoje i det sørlege Ural. Krigsfangekortet hans viser at han vart registrert i Penza 6. oktober 1915. Kejla opplyser at fangane gjekk til fots 300 km frå Dubno-området til Darnitsa frå 24. september, men dette stemmer dårleg med Penza og 6. oktober. Ei forklaring kan likevel vera at datoen er etter den gamle russiske kalenderen og at registreringa i Penza såleis fann stad 19. oktober.

Det er dessutan liten tvil om at Hašek kom tilbake til Darnitsa som rekrutteringsagnet og agitator etter at han slutta seg til České legie i Kiev i juli 1916.

Eksterne lenkar

Kjelde: Jaroslav Kejla, Elsa Brändström

Sitat
[1.14.2] Viděl jsem jednoho zajatého důstojnického sluhu, který od Dubna šel s druhými pěšky až do Dárnice za Kyjevem.

Skrivst òg:Dárnice cz Darnitsa en Дарница ru Дарниця ua

Kieven flag
Wikipedia czdeennnnoruuk Google kartsøk
kiev2.jpg

St. Sofia-plassen. Frå "Za svobodu" (1925)

kiev2.png

Čechoslovan, 31.10.1917

kiev.png

Borgarkrigens redsler - etterletne lik etter kampane i Kiev (1918)

kiev1.png

Legionářská stráž, 23.3.1928

Kiev er fyrst nemnd når forfattaten omtalar ein offiserstenar som vart teken til fange av russarane og dreg på vanvittige mengder bagasje frå Dubno til Darnitsa bakom Kiev, og vidare til Tasjkent der han kreperte av tyfus oppå alt saman..

Litt seinare dukkar byen opp på nytt når Švejk les i avisa at "øvstkommanderande for Przemyśl, general Kusmanek, er komen til Kiev".

Under Švejk sitt opphald og forhøyr i Przemyśl vert Kiev nemnd heile 7 gonger i forbindelsen med at ein polsk angivar-provokatør som vert send inn i cella til Švejk og prøver å få det til at dei to hadde møttest i Kiev.

Bakgrunn

Kiev (ukr. Київ, rus. Киев) er hovudstad og største byen i Ukraina. Den ligg på begge sider av elva Dnjepr og har om nesten 3 millionar innbyggjarar, noko som gjer den til 7. største byen i Europa. Sentrum og dei eldre bydelene ligg på vestbreidda.

I 1914 var Kiev hovudstaden i det gubernatet med same namn og setet for Kiev militærdistrikt. Den hadde vore under russisk kontroll sidan 1600-talet, sjølv om den polske påvirkninga var sterkt til stades. Talet på jødar var òg betydeleg.

Byen og områda rundt hadde dessutan ein del tsjekkiske innvandrarar, og den tsjekkisk vekeavisa Čechoslovan vart utgjeven her fram til februar 1918. Under fyrste verdskrigen var Kiev saman med Paris og Petrograd det viktigaste senteret for den tsjekkoslovakiske sjølvstenderørsla.

Urolege tider

Fram til den russiske Oktober-revolusjonen 7.november 1917 var Kiev relativt lite påverka av krigen utover den generelle varemangelen og at byen fungerte som oppmarsjsområde og militært-administrativt sentrum. Kiev var dessutan hovudkvarteret for avdelinga til det Tsjekkoslovakiske Nasjonalrådet i Russland (sjå České legie). Leiaren for den tsjekkiske sjølvstenderørsla, professor Masaryk, oppheldt seg her i lange periodar mellom mai 1917 og februar 1918. Det var i Kiev han 7.februar 1918 skreiv under avtalen om overføring av Legionane frå den russiske til den franske hæren.

Bolsjevikane sitt kupp i Petrograd 7.november 1917 fekk store konsekvensar for Kiev. I januar 1918 sette dei i gang militære åtgjerder for å ta kontroll over Ukraina, som då var styrt av Tsentralna Rada (Sentralrådet) og i praksis eksisterte som den sjølvstendige Nasjonalrepublikken Ukraina. Raudegardistar under leiing av Vladimir Antonov-Ovsejenko invaderte områda aust for Dnjepr, 28. januar nådde dei Kiev, og 8.februar 1918 var slaget om hovudstaden over.

Styrkane som inntok Kiev var leia av oberst Mikhail A. Muravjov, ein tidlegare offiser i tsar-armeen som hadde leia Bosljevikane mot Kerenskij sitt motkupp-forsøk i Petrograd under Oktober-revolusjonen. No var han Antonov-Ovsejenko si høgre hand under felttoget mot Kiev. Han var ein dyktig offiser, men brutal og stormannsgal. Stabsjefen hans var Václav Fridrich, ein erfaren tsjekkisk legionær som sat fengsla i Darnitsa etter å ha vorte kasta ut av Legionane, og no vart frigjord av dei framrykkjande styrkane til Muravjov. Innmarsjen i Kiev medførde ein orgie av terror, plyndring og øydeleggingar. Muravjov sa seinare at han brukte giftgass. Offiserar, medlemmer av borgarskapet og tilfeldige innbyggjarar vart slakta ned i tusenvis. Muravjov og herjinga til troppane hans vart ei stor belastning for Bolsjevikane og han vart overført til fronten mot Romania 28. februar.

På same tida (9. februar) slutta Ukraina fred med Sentralmaktene. Professor Masaryk oppheldt seg i Kiev i denne perioden og opplevde terroren, men kom personleg godt overeins med Muravjov. Med representantar for Ententen til stades kom Masaryk og Muravjov fram til ein avtale som ga Legionane fritt leide ut av Ukraina og rett til å behalda våpna sine. I fylgje Masaryk sjølv vart avtalen underteikna 16. februar.

Den raude terrorveldet i Kiev var kortvarig. 18.august 1918) invaderte Sentralmaktene Ukraina og alt 1. mars nådde tyske einingar Kiev. Både Raudegardistane og Legionane rømde frå byen, og mellom dei som kom seg unna var Jaroslav Hašek.

Hašek i Kiev
kiev1.jpg

Hotel Praha husa redaksjonen til Čechoslovan

kiev3.png

Jaroslav Hašek, Revoluce, 23.4.1917 (6.5)

Jaroslav Hašek var såleis vitne til desse dramatiske hendingane i Kiev i februar 1918. Han hadde opphalde seg jamnleg i byen frå juli 1916 til mai 1917 og på ny frå 15. november til slutten av februar 1918. Han var medarbeidar i Čechoslovan og hadde dessutan oppgåver med rekruttering og agitasjon i fangeleirar. Det var i Česchoslovan han skreiv Povídka o obrázu císaře Františka Josefa (Forteljinga om biletet av keisar Franz Josef) som førde til at han vart skulda som landsvikar i Austerrike-Ungarn. I 1917 gav han ut den andre versjonen av Soldaten Švejk, Dobrý voják Švejk v zajetí (Den gode soldat Švejk i fangeskap).

Tida hans i Kiev var prega av kontroversar: han kom i bråk mned ein russisk offiser, fornærma han, og vart fengsla. Like etter (tidleg i mai 1917) vart han "forvist" til fronten og som avskjed skreiv han artikkelen Klub českých Pickwiků (Den tsjekkiske Pickwick-klubben) der han latterleggjorde nokre av dei politiske leiarane for den tsjekkoslovakiske sjølvstenderørsla i Russland. Frå "eksilet" sitt ved fronten vart han seinare tvinga til skriftleg å be om orsak.

Hašek vart kalla tilbake til Kiev 15.november 1917 for å vitna mot den påstått austerrikske spionen Alexandr O. Mašek som han hadde vore med å avsløra. Det var òg i Kiev, i løpet av dei fyrste to månadene av 1918, at Jaroslav Hašek gjekk frå å vera kritisk til bolsjevikane til å ope sympatisera med det nye styret i Petrograd. Grunnane til dette omskiftet kan vera fleire men det er grunn til å tru at den unge kommunisten Břetislav Hůla hadde stor innverknad på Hašek sine politiske haldningar på denne tida. Dei to var begge medarbeidarar Čechoslovan og reiste saman til Moskva etter flukta frå Kiev. I fylgje Václav Menger stod dei på denne tida kvarandre svært nær (Menger brukte ordet "uskiljelege").

Viktig for å forstå dette skiftet er dessutan at Hašek var sterkt imot å overføra Legionane til Frankrike, og at dei rekte seg ut av Ukraina heller enn å slåst mot tyskarane som nærma seg Kiev. Dette gav han ope utrykk for på eit allmøte 24. februar. Standpunktet sitt grunnga han detaljert i ein artikkel i Průkopník i Moskva 27.mars 1918.

kiev5.png

Frå "Znal jsem Haška", Josef Pospíšil.

kiev6.png

Opprop frå Václav Fridrich, stabsjefen til Muravjov. Československý deník, 12. februar 1918.

I fylgje Josef Pospíšil møtte Hašek leiarane for den sovjetiske okkupasjonsmakta i Kiev i februar 1918. Han stod på god fot med dei og vurderte dei som svært flinke folk. Dette positive personlege inntrykket har sikkert òg ha skubba forfattaren i radikal retning. Kven desse leiarane var vert ikkje nemnd, men ein må gå ut frå at det har vore Fridrich (som han nokså sikkert kjende frå før) og kanskje til og med Muravjov.

Okkupantane innførde òg åtgjerder som nok har vekt sympati hos Hašek: priskontroll (brød vart billegare), kontroll med banktransaksjonar, eingongs-skatt på rike borgarar og nasjonalisering. Ironisk nok vart også dødsstraffa avskaffa. I det heile stod tsjekkarane på god fot med sovjet-styret. Dette vert i februar 1918 gong på gong understreka i Československý deník, hovudorganet til det Tsjekkoslovakiske nasjonalrådet i Russland.

På veggen til det tidlegare Hotel Praha, som husa redaksjonslokala til Čechoslovan, heng det i dag ei minnetavle over forfattaren (2010).

General Kusmanek i Kiev
kiev4.png

Národní listy, 28.3.1915

Til slutt tilbake til Švejk sitt sitat om general Kusmanek i Kiev. Det er autentisk og teke ordrett frå pressa. I denne forma kom det korte sitatet på trykk i mellom anna Národní politika 4.april 1915. Avisene hadde òg meir utfyllande opplysningar. Kusmanek kom til Kiev med snøggtog på fyrste klasse alt 25.mars, berre tre dagar etter kapitulasjonen i Przemyśl. Han vart godt behandla og budde endåtil hjå guvernøren. Utover dette kjem det fram at opphaldet hans i Kiev var av mellombels karakter, at han skulle vidare for permanent internering i det indre av Russland.

Eksterne lenkar

Kjelde: Viktor A. Savčenko, Josef Pospíšil, Pavel Gan, Radko Pytlík, Jaroslav Křížek, Tomáš Masaryk

Sitat
[1.14.2] Viděl jsem jednoho zajatého důstojnického sluhu, který od Dubna šel s druhými pěšky až do Dárnice za Kyjevem.
[1.14.4] Švejk posadil se na lavici ve vratech a vykládal, že v bitevní frontě karpatské se útoky vojska ztroskotaly, na druhé straně však že velitel Přemyšlu, generál Kusmanek, přijel do Kyjeva a že za námi zůstalo v Srbsku jedenáct opěrných bodů a že Srbové dlouho nevydrží utíkat za našimi vojáky.
[4.1] Major Wolf v té době ještě neměl zdání o tom, co vlastně všechno chystají Rakousku přeběhlíci, kteří později, setkávajíce se v Kyjevě a jinde, na otázku: „Co tady děláš?“ odpovídali vesele: „Zradil jsem císaře pána.“
[4.1] Přihlásím se Rusům, že půjdu na forpatrolu ... Sloužil jsem u 6. kyjevské divise.
[4.1] Já jsem v Kyjevě znal mnoho Čechů, kteří šli s námi na frontu, když jsme přešli do ruského vojska, nemůžu si teď ale vzpomenout na jejich jména a odkuď byli, snad ty si vzpomeneš na někoho, s kým si se tam tak stýkal, rád bych věděl, kdo tam je od našeho 28. regimentu?“
[4.1] Zůstal tam zcela klidně a blábolil dále cosi o Kyjevu, a že Švejka tam rozhodně viděl, jak mašíroval mezi ruskými vojáky.
[4.1] „Já znám vaše všechny známé z Kyjeva,“ neúnavně pokračoval zřízenec protišpionáže, „nebyl tam s vámi takový tlustý a jeden takový hubený? Teď nevím, jak se jmenovali a od kterého byli regimentu...“
[4.1] Při odchodu řekla stvůra hlasitě k štábnímu šikovateli, ukazujíc na Švejka: „Je to můj starý kamarád z Kyjeva.“
[4.1] Je zde přece úplné doznání obžalovaného, že se oblékl do ruské uniformy, potom jedno důležité svědectví, kde se přiznal obžalovaný, že byl v Kyjevě.

Skrivst òg:Kyjev cz Kiew de Киев ru Київ ua

Ukrainaen flag
Wikipedia czdeennnnoruuk Google kartsøk
ukraina2.jpg

Kosakkhetmanatet, 1654

ukraina1.png

Ottův slovník naučný, 1888-

ukraina.jpg

Illustreret norsk konversationsleksikon, 1907-1913

ukraina.png

Linzer Volksblatt, 20.8.1914

ukraina2.png

Zlatá Praha, 12.12.1884

Ukraina er fyrst nemnd når forfattaten omtalar ein offiserstenar som vart teken til fange av russarane og dreg på vanvittige mengder bagasje frå Dubno til Darnitsa og vidare til Tasjkent der han kreperte av tyfus oppå alt saman.

Heilt på slutten kjem forfattaren inn på tilhøvet mellom polakkar og ukrainarar, ein konflikt som fekk tragiske konsekvensar under 2. verdskrigen og som har ført til strid fram til våre dagar.

Bakgrunn

Ukraina (ukr. Україна, rus. Украина) er ein stor og folkerik stat i det sør-austlege Europa med Kiev som hovudstad Før fyrste verdskrigen hadde namnet derimot ei noko anna tyding. I fylgje Ottův slovník naučný (1888) var det eit omgrep som viser til den "sør-vestlege delen av Russland ved breiddene av elvane Bug og Dnjepr men som i utstrekning ikkje er nøye definert". Namnet oppstod i fylgje leksikonet på 1600-talet og betyr "grenselandet".

Meyers Konverzations-Lexikon brukar om lag same tydinga som Ottos leksikon men nemner ikkje elva Bug, derimot at Ukraina er områda på begge breiddene av Dnjepr. Nordiske og engelske leksikon frå tida før 1. verdskrigen brukar tilnærma same definisjon som Meyers.

Hetmanatet

Det næraste ein kjem ei tidleg ukrainisk politisk eining er Hetmanatet på 1600-talet. Det vart grunnlagd gjennom opprøret til Bohdan Khmelnytskyj mot polsk overherredøme, men han var avhengig av utanlandsk hjelp og enda opp som vasall av Moskva. Hetmanatet var historsik viktig ikkje berre som ei kjelde til ukrainsk nasjonal identitet, men òg som starten på ein prosess som gradvis førde til russisk kontroll over dei ukrainske områda, på bekostning av Polen.

Områda var såleis fram til 1600-talet hovudsakleg under polsk herredøme, men ved freden i Moskva i 1686 måtte Polen avstå alt land aust for Dnjepr og området rundt Kiev til Moskva. Storparten av områda vest for elva vart russiske fyrst ved Polen si andre deling i 1793, resten ved Polen si tredje deling i 1795. Ved Polen si fyrste deling i 1772 fekk Austerrike Galicia og Bukovina.

Vesle Russland

Ved utbrotet av fyrste verdskrigen var omgrepet Ukraina enno heller laust definert geografisk: det viste til den sørvestlege delen av tsar-dømet. På denne tida var namnet Vesle Russland langt meir brukt, noko oppføringane i ulike leksikon vitnar om (mellom dei tsjekkiske, norske, svenske, engelske og tyske).

Når det er sagt eksisterte både det ukrainske språket og eit nasjonalt medvit, men nasjonalistiske strøymingar vart under tsar-dømet sterkt undertrykte. Ukrainsk var frå 1804 forbode som fag og undervisningsspråk, ein tilstand som varde nokså uendra fram til 1917. Litteratur og andre skrifter på ukrainsk måtte som regel gjevast ut i Galicia som var under austerriksk herredøme. Eit av offera for undertrykkinga var den vidkjende diktaren Taras Sjevtsjenko.

I romanen viser Jaroslav Hašek utan tvil til Ukraina i samsvar med dåtidas allmenne definisjon - som "den sørvestlege delen av Russland".

Rutenia

Ukrainarar var offisielt ei eiga folkegruppe i Austerrike-Ungarn og vart vanlegvis kalla rutenarar. I Habsburg-riket naut ukrainsk språk og kultur ein langt større autonomi enn i Russland. Ukrainsk var eit av tolv offisielle språk og i 1918 sat 28 ukrainske representantar i underhuset i den austerrikske nasjonalforsamlinga (sjå Parlament). Dette avspegla at dei var den fjerde største etniske gruppa i Cisleithanien, bak tyskarar, tsjekkarar og polakkar. Dei ukrainske områda i Dobbeltmonarkiet strekte seg over store deler av Galicia, det austlege Slovakia, Karpato-Rutenia og Bukovina.

1. verdskrigen

Alt frå krigsutbrotet i 1914 føregjekk krigføringa på det som no er ukrainsk område, på territoria til Austerrike-Ungarn. Frå august 1915 vart krigen førd over på på russisk-ukrainsk land og fronten gjekk dels her og dels i dei austerriksk-ukrainske områda. Denne stoda varde fram til sommaren 1917 då den russiske hæren vart driven ut av Dobbeltmonarkiet ein gong for alle.

I 1914 budde ein betydeleg tal tsjekkiske immigrantar i Ukraina, mest i Kiev og Volhyn-provinsen. Det var mellom desse spirene til det som seinare vart České legie oppstod og legionane opererte fram til mars 1918 på ukrainsk land.

Mistrudde på begge sider
ukraina4.png

Direktiv om gisseltaking i Galicia (© ÖStA)

Ukrainarar var mistrudde på begge sider i konflikten og ikkje utan grunn. I Galicia og andre ukrainske i område i Dobbeltmonarkiet fanst det utbreidd sympati med Russland, noko som òg Hašek kjem inn på i romanen. Ukrainarar vart saman med tsjekkarar rekna som det minst pålitelege folkeslaget i Austerrike-Ungarn. Alt i 1914 vart det oppretta konsentrasjonsleirar for sivile der "rutenarar" utgjorde ein stor delav dei innsette. Spesielt gjaldt dette leiren i Thalerhof ved Graz (sjå Steinhof). I områda ved fronten vart mange summarisk avretta som påståtte spionar og sabotørar.

Det er solid dokumentert at K.u.k. Heer tok velansedde russofile borgarar som gislar då Galicia vart teke attende i 1915. Desse kunne risikera å bøta med livet om sabotasje vart oppdaga i området deira. I dokumenta vedrørande 2. arme kjem dette klårt fram, og på regimentnivå oppmoda vår kjenning Čeněk Sagner skriftleg til ikkje å visa upålitelege sivile nåde.

Ukrainarar sin situasjon i Russland under krigen var neppe særleg betre, men tilgjengelege opplysningar er ikkje like konkrete. Trykket mot ukrainsk språk og kultur hadde vorte letta på etter 1905, men vart no stramma til att. Den vidkjende sjukesystra Elsa Brändström (og kjend som "Sibirs engel") skriv at "millionar av polakkar og ukrainarar vart deporterte" og legg til at jødar var spesielt utsette. Ukraina hadde på denne tida ei stor jødisk befolkning

Revolusjon
ukraina3.png

Det tsjekkoslovakiske armekorpset (legionane) trekkjer seg ut av Ukraina i mars 1918

Etter oktober-revolusjonen lyste Ukraina seg uavhengig og deltok som part i fredsforhandlingane i Brest-Litovsk. 9 februar 1918 underteikna dei avtalen med Sentralmaktene, men Kiev var alt dagen før okkupert av kommunistiske raudegardistar under leiing av Mikhail Muravjov. Dette var hendingar som Jaroslav Hašek personleg var vitne til.

18. februar invaderte tyske styrkar det no for ein stor del bolsjevik-okkuperte Ukraina for å tvinga den revolusjonære regjeringa til å godta fredsvilkåra. Heile Ukraina vart i løpet av februar og mars okkupert. Staten heldt likevel formelt fram å eksistera men under tysk kontroll.

Gjennom avtalane etter 1. verdskrigen kom dei ukrainske landområde under Sovjetunion (der det hadde status som politisk eining i form av den Ukrainske Sosialistiske Sovjetrepublikken), Polen, Tsjekkoslovakia og Romania.

Hašek i Ukraina
hasek_kamarady_kiev.jpg

Det einaste kjende biletet av Jaroslav Hašek frå den russiske delen av Ukraina. Her saman med Jan Šípek og Václav Menger. Berezne 29. september 1917 (12. oktober).

I perioden juli til september 1915 oppheldt Jaroslav Hašek seg på territoriet til det noverande Ukraina, som austerriksk soldat i (Galicia) og Volyn. Det var ved Chorupan i Volyn at forfattaren vart teken til fange 24. september 1915. Herfrå måtte fangane gå til transittleiren Darnitsa (ca 300 km) før dei vart frakta vidare til leirar andre stader i det russiske tsar-dømet.

Etter å ha vorte lausleten frå fangeleiren i Totskoje i det sørlege Ural oppheldt han seg på ukrainsk territorium frå juni 1916 til mars 1918. I denne perioden arbeidde han for tsjekkiske organisasjonar som motarbeidde Austerrike-Ungarn, organisasjonar som seinare vart kjende som dei Tsjekkoslovakiske legionane (sjå České legie). Han var for det meste stasjonert i Kiev der han ei stund var redaktør for Čechoslovan, men reiste òg mykje i området mellom Kiev og fronten. 2. juli 1917 var han med i slaget ved Zborów der tsjekkiske einingar for fyrste gong var i kamp med K.u.k. Heer.

Encyclopædia Britannica, 1911

UKRAINE (“frontier”), the name formerly given to a district of European Russia, now comprising the governments of Kharkov, Kiev, Podolia and Poltava. The portion east of the Dnieper became Russian in 1686 and the portion west of that river in 1793.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.2] Nikdy nezapomenu toho člověka, který se tak mořil s tím přes celou Ukrajinu. Byl to živý špeditérský vůz a nemohu si vysvětlit, jak to mohl unést a táhnout kolik set kilometrů a potom jeti s tím až do Taškentu, opatrovat to a umřít na svých zavazadlech na skvrnitý tyf v zajateckém táboře.

Skrivst òg:Ukrajina cz Ukraine de Ukraine en Украина ru Україна ua

Tasjkenten flag
Wikipedia czdeennoruuz Google kartsøk
tasjkent.jpg

Světozor, 14.3.1917

troitzky.png

Frå ein Raude Kross rapport, 1916.

tasjkent.png

Elsa Brändström: "Bland krigsfångar i Ryssland och Sibirien" (1921)

Tasjkent er nemnd i soga forfattaren om offiserstenaren som drog på ein uhoverleg mengde bagasje heilt frå Dubno men som til slutt døydde på bagasjehaugen sin i ein fangeleir i Tasjkent. Dødsårsaka var flekktyfus, ein sjukdom Jaroslav Hašek sjølv fekk i russisk fangeleir (men var noko heldigare).

Byen er nemnd blandt ei rekkje stader som utover denne soga ikkje hadde spela nokon stor rolle i romanen hittil, men som kunne til å ha dukka opp att dersom Jaroslav Hašek hadde fått fullførd romanen. Sjå Sokal.

Bakgrunn

Tasjkent (rus. Ташкент) var i 1915 hovudstad i det russiske generalguvernementet Turkestan. No er den hovudstad i Usbekistan. Fram til 1991 høyrde den til Sovjetunionen. Byen har i dag over 2 millionar innbyggjarar.

Under krigen var det ein fangeleir i byen, dessutan ein i Troitski 30 kilometer utafor byen. I begge leirane vart hovudsakleg fangar frå dei slaviske folkeslaga i Austerrike-Ungarn internerte. Ettersom det sat mange tsjekkarar her kjende Jaroslav Hašek heilt sikkert folk som hadde historier å fortelja frå Tasjkent.

Tyfus

Tyfus var eit stort problem i alle leirane i Turkestan og i 1915 og 1916 herja epidemiar. Helsepersonellet vart vaksinerte men fangane i svært liten grad. Dødstala kom opp i mange titusen.

I 1915 vart leiren i Troitski herja av ein alvorleg epidemi, ein av dei verste som råka russiske fangeleirar under heile krigen. I løpet av tre månader døydde 9 000 av 17 000 fangar. På den andre sida var leiren i sjølve byen rekna som av dei betre, og dei insette naut stor fridom. Offiserar kunne bevega seg fritt i byen utan eskorte.

Eksterne lenkar

KjeldeElsa Brändström, F. Thormeyer, F. Ferrière

Sitat
[1.14] Nikdy nezapomenu toho člověka, který se tak mořil s tím přes celou Ukrajinu<. Byl to živý špeditérský vůz a nemohu si vysvětlit, jak to mohl unést a táhnout kolik set kilometrů a potom jeti s tím až do Taškentu, opatrovat to a umřít na svých zavazadlech na skvrnitý tyf v zajateckém táboře.

Skrivst òg:Taškent cz Taschkent de Tashkent en Ташкент ru Toshkent uz

Sokalen flag
Wikipedia deenplruuk Google kartsøk
sokal.jpg

Utsikt mot byen frå Sokal Hora, 2010.

sokal1.jpg

Sokal og Poturzyca på eit K.u.k. militærkart.

sokal1.png

Finljandskaja Gazeta, 13.8.1914

sokal7.png

Die neue Zeitung, 20.8.1914

Sokal (ukr. Сока́ль) vert omtala av forfattaren i ein passasje der han ironisk skildrar korleis offiserstenarane ("Putzflecks") skrytte over bragdene sine i dei ulike slaga under verdskrigen.

Sokal er ein av få stader som er nemnde i kapitteloverskrifter, her i [2.5]. I sjølve teksten i dette kapittelet vert byen så omtala av Schröder i det han skal visa offiserane kvar byen ligg. Det endar med at han er så uheldig å stikka fingeren i ein lort som ein hankatt har vore så frekk å besudla stabskartet med.

I neste kapittelet [3.1] vert Sokal nemnd på ny når Ságner får telegram på jernbanestasjonen i Győr med ordre om å raskt "koka ferdig" og setja kursen mot Sokal. Avsendar var den utilreknelege Ritter von Herbert. På stasjonen i Budapest [3.2] mottek bataljonen endå eit telegram med nonsens frå Herbert.

Frå Sanok [3.4] og ut romanen dukkar Sokal jamt opp att, sist i ein samtale mellom Švejk og Marek der det kjem fram at "me skal til Sokal". Marek fortel Švejk at han ikkje kjem til å få løn før etter Sokal, for det er fåfengt å betala ut til soldatar som likevel kjem til å falla.

Der er udiskutabelt at det var meininga til forfattaren å leggja handlinga til Sokal i del fire av romanen (som han aldri rakk å fullføra).

I alt vert Sokal nemnd 12 gonger i romanen.

Bakgrunn

Sokal er ein regionshovudstad i Lviv-oblastet i det vestlege Ukraina. Den ligg 80 km nord for Lviv (Lwów), på austbreidda av Buh (Bug), og har i dag (2018) om lag 25 000 innbyggjarar.

Frå 1772 til 1918 tilhøyrde byen Austerrike, i mellomkrigstida Polen, etter 2. verdskrigen Sovjetunionen og frå 1991 Ukraina. I 1881 var innbyggjartalet om lag 8 000 der fordelinga var nokså jamn mellom jødar, polakkar og ukrainarar. Byen låg berre ei mil frå grensa mot Russland.

Russisk okkupasjon

Sokal vart snart etter krigsutbrotet angripne av russiske styrkar. Alt 13. august 1914 kunne den russiske generalstaben melda at byen var teken, to bruer over Bug sprengde, proviant og forsyningar øydelagde og jernbanestasjonen sett fyr på. Dette vart rettnok benekta av austerrikske kjelder nokre dagar seinare. Desse hevda at det russiske åtaket var eit plyndringstokt og at fienden vart driven tilbake. Både russiske og austerrikske kjelder stadfestar at åtaket fann stad 11. august, men at okkupasjonen var kortvarig.

Russarane kom likevel snart tilbake. 21. august slo austerrikarane tilbake eit nytt åtak, men 31. august melde finske aviser at Sokal og fleire andre byar i Galicia var okkuperte.

I etterkant av det fyrste russiske åtaket på Sokal kom ein av dei fyrste rapportane om svik mot Austerrike-Ungarn opp i avisene. Keisaren sine rutenske (ukrainske) undersåttar, 28 av dei, skal ha vore skuldige i å ha leia russarane fram til Sokal gjennom signal frå kyrkjetårn. Dei var frå Skomorochy (ukr. Скоморохи) nord for Sokal, vart dømde til døden 20. august, og hengde i heimlandsbyen dagen etter.

Sentralmaktene tilbake
sokal.png

Situasjonen sør for Sokal 27. juli 1915. Den blå pila viser posisjonen til IR91, 11. feltkompani.

© ÖsTA

sokal3.png

Pester Lloyd, 29.7.1915

Sokal vart fyrst teken tilbake av Sentralmaktene 18. juli 1915. Resten av krigen var byen på austerrikske hender og etter slaget sør for byen dei to neste vekene forsvann Sokal heilt frå nyheitene.

Det avgjerande slaget om Sokal stod frå 15. til 31. juli 1915. Det byrja med at K.u.k. 1. Armee, etter kvart med hjelp av den tyske 103. infanteridivisjon, forserte Bug og etter harde kampar inntok dei byen den 18. Dermed hadde dei oppretta eit bruhovud aust for elva.'

Same dagen kom det likevel frå høgaste hald ein ordre som fekk store fylgjer. Den tyske øvstkommanderande Mackesen gav ordre om at den 103. infanteridivisjon og andre tyske troppar skulle trekkjast ut for å hjelpa general Linsingen lenger nord. Dermed vart situasjonen vanskeleg for K.u.k. 1. Armee, ettersom russarane, leia av den dyktige general Brusilov, tok tilbake høgdedraga sør for Sokal den 20. Herfrå kunne dei bombardera byen og truga med å driva fienden tilbake over elva.

Alt same dagen innsåg Paul Puhallo, øvstkommanderande for 1. armee, kor alvorleg stoda var. Han bad om hjelp og ynskjet hans vart teke til fylgje. K.u.k. 2. armme avga heile den 9. infanteridivisjon (som IR91 tilhøyrde). Desse skulle etter planen ha gått til åtak over Bug ved Kamionka Strumiłowa 21. juli, men natta mellom 20. og 21. måtte dei i staden starta marsjen nordover for å avlasta det utsette bruhovudet ved Sokal.

Ordren om å flytta divisjonen til dette frontavsnittet var såleis den direkte grunnen til at Jaroslav Hašek i det heile kom til Sokal og dermed òg til at byen vert nemnd i romanen hans.

K.u.k. Infanteriregiment Nr. 91 ved Sokal
sokal2.png

Oberleutnant Sagner melder om den kritiske situasjonen bataljonen hans er i. Tapa er minst 50 prosent.

© ÖsTA

Regimentet kom fram til Opulsko vest for Sokal den 22. og dagen etter var dei i posisjon ved Poturzyca (ukr. Поториця), nokre få kilometer sør for byen. Klokka 4 om ettermiddagen 25. juli 1915 gjekk signalet til åtak på dei russiske stillingane på høgdene ved Poturzyca (Kote 254). Det vart eit brutalt slag med stort mannefall på begge sidar. Ein reknar at 9. infanteridivisjon mista om lag halve mannskapet i drepne, såra og sakna. Det vart dessutan teke store mengder fangar på begge sider.

Til sist måtte K.u.k. Heer gje opp åtaket og trekkja seg tilbake til stillingar mellom Sokal og Poturzyca. Dei vart redda av ei uventa russisk tilbaketreking som skuldast at tyskararane hadde treng gjennom fronten lenger nord. Dermed stod russarane ved Sokal i fare for å verta avskorne og fekk ordre om å trekkja seg attende.

../dokumenty/svejk/obrazy/sokal.jpg

"Bojiště u Sokalu", Večerní České Slovo, 1924

Den 1. august vart 9. divisjon avløyst. Deler av IR91 overnatta på gymnaset i Sokal (Jan Vaněk nemner det i dagboka si), noko som kan ha funne vegen inn i romanen (men då "forflytta" til Sanok). Om kvelden 2. august var det avmarsj til reserveposisjonar ved Żdżary, 15 km nord for Sokal. Om morgonen den 3. august klokka 4 var avløysinga gjennomført. Żdżary var eit område som var infisert med kolera, men det er ikkje kjent om soldatar frå regimentet vart smitta. 9. Infanteriedivision oppheldt seg her fram til 27. august då ein offensiv inn i Russland i retning Dubno starta.

Dei opprinnelege einingane frå 1. armee deltok òg i slaget, mellom dei IR4 (Hoch- und Deutschmeister frå Wien), FJB10 (Kopaljäger frå Jihlava) og FJB25 (Brno). Det var desse som hadde erobra Sokal veka før og då hadde Deutschmeister-regimentet (IR4) utmerka seg spesielt.

Jaroslav Hašek og Sokal
dekorierung.jpg

"Dekorierung" ved IR91/11. feltkompani, Żdżary 18. august 1915. Her delte oberst Rudolf Kiesswetter ut medaljane til soldatane. På biletet ser me forutan Kiesswetter sjølv m.a. Vaněk, Hašek, Lukas og Sagner. Frå "Bestand Rudolf Kiesswetter".

© ÖsTA

Jaroslav Hašek tenestegjorde som ordonnans i 3. feltbataljon, 11. kompani. Bataljonen var under slaget i ein av dei mest utsette stillingane og leid store tap. Under forferdelege omstende leia likevel Oberleutnant Čeněk Sagner mannskapet sitt godt og vart i rapprtane etter slaget spesielt framheva. Oberleutnant Rudolf Lukas leia 11. feltkompani, eit av dei fire kompania i Sagner sin bataljon.

Etter slaget ved Sokal vart Hašek forfremja til Gefreiter og 18. august 1915 vart han dekorert med sylvmedalje (2. klasse) for djervleik utvist under kampane ved Poturzyca 25. juli.

Fleire av "modellane" for personar i Švejk deltok i slaget ved Sokal: Rudolf Lukas, Čeněk Sagner, Hans Bigler, Jan Vaněk, František Strašlipka, Jan Eybl og Franz Wenzel.

Etter slaget vart, forutan forfattaren, Kadett Bigler og Oberleutnant Sagner forfremja. Oberstleutnant Wenzel vart etterforska grunna feig oppførsel. Han skal ha overlete leiinga av sin 2. bataljon til Oberleutnant Peregrin Baudisch og oppheldt seg av uforklarlege grunnar hjå 4. bataljon (som låg som reserve).

Desse vart dekorerte etter slaget: Jaroslav Hašek, Hans Bigler, Jan Vaněk, František Strašlipka og Čeněk Sagner. Den siste var ein av berre tre i heile regimentet som fekk den største utmerkinga: det rikstyske "Eiserne Kreuz" (Jernkorset).

Eit godt dokumentert slag
sokal4.png

Frå Jan Vaněk si dagbok. 31. juli 1915.

sokal5.png

Frå Gefechtsbericht, 9. august 1915. Denne inneheld sviande kritikk av IR91 si leiing under slaget. Spesielt får regimentssjefen Oberst Steinsberg og kommandant for 2. bataljon, Oberstleutnant Wenzel, gjennomgå.

© ÖsTA

Viktige vitnemål om hendingane ved Sokal er dagbøkene til Jan Vaněk og Jan Eybl, så notatane til Bohumil Vlček, alt frå IR91. Dessutan har me dagboka til Eugen Hoeflich (betre kjend som Moscheh Ya’akov Ben-Gavriêl) frå Feldjägerbtn. 25, Brno (FJB 25).

Utover dette finst det utførlege omtalar av slaget i regimentskrønikene til IR91, IR73 og IR102, truleg òg hjå IR4, IR11 m.fl. Österreich-Ungarns letzter Krieg omtalar slaget grundig og gjev innsikt i avgjerdene og disposisjonane på høgare hald i kommandokjeda. I krigsarkiva i Wien og Praha finn ein meir materiale; dagbøker, slagrapportar, ordrar, kart, foto m.m. Materiale om IR91 ved Sokal finst i begge arkiva.

Avisoppslag som nemner Sokal var det mange av, men på begge sidar vart nyhenda sjølvsagt nøye filtrert og sensurert. Dei respektive tilbakeslaga vart stort sett ikkje nemnde og eigne framgangar overdrivne. Langt nyttigare er usensurerte avisartiklar frå etter krigen, der enkeltpersonar skreiv om opplevingane sine ved Sokal.

Augevitneskildringar og andre dokument frå russisk side har forfattaren av desse web-sidene ikkje funne, men russiske offisielle kunngjeringar er tilgjengelege gjennom finske aviser (på den tida eit russisk storfyrstedøme) og aviser frå nøytrale land som Norge, Sverige, Nederland og Sveits. Ein finn òg døme på at dei kom på trykk i aviser i Dobbeltmonarkiet.

Hašek og dei 300 fangane
sokal6.png

Důjstonické listy, 24.2.1938

Ein artikkelserie på 16 deler av Jan Morávek i Večerní České Slovo frå 1924, til dels basert på intervju med Rudolf Lukas, er òg ei viktig kjelde. Den har vorte brukt mykje av haškologar etter 2. verdskrigen. Dette til trass for at ein kan mistenkja Morávek for å ha smurt tjukt på. Mellom anna hevdar han at Jaroslav Hašek vart dekorert fordi han overtala 300 russarar til å overgje seg og så førde dei væpna til regimentstaben der oppstod panikk.

Episoden er ikkje nemnd med eit ord om i grunngjevinga for at han vart dekorert (Belohnungsantrag), men soga har mange paralellar til opplysningar frå ein av nekrologane over Rudolf Lukas (Důjstonické listy, 24.februar 1938). Her kjem det fram at Hašek faktisk fekk som oppdrag av Lukas å ta med seg ei gruppe fangar bak fronten. I strid mot instruksane fekk han dei ikkje avvæpna og dette førde til panikk ved staben, der dei trudde russarane hadde brote gjennom. Episoden stilte Lukas i eit dårleg lys men me veit ikkje om den fekk konsekvensar for han.

Jan Vaněk, 26.7.1915

Včera odpol přišel rozkaz „Ku předu“ na ruské zákopy. Nejdříve bombardovalo naše dělostřelectvo a pak jsme šli. Ale bylo to hrozné. Sotva naši lidé vyskočili na náspy, již se jich mnoho a mnoho válelo na zemi dílem mrtvých a raněných. Hrozná to byla hodinka. Postoupili jsme o 100 kroků do předu a dále to nešlo. Byli jsme seslabeni. K tomu ke všemu pršelo jen se lilo. Bláto zamazalo pušky, takže nebylo možno střílet. Trnuli jsme strachy a kdyby rusové udělali protiútok, že to nezadržíme. Ale nestalo se tak—do rána jsme se urželi a pak jsme pokračovali. Zajali jsme spousty Rusů.

28. juli 1915, 11 Uhr Nachts

Gleich darauf meldte Oberleutnant Sagner: Linker Flügel des III. Bataillons hat, da das Infanterieregiment Nr. 11 zurückgeging, jeden Anschluss verloren. Gegner durchgebrochen - Pionerabteilung des Regimentsreserven eingesetzt. Bitte um 2 Kompagnien an meinen linken Flügel da dieser in äusserst kritischer Situation ist.

Eksterne lenkar

KjeldeVojenské Ústřední Archiv, ÖStA, Milan Hodík, Bohumil Vlček, Jan Vaněk, Jan Eybl, Eugen Hoeflich

Sitat
[1.14.2] Dnes jsou důstojničtí sluhové roztroušení po celé naší republice a vypravují o svých hrdinných skutcích. Oni šturmovali Sokal, Dubno, Niš, Piavu. Každý z nich je Napoleonem: „Povídal jsem našemu obrstovi, aby telefonoval do štábu, že už to může začít.“
[2.5] "Odtud, pánové, k Sokalu na Bug," řekl plukovník Schröder věštecky a posunul ukazováček po paměti ke Karpatům, přičemž zabořil jej do jedné z těch hromádek, jak se kocour staral udělat mapu bojiště plastickou.
[3.1] Telegram zněl prosté, nešifrován: "Rasch abkochen, dann Vormarsch nach Sokal." Hejtman Ságner povážlivé zakroutil hlavou. "Poslušné hlásím," řekl Matušič, "velitel stanice dá vás prosit k rozmluvě. Je tam ještě jeden telegram." Potom byla mezi velitelem nádraží a hejtmanem Ságnerem rozmluva velice důvěrného rázu. První telegram musel být odevzdán, třebas měl obsah velice překvapující, když je batalión na stanici v Rábu: "Rychle uvařit a pak pochodem na Sokal." Adresován byl nešifrovaně na pochodový batalión 91. pluku s kopií na pochodový batalión 75. pluku, který byl ještě vzadu. Podpis byl správný: Velitel brigády Ritter von Herbert.
[3.2] Matušič přinesl na vojenském nádraží v Budapešti hejtmanovi Ságnerovi z velitelství telegram, který poslal nešťastný velitel brigády dopravený do sanatoria. Byl téhož obsahu, nešifrován, jako na poslední stanici: "Rychle uvařit menáž a pochodem na Sokal." K tomu bylo připojeno: "Vozatajstvo začíslit u východní skupiny. Výzvědná služba se zrušuje. 13. pochodový prapor staví most přes řeku Bug. Bližší v novinách."
[3.4] Ačkoliv odtud bylo spojení železniční neporušeno pod Lvov i severně na Veliké Mosty, bylo vlastně záhadou, proč štáb východního úseku udělal tyto dispozice, aby železná brigáda se svým štábem soustřeďovala pochodové prapory sto padesát kilometrů v týlu, když šla v té době fronta od Brodů na Bug a podél řeky severně k Sokalu.
[3.4] Tato nešťastná kráva, možno-li vůbec nazvati onen přírodní zjev kravou, utkvěla všem účastníkům v živé paměti, a je téměř jisto, že kdyby později před bitvou u Sokalu byli velitelé připomněli mužstvu krávu z Liskowiec, že by se byla jedenáctá kumpanie za hrozného řevu vzteku vrhla s bajonetem na nepřítele.
[4.1] Neznalo ještě nic určitého o revolučních organizacích v cizině a teprve v srpnu na linii Sokal Milijatin - Bubnovo obdrželi velitelé bataliónů důvěrné rezerváty, že bývalý rakouský profesor Masaryk utekl za hranice, kde vede proti Rakousku propagandu. Nějaký pitomeček od divize doplnil rezervát ještě tímto rozkazem: "V případě zachycení předvésti neprodlené k štábu divize!" Toto tedy připomínám panu presidentovi, aby věděl, jaké nástrahy a léčky byly na něho kladeny mezi Sokalem- Milijatinem a Bubnovou.
[4.3] Major otevřel si stůl, vytáhl mapu a zamyslel se nad tím, že Felštýn je 40 kilometrů jihovýchodně od Přemyšlu, takže jevila se zde hrozná záhada, jak přišel pěšák Švejk k ruské uniformě v místech vzdálených přes sto padesát kilometrů od fronty, když pozice táhnou se v linii Sokal - Turze Kozlów.
[4.3] "U nás ho teď nedostaneš, poněvadž my jdeme na Sokal a lénunk se bude vyplácet až po bitvě, musíme šetřit. Jestli počítám, že se to tam strhne za čtrnáct dní, tak se ušetří na každým padlým vojákovi i s culágama 24 K 72 hal."

Skrivst òg:Сокаль ru Сокаль ua

Nišen flag
Wikipedia czdeennnnosr Google kartsøk
nis.jpg

Serbisk gravferd i Niš © ÖStA

nis1.png

Linzer Volksblatt, 7.11.1915

nis.png

IR91 ved Niš 8. oktober 1918.

Niš vert nemnd i forfattaren si harsellering over offisertenarane som "storma" Niš, Sokal og Piave m.fl.

Bakgrunn

Niš (ser. Ниш) er ein by i Serbia ved elva Nišava. Med meir enn 250 000 innbyggjarar er han den største byen i Sør-Serbia og den tredje største byen i landet etter Beograd og Novi Sad.

Under krigen

Byen var "krigshovudstad" i Serbia avdi Beograd låg utsett til like ved grensa til Ungarn. Under Sentralmaktene sin offensiv hausten 1915 vart byen erobra av bulgarske styrkar 5. november 1915 etter at serbarane trekte seg ut av byen. Den var under bulgarsk okkupasjon fram til 12. oktober 1918 då den vart den frigjord av serbiske styrkar.

At austerrikske soldatar skal ha vore med på å storma Niš (slik forfattaren antydar) er lite truleg ettersom den bulgarske hæren stod for operasjonane mot byen i 1915.

IR91 ved Niš

Seint i september 1918 trekte Bulgaria seg ut av krigen og deira allierte på Balkan kom såleis i ei knipe. 9. infanteridivisjon (med IR91) vart difor i all hast omplasserte frå fronten ved Piave til det sørlege Serbia. Transporten gjekk med tog via Udine, Ljubljana, Beograd til Vranje ved den makedonske grensa. Divisjonen var sterkt svekka, leid av sjukdom og materielle manglar, nokre av reservane hadde ikkje ein gong sko. Sør for Vranje stod dei no ovafor den framrykkjande serbiske 1. armé og måtte alt 3. oktober trekkja seg nordover att. Den 17. brigade (IR91 og IR102) hadde eit uhyre krevande tilbaketog over fjella. 8. oktober stod dei like sør for Niš og 16. oktober ved Vitkovač. Dei siste vekene av krigen heldt tilbaketoget frå Serbia fram.

Eksterne lenkar

Kjelde: Jan Ciglbauer, Milan Hodík

Sitat
[1.14.2] Oni šturmovali Sokal, Dubno, Niš, Piavu.

Skrivst òg:Nisch de Ниш sr

Piaveen flag
Wikipedia czdeenitno Google kartsøk
piave.jpg

K.u.k. Heer går over Piave ved Grave di Papadopoli

piave1.jpg

Svět, 12.9.1918

Piave vert nemnd i forteljaren si ironisering over offisertenarane som skrytte av bragdene sine under krigen.

Bakgrunn

Piave er ei elv nord i Italia. Ho har sitt utspring i Alpane og renn sørover i 220 km og ut i Adriatarhavet nær Venezia.

Under krigen

Etter Sentralmaktene sitt gjennombrot ved Caporetto 24.oktober 1917 trekte italienarane seg tilbake til Piave der fronten vart stabilisert i november etter at Sentralmaktene mislukkast i å kryssa elva. I juni 1918 stod det andre slaget ved Piave, den siste store austerriksk-ungarske offensiven på den italienske fronten. Åtaket mislukkast og K.u.k. Heer mista nesten 120 000 mann. 24.oktober 1918 sette dei allierte inn eit siste åtak som førde til eit fullt samanbrot hjå K.u.k. Heer

Ved Piave kjempa òg ein divisjon tsjekkiske legionærar på italiensk side. Dei som vart tekne til fange vart offentleg avretta. Berre den 22.juli 1918 leid 160 legionærar denne lagnaden.

IR91 ved Piave

Under offensiven ved Caporetto fylgde IR91 med K.u.k. Heer vestover frå Isonzo til Piave der dei kom fram 13. november. Den fyrste månaden heldt dei til ved Ponte di Piave, vart så flytta til nordover til Valdobbiadene i krysningspunktet mellom fjella og lågsletta.

Under den mislukka austerrikske offensiven sommaren 1918 var dei i reserve (15. til 23. juni), så flytta nedover att til Grave di Papadopoli, ei stor øy i Piave. Deretter vart dei flytta til fronten i Serbia, ein omplassering som fann stad frå 30. september. Av førebileta for personar i romanen tenestegjorde berre Hans Bigler ved Piave.

Eksterne lenkar

Kjelde: Jan Ciglbauer, Milan Hodík

Sitat
[1.14.2] Oni šturmovali Sokal, Dubno, Niš, Piavu.

Skrivst òg:Piava cz

Sør-Böhmenen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
jcechy1.jpg

Čechy. Díl IX. Západní Čechy. J. Otto, 1897.

jcechy.jpg

Čechy. Díl VI. V jihovýchodních Čechách. J. Otto, 1890.

jcechy.png

Ergänzungsbezirke Nr. 11, 91, 75

Schematismus für das k. u. k. Heer und für die k. u. k. Kriegsmarine 1911.

Sør-Böhmen vert fyrst nemnd når Hašek fortel at Lukáš kom frå dette området, med forfattaren sine eigne ord "det tsjekkiske sør".

I [I.15] vert området nemnd att då det kjem fram at oberst Kraus rota seg bort med heile regimentet sitt då han var på manøver her før krigen.

Sør-Böhmen er viktig i romanen ettersom litt over to av kapittela føregår her. Mest kjend er Švejk sin anabase som gjev ei mengde geografiske referensar. Men òg seinare i romanen vert stader og folk herfrå jamt nemnde, ettersom Švejk sitt IR91 var rekrutterte herfrå så soldaten omgjekk difor mange frå området.

Det kan jamvel synest som om hovudpersonen sjølv kjem frå området (sjå Dražov) og sikkert er det at han gjorde fyrstegongstenesta si ved regimentet i Budějovice og dessutan deltok under manøvrar i regionen. Av viktige romanfigurar som kom frå det tsjekkiske sør kan nemnast Lukáš og Baloun. Alt i fyrste kapittelet av romanen vert Sør-Böhmen drege inn, sjå Ludvík.

Bakgrunn

Sør-Böhmen er eit vagt definert geografisk område som viser til det som i dag grovt sett utgjer den administrative eininga Jihočeský kraj (fylket Sør-Böhmen). Hovudstad er České Budějovice, langt den største byen i region. Av andre kjende byar kan ein nemna Tábor, Písek, Strakonice, Krumlov, Třeboň, og Jindřichův Hradec. Som admininistrativ eining oppstod det i 1949 som Budějovický kraj, frå 1960 fekk det dagens namn.

Militært

Militært var regionen underlagd 8. Korpskommando og fylgjande rekrutteringsdistrikt låg heilt eller delvis innafor området: 11 (Písek, stor del), 75 (Jindřichův Hradec, stor del), 91 (Budějovice, heilt) og 102 (Benešov, liten del).

Hašek og Sør-Böhmen

At Sør-Böhmen har ein såpass framståande plass i romanen har samanheng med forfattaren sin eigen bakgrunn. Sjølv om Hašek var frå Praha kom begge foreldra frå sør, og alt som tenåring vitja han området saman med mora. Ein viktig inspirasjon er òg bestefaren Jareš, damvaktaren frå Ražice, som fortalde den unge Jaroslav mange soger frå området.

Til slutt vart nettopp faren sin fødestad avgjerande for råma forfattaren brukte frå bok to og utover. I og med at faren, Josef Hašek, var fødd i Mydlovary, hadde òg sonen heimstadrett her. Ettersom Mydlovary låg innafor IR91 sitt rekrutteringsdistrikt, vart dermed Jaroslav Hašek kalla inn til krigsteneste for dette regimentet, noko som sterkt verkar inn på handlinga i romanen, i det minste i ei geografisk tyding.

Sitat
[1.14.3] To bylo to, co zachoval z povahy sedláka na českém jihu, kde se narodil ve vesnici mezi černými lesy a rybníky.
[1.15.0] Nikdy nedorazil nikam včas, vodil pluk v kolonách proti strojním puškám a kdysi před lety stalo se při císařských manévrech na českém jihu, že se úplně s plukem ztratil, dostal se s ním až na Moravu, kde se s ním potloukal ještě několik dní po tom, když už bylo po manévrech a vojáci leželi v kasárnách.

Skrivst òg:Jižní Čechy cz Südböhmen de South Bohemia en

Kanariøyaneen flag
Wikipedia czdeenesno Google kartsøk

Kanariøyane vert her brukt som adjektiv til fuglerasen som har namnet sitt etter desse øyane. Lukáš likte dyr og heldt ein kanarifugl, ein katt og ein hund. Fuglen leid ein trist lagnad ettersom Švejk prøvde å få katten og fuglen til å venja seg til kvarande. Det gjekk som det måtte gå.

Bakgrunn

Kanariøyane er ei gruppe øyar i Atlanterhavet utafor Afrika som tilhøyrer Spania.

Kanarifuglen har namnet sitt etter Kanariøyane der den lever vilt. Den er òg utbreidd på Azorane og på Madeira. Til Europa vart den innført som tamfugl og spesielt i Mellom-Europa vart den populær. Harz (regionen) vart på 1800-talet det viktigaste senteret for kanarioppdrett.

Sitat
[1.14.3] Neobyčejně rád měl zvířata. Měl harckého kanárka, angorskou kočku a stájového pinče.
[1.14.3] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že je vše v nejlepším pořádku, jedině kočka dělala neplechu a sežrala vašeho kanára.“

Skrivst òg:Kanárské ostrovy cz Kanarischen Inseln de Canary Islands en Islas Canarias es

Harzen flag
Wikipedia deen Google kartsøk
harz1.png

Der Floh, 9.2.1913

harz.png

Národní politika, 5.1.1908

Harz vert her brukt som adjektiv til kanarifugl-rasen Harzer Roller. Fuglen som vert omtala tilhøyrde Lukáš men fekk ein lite lysteleg lagnad då Švejk slapp den og overløytnanten sin katt saman "for at dei skulle venja seg til kvarandre".

Bakgrunn

Harz er ei fjellkjede i Tyskland. Det er den nordlegaste fjellkjeda i landet og ligg på grensa mellom Niedersachsen, Sachsen-Anhalt og Thüringen.

Harzer Roller er ein kanarifugl-rase som vart avla fram i Harz-fjella og vart svært populær på 1800-talet. Den er mest kjeld som songfugl men vert òg brukt i gruver som åtvaring mot giftige gassar. Den er spesielt var mot karbonmonoksyd. Senter for oppdrett var Sankt Andreasberg.

Rasen dukka stadig opp i avisannonsar i tida før verdskrigen, mellom anna i Národní politika. Jaroslav Hašek, som i 1909 og 1910 var redaktør for dyretidsskriftet Svět zvířat, var svært kunnskapsrik om dyr, inkludert fuglar.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.3] Neobyčejně rád měl zvířata. Měl harckého kanárka, angorskou kočku a stájového pinče.
Pelhřimoven flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
pelhrimov.jpg

© Pelhřimovský magazín

Pelhřimov er nemnd i ein monolog der Švejk fortel Lukáš om ein lærar Marek frå ein landsby i nærleiken som flyg etter dottera til viltoppsynsmannen Špera.

Byen er nemnd på ny når Švjek på ny kjem saman med sin obrlajtnant i Wien og omgåande fortel han om ein viss Vaníček frå Pelhřimov.

Bakgrunn

Pelhřimov er ein by i Vysočina med eit folketal på om lag 17 000 (2010). Den har eit godt bevart historisk sentrum, og har i tillegg ein viss industriell tradisjon, mellom anna innafor brygging.

I 1913 hadde byen 5 738 innbyggjarar der alle unnateke 9 oppga tsjekkisk nasjonalitet. Uvanleg for Böhmen på denne tida var at ikkje ein einaste oppga seg som tyskar. Byen var setet for hejtmanství og okres med same namn.

Pelhřimov høyrde til Hæren's rekrutteringsdistrikt Nr. 75 (Jindřichův Hradec) så infanterirekruttar frå området tenestegjorde ved Infanterieregiment Nr. 75. I hæren si kommandokjede frå 1914 høyrde dette regimentet til 8. Armekorps (sjå 8. Korpskommando). Frå 1912 var storparten av regimentet, inkludert staben, forlagde i Salzburg.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.3] V jedný vesnici za Pelhřimovem byl nějaký učitel Marek a ten chodil za dcerou hajnýho Špery, a ten mu dal vzkázat, že jestli se bude s holkou scházet v lese, že mu, když ho potká, postí do zadnice z ručnice štětiny se solí.
[2.3] „Vostudu,“ pokračoval Švejk, „jsem vám jistě nikdy neudělal, jestli se něco stalo, to byla náhoda, pouhý řízení boží, jako říkal starej Vaníček z Pelhřimova, když si vodbejval šestatřicátej trest. Nikdy jsem nic neudělal naschvál, pane obrlajtnant, vždycky jsem chtěl udělat něco vobratnýho, dobrýho, a já za to nemůžu, jestli jsme voba z toho neměli žádnej profit a jenom samý pouhý trápení a mučení.“

Skrivst òg:Pilgram de

Košířeen flag
Wikipedia czen Google kartsøk
kosire.jpg

Hlaváček-trikken ved Klamovka i juni 1897

kynolog.png

Čech, 17.11.1910

Košíře er nemnd i samtalen mellom Lukáš og Švejk etter at katten har ete kanarifuglen. Dei kom etter kvart inn på handel med hundar og forfalsking av stamtavler og Švejk brukar ein bastard frå Košíře som døme.

Bakgrunn

Košíře er ein bydel i Praha, som ligg vest i hovudstaden mellom Smíchov og Motol. Košíře var eigen by frå 1895 til den vart innlemma i stor-Praha 1922.

I 1913 tilhøyrde byen okres og hejtmanství Smíchov. Byen hadde 12 293 innbyggjarar og nesten alle oppga seg som tsjekkarar, berre 14 oppga tysk nasjonalitet. Byen bestod av distrikta Cibulka, Košíře, Kotlářka, Počtávka og Podhají. Den hadde postkontor og romersk-katolsk kyrkjesokn. Som ein kuriositet kan nemnast den private trikkelinja som forbandt byen med Smíchov sentrum.

Hašek i Košíře

Offisielt budde Jaroslav Hašek i Košíře nummer 908 frå 4.februar 1909. Dette var adressa til redaksjonen til dyremagasinet Svět zvířat so kom ut kvar fjortande dag. For dette tidskriftet var han i ein period redaktør, og det var her han utga soger om oppdikta dyr. Dette var eit førehavande som tvinga eigaren Fuchs til å sei opp den oppfinnsame redaktøren sin (sjå Marek). Villaen låg ovafor hagen Klamovka men vart riven ein gong mellom 2011 og 2015.

Frå 28.juli 1910 er han i fylgje politiregistra å finna lenger nede i retning Smíchov, i Košíře nummer 1125. Her budde han saman med kona Jarmila som han hadde gifta seg med 23.mai 1910. Han var oppførd her fram til 28.desember 1911 då han er skriven inn i politibøkene med bustad i Vršovice. Det var frå nummer 1125 han ein kort periode, i slutten av 1910 og starten av 1911, dreiv sitt mislukka "Kynologiske Institutt", der han kjøpte og selgde hundar og andre dyr.

Švejk kjem til verda

Det var nok medan forfattaren budde i Košíře at han kom på ideen om å skapa Den gode soldat Švejk, rettnok i ei heilt anna utgåve enn den seinare verdskjende romanen. Fyrste soga om Švejk kom på trykk 22.mai 1911.

Eksterne lenkar

KjeldeJaroslav Šerák

Sitat
[1.14.3] A každej hned chtěl rodokmen, tak jsem si musel dát rodokmeny natisknout a dělat z nějakýho košířskýho voříška, kerej se narodil v cihelně, nejčistokrevnějšího šlechtice z bavorskýho psince Armin von Barnheim.

Skrivst òg: Koschirsch Reiner Koschiř de

Bayernen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
bayern.png

Das deutsche Kaiserreich, 1871-1918

bayern1.png

Ottův slovník naučný, 1909

Bayern vert nemnd av Švejk i den fyrste samtalen med Lukáš om hundar. Her i kennelen til Armin von Barheim vart dei mest rasereine pinscherane avla.

I [IV.3] er Bayern nemnd att ved at soldatar frå det IR91 har slåst med bayerane på torget i Żółtańce.

Bakgrunn

Bayern er den største av dei tyske delstatane, med München som hovudstad og ein av dei viktigaste byane i landet.

Kongeriket Bayern eksisterte frå 1805 til 1918 og var frå 1871 del av det sameinte Tyskland. Den geografiske utstrekninga var noko annaleis enn den moderne forbundstaten, mellom anna tilhøyrde det no utskilde området Pfalz til Bayern.

Under keisarriket hadde Bayern som i dag ei relativt uavhengig stilling. Det kongelege Wittelsbach-dynastiet heldt fram å styra, kongeriket hadde dessutan eigen hær, postvesen og jernbane. Bayern var tradisjonelt alliert med Austerrike i konfliktane med Preussen, og så seint som i den Tyske krigen i 1866 var dei i krig med den nord-tyske staten.

I romanen er det berre sjeldan vist til folk eller stader i Bayern. Den mest kjende bayer som er nemnd er utan tvil Sisi (sjå Elisabeth zu Bayern), deretter forfattaren Ganghofer. Referansar til bayersk landkunne er avgrensa til Nürnberg og Nördlingen.

Hašek i Bayern
bayern2.png

Besedy lidu, 9.5.1914

jogelli.png

Jogelli Klopter og Jaroslav Hašek. © Josef Lada

Jaroslav Hašek kjende deler av Bayern frå vandringa si sommaren 1904, ei reise som inspirerte han til å skriva nokre forteljingar med tema derfrå. Opplevingane kjem dessutan inn som fragment i mange fleire. I fylgje si eiga soge Velký den (Den store dagen) gjekk han til fots heilt frå Sveits gjennom Bayern til Domažlice der innkvarterte seg hjå kameraten Hájek. Reisa fann stad frå juli og truleg til ut i september (soga kom på trykk 9. oktober). Hašek si reise i Bayern er berre dokumentert gjennom enn hans eigne soger, noko som gjer at enkelte detaljar må takast med ei klype salt. Likevel må ein gå ut frå at det geografiske omrisset han teiknar av reisa stemmer og at mange andre detaljar òg er autentiske.

Ei lang rad stader i det tidlegare kongeriket er nemnde i desse forteljingane. Handlinga er lagd til byane Dillingen, Höchstädt, Ingolstadt og Neuburg. Alle ligg langs Donau på strekninga frå Ingolstad til grensa mot Württemberg. I tillegg omtalar Hašek dei bayerske områda Oberpfalz, Oberfranken og Schwaben. Byane Passau og Regensburg er nemnde saman med ei rekkje mindre stader der namna ofte er mystifiserte eller feilstava.

Tre av forteljingane har handlinga lagd til Neuburg, og den mest kjende av desse er soga om møtet med den tjukke turist-guiden Jogelli Klopter. Denne forteljinga er omsett til fleire utanlandske språk, mellom anna engelsk. Ei anna kjend soge heiter Rettferd i Bayern og er lagd til Ingolstadt. Her vert forfattaren arrestert for lausgjengeri men let svært vel over både soningstilhøva og betingelsane ellers.

I ei soge om humleplukking er handlinga lagde til området mellom Nürnberg og Spalt. Her omtalar han møtet med andre sesongarbeidarar, mellom anna ein kar frå Slesvig.

I Kiev i 1917 skreiv Jaroslav Hašek forteljinga Na Valhallu i Čechoslovan. Forteljinga som er meir propaganda enn underhaldning, nemner ein del stader langs elva Regen og indikerer at reisa hans tilbake til Böhmen i 1904 gjekk gjennom Bayerischer Wald. Nemnde er Walhalla-minnesmerket ved Donaustauf, Furth im Wald og Eschlkam. Han skriv dessutan kvar han kryssa grena.

Eksterne lenkar

Kjelde: Jan Berwid-Buquoy,Radko Pytlík

Sitat
[1.14.3] A každej hned chtěl rodokmen, tak jsem si musel dát rodokmeny natisknout a dělat z nějakýho košířskýho voříška, kerej se narodil v cihelně, nejčistokrevnějšího šlechtice z bavorskýho psince Armin von Barheim.

Skrivst òg:Bavorsko cz Bavaria en

Vojtěšská uliceen flag
Google kartsøk
vojteska.jpg

Vojtěšská ulice, Nové město, Praha. © AHMP

Vojtěšská ulice er nemnd av Švejk i samband med Lukáš sine vanskar då Katy dukkar opp. Her òg var det snakk om å få på dør ei dame som ikkje kjende si besøkelsestid. Episoden med dama skal ha funne stad "for to år sidan", med andre ord i 1912.

Bakgrunn

Vojtěšská ulice er ei gate i Nové Město, den går parallelt med Vltava nord for Myslíkova ulice. Gata er kalla opp etter St Adalbert. Hovudattraksjonen i gata er nok kyrkja Kostel sv. Vojtěcha většího. Det fanst òg ei gate med same namn i Břevnov men det er lite truleg at Švejk hadde denne i tankane.

Det ikkje lukkast å knyta den nemnde episoden til avisoppslag frå den aktuelle tida.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.4] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že je to těžký případ. Ve Vojtěšský ulici před dvěma léty nastěhovala se k jednomu čalouníkovi nějaká slečna a von ji nemoh vypudit z bytu a musel votrávit ji i sebe svítiplynem a bylo po legraci. S ženskejma je vobtíž. Já do nich vidím.“

Skrivst òg:Adalbertgasse de

Třeboňen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
trebon0.jpg

Světozor, 18.10.1912

Třeboň var byen fru Micková kom frå. Lukáš venta ho på besøk akkurat då Katy på eit upassande tidspunkt dukka opp.

Bakgrunn

Třeboň er ein by i Sør-Böhmen med om lag 8 700 innbyggjarar (2010). Den var eitt av hovudeta for Schwarzenberg-slekta og byen har eit fint historisk sentrum. Den er omgjeven av rybníky, kunstige innsjøar brukt til fiskeoppdrett. Den er òg klassifisert som kurstad. Třeboň hadde i 1914 direkte jernbanesamband med Praha og Wien.

Třeboň var i 1913 del av likelydande hejtmanství og okres. Sjølve byen hadde 5278 innbyggjarar, og av desse oppga 5098 seg som tsjekkarar. Militæret var òg til stades i byen - av dei 341 som var knytte til dei væpna styrkane var dei fleste tsjekkiske.

I 1912 var 1. bataljonen til IR88 kvarterte i Třeboň, men i 1913 hadde dei vorte flytta til Jindřichův Hradec. Ein veit ikkje kva eining som brukte kasernene ved krigsutbrotet og under krigen. Soldatar frå Třeboň vart mønstra i Ergänzungsbezirk Nr. 75, så dei fleste enda opp i teneste hjå Infanterieregiment Nr. 75.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.4] Milý Jindřich byl určitě v ošklivé situaci. Manželka pronásledovaná manželem přijede k němu na několik dní na návštěvu, právě když má přijeti paní Micková z Třeboně, aby po tři dny opakovala to, co mu pravidelně poskytuje každého čtvrt roku, když jede do Prahy dělat nákupy.

Skrivst òg:Wittingau de

Memphisen flag
Wikipedia deen Google kartsøk
memfisek2.png

Salzburger Chronik, 3.3.1897

memfisek1.png

Znaimer Tagblatt, 26.2.1909

memfisek.png

Kopřivy, 16.5.1918

Memphis vert her brukt som adjektiv i uttrykket "pakke Memphis-sigarettar", på tsjekkisk "krabice memfisek". Švejk fekk ordre av Lukáš om å kjøpa vin og sigarettar til Katy. Sigarettane er nemnde tre gonger i dette kapittelet.

Bakgrunn

Memphis er her nemnd gjennom sigarett-merket Memphis som vart laga av tobakk-monopolet Kaiserlich königliche Tabak-regie, mellom anna i Hainburg. I 1882 låg det 28 tobakkfabrikkar i Cisleithanien, dvs. den austerrikse delene av Dobbeltmonarkiet, men detaljar om kva fabrikk som tilverka kva sort er ikkje tilgjengelege.

Merket vart lansert i 1897 og i 1913 var det det tredje mest selde. Namet viser til Memphis i oldtidas Egypt, ikkje storbyen i USA. Mange av dei austerrikske merkenamna på sigarettar hadde ein orientalsk klang (Nil, Stambul, Sultan, Memphis osb).

Memphis-sigarettane vart framleis produserte etter krigen i Tsjekkoslovakia and Austerrike, av etterfylgjarstatane sine respektive tobakksmonopol. I Austerrike vart monopolet oppheva så seint som i 1996 of Memphis-sigaratten eksisterer enno (2019), sjølv om den siste innanlandske fabrikken (Hainburg) vart lagd ned i 2011.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.4] Pak koupíte tři láhve vína, krabičku memfisek, tak.
[1.14.4] Dostal jsem na to vod pana obrlajtnanta sto korun, ale z toho musím koupit tři lahve vína a krabičku memfisek.“
[1.14.4] Při obědě vypila láhev vína, vykouřila mnoho memfisek a lehla si do postele, zatímco Švejk v kuchyni pochutnával si na komisárku, který namáčel do sklenice s nějakou sladkou kořalkou.
Dunajecen flag
Wikipedia czdeennnplsk Google kartsøk
dunajec.jpg

Das interessante Blatt, 25.2.1915

dunajec2.png

Österreich-Ungarns letzter Krieg (Band 1)

dunajec1.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem, s. 510

dunajec.png

Berliner Tageblatt, 8.5.1915

karpaty6.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem, s. 508

Dunajec vert nemnd av forfattaren i samband med krigsstoda og "krigsrådet" Lukáš og Švejk held for å bli kvitt Katy. Han noterer at dette var på den tida då hærmassane stod i eit regn av granatar i skogane ved Dunajec og Raba og at tung artilleri sleitt sund heile kompani og strødde dei utover Karpatane.

Litt seinare, etter at Wendler har dukka opp for å henta kona, nemner Lukáš elva for gjesten sin då han gjennomgår krigs-stoda.

Bakgrunn

Dunajec er ei elv som renn gjennom nordlege delar av Slovakia og sørlege delar av Polen. Ho er ei av sideelvane til Wisła som ho renn ut i ved Opatowiec, nord for Tarnów.

Frå 15.november 1914 kryssa den 3. russiske arme leia av Radko Dimitrov elva og rykte vidare fram over Raba i retning Kraków. Frå 8. desember måtte dei trekkja seg tilbake (slaget ved Limanowa) til austbreidda der fronten stabiliserte seg innan slutten av året.

Fram til mai 1915 gjekk deler av fronten langs nedre løpet til Dunajec og det var harde kampar her gjennom vinteren. Stoda endra seg dramatisk til Sentralmaktene sin fordel etter gjennombrotet ved Gorlice og Tarnów 2.mai 1915 og området vart deretter spard for øydeleggjingar.

Tidfestinga i romanen

Teksten nemner kampar mellom Raba og Dunajec i same setning, så tidsmessig har nok forfattaren perioden frå 15.november 1914 og ut året i tankane. Det var nettopp i dette tidsrommet den russiske hæren kom seg vest for Dunajec og nesten nådde Kraków. Dette stemmer godt med ein av dei få datoane som er nemnde i romanen: 20.desember 1914 dikterte Lukáš eit brev til Švejk som han sende Katy for å takka for dei 400 kronene ho la att på vasken som takk for tenestene han hadde ytt.

Sitat frå Verdskrigskrønika

Sitatet frå samtalen mellom Lukáš og Wendler er henta direkte frå side 508 i Kronika světové války. Det viser til hendingar som fann stad så seint som 2.mai 1915.

Sjølv forfattaren sin introduksjon til underkapittelet kan sporast til Krønika men her har han byta ut elva Biała med Raba, truleg for at handlinga skal stemma betre med den faktiske stoda ved fronten i desember 1914. Fragmenta her gjeld hendingar som fann stad tidleg i mai og som opprinneleg vart omtala i Berliner Tageblatt 8.mai 1915.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.5] Zatímco masy vojsk připnuté na lesích u Dunajce i Rábu stály pod deštěm granátů a velkokalibrová děla roztrhávala celé setniny a zasypávala je v Karpatech a obzory na všech bojištích hořely od požárů vesnic i měst, prožíval nadporučík Lukáš se Švejk nepříjemnou idylu s dámou, která utekla svému muži a dělala nyní domácí paní.
[1.14.5] Jakmile však prolomíme ruskou frontu mezi karpatským hřbetem a středním Dunajcem, není nijaké pochybnosti, že bude to znamenat konec války.

Skrivst òg:Dunajetz de

Všenoryen flag
Wikipedia czdeensv Google kartsøk
vsenory1.jpg

Brda a Podbrdí, Josef Kafka, 1925

vsenory0.png

Právo lidu, 10.10.1912

Všenory er nemnd i historie som Švejk fortel Lukáš som illustrerer problema med å få Katy ut av huset.

Bakgrunn

Všenory er ein landsby om lag 20 km sørvest for Praha, ved elva Berounka. I 2018 var folketalet 1640.

Všenory var i 1913 oppførd i hejtmanství Smíchov, okres Zbraslav. Landsbyen hadde 289 innbyggjarar, alle oppga tsjekkisk som morsmål. Det katolske kyrkjesoknet var Mokropsy Horní a Trnová, postkontoret låg i Dobřichovice.

Landsbyen høyrde til militærrekrutteringsdistrikt nr. 28, så infanteristar med heimstadrett i landsbyen gjorde teneste ved IR28.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.5] Ve Všenorech byl minulej rok takovej případ v jedný vile. Ale tenkrát si ten telegram poslala sama ta ženská svýmu muži a ten si pro ni přijel a nafackoval voboum. Voba byli civilisti, ale v tomto případě si na oficíra nebude troufat.

Skrivst òg:Wšenor de

Parisen flag
Wikipedia czdeenfrnnno Google kartsøk
paris.jpg

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem

paris1.jpg

L'entrée des Allemands à Paris (Septembre 1914)

Paris vil i fylgje Lukáš snart falla i tyske hender. Dette er del av utgreiinga for humlehanldar Wendler om den militære situasjonen.

Seinare i samtalen spør humlehandlaren offiseren kvifor tyskarane har trekt seg tilbake til grensa sjølv om dei alt hadde vore i nærleiken av Paris.

Bakgrunn

Paris er hovudstaden i og den største byen i Frankrike. Det bur om lag 2,2 millionar i bykjernen. I storbyområdet, som er det fjerde største i Europa, bur det om lag 12,1.

Den franske hovudstaden var ein periode i august og september 1914 alvorleg trua av den tyske framrykkinga men denne vart stansa i slaget ved Marne.

Paris er òg nemnd i nokre av Jaroslav Hašek sine forteljingar, sjå linkar under.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.5] Stejně Francouzům hrozí v nejkratší době ztráta celé východní Francie a vtržení německého vojska do Paříže.
[1.14.5] Nemyslete si, že nesleduji události,“ pokračoval, dívaje se zuřivě na nadporučíka, který klidně vypouštěl z úst kolečka cigaretového dýmu, která stíhala jedno za druhým a rozbíjela je, což sledovala paní Katy s velkým zájmem, „proč Němci odešli zpět ku hranicím, když byli již u Paříže?

Skrivst òg:Paříž cz

Východní Beskydyen flag
Wikipedia czdeennnplsk Google kartsøk
beskydy1.png

Prager Tagblatt, 11.5.1915

beskydy2.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem

beskydy1.jpg

IR91, Kistopolya, 23.4.1915. Bestand Rudolf Kiesswetter

© ÖStA

Východní Beskydy inngår i utgreiinga Lukáš held for humlehandlar Wendler om krigs-situasjonen. Frå [II.3] og utover vert hendingane her ofte omntala gjennom forteljingar frå soldatar som har vore med IR91 i Karpatane. Ved Medzilaborce og Palota føregår handlinga her direkte utan at fjellområdet vert nemnd eksplisitt.

Bakgrunn

Východní Beskydy er eit fjellområde i grenseområdet mellom Polen, Slovakia og Ukraina, på polsk omtala som Bieszczady. Frå hausten 1914 og fram til mai 1915 gjekk frontlinja her og det var harde kampar under vinter-slaget i Karpatane.

I romanen er det etter alt å døma vist til kampar som føregjekk i byrjinga av april 1915 aust for Medzilaborce. Svært mange offisielle lysingar frå denne perioden nemner desse kampane i Ostbeskiden. Denne teorien bli underbygd av kjensgjerninga at forfattaren henta mange detaljar til samtalen mellom Lukáš og Wendler nettopp frå desse kunngjeringane. Sjå Kronika světové války.

Nyhendeoppslaget i Kronika světové války frå 2.april 1915 nemner Východní Beskydy og dessutan Klosterhoek, Niederaspach og Mühlhausen. Alle desse er stader som inngår i samtalen mellom Wendler og Lukáš. Merk òg at stavemåten "Bezkydy" ofte vart brukt, m.a. i den nemnde daglege oppdateringa.

IR91 i Aust-Beskidane

Fram til fyrste veka i mai 1915 var tre bataljonar frå IR91 stasjonerte ved fronten her. Dei hadde vorte overflytta frå Balkan-fronten tidleg i februar. Dette opphaldet har nok gjeve stoff til mange av samtalene i del tre av boka.

Fleire av modellane for personar i romanen gjorde teneste her: Rudolf Lukas, Jan Vaněk, Jan Eybl, Josef Adamička og dessutan den meir perifere Wurm. Aktivitetane til regimentet i desse fjella er svært godt dokumentert gjennom dagbøkene til Eybl.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.5] Nadporučík Lukáš vzal obchodníka s chmelem jemně za rameno a odvedl k mapě bojiště, visící na stěně, a ukazuje mu jednotlivé body, vykládal: „Východní Beskydy jsou naším znamenitým opěrným bodem.

Skrivst òg:Eastern Beskids en Ostbeskiden de Aust-Beskidane no Східні_Бескиди uk

Moskvaen flag
Wikipedia czdeennnru Google kartsøk
moskva1.jpg

Světozor, 27.9.1912

moskva.png

Ottův slovník naučný, 1901

prukopnik.png

Průkopník, 27.3.1918

Moskva inngår som mange andre stader i leksjonen Lukáš held for Wendler om krigs-stoda. Han forsikrar humlehandlaren om at "me kjem ikkje til å stoppa før me er i Moskva".

Bakgrunn

Moskva var i 1914 største byen i Russland medan Petrograd var hovudstad. Moskva var frå 1922 hovudstad i Sovjetunionen og var òg sentrum for Bolsjevik-administrasjonen frå 12.mars 1918. Den er hovudstad og størsten byen i notidas Russia og har meir enn 10 millionar innbyggjarar. Byen ligg ved Moskva-elva, 142 meter over havet.

I 1897 hadde Moskva 988 614 innbyggjarar der det overveldande fleirtalet var russarar. Tyskarar og jødar utgjorde dei største minoritetane men ingen av desse gruppene utgjorde meir enn tre prosent av folketalet. Der budde dessutan ein del tsjekkarar i byen, og fleire tsjekkiske firma hadde kontor der. Dei siste ti-åra før verdskrigen vaks byen fort, den hadde variert industri og var senter for det russiske jernbanenettet, der den knytte saman 10 linjer.

Hašek i Moskva

Jaroslav Hašek kom til byen i midten av mars 1918 saman med Břetislav Hůla. Det var her han melde seg inn i den tsjekkiske seksjoen av Kommunistpartiet og byrja å agitera for at České legie skulle verta verande i Russland. Den 27.mars 1918 publiserte han ein artikkel i Průkopník med overskrifta "Til den tsjekkiske hæren: kvifor dreg ein til Frankrike?". Han argumenterte mot Legionane si overflytting til Vestfronten, og meinte dei heller burde vera i Russland for å forsvara revolusjonen.

Opphaldet i byen vart kort ettersom han drog vidare til Samara fyrste dagane i april. I november 1920 dukka han opp i Moskva på ny, no på veg tilbake til heimlandet etter å ha arbeidd i to år som kommisær i den Raude Arme i Ural-området og Sibir.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.5] V karpatských úsecích, jak vidíte, máme velkou oporu. Mocný úder na tuto linii - a nezastavíme se až v Moskvě. Válka skončí dřív, než se nadějeme.“

Skrivst òg:Moskau de Moscow en Москва ru

Dardanelleneen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
sanders1.png

Národní politika, 4.4.1915

Dardanellene inngår i samandraget Lukáš gjev Wendler om stoda ved dei ulike frontane. Offiseren opplyser gjesten sin om at Liman er utnemnd til øvstkommanderande for Dardanelle-hæren.

Bakgrunn

Dardanellene er eit sund nordvest i Tyrkia som bind saman Egeerhavet og Marmarahavet. I 1915 prøvde allierte styrkar å trenga gjennom sundet, men vart drivne tilbake. Nederlaget gjorde at marineminister Winston Churchill til slutt vart tvinga til å gå av. Det fyrste store slaget stod 18.mars 1915 og den allierte invasjonsflåten vart slegen tilbake. Forsvarane vart leia av Cevat Paşa, seinare kjend som helten av 18. mars.

Liman vart utnemnd til øvstkommanderande for Dardanelle-hæren 24.mars 1915, og nyhenda om utnemninga har forfattaren klippa rett inn i romanen frå samandrag over siste tids hendingar. Dette sitatet kom på trykk i Kronika světové války og dessutan Národní politika påskedag 1915 (4. april).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.5] Vrchním velitelem turecké armády dardanelské jmenován maršálek Liman šl. Sanders.

Skrivst òg:Dardanely cz Dardanellen de Dardanelles en Çanakkale Boğazı tr

Konstantinopelen flag
Wikipedia czdeennnnotr Google kartsøk
istanbul.jpg

Český svět, 15.5.1915

goltz.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem, s. 506

Konstantinopel er med i utgreiinga til overløytnant Lukáš ovafor Wendler om krigsstoda. Han kan opplysa gjesten sin om at Goltz Paşa er komen til Berlin frå Konstantinopel.

Litt seinare i samtalen opplyser humlehandlaraen om att han før krigen leverte humle heilt til Konstantinopel men at dette no er slutt på.

I romanen brukar "obrlajtnant" omgrepet "Cařihrad" (Keisarbyen), men dette er sjeldan å høyra i moderne tsjekkisk. I slovensk (Carigrad) og bulgarsk førekjem denne forma enno, i dei andre slaviske språka er den gått ut.

Bakgrunn

Konstantinopel var i 1914 hovudstad og største byen i det Osmanske riket, hovudstad i den nye republikken Tyrkia var den berre fram til 1923. Frå 1930 har byen heitt İstanbul.

Goltz Paşa si reise frå Konstantinopel til Berlin som Lukáš viser til fann faktisk stad, men han kom fram fyrst 29.mars 1915, ikkje i desember 1914 som ein skulle tru ut frå romanen. Sitat som nemner Konstantinopel er eitt av fleire i samtalen mellem Lukáš og Wendler som er ordrett henta frå Kronika světové války. Sitatet kom dessutan i Národní politika 4.april 1915.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.5] Goltz paša přijel z Cařihradu do Berlína a naším císařem byli vyznamenáni Enver paša, viceadmirál Usedon paša a generál Dževad paša.
[1.14.5] Náš chmel šel až do Cařihradu. Dnes jsme napolo zničeni.

Skrivst òg:Cařihrad Hašek Konstantinopol cz Constantinople en Konstantinyé tr

Berlinen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
berlin.jpg

Brandenburger Tor i 1914

np2903.jpg

Národní Politika 4.4.1915

berlin1.png

Národní listy, 24.1.1928

piscator.jpg

Die Bühne, 9.2.1928

longen.png

Slutten på Longen si fantasifulle historie om Hašek og den tidlegare politimannen "Španda" i Berlin

berlin.png

Kona til Hašek minnest ikkje noko opphald i Berlin

Berlin inngår òg i Lukáš si utgreiing for Wendler om den militære situasjonen når han opplyser gjesten sin at Goltz Paşa er komen til byen frå Konstantinopel.

Berlin vert seinare nemnd i samband med at