Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (582) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

5. Švejk på politistasjonen i Salmova-gata

Marathonen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
marathon.png

1896 olympisk maraton

marathon_np.png

Národní Politika, 26.10.1908

Marathon er nemnd indirekte av forfattaren gjennom omgrepet maratonløp. Den arresterte familiefaren på politistasjonen i Salmova ulice spring rundt som om han vil vinna ei maraton og skrik: "Slepp meg ut!"

Bakgrunn

Marathon er det gamle namnet på Marathónas, ein liten by nord for Athen som er vorte vide kjend gjennom maratonløpet. Legenda vil ha det til at ein bodbringar etter slaget ved Marathon i 490 f.kr. sprang til Athen med nyhenda om sigeren og fall daud om då han var framme.

Maratonløpet vart introdusert under OL i Athen i 1896 og i byrjinga varierte distanse heilt til den vart sett til 42 195 meter i 1921. I 1914 var distansen 40,2 kilometer. Det fyrste offisielle løpet i Kongeriket Böhmen fann stad 25. oktober 1908 mellom Smíchov og Dobříš. Det vart arrangert av S.K. Slavia og lengda var 40 km.

I dag er maraton ein stor idrett med hundrevis av årlege løp rundt om i verda. Dei største er i New York der over 50 000 har kome i mål (2013). Innafor gamle Austerrike-Ungarn er det årlege løp m.a. i Praha, Wien, Budapest og Bratislava. Kvart år vert det òg halden ein klassisk maraton langs den antatt opprinnelege løypa.

Sitat
[1.5] Muž, který běhal mezi dveřmi a pryčnou, jako by chtěl vyhrát maratónský běh, se zastavil a udýchán se posadil opět na své staré místo, složil hlavu do dlaní a náhle zařval: "Pusťe mne ven!" "Ne, oni mne nepustí," mluvil pro sebe, "nepustí a nepustí. Už jsem zde od rána od šesti hodin."
Královské Vinohradyen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
vinohrady.jpg

Kravín, der partiet til Hašek heldt valgmøte

vinohrady_stat.png

Folketal og administrativ inndeling i 1913

Královské Vinohrady er området der Švejk sin celle-kamerat skal ha utagért i eit anstendig lokale. Královské Vinohrady vert nemnd både i samband med Dr Pávek sitt sjukebesøk i [I.7] og i fleire anekdotar seinare. Handlinga føregår aldri eksplisitt her.

Bakgrunn

Královské Vinohrady er ein tidlegare by og noverande matrikkel-område i Praha, søraust for sentrum. Administrativt er bydelen delt mellom Praha 2, Praha 3 og Praha 10. Etter 1968 har den offisielt heitt Vinohrady, og det er denne kortforma forfattaren brukar i romanen. Fyrst i 1922 vart den innlemma i hovudstaden.

Královské Vinohrady fekk status som "kongeleg by" i 1879 og vaks raskt til å bli den tredje største byen i Kongeriket Böhmen. I 1913 hadden den 77 190 innbygjjarar der tsjekkarar utgjorde eit stort fleirtal. Den var òg sentrum i distriktet (okreshejtmanství) med same namn og byen var einaste kommunen i sitt rettsdistrikt (soudní okres).

Jaroslav Hašek budde på ulike stader i Královské Vinohrady frå 1896 til 1908 og dessutan ved eit par høve seinare. Den 23.mai 1910 gifte han seg med Jarmila Mayerova i Kostel svaté Ludmily. Det vidkjende "partiet" hans Strana mírného pokroku v mezích zákona heldt mange av møta sine her, framfor alt før valget parlamentsvalget i 1911 der han i fylgje legendene stilte som kanditat.

I den andre utgåva av Švejk, Dobrý voják Švejk v zajetí, er hovudpersonen busett i Královské Vinohrady. Her var han skomakar, ikkje hundehandlar som han seinare vart kjend som.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] Tak jsme ho šli opět všude hledat a nakonec jsme se ztratili jeden druhému, až nakonec jsem se ocitl v jedné z nočních kaváren na Vinohradech, velmi slušné místnosti, kde jsem pil nějaký likér přímo z láhve.

Skrivst òg:Vinohrady Hašek Königliche Weinberge de

Ražiceen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Ražice vert fyrst nemnd av Švejk ei anekdote om speidarar han fortel medfangen sin på politistasjonen i Salmova ulice.

Staden dukkar seinare opp i [I.14] og [II.2] og den gode soldaten må ha vore berre få kilometer herfrå på sin anabasis i bok to då han gjekk forbi Protivín mot Putim etter å ha overnatta i Švarcenberský ovčín.

Bakgrunn

Ražice er ein landsby i Písek-distriktet i Sør-Böhmen. Den er eit viktig jernbaneknutepunkt mellom Písek, Budějovice og Plzeň.

I 1913 hadde landsbyen 398 innbyggjarar, alle oppførde med tsjekkisk som morsmål. Administrativt låg den under okres og hejtmanství Písek.

Jaroslav Hašek kjende Ražice og området rundt svært godt, og nemner den både i Švejk og i nokre av forteljingane sine. Sjå òg Ražická bašta.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] Potom na trápení u starosty, pod rákoskou, doznali, že není ani jedna louka v okolí, kterou by nebyli zváleli, když se vyhřívali na slunci, dále že ten lán žita nastojatě, právě před žněmi u Ražic, vyhořel čirou náhodou, když si v žitě pekli na rožni srnku, ku které se přikradli s noži v obecním lese.
[1.14.6] „Nejste vy Jarešův?“ otázala se dívka, začínajíc sympatisovat s neznámým vojáčkem. „Jsem.“ „A kterýho Jareše, toho z Krče u Protivína, nebo z Ražic?“ „Z Ražic.“

Skrivst òg:Ražitz de

Okres Hlubokáen flag
Google kartsøk
okreshluboka2.png

Nokre av stadene Švejk nemner

Okres Hluboká vert nemnd i forteljinga til Švejk om speidarar som han underheld den ulukkelege familifaren på cella på Policejní komisařství Salmova ulice med.

Bakgrunn

Okres Hluboká viser til soudní okres Hluboká (rettsdistrikt) som bar namnet til administrasjonssenteret. Kretsen høyrde til Okresní hejtmanství Budějovice slik Švejk korrekt seier. Den hadde 26 kommunar og nesten berre tsjekkiske innbyggjarar: Bavorovice, Břehov, Čejkovice, Češnovice, Dasný, Dobřejice, Dříteň, Hluboká, Hosín, Hrdějice, Chlumec, Chotýčany, Jaroslavice, Jeznice, Česká Lhota, Lišnice, Munice, Mydlovary, Nakří, Opatovice, Pištín, Plastovice, Purkarec, Velice, Nová Ves, Volešník, Vyhlavy, Zbudov, Zliv.

Mydlovary har ei spesiell rolle ettersom det var her Jaroslav Hašek hadde heimstadrett og dermed kom inn under rekrutteringsområdet til IR91. Sjå Ergänzungskommando.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] "U skautů?" zvolal Švejk. "O těch skautech rád slyším. Jednou v Mydlovarech u Zlivi, okres Hluboká, okresní hejtmanství České Budějovice, právě když jsme tam měli jednadevadesátí cvičení, udělali si sedláci z okolí hon na skauty v obecním lese, kteří se jim tam rozplemenili.
Okresní hejtmanství Budějoviceen flag
Wikipedia de Google kartsøk
strelnicka.jpg

Okresní hejtmanství Budějovice vert nemnd i forteljinga om uheldige speidarar som Švejk underheld den ulukkelege familifaren med på cella på Policejní komisařství Salmova ulice.

Bakgrunn

Okresní hejtmanství Budějovice var den lokale statsforvaltningsregionen rundt Budějovice. Utanom distrikts-hovudstaden var det ingen større byar her. I 1913 hadde distriktet 120 659 innbyggjarar, der nær 80 prosent oppga tsjekkisk som morsmål. I sjølve Budějovice var det jamnare fordeling mellom folkegruppene ettersom nesten heile det tyske mindretalet i distriktet budde her.

Distriktet bestod av fire soudní okres (rettsdistrikt): Budějovice, Hluboká, Lišov og Trhové Sviny. Kontora låg i Střelnická ulice, no třída 28. října.

Bezirkhauptmannschaft

Omgrepet (tsj. okreshejtmanství) treng nok nærare oppklåring. Begge dei to siste engelske omsetjingane av romanen omtalar det nemleg som "politidistrikt", noko det slett ikkje er. Det er derimot det tredje nivået av statsforvaltninga i Cisleithanien (dvs. den austerrikske delen av Dobbeltmonarkiet). Neste nivå opp var Statthalter (tsj. místodržitel) som i sin tur rapporterte direkte til sentraladministrasjonen i Wien. I den ungarske delene av riket var Komitat den eininga som tilsvara Bezirk.

Kongeriket Böhmen bestod av nesten 100 politické okresy (politische Bezirke). Desse var gjerne oppdelte i 3-4 soudní okresy (Gerichtsbezirke) men talet kunne variera. På tsjekkisk er ofte kortforma hejtmanstvi brukt, mellom anna i Ottův slovník naučný. Tilsvarande er soudní okres referert til som berre okres.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] "U skautů?" zvolal Švejk. "O těch skautech rád slyším. Jednou v Mydlovarech u Zlivi, okres Hluboká, okresní hejtmanství České Budějovice, právě když jsme tam měli jednadevadesátí cvičení, udělali si sedláci z okolí hon na skauty v obecním lese, kteří se jim tam rozplemenili.

Skrivst òg:Bezirkhauptmannschaft Budweis de Okresní hejtmanství České Budějovice Švejk

Ječná uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum
jecna.jpg

Hjørnet Ječná og Karlovo náměstí.

Ječná ulice er ei av gatene Švejk går gjennom med politieskorte, på veg frå Salmova ulice politistasjon tilbake til Policejní ředitelství. Datoen må ha vore ikring 28/7-1914.

Bakgrunn

Ječná ulice er ei travel gate i Nové Město som går frå Karlovo náměstí til IP Pavlova. Familien til Hašek budde ei stund i nummer 7 i 1884, året etter at han vart fødd.

Sitat
[1.5] Ukloniv se uctivě, odcházel s policejním strážníkem dolů na strážnici a za čtvrt hodiny bylo již vidět na rohu Ječné ulice a Karlova náměstí Švejka v průvodu druhého policejního strážníka, který měl pod paždí objemnou knihu s německým nápisem „Arrestantenbuch“.

Skrivst òg:Gerstengasse de

Karlovo náměstíen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejk-muzeum
hasekjarmila.png

Forfattaren med kona Jarmila på Karlovo náměstí

Karlovo náměstí er ein anna stad Švejk gjekk forbi med politieskorte, på veg frå Salmova-stasjonen tilbake til Policejní ředitelství. Datoen må ha vore kring 28.juli 1914, dagen for krigslysinga mot Serbia.

Plassen vert nemnd fleire gonger i del 1 av romanen, det var i dette området Švejk budde. Det folkelege namnet "Karlák" vart brukt alt i fyrste kapittelet.

I [I.13] finn handlinga på ny stad her ettersom Švejk og Katz må til militærsjukehuset for å gje den siste olje. Sjå Vojenská nemocnice Karlovo náměstí.

Bakgrunn

Karlovo náměstí er senteret i Nové Město og ein av dei største byplassane i Europa. I dag har den meir preg av å vera ein park enn eit bytorg. Den vart grunnlagd av kong Karl IV i 1348.

Plassen ligg i området der Jaroslav Hašek vaks opp og dette speglar seg i talet på stader i området som er nemnde i romanen: Zemský trestní soud, Černý pivovar, Vojenská nemocnice Karlovo náměstí, U mrtvoly, Kostel svátého Ignáce. Både gymanset og handelsakademiet (Českoslovanské akademie obchodní) der Hašek utdanna seg ligg få meter frå plassen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] Ukloniv se uctivě, odcházel s policejním strážníkem dolů na strážnici a za čtvrt hodiny bylo již vidět na rohu Ječné ulice a Karlova náměstí Švejka v průvodu druhého policejního strážníka, který měl pod paždí objemnou knihu s německým nápisem „Arrestantenbuch“.
[I.13] Potom přečetl polní kurát ještě jednou předpis, ve kterém se mu oznamuje, že zítra má jít na Karlovo náměstí do Vojenské nemocnice zaopatřovat těžce raněné.

Skrivst òg:Charles Square en Karlsplatz de Karlák Švejk

Spálená uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Spálená ulice dukkar opp i samband med at Švejk og eskorten hans stoppar i på hjørnet Karlovo náměstí - Spálená ul. for å lesa krigslysinga, truleg hende dette 28.juli 1914.

Bakgrunn

Spálená ulice er ei gate i Nové Město som går frå Karlovo náměstí nordover mot Národní třída (då Ferdinandova třída). Namned betyr "Den brende gata".

Eksterne lenkar

Sitat
[1.5] Na rohu Spálené ulice setkal se Švejk se svým průvodčím s tlupou lidí, kteří se tlačili kolem vyvěšeného plakátu. „To je manifest císaře pána o vypovězení války,“ řekl policejní strážník k Švejkovi.

Skrivst òg:Brenntegasse de

Europaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Europa blir nemnd av forfattaren i samband med hyhendet om krigslysinga. "og einstads frå den fjerne historia demra det for Europa at morgondagen ville utsletta dagens planar."

Bakgrunn

Europa var ved krigsutbrotet politisk lang mindre fragmentert enn i dag, ikkje minst grunna Austerrike-Ungarn som låg på område som no tilhøyrer 11 ulike statar. Tyskland og Russland var òg mykje større enn i dag. Den store krigen snudde opp ned på verdsdelen. Dei store rika Tyskland, Dobbeltmonarkiet, Tyrkia og Russland braut alle saman og tapa var enorme, ein reknar med at omlag 15 millionar mista livet. Berre Spania, Nederland, Sveits, Sverige, Danmark og Norge heldt seg nøytrale.

Sitat
[1.5] A kdesi v dálných dálavách historie snášela se k Evropě pravda, že zítřek rozboří i plány přítomnosti.

Skrivst òg:Evropa cz Europe en

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

5. Švejk på politistasjonen i Salmova-gata


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 5/10-2019