Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (184) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

14. Švejk som oppassar hos overløytnant Lukáš

Stoletá kavárnaen flag
Na Zderaze 267/10, Praha II-Antonín Kolář [1909]
Google kartsøk
stoleta1.png

Národní politika, 1.12.1908

stoleta2.png

Národní politika, 28.6.1909

stoleta3.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních, 1907

Stoletá kavárna vert nemnd i og med at det store kortspelet i anekdota til Švejk som han underheld Katz med etter at den siste hadde spelt tenaren vekk i kort. Hendinga fann stad i ei "hospoda" bak Stoletá kavárna og hovudaktøren var den gamle røyrleggjaren Vejvoda.

Bakgrunn

Stoletá kavárna var ein kafé med adresse Na Zderaze i NM som eksisterte frå før 1887 og utover, men det er uvisst akkurat når den vart opna og når den endeleg stengde. Dei tidlege annonsane avslører at ein viss Slavík var innehavar. I 1908 avslører desse små-annonsane at innehavaren er Antonín Kolář og adresseboka frå 1907 stadfestar at han òg eigde bygningen. Sjå dessutan Hospoda za Stoletou kavárnou.

I 1909 vart den gamle bygningen riven og ein ny sett opp på same tomta. JH har nok kjend til begge utgåvene av kafeen, men på Vejvoda si tid var det nok snakk om før rivinga. I 1914 lyste dei etter pianist, staden var òg danse- og konsertlokale. I 1915 skifta bygningen eigar etter ein konkurs og i 1916 vert det snakka om en tidlegare kafeen. I 1918 var den derimot i drift att og i 1920 var kafeverten ein viss B. Michálek. På veggen av den nye bygningen er enno påskrifta "Stoletá kavárna" synleg.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.1] „A bylo v banku hodně?“ otázal se Švejk klidně, „nebo jste málokdy dělal forhonta? Když nepadá karta, je to velmi špatný, ale někdy je to mizerie, když to jde až příliš dobře. Na Zderaze žil nějakej klempíř Vejvoda a ten hrával vždy mariáš v jedné hospodě za ,Stoletou kavárnou’. Jednou taky, čert mu to napískal, povídá: ,A což abychom si hodili jedníka o pětníček.’
[1.14.1] Kominickej mistr byl už do banku dlužen přes půldruhého miliónu, uhlíř ze Zderazu asi milión, domovník ze Stoletý kavárny 800 000 korun, jeden medik přes dva milióny.

Skrivst òg:Century Café en Hundertjähriges kaffeehaus de

Hospoda za Stoletou kavárnouen flag
Na Zbořenci 261/7, Praha II-Josef Pavlíček [1910]
Google kartsøk

Hospoda za Stoletou kavárnou vert nemnd i soga om det store kortspelet som Švejk underheld Katz med etter at den siste hadde spelt tenaren sin vekk i kort. Hendinga fann stad i ei "hospoda" bak Stoletá kavárna og hovudaktøren var gamle Vejvoda.

Bakgrunn

Hospoda za Stoletou kavárnou var truleg puben som i 1907 og 1910 tilhøyrde Josef Pavlíček. Vertshuset låg i Na Zbořenci 7, to hus opp gata frå Stoletá kavárna. Pavlíček eigde dessutan bygningen, han kjøpte den ved ein konkursauksjon i 1904.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.1] „A bylo v banku hodně?“ otázal se Švejk klidně, „nebo jste málokdy dělal forhonta? Když nepadá karta, je to velmi špatný, ale někdy je to mizerie, když to jde až příliš dobře. Na Zderaze žil nějakej klempíř Vejvoda a ten hrával vždy mariáš v jedné hospodě za ,Stoletou kavárnou’. Jednou taky, čert mu to napískal, povídá: ,A což abychom si hodili jedníka o pětníček.’

Skrivst òg:Pub behind the "Century Café" en Kneipe hinter dem "Hundertjährigen Kaffeehaus" de

Einjährig-Freiwilligenschule (Prag)en flag
Google søk
efschule.png

Heerwesen, Selbstverlag Hugo Schmid, 1916

ir73kasarna.jpg

Kaserna til IR73 i Vršovice. Var det her Lukáš underviste eittårsfrivillege?

kasarnymapy.png

Kasernene til IR11 and IR102

albrechtova.jpg

Albrechtova kasárna, Smíchov. Her var Sagner instruktør ved reserveoffiser-skulen til IR11 i februar 1915

sagnerir11.png

Sagner ved reserveoffiserskulen til IR11. © VÚA

efschule1.png

Pilsner Tagblatt, 15.4.1914

efschule.jpg

Světozor, 17.9.1915

zakonb.png

Zákon branný, daný dne 5. prosince 1868

kejla.png

Jaroslav Kejla, 1972. © LA-PNP

Einjährig-Freiwilligenschule (Prag) var skulen der Lukáš var instruktør då han møtte Švejk. Dette kjem fram då forfattaren introduserer Lukáš for lesaren. Offiseren fortel elevane sine dessutan: "La oss vera tsjekkiske men ingen treng vita om det. Eg er òg tsjekkar". Forfattaren legg dessutan til at alle elevane ved skulen var tsjekkiske.

Skulen vert nemnd att seinare, mellom anna då han ovafor Wendler forklarar kva han driv med og planane framover.

Bakgrunn

Einjährig-Freiwilligenschule (Prag) er forfattaren sitt omgrep for ein reserveoffiser-skule i Praha. Desse skulane var knytte til einskilde regimentet, men ettersom det ikkje vert avslørt kva regiment Lukáš tente hjå, veit me ikkje noko meir konkret. Neste steg er å sjå på kva infanteriregiment som enno hadde stabsfunksjonar i byen vinteren 1914-15. Dette var IR11, IR73 og IR102 og Lukáš har nokså sikkert vore instruktør ved eit av desse (at han vart overførd frå Landwehr er lite truleg).

Motstridande spor

Omtalen av det seinare hundejuveriet gjev ein viss peikepinn om kvar skulen låg. Blahník drog med Fox i retning Vršovice, så ein skulle ut frå dette tru at Lukáš budde der. Dette saman med opplysinga om Katy gjekk til fots saman med Švejk til kaserna der offiseren underviste, indikerer IR73 og Vršovice kasárna.

Ein skal likevel ikkje ta den geografiske logikken i handlinga for bokstaveleg. Seinare kjem episoden då Lukáš gjekk tur med den ny-stolne hunden Fox. Han gjekk på den eigentlege eigaren oberst KrausNa Přikopě, noko som tyder på at overløytnanten budde langt nærare sentrum. Ein luftetur med hunden heilt frå Vršovice (3,5 km) synest lite truleg. Noko som òg talar mot at det er snakk om IR73 er at dette var eit bortimot reint tysktalande regiment, noko som ikkje stemmer med forfattaren si opplysning om at elevane til Lukáš var "berre tsjekkarar".

Kasernene til IR102 og IR11 låg derimot langt nærare (2 km), i Malá strána og Smíchov respektivt. Så om Lukáš budde i gangavstand frå desse treng han ikkje å ha rusla altfor langt med hunden for å koma til Na Přikopě.

Romanfiguren Lukáš delinspirert av den verkelege Sagner?

Diskusjonen om kva skule/regiment Lukáš var instruktør ved vert høgst hypotetisk ettersom det er vanskeleg å knyta handlinga i denne delen av romanen til konkrete hendingar og personar. Forfattaren hadde enno ikkje pensa soga si inn på sporet til si eiga karriere in K.u.k. Heer slik han gjorde frå bok to og utover. Til dømes gjorde Lukáš sitt førebilete, Rudolf Lukas, aldri teneste i Praha frå 1911 til 1919. Eittårsfrivillege underviste han rettnok, men det var i Budějovice i 1911-12 og hausten 1914, altså før JH vart kjend med han. Lukas var i heile sin yrkeskarriere i K.u.k. Heer tilknytta IR91 så han kan ikkje ha vorte overførd frå eit anna regiment slik det literære motstykket hans vart.

Inspirasjon til rolla som instruktør må difor ha eit anna utspring, kanskje frå ein anna offiser forfattaren kjende. Dette kan ha vore fleire, mellom anna Josef Adamička, men likheitene med Čeněk Sagner stikk seg fram. Etter eit sjukeopphald i Praha melde han seg frivilleg som instruktør hjå IR11 i perioden han enno var sjukmeld. Her starta han 25.januar 1915 men ettersom det streid mot reglementet å gjera teneste hjå eit anna regiment, vart han kalla tilbake til IR91 i Budějovice 28.februar 1915, der han gjekk inn i stillinga som sjef for 1. reservekompani.

På dette tidspunktet gjorde Jaroslav Hašek teneste i nettopp dette kompaniet og var dessutan elev ved reserveoffiserskulen til regimentet. Han har nok såleis visst om både stillinga til Čeněk Sagner i Praha og overflyttinga. Eit par andre detaljar stemmer òg betre med Sagner enn med Lukas: Sagner var tsjekkar og tala ved nokre høve tsjekkarane si sak i K.u.k. Heer. Oberleutnant Rudolf Lukas var derimot etnisk tysk. Akkurat som romanfiguren Lukáš var Sagner utdanna ved K.u.k. Infanteriekadettenschule Prag, men det var ikkje Lukas. Her er dermed tre detaljar kring Lukáš som KAN vera inspirert av Sagner men som IKKJE kan vera henta frå Lukas.

Eittårsfrivillege og reserveoffiserskular

Omgrepet "eittårsfrivilleg" har skapt ei viss forvirring. JH sjølv bar som me veit denne nemninga, og nokre har difor konkludert med at han melde seg til krigsteneste frivilleg *). Det gjorde han så vidt me veit ikkje, og om det så var ville han ha vore omtala òg som Kriegs-Freiwilliger og ikkje berre Einjährig-Freiwilliger.

*) Eit døme på dette er artikkelen om JH i spansk Wikipedia. Uheldigvis inneheld denne òg mange andre faktafeil.

Eittårsfrivilleg var derimot ein rett som menn med middels og høgare utdanning hadde til å gjera militærteneste eitt år i staden for dei obligatoriske tre (etter 1912 to år) på betingelse av at dei utstyrde seg sjølve. Ordninga vart oppretta i 1868 etter førebilete frå Preussen og var verksam fram til 1918. Motivet var både at ein kunne spara staten for pengar og ikkje unødvendig skada yrkeslivet til den som tok utdanning. Det "frivillege" bestod i at soldaten kunne (men ikkje måtte) utdanna seg til reserveoffiser i løpet av tenestetida. Dei som ikkje tok eksamen som reserveoffiser måtte tena eit ekstra år, men denne plikta vart avskaffa i 1912. Den eittårsfrivillege kunne dessutan til ei viss grad velgja kva våpengrein og eining han ville gjera teneste ved.

Den eittårsfrivillege måtte normalt kjøpa sitt eige utstyr medan K.u.k. Militärärar stod for bustad (om soldaten ynskte det sjølv). Rekruttar måtte ha fullførd 8-årig middelskule (gymnas, realskule, lærarskule, handelskule eller tilsvarande) for å ha krav på redusert tenestetid. Kandidaten måtte sjølv søkja om dette, og alle måtte avleggja prøve. Ein som var dømd for vinningsbrotsverk eller sedlaus framferd mista automatisk retten til eittårsteneste.

Reserveoffizier-Schulen var såleis institusjonen som utdanna dei eittårsfrivillege til reserveoffiserar. Det kan verka som ein feil at JH brukar omgrepet "Eittårsfrivillegskule" eller "skule for eittårsfrivillege", men er det slett ikkje: fram til vernepliktsreforma i 1912 heitte skulane offisielt Einjährig-Freiwilligenschule og det gamle utrykket for omgrep som er endra heng gjerne att i daglegtalen i årevis etter sjølve endringa (sjå Salmova ulice).

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.3] Mluvil ve společnosti německy, psal německy, četl české knížky, a když vyučoval ve škole jednoročních dobrovolníků, samých Čechů, říkal jim důvěrně: „Buďme Češi, ale nemusí o tom nikdo vědět. Já jsem taky Čech.“
[1.14.5] „Zažádal jsem o přeložení k 91. pluku do Budějovic, kam asi pojedu, jakmile budu hotov se školou jednoročáků.
[1.15] Ukončiv vyučování ve škole jednoročních dobrovolníků, vyšel si nadporučík Lukáš na procházku s Maxem.
Pohodnice Pankrácen flag
Na Dvorci 37/-, Dvorce-Rudolf Nešvara [1912]
Google kartsøk
rasovna.jpg

"Prahou tisíciletou z dávna i dneška", Josef Veselý, 1926

Pohodnice Pankrác vert nemnd når forfattaren fortel om kor uheldig Lukáš hadde vore med tenarane sine. Ein av dei hadde stole og selgd overløytnanten sin hund til rakkaren på Pankrác.

Bakgrunn

Pohodnice Pankrác var ein "rakkarverkstad", dvs. ein stasjon for prosessering av dyrekadaver. Den vart og kalla "Termokjemisk stasjon". Sluttprodukta var kunstgjødsel, beinmjøl og andre restprodukt. Desse vart gjerne brukte i produksjon av lim og såpe. Føretaket hadde dessutan løyve til å samla inn og avliva lausgåande hundar, kattar og andre dyr frå austsida av Vltava (eit likande føretak i Břevnov hadde ansvar for vestsida). Ein laustgåande hund vart av Praha bystyre definert som "eit dyr som ikkje gjekk med munnkorg". Føretaka vart drivne med lisens frå bystyret men eigde og drivne som private verksemder.

Hadde ikkje eigaren meldt seg innan tre dagar og betalt bota for å "ikkje utstyra hunden sin etter forskriftene" var dyret sine dagar talde. Denne tre-dagars karantenestasjonen låg i Vyšehrad. Fabrikken for å foredla kadavera låg på den opne sletta mellom Dvorce-Podolí og Pankrác.

Nešvara, ein rakkarfamilie

Eigar i 1912 var Rudolf Nešvara, så dette er høgst sannsynleg personen forfattaren viser til som pohodný na Pankrác (rakkaren på Pankrác). Det vert sagt at han var marerittet til alle hundeeigarar i Praha. Nešvara's sin far Václav dreiv og som rakkar. Han døydde 19.november 1888 i ein alder av førti, og faren Antonín (1814-1894) og mora Marie levde begge lenger enn han. Alt i alt dreiv fire generasjonar Nešvara med "kadaverforedling" i Praha. Den siste var Rudolf sin son Jaromír som dreiv så lang som til under Andre Verdskrig.

Rakkarstasjonen hadde funnest minst sidan 1888 og var i drift fram til 1950. Bygningen stod fram til 1970 då den vart riven for å gjera plass til det nye hovudkvarteret til Česká Televize.

Egon Erwin Kisch
rasovna2.png

Bohemia, 27.11.1910 (Egon Erwin Kisch)

Nešrava er òg tema i forteljinga Bei "Antouschek", dem Wasenmeister av den vidkjende "rasande reporter" EEK. Soga kom på trykk for fyrste gong i Bohemia 27.november 1910, og var den 17. i ei rad fylgjetongar kalla Prager Streifzüge. Seinare vart den tryklt òg i bokform, mellom anna i Aus Prager Gassen und Nächten (1912) og Abenteuer in Prag (1920). I forteljinga beskriv Kisch ei omvising på fabrikken og møtet sitt med Herr Nešvara. Han kjem med mange detaljar, både reint tekniske men òg om historia og om korleis slike føretak var organiserte i Praha. Han fortel dessutan om familien Nešvara og at broren til eigaren arbeider her. Kisch legg òg til at fabrikken var relativt luktfri, noko som strid med opplysningar om mange klager frå naboar i mellomkrigstida.

Eksterne lenkar

Kjelde: JS, Jaromír Pešek, Egon Erwin Kisch, Josef Veselý

Sitat
[1.14.3] Kanárka mořili hladem, jeden sluha angorské kočce vyrazil jedno oko, stájový pinč byl od nich práskán na potkání a nakonec jeden z předchůdců Švejka odvedl chudáka na Pankrác k pohodnému, kde ho dal utratit, nelituje dát ze své kapsy deset korun. Oznámil potom prostě nadporučíkovi, že mu pes utekl na procházce, a druhý den už mašíroval s rotou na cvičiště.
U Štupartůen flag
Štupartská ul. 647/14, Praha I-Rudolf Holeček [1910]
Wikipedia cz Google kartsøk
ustupartu.jpg

U Štupartů, 11. mars 1911

ustupartu.png

Alois Jirásek "Temno"

ustupartu2.png

Frå indretunet til "U Štupartů", 16. mars 1911

U Štupartů er nemnd av Švejk i samtale med Lukáš då han forklarar kvifor katten åt opp Harz-kanarien. Ein liknande episode skal ha førekoma i dette huset, men her hadde katten ete ei papegøye.

Bakgrunn

U Štupartů er ein bygning i SME med ei historie tilbake til det 14. århundret. Namnet fekk bygningen etter Peter Stupart von Löwenthal som kjøpte den 20.oktober 1664. Barnebarnet hans selgde den vidare 10. september 1732. Huset hadde i 1910 to gateadresser i Štupartská 14 og Jakubská 2 og hadde mange leigetakarar. Mellom dei var puben med same namnet som bygningen, driven av Rudolf Holeček. Adressa var Štupartská 14.

Den opprinnelege bygningen (som det sikkert er snakk om i romanen) vart riven hausten 1911 etter mykje motstand. Klub za starou Prahou og andre ville verna den grunna den historiske og arkitektoniske verdien, men dei fekk ikkje gjennomslag i bystyret. Alt i desember same året var det nye bygget på veg opp og det stod ferdig i 1912 og står på tomta den dag i dag. Byggherre var Josef Sochor frå Praha VII.

Djevelens vertshus

Ein anna forfattar som skreiv om U Štupartů var Alois Jirásek, læraren til JH på gymnaset i Žitná ulice. Romanen "Temno" (Myrke) kom på trykk som fylgjetong i Zlatá Praha og vart utgjeven som bok i 1914. Den omtalar puben i U Štupartů rett ovafor kyrkja Sv. Jakub som čertová krčma (eit djevelens vertshus). Denne historiske romanen er lagt til byrjinga av 1700-talet.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.3] V domě ,U Štupartů’ sežrala před léty kočka dokonce papouška, poněvadž se jí posmíval a mňoukal po ní. Voni ale mají kočky tuhej život. Jestli poručíte, pane obrlajtnant, abych ji vodpravil, tak ji budu muset trhnout mezi dveřmi, jinak nedodělá.“

Skrivst òg:Beim Stupart Reiner

Armin von Barheimen flag
Google søk
barheim.png

Břetislav Hůla, "Vysvětlíky". © LA-PNP

Armin von Barheim var ein kennel i Bayern. Han kjem med i soga når Švejk legg ut for Lukáš om hundeoppdrett, og om at ein av og til må forfalska hundar sine stamtavler, avdi hundeeigarar ikkje vil ha bastard-hundar.

Bakgrunn

Armin von Barheim er ein institusjon det ikkje har lukkast å kartleggja eksistensen til. Ingen bayersk kennel Armin von Barheim er funnen, ei eller nokon kennel med dette namnet ellers i verda. Vanlege søk (Google og Wikipedia 2018) gjev ingen meiningsfylte treff, korkje på geografi eller personar. Břetislav Hůla fører rettnok kennelen opp i forklaringane sine til romanen (1951) men har ingen utfyllande opplysningar å koma med.

Søk i bayerske, austerrikske og tsjekkiske digitale avissamlingar kjem rettnok opp med nokre treff, men ingen av dei kan setjast i samband med hundeoppdrett i Bayern eller andre stader. Alt tyder difor på at namnet Barheim er oppdikta eller feilstava.

Sitat
[1.14.3] A každej hned chtěl rodokmen, tak jsem si musel dát rodokmeny natisknout a dělat z nějakýho košířskýho voříška, kerej se narodil v cihelně, nejčistokrevnějšího šlechtice z bavorskýho psince Armin von Barheim.
Kronika světové válkyen flag
Královská tř. 108/48, Karlín-Emil Šolc [1914]
Google kartsøk
kronika2.png

Rovnost, 12.10.1914

kronika.png

Světová válka slovem i obrazem, s. 505: "Rakouský následník trůnu rozmlouvá se dvěma letci, sestřelivšími ruský aeroplan".

Kronika světové války vert omtala når Švejk fylgjer Katy til kaserna der Lukáš gjorde teneste. Her har han ein prat med portvakta om hendingane i krigen. Han har eit utrykk like dumt som det ein kan sjå på eit bilete i Kronika světové války der den Austerrikske tronarvingen er vist i samtale med to flygarar som har skote ned eit russisk fly.

Bakgrunn

Kronika světové války var ikkje ei bok som samanhengen her kan tyda på, men undertitlar i hefte-serien Světová válka slovem i obrazem (Verdskrigen i ord og bilete) utgjeve av forlaget Emil Šolc i Karlín frå oktober 1914 og utover. Den kom ut kvar fjortande dag og vart seinare samla og gjeven ut i seks store band. Sjefsredaktør var Adolf Srb som hadde hjelp av ei gruppe fagfolk. Serien er rikt illustrert, er svært detaljert og innheld til saman nesten 2000 sider.

Emil Šolc var òg utgjevar av vekebladet Český svět som i 1913 trykte det kjende biletet av HasekJ og Zdeněk Matěj Kuděj i damebadedrakter. Šolc kom opprinneleg frå Telč men tok i 1913 over bokhandelen og forlaget til Rudolf Storch i Karlín. I 1919 vart forlaget slege saman med Nakladatelství Šimáček.

Fragment brukte i romanen

Det er innlysande at JH brukte nokre av hefta/bøkene i serien som kjelde då han forfatta romanen. Sitatet han nemner i forbindelse med Kronika světove války og fotografiet av tronfylgjaren Karl Franz Joseph er henta ordrett frå band II, side 505. Rettnok finn ein desse små dagsrapportane òg i aviser som Národní politika og Roskvět, men gjerne med ein litt anna stavemåte så alt tyder på at forfattaren har brukt Verdskrigen i ord og bilete og ikkje dei to andre. Biletet vart og trykt i Český svět 4.juni 1915 med akkurat same ordlyden.

I 14. kapittel av romanen brukar forfattaren gong på gong fragment frå Verdskrigen. Fyrst ute er Sultanen si utmerking av den tyske keisaren med krigsmedaljen, så general Kusmanek som kom til Kiev. Den lengste direkte kopierte setninga er likevel sjølve undertittelen på biletet av tronfylgjraren.

Samtalen mellom Lukáš og Wendler
kronika3.png

Světová válka slovem i obrazem, s. 506

Deretter fylgjer Lukáš sin samtale med humlehandlar Wendler då sistenamnde kjem for å henta kona si. Her ramsar offisereren opp nokre leiande tyrkiske politikarar og høgare offiserar, og deretter tre tyske offiserar i teneste for det Osmanske riket.

Wendler svarar om den fortvile situasjonen for humlehandelen og nemner ei rekkjer stader ved fronten i Belgia og Frankrike. Alle desse tileignar han eit bryggeri og namna er å finna i Krønika sitt samandrag av krigshendingane frå 24.mars til 2.april 1915. Ein kjenner dessutan att nokre enklare fraser, men tilpassa konteksten av forfattaren. Desse stadnamna, personane og brotstykka finn ein på sidene 505 til 507 av Verdskrigen i ord og bilete.

Fragment frå sidene 508 til 511 finn ein òg, men her er det ikkje lenger frå dei korte notisane om daglege hendingar. Desse sidene er via ein artikkel om den generelle krigs-situasjonen og fokuserer på Sentralmaktene sitt gjennombrot ved Dunajec frå 2.mai 1915 og utover, og på side 511 vurderingar kring Italia sitt inntog i krigen.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.4] Jedině když již stáli u kasáren, Švejk vyzval mladou dámu, aby počkala, a dal se do hovoru s vojáky ve vratech o vojně, z čehož musela mít mladá dáma náramnou radost, poněvadž chodila nervosně po chodníku a tvářila se velice nešťastně, když viděla, že Švejk pokračuje ve svých výkladech s tak hloupým výrazem, jaký bylo možno vidět též na fotografii uveřejněné v té době v „Kronice světové války“: „Rakouský následník trůnu rozmlouvá se dvěma letci, sestřelivšími ruský aeroplán“.

Skrivst òg:Chronice of the World War en Verdskrigens krønike no

Det tyrkiske parlamenteten flag
Wikipedia deentr Google kartsøk
turkpar3.jpg

"Dünden Bugüne İstanbul Ansiklopedisi" 8 vol, İstanbul 1993-1995.

turkpar1.jpg

Světozor, 15.1.1909

turkpar.jpg

Das interessante Blatt, 15.8.1912

turkpar2.jpg

Das interessante Blatt, 2.12.1915

Det tyrkiske parlamentet vert nemnd av Lukáš når han fortel Wendler at formannen i det tyrkiske parlamentet, Hali Bey, er komen til Wien.

Bakgrunn

Det tyrkiske parlamentet (eller Generalforsamlinga - tr. Meclis-i Umûmî) vart oppretta i 1876 og fungerte fram til 1920. Det var det fyrste forsøket på eit representativt styre i det Osmanske riket. Det vart likevel oppløyst av sultanen alt i 1878 og kalla saman att fyrst i 1908 etter den Ungtyrkiske revolusjonen.

Forsamlinga bestod av to kammer, Overhuset (Meclis-i Âyân) og Underhuset (Meclis-i Mebusân). Medlemmene i Underhuset var direkte valgde medan sultanen peika ut medlemmene i Overhuset.

Ved valget i 1908 vart mange parti representerte, med Komiteen for Einskap og Framgang (Ungtyrkarane) som det største. Mange nasjonalitetar var representerte: tyrkarar, arabarar, armenarar, albanarar, grekarar, slavarar, jødar osv.

Valget i 1912 var derimot vunnen av Komiteen med nesten alle stemmene, etter eit valg der dei demokratiske spelereglane vart sett til side. Den etniske fordelinga var omlag den same. Etter dette valget vart Halil Bey, Komiteen sin formann, valgd til president i Underhuset.

I 1914 var det halde nytt valg, men etter tapa i Balkan-krigane tok Komiteen i 1913 makta ved eit kupp og var i 1914 einaste parti som stilte. 13.mai 1914 vart Emir Ali Paşa og Hüseyin Cahit Bey valgde til visepresidentar i Underhuset. Halil Bey vart samtidig attvald som forsamlinga sin president med 180 av 181 stemmer.

Det aller siste parlamentsvalget fann stad i 1919.

Hans-Peter Laqueur

Initialy (i.e. 1876) it assembled in the building designed for the Darülfünun, the predecessor of the University of Istanbul, but never used for that purpose. After the reopening in 1908 parliament assembled in Çırağan Sarayı on the Bosphorus, between Beşiktaş and Ortaköy (now Kempinski Çirağan Palace Hotel), which unfortunately burnt down two months later. After that the sessions were held in the Darülfünun building near Sultanahmet again.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.5] „Turci se drží dobře,“ odpověděl nadporučík, uváděje ho opět ke stolu, „předseda turecké sněmovny Hali bej a Ali bej přijeli do Vídně.

Skrivst òg:Turecká sněmovná cz Türkisches Parlament de the Turkish Parliament en Meclis-i Umûmî tr

Malý výčep pivaen flag
Thunovská ul. 196/19, Praha III-František Šťáral [1910]
Google kartsøk
vycep1.png

Adresář hl. města Prahy, 1910

Malý výčep piva (den vesle ølkneipa) var ein pub ved nedre enden av Zámecké schody der Švejk og Blahník planla tjuveriet av hunden som soldaten hadde lova Lukáš, ei illgjerning som skulle visa seg å få lagnadstunge verknader.

Bakgrunn

Malý výčep piva viser visseleg til ein av pubane i Thunovská ulice, ei gate som går opp til Zámecké schody. I 1907 viser adresseboka tre vertshus i gata: i nr. 14, 15 og 19. In 1910 er det i nr. 14 ikkje lenger noko oppføring.

Nummer 19 låg direkte ved enden av trappa så ved fyrste augnekast er dette kneipa forfattaren hadde i tankane. Kneipevert både i 1907 og 1910 var František Šťáral, fødd i 1846 og døydde i 1917. Han var registrert på adressa til kneipa frå 1900 til 1910. I Chytilův úplný adresář království Českého frå 1912 er Anna Novotná oppførd som kneipevertinne.

U krále brabantského

Nr. 15 husa den velkjende U krále brabantského, og Zdeněk Matěj Kuděj skreiv at dette var ein kjend stad for hemmelege møte. Dette passar godt med situasjonen som er omtala i romamen, men det er rart av HAS kalla den "ei lita ølkneipe".

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.6] Na Malé Straně u Zámeckých schodů je malý výčep piva. Jednoho dne tam seděli v šeru vzadu dva muži. Jeden voják a druhý civilista. Nakloněni k sobě šeptali si tajemně. Vyhlíželi jako spiklenci z dob Benátské republiky.

Skrivst òg:Small beer bar en Kleine Bierkneipe de Liten ølbar no

Psinec nad Klamovkouen flag
Bělohorská silnice 908/-, Smíchov-Václav Fuchs [1910]
Google kartsøk
psinec.jpg

Svět zvířat, 1.2.1910

psinec0.jpg

Prager Tagblatt, 11.2.1900

Psinec nad Klamovkou (kennelen ovafor Klamovka) vert nemnd av Blahník då han og Švejk planleggjer hundetjuveriet i den vesle kneipa ved Zámecké schody. Det kjem fram at Blahník arbeidar ved kennelen.

Bakgrunn

Psinec nad Klamovkou viser til ein oppdrettskennel som vart driven av utgjevaren og hundeoppdrettaren Fuchs ved villaen Svět zvířat i Košíře ovafor Klamovka. Villaen husa òg kontora til tidskriftet Svět zvířat (Dyreverda) der Jaroslav Hašek var ansvarleg redaktør i 1909 og 1910.

Kennelen annonserte alt frå 1899, og frå 1901 og utover brukte dei ofte namnet Hundepark Fuchs i dei tysk-språklege annonsane sine. In tskjekkiske avise var Fuchsův psinec ofte brukt. Salgskampanjane var mest synlege i Prager Tagblatt, Národní listy og Bohemia men reklame og nyhende om føretaket dukka frå tid til annan opp over det meste av Austerrike. Vekebladet Das interessante Blatt frå Wien trykte ofte annonsane og hadde av og til artiklar der oppdrettskennelen var nemnd.

Fuchs flytte til Klamovka frå Jičín i 1898 og det ser ut som han starta hundeoppdrett kort tid etter. I 1906 vart det annonsert ei hundeutstilling som var open for alle og i 1909 og 1910 hevda dei å ha over 100 hundar stilte ut. Assistent ved kennelen var frå 1908 Ladislav Čížek.

Politihundar

Ein av dei viktigaste kundane til kennelen var gendarmeri-offiser Rotter som let dei to schäferhundane sine bli trena her (sjå Wölfin). Rotter var tema for ein artikkel i Svět zvířat i 1909, og tidsskriftet trykte eit bilete av han med hundane. Den 1.februar 1910 trykte bladet ei annonse som inneheldt eit takkebrev frå han.

Hašek på Klamovka
psinec.png

Národní listy, 16.1.1910

I 1908 vart Hájek, ein av JH sine næraste vener, ansvarleg redaktør i Švět zvířat. Det var han som seinare på året inviterte HAS til Klamovka, og no kom denne i dagleg kontakt med kennelen, ei erfaring som seinare vert reflektert ikkje berre i Švejk, men òg i mange av sogene han skreiv fram til 1914. Hájek kom snart på kant med sjefen sin og sa opp redaktør-stillinga, og HAS overtok, truleg alt i februar 1909.

I fylgje politibøkene budde han i villaen frå og med 4.februar 1909. Frå 28.juli 1910 er han oppførd på adressa Smíchov nr. 1125 nedafor Klamovka. Legg merke til at dette er registrerte datoar og tilsvarar ikkje nødvendigvis tidspunktet han flytta.

Hardtslåande annonsar
psinec1.png

Prager Tagblatt, 21.3.1909

Frå februar 1909 fekk annonsane i Prager Tagblatt eit meir bombastisk preg. Overskrifta var "Raub und Mord" og "hundeparken" var no "verdskjend". I teksten står det mellom anna: "ran og mord er utelete når ein har ein god vakthund". Ein er freista til å true at den nye tonen har samanheng med JH sin ankomst i redaksjonen til Svět zvířat. Annonsane vart trykte jamleg i om lag seks månader, og om hausten dukka dei òg opp i Bohemia.

Imaginære dyr

Eit velkjendt tema frå Švejk er dyr som Marek fann opp og linjene går tilbake til JH sjølv. Han skreiv usannsynlege artiklar om dyr, somme av dyra verkelege, some direkte påfunn. Etter kvart kom lureriet hans for ein dag og han vart oppsagd og Hájek overtok på ny. Akkurat når dette hende veit me ikkje sikkert. HAS skreiv enno i bladet 15.august 1910 og Hájek var etter alt å døma på plass at i midten av oktober.

Canisport
psince38.png

Addressebok frå 1939

Fuchs døydde 27.september 1911 og om lag ein månad seinare viser annonsar at firmaet Canisport heldt til på adressa. Annonsane for Fuchs heldt likevel fram ut året. Dei to føretaka delte sannsynlegvis lokala ei stund, men frå 1912 vert annonsane for Fuchs borte. Canisport var opprinneleg eit firma i Vinohrady som frå 1908 annonserte hundar, flytta i 1910 til Radotín sør for Praha. Deretter vert annonsane borte eit pr før dei hausten 1911 dukkar opp att med adresse Klamovka. Canisport var i drift minst fram til 1938 og spesialiserte seg på oppdrett av luksushundar. Eigar var František Pober, gift med (Marie Fuchsová), eldste dottera til FuchsV. Politidokument viser at dei flytta til villa Svět zvířat 16.november 1911.

Kynologický ústav

HAS sitt legendariske Kynologiske institutt må ikkje forvekslast med Fuchs-kennelen, men me tek den med her ettersom dei to var direkte konkurrentar som heldt til i same nabolaget. Av stor interresse er det dessutan at Švejk sitt yrke som hundehandlar i stor grad var inspirert av skaparen hans sin korte karriere eom eigar av "instituttet".

kyno3.png

Prager Tagblatt, 16.11.1910

kyno1.png

Světozor, 21.4.1914

Etter at han vart oppsagd i Svět zvířat i 1910 starta HAS opp sitt eige hundehandel-firma med det oppfinnsame namnet Kynologický ústav (Kynologisk Institutt), og frå 16.november 1910 og nokre veker utover dukka det opp annonsar i mellom anna Prager Tagblatt, Národní listy og Čech. Her vart det tilbydd reinrasa hunder til halve prisen av det dei såkalla Hundeparks og kennelane hadde. Dette var sjølvsagt eit stikk til den tidlegare arbeidsgjevar opp bakken. Ein av annonsane hevdar at instituttet er det einaste av sitt slag i Mellom-Europa og åtvarar mot "forveksling", utan tvil endå eit spark til Fuchs.

Frå 24.november 1910 svara sistnemnde med for han å vera uvanleg ordrike annonsar, hevda på ny å ha verdsry, og åtvara òg på si side mot forvekslingar. Den 27.november og nokre andre dagar dukka jamvel annonsane i Prager Tagblatt opp ved sida av kvarandre. Annonsekrigen ser likevel ut til å ha vore kort, i alle fall hjå Prager Tagblatt. HAS si siste kjende annonse kom på trykk 7.desember medan konkurrenten pøsa dei ut i spaltene resten av året. På nyåret gjekk Fuchs tilbake til dei meir ordknappe utgåvene.

Instituttet vart offisielt registrert 24.november, i namnet på kona Jarmila Hašková, adresse Košíře nr. 1125, nedafor Klamovka. Det er likevel usannsynleg at han kunne halda hundar her ettersom det det nygifta paret budde i ei leilegheit.

Innan februar 1911 var firmaet konkurs og der er ulike forklaringar på kva som hende. Josef Mach skreiv at HAS importerte to hyener frå Hamburg som skulle til eit sirkus som likevel ikkje tok mot dei. Kostnadene ved denne mislukkka handelen skal ha vore ei av årsakene til at firmaet gjekk under. Andre kjelder nemner forfalsking av stamtavler, at agenten hans Čížek stal hundar, tema som har innlysande motstykke i Švejk. Mach stadfestar at Čížek vart stilt for retten for hundetjuveri.

Ekteparet HAS enda i retten men 9.mars 1912 fekk dei brev frå advokaten sin František Papoušek om at saka var lagd til side.

I litteraturen

HAS ga instituttet sitt evig litterært liv i fortelingane Můj obchod se psy og Kynologický ústav. Fyrste soga kom på trykk i Můj obchod se psy a jiné humoresky, gjeven ut i 1915. Denne boka har vore gjeven ut på ny i fleire omgangar, og hodvudhistoria har òg vorte filma. Soga er vag om kvar hundane vart heldne, men forfattaren antyder at kennelen låg "på landet", eit tema ein òg finn i romanen.

Dyr dukkar ofte opp i HAS si skriving og Švejk er langt frå det einaste dømet. Den kjende romanen låner mykje frå soger HAS hadde gjeve ut i åra fram til og med 1914. Inspirasjonen frå opplevingane hans ved Klamovka skin gjennom i mange av desse. Heile forteljingar er via dyr, hundar, kattar, geiter osv. Apefrøkna Julie var verkeleg, ho dukka opp i tidskriftet Svět zvířat.

Eksterne lenkar

Kjelde: JS,RP

Sitat
[1.14.6] Voják s civilistou si ťukli a civilista dále šeptal: „Jednou ode mne jeden černej špic, kterýho jsem potřeboval pro psinec nad Klamovkou, nechtěl taky vzít buřt.
Pasteur-Instituten flag
Boerhavegasse -/8, Wien III.-K.k. Ärar [1910]
Wikipedia czdeenfrno Google kartsøk
rudolfspital.jpg

Wien 3, Rudolfspital, Ansicht über Eck Boerhavegasse - Juchgasse, 1900

© Österreichische Nationalbibliothek

pasteur.jpg

Wiener Allgemeine Zeitung, 12.11.1899

pasteur1.png

Die Gemeinde-Verwaltung Wien, 1894-1896

Pasteur-Institut vart nemnd i samband med at hundetjuven Blahník ein gong var biten av ein hund med rabies. Han vart send til instituttet der han kjende seg som heime.

Bakgrunn

Pasteur-Institut er ein privat stiftelse som har som oppgåve å kjempa mot smittsame sjukdomar. Den vart stifta av og kalla opp etter den verdskjende kjemikaren og bakteriologen Louis Pasteur. Hovudsetet ligg i Paris men dei har forskningssenter og klinikkar over heile verda.

Fyrste instituttet vart opna i Paris 14.november 1888 og snart dukka det andre i utlandet. Hovudoppgåva deira fram til WW1 var å bekjempa rabies. Wien var relativt seint ute med å få ein klinikk for behandling av rabies og alt i 1889 kunne Wiener Allgemaine Zeitung opplysa om at eit slikt var på plass i București og Budapest kom snart etter.

Rudolfsanstalt

Det såkalla "Pasteur-instituttet" i Wien vart oppretta i juli 1894 som ein klinikk ved k.k. Krankenanstalt Rudolfstiftung i III. Bezirk - Landstrasse. Grunnleggaren var den kjende patologen Richard Paltauf (1858-1924). Oppgåva til instituttet var vaksinering mot rabies, både preventivt og etter utbrot. Behandlinga var gratis men pasienten måtte sjølv ta overnattingskostander (for fattige vart rekninga send til heimkommunen).

Klinikken hadde ikkje noko offisielt namn og knytinga til instituttet i Paris var neppe noko utover at dei brukte metodane til Pasteur i behandlingane av pasientane. I adressebøkene er dei innskrivne som Schutzimpfungsanstalt gegen Wuth. Det dekka hovudsakleg Wien-området men sjuke frå andre delar av Austerrike var òg velkomne. Avisklypp viser at pasientar frå Böhmen vart behandla her med jamne mellomrom.

Hundegalskap
rabies.jpg

Kampen mot rabies på 1500-talet

Fram til 1900 var talet talet på dødsfall hjå menneske i Cisleithanien grunna rabies høge men var på veg ned. Frå 142 offer i 1873 var talet nede på 81 i 1886. Tiltak som påbod av munnkorg på hundar hjelpte, og dessutan fekk rakkaren offisielt løyve til å avliva dyr som ikkje gjekk med desse på. Det var likevel vaksina til Pasteur som til slutt fekk tala drastisk ned.

I Tsjekkoslovakia i mellomkrigstida førekom det enno dødsfall, man langt sjeldnare (i snitt litt over sju i året). Praha hadde dessutan no sitt eige Paster-institutt. Etter 2. verdskrigen vart sjukdomen så godt som utrydda og dødsfall blandt folk er ikkje registrerte sidan.

Alt før 1894 ekisterte eit "Pasteur-Institut" i Wien, men desse hadde som oppgåve å handsama dyr. Dei stod under oppsyn av landbruksdepartementet.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.6] Oba přátelé si opět ťukli. Ještě když Švejk se živil prodejem psů do vojny, Blahník mu je dodával. Byl to zkušený muž a vypravovalo se o něm, že kupoval pod rukou z pohodnice podezřelé psy a zas je prodával dál. Měl dokonce už jednou vzteklinu a v Pasteurově ústavu ve Vídni byl jako doma.

Skrivst òg:Pasteur Institute en Pasteurův ústav cz Institut Pasteur fr

Hundezwinger von Bülowen flag
Google søk
bulow.jpg

Leipziger Adreß-Buch, 1910

Hundezwinger von Bülow var namnet på ein kennel i Leipzig der Max (tidlegare Fox) skal ha kome frå. Dette var i fylgje stammtavla som Blahník fann på.

Bakgrunn

Hundezwinger von Bülow er nesten sikkert ein kennel som Blahník dikta opp. I adressebøkene for Leipzig for 1910 og 1914 er fire kennelar oppførde men ingen av dei var eigde av nokon von Bülow. Ein finn rettnok to personar med dette etternamnet i byen, men ingen av dei synest å ha drive med hundeoppdrett.

Sitat
[1.14.6] „To musí bejt tvou rukou napsaný. Napiš, že pochází z Lipska, z psince von Bülow. Otec Arnheim von Kahlsberg, matka Emma von Trautensdorf, po otci Siegfried von Busenthal. Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912. Matka vyznamenána zlatou medalií norimberskýho spolku pro chov ušlechtilých psů. Jak myslíš, že je starej?“

Skrivst òg:Kennel von Bülow en Psinec von Bülow cz Kennel von Bülow no

Berliner Stallpinscherausstellung en flag
Google søk
hektor.jpg

Hundeutstilling i Berlin i november 1913

berlina.png

Österreichische Forst-und Jagd-Zeitung, 15.1.1909

Berliner Stallpinscherausstellung fann stad i 1912 og her vann Arnheim von Kahlsberg, påstått far til den stolne hunden Max (tidlegare Fox), fyrstepremien. Alt dette i fylgje Blahník som instruerer Švejk om korleis han skal fylla ut stammtavleformularet til "Max".

Bakgrunn

Berliner Stallpinscherausstellung skal ha funne stad i 1912, men det er uvisst kva utstilling Blahník her viser til. Truleg er utstillinga like oppdikta som namna på stammtavla til Max (tidlegare Fox). Det har i alle fall ikkje lukkast å finna konkret informasjon om noko utstilling som heilt tilsvarar opplysningane som kjem fram i romanen.

Hundeutstillingar i Berlin

Likevel var nok forfattaren inspirert av ei eller anna hundeutstilling i Berlin. Byen var vert for mange internasjonale hundeutstillingar og HAS var nok godt informert om desse frå tida si som redaktør for Švet zvířat i 1909 og 1910. Ein av arrangørane for desse messene var klubben Hundeverein Hektor og utstillingane fann stad i Zoologischer Garten. Messene var skrive om òg i den austerrikske pressa. Hektor var rettnok ikkje einaste arrangøren av slike tilstelningar, så det er umogeleg å trekkja for bastante slutningar.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.6] „To musí bejt tvou rukou napsaný. Napiš, že pochází z Lipska, z psince von Bülow. Otec Arnheim von Kahlsberg, matka Emma von Trautensdorf, po otci Siegfried von Busenthal. Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912. Matka vyznamenána zlatou medalií norimberskýho spolku pro chov ušlechtilých psů. Jak myslíš, že je starej?“

Skrivst òg:Berlin stable pinscher exhibition en Berlínská výstava stájových pinčů cz Berlin stallpinscherutstilling no

Nürnberger Verein zur Zucht edler Hundeen flag
Elisenstraße -/30, Nürnberg-Bahninspektor Dietrich [1904]
Google kartsøk
frankische1.png

Adressbuch von Nürnberg, 1904

frankische.png

Allgemeine Sport-Zeitung, 7.3.1915

Nürnberger Verein zur Zucht edler Hunde var ei selskap for oppdrett av reinrasa hundar som hadde tildelt Emma von Trautensdorf, den fiktive mora til den stolne hunden Max (tidlegar Fox), ein gullmedalje. Dette var i det minste det Blahník bad Švejk skriva ned på stammtavleformularet til Max.

Bakgrunn

Nürnberger Verein zur Zucht edler Hunde kan ikkje påvisast direkte i adresseboka for 1904 (den einaste tilgjengelege for perioden), men to hundeklubbar er oppførde: Dachshundklub Nürnberg og Fränkische Verein zur Förderung reiner Hunderassen.

Den siste sitt namn er så nær at ein faktisk kan gå ut frå at det er denne hundetjuven viser til. Samskipnaden heldt til i Nürnberg og arrangerte jamt hundeutstillingar og og andre hunderelaterte aktivitetar.

Dei vart grunnlagd ved juletider i 1889 og var i 1915 enno i drift sjølv om krigen la ein dempar på aktivitetane. Dei hadde i 1915 over 100 medlemmer.

I 1912 vart nok ein hundeklubb stifta: Polizeihundverein Nürnberg 1912. Det er likevel usannsynleg at Blahník hadde desse i tankane då han forklara Švejk om korleis han skulle fylla ut stammtavla til "Max".

Eksterne lenkar

Sitat
[1.14.6] „To musí bejt tvou rukou napsaný. Napiš, že pochází z Lipska, z psince von Bülow. Otec Arnheim von Kahlsberg, matka Emma von Trautensdorf, po otci Siegfried von Busenthal. Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912. Matka vyznamenána zlatou medalií norimberskýho spolku pro chov ušlechtilých psů. Jak myslíš, že je starej?“

Skrivst òg:Nuremberg society for the breeding of thoroughbred dogs en Norimberský spolek pro chov ušlechtilých psů cz Nürnberg-selskapet for oppdrett av reinrasa hundar no

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

14. Švejk som oppassar hos overløytnant Lukáš


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 8/12-2019