Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (184) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

4. Švejk blir kasta ut av galehuset

Blázinecen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Blázinec vert vist til når Švejk vart førd til den psykiatriske anstalten etter at rettslegekommmisjonen hadde stilt diagnosen "simulant med svak forstand". Her kan han ha vore mange veker for han vart fyrst sett på frifot 29.juli 1914, dagen for Austerrike-Ungarn si krigslysing mot Serbia.

Bakgrunn

Blázinec var eit sinnsjukehus i Praha som ikkje er spesifikt nemnt kvar låg. Ein kan likevel med stor sikkerheit gå ut frå at forfattaren viser til Kateřinky, ein institusjon der han sjølv var innlagd ei kort stund i februar 1911.

Sitat
[1.4] Když později Švejk líčil život v blázinci, činil tak způsobem neobyčejného chvalořečení: „Vopravdu nevím, proč se ti blázni zlobějí, když je tam drží. Člověk tam může lézt nahej po podlaze, vejt jako šakal, zuřit a kousat. Jestli by to člověk udělal někde na promenádě, tak by se lidi divili, ale tam to patří k něčemu prachvobyčejnýmu. Je tam taková svoboda, vo kterej se ani socialistům nikdy nezdálo.

Skrivst òg:The Madhouse en Das Irrenhaus de Galehuset no

Ottův slovník naučnýen flag
Karlovo náměstí 553/35, Praha II-Jan Otto [1910]
Wikipedia czdeen Google kartsøk
cartonage.png

Ottův slovník naučný, 5. díl, 1892

ottuvplan.png

Ottův slovník naučný vert i samband med pasienten på Blázinec som ga seg ut for å vera 16. del av dette leksikonet.

Bakgrunn

Ottův slovník naučný er eit leksikon utgjeve av Otto som reknast som framståande òg i internasjonal samanheng. I alt kom det ut 28 bind i tida frå 1888 til 1909 og dei kom med supplementbind òg i ettertid. Ottos leksikon var i si tid ei av dei største i verda. Redaksjonen heldt til på Karlovo náměstí, i bygningen ved sida av forlaget til Otto.

Emil Artur Longen (1928) hevdar at Jaroslav Hašek brukte leksikonet aktivt då han skreiv Švejk. Dette synest truleg ettersom frasen som rekrutt Pech lira or seg er eit nesten ordrett sitat. Andre sitat frå leksikonet har enno ikkje kunna påvisast men ein må rekna med at dei finst.

Referansen til kartonážní šička (kartong-stiftemaskin) finst ikkje i band 16 (Lih-Media) og Antonín Měšťan peikar på at dette stikkordet ikkje er oppførd i leksikonet i det heile. Om det hadde funnest ville det vore i band 14. Dette bindet har rettnok oppføringa kartonáž som viser vidare til cartonage i band 5.

Antonín Měšťan

Durch einen Blick in den Ottův slovník naučný läßt sich leicht feststellen, daß das Stichwort "Kartonagenähgrin" nicht nur im 16. Band fehlt - es fehlt in diesem Lexikon überhaupt.

Eksterne lenkar

KjeldeAntonín Měšťan, Emil Artur Longen

Sitat
[1.4] Nejzuřivější byl jeden pán, kerej se vydával za 16. díl Ottova slovníku naučného a každého prosil, aby ho otevřel a našel heslo ,Kartonážní šička’, jinak že je ztracenej.

Skrivst òg:Otto's encyclopaedia en Ottos Konversationslexicon de Ottos konversasjonsleksikon no

Královy lázněen flag
Ul. Karoliny Světlé 195/43, Praha I-Zdeněk Uhlíř [1910]
Google kartsøk
lazne.png

Kart frå 1914

lazne2.png

Břetislav Hůla

lazne3.png

Baedeker

Královy lázně vert indirekte nemnd at Švejk når han på Blázinec vert spurd om korleis det er å verta bada. "Det er betre enn ved badet ved Karlsbrua", er svaret.

Bakgrunn

Královy lázně var eit offentleg bad ved den austlege enden av Karlův most i Staré Město, oppførd med adreassa Karoliny Světlé 43, vist på kartet til høgre.

Dette er stadfesta av Baedeker Österreich 1913 som oppfører dei som Königsbad. Badet i Vltava nord for brua er òg vist, kalla Gemeindebad (Kommunebadet). Dette har nok heller vore eit friluftsbad og utfrå skildringa i romanen er det nesten sikkert dei meir luksuriøse innandørs Kongebada det er snakk om.

Břetislav Hůla omtalar badet som Karlovy lázně (Karlsbadet) noko som stemmer med adressboka frå 1936. Når omdøypinga fann stad er uvisst.

Eksterne lenkar

Kjelde: Archiv Hlavního Města Prahy (Sbírka map a plánů)

Sitat
[1.4] V koupelně ho potopili do vany s teplou vodou a pak ho vytáhli a postavili pod studenou sprchu. To s ním opakovali třikrát a pak se ho optali, jak se mu to líbí. Švejk řekl, že je to lepší než v těch lázních u Karlova mostu a že se velmi rád koupe.

Skrivst òg:Royal Bath en Königsbad de

Regimentskanzlei IR91en flag
Palackého třída 20/10, Karlín-K.u.k. Ärar [1914]
Wikipedia de Google kartsøk

Regimentskanzlei IR91 vert nemnd av Švejk når fortel lækjarkommisjonen på Blázinec at han er dimmitert grunna dårskap. Han fortel at nettop dette kan stadfestast hjå Ergänzungskommando i Karlín eller på regimentskontoret i Budějovice.

Bakgrunn

Regimentskanzlei IR91 (hovudkontoret til regiments-staben) heldt i 1914 til i Karlín og ikkje i Budějovice slik Švejk seier. Rettnok var ved krigsutbrotet fleire av regimentet sine funksjonar lokaliserte i Ferdinandova kasárna i Karlín: 2. og 3. feltbataljon, regiments-staben og sjølve IR91 sin regimentskommando. Difor er me her truleg vitne til ei forveksling med Ergänzungsbezirkskommando som saman med 4.bataljon og IR91 Ersatzbattailon (erstatningsbataljonen) var stasjonerte i Budějovice.

Ein kan òg ta med i vurderinga at kaserna i Karlín vart omgjord til eit Raude Kross reserve-sjuekehus like etter krigsutbrotet, og at administrasjonen til regimentet nok dels vart overflytta til Budějovice, dels til fronten. Ei anna forklaring er at Švejk tenkjer på kontoret til IR91 Ersatzbattailon som heldt til i Budějovice fram til mai 1915. Sjå Ergänzungskommando.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.4] „Já, pánové,“ hájil se Švejk, „nejsem žádný simulant, já jsem opravdovej blbec, můžete se zpravit v kanceláři jednadevadesátýho pluku v Českých Budějovicích nebo na doplňovacím velitelství v Karlíně.“

Skrivst òg:Regimental office en Plukové kancelář cz Regimentskontoret no

Ergänzungskommandoen flag
Pekárenská ulice ?/?, Budějovice-K.u.k. Ärar [1912]
Wikipedia de Google kartsøk
ir91a.png

IR91, Seidels kleines Armeeschema August 1914

ergbudweis.png

91. Ergänzungsbezirk

Ergänzungskommando vert nemnd av Švejk når fortel lækjarkommisjonen på Blázinec at han er dimmitert grunna dårskap. Han fortel at nettop dette kan stadfestast hjå reservekommandoen i Karlín eller hjå Regimentskanzlei IR91 i Budějovice.

Bakgrunn

Ergänzungskommando viser truleg til Ergänzungsbezirkskommando Nr. 91. Denne heldt til i Budějovice og ikkje i Karlín slik Švejk seier. Rettnok var ved krigsutbrotet fleire av regimentet sine funksjonar lokaliserte i Ferdinandova kasárna: 2. og 3. feltbataljon, staben og sjølve IR91 Regimentskommando. Sannsynlegvis er det difor snakk om ei rein forveksling mellom Regimentskanzlei IR91 og Ergänzungsbezirkskommando. Begge er nemnde i same setningen, men Švejk ser ut til å ha snudd om den geograqfiske plasseringa.

Distriktsreservekommando Nr. 91 var ansvarleg for mønstring og innkalling av reservar i Ergänzungsbezirk Budweis, sjå kart. Dei viktigaste byane i distriktet var Budějovice, Týn nad Vltavou, Prachatice, Krumlov og Kaplice. Hæreinignane som vart forsynte med mannskap herfrå var IR91 og 14. Dragonerregiment.

Øvstkommandareande i 1914 var Jan Splichal men han vart sendt til fronten etter krigsutbrotet og det er uvisst kven som erstatta han. Splichal var òg sjef for IR91 Ersatzbattailon og i denne rolla vart han erstatta av Karl Schlager, så det kan godt vera sistnemnde tok over distriktskommandoen på same tid.

Eksterne lenkar

Sitat
[1.4] „Já, pánové,“ hájil se Švejk, „nejsem žádný simulant, já jsem opravdovej blbec, můžete se zpravit v kanceláři jednadevadesátýho pluku v Českých Budějovicích nebo na doplňovacím velitelství v Karlíně.“

Skrivst òg:Reserve command en Doplňovací velitelství cz Reservekommando no

Policejní komisařství Salmova uliceen flag
Salmovská ul. 507/20, Praha II-K.u.k. Ärar [1910]
Google kartsøk Švejk-muzeum
polsalmovska.png

Politický kalendář, 1910

polsalmovska3.png

Plan von Prag und Umgebung, 1910

polsalmovska4.png

Zum Wortschatz des tschechischen Rotwelsch, Eugen Rippl, 1926

polsalmovska5.png

Z.M. Kuděj, "Ve dvou se to lépe táhne, I.", s.68, 1924

giunio.png

Denní raport - c.k. okresního policejního komisařství III.z. 31./12. 1908

polsalmovska6.png

Československá republika, 26.6.1926

Policejní komisařství Salmova ulice er åstad for handlinga eit heilt kapittel, om enn eitt av dei kortaste. Švejk vert førd direkte hit etter å vorte arrestert avdi han nekta å forlata av Blázinec utan å få middag. Første møtet hans er med den brutale politinspektøren Braun og deretter dreiar handlinga seg most om samtalen med celle-kameraten, ein særs stødig samfunnsborgar som i dette høvet har sklidd av skaftet. Švejk gjer sitt beste for å overtyda han om at stoda hans er vonlaus.

Opphaldet varde berre ein ettermiddag, og Švejk vart, etter den korte stunda i cella, teken til forhøyr i 2.etasje, denne gongen til ein tjukk og venleg politimann. Under eskorte vart han førd frå politivakta (sjå Strážnice) i fyrste etasje vidare til Policejní ředitelství. Det var på vegen dit han las keisaren si krigslysing.

Bakgrunn

Policejní komisařství Salmova ulice var politistasjonen i 3. politidistrikt (Hořejší Nové Město - Øvre Nybyen) i Praha. Den låg på hjørna av Ječná ulice og Salmovská ulice og politistasjonen var i drift framm til 29.juni 1926 då politistasjoen vart flytta til Krakovská ulice der den enno held til. Bygningen vart så riven og i 1928 var dagens bygning under oppføring på tomta.

Stasjonen var gjerne kalla "Salmovka" på folkemunne, eit utrykk som m.a. Zdeněk Matěj Kuděj brukar i ein av bøkene sine om Jaroslav Hašek (Ve dvou se to lépe táhne, 1924). Omgrepet er jamvel oppførd i ei tyskspråkleg ordbok om tsjekkisk slang (Eugen Rippl, 1926).

Sjefsinspektør i 1906 og fram til 1910 var Karel Fahoun, han vart etterfylgd av Antonín Sklenička. Det er ikkje funne prov, i adressebøker eller andre stader, på at nokon Braun nokon gong tenestegjorde her.

Hašek på Salmovská

Denne politistasjonen kjende Jaroslav Hašek godt til, for det var i dette politidistriktet han vart fødd og vaks opp og budde for det meste her òg som vaksen. Han vart døypt i Kostel sv. Štefána like i nærleiken og budde ved fleire høve berre eit steinkast unna. Det har óg vorte hevda at han var ein personleg ven av politisjefen Karel Fahoun og familien hans, men Břetislav Hůla avviser denne påstanden etter samtale med sonen til Fahoun.

Politidokument frå 1902 til 1912 om Jaroslav Hašek påviser at forfattaren fleire gonger var innom her eller vart etterlyst. I dei fleste tilfelle er det snakk om ordenforstyrrelsar og mindre hærverk, utførd i rusa tilstand. Nyttårsafta 1908 vart han og den kroatiske studenten Rudolf Giunio arresterte og sperra inne her etter eit pubslagsmål. Forfattaren fekk fem dagars fengsel for bryet. Sjå Bendlovka for meir informasjon om denne episoden.

Eksterne lenkar

KjeldeBřetislav Hůla, Sergey Soloukh, Jaroslav Šerák

Sitat
[1.5] Švejk prohlásil, že když někoho vyhazují s blázince, že ho nesmějí vyhodit bez oběda. Výtržnosti učinil konec vrátným přivolaný policejní strážník, který Švejka předvedl na policejní komisařství do Salmovy ulice.

Skrivst òg:District police station No. 3 en Polizeikommisariat Nr. III de Bydelspolitistasjon Nr. 3 no

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

4. Švejk blir kasta ut av galehuset


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 5/10-2019