void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Stader

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

Stader liste over stader som er omtala i romanen (591) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

8. Švejk som simulant

Piešťanyen flag
Wikipedia czdeenhusk KartSøk
piestany.jpg

Hašek sitt postkort frå Piešťany, 1902

Piešťany vert nemnd av doktor doktor Grünstein då han fortel Švejk at han vil bli snarare kurert for revmatisme på militærsjukehuset (i Praha) enn i Piešťany.

Bakgrunn

Piešťany er ein kurstad i det vestlege Slovakia kjend for behandling av revmatisme. Fram til 1920 var den som resten av Slovakia del av Ungarn.

Jaroslav Hašek vitja sjølv staden; 28. september 1902 sende han eit postkort herfrå til syskenbarnet Marie. Då var han her saman med Viktor Janota, Ján Čulen og Štefan Čulen.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Piešťany vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 72 (Pozsony) eller Honvédinfanterieregiment Nr. 13 (Pozsony).

Sitat
[I.8] „A celé noci nemůže spát, není-liž pravda? Rheuma je velice nebezpečná, bolestná a těžká nemoc. My už tady máme s rheumatiky dobré zkušenosti. Naprostá dieta a jiný náš způsob léčení se velice dobře osvědčil. Budete zde dřív zdravější než v Píšťanech a mašírovat budete na posice, jen se za vámi zapráší.“

Kjelder: Radko Pytlík, Václav Menger, Jaroslav Šerák, LA PNP

Skrivst òg:Pišťany Hašek Pistyan de Pöstyén hu

Hradčanyen flag
Wikipedia czdeen KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
hradcany.jpg

Hradčany i bakgrunnen, sett frå Staré Město

Hradčany er nemnd 8 gonger i Den gode soldat Švejk.

Hradčany er området der heile handlinga i dette og neste kapittelet føregår. Švejk vert lagt inn i sjukeavdelinga ved Posádková věznice for å bli kurert for revmatisme, deretter sperra inne i sjølve fengselet, celle nummer 16, grunna mistanke om simulering. Andre stader Švejk er innom på Hradčany er k.u.k. Militärgericht Prag, Vězeňské kaple og truleg Vojenská nemocnice Hradčany.

Bakgrunn

Hradčany er ein bydel og martikkeldistrikt i Praha som mellom anna omfattar borgområdet. Her ligg borga med president-kontora, St.Veits-katedralen og mange andre kjende bygningar. Hradčany ligg på ei høgd vest for Vltava og grensar til Dejvice, Strahov og Malá Strana. I 1914 var bydelen einsbetydande med Praha IV.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

I Dobrý voják Švejk v zajetí er òg militærdomstolen del av handlinga og i endå høgare grad enn i romanen. Ein auditor handterer òg her saka til Švejk men han er ikkje nemnd med namn. Forteljaren forklarar òg korleis det austerriks-ungarske militære rettsvesenet fungerer generelt.[1]

V duchu opustil hradčanský vojenský soud a mysl jeho zaletěla na Vinohrady do malého krámku, svezla se po obraze Františka Josefa a vyhledala pod starou postelí dvě morčata. Švejk k smrti rád pěstoval morčata. A jich osud byl také jedinou chmurou zde.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Hradčany 5 412 innbyggjarar der 4 911 (90 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Sitat
[I.8] V duchu opustil hradčanský vojenský soud a mysl jeho zaletěla na Vinohrady do malého krámku, svezla se po obraze Františka Josefa a vyhledala pod starou postelí dvě morčata. Švejk k smrti rád pěstoval morčata. A jich osud byl také jedinou chmurou zde.
[I.8] Konečně poptávkou na policejním ředitelství zjištěno bylo, že to byl Švejk, a dále bylo už lehké pátrat. Baronka von Botzenheim vzala s sebou společnici a komorníka s košem a jeli na Hradčany.

Skrivst òg:Hradschin de

Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Siamen flag
Wikipedia czdeenno KartSøk Švejkův slovník
siam.png

Siam vert nemnd in direkte gjennnom omgrepet siam-elefant som vert brukt som skjellsord mot Švejk på militærsjukehuset på Hradčany. Sjå Vojenská nemocnice Hradčany.

Bakgrunn

Siam er det tidlegare namnet på Thailand eller omtrentleg området som tilhøyrer den moderne staten. Siam vart aldri kolonisert men dei måtte avstå nokre område til europeiske makter. Hovudstad var heile tida Bangkok.

Omgrepet siamesisk elefant viser nok til kvite (albino) elefantar som vart rekna som heilage i området. Den kvite elefanten var hovudmotiv i flagget til Siam fram til 1916. Siamesisk elefant er altså ikkje nokon eigen rase.

Sitat
[I.8] „Poslušně hlásím, že já vůbec nemyslím.“ „Himmeldonnerwetter,“ hulákal jeden z členů komise, břinkaje šavlí, „tak von vůbec nemyslí. Pročpak, vy jeden siamskej slone, nemyslíte?“
Litteratur
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

8. Švejk som simulant


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024