Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (184) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

13. Švejk gir den siste olje

Vojenská nemocnice Karlovo náměstíen flag
Karlovo námestí 504/39, Praha II.-K.u.k. Ärar [1914]
Google kartsøk Švejk-muzeum
vojnemoc3.jpg

11.6 1907 © AHMP

Vojenská nemocnice Karlovo náměstí var målet for Švejk og Katz sin ekspedisjon for å gje den siste olje til dei hardt såra.

Bakgrunn

Vojenská nemocnice Karlovo náměstí viser til C.a.k vojenská nemocnice č. 11 (K.u.k. Militärspital Nr. 11) i Praha, eit militærsjukehus som låg på sørenden av Karlovo náměstí. I dag er bygningen brukt av universitets-sjukehuset (Všeobecná fakultní nemocnice v Praze).

Ein god del av stadene som er nemnde i fyrste delen av Švejk og i anekdotane utover i romanen ligg innafor ti minuttars gange frå sjukehuset, mellom andre U kalicha. Forfattaren budde rett i nærleiken det meste av dei fyrste 20 åra av livet sitt, og dessutan ein del seinare i livet. Han gjekk på både gymnas og handelshøgskule berre nokre hundre meter unna.

Militærsjukehuset der Švejk var innlagd som simulant i [I.8] var ei underavdeling. Sjå Vojenská nemocnice Hradčany.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Potom přečetl polní kurát ještě jednou předpis, ve kterém se mu oznamuje, že zítra má jít na Karlovo náměstí do Vojenské nemocnice zaopatřovat těžce raněné.

Skrivst òg:Military hospital at Charles square en Militärspital am Karlsplatz de Militærsjukehuset på Karlsplassen no

Kostel svátého Ignáceen flag
Ječná ul. 505/2, Praha II-Řád Tovaryšstva Ježíšova [1910]
Wikipedia cz Google kartsøk
ignac.jpg

24.10.1907 © AHMP

ignac.png

Zlatá Praha, 9.5.1913

Kostel svátého Ignáce vert fyrste gong nemnd av Katz i ein samtale med Švejk når han fortel at han for lenge sidan hadde halde ei messe for offiserar her.

Seinare dukkar kyrkja opp i historia om Zátka ved gassverket på Letná ([II.5]) der fader Jemelka held ei preike.

Utover det er den nemnd i ei anekdote i siste kapittelet.

Bakgrunn

Kostel svátého Ignáce er ei kyrkje ved på hjørna av Ječná ulice og Karlovo náměstí som i dag er hovudkontoret til jesuitt-ordenen i Tsjekkia. Den er kalla opp etter ordenen sin grunnleggjar: Ignatius av Loyola. Bygginga starta i 1665 og kyrkja stod ferdig i 1699.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Znal tu pakáž, jak ji nazýval, z chrámu od Ignáce, když před léty tam míval kázání pro vojsko. Tenkrát ještě vkládal do kázání mnoho a „Sdružení“ sedávalo za plukovníkem.
[II.5] A potom,“ řekl Švejk tiše, „to s tím Zátkou po čase skončilo moc špatně. Dal se do Mariánský kongregace, chodil s nebeskýma kozama na kázání pátera Jemelky k svatýmu Ignáci na Karlovo náměstí a zapomenul jednou zhasnout, když byli misionáři na Karláku u svatýho Ignáce, plynový svítilny ve svým rayoně, takže tam hořel po ulicích plyn nepřetržitě po tři dny a noci.
Vojenská intendanturaen flag
Malostranské nám. 258/15, Praha III-K.u.k. Ärar [1907]
Wikipedia de Google kartsøk
intendance.png

Adresář královského hlavního města Prahy, 1907

intendance1.png

Seidel kleines Armeeschema, 1914

intendance2.png

Prager Tagblatt, 8.1.1915

Vojenská intendantura er nemnd av Katz når han seier at hæren sitt forvaltningsorgan visstnok ikkje leverer heilag olje som er signa av ein biskop.

Bakgrunn

Vojenská intendantura var forvaltningsorganet til K.u.k. Heer og hadde som oppgåve å skaffa forsyningar og syrgja for rekneskap. Hovudintendanturet låg i Wien, men her visar feltpresten utan tvil til avdelinga ved Praha sitt 8. armekorps. Kontora låg i tredje etasje i Lichtensteinpalasset i Malá Strana. Sjå 8. Korpskommando og K.u.k. Militärärar.

Hærintendanturen er òg involvert i ei soge av Jaroslav Hašek frå 1910, Čáka pěšáka Trunce (Paradehjelmen til infanterist Trunec). Her er det hovudkontoret i Wien som får i oppdrag å skaffa ei høvande hovudplagg for det enorme hovudet til Trunec. Hovudkontoret låg i bygningen til Kriegsministerium som det òg var organisert under.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Po těchto filosofických úvahách polní kurát umlkl a řekl: „Potřebujeme tedy olej posvěcený od biskupa. Tady máte 10 korun a kupte lahvičku. Ve vojenské intendantuře patrně takový olej nemají.“

Skrivst òg:Militärintendantur de

Firma Poláken flag
Soukenická ulice? 1085/4, Praha I-Emil Pollak [1910]
Google kartsøk
polak1.png

Adresář hl. města Prahy, 1910

polak2.png

Prager Tagblatt, 30.7.1914

Firma Polák var fargehandelen der Švejk kjøpte Hampfrøolje Nr. 3 til bruk ved utdelinga av den siste olje. Butikken var truleg oppattkalla etter eigaren. Den tilsette som ekspederte den gode soldaten var Tauchen.

Bakgrunn

Firma Polák har det ikkje lukkast å identifisera eintydig sjølv om forfattaren legg den til Dlouhá třída. I fylgje adresseboka frå 1910 var det berre ein butikk i Dlouhá třída som tilsvarar omtalen i romanen, men eigaren heitte Ferdinand Adler. Denne låg i Dlouhá 732/39.

I Soukenická 1085/4, 100 meter austover, dreiv derimot eit firma A. J. Pollak ein butikk som òg handla i oljer og fargar. Det er truleg denne forfattaren har hatt i tankane ettersom den låg i vestenden av Soukenická der den går over i Dlouhá. Eigar i 1910 var Emil Pollak (1848-1914), ein jødisk kjøpmann.

Firmaet Jakub Pollak heldt til i Dlouhá no. 45 men dette var eit bokbinderi og såleis ein usannsynleg kandidat.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] V druhé chtěli telefonovat na ochrannou stanici a ve třetí mu řekl provisor, že firma Polák v Dlouhé třídě, obchod olejem a laky, bude mít rozhodně žádaný olej na skladě.
[1.13] Firma Polák v Dlouhé třídě byla opravdu firma agilní. Nepustila žádného kupce, aby neuspokojila jeho přání. Chtěl-li balsám kopaivu, nalili mu terpentýn a bylo také dobře.
[1.13] „Tak už máme volej,“ řekl slavnostně Švejk, když se vrátil od firmy Polák, „konopnej volej čís. 3, první kvality, můžeme s ním namazat celej batalion. Je to solidní firma. Prodává taky laky, fermež a štětce. Ještě potřebujeme zvoneček.“
Sdružení šlechtičen pro náboženskou výchovu vojákůen flag
Google søk
adelige1.png

Brünner Zeitung, 23.10.1899

adelige.png

Prager Abendblatt, 10.9.1903

Sdružení šlechtičen pro náboženskou výchovu vojáků var Adelsdamer sitt selskap for relegiøs oppdraging av soldatar. Dei skulle vera til stades når Katz ga den siste olje på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí dagen etter at han og Švejk fyrst hadde vore der. Samskipnaden bestod av hysteriske eldre damer.

Bakgrunn

Sdružení šlechtičen pro náboženskou výchovu vojáků har det ikkje lukkast å identifisera. I addresseboka for 1910 er ingen slik eller liknande organisasjon oppførd så den er truleg noko forfattaren har funne på.

På den andre sida fanst det nok av organisasjonar der adelsdamer var involvert, mest innafor veldedigheitsarbeid. Det kunne til dømes vera pengeinnsamling og gåver til sjukehus, støtte til krigsveteranar, såra og skadde soldatar, enkjer or foreldrelause ungar.

Aviser og vekeblad skreiv under krigen ofte om adelsdamer på sjukehusvitjing og det kan ha vore desse som inspirerte denne sekvensen (og den tematisk liknande vitjinga til baronesse von BotzenheimVojenská nemocnice Hradčany).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Potom přišel ordonanc a přinesl paket, ve kterém se polnímu kurátovi oznamuje, že zítra bude při zaopatřování v nemocnici přítomno Sdružení šlechtičen pro náboženskou výchovu vojáků.

Skrivst òg:Vereinigung adeliger Damen zur Pflege der religiösen Erziehung der Soldaten Brousek Association of Noblewomen for the Religious Education of Soldiers Sadlon

U Křížkůen flag
Karlín (?)
Google kartsøk Švejk-muzeum

U Křížků vert nemnd ein gong avdi Švejk var innom her og stal ei bjølle til ferda med den siste olje. Det verd sagt at det er ei vegkro og at Švejk var tilbake på ein halv time.

Bakgrunn

U Křížků var ei hospoda som er uvisst kvar låg. Romanen sler fast at Švejk brukte ein halv time på å stella bjølla så det må ha vore kort gangavstand frå Katz sin bustad i Karlín. Romanen sin tekst avgrensar det ytterlegare: det var ei zájezdní hospoda (vegkro), noko som tyder på at den låg ved ein tidlegare innfartsveg.

Den staden som stemmer best med desse opplysningane er utan tvil kneipa til František Kříčka som i adresse-boka frå 1910 låg i Královská třída 110. Dette er både langs ein hovudveg og godt innafor gangavstand frå Katz. Oppkalla etter eigaren/eigarane villa den rettnok ha blitt kalla U Kříčky/U Kříčků, men denne type små-feil er ikkje uvanleg i romanen.

Jaroslav Šerák nemner fem andre alternativ som ligg noko lenger unna, sjå web-link. Det må likevel noterast at korkje Kříčka eller desse fem er oppførde som vegkroer i adresse-boka, så kan forfattaren ha blanda det med ei anna? Til dømes kan vegkroa U města Hamburku i same gata vera ein kandidat.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Obdržev svolení, Švejk přinesl za půl hodiny zvonek. „Je od vrat zájezdní hospody ,U Křížků,’“ řekl, „stál mne pět minut strachu a dlouho jsem předtím musel čekat, poněvadž se pořád trousili lidi.“
Militärgeistlichkeiten flag
Skodagasse -/19, Wien VIII-K.u.k Ärar [1914]
Wikipedia de Google kartsøk
bjelik.jpg

Besuch des Apostolischen Feldvikars Bjelik, 1916.

vikariat.png

Zdeněk M. Kuděj

© LA-PNP

Militärgeistlichkeit vert nemnd når Katz les opp eit direktiv frå Kriegsministerium om innskrenkingar når det gjeld å gje den siste olje.

Seinare i kapittelet vert institusjonen forakteleg vist til av den innpåslitne pengeutlånaren når denne klagar til Švejk over militærsjelesorga. Feltprest Katz har akkurat stukke ut på kafé akkurat når pengeutlånaren kjem for å kreva pengane feltpresten skuldar han.

Bakgrunn

Militärgeistlichkeit var eit samleomgrep for Austerrike-Ungarn sitt feltprestevesen. Dette omfatta romersk-katolsk (det største), jødisk, gresk-ortodoks, gresk-orientalsk, muslimsk og evangelisk (protestantisk). Institusjonen var underlagd Kriegsministerium. Kvar divisjon hadde tildelt ein divisjonsfeltprest og ein feltprest og kvart regiment hadde tildelt eigen feltprest. Ved IR91 tenestegjorde Jan Eybl i denne rolla frå 1.januar 1914 til 24.april 1918.

Frå 1911 til 1918 var Emmerich Bjelik sjef for militærgeistlegheita i Dobbeltmonarkiet, med den rungande tittelen Apostolischer Feldvikar. Bjelik kjende godt til ein av førebileta til personar i Švejk, nemleg Ludvík Lacina. Ein anna person som kjende Bjelik var Zdeněk Matěj Kuděj som ein periode under krigen tenestegjorde ved Feldvikariat i Wien. Det kan godt vera at Jaroslav Hašek henta inspirasjon til nokre av feltprestfigurane sine nettopp frå det Kuděj fortalde han. Dei to forfattarne møttest fleire gonger i løpet av perioden romanen vart skriven.

Miltærgeistlegheita spelar ei viktig rolle i Švejk og er nok den institusjonen som vert utsette for den mest grove satiren. Alt i [I.11] viar forfattaren eit heilt underkapittel til eit åtak på militærgeistlegheita som verdsfenomen men seinare er det berre den katolske feldprestverksemda i Austerrike-Ungarn som står for hogg. Feltprestane Katz, Martinec, Lacina og den fromme frå [I.12] vert skildra som forfylla og tildels umoralske. Dei som opprinnelege ikkje er det, hamnar snart på syndens tornete stig. Ibl dukkar berre opp kort og då som ein idiotisk predikant.

Lacina og Ibl har begge klåre førebilete frå røyndomen, hhv. Jan Eybl og Ludvík Lacina. Martinec og Katz har ingen innlysande førebilete og ingen feltprestar med desse namna er oppførde i Schematismus frå 1914. Den marginale Matyáš kan derimot ha vore inspirert av ein verkeleg person. Sjå Link A. Forfattaren kjende godt Eybl frå tida i IR91 i 1915, men at han skal ha møtt Lacina personleg er mindre truleg.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Ministerstvo ruší po dobu války platné předpisy týkající se zaopatřování vojínů posledním pomazáním a ustanovuje tyto pravidla pro vojenské duchovní:

Skrivst òg:Military Clergy en Vojenské duchovni cz Militærgeistlegheit no

U Exnerůen flag
Královská tř. 457/-, Libeň-Karel Klapa [1910]
Google kartsøk Švejk-muzeum
palmovka.png

Bygningen som Exner fekk oppførd i 1909-1910 og der han budde frå då av. Puben skimtast til høgre. Frå "Český svět", 20. mai 1910.

exner.png

Adresář obce libeňské, 1896

uexneru1.png

Národní politika, 23.2.1912

exner1.png

Národní listy, 29.7.1913

U Exnerů er nemnd av Švejk i ei anekdote han fortel for å setja den innpåslitne pengeinnkrevaren på plass. Soldaten fortel den ubedde gjesten om ein viss Boušek frå Libeň som vart kasta ut gong på gong frå denne puben, men som stadig kom attende.

Bakgrunn

U Exnerů var ein restaurant som eksisterte i alle fall fram til 1940. Den låg på hjørna Primátorská og Královská třída i Libeň. I adressebøkene for 1896, 1907 og 1910 er den oppførd under namnet Na Palmovce.

U Exnerů vart òg brukt som forsamlingslokale. Under fyrste verdskrigen vart den nemnd i avisene i samband med velgjerdsorganisasjonar, mellom anna for fattige born. Den dreiv under namnet U Exnerů minst fram til 1939. I dag er den ein kinesisk restaurant.

Čeněk Exner

Restauranten var kalla opp etter den lokale entreprenøren og eigar av bygningen Čeněk Exner (10.juli 1855 - 28.juli 1913) men innehavar var i 1910 var Karel Klapa. Exner, fødd i Vrchlabí i Krkonoše-fjella, dreiv eit engros kjøtfirma (røykeri) i Karlín frå 1890 som han flytta til Libeň i 1897. Han var gift med Anastazie, hadde to born og dessutan borneborn. Han var dessutan aktiv i Sokol og andre organisasjonar.

Frå 1897 til 1910 budde familien i bygningen som husa puben og firmaet, så flytta dei til nabohuset nummer 890. Denne jugendstil-bygningen (Palac Palmovka) fekk han bygd i 1909 og 1910 og var bryllaupsgåvae til dottera Anastazie. Exner fekk ein tragisk ende: avisnotisar avslører at han gjorde sjølvmord i 1913 ved å hengja seg på badet. Grunnen skal ha vore økonomiske problem.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] „Poslušně hlásím, pane feldkurát,“ poznamenal Švejk, „že je to hotovej nezmar, jako nějakej Boušek z Libně. Vosumnáctkrát za večer ho vyhodili od ,Exnerů’, a vždycky se jim tam vrátil, že tam zapomněl fajfku.
Mariánská kongregaceen flag
Ve Smečkách 1354/32, Praha II-Josef Ticháček [1910]
Wikipedia czdeen Google kartsøk
kongregace.png

Adresář královského hlavního města Prahy, 1896

Mariánská kongregace vert nemnd når Katz og Švejk er på veg til Vojenská nemocnice Karlovo náměstí for å gje den siste olje. I Vodičkova ulice spring ei portnarkone og medlem av kongregasjonen etter hestedrosjen for å bli velsigna, men klagar over kor fort dei køyrer.

Bakgrunn

Mariánská kongregace (lat. Congregatio Mariana) er ein romersk-katolsk utdanningsinstitusjon, grunnlagd av jesuitt-faderen Jean Leunis i 1563 og heile tida tilknytt Jesuitt-ordenen.

Praha-avdelinga til selskapet vart oppretta 28.april 1892. I 1896 låg kontoret til institusjonen i Ječná ulice 505/2 (sjå Kostel svátého Ignáce) med fader Jemelka som formann. I 1907 og 1910 var adressa Ve Smečkách 1354/32, ikkje langt frå Vodičkova ulice (som Katz og Švejk køyrde forbi i hestedrosje). Bygningen er i ettertid vorte riven og tomta er i dag brukt av Hotel Fenix.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] A Švejk do toho zvonil, drožkář sekal bičem dozadu, ve Vodičkové ulici nějaká domovnice, členkyně mariánské kongregace, klusem dohnala drožku, dala si v jízdě požehnat, pokřižovala se, odplivla si poté: "Jedou s tím pánembohem jako všichni čerti! Člověk aby dostal souchotiny!" a vracela se udýchána na své staré místo.

Skrivst òg:Marianische Kongregation de Congregatio Mariana la

K.u.k. Dragoneren flag
Za Invalidovnou 8/-, Karlín-K.u.k. Miltärärar [1914]
Wikipedia de Google kartsøk
dragon.jpg

Světozor, 4.9.1914

dragon1.png

Seidels kleines Armeeschema, 1914

dragon.png

Chytilův adresář 1912

K.u.k. Dragoner vert nemnd av Katz når han kranglar med øvstkommanderane på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí om betaling for reisa dit og den velsigna olje. Feltpresten fortel at når ein offiser frå dragonane dreg for å henta ein hest vert han og betalt diett.

Bakgrunn

K.u.k. Dragoner var omgrepet for nokre av kavalerieiningane i den austerriske delen av Dobbeltmonarkiet. I alt var det 15 Dragonregiment i K.u.k. Heer, stort sett frå dei tysk- og tsjekkisk-talande delane av riket. Inndeling av kavaleri i Austerrike-Ungarn var heller komplisert: i tillegg til Dragonane hadde ein både Ulanar og Husarar.

I romanen vert det visseleg vist til eit lokalt dragonar-regiment, og eit slikt fanst: K.u.k. Dragonerregiment Nr. 14. Frå heldt heldt andre og femte skvadron til i kaserna bak Invalidovna i Karlín (no U Sluncové 6). Staben heldt til i Brandys nad Labem og resten av regimentet i Stará Boleslav og Dobřany. Rekrutteringsområdet var Nr. 8 (Praha), sjå 8. Korpskommando. Rekrutteringskommandoen heldt til i Klatovy.

Fleie dragonregiment vart rekurtterte frå 8. distrikt og opp gjennom åra held andre regiment til i Karlín. I 1906 held det 13. dragonregimentet til i same kaserna bak Invalidovna som husa det 14. regiment frå 1912.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] Potom následoval spor s velitelem nemocnice a polním kurátem, přičemž polní kurát několikrát udeřil pěstí do stolu a vyjádřil se: "Nemyslete si, pane hejtmane, že je poslední pomazání zadarmo. Když důstojník od dragounů je komandýrován do hřebčince za koňma, tak se mu také platí diety. Opravdu lituji, že se ti dva posledního pomazání nedočkali. Bylo by to o padesát korun dražší."

Skrivst òg:Dragons en Dragonen de Dragonar no

K.u.k. Generalstaben flag
Stubenring -/1, Wien I.-K.u.k. Miltärärar [1914]
Wikipedia deen Google kartsøk
generalstab.png

Schematismus ..., 1914

arz.png

General Arthur Arz. Wiener Bilder, 11.3.1917

K.u.k. Generalstab vert nemnd i ein samtala på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí der ein soldat fortel om ein kristeleg riksrådsutsending som før krigen la ut om Gud og at denne ikkje anna ville enn fred og fordragelegheit mellom menneska. Med ein gong krigen braut ut vart det ein anna tone og Gud vart framstilt som om han var sjef for generalstaben.

Generalstaben er nemnd att i draumen til Biegler på toget til Budapest der eit bilete av stabsjef Conrad prydar veggen i K.u.k. Gottes Hauptquartier.

Bakgrunn

K.u.k. Generalstab var ein institusjon som i krigstider eller i tider med trugande krig var ansvarleg for planlegging, gjennomføring og overvaking av dei militære operasjonane. Generalstaben var formelt underlagd Kriegsministerium og heldt til i same bygningen.

Den keisarlege og kongelege generalstaben eksisterte frå 1867 til 1918 men institusjonen var forlengst på plass før Ausgleich delte Habsburg-keisarriket i to jamnstilte delar.

Generalstabsjef frå 1912 til 1917 var Conrad. Han vart avsett av den nye keisaren Karl I. (sjå Karl Franz Joseph) og etterfylgd av infanterigeneral Arthur Arz von Straußenburg (på biletet til høgre). Denne vart dermed den siste sjef for K.u.k. Generalstab nokon sinne.

Generalstaben hadde offiserar tilstade ved høgare militære einingar, både på distrikts-, divisjons- og brigadenivå.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.13] A vida ho, vola, jakmile vypukla válka, ve všech kostelích se modlí za zdar zbraní a o pánubohu se mluví jako o nějakém náčelníkovi jenerálního štábu, který tu vojnu řídí a diriguje. Z téhle vojenské nemocnice už jsem viděl pohřbů, a uříznutých noh a ruk vozí odtud vozy
[3.1] Uprostřed pokoje, ve kterém po stěnách visely podobizny Františka Josefa a Viléma, následníka trůnu Karla Františka Josefa, generála Viktora Dankla, arcivévody Bedřicha a šéfa generálního štábu Konráda z Hötzendorfu, stál pán bůh.

Skrivst òg:Royal and Imperial General Staff en C.k. generální štáb cz

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

13. Švejk gir den siste olje


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 5/10-2019