Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914. Švejk si rute gjekk i si heilheit innafor Dobbeltmonarkiet sine grenser.

Den Gode Soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar, øyar, bygningar, vertshus, og einkvar institusjon som kan lokaliserast, er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, Švejk online og dessutan til svejkmuseum.cz

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (580) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward IV. Det ærerike samanbrotet held fram Hovudpersonen

1. Švejk i russisk fangetransport

Hostýnen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Hostýn vert nemnd i samband med slaget mot mongolane leia av Jaroslav ze Šternberka, noko Švejk minner krim-tataren i fangetransporten på.

Bakgrunn

Hostýn er eit fjell i Mähren, no ein pilgrimstad.

Sitat
[4.1] Hm - znáš Jaroslava ze Šternberka? To jméno neznáš, ty kluku tatarská? Ten vám natřel prdel pod Hostýnem. To ste vod nás jeli, vy klucí tatarský, z Moravy svinským krokem. Vás ve vašich čítankách neučejí, jako nás to učívali. Znáš hostýnskou panenku Marii? To se ví, že neznáš - ta byla taky při tom, však voni vás, kluky tatarský, tady v zajetí pokřtějí.“
Dobromilen flag
Wikipedia deenpluk Google kartsøk Švejk-muzeum
dobromil.jpg

Dobromyl, juli 2010

Dobromil er ein by Švejk var innom på transporten med russiske krigsfangar mellom Felsztyn og Przemyśl.

Bakgrunn

Dobromil er det polske namnet på byen Добромиль (Dobromyl) i Galicia, no i Lviv-provinsen i Ukraina, berre få kilometer frå grensa til Polen. Den ligg på jernbanelinja mellom Chyrów og Przemyśl. Byen høyrde fram til 1918 til Austerrike-Ungarn.

Linkar

Sitat
[4.1] Tak měl Švejk neštěstí, že se nemohl dohovořiti s nikým, a s ostatními vlekli ho na Dobromil, odkud se měla spravovati dráha přes Přemyšl na Nižankovice. V Dobromilu, na etapě v kanceláři, jednoho po druhém zapisovali, což šlo velice ztěžka, poněvadž ze všech 300 zajatců, které do Dobromilu přihnali, nikdo nerozuměl ruštině šikovatele, který tam seděl za stolem a který se přihlásil kdysi, že umí rusky, a jako tlumočník vystupoval nyní ve východní Haliči.

Skrivst òg:Добромиль ua

Niżankowiceen flag
Wikipedia depluk Google kartsøk

Niżankowice er nemnd avdi fangane skal reparera jernbanelinja mellom Przemyśl og Niżankowice.

Bakgrunn

Niżankowice er det polske namnet på landsbyen Нижанковичі (Nyzhankovychi) i Lviv-oblastet i Ukraina, svært nær grensa til den polske grensa og Przemyśl.

Sitat
[4.1] Tak měl Švejk neštěstí, že se nemohl dohovořiti s nikým, a s ostatními vlekli ho na Dobromil, odkud se měla spravovati dráha přes Přemyšl na Nižankovice.

Skrivst òg:Nižankovice Hašek Нижанковичі ua

Pragaen flag
Wikipedia czdeenpl Google kartsøk

Praga er nemnd av korporalen som spør ut Švejk etter at han er vorten teken til fange i Felsztyn. Han tek feil av Praha og Praga.

Bakgrunn

Praga er ein bydel i Warszawa. I og med at byen var ein del av russisk Polen i 1914 vart innbyggjararene der naturleg nok utskrivne til russsisk krigsteneste. Praga er òg det polske namnet på Praha.

Sitat
[4.1] „To nemusíš zapírat,“ pokračoval s určitostí šikovatel tlumočník, „každý z vás zajatců, který uměl německy, byl žid, a basta. Jak se jmenuješ? Švejch? Tak vidíš, co zapíráš, když máš takové židovské jméno? U nás se nemusíš bát přiznat se k tomu. U nás v Rakousku se nedělají pogromy na židy. Odkuď jsi? Aha, Prága, á to znám, to znám, to je u Varšavy. Taky jsem tu měl před týdnem dva židy z Prágy od Varšavy, a tvůj pluk, jaké má číslo? 91?“

Skrivst òg:Prága Hašek

Jerevanen flag
Wikipedia czdeennnnoru Google kartsøk
jerevan.jpg

Jerevan omkring 1920

Jerevan er nemnd av korporalen som spør ut Švejk etter at han er vorten teken til fange i Felsztyn. Det 91. russiske regiment skal ha kome herfrå.

Bakgrunn

Jerevan er no hovudstad i Armenia, i 1914 tilhøyrde den Russland. Frå 1921 til 1991 var byen ein del av Sovjetunionen. Dagens folketal er litt over ein million.

Sitat
[4.1] Šikovatel vzal schematismus, listoval se v něm: „Jednadevadesátý pluk je eryvanský, Kavkaz, kádr má v Tiflisu, to koukáš, co, jak my tady všechno známe?“

Skrivst òg:Eriwan de Yerevan en Ереван ru

Kaukasusen flag
Wikipedia czdeennnnoru Google kartsøk

Kaukasus er nemnd av korporalen som spør ut Švejk etter at han er vorten teken til fange i Felsztyn. Han tek feil av Praha og Praga.

Bakgrunn

Kaukasus er eit geografisk område på grensa mellom Europa og Asia som omfattar fjellkjeda av same namn. Her ligg Europa sitt høgaste fjell, Elbrus. Landa i området er Russland, Georgia, Aserbadjan og Armenia.

Sitat
[4.1] Šikovatel vzal schematismus, listoval se v něm: „Jednadevadesátý pluk je eryvanský, Kavkaz, kádr má v Tiflisu, to koukáš, co, jak my tady všechno známe?“

Skrivst òg:Kavkaz cz Caucasus en Кавказ ru

Tbilisien flag
Wikipedia czdeennnru Google kartsøk

Tbilisi er nemnd av korporalen som spør ut Švejk etter at han er vorten teken til fange i Felsztyn. Han tek feil av Praha og Praga.

Bakgrunn

Tbilisi er no hovudstad i Georgia, då ein del av Russland. Frå 1921 til 1991 var byen ein del av Sovjetunionen. Dagens folketal er litt over ein million.

Sitat
[4.1] Šikovatel vzal schematismus, listoval se v něm: „Jednadevadesátý pluk je eryvanský, Kavkaz, kádr má v Tiflisu, to koukáš, co, jak my tady všechno známe?“

Skrivst òg:Tiflis de Тбилиси ru

Židohoušťen flag
Wikipedia cz Google kartsøk

Židohoušť var der presten Vobejda var frå.

Bakgrunn

Židohoušť er så langt ikkje identifisert med sikkerheit. Sannsynlegvis er det ei feilstaving av Živohoušť, i alle fall har oversetjar Cecil Parrott gått ut frå dette. Den tidlegare landsbyen vart demd ned i 1954 då Slapy-dammen over Vltava vart bygd.

Sitat
[4.1] To u nás máme přeci lepší jména, jako ten farář v Židohoušti, kterej se jmenoval Vobejda.“
Lubaczówen flag
Wikipedia deenpluk Google kartsøk

Lubaczów er nemnd avdi fangane skal repararera jernbanelinja frå Przemyśl til Lubaczów.

Bakgrunn

Lubaczów er ein by nord for Przemyśl nær grensa til Ukraina.

Sitat
[4.1] Časně ráno změnilo vojenské stavební velitelství disposice a usneslo se, že ona skupina zajatců, ve které byl Švejk, bude dopravena přímo do Přemyšlu k obnovení trati Přemyšl-Lubaczów.

Skrivst òg:Любачів ua

Przemyślen flag
Wikipedia czdeennopl Google kartsøk Švejk-muzeum
przemysl.jpg

Przemyśl 4.7.2015

przemysl3.png

Kurjer Lwowski, 23.3.1915 (10.3)

przemysl.png

Prager Abendblatt, 4.6.1915

Przemyśl er sentral i handlinga i del fire etter at Švejk vart teken til fange av sine eigne kledd i russisk uniform. Godt og vel to kapittel er lagde til byen - det er berre Praha og Bruck an der Leitha (med Királyhida) som vert via større plass i romanen.

Som ein del av ein fangetransport vert Švejk førd til eit av dei øydelagde forta i den indre ringen av festningsverk og innkvartert i ein forleten stall. Her oppdagar major Wolf fort at Švejk er tsjekkar og vil straks avretta han men støyter på innvendingar frå ein offiserskollega. Dei to offiserane diskuterer iltert medan dei fører fangen vidare til hovudvakta. Så går ferda vidare til garnisonen der han vert sperra inne i eit tidlegare rislager og overnattar mellom mus og utøy.

Om morgonen vert ein provokatør vert send inn i cella. Denne vitnar falskt og fortel at han har møtt Švejk i Kiev. Neste dag er det rettsak med den blodtyrste garnisonskommandanten general Fink som leiar av tribunalet - som ellers består av ei gruppe offiserar, mellom dei den tsjekkisk-talande major Derwota. Den siste har ein viss sans for prosedyrar og rettferd, og får overtala dei andre til å telegrafera brigaden for å forhøyra seg om Švejk. I mellomtida vert Švejk gjeven sjelesorg av feltprest Martinec, og til slutt endar den snøvlande fulle major Derwota opp i cella til fangen. Dagen etter kjem telegrammet frå brigaden som stadfestar kven Švejk er og som ber om å få han utlevert, og dermed vert general Fink snytt for den summariske rettargongen. Švejk vert så sett på toget og eskortert til brigadestaben i Wojutycze.

Forfattaren omtalar òg umoralen, korrupsjonen og brutaliteten ved garnisonen. "Sjukesystrer" som var tilsette med det eine føremål å tilfredstilla offiserane - dertil underslag, fyll og ulivnad. Til og med den tidlegare så fromme feltprest Martinec vert vikla inn i dette.

Bakgrunn

Przemyśl er ein by i det sør-austlege hjørnet av det noverande Polen. Under Austerrike-Ungarn var den ein viktig festnings- og garnisonsby, og dessutan hovudkvarteret til det 10. armekorps. Byen hadde då som no jernbanesamband med Kraków og Lwów, dei to største byane i Galicia.

Byen var i tida fram til 1.verdskrigen senter for eit omfattande festningskompleks. Den ytre ringen av fort hadde ein omkrets på 45 km. Det fans òg ein noko eldre indre ring rundt sjølve bykjerna. Przemyśl var i 1914 ei av dei 10 største festningane i Europa og vart verdskjend gjennom beleiringa hausten 1914 og våren 1915. Dette var den lengste og mest omfattande beleiringsoperasjonen under heile krigen.

17. september 1914 nådde russarane dei ytre festningsverka og den 26. var byen omringa. Etter eit mislukka stormåtak oppheva dei beleiringa 11. oktober. Men 8. november var tsarens hær tilbake og denne gongen brukte dei ein anna taktikk: ein blokade skulle tvinga festninga i kne. Garnisonen overga seg 22. mars 1915 og dei nesten 120 000 forsvarane vart tekne til fange. Dei for det meste ungarske soldatane var leia av general Kusmanek, den russiske hærføraren var fyrst general Radko Dimitrev, frå november 1914 general Selivanov.

Under Sentralmaktene sin offensiv i mai 1915 vart Przemyśl beleira på ny og om morgonen 3. juni inntok tyske og austerrikske styrkar byen. Ein av dei som var vitne til (og skreiv om) innmarsjen var Ganghofer. Få dagar etterpå vart generalmajor Gustav Stowasser utnemnd til kommandant, men festninga hadde ikkje lenger militær betydning og garnisonen vart redusert til eit par bataljonar.

Manewry Szwejkowskie
przemysl4.jpg

Sanocka brama, 3.7.2015

Przemyśl er vertsby for den einaste regelmessige Švejk-relaterte samankomsten i verda. Tilhengjarar av den gode soldaten samlast frå heile Polen og ofte òg frå Tsjekkia og Ukraina. I juli 2015 vart den 18. manøveren avhelden, og som vanleg varde den i to dagar og var besøkt av minst 100 deltakarar. Laurdag 4. juli vart eit nytt museum opna ved Sanocka brama. På bytorget har det sidan 2008 stått ei statue av Švejk, sitjande på ein ammunisjonskasse. Dessutan er ein gatestubb ved byplassen oppkalla til ære for soldaten.

Ludwig Ganghofer. Przemysl, 5. Juni 1915

Immer neue Soldatenzüge klirren in die Stadt herein, Reiter mit wehenden Fähnchen an den Lanzen, österreichische Dragoner und ungarische Husaren, rasselnde Geschütze und knatternde Kolonnenreihen. Von der Menge der Truppen und Wagen stauen sich alle Straßen voll. Und wo in der schwülen Mittagssonne nur ein bisschen Schatten ist, da legen sich die Müdgewordenen auf das Pflaster hin und warten geduldig, bis an sie die Reihe kommt mit Quartier und Kost.

Linkar

Kjelde: Grzegorz Karnas, Dariusz Hop

Sitat
[4.1] Potom je přejímal major Wolf, vládnoucí tou dobou nad všemi zajatci pracujícími na opravách v pevnosti Přemyšlu a okolí. To byl důkladný člověk. Měl u sebe celý štáb tlumočníků, kteří vybírali ze zajatců specialisty ku stavbám podle jejich schopností a předběžného vzdělání.
[1.14.4] Švejk posadil se na lavici ve vratech a vykládal, že v bitevní frontě karpatské se útoky vojska ztroskotaly, na druhé straně však že velitel Přemyšlu, generál Kusmanek, přijel do Kyjeva a že za námi zůstalo v Srbsku jedenáct opěrných bodů a že Srbové dlouho nevydrží utíkat za našimi vojáky.

Skrivst òg:Přemyšl cz Перемишль ua

Milatynen flag
Wikipedia plruuk Google kartsøk
milatyn.jpg

Das Infanterieregiment Nr.91 am Vormarsch in Galizien

Milatyn er nemnd i samband med at professor Masaryk ikkje visste kva farar som venta på han mellom Sokal, Milatyn og Bubnów.

Bakgrunn

Milatyn er det polske namnet på landsbyen Милятин (Myljatyn) i Volyn-provinsen i Ukraina. IR91 med Jaroslav Hašek passerte landsbyen 28. august 1915 under Sentralmaktene sitt framstøyt inn på russisk territorium denne hausten. Milatyn ligg ved elva Strypa, akkurat på den tidlegare grensa mellom Austerrike-Ungarn og Russland.

Kjelde: Jaroslav Křížek, VHA

Sitat
[4.1] Neznalo ještě nic určitého o revolučních organisacích v cizině a teprve v srpnu na linii Sokal - Milijatin - Bubnovo obdrželi velitelé batalionů důvěrné reserváty, že bývalý rakouský profesor Masaryk utekl za hranice, kde vede proti Rakousku propagandu.

Skrivst òg:Milijatin Hašek Milatyn pl Милятин ua

Bubnówen flag
Google kartsøk

Bubnów er nemnd i samband med at professor Masaryk ikkje visste kva farar som venta på han mellom Sokal, Milatyn og Bubnów.

Bakgrunn

Bubnów er det polske namnet på ein landsbyen Бубнів (Bubniv) i Volyn-provinsen i Ukraina. Ettersom der er fleire stader med dette namnet i landet rår dei ei viss usikkerheit, men denne staden er svært sannsynleg utifrå plasseringa like nord for Sokal i eit område som Jaroslav Hašek kjende svært godt (han var stasjonert i nærleiken i nesten 4 veker i august 1915). Det stemmer òg som han skriv at fronten gjekk her på denne tida.

Sitat
[4.1] Neznalo ještě nic určitého o revolučních organisacích v cizině a teprve v srpnu na linii Sokal - Milijatin - Bubnovo obdrželi velitelé batalionů důvěrné reserváty, že bývalý rakouský profesor Masaryk utekl za hranice, kde vede proti Rakousku propagandu.

Skrivst òg:Bubnovo Hašek Бубнів ua

Milanoen flag
Wikipedia czdeenitnnno Google kartsøk

Milano vert omtala i anekdoten som Švejk brukar mot spionen som kjem inn i cella hans i Przemyśl.

Bakgrunn

Milano er nest største by i Italia og hovudstad i regionen Lombardia. Byen var under Habsburg-styre styre meir eller mindre samanhengande frå 1525 fram til slaget ved Solferino i 1859.

Sitat
[4.1] Všechny lidi, který potkával na ulici, viděl buď na nádraží v Miláně, nebo s nimi seděl ve Štýrským Hradci v radničním sklepě při víně.

Skrivst òg:Milán cz Mailand de Milan en Milano it

Berounkaen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk

Berounka vert omtale i anekdoten som Švejk brukar under forhøyr i Przemyśl, der han får fram at det går an å hamna i framande klede.

Bakgrunn

Berounka er ei elv som renn ut i Vltava ved Zbraslav, 10 km sør for Praha sentrum. The river has its sources as far west as Bavaria and flows eastwards. The length is in excess of 100 km.

Sitat
[4.1] „Vím, vod 91. regimentu mne už jistě hledají, ale jestli dovolíte, pane majore, malou poznámku vo tom, jak se lidi dobrovolně převlíkají do cizích šatů. Roku 1908 někdy v červenci koupal se knihař Božetěch z Příčný ulice v Praze na Zbraslavi ve starým rameni Berounky.

Skrivst òg:Beraun de

Dobříšen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Dobříš vert omtale i anekdoten som Švejk brukar under forhøyr i Przemyśl, der han får fram at det går an å hamna i framande klede.

Bakgrunn

Dobříš er ein by i okres Příbram i Midt-Böhmen, med 8597 innbyggjarar ved teljing i 2009. Byen var før kjend for hanskefabrikken sin og har dessutan eit slott.

I 1983 vart det her halde ein stor konferanse om Jaroslav Hašek i samband med hundreårsdagen for forfattaren sin fødsel. Deltakarane var med få unntak frå Warszawapakt-landa. I Bamberg vart det halda ein "konkurrerande" konferance der deltakarane var frå resten av verda, mellom dei mange eksil-tsjekkoslovakar.

Sitat
[4.1] Nemusejí se bát vlézt do nich. Vodvšivený jsou před tejdnem u okresu v Dobříši. Podruhý si dají lepší pozor na toho, s kým se koupají. Ve vodě vypadá každej nahej člověk jako poslanec, a je to třeba vrah.
Chuchleen flag
Wikipedia czen Google kartsøk
chuchle.jpg

Velká Chuchle 1916

Chuchle er nemnd avdi gendarmeri-patruljen herfrå arresterte bokbindar Josef Božetěch iført landstrykarklede.

Bakgrunn

Chuchle er ein tettstad sør for Praha, no innafor bygrensene, mellom Braník og Zbraslav. Det er vert mest brukt som eit fellesomgrep for bydelane Velká Chuchle og Malá Chuchle.

Linkar

Sitat
[4.1] Vyhýbal se okresní silnici a šel přes luka po pěšinkách a setkal se s četnickou patrolou z Chuchle, která vandráka zatkla a odvedla druhého dne ráno na Zbraslav k okresnímu soudu, neboť to by moh říct každý, že je Josef Božetěch, knihař z Příčný ulice v Praze, čís. 16.“
Index Back Forward IV. Det ærerike samanbrotet held fram Hovudpersonen

1. Švejk i russisk fangetransport


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 13/8-2019