Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (185) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

3. Švejk hos rettslegane

Zemský trestní souden flag
Spalená 6/2, Praha II-K.u.k. Ärar [1906]
Google kartsøk Švejk-muzeum

Zemský trestní soud er institusjonen Švejk vart køyrd til i politibil om morgonen etter arrestasjonen. Her vart han forhøyrd av ein godsleg dommar som drog hans mentale helse i tvil då han las kva Švejk hadde tilstått. Han var derfrå send til rettsmedisinsk undersøking der konklusjonen vart at han måtte leggjast inn på mental institusjon.

Bakgrunn

Zemský trestní soud låg i Spálená ulice på hjørnet av Karlovo náměstí. I dag held byretten til i bygningen.

Forfattaren stod for retten her i 1907 etter at han på eit anarkistmøte 1.mai skal ha oppmuntra til vald mot politiet. For dette vart han dømd til ein månad i fengsel, den lengste straffa han nokon gong fekk. Han vart dømd 1. juli og sona frå 16.august til 16.september 1907.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.3] Čisté, útulné pokojíky zemského „co trestního soudu“ učinily na Švejka nejpříznivější dojem. Vybílené stěny, černě natřené mříže i tlustý pan Demartini, vrchní dozorce ve vyšetřovací vazbě s fialovými výložky i obrubou na erární čepici. fialová barva je předepsána nejen zde, nýbrž i při náboženských obřadech na Popeleční středu i Veliký pátek.

Skrivst òg:Regional Criminal Court en Landesstrafgericht de Landsstrafferetten no

Teissigen flag
Spálená ul. 85/5, Praha I-Karel Teissig [1910]
Google kartsøk Švejk-muzeum
kotva.jpg

"U kotvy" i 2010

teissig.png

Národní listy, 1.1.1896

Teissig var ein stad er dei tilsette i Zemský trestní soud henta seg paprika og pilsnerøl. Kvar paprikaen kjem inn i biletet her er eit mysterium. Oversetjarane Grete Reiner Austerriksk/tsjekkisk omsetjar og redaktør. Omsette "Švejk" og mange av Hašek sine forteljingar til tysk. Dette var den fyrste omstejingan av romanen, og opna vegen for det internasjonale ryet den fekk. Den vart gjeven ut i 1926 av Adolf Synek, og vart trykt som fylgjetong av Arbeiterwille i 1927. Reiner var frå Praha, av jødisk opphav. Ho vart deportert og myrda av nazistane. og Cecil Parrott Britisk diplomat og akademikar (1909-1984), biografi om Hašek, oversetkjar av Švejk og fleire soger. Forfattar av studie om SV og korthistoriene. tolka det som gulasj, noko som truleg dreg det litt langt.

Hans-Peter Laqueur Tysk historikar og orientalist (1949-), forfattar av eit studium kring tyrkiske tema i Švejk. Dessutan har han gjennom sin inngåande kunnskap om europeisk og tyrkisk historie gjeve viktige innspel til denne vevsida. legg fram teorien om at forfattaren med "paprika" meinte "paprikasj" som er ungarsk gulasj, ei suppe som er nokså ulik tsjekkisk "guláš". Om dette er tilfelle vert Reiner og Parrott's omsetjing meir presis enn "paprika".

Bakgrunn

Teissig var ein restaurant rett over gata for den enorme Byrettsbygningen (tidlegare Zemský trestní soud) eigd av Karel Teissig sidan minst frå 1895. Han hadde tidlegare eigd den enno eksisterande (2019) U kotvy, to hus ned i gata. Addressbøker stadfestar at U Teissigů eksisterte så seint som i 1940.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.3] A vyšetřující soudcové, Piláti nové doby, místo aby si čestně myli ruce, posílali si pro papriku a plzeňské pivo k Teissigovi a odevzdávali nové a nové žaloby na státní návladnictví.
Státní návladnictvíen flag
Malostranské nám. 2/25, Praha III-K.u.k. Ärar [1910]
Google kartsøk

Státní návladnictví var der dei arresterte vart overførte etter opphaldet på Zemský trestní soud. Her venta rettsforfylgjing. Institusjonen hadde alt vorte kort nemnd i [I.1].

Bakgrunn

Státní návladnictví er eit omgrep som er lite brukt i moderne tsjekkisk, no mest omtala som Státní zastupitelství, ein ordlyd som òg vart brukt på forfattaren si tid (sjå utklipp frå adresseboka frå 1910). Det viser til den statlege påtalamakta eller statsadvokatskontoret. Dei hadde hovudkvarter på Malostranské náměstí i bygningen til landshøgsteretten, men dei hadde òg kontor i same bygningen som Zemský trestní soud så det var nok desse lokala forfattaren hadde i tankane.

Sitat
[1.3] A vyšetřující soudcové, Piláti nové doby, místo aby si čestně myli ruce, posílali si pro papriku a plzeňské pivo k Teissigovi a odevzdávali nové a nové žaloby na státní návladnictví.

Skrivst òg:State prosecutor's office en Staatsanwaltschaft de Statsadvokatkontoret no

U Bansethůen flag
Palackého tř. 389/18, Nusle-Alois Banseth [1910]
Google kartsøk Švejk-muzeum
bansethu.jpg

U Bansethů, 2011

bansethu1.png

Národní listy, 27.2.1906

banseth4.png

Národní politika, 1.9.1907

banseth.png

Národní politika, 21.3.1908

U Bansethů dukkar staden opp i ei av historiene til Švejk. Han var på veg tilbake frå denne puben då han vart overfallen ved brua over Botič. Gjerningsmennene tok feil mann, og gav han nok ein lusing grunna skuffelsen.

Vertshuset vert nemnd att i [I.13] i samband med ei diskusjon om vulkanutbrot og solflekker. Sjå Martinique.

Dessutan dukkar den opp i siste kapittelet i romanen, og no vert òg eigaren Banseth nemnd.

Bakgrunn

U Bansethů var namnet på to restaurantar i Nusle, eigde av Alois Banseth, derav namnet. Den eine driv enno, og reklamerer med rolla si i Švejk. Inne er det dekorert med Hašek-motiv og dei har til og med eit Stůl Jaroslava Haška (Jaroslav Hašek sitt bord).

Den opprinnelege restauranten låg litt lenger nede i same gata i hus nr. 321 og vart opna hausten 1900. I mars 1908 vart det kunngjort at den var seld til František Kocan, tidlegare eigar av U Kocanů. Omtrent på same tida kjøpte Banseth og kona Anna hus nr. 389 med puben som ber namnet deira den dag i dag. Vertshuset existerte alt då under namnet U Palackého og dei betalte 100 000 kroner for huset.

Kva for eitt av dei to gjestgiveria forfattaren hadde i tankene er uvisst, men adressa som er notert her gjeld den som enno eksisterer. Herr Banseth var i 1910 oppførd som eigar av bygningen der vertshuset låg. Familien var òg oppførde med bustadadresse der.

Den opphavelege U Bansethů arrangerte òg offentlege møte i lokalet, mellom anna 26.februar 1906 der anarkistar deltok, og blandt deltakarane var svært truleg òg Jaroslav Hašek. Denne dagen var anarkisten Čeněk Körber (1875-1951) til stades og laga såpass ugreie at møtat var avbrote. Møtelokala vart òg brukte av Česká strana národně sociální, Sokol, Volná myšlenka, Mladočeši m.fl. Spesielt dei fyrste tykkjest å ha hatt tilhald her, og i Strana mírného pokroku v mezích zákona "Partiet for måteleg framsteg innafor råmene av lova", eit satire-parti stifta av Hašek. omtalar Jaroslav Hašek eit av møta deira der han sjølv provoserte og laga ugreie.

Strana mírného pokroku

Po onom velkém morálním vítězství U Banzetů sešly se naše rozptýlené řady až nahoře na Havlíčkově třídě. Kulhal jsem, pod okem jsem měl modřinu a mé tváře, jak praví Goethe, nevěstily nic dobrého. Byly opuchlé!

Eksterne lenkar

Kjelde: Jaroslav Šerák

Sitat
[1.3] Jako jednou v Nuslích, právě u mostu přes Botič, přišel ke mně v noci jeden pán, když jsem se vracel od Banzetů, a praštil mě bejkovcem přes hlavu, a když jsem ležel na zemi, posvítil si na mne a povídá: ,Tohle je mejlka, to není von.’
[1.13] „Ty skvrny na slunci mají vopravdu velkej význam,“ zamíchal se Švejk, „jednou se vobjevila taková skvrna a ještě ten samej den byl jsem bit ,U Banzetů’ v Nuslích.
[4.3] Vona potom chtěla mít celou soupravu do domácnosti z takovejch nožů a posílala ho vždycky v neděli do Kundratic na vejlet, ale von byl tak skromnej, že nešel nikam než k Banzetovům do Nuslí, kde věděl, že když sedí v kuchyni, že ho dřív Banzet vyhodí, než může na něho někdo sáhnout.“

Skrivst òg:U Banzetů Hašek

Podolský kostelíken flag
Přemyšlova ul. 91/-, Podolí
Google kartsøk
kostelik_addr.png

Adresář Prahy (1907)

Podolský kostelík vert nemnd i rekkja av anekdotar om ulike mistak som Švejk fortel til cellekameratane sine på Zemský trestní soud. Her er det snakk om ein dreiebenk-operatør som budde i huset til Švejk som låste seg inn i kyrkja, og fordi han trudde han var heime sov han over der. Resultatet av uhellet var at kyrkja måtte signast på nytt. Den uheldige inntrengjaren vart dømd og døydde i Věznice Pankrác.

Bakgrunn

Podolský kostelík er nesten sikkert soknekyrkja kostel svatého Michala (Sankt Mikael-kyrkjsa) i Podolí, sør for Vyšehrad.

Jaroslav Šerák

Podolský kostel bude určitě kostel svatého Michala v ulici Pod Vyšehradem, je to farní kostel dodnes. Ostatní jsou jen hřbitovní kaple, nebo postavené později.

Eksterne lenkar

Kjelde: Jaroslav Šerák

Sitat
[1.3] Nebo vám povím příklad, jak se zmejlil u nás v domě jeden soustružník. Votevřel si klíčem podolskej kostelík, poněvadž myslel, že je doma, zul se v sakristii, poněvadž myslel, že je to u nich ta kuchyně, a lehl si na voltář, poněvadž myslel, že je doma v posteli, a dal na sebe nějaký ty dečky se svatými nápisy a pod hlavu evangelium a ještě jiný svěcený knihy, aby měl vysoko pod hlavou.
Česká radikální stranaen flag
Wikipedia czdeen Google søk
baxa.jpg

Karel Baxa, medlem av parlamentet 1903-1918 og formann i Státoprávně radikální strana

Česká radikální strana vert indirekte vist til i soga til Švejk om den tsjekkiske radikale riksrådsrepresentanten som ved mistak vart jaga av politihundane til Rotter.

Bakgrunn

Česká radikální strana var rettnok ikkje noko politisk parti, men ein kan vera nokså trygg på at det enten er Strana radikálně pokroková eller Státoprávně radikální strana Švejk har i tankane. Det fyrste partiet eksisterte frå 1897 til 1908 og dei stod for omfattande politiske reformer medan det andre vart skipa i 1899 og stod for utviding av statsrettane til dei tsjekkiske landa.

I 1908 slo dei to partia seg saman og skipa Česká strana státoprávně pokroková. Frå 1914 gjekk partiet ope inn for ein uavhengig tsjekkisk stat og vart difor utsett for undetrykking. Ein kan ikkje sjå vekk frå at merkelappen "radikal" vart hengande òg ved det nye partiet og at det var desse Švejk hadde i tankane.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.3] Nakonec se ukázalo, že ten člověk byl českej radikální poslanec, kterej si vyjel na vejlet do lánskejch lesů, když už ho parlament vomrzel.
Parlamenten flag
Franzens-Ring -/1, Wien I.
Wikipedia czdeen Google kartsøk
reichsrat.jpg

Abgeordneterhaus 1907

parlament2.png

Eit utvalg av tsjekkiske representantar i Reichsrat i 1914 (Josef Švejk utheva).

Parlament vert nemnd i soga til Švejk om den tsjekkiske radikale riksrådsutsendingen som ved mistak vart jaga av politihundane til Rotter.

Bakgrunn

Parlament viser til Reichsrat i Wien. Frå 1867 til 1918 var dette nasjonalforsamlinga til Cisleithanien, dvs. den austerrikske delen av Dobbeltmonarkiet. Rådet bestod av Herrenhaus (Overhus) og Abgeordneterhaus (Underhus).

I Juni 1911 vart det siste valget halde og det sat det til saman 506 representantar i Abgerodneterhaus. Av desse var 232 tyske, 108 tsjekkiske og 83 polske. Resten av plassane var sette av til ukrainarar, slovenar, italienarar, rumenarar, kroatar, serbarar og ein einsleg sionist!. Fleire av politikarane som er nemnde i romanen vår sat i riksrådet då krigen braut ut: Masaryk, Kramář, Klofáč og ein viss agrarpolitikar Josef Švejk. Ein tidlegare utsending av interresse var Alexander Dworski, sjå Grabowski.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.3] Nakonec se ukázalo, že ten člověk byl českej radikální poslanec, kterej si vyjel na vejlet do lánskejch lesů, když už ho parlament vomrzel. Proto říkám, že jsou lidi chybující, že se mejlejí, ať je učenej, nebo pitomej, nevzdělanej blbec. Mejlejí se i ministři.“
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

3. Švejk hos rettslegane


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 15/12-2019