Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (582) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

13. Švejk gir den siste olje

Dlouhá třídaen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Dlouhá třída er gata der Firma Polák, som handla i olje og lakk, heldt til. Her kjøpte Švejk olje signa av ein biskop: Hampfrøolje Nr. 3.

Bakgrunn

Dlouhá třída er ei gate i Staré Město (Gamlebyen), Praha. Den går frå Staroměstské náměstí mot Poříčí og er ei av dei eldste gatene i byen.

Sitat
[1.13] V druhé chtěli telefonovat na ochrannou stanici a ve třetí mu řekl provisor, že firma Polák v Dlouhé třídě, obchod olejem a laky, bude mít rozhodně žádaný olej na skladě.

Skrivst òg:Langengasse de

Žižkoven flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
zizkov.jpg

Karlova třída i 1915 (no Seifertova)

svejksesit.png

Osudy dobrého vojáka Švejka, 14.3.1921

zizkov1.jpg

Jeronýmova 324/8 (2010). Her vart fyrste delen av romanen skriven i 1921.

Žižkov vert fyrst nemnd i ein anekdote om ein prest, men bydelen (i 1914 eigen by) dukkar opp att fleire gonger utover i romanen utan at handlinga nokon gong vert lagd direkte hit.

Mellom anna spør Švejk etter vegen hit når han undersøkjer vanane til hunden han skal stela og spør ut tenestejenta til oberst Kraus. Dessutan vert staden nemnd att i samband med Axamit.

Bakgrunn

Žižkov er ein bydel og katastral-distrikt aust for sentrum av Praha. Den høyrer forvaltningsmessig til Praha 3 og dels Praha 8. Bydelen er kalla opp etter husittleiaren Jan Žižka. Frå 1881 til 1922 var den eigen by.

Žižkov by talde 72 173 innbyggjarar i 1913, og alle utanom 1555 registrerte seg med tsjekkisk nasjonalitet. Den var senter for okres og hejtmanství med same namn.

Fyrste og litt av andre delen av Švejk vart skriven i her. Jaroslav Hašek budde hjå venen Franta Sauer i Jeronýmova 324/3 frå januar til august 1921. Like ved, på Prokopovo náměstí, står det no ei statue av forfattaren.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Na Žižkově jednou farář zmlátil jednoho slepýho, že při takovej příležitosti nesmek, a eště byl zavřenej, poněvadž mu u soudu dokázali, že není hluchoněmej, a jenom slepej, a že slyšel cinkot zvonečku a budil pohoršení, ačkoliv to bylo v noci.
[I.14] Švejk ji oslovil: „Dovolte, slečno, kudy se jde na Žižkov?“ Zastavila se a podívala se na něho, myslí-li to upřímně, a dobrácký obličej Švejkův jí řekl, že opravdu ten vojáček chce asi jít na Žižkov. Výraz její tváře změkl a ona ochotně mu vykládala, jak na ten Žižkov půjde.
[III.2] To je na Žižkově pan profesor Axamit a ten tam kopal, hledal hroby skrčenců a několik jich vybral, a voni si ho, toho flašinetáře, vodtáhly do jedný takový vykopaný mohyly a tam ho dřely a zneužívaly.
Malešiceen flag
Wikipedia cz Google kartsøk
malesice.jpg

Malešice, 1974

Malešice vert nemnd i ein anekdote Švejk brukar som parallell til den innpåslitne pengeinnkrevaren. Soldaten viser til ein krovert som for alle høve hadde eit bibelsitat klart.

Bakgrunn

Malešice er ein bydel i den austlege delen av Praha, den ligg dels i Praha 10 og dels i Praha 9. Den vart del av hovudstaden i 1922.

I 1913 var Malešice ein del av hejtmanství og okres Žižkov. Folketalet var 1 114 og alle unnateke fem oppga seg som tsjekkarar.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] V Malešicích byl jeden šenkýř, písmák, který na všechno měl citáty z Písma svatýho, a když někoho pral bejkovcem, vždycky říkal: ,Kdo šetří metly, nenávidí syna svého; ale kdo ho miluje, včas jej tresce, já ti dám prát se mi v hospodě.’“
Bordeauxen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
bordeaux1.png

Troppauer Zeitung, 10.12.1893

bordeaux.png

Zemědělské listy, 31.12.1899

Bordeaux vert indirekte nemnd av Katz då han føresleg for Švejk at dei lagar seg Bordeaux-punsj.

Bakgrunn

Bordeaux er ein by i det sør-vestlege Frankrike med omlag 250 000 innbyggjarar (ein million med det urbane omlandet). Den er sentrum for vindistriktet av same namn og det er i denne samanhengen den finn vegen inn i romanen.

Bordeuax-punsj

Denne varianten av punsj er nok ikkje noko godt kjent omgrep i dag, men eit internett-søk avslører ein punsj basert på raudvin. Bordeaux er naturleg nok knytt til nettopp raudvins-ingrediensen ettersom området rundt denne franske byen er eit vidkjendt vindistrikt.

Drykken var òg til sals i flasker, som annonsar frå 1845 og utover vitnar om. Det best kjende merket tykkjest å ha vore E. Lichtwizt & Co frå Opava (Troppau) som òg var keisarlege og kongelege hoffleverandørar. Endå meir vanleg var essensar (smakskonsentrat) på flasker og det er desse som dukkar opp i dei tidlegaste annonsane. Den fyrste omtalen av Bordeaux-punsj som kan sporast i den Austerrikske pressea er frå 1845 og viser til eit arrangement på Sofien-Insel i Praha (no Slovanský ostrov).

I det handskrivne manuskriptet til Švejk (side 127) brukar Katz omgrepet "bordeux-punč". Dette òg ein del andre småfeil er retta i utgåvene av romanen som kom ut etter 2. verdskrigen.

Eksterne lenkar

Kjelde: Sergey Soloukh

Sitat
[1.13] "Vidíte, Švejku, jak to dopadá s takovým člověkem, který nectí kněze," usmál se polní kurát. "Svatý Jan Zlatoústý řekl: ,Kdo ctí kněze, ctí Krista, kdo příkoří činí knězi, činí příkoří Kristu Pánu, jehož zástupcem právě kněz jest.` - Na zítřek musíme se dokonale připravit. Udělejte smažená vajíčka se šunkou, uvařte Bordeaux punč a potom věnujeme se rozjímání, neboť jak je v modlitbě večerní: ,Odvráceny jsou milostí boží všechny úklady nepřátel o tento příbytek.` "
Drinaen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
drina.jpg

БИТКА НА ДРИНИ: 101 година од крвавих борби у Подрињу. © drina.info 8.9.2015

drina3.png

Böhmerwalds Söhne im Felde

drina2.png

Om det fatale forsøket på å kryssa Drina 8. september 1914. Kjelde: Böhmerwalds Söhne im Felde. Forfattar: Gustav Jungbauer.

Drina vert for fyrste gong nemnd av pengeutlånaren som plaga Katz. Han klaga over at overløytnant Janata hadde vore så frekk å falla ved Drina, til trass for at han var skuldig 700 kroner. Elva Drina vert seinare nemnd fleire gonger, spesielt i Királyhida der veteranar fortel om opplevingane sine frå felttoget mot Serbia i 1914.

Bakgrunn

Drina er ei elv på Balkan, og ei av dei sideelevene til Sava. Med ei lengd på 346 km dannar ho mellom anna grensa mellom Bosnia­-Hercegovina­ og Serbia, i 1914 grensa mellom Austerrike-Ungarn og Serbia.

IR91 ved Drina

IR91 var som del av 9. infanteridivisjon med på felttoget mot Sebia frå august til desember 1914. Mellom dei som deltok var fleire av offiserane som Jaroslav Hašek seinare brukte som førebilete til romanfigurane sine. Rudolf Lukas, Čeněk Sagner, Josef Adamička, og Franz Wenzel var alle med (Wenzel fyrst frå midten av august). Som offiserstenar for Lukas var tuleg òg František Strašlipka med alt då.

Regimentet kom til Gunja ved Sava 4. august etter ei tre dagars togreise frå Budějovice. Dei drog så med båt og til fots til oppmarsjområdet ved Drina omkring Bjelina (no Bijeljina), der dei kom fram dagen etter. Den 12. kryssa dei elva på pontong-bruer ved Novoselo og deltok i det blodige slag ved Cer frå 16. til 19.august. Etter store tap trekte dei seg attende og var tilbake på vestsida av elva 20. august.

8. september tok divisjonen del i eit nytt forsøk på å invadera Serbia, under det såkalla slaget ved Drina. No kryssa dei Drina ved munninga mot Sava. Åtaket var ei katastrofe og IR91 mista over 700 mann i falne, såra og sakna. Dei vart drivne attende, og om natta vart det beordra tilbaketrekking til den bosniske sida. Då var pontong-bruene ubrukelege, det oppstod panikk under den sterke serbiske elden og nesten alle av dei mange som prøvde å symja over elva drukna. Regimentet heldt seg ved Drina fram til 26. september då dei forflytta seg til nordbreidda av Sava. Drina skulle dei aldri meir sjå att.

E.E. Kisch

Den vidkjende reporteren Egon Erwin Kisch skreiv dagbok frå opplevingane sine med IR11 i Serbia. Regimentet hans, frå Písek, tilhøyrde som IR91 9. infanteridivisjon og deltok i same slaga under like omstende. I den sterke og velskrivne skildringa, Schreib das auf Kisch!, fortel forfattaren om strabasane og lidingane soldatane var utsette for, om dei uhyrlege tapa, om inkompetansen på alle plan, moralsk avstumpa offiserar, om kaoset, forvirringa, og dei løgnaktige framstillinga av den faktiske situasjonen som publikum heime fekk. Her finn ein svært mange skildringar som lesaren av Švejk vil kjenna att.

Eksterne lenkar

Kjelde: Gustav Jungbauer, Rudolf Kiesswetter, Egon Erwin Kisch, VÚA

Sitat
[1.13] Nadporučík Janata dluhoval mně 700 korun a odvážil se padnout na Drině.

Skrivst òg:Дрина sr

Rawa Ruskaen flag
Wikipedia czdeennnplruuk Google kartsøk
ravaruska.jpg

Jernbanestasjonen

rava1.png

Kaiserbericht, 11.9.1914

rava2.png

Finljandskaja Gazeta, 15.9.1914

Rawa Ruska vert nemnd av av den innpåslitne pengelånaren som ovafor den motvillige Katz klagar over at kaptein Wichterle hadde lete seg slå i hel av eigne soldatar trass i at han var skuldig 2000 kroner.

Bakgrunn

Rawa Ruska er det polske namnet på Рава-Руська (Rava-Ruska), ein by og jernbaneknutepunkt i Galicia, nær grensa mellom dagens Ukraina og Polen. Byen ligg administrativt i Lviv oblastet. Fram til 1918 tilhøyrde den Austerrike-Ungarn, i mellomkrigstida til Polen, frå 1945 til Sovjetunionen og frå 1991 Ukraina.

Rawa Ruska tilhøyrde under Austerrike-Ungarn Ergänzungsbezirk Nr. 30 som var ein del av Korpsbezirk Nr. 11 (begge Lwów). Soldatar frå området var såleis rekrutterte til IR30.

Slaget ved Rawa Ruska

Fragmentet frå romanen viser til slaget ved Rawa Ruska som fann stad frå 6. til 11. september 1914 mellom hærgrupper frå Austerrike-Ungarn og Russland.

Resultatet var eit katastrofalt nederlag for K.u.k. Heer som vart tvinga til å trekkja seg tilbake til forsvarslinjer ved elva San og langs Karpatane, og i praksis gje opp storparten av Galicia. Hardast råka var Brudermann sin tredje arme. Tilbaketrekkjinga starta natta til 12. september og same dagen vart sjølve Rawa Ruska okkupert. Ein av dei falne ved slaget var løytnant Herbert Conrad von Hötzendorf, son til generalstabsjefen Conrad.

Sentralmaktene var fyrst tilbake 21.juni 1915 då byen vart okkupert av tyske troppar.

Deutsche Heeresbericht, 21. Juni 1915

Die Armeen des Generalobersten v. Mackensen kämpfen um Lemberg und Zolkiew; Rawa-Ruska ist in unserer Hand. Westlich Rawa-Ruska wurde der Feind gestern von deutschen Truppen angegriffen und geworfen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Hejtman Wichterle, dluhující mně stejný obnos, dal se zabít pod Ruskou Ravou vlastními vojáky.

Skrivst òg:Ruská Rava Hašek Rawa-Ruska de Рава-Русская ru Рава-Руська ua

Karpataneen flag
Wikipedia deenru Google kartsøk
karpaty.jpg

Wiener Bilder, 3.1.1915

karpaty3.jpg

Světová válka 1914-1915 slovem a obrazem, s.519

karpaty4.png

Prager Tagblatt, 5.5.1915

karpaty5.png

Lage und Verteilung der Kräfte 1. Mai 1915. Österreich-Ungarns letzter Krieg II, Beilage 15.

Karpatane vert nemnd fyrst av pengelånaren som plaga Katz avdi endå ein offiser som skulda pengar hadde falle her. I same kapittelet vert to soldatar som ligg for døden på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí omtala. Begge hadde vorte skotne i magen.

Karpatane dukkar òg opp i [I.14] når Lukáš kjem med i handlinga. Švejk les om hendigane der i avisa då han fylgjer Katy til kaserna der Lukáš underviser eittårs-frivillge. Seinare i kapittelet vert fjellkjeda nemnde av Lukáš i samtalen med Wendler.

Frå og med [III.1] vert Karpatane og stader i fjellkjeda nemnde mange gonger i samtalar der soldatar som har vore der med tidlegare marsjbataljonar fortel om opplevingane sine.

I [III.4] vert handlinga lagt til Karpatane. Sjå Łupków-passet.

Bakgrunn

Karpatane er den austlege fjellkjeda av det store sentrale fjellsystemet i Europa. Ho strekk seg 1 500 km på områda til Romania, Tsjekkia, Slovakia, Polen, Ukraina, Austerrike, Serbia og Ungarn.

I september 1914 kom russiske styrkar fram til den nordlege delen av fjellkjeda og prøvde tidleg i oktober å trengja over passed ved Uszok. I November okkuperte russarane ei kort stund Humenné og kom dessutan inn på ungarsk område i Maramaros (no Maramureș i Romania).

Vinterslaget

Ein reknar at det eigentleg vinterslaget i Karpatane stod mellom desember 1914 og mars 1915. Uszok var teke av Russarane i desember og Łupków-passet var òg lenge under russisk kontroll. Eit tredje viktig punkt var Dukla der det var harde kampar gjennom vinteren. I Laborec-dalen kom russiske styrkar seg over passa i men lukkast aldri å trengja heilt gjennom og ned på ungarske sletta.

K.u.k. Heer prøvde fleire offensivar gjennom vinteren, men dei to armeane som var involvert (2. og 3.) var dårleg utstyrte for vinterkrig og ein reknar at fleire fraus i hel enn fall for fienden sine kuler. Russarane hadde òg store tap, som mellom anna skuldast taktikken med å senda bylgjer av soldatar direkte mot fienden, ein taktikk som grunna maskingeveret vart førde til masseslakt.

Gorlice-Tarnów

Slutten på krigen i Karpatane kom i tidleg i mai 1915 i samband med offensiven som starta med slaget ved Gorlice-Tarnów. Under tysk leiing trengde i løpet av få veker Sentralmaktene russarane vekk frå fjellkjeda.

IR91 i Karpatane
karpaty.png

IR91 gjekk av transporttoga ved Nagy-Berezna 7. februar 1915.

Böhmerwalds Söhne im Felde.

karpaty1.png

IR91 i Jaworzec, mars 1915.

Fond Jan Ev. Eybl..

© SOkA Beroun

Tre bataljonar frå IR91 kjempa i Karpatane frå 7.februar 1915 fram til fyrste veka i mai. Deesse batlajonane heldt seg innafor eit relativt avgrensa område, nær vår tids grensetriangel mellom Polen, Slovakia og Ukraina (sjå Východní Beskydy).

Regimentskommandant på denne tida var oberst Alfred Steinsberg som 1.februar 1915 hadde vorte overførd frå systerregimentet IR73 som tilhøyrde same divisjon (niende). I den harde vinteren var kulden ofte eit like stort problem som fienden, noko som òg vert reflektert i anekdotane som veteranar frå vinterslaget i Karpatane fortel i romanen.

Minst fire av førebileta for personar i Švejk gjorde teneste her: Rudolf Lukas, Jan Vaněk, Josef Adamička og Jan Eybl. Dei to fyrste var såra tidleg i mars og kom attende til regimentet fyrst 11. juli med 12. marsjbataljon. Den meir perifere Wurm gjorde òg teneste der, frå mars 1915. Både Lukas og Vaněk vart såra under felttoget i Karpatane.

I Jan Eybl sitt arkiv finn ein verdfulle bilete frå regimentet sitt opphald i området. Dei er frå Jaworzec der IR91 sin stab var lokalisert i mars 1915. Eybl sine dagbøker dekkar heile perioden regimentet var stasjonert i Karpatane.

Etter 2.mai 1915 endra stoda seg. Sentralmaktene sine store siger ved Gorlice-Tarnów tvinga russarane vekk frå fjellkjeda og IR91 var mellom einingane som forfylgde fienden derfrå, over elva San og i retning Sambor. Regimnetet marsjerte frå posisjonane sine ved Kistopolya og Oroszpatak 4. mai, kryssa San ei veke seinare og 15. mai var dei komne fram til området ved Sambor.

Pressesitat
karpaty7.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem, side 505

karpaty6.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem, side 508

I [I.14] finn ein to nesten ordrette sitat frå Kronika světové války som omhandlar Karpatane. Desse er mellom mange småsitat herfrå som finn vegen inn i denne delen av romanen.

Det fyrste kjem under Švejk sin utgreing om krigsstoda ved vakta på kaserna der han ledsaga Katy og er omtrent ordrett lik det ein finn i "Kronika" side 505. Det omtalar hendingane 26.mars 1915.

Det andre lånte sitatet er frå samtalen mellom Lukáš og Wendler der offiseren omtalar eit gjennomslag av den russiske fronten mellom midtre Dunajec og kammen av Karpatane som skal definitivt gjera slutt på krigen. Kjelda er Kronika světové války side 508 og viser til hendingane ved Dunajec 2.mai 1915, den fyrste dagen av Gorlice-Tarnów-offensiven.

Eksterne lenkar

Kjelde: Österreich-Ungarns Letzter Krieg, Norman Stone, Rudolf Kießwetter, Jan Ev. Eybl

Sitat
[1.13] Ten padne v Karpatech s mou nezaplacenou směnkou, ten jde do zajetí, ten se mně utopí v Srbsku, ten umře v Uhrách ve špitále.
[1.13] Po posledním pomazání ve vojenské nemocnici toužili dva. Jeden starý major a jeden bankovní disponent, důstojník v záloze. Oba dostali kulku do břicha v Karpatech a leželi vedle sebe.
[1.14.4] Švejk posadil se na lavici ve vratech a vykládal, že v bitevní frontě karpatské se útoky vojska ztroskotaly, na druhé straně však že velitel Přemyšlu, generál Kusmanek, přijel do Kyjeva a že za námi zůstalo v Srbsku jedenáct opěrných bodů a že Srbové dlouho nevydrží utíkat za našimi vojáky.
[1.14.5] Zatímco masy vojsk připnuté na lesích u Dunajce i Rábu stály pod deštěm granátů a velkokalibrová děla roztrhávala celé setniny a zasypávala je v Karpatech a obzory na všech bojištích hořely od požárů vesnic i měst, prožíval nadporučík Lukáš se Švejk nepříjemnou idylu s dámou, která utekla svému muži a dělala nyní domácí paní.
[1.14.5] Jakmile však prolomíme ruskou frontu mezi karpatským hřbetem a středním Dunajcem, není nijaké pochybnosti, že bude to znamenat konec války.
[1.14.5] V karpatských úsecích, jak vidíte, máme velkou oporu.

Skrivst òg:Karpaty cz Karpaten de Carpathians en Карпаты ru Карпати ua

Českomoravská vysočinaen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
vysocina.png

Frå boka "Českomoravská vysočina", 1909.

vysocina1.jpg

Vysočina i 2017. Utsikt frå borga i Lipnice.

Českomoravská vysočina (oftast kalla berre Vysočina - Høglandet) vert nemnd av forfattaren når ei gruppe soldatar, med Švejk i spissen, diskuterer. Ein ung soldat frå Vysočina som enno trudde på Gud blandar seg så i samtalen. Dette føregjekk på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí.

Bakgrunn

Českomoravská vysočina er eit historisk omgrep for det geografiske området som no vert kalla Českomoravská vrchovina (Böhmisk-Mähriske høglandet). Området tilsvarar stort sett den moderne adminstrative regionen Kraj Vysočina men er litt større. Administrasjons-senteret i det moderne Vysočina er Jihlava.

Hašek og Vysočina

Høglandet er sterkt knyta til Jaroslav Hašek, hovudsakleg avdi storparten av Švejk vart skriven her, meir presist i Lipnice. Dette er òg staden der han døydde og er gravlagd. Etterkomarane til forfattaren har sidan 2003 drive U české koruny, kroa der forfattaren budde frå august 1921 til oktober 1922.

Hašek kjende området godt, òg frå vandringar før krigen, og nemner fleire av stadene herfrå i romanen. Forutan sjølve Lipnice viser han til Posázaví, Německý Brod, Chotěboř, Skuteč, Okrouhlice, Kejžlice, Jihlava, Pelhřimov, Jedouchov, Velké Meziříčí, Dolní Královice.

Det kan leggjast til at då forfattaren skreiv denne sekvensen i romanen hadde han enno ikkje flytta til Lipnice.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Nějaký mladičký vojáček z Českomoravské vysočiny, který ještě věřil v pánaboha, prosil, aby se o takových věcech nevedly řeči a aby se svatá tajemství nezatahovala do debaty. Musíme křesťansky doufat.

Skrivst òg:Bohemian-Moravian Highlands en Böhmisch-Mährische Höhe de

Kartagoen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk
kartago.jpg

Das interessante Blatt, 5.6.1913

Kartago vert omtala av ein soldat som er lærar i det sivile. Det handlar om korleis solflekker kan utløysa katastrofar på jorda, som erobringa av Kartago. Samtalen fann stad på militærsjukehuset ved Karlovo náměstí (sjå Vojenská nemocnice Karlovo náměstí).

Kartago vert nemnd på ny av Marek då han sitt i arresten i Budějovice og fortel om sitt hovmod som førde til hans fall.

Bakgrunn

Kartago var ein oldtidsbystat ved kysten av Nord-Afrika, sør for Tunis-sjøen i det som i dag er Tunisia. Han skal i glanstida si ha hatt opptil 700 000 innbyggjarar. Denne fønikiske byen var ei viktig sjømakt.

Byen vart jamna med jorda av romarane etter punarkrigane i 146 f.kr. og dette er hendinga begge samtalane i romanen viser til.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Jeden voják, učitel z povolání, jako by četl jeho myšlenky, poznamenal: „Někteří učenci vysvětlují válku objevením se skvrn na slunci. Jakmile taková skvrna se udělá, tak přijde vždy něco hrozného. Dobytí Karthaga...“
[2.2] Svou zpověď zakončil jednoroční dobrovolník slavnostně: „Došlo i na Karthago, z Ninive udělali zříceniny, milý příteli, ale hlavu vzhůru! Ať si nemyslí, že když mne pošlou na front, že dám jednu ránu. Regimentsraport! Vyloučení ze školy!

Skrivst òg:Karthago Hašek Kartágo cz Karthago de Carthage en

Montagne Peléeen flag
Wikipedia czdeenfrno Google kartsøk
montpelee.jpg

Saint-Pierre etter utbrotet i 1902.

martinique2.png

Le Journal, 4.5.1902

martinique.png

Národní listy, 15.5.1902

Montagne Pelée og vulkanutbrotet her "den gongen" er tema i dialogen på militærsjukehuset (sjå Vojenská nemocnice Karlovo náměstí) der Švejk og Katz gir den siste olje. Samtalen handlar om solflekker og at ein professor hadde skriva i Národní politika at han forlengst hadde åtvara om at dei forårsakar katastrofar på jorda.

Bakgrunn

Montagne Pelée er ein vulkan på nord-vestsida av den den franske karibiske øya Martinique. Den hadde eit eksplosivt utbrot 8. mai 1902 og det er dette Švejk viser til. Katastrofa krevde om lag 30 000 dødsoffer og Saint-Pierre, største byen på øya, vart jamna med jorda og berre få av innbyggjarane overlevde. Švejk er rettnok upresis når han hevdar at utbrotet øydela heile øya Martinique: det var hovudsakleg Saint-Pierre og områda på den nordlege delen av øya som vart råka.

Alt tidleg på året vart det registrert aktivitet i vulkanen og 23. april 1902 starta utbrotet. Tidleg i mai var situasjonen alvorleg, med store nedfall av oske. Om morgonen 4. mai kom det til eit utbrot og eit gjørmeskred øydela ein sukkerfabrikk og minst 23 menneske omkom. Mange hadde òg vorte drepne av giftige insekt og slangar som rømde frå utbrotsområdet. Same dagen sende guvernøren eit telegram til Frankrike sin koloniminister og hendinga vart omtala i pressa både i Frankrike og utlandet (mellom anna i Wien).

Så i løpet av få dagar inntraff den store katastrofa. 8. mai klokka 7:52 om morgonen eksploderte bokstaveleg talt vulkanen og sende ei gloheit sky av oske og gass i retning Saint-Pierre. Det tok berre eit minutt før skya råka byen og folk omkom momentant, drepne av varmen og sjokkbylgja. Alt som vart brennbart tok fyr og byen vart jamna med jorda. Skip som låg på hamna vart òg øydelagde. Utover sommaren var det fleire utbrot som førde til ytterlegare øydeleggingar og tap av menneskeliv.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Když tenkrát ta sopka Mont-Pellé zničila celý ostrov Martinique, jeden profesor psal v ,Národní politice’, že už dávno upozorňoval čtenáře na vekou skvrnu na slunci.

Skrivst òg:Mont-Pellé Hašek Mont Pelée cz Mount Pelée en

Martiniqueen flag
Wikipedia czdeenfrnnno Google kartsøk
martinique.jpg

Saint-Pierre i dag.

martinique1.png

Wiener Zeitung, 4.5.1902

zenger.png

Národní politika, 2.10.1902

Martinique solflekker og utbrotet på Montagne Pelée er tema i dialogen på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí der Švejk og Katz gjev den siste olje. Švejk set denne og andre katastrofer i samband med solflekkaktiviet avdi han hadde lese eit innlegg i Národní politika av ein professor som skreiv at han forlengst hadde åtvara mot ein stor solflekk og fylgjene dette kunne få.

Bakgrunn

Martinique er ei øy i dei Små Antillane i det Karibiske havet og eit fransk oversjøisk département. Øya ligg om lag 450 nordaust frå den søramerikanske kysten og 700 km søraust frå den Dominikanske republikken. Øya er enno ein del av Frankrike, medlem av EU, og har euro som mynteining. Folketalet i 2014 var ikring 384 000.

Katastrofalt utbrot

Vulkanutbrotet som er omtala i romanen fann stad 8. mai 1902 og vart rapportert i tsjekkiske aviser to dagar seinare. Sjå Montagne Pelée for meir informasjon om katastrofa.

Professoren

Professoren som Švejk viser til i samtalen er høgst truleg Zenger.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Když tenkrát ta sopka Mont-Pellé zničila celý ostrov Martinique, jeden profesor psal v ,Národní politice’, že už dávno upozorňoval čtenáře na velkou skvrnu na slunci.

Skrivst òg:Martinik cz

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

13. Švejk gir den siste olje


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 5/10-2019