Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumŠvejk CentralReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (174) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

5. Švejk på politistasjonen i Salmova-gata

Emauzský klášteren flag
na Slovanech 320/1, Praha II
Wikipedia czdeen Google kartsøk
emaus.png

Klosteret ved århundreskiftet

emaus2.png

Adressebok frå 1907

Emauzský klášter er staden der ein munk skal ha hengd seg i eit krusifiks i fylgje Švejk. Dette for å "oppmuntra" cellekameraten sin på politistasjonen i Salmova ulice då denne ville hengja seg.

Klosteret vert i [I.9] nemnd som staden der Katz vart døypt. Presten som døypte han var páter Albán, sjå Schachleiter.

I [I.13] vert klosteret nemnd for tredje gong, no av Švejk som fortel Katz om ein gartnarassistent som arbeidde der.

Bakgrunn

Emauzský klášter er eit Benediktinar-kloster i Praha som ligg sør for Karlovo náměstí. Det vart grunnlagd av keisar Karl IV i 1347. Frå 1908 til 1918 var den ovannemnde Schachleiter abbed her og under frå 1914 var deler av klosteret brukt som lasarett.

Etter kunngjeringa av tsjekkoslovakisk sjølvstende 28. oktober 1918 forlet abbeden og dei tyske munkane klosteret etter at dei vart utsette for trakassering frå folkemengder og militsgrupper. Dette kom av skuldingar som vart framsette mot dei i pressa, m.a. om spionasje for Tyskland.

Klosteret vart sterkt skadd under eit alliert bomberaid i 1945, og vart bygd opp att i noko ulik stil etter krigen. Det vart konfiskert både av nazistane (1941) og kommunistane (1950), men vart i 1990 gjeva tilbake til bendiktinar-ordenen.

Ottův slovník naučný

Slovany, též na Slovanech, klášter v Praze II., nyní obecně Emausy zvaný (viz G(Praha), OSN XX, strana 466), založen cís. Karlem IV. 1347 pro mnichy obřadu slovanského, povolané k nám z Přímoří. Je jedním z dokladů slovanského smýšlení Karlova, který chtěl takových slov. klášterů založiti více, „protože nám příbuzností a sladkostí přirozeného jazyka příjemni jsou”. V křížové chodbě jsou velmi pozoruhodné fresky z doby karolinské.

Linkar

Sitat
[1.5] Ledaže byste se pověsil vkleče u pryčny, jako to udělal ten mnich v klášteře v Emauzích, co se oběsil na krucifixu kvůli jedný mladý židovce.
[I.9] Křtili ho slavnostně v Emauzích. Sám páter Albán ho na máčel do křtitelnice.
[I.13] "Tak si koupíme katechismus, pane feldkurát, tam to bude," řekl Švejk, "to je jako průvodčí cizinců pro duchovní pastýře. V Emauzích pracoval v klášteře jeden zahradnickej pomocník, ...

Skrivst òg:Emmaus Monastery en Emmauskloster de Cloître d'Emmaüs fr Emmausklosteret no

Bendlovkaen flag
Fügnerovo nám. 1867/2, Praha II-Marie Bendová [1907]
Google kartsøk Švejk-muzeum
bendlovka2.png

Břetislav Hůla, 1951

bendlovka5.png

© AHMP

giunio.png

Denní raport - c.k. okresního policejního komisařství III.z. 31./12. 1908

Bendlovka vert nemnd i anekdote av Švejk då han "trøystar" den gode familiemannen som sit i cella saman med han på Policejní komisařství Salmova ulice. Švejk hadde ein gong drege til ein mann frå eit begravelsesbyrå og hadde fått ein kilevink tilbake. Dagen etter vart episoden omtala i avisene.

Bakgrunn

Bendlovka er nesten sikkert eit alternativt omgrep for Bendova kavárna (òg Bendovka), eit tidlegare underhaldnings-etabliseement i Nové Město som Jaroslav Hašek kjende godt. I forklaringane sine til romane frå 1951 identifiserer Břetislav Hůla den som ein natt-kafé i Sokolská ulice og dette er støtta av Radko Pytlík som opplyser om at den låg på hjørna av Sokolská og Fügnerovo náměstí. Den låg vegg i vegg med Apollo, og på det motsette hjørna av plassen låg U Šolců, ei anna av Hašek's sine favoritt-kneiper.

Hašek og Bendovka

Ein veldokumentert episode som involverte forfattaren fann stad her 31.desember 1908. I fylgje politirapportar var Jaroslav Hašek innblanda i ein episode i denne kafeen ute i dei små timar. Han og den kroatiske ingeniør-studenten Rudolf Giunio nekta å betala rekninga. Ein krangel braut laus og glas vart knuste. Då patruljerande politimann Slepička kom til åstaden slo humoristen hatten av hovudet på han så forsterkningar måtte tilkallast. Dei to bråkmakarane vart så tekne med til Policejní komisařství Salmova ulice og vart sette på frifot morgonen etter.

Opočenský minnest

Ein anna krangel som involverte forfattaren vert omtala av kameraten Gustav Roger Opočenský’s i boka hans om Jaroslav Hašek (1948). Den vart rettnok skriven om lag 40 år etter handinga, men det er likevel liten grunn til å tvila på essensen i det han fortel: at det på Bendovka kom til ein samanstøyt mellom forfattaren og ein agent for eit gravferdsbyrå. Dette fann stad “i dei små timar ein varm vårkveld nokre år før krigen”. Denne soga har parallellar til hendinga i 1908, men òg til episoden som vert omtala i Švejk. Ellers skriv Opočenský at Bendova kavárna tilbaud levande musikk, ølet var billeg og dårleg, var utstyrt med marmorbord, og var open til tidleg på morgonen. Då boka vart skriven var kaféen ikkje lenger i drift, lokala vart brukte av eit trykkeri.

Strána mírného pokroku

I samlinga si av forteljingar om Strana mírného pokroku v mezích zákona viar Jaroslav Hašek ei soga til Opočenský9 og her vert ˇog nattkaf¸een nemnd (som Bendova kavárna og det i same slengen som Apollo. I ei anna sogee vert omgrepet "v Bendlovce" bruktpå same viset som i romanen. Det tykkjest å visa til eit vertshus eller i det minste til ein stad der folk møtest. Jaroslav Hašek hadde fleire konfliktar med ein viss redaktør frå České Slovo her. Redaktøren var av “Mosaisk trusretning”.

I avisene
bendlovka1.png

Národní politika, 20.8.1910

bendlovka3.png

Národní politika, 3.11.1907

Avisinnslag stadfestar nokre av opplysningane til Opočenský og legg dessutan til informasjom om dansetilstelningar. Kaféen var i drift minst frå 1900 til hausten 1914, men ein annonse frå fyrste krigshausten viser at opningstodene var korta ned til to om morgonen, i innstramming som var vanleg i heile Austerrike-Ungarn etter krigsutbrotet.

Frå til til anna det opp annonsar der ein søkte etter tilsette, men ein det dukka opp langt fleire innslag om tjuveri, fyll og slagsmål. Jaroslav Hašek var såleis ikkje den einaste bråkmakaren her. Her er berre nokre av episodane: i 1908 laga tre fulle tyske studentar bråk der (rapportert i fleire aviser) og i 1913 skreiv Čech om ein episode med knivstikking.

Linkar

KjeldeBřetislav Hůla, Radko Pytlík, Jaroslav Šerák, Gustav Roger Opočenský

Sitat
[1.5] Nebo v Bendlovce jsem dal jednou jednomu funebrákovi facku a on mně ji vrátil. Abychom se smířili, museli nás oba zatknout, a hned to bylo v odpoledníčku.
U mrtvolyen flag
Karlovo nám. 310/13, Praha II-Antonie Laadtová [1910]
Google kartsøk
umrtvoly.jpg

Bilete frå 1926

umrtvoly3.png

Břetislav Hůla

U mrtvoly er nemnd i anekdota av Švejk fortel for å "oppmuntra" medfangen på Policejní komisařství Salmova ulice. Sjå Bendlovka.

Bakgrunn

U mrtvoly er ikkje identifisert heilt sikkert, men mykje tyder på at det var ein kafé på Karlovo náměstí, på hjørna med Resslova ulice. Bygningen, som mellom anna husa Pivovar U Šálků, vart riven i 1939. Det låg ei kavárna der med inngang frå plassen men utfrå bilete er det vanskeleg å sjå noko namn.

Adresseboka frå 1910 viser til ein kafé "Rubáš" nettopp her, og dette gjev ein viktig peikepinn: "Rubáš" betyr "lik-klede" og "mrtvola" betyr "kadaver/lik". Břetislav Hůla opplyser om at U mrtvoly var ein kafé rett ovafor den tekniske høgskulen, noko som stemmer godt.

I 1922 vert det i ein artikkel i Národní listy opplyst at U mrtvoly no var døypt om til Děvín, men det har ikkje lukkast å finna fleire opplysningar relatert til dette namnet. Vilém Mrštík nemner òg staden i romanen sin Santa Lucia frå 1893.

Linkar

KjeldeBřetislav Hůla,Jaroslav Šerák

Sitat
[1.5] Nebo když v kavárně „U mrtvoly“ rozbil ten pan rada dva tácky, myslíte, že ho šetřili? Byl taky na druhej den hned v novinách.

Skrivst òg:At the Corpse en Zum Leichnam de Ved Liket no

Strážniceen flag
Ječná ul. 507/6, Praha II-K.u.k. Ärar [1910]
Google kartsøk
straznice2.png

Strážnice vert såvidt nemnd når Švejk vert førd vidare frå politistasjonen i Salmovská ulice. Ut frå romanen er det klårt at vakta låg på gateplanet ettersom Švejk vart i forhøyr i 2. etasje og vart taken ned til vaktrommet for han vart førd vidare.

Bakgrunn

Strážnice var vakta ved politistasjonen in Salmovská ulice. Den låg i same bygnignen som politistasjonen men inngangen var frå Ječná ulice. Sjå Policejní komisařství Salmova ulice.

Sitat
[1.5] Ukloniv se uctivě, odcházel s policejním strážníkem dolů na strážnici a za čtvrt hodiny bylo již vidět na rohu Ječné ulice a Karlova náměstí Švejka v průvodu druhého policejního strážníka, který měl pod paždí objemnou knihu s německým nápisem „Arrestantenbuch“.

Skrivst òg:Guardroom en Wachstube de Vaktrom no

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

5. Švejk på politistasjonen i Salmova-gata


© 2009 - 2018 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 12/10-2018