Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (179) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

2. Den gode soldat Švejk på hovudpolitistasjonen

Policejní ředitelstvíen flag
Ferdinandová třída 313/15, Praha I-K.u.k. Ärar [1906]
Google kartsøk Švejk-muzeum
bartolomejska.jpg

Světozor, 13.9.1928

hula_policie.png

Som forfattaren gjer i romanen blandar Břetislav Hůla (1950) saman 3. avdeling med Statspolitiet.

polred.png

Politický kalendář občanský … 1911

Policejní ředitelství vart Švejk førd til av Bretschneider etter å ha vorte arrestert på U kalicha. Her vart han skulda for høgforræderi, majestetsfornærmelse og oppvigleri, noko han skreiv under på utan å blunka. Han var her gjennom heile kapittel to, eit kapittel som føregjekk berre denne eine kvelden og natta. Om morgonen vart han førd vidare til Zemský trestní soud. Han forlet bygningen i politibil ut gjennom hovudporten, dvs. ul Karoliny Světlé 2.

Inngangen og tre stader inne i bygningen vert nemnde: mottakskontoret, cellene i 2.etasje og forhøyrsrommet i 3. avdeling. Det siste låg opp trappa frå cellene, men uvisst i kvar etasje. Švejk klaga sjeldan, men her kom han inn på den lange vegen frå cella til forhøyrsrommet.

I [I.6] vert Švejk førd til hovudpolitistasjonen på ny etter at han vart arrestert grunna sin entusiastiske reaksjon på krigslysinga. Her gjev dessutan forfattaren si personlege meining om institusjonen der "anden av framandvelde trekte gjennom bygningen".

Bakgrunn

Policejní ředitelství (C.k. policejní ředitelství v Praze) var hovudpolitistasjonen i Praha og hadde i 1914 offisiell adresse Ferdinandová třída 15. Hovudinngangen var rundt hjørna i ul. Karoliny Světlé 2. Det var (og er) eit enormt kompleks som ligg mellom Ferdinandova, Karoliny Světlé og Bartolomejská. Det er enno i dag (2018) hovudsetet for politiet i Praha.

Politihovudkvarterer var organisert i fem avdelingar der Statspolitiet (K.u.k. Staatspolizei), avdeling III (offentleg orden), og avdeling IV (tryggleik) er dei meste relevante i samband med Švejk. Avdeling III er direkte omtala i romanen, men mest truleg meiner forfattaren statspolitiavdelinga. I 1913 var desse kjenningane våre frå romanen tilsette: Slavíček og Klíma (Statspolitiet) og Drašner (avdeling IV). Leiar for I. avdeling var Rudolf Demartini, ein person som kan ha vore inspirasjon for Demartini, den tjukke herren på Zemský trestní soud.

Leiaren for Policejní ředitelství hadde tittelen "Politidirektør" (frå 1912 "Politipresident") og stillinga var i perioden 1902 til 1915 halden av hoffråd Karel Křikava, onkel til diktaren Louis Křikava. Dette var ein kjenning av Hašek og vert nemnd fleire gonger i Strana mírného pokroku v mezích zákona. Avdelingsleiar i statspolitiet var Viktor Chum.

Karel Křikava (1860 - 1935) gjorde raskt karriere i politiet men vart pensjonert i 1915 av politiske grunnar. Han vart ikkje informert om arrestasjonen av Kramář og i samband med konflikten som fylgde vart han pensjonert av "helsemessige grunnar". Etter krigen vart han reaktivert og gjeven oppgåva å organisera politiet i Slovakia.

Ein russisk handelsreisane

I november 1915 fekk Jaroslav Hašek fyrstehands kjennskap til Policejní ředitelství. I ein bevisst provokasjon skreiv han seg inn som russisk forrettningsreisane på U Valšů og Statspolitiet fekk fort snusen i det og arresterte "utlendingen".

Den gode soldat Švejk i fangenskap

I den andre utgåva av Švejk, Dobrý voják Švejk v zajetí, som Jaroslav Hašek skreiv i 1917, er politihovudkvarteret omtala meir detaljert, spesielt K.u.k. Staatspolizei. Bartolomějská ulice er nemnd direkte, det same er politikommisærane Klíma og Slavíček som forfattaren korrekt opplyser var tilknytta statspolitiavdelinga. Omtalen er her meir detaljert enn i romanen og Chum vert vist til som leiaren for "triumviratet".

Dobrý voják Švejk v zajetí: … Švejka vedli k výslechu do oddělení státní policie přímo k policejnímu komisaři Klímovi a Slavíčkovi. Tito dva představitelé aparátu státní policie od vypuknutí války až po objevení Švejka v kanceláři vyšetřili několik set případů udání, provedli spoustu domovních prohlídek a odváděli muže od teplých večeří do Bartolomějské ulice. Jest zajímavé, proč department pražské státní policie právě se usadil v ulici připomínající svým jménem bartolomějskou noc …

Linkar

Sitat
[1.2] Sarajevský atentát naplnil policejní ředitelství četnými oběťmi. Vodili to jednoho po druhém a starý inspektor v přijímací kanceláři říkal svým dobráckým hlasem: „Von se vám ten Ferdinand nevyplatí!“ Když Švejka zavřeli v jedné z četných komor prvého patra, Švejk našel tam společnost šesti lidí.
[1.6] Budovou policejního ředitelství vanul duch cizí authority, která zjišťovala, jak dalece je obyvatelstvo nadšeno pro válku. Kromě několika výjimek, lidí, kteří nezapřeli, že jsou synové národa, který má vykrvácet za zájmy jemu úplně cizí, policejní ředitelství představovalo nejkrásnější skupiny byrokratických dravců, kteří měli smysl jedině pro žalář a šibenici, aby uhájili existenci zakroucených paragrafů.

Skrivst òg:Police Headquarters en Polizeidirektion de Politihovudkvarteret no

U Brejškyen flag
Spálená ul. 107/47, Praha II-Karel Brejška [1910]
Google kartsøk
brejska1.png

Zlatá Praha, 15.5.1984

brejsku.jpg

Isknusing ved U Brejšky. Jaroslav Hašek nummer tre frå venstre. I midten står Zdeněk Matěj Kuděj. Den høge mannen til venstre er kneipeverten Karel Brejška.

brejsku.png

Právo lidu, 19.1.1914

brejska4.png

Národní listy, 17.5.1923

brejska2.png

Ladislav Hájek, 1925

brejska3.png

Egon Erwin Kisch, 6.12.1925

U Brejšky var staden der detektiv Brixi arresterte ein uvanleg tjukk papirhandlar som hadde spandert på to serbiske studentar. Den spandable mannen var ein av Švejk sine medarrestantar på Policejní ředitelství. Puben vert nemnd att fleire gonger, i siste kapittelet er den med i ei anekdote Švejk fortel Marek. No vert restauranten kalla U Brejsků, ei mindre omskriving frå eintal til fleirtal.

Bakgrunn

U Brejšky var ein restaurant i Spalená ulice i Praha II. som eksisterte i si opphavelege form frå 1884 til om lag 1920. Den var kjend som møtestad for journalistar: mellom anna skreiv Egon Erwin Kisch om fenomenet "nyheitsbørsen" i Prager Tagblatt i 1925. Både tsjekkiske og tyske bladmenn vanka her. Restauranten fekk alt i starten installert telefon-stasjon (Nr. 180), noko som var sjeldsynt i 1884.

Restauranten serverte øl frå Plzeň og var dessutan kjend for god mat. Ikkje berre var den populær mellom journalistar: tilreisane frå provinsen treivst svært godt her. I andre etasjen tilbaud den forsamlingslokale og overnatting. I det heile var U Brejšky (òg U Brejšků eller Brejškova restaurace) ein av dei aller mest kjende og populære kroene i heile Praha, noko dei tallause avisoppslaga gjev prov på. Namnet fekk den etter den opprinnelege eigaren Karel Brejška.

Jaroslav Hašek og Brejška

Forfattaren av Švejk vanka mykje på denne kroa og han nemner den ikkje berre i romanen men òg i fleire av sogene sine, mellom anna i Dobrý voják Švejk v zajetí (1917), men berre kort. Derimot har U Brejšky langt meir fokus i ei soge han skreiv i 1912 som handla om eit møte med den svære svarte amerikanaren Zipp. Kroverten sjølv vert dregen med i denne soga og han vert positivt omtala.

U Brejšky er kjendt frå eit fotografi der mellom anna Jaroslav Hašek og Zdeněk Matěj Kuděj knuser is på gata utafor. Ein notis i Právo lidu 19.januar 1914 tyder på at biletet er frå laurdag 17.januar 1914 og det vart offentleggjort med tekst 6. februar i Světozor. I begge tekstane vert ein typografstreik nemnd. Jaroslav Hašek sin kamerat Hájek skriv om Karel Brejška i memoarane sine, at kroverten likte Hašek og gjerne hjelpte han når det stod dårleg til. Hájek daterer biletet feilaktig til vinteren 1912, ein feil som ein finn att i anna litteratur om Hašek.

Karel Brejška

Eigar av restauranten, Karel Brejška (6.juni 1856 - 15.mai 1923), er den store mannen til venstre på det kjende biletet. Han kjøpte bygningen Zlatá váha i Spalená ulice 117/47 for 60 000 gylden tidleg i 1884. Prager Tagblatt melde at restauranten opna 19. januar. Same året viser politibøkene at Brejška flytta hit at han var gift og hadde born. Han var dessutan ein ivreg sportsmann, og aller mest sykling, og tok gjerne på seg oppgåver. Dessutan var han redaktør for gjestgjevarane sitt blad Hostimil som òg hadde redaksjonslokale sine hjå han. Brejška var ein kjend og populær mann og då han døydde etter lang tids sjukdom i 1923, skreiv Eduard Bass, ein ven av Jaroslav Hašek, ein lengre nekrolog i Lidové noviny. Dette var langt frå den einaste avisa som minnast han med vyrdnad. Brejška selgde restauranten sin i 1920.

Nyare tid

I 1939 var restauranten enno oppførd i adresseboka men det er uvisst om det har vore samanhengjande drift etter den tid. I alle fall eksisterer den i ei moderne utgåve (2016) med namnet Haškova restaurace U Brejsků. Den er pryda med foto frå epoken og gjer eit stort nummer av tilknytninga til Jaroslav Hašek som er med på mange av bileta. Vevsida deira seier lite om dei historiske linjene og fokuserar på Hašek og at sportsklubben Slavia vart stifa her 31.mai 1895. Den noverande restauranten ligg i kjellaren.

Linkar

Sitat
[1.2] Výjimku dělal neobyčejně tlustý pán s brýlemi, s uplakanýma očima, který byl zatčen doma ve svém bytě, poněvadž dva dny před atentátem v Sarajevu platil „U Brejšky“ za dva srbské studenty, techniky, útratu a detektivem Brixim byl spatřen v jejich společnosti opilý v „Montmartru“ v Řetězové ulici, kde, jak již v protokole potvrdil svým podpisem, též za ně platil.

Skrivst òg:Die Zeche Reiner

Montmartreen flag
Řetězová ul. 224/7, Praha I-Josef Waltner [1911]
Wikipedia cz Google kartsøk
montmartre_adv.png

Národní Politika, 27.2.1913

Montmartre vert nemnd avdi papirhandlaren som sat inne med ŠvejkPolicejní ředitelství hadde vorte observert full her saman med to serbiske studentar han tidlegare hadde betalt for på U Brejšky.

Bakgrunn

Montmartre var ein kafé svært sentralt i Praha som nyleg (per 2010) opna att etter ein pause på 70 år. Namnet er sjølvsagt henta frå det vidgjetne distriktet Montmartre i Paris. Kafeen er dekorert med gamle foto der Jaroslav Hašek er framtredande. Sametová revoluce i 1989 sette stoppar for offisielle planar om å gjera Montmartre om til eit museum for Jaroslav Hašek.

Montmartre vart opna i 1911 av den kjende skodespelaren og artisten Josef Waltner og var på den tida nattkafe og underhaldningslokale, kjend òg som Cabaret Montmartre. Det var ein populær møteplass for kunstnarar, intellektuelle og bohémar. Forutan Jaroslav Hašek vart den besøkt av folk som Max Brod, E.E. Kisch, Franz Werfel og Franz Kafka m.fl. Hašek skreiv minst fire forteljingar med Montmartre som tema og i tillegg har E.E. Kisch har udøydeleggjort kaféen gjennom skrivinga si.

Und einer von ihnen hatte doch während jener Tagung noch die Habsburger geschützt, indem er dem Delegierten Jaroslav Hašek auf dessen Zwischenruf: "Borg mir eine Krone" ex praesidio die feierliche Rüge ersteilte: "Bitte die Krone nicht in die Debatte zu ziehen".

Linkar

Kjelde: Egon Erwin Kisch: Die Abenteuer in Prag. Zitate vom Montmartre

Sitat
[1.2] Výjimku dělal neobyčejně tlustý pán s brýlemi, s uplakanýma očima, který byl zatčen doma ve svém bytě, poněvadž dva dny před atentátem v Sarajevu platil „U Brejšky“ za dva srbské studenty, techniky, útratu a detektivem Brixim byl spatřen v jejich společnosti opilý v „Montmartru“ v Řetězové ulici, kde, jak již v protokole potvrdil svým podpisem, též za ně platil.
Spolek Dobromilen flag
Kublov 55/-, Podolí-Václav Douda [1910]
Google kartsøk
spolkadobromil.jpg

Hage-restaurant i Hodkovičky, mogeleg åstad for "Dobromil" si feiring

dobromil_adr.png

Adresseboka frå 1910

Spolek Dobromil var ei velforeining i Hodkovičky som hadde feiring på dagen for attentatet i Sarajevo. Politiet kom og ba dei avslutta men formannen forklarde at dei måtte spela ferdig "Hej, Slované" (kjend pan-slavisk hymne) fyrst. Dette førde han rett til Policejní ředitelství.

Bakgrunn

Spolek Dobromil er ei foreining som enno ikkje er sikkert identifisert. Dei har likevel truleg eksistert og kan ha samlast i sentrum av Hodkovičky. I 1910 fanst det ei foreining med dette namnet i nabodistrikta Podolí og Dvorce, så det kan vera desse som la feiringa si hit og at det er desse Jaroslav Hašek refererer til.

Kjelde: Milan Hodík

Sitat
[1.2] Třetí spiklenec byl předseda dobročinného spolku „Dobromil“ v Hodkovičkách. V den, kdy byl spáchán atentát, pořádal „Dobromil“ zahradní slavnost spojenou s koncertem. Četnický strážmistr přišel, aby požádal účastníky, by se rozešli, že má Rakousko smutek, načež předseda „Dobromilu“ řekl dobrácky: „Počkají chvilku, než dohrajou ,Hej, Slované’.“
Národní politikaen flag
Václavské nám. 835/21, Praha II.-Václav Beneš [1910]
Wikipedia czde Google kartsøk
narodnipolitika.jpg

Národní politika, 29.6.1914

politika.png

Národní politika, 15.11.1915

Národní politika vert fyrst omtala under forhøyret på Policejní ředitelstvíŠvejk fortel at han les kveldsutgåva for å sjå etter hundeannonsar. Han omtalar avisa òg med aukenamnet "čubička" (den vesle hora), noko som får forhøyraren med dei bestialske trekka til å skrika: Ut!.

Národní politika vert omtala på ny både i [I.6], [I.13] og [II.2].

Bakgrunn

Národní politika var ei konservativ dagsavis som vart gjeven ut i Praha frå 1883 til 1945. Redaksjonslokala låg på Václavské náměstí. Den trykte minst seks av Jaroslav Hašek sine forteljingar og var ei av dei fyrste avisene som melde både om at han vart teken til fange i 1915 og om heimkomsten hans til Praha (1920). I andre forteljingar gjer han narr av avisa.

I fylgje Franta Sauer var dette avisa forfattaren helst las, og ved fyrste augekast ser det ut som om han la enkelte klipp frå den rett inn i Švejk. Samtalen mellom Lukáš og Wendler i [I.14] inneheld ordrette sitat frå avisa. Kveldsutgåva 4.april 1915 er eit fyrsteklasses døme. Likevel er Kronika světové války ei enno meir innlysande kjelde for desse fragmenta.

Linkar

Sitat
[1.2] „S kýmpak se stýkáte?“ „Se svou posluhovačko, vašnosti.“ „A v místních politických kruzích nemáte nikoho známého?“ „To mám, vašnosti, kupuji si odpoledníčka „Národní politiky“, ,čubičky’.“ „Ven!“ zařval na Švejka pán se zvířecím vzezřením.
[1.6] posledně od toho pana řídícího z Brna ta záloha šedesát korun na angorskou kočku, kterou jste inseroval v Národní politice a místo toho jste mu poslal v bedničce od datlí to slepé štěňátko foxteriéra.
[1.13] Když tenkrát ta sopka Mont Pelé zničila celý ostrov Martinique, jeden profesor psal v Národní politice, že už dávno upozorňoval čtenáře na velkou skvrnu na slunci. A vona, ta Národní politika, včas nedošla na ten vostrov, a tak si to tam, na tom vostrově, vodskákali."
[2.2] I u nás jsou nadšenci. Četli v ,Národní politice’ o tom obrlajtnantovi Bergrovi od dělostřelectva, který si vylezl na vysokou jedli a zřídil si tam na větví beobachtungspunkt?

Skrivst òg:National Politics en Nationalpolitik de Nasjonal Politikk no

Museumen flag
Václavské nám. 1700/74, Praha II.
Wikipedia czdeensv Google kartsøk
muzeum.jpg

Nasjonalmuseet rundt år 1900

Museum vert nemnd i anekdote av Švejk om kvartering av fangar i gamle dagar. På ei høgd ved museet skal dette ha føregått. Sjølve museet er seinare nemnd direkte i ein anekdote på vegen til Budapest.

Bakgrunn

Museum som det vert omtala i romanen er truleg hovudbygningen til Museum království Českého no Národní muzeum i Praha. Det ligg ved sør-enden av Václavské náměstí. Bygningen vart oppførd frå 1885 til 1891. Den er for tida (2014) stengd for renovering.

Linkar

Sitat
[1.2] Takovejch případů bylo víc a ještě potom člověka čtvrtili nebo narazili na kůl někde u Musea.
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

2. Den gode soldat Švejk på hovudpolitistasjonen


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 13/8-2019