Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (177) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen

Kostel svatého Apolinářeen flag
Apolinářská 443/20, Praha II
Wikipedia czdeen Google kartsøk
apol_adr.png

Kostel svatého Apolináře vert nemnd i handlinga avdi kyrkjetenaren herfrå var på U kalichaŠvejk var innom kneipa etter å ha vorte sett fri siste gongen frå Policejní ředitelství. Dette var truleg 29.juli 1914 ettersom Austerrike-Ungarn hadde nettopp løyst krig mot Serbia.

Bakgrunn

Kostel svatého Apolináře er ei kyrkje i Nové Město som ligg berre nokre hundre meter frå U kalicha. Den vart bygd i det 14. århundret og er oppkalla etter Apollinaris av Ravenna.

Linkar

Sitat
[1.6] Ve výčepu panovalo hrobové ticho. Sedělo tam několik hostů, mezi nimi kostelník od sv. Apolináře.

Skrivst òg:Church of Saint Apollinaire en Apollinarkirche de

Volná myšlenkaen flag
Korunní tř. 588/6, Kral. Vinohrady-Julius Myslík [1912]
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
volna.png

Věstník volné myšlenky, 1910

volna.jpg

Karel Pelant. Volná myšlenka, 1.2.1925

Volná myšlenka vart nemnd i utbrotet til Palivec i rettsaka mot han: "Lenge leve Fritenkjarane!". Dette fortel kan fru Palivcová fortelja Švejk då han vender tilbake til U kalicha etter å ha vorte sett fri ved krigsutbrotet.

Bakgrunn

Volná myšlenka var eit samband av fritenkjarar, ei antikyrkjeleg og ateistisk rørsle som oppstod i fleire land i det 19. hundreåret. Den internasjonale mest kjende fritenkjaren var Francesc Ferrer i Guàrdia (1859-1909).

Den tsjekkiske seksjonen vart grunnlagt i 1904, og førebels oppløyst i 1915. Den mest kjende representanten for rørsla var Machar, formann frå 1909. Organisasjonen gav òg ut eit månadstidsskrift med same namn. Det mest konkrete målet deira var skilje av kyrkje og stat.

Karel Pelant var ein av grunnleggjarane av den tsjekkiske seksjonen, og dette var ein person Hašek kjende godt. Zdeněk Matěj Kuděj beskriv ei møte mellom dei to i Plzeň i 1913 som kom i stand ettersom Pelant, på denne tida redaktør for veketidskriftet Směr, skulda han honorar for eit par soger han hadde skrive.

Pelant vert òg nemnd i samband med Strana mírného pokroku v mezích zákona. Han var dessutan utgjevar av tidskriftet til organisasjonen.

Linkar

Sitat
[1.6] Já jsem se tak lekla toho příbuzenského poměru, aby snad ještě z toho něco nebylo, tak jsem se vzdala svědectví a on chudák stará se tak na mne podíval, do smrti na ty jeho oči nezapomenu. A potom, po rozsudku, když ho odváděli, vykřik jim tam na chodbě, jak byl z toho cele] pitomej: ,Ať žije Volná myšlenka!`
Mimosaen flag
Havelská ul. 496/31, Praha I-Antonín Růžicka [1913]
Google kartsøk
mimosa_adv.png

Národní Politika, 27.2.1913

Mimosa vert nemnd avdi dørvakta som hadde flytta inn på Švejk sitt rom arbeidde der.

Bakgrunn

Mimosa var ein kjend nattkafé som ikkje eksisterer lenger. Den tsjekkisk-jødiske reportaren og forfattaren Egon E. Kisch la handlinga i romanen "Das Mädchenhirt" her. I addresseboka for 1910 er det oppførd ein anna kafé i nummer 496/31: U Hvězdičky tři zlaté, men alt i 1913 viser annonsar klårt at til Mimosa held til her. Kafeen baud på konsertar og underhaldning.

Linkar

Kjelde: Jaroslav Šerák, Radko Pytlík

Sitat
[1.6] Když si bral límeček a skládal kravatu, vzpamatoval se již do té míry, že mohl ujistit Švejka, že noční kavárna „Mimosa“ jest opravdu jedna z nejslušnějších nočních místností, kam mají přístup jedině dámy, které mají policejní knížku v úplném pořádku, a zval Švejka srdečně, aby přišel na návštěvu.
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 23/6-2019