Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (185) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

15. Katastrofe

Kostel svatého Haštalaen flag
Haštalská ul. 789/21, Praha I.
Wikipedia czen Google kartsøk Švejk-muzeum
hastal.png

"Mistr Kampanus", Zikmund Winter, 1906

Kostel svatého Haštala er nemnd av Švejk i samband når han rår Lukáš frå å lufta Fox ved U mariánského obrazu, der dei har ein slaktarhund som er like ilsk som tiggaren frå St. Kastulus-kyrkja.

Bakgrunn

Kostel svatého Haštala er ei kyrkje i Praha Staré město Gamlebyen i  Praha , òg kjend som Praha I. , bygd i gotisk stil. Den har namn etter Sankt Kastulus, ein av dei fyrste kristne martyrane. Kyrkja er ei av dei eldste i Praha, forløparen vart sett opp alt på 1200-talet. Den noverande bygningen vart signa i 1375 og stod ferdig i 1399.

Tiggaren

Hašek kan ha henta temaet om tiggaren og kyrkja frå den historiske romanen Mistr Kampanus av Zikmund Winter som kom ut i 1906.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.15] Jak uvidí ve svým rayoně cizího psa, hned je na něho žárlivej, aby mu tam něco nesežral. Von je jako ten žebrák od svatýho Haštala.“

Skrivst òg:Church of Saint Castulus en Kirche zum heiligen Kastulus de

U mariánského obrazuen flag
Hybernská ul. 1011/30, Praha II-Josef Šašek [1910]
Google kartsøk Švejk-muzeum
mariaobraz.png

Čech, 12.12.1909.

mariaobraz1.png

Vilímkův rádce a průvodce Prahou, 1909.

mariaobraz2.png

Venkov, 3.10.1937.

U mariánského obrazu er nemnd når Švejk opplyser Lukáš om at ein vondskapsfull hund som tilhøyrde ein slaktar heldt til her og at han ikkje bør gå forbi her med Max.

Bakgrunn

U mariánského obrazu var ein restaurant i Hybernská ulice. Den låg i fyrste etasje i nummer 1011, vis-avis avgangshallen til Státní nádraží (Staatsbahnhof), dagens Masarykovo nádraží. Den må ikkje forvekslast med ein noverande restaurant (2011) med same namn i Žižkov.

På denne tida var dei fleire pubar i Praha med dette namnet, men i og med at den ilske hunden vanka på Havlíčkovo náměstí, kan me trygt gå ut frå at Švejk hadde puben i Hybernská i tankane. Det var ein stor restaurant, sjølvsagt populær blandt reisande. I tiåret før fyrste verdskrigen Verdsomfattande væpna konflikt som føregjekk frå 1914 til 1918. Dannar bakteppet for romanen som desse web-sidene handlar om. skjenka dei øl frå Smíchov og Plzeň og serverte suppe frå klokka fem om morgonen!

Lang historie

Restauranten har i historie minst tilbake til 1877 men heldt då til i hus nummer 104. I 1878 tok ein viss Leopold Ortl over drifta. Rundt 1890 vart den gamle bygningen riven og nummer 1011 oppførd på same tomta, men restauranten heldt fram drifta i den nye bygningen. Frå 1897 og minst fram til 1914 var Josef Šašek kneipevert, han dreiv staden saman med kona Marie. Ekteparet hadde tre born og budde på same adressa.

Adresseboka frå 1939 viser at vertshuset enno var i drift, drive av Jan Cimický. Han tok antakeleg over etter Karl Špirek som var vert fram til 1937. Så seint som 27.juni 1948 dukka det opp ein annonse i Rudé právo, men ein veit ikkje når dei stengde ned for godt.

Eksterne lenkar

KjeldeJaroslav Šerák Tsjekkisk Hašek-ekspert, utgivar og redaktør av Virtuální muzeum Jaroslava Haška. Utgivar av Hašek sine samla dikt.

Sitat
[1.15] A taky bych vám neradil vodit ho přes Havlíčkovo náměstí, tam se potlouká jeden zlej řeznickej pes vod ,Mariánskýho vobrazu’, kterej je náramně kousavej.

Skrivst òg:Zum Marienbild de

W. Staněken flag
Google kartsøk
stanek1.jpg

Průvodce po městě Třeboni ..., 1902

stanek2.jpg

W. Staněk var ein kinesar som hadde ein konveks spegel. Dette kunne Švejk fortelja Lukáš då sistnemnde lurte på om han likte sin eigen utsjånad. Švejk likte ikkje å sjå seg sjølv i Staněk sin spegel.

Bakgrunn

W. Staněk var ei grossist- og import-forretning med adresse Ferdinandova třída 32 som omsette eksotiske varer, mest frå det fjerne austen. Grunnleggar var Vilém Staněk, og kona Kateřina førde drifta vidare etter hans død. Varehuset vart grunnlagd i 1863.

Nokon "kinesar" i eigentleg forstand var det altså ikkje snakk om, sjølv om kinesaren Li Gü var tilsett der. I eitt av utstillingsvindaugo stod ein konveks spegel.

Eva Svobodová: První recepce žaponského umění v Česku a Volné směry aneb japonismem k modernímu obrazu: v Praze na tehdejší Ferdinandově třídě otevřel Vilém Staněk obchod s čajem a orientálním zbožím, nazvaný Maison Staněk.

Eksterne lenkar

KjeldeMilan Hodík Tsjekkisk militærhistorikar (1933-), gav ut tre bøker om Švejk. Best kjend er leksikonet med forklaringar til tema i romanen. , Eva Svobodová

Sitat
[1.15] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že se nelíbím, jsem v tom zrcadle nějakej takovej šišatej nebo co. Vono to není broušený zrcadlo. To jednou měli u toho Číňana Staňka vypouklý zrcadlo, a když se někdo na sebe podíval, tak se mu chtělo vrhnout. Huba takhle, hlava jako dřez na pomeje, břicho jako u napitýho kanovníka, zkrátka figura. Šel kolem pan místodržitel, podíval se na sebe a hned to zrcadlo museli sundat.“
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

15. Katastrofe


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 15/12-2019