Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (184) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen

Drogerie Průšaen flag
Tylovo nám. 699/19, Vinohrady-František Průša [1910]
Google kartsøk
prusa.png

Národní listy, 24.6.1903

prusa.jpg

Narodní Politika, 6.5.1910

Drogerie Průša var apoteket der den fyrste Ferdinand var assistent. Han drakk ei flaske hårolje ved uhell.

Bakgrunn

Drogerie Průša var eit apotek på Tylovo náměstí, på nedre hjørna mot Vávrova třída i Královské Vinohrady. Jaroslav Hašek arbeidde her som lærling ei tid mellom mars 1898 og september 1899.

Fleire avisannonsar vitnar om butikken sin eksistens, stadfesta av adressebøker. Til dømes dukka det i 1906 opp diskrete annonsar for kur mot "mannfolkproblem", men det vart òg annonsert for pulver mot veggedyr. I august 1915 vart større mengder møblar lyste til salgs i Prager Tagblatt, noko som tyder på føreståande stenging. Eigar var Průša (František).

Eksterne lenkar

KjeldeJaroslav Šerák, Radko Pytlík

Sitat
[1.1] Jednoho, ten je sluhou u drogisty Průši a vypil mu tam jednou omylem láhev nějakého mazání na vlasy, a potom znám ještě Ferdinanda Kokošku, co sbírá ty psí hovínka. Vobou není žádná škoda.“
K.u.k. Heeren flag
Stubenring -/1, Wien I.-K.u.k. Ärar [1914]
Wikipedia czdeen Google kartsøk

K.u.k. Heer er nemnd fyrst (som "hæren") i ein anekdote som Švejk fortel frå tida si i hæren (verneplikta). Dette er i samtalen med Müllerová heilt i starten av romanen. Sidan vært hæren nemnd eit utal gonger, og er den viktigaste bakteppet for heile roman ettersom Švejk er soldat heilt frå midten av del ein. Den er òg den viktigaste skyteskiva for Hašek sin satire.

Bakgrunn

K.u.k. Heer (òg k.u.k Armee eller Gemeinsame Armee) var den største og viktigaste eininga i k.u.k Bewaffneten Macht (væpna styrkar). Saman med k.k. Landwehr (Austerrikes heimevern) og k.u. Honvéd (Ungarns heimevern) utgjorde den Landstreitkräfte. Desse og k.u.k. Kriegsmarine utgjorde tilsaman dei væpna styrkane.

Felleshæren bestod av infanteri, kavaleri, forsynings-troppar og ingeniørtroppar. Vernepliktstida var fram til 1912 tre år, deretter to. Under krigen vart tap erstatta av såkalla marsjbataljonar, og det var ein av desse Švejk seinare skulle gjera teneste i. K.u.k. Heer eksisterte frå 1867 til 1918 og leid katastrofale tap i 1.verdskrigen, den einaste reine krigen dei nokon gong tok del i. I ulike periodar slost dei på fire frontar; Serbia, Galicia, Romania og Tyrol. Etter dei store tapa i 1914 vart den meir og meir avhengig av tysk støtte.

Frå 1913 heldt hær-kommandoen til i Kriegsministerium sin bygning på Stubenring 1, Wien. På den tida Švejk gjorde fyrstegongsteneste heldt dei nesten sikkert enno til i dei gamle lokala på Am Hof 2. Denne bygningen vart riven i 1912. Keisaren var øvstkommanderande, men var representert ved Kriegsministerium.

Oberbefehl var formelt i hendene på monarken som kommuniserte med hæren gjennom Militärkanzlei Seiner Majestät des Kaisers und Königs. Kriegsministerium var ansvarleg for den daglege drifta av hæren. Frå 1914 til 1917 var Friedrich generalinspektør men han overlet den operative leiinga til Conrad.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] Jó, paní Müllerová, dnes se dějou věci. To je zas ztráta pro Rakousko. Když jsem byl na vojně, tak tam jeden infanterista zastřelil hejtmana. Naládoval flintu a šel do kanceláře.

Skrivst òg:Austro-Hungarian Army en Rakousko-uherská armáda cz Austerrike-Ungarns Hær no

U kalichaen flag
Na Bojišti 1732/14, Praha II-Vilém Juris [1913]
Google kartsøk Švejk-muzeum
ukalicha2.png

Národní politika, 2.8.1899

kalicha.png

Mládenec, 7.11.1913

ukalicha3.png

Národní politika, 17.11.1917

ukalicha1.png

Národní politika, 14.11.1923

kalicha24.png

Chytilův adresář, 1924

U kalicha er kneipa der Švejk og verten Palivec vart arresterte av detektiv Bretschneider heilt i starten av romanen. Truleg hende dette 29.juni 1914 avdi nyhenda om attentatet i Sarajevo kom i avisene denne dagen (Müllerová hadde akkurat lese om det).

Handlinga kom innom her att i [I.6]Švejk vart sett fri att og på ny møter Bretschneider. Her vert detektiven overtala til å kjøpa hundar. Švejk sitt siste besøk er i [I.10] etter at han har starta tenesta si hjå feltpresten Katz. Fru Palivcová nektar å servera han avdi ho trur han er desertør.

U kalicha vert òg nemnd i [II.4] i den kjende scenea frå Bruck an der LeithaŠvejk og Vodička lovar kvarandre å møtast att der etter krigen, klokka 6 om kvelden - eit av dei mest kjende sitata frå heile romanen.

Bakgrunn

U kalicha er namnet på ein restaurant i gata Na Bojišti in Nové Město, og dessutan namnet på bygningen der restauranten held til. I dag er den grunna Švejk ein turistattraksjon, men i 1914 var det ein vanleg pub med eitt skjenkerom. Prov på kneipa sin eksistens finn ein alt i 1896 då Vilém Šubert er oppførd som vert i Na Bojišti 8. Avislysingar i 1899 avslører at den alt då var kjend som U kalicha og at den låg i Na Bojišti 1732/8, i den same bygningen som i dag. Dette året prøvde eigaren å selgja syklar, truleg som ein sideinntekt. Sjølve bygningen har beviseleg stått der minst sidan 1890. I 1907 vart bygningen lagt ut til salg og annonsen nemner puben.

I addressseboka frå 1910 er oppføringa Na Bojišti 1732/14. Verten er no Vilém Juris, som i 1907 er oppførd som vert på ei kneipe i Smíchov. Politibøkene viser at han budde i Na Bojišti 1732 frå 18.juli 1908, var fødd i 10.juni 1871 og gift med Blahoslava. I 1913 marknadsførde han kneipa spesifikt mot studentar under namnet U zlatého kalichu. Juris reklamerer med "ein kjend møtestad for studentar, med konsertar kvar dag og ope heilt til morgonen". I 1917 hadde ein viss Vaneček teke over drfita. I april 1923 avslører annonsar at puben no vart kalla Café Evropa og baud på franske rettar. Addresseboka viser at eigaren no er Josef Kyral. Annonsar frå november 1923 viser dei fyrste teikna på at U kalicha har byrja å utnytta knytinga si til Švejk.

Hašek og U kalicha, ein uklår samanheng
svejk483.png

© VHA

wessel.png

Tabbe av Elsbeth Wessel

Det er enno uklårt kvifor forfattaren let U kalicha spela ei såpass viktig rolle i romanen etter som ingen av dei som har skrive om Hašek, vener som historikarar, nemner den som ein stad han frekventerte.

Ein mogeleg samanheng er ein Josef Švejk (1892-1965) som frå 1912 budde to hus lenger nede i gata og som forfattaren kan ha visst om, ikkje minst ettersom begge var frivillege i České legie frå 1912. I denne samanhengen er det verd å nemna at U kalicha ikkje er nemnd i det tidlege utgåvene av Švejk frå 1911 og 1917 så forfattaren sin kjennskap til denne personen kan godt ha ført til at U kalicha vart dregen inn i romanen. Førenamnet Josef er òg brukt for fyrste gong i romanen.

Me veit òg at Jaroslav Hašek var ein del saman med studentar frå den tekniske høgskulen og det kan vera med desse han vanka på U kalicha. At han kjende nabolaget i U kalicha er òg klårt. To hus lenger ned i gata, i nummer 463/10, låg det eit bordell registrert på Antonín Nosek (1912). Dette kan forklara kvifor Švejk fortalde Vodička at "dei hadde jenter der".

Eit underleg detalj kjem frå den kjende norske germanisten Elsbeth Wessel. I ein ellers innsiktsfull bolk om Hašek opplyser ho om at "forfattaren langsomt drakk seg til døde på U kalicha". Kven kjeldene til denne påstanden er veit me ikkje, men ein må sjå det som ein glipp ettersom resten av bidraget hennar er av høg kvalitet.

Legendene tek form
huppert.png

Prager Presse, 5.12.1929

Opp gjennom åra har det vorte spunne ei rad legender kring U kalicha og romanen til Jaroslav Hašek. Eit tidleg døme er Maxmilian Huppert (Prager Presse, 5.desember 1929) som hevda at ein viss František Švejca (fødd 1875) var stamgjest her, var hundehandlar, og legg til detaljar som alle luktar av forsøk på å tilpassa røyndomen til omtalen i romanen. Huppert sitt kronvitne er ein tidlegare innehavar av U kalicha, Ferdinand Juris. Denne hevdar å ha kjendt den omtala "Švejk". Meir konkrete er opplysningane om at puben ikkje lenger var i drift og at lokala vart brukte som mjøl-lager.

I 1968 dukka det opp ei likande soge i vekebladet Květy (12.september 1968, signert J.R Veselý). Den kom med sensasjonelle påstandar om at Josef Švejk faktisk var ein av Jaroslav Hašek sine vener og at dei hadde møtt kvarandre både før, under, og etter krigen. Mykje av opplysningane i artikkelen er stadfesta, men detaljane som knyter denne Švejk til Hašek verkar som oppspinn. Sjå Josef Švejk for fleire detaljar.

Nytt frå bulevarden

I boka si frå 1989 Die Abenteuer des gar nicht so braven Humoristen Jaroslav Hašek kom Jan Berwid-Buquoy kom med ein del nye om enn "kulørte" opplysningar. Det vert hevda at Marie Müllerova var ei bordellmamma i same bygningen, that František Strašlipka, den påståtte prototypen for Švejk, var stamgjest og jamvel elskaren hennar, at Palivec var kelnar her, at kneipeverten var ein viss grovkjefta Václav Šmíd. Forfattaren har sidan bearbeida soga nokre gonger, gjennom ei ny bok (2011) og ein artikkel i LReflex. Namnet på pubverten og andre detaljar er endra men essensen i opplysningane har aldri vorte stadfesta. Det har seinare vorte hevda at Anastasie Herzog kjøpte bygnignen i 1907. Politiprotokollane viser at ein Benno Herzog faktisk budde i bygnigen i 1912, men den einaste Anastasie Herzog som kjem fram i den nemnde protokollen er dottera hans, fødd i 1907! Adresseboka frå 1906 viser eigaren av bygningen U kalicha som Karel Císař.

Til sjuande og sist verkar desse sogane å vera tufta på lausprat. Eir meir alvorleg moment er at mykje av dette dukkar opp på restauranten si eige heimeside (òg på engelsk og russisk) så oppspinnet vert spreidd over heile verda. Her vert endå fleire "fakta" plussa på: U kalicha skal ha kome i vinden etter omsetjinga av Švejk til tysk (1926) og spesielt på 1930-talet då tyske bladmenn og forfattarar kom på vitjing til E.E. Kisch. I så fall må dei ha vorte skuffa ettersom restauranten vart lagd ned ein gong mellom 1924 og 1929 (den er heller ikkje å finna i adresseboka for 1936).

Ein turistattraksjon
u_kalicha.jpg

Det opprinnelege skjenkerommet i nummer 14 (2011)

Rundt 1955 vart U kalicha utvida (truleg gjenopna), og medvite gjord om til turistattraksjon. Frå den tida omfattar restauranten lokala både i nr. 14 og nummer 12 og lever godt på samanhengen til Švejk, med prisar over gjennomsnittet, og bussgrupper jamt på vitjing. Likevel er U kalicha verd ei vitjng med sine memorabilia knytte til Švejk og tida rundt fyrste verdskrigen. For å unngå trengsel tilrår me å vitja rundt middag eller tidleg ettermiddag. Maten er tsjekkisk, og menyen er på 27 språk, mellom anna norsk.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] Já teď jdu do hospody „U kalicha“, a kdyby sem někdo přišel pro toho ratlíka, na kterýho jsem vzal zálohu, tak mu řeknou, že ho mám ve svém psinci na venkově, že jsem mu nedávno kupíroval uši a že se teď nesmí převážet, dokud se mu uši nezahojí, aby mu nenastydly. Klíč dají k domovnici.“

Skrivst òg:At the Chalice en Zum Kelch de Ved Kalken no

K.u.k. Staatspolizeien flag
Bartolomějská 313/4, Praha I-K.u.k. Ärar [1906]
Google kartsøk
polizeidirektion.png

© Pamatník Národního Písemnictvi

slavicek_uvalsu.png

Hašek sitt møte med statspolitiet etter å ha skrive seg inn på U valšů som russisk handelsreisande, 24. November 1914. © PNP

postopach.png

Čechoslovan, 21.8.1916 (3.9)

K.u.k. Staatspolizei er nemnd når det vert fortalt at Bretschneider er i teneste hjå statspolitiet.

Bakgrunn

K.u.k. Staatspolizei var den sivile overvakingstenesta i Austerrike-Ungarn, med hovudoppgåve å halda auge med statsfiendtlege element. Avdelinga vart stifta i 1893 og rapporterte direkte til Statthaldaren. I Praha opererte tentestemennene og agentane deira frå Policejní ředitelství. I teneste hjå statspolititet var mellom dei to unge juristane Slavíček og Klíma. Avdelingsleiaren var Viktor Chum.

U Valšů

Jaroslav Hašek hadde svært god kjennskap til statspolitiet. Dette starta i perioden hans som anarkist (frå 1904). Det mest omtala møtet med dei er likevel episoden ved U Valšů 24.november 1914 der han skreiv seg inn som russisk handelsmann - etter eige utsagn for å testa dei austerrikske tryggleikstenestene. Han fekk fem dagars fengsel som han sona like etterpå.

Under krigen

Under krigen fall augene til statspolitiet på han på ny. Det hende etter at forfattaren 17.juli 1916* ga ut ei historie i Čechoslovan i Kiev der han let ein hankatt besudla eit bilete av keisaren. Dette førde til landssvikskuldingar og arrestordre. Fleire av dei andre stykka han skreiv vekte òg merksemd. Dei vart oversette til tysk og førde til livleg kommunikasjon mellom politiet i Praha og Wien.

* Juliansk kalender, dvs. 30. juli

Dobrý voják Švejk v zajetí

… Švejka vedli k výslechu do oddělení státní policie přímo k policejnímu komisaři Klímovi a Slavíčkovi.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] V hospodě „U kalicha“ seděl jen jeden host. Byl to civilní strážník Bretschneider, stojící ve službách státní policie. Hostinský Palivec myl tácky a Bretschneider se marně snažil navázat s ním vážný rozhovor.
Vinárna Sarajevoen flag
Nusle
Google kartsøk

Vinárna Sarajevo var ei vinstove i Nusle der det i fylgje Palivec var slåsting kvar dag.

Bakgrunn

Vinárna Sarajevo var ei vinstove som ikkje kan identifiserast. I fylgje Milan Hodík kan Palivec ha vist til ei lita kneipe kjend som Bosna i Michle.

Milan Hodík

Šlo nejspíš o malou hospodu zvanou Bosna na michelském kopce nad Bondyho statkem.

Sitat
[1.1] „Ty nám to pěkně v tom Sarajevu vyvedli,“ se slabou nadějí ozval se Bretschneider. „V jakým Sarajevu?“ otázal se Palivec, „v tej nuselskej vinárně? Tam se perou každej den, to vědí, Nusle.“
Mladočešien flag
Ferdinandova tř. 1987/20, Praha II.
Wikipedia czdeen Google kartsøk
kramar_reichsrat.jpg

Karel Kramář, Reichsrat 1896. © Radio Praha

Mladočeši er nemnd indirekte når Palivec slår fast ovafor Bretschneider at han er næringsdrivande, og serverer kven det måtte vera. Om ein tyrkar, anarkist, muhammedanar eller ungtsjekkar slo hel Franz Ferdinand var det eitt feitt for han.

Bakgrunn

Mladočeši (offisielt Národní strana svobodomyslná) var eit tsjekkisk politisk parti som eksisterte frå 1874 til 1918, formelt kalla Det Nasjonalliberale Parti. Partiet nådde høgda av si makt på 1890-talet. Med sine for tida radikale krav om ålmenn stemmerett og større sjølvstyre for dei tsjekkiske områda i Austerrike-Ungarn, fekk dei stor støtte i heimlandet men møtte desto større motstand frå Wien.

Deretter fekk dei konkurranse frå Sosialdemokratane og Agrarpartiet og mista noko av innflytelsen sin. Den mest framståande politikaren i partiet si historie var Kramář. Parti sitt hovudorgan var Národní listy, ei avis Jaroslav Hašek skreiv mange forteljingar for. Ved valget til Parlament i 1911 fekk partiet 14 mandat og 9,8 prosent av stemmene i Böhmen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] „Host jako host,“ řekl Palivec, „třebas Turek. Pro nás živnostníky neplatí žádná politika. Zaplať si pivo a seď v hospodě a žvaň si, co chceš. To je moje zásada. Jestli to tomu našemu Ferdinandovi udělal Srb nebo Turek, katolík nebo mohamedán, anarchista nebo mladočech, mně je to všechno jedno.“

Skrivst òg:Young Czech Party en Jungtschechen de Ungtsjekkarane no

Věznice Pankrácen flag
Palackého tř. 88/-, Nusle-K.u.k. Ärar [1906]
Wikipedia czdeen Google kartsøk
pankrac2.png

Egon Erwin Ksich, Bohemia, 7.11.1913

Věznice Pankrác vert implisitt nemnd av Palivec som helst ikkje vil snakka om politikk av frykt for å enda opp i Pankrác.

Fengselet vert vist til òg i [I.3] der den uheldige dreiebenk-operatøren som braut seg inn i Podolský kostelík vart sett inn og seinare døydde.

Bakgrunn

Věznice Pankrác (C.k. trestnice pro mužké v Praze) var på den aktuelle tida ein straffeinstitusjon for menn, og "pankrác" er nesten synonymt med fengsel i tsjekkisk slang. Fengselet er kalla opp etter bydelen Pankrác der det ligg, og vart bygd frå 1885 til 1889.

På den tida var det eit moderne fengsel med gode soningsforhold. Under Austerrike var dei innsette stort sett tunge mannlege kriminelle, men enkelte politiske fangar var òg innom.

Fengselet vart seinare brukt som rettarstad og i alt 1580 personar vart avretta der, 1087 av dei under den nazistiske okkupasjonen. Under kommunist-styret frå 1948 vart endå nokre hundre avretta.

Egon Erwin Kisch

Den Rasande Reporter har gjort sitt til at fengslet er vorte så kjendt. Etter å ha vorte nekta tilgjenge klatra han over muren og raporterte frå gravstaden til dei innsette. Gravene deira hadde ikkje ein ging namn! Alt dette kjem fram i soga Im Friedhof der Pankratzer Sträflinge (På gravpalssen til dei daude innsette), fyrst trykt i Bohemia 7.november 1913. I 1931 kom den ut i boka Prager Pivatal med ein endring i tittelen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.1] „Já se do takových věcí nepletu, s tím ať mi každej políbí prdel,“ odpověděl slušně pan Palivec, zapaluje si dýmku, „dneska se do toho míchat, to by mohlo každému člověku zlomit vaz. Já jsem živnostník, když někdo přijde a dá si pivo, tak mu ho natočím. Ale nějaký Sarajevo, politika nebo nebožtík arcivévoda, to pro nás nic není, z toho nic nekouká než Pankrác.“
[1.3] Potom ten soustružník zemřel na Pankráci.

Skrivst òg:Pankrác Prison en Pankratz Gefängnis de Pankrác fengsel no

Krajský soud Píseken flag
Velké nám. 121/17, Písek-K.u.k. Ärar [1915]
Wikipedia cz Google kartsøk

Krajský soud Písek er der grisegjeldaren frå Vodňany vart dømd og avretta, medan han sa dei verste ting om keisaren. I alle fall er det dette Švejk fortel BretschneiderU kalicha.

Bakgrunn

Krajský soud Písek var ein institusjon i Austerrike sitt rettsvesen, og som held fram òg under Tsjekkoslovakia. I 1914 hadde Písek òg ein okresný soud (distriktsrett), og den eksisterer enno. Tilhaldstaden er så godt som sikkert den same som under Austerrike.

Retten i Písek var involverte i den berykta Hilsner-affæren der ein jøde stod skulda for ritualmord. Dødsdommen hans vart stadfesta i Písek 14. november 1900 men var omgjort til livstid av keisaren og i 1918 vart Hilsner sett fri under eit generelt amnesti. Den framtidige president Masaryk sette den akademiske karriera si på spel i sitt forsvar for Hilsner. Dommen i Písek vart oppheva så seint som i 1998.

Sitat
[1.1] Když ho potom u krajského soudu v Písku věšeli, ukousl knězi nos a řekl že vůbec ničeho nelituje, a také řekl ještě něco hodně ošklivého o císařovi pánovi.“

Skrivst òg:Písek District Court en Landesgericht Písek de Distriktsretten Písek no

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 5/10-2019