Tooltip container
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Mariánská kasárna i Budějovice, heimeforlegninga til Švejk sitt IR91 fram til 1. juni 1915.

Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og k.u.k. Kriegsministerium.

Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: U kalicha som ein stad der handlinga føregår, K.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren, Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (201) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

2. Švejks anabase til Budějovice

Na Kocourkuen flag
Google kartsøk
putim42.jpg

Na staré hospodě. Bilete frå 1931.

Na Kocourku var ein pub i Putim som gendarmane sende gamle Pejzlerka til for å henta mat og drikke. Det er inga skildring av kneipa utover dette, nesten heile handlinga føregår på politistasjonen.

Bakgrunn

Na Kocourku var ein pub i Putim, namnet er oppdikta. Det var på den tida 3 kneiper i landsbyen: U Srnků (der U Cimbury ligg i dag), U Pavlů, og Stará hospoda. Den siste er den mest trulege kandidaten, men ettersom heile Putim-episoden (inkludert politistasjonen) er oppdikta, skal ein ikkje leggja for mykje vekt på "fakta" i dette tilfellet.

Takk til: Václav Pixa

Sitat
[2.2] „Tohle je velká výjimka,“ důstojně řekl strážmistr, „to je nějaký vyšší důstojník, nějaký štábní. To víte, že Rusové na špionáž sem nepošlou nějakého frajtra. Pošlou mu do hospody ,Na Kocourku’ pro nějaký oběd. Jestli už nic není, ať uvaří něco.
U černého koněen flag
Google søk
ucernehokone.png

Vertshus i Protivín i 1915

U černého koně var ein pub der gendarmen Četník Rampa sat og spela kort sjølv når han eigentleg var på vakt.

Bakgrunn

U černého koně var i fylgje romanen ein pub i Protivín men stadfestande opplysningar utover dette er ikkje tilgjengelege.

Sitat
[2.2] Strážmistr zůstal sedět na strážnici vedle Švejka na kavalci prázdné postele četníka Rampy, který měl do rána službu, obchůzku po vesnicích, a který v tu dobu klidně seděl „U černého koně“ v Protivíně a hrál s obuvnickými mistry mariáš, vykládaje v přestávkách, že to Rakousko musí vyhrát.

Skrivst òg:The Black Horse en Den svarte hest no

Bezirksgendarmeriekommando Píseken flag
Pražská ul. 262/17, Písek
Google kartsøk Švejk-muzeum

Bezirksgendarmeriekommando Písek er åstaden for Švejk si avslutning av sin anabasis. Rittmeister König finn fort ut at Švejk ikkje er nokon russisk person, og sender han prompte til regimentet i Budějovice.

Bakgrunn

Bezirksgendarmeriekommando Písek (Okresní četnické velitelství) var den tidlegare statspoliti-stasjonen i okres Písek. Politistasjonen låg i mellomkrigstida i Pražská ulice čp. 262, noko som nok var tilfelle òg i 1915.

Linkar

Sitat
[2.2] Závodčího zmocnila se naprostá deprese, a když po hrozném utrpení pozdě večer dorazili do Písku k četnickému velitelství, na schodech řekl úplně zdrceně závodčí Švejkovi: „Teď to bude hrozné. My od sebe nemůžem.“ A opravdu bylo to hrozné, když strážmistr poslal pro velitele stanice, rytmistra Königa. První slovo rytmistrovo bylo: „Dýchněte na mne.“ „Teď to chápu,“ řekl rytmistr, zjistiv nesporně situaci svým bystrým, zkušeným čichem, „rum, kontušovka, čert, jeřabinka, ořechovka, višňovka a vanilková.

Skrivst òg:Regional State Police Headquarters en Okresní četnické velitelství cz

Mariánská kasárnaen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum

Mariánská kasárna spelar ei sentral rolle i dette kapitelet ettersom deler av handlinga føregår i denne forlegninga i Budějovice. Det er her Švejk og Einjährigfreiwilliger Marek sit arrestert i tre dagar.

Bakgrunn

Mariánská kasárna var ein garnisons-bygning i Budějovice som husa erstatningsbataljonen til IR91 som Švejk og Oberleutnant Lukáš gjorde teneste i. Forfattaren sjølv var her frå omtrent 17. februar 1915 til ut mai. Erfaringane hans her er i stor grad gjenfortalde av Einjährigfreiwilliger Marek, hans alter ego. Jaroslav Hašek tenestgjorde her som Einjährigfreiwilliger, skulen låg i fjerde etasje i bygningen. Her låg òg regimentsarresten som både Švejk og skaparen hans kjende godt til.

1. juni 1915 vart erstatningsbataljonen flytta til Királyhida under omstende som likna mykje på omtalen i romanen. Akkurat som i romanen vart dei erstatta av eit ungarsk regiment. IR101 frå Békéscsaba i det sør-austlege Ungarn flytta inn den 9. juni. Einingar frå Landwehrinfanterieregiment Nr. 6 frå Eger (no Cheb) brukte deler av kaserna. Dei kom til byen 19. mai 1915 då dei vart byta med det lokale Landwehrinfanterieregiment Nr. 29.

Ved hovudinngangen er det montert ei minnetavle over Jaroslav Hašek. Kaserna vart i 2015 renovert og husar no kafear, butikkar, bustader og galleri.

Linkar

Takk til: Franta Hofer, Jaroslav Kejla

Sitat
[2.2] Po celé cestě se Švejkem od nádraží do Mariánských kasáren v Budějovicích upíral své oči křečovitě na Švejka, a kdykoliv přicházeli k nějakému rohu nebo křižovatce ulic, jako mimochodem vypravoval Švejkovi, kolik dostávají ostrých patron při každé eskortě, načež Švejk odpovídal, že je o tom přesvědčen, že žádný četník nebude po někom střílet na ulici, aby neudělal nějaké neštěstí.

Skrivst òg:Mariánské kasárny Hašek Marienkaserne de

K.u.k. Reserve-Spitalen flag
Google kartsøk

K.u.k. Reserve-Spital er nemnd indirekte av Einjährigfreiwilliger Marek når han fortel om korleis han brukte Regimentskrankenbuch til å lura seg ut av sjukehuset for å hygga seg på byen. Namnet på sjukehuset er ikkje eksplisitt nemnd.

Bakgrunn

K.u.k. Reserve-Spital var sjukehuset i Budějovice der Jaroslav Hašek i det verkelege liv skal ha gjort same trikset med Krankenbuch som Einjährigfreiwilliger Marek brukte i Den gode soldat Švejk. Hašek vart innlagd her 6. mars 1915 med diagnosen revmatisme og hjarteklappbetennelse. Bygningen var ei tidlegare Landwehr-kaserne. Den er i militær bruk den dag i dag og ligg nær jernbanestasjonen i Žižkova třída, i 1915 enno Radetzkygasse.

Linkar

Takk tilRadko Pytlík

Sitat
[2.2] Může být,“ připouštěl jednoroční dobrovolník, „že při té tahanici padlo pár pohlavků, ale to myslím nic na věci nemění, poněvadž je to vyložený omyl. On sám přiznává, že jsem řekl: ,Servus, Franci’ a jeho křestní jméno je Anton. To je úplně jasné. Mně snad může škodit jenom to, že jsem utekl z nemocnice, a jestli to praskne s tím ,krankenbuchem’...
Port Arthuren flag
Rudolfovská třída 326/-, Budějovice III.
Google kartsøk
namyte.jpg

Zaniklé hospody, s.131

portartur3.png

Budivoj, 8.1.1904

portarthur4.png

Budivoj, 7.11.1906

portarthur.png

Jihočeské Listy, 08.04.1907

portartur2.png

Offisielle bordell i Budějovice (1915)

portartur_vazda.png

Budweiser Zeitung, 9.8.1924

Port Arthur var eit horehus i Budějovice som dagleg vart frekventert av Einjährigfreiwilliger Marek. Han håpa med dette å pådra seg kjønnsjukdomar nok til å bli friteken krigsteneste.

Bakgrunn

Port Arthur er allment kjendt som det europeiske namnet på Lüshunkou. Dette er ein hamneby i Mandsjuria som vart verdskjend då den vart beleira av japanske styrkar under den russisk-japanske krigen i 1904-05.

Bordell etablert i 1904

I samanheng med Den gode soldat Švejk er det likevel viktigare at "Port Artur" faktisk VAR eit bordell i Budějovice. Det låg i Rudolfovská třída i den austlege utkanten av byen på ei høgd 401 m.o.h. kalla Pěkná vyhlídka (tysk Schöne Aussicht). I januar 1904 overtok Jan Filip vertshuset Na pěkné vyhlídce (hus nummer 326) og om hausten same året var det kome i drift som gledeshus etter at han hadde fått innvilga bordell-lisens. Frå fyrste stund vert det rapportert om bråk, noko som kan ha ført til kallenamnet "Port Artur", inspirert av krigen i det fjerne austen og beleiringa av denne hamnebyen (den starta tidlegare på året).

I 1906 kom eigaren Jan Filip på nytt i avisene med skuldingar om at han hadde svike den tsjekkiske nasjon og seld stemma si til den tyske borgarmeisteren Josef Taschek for å få lisens til å driva bordell. Året etter var "Port Artur" på ny i avisene grunna bråk men den negative omtalen frå dei tsjekkiske avisene har eit visst preg av svertekampanje mot "Judas" redaktør Filip, den tysk-nasjonalistiske Taschek, og tyskarar generelt. I det heile er avisene på denne tida fulle av sjåvinistisk oppgulp, og dette gjeld begge sider.

Uvisst etter 1909

I 1909 kjøpte ein viss Bernard Machatý eigedomen og i adresseboka står han som eigar av hestedrosjar. Han har nok gått konkurs for i 1914 vart nr. 326 lyst ut på tvangsauksjon. Om bordellet har halde fram på same adressa etter 1909 er uvisst men i juni 1915 kom det eit avisoppslag som viser til arrestasjon av to tjuvar som hadde drukke på "eit visst bordell" i Rudolfovská třída. Dette treng nødvendigvis ikkje ha vore på same adressa eller ha hatt noko med "Port Artur" å gjera. Dessutan nemner adresseboka for 1915 berre to bordell i byen, men ingen av dei var i Rudolfovská třída. Men utover dette har nok uoffisielle bordell vore i drift og dessutan er heller ikkje adressebøker feilfrie.

I 1919 dukkar endå ein mogeleg samanheng opp. Ein notis i Hlas lidu med overskrifta "Eit nytt skammens hus?" fortel at ei viss fru Machatá, den fråskilde kona til ein bordelleigar Machatý, har seld horehuset Tripolis og skal starta eit nytt att. Dette var i den nordlege delen av byen, ikkje så langt frå Mariánská kasárna.

Etter krigen

På denne adressa adverterer i 1919 hestehandlaren Felix Vazda hollandske hestar og frå 1920 til 1947 viser annonsar eintydige spor etter møbelfabrikken til Václav Vazda (f. 1889) som hadde flytta til byen frå Ledenice. På den andre sida opplyser Milan Binder om at i mellomkrigstida var eigedomen tilhaldstad for hospoda Na Mýtě. Etter krigen vart bordella stengde og det ser ut som staden vart eit vanleg vertshus (dette kan vel òg has skjedd alt frå 1909). Ein notis i Budweiser Zeitung frå 1924 opplyser at Mautwirtshaus no i tillegg hadde fått det tsjekkiske namnet Hostinec na Mytě. Men ved fyrste augekast virkar det som om "na Mytě" ikkje er på adressa til "Port Artur" ettersom husnummera ikkje stemmer. I dag held bygningsfirmaet Edikt As til her men husnummeret er 461, ikkje 326 som ein skulle tru. Nummer 326 eksisterer ikkje i dette området lenger. Milan Binder legg i denne samanhengen til at det to gonger har vore omnummerering av bygningar i Budějovice, sist i 1979. Dette er i det minste ei god forklaring på at nummera ikkje stemmer.

Linkar

Takk til: Milan Binder, Jihočeské Listy, Budivoj, Budweiser Zeitung

Sitat
[2.2] Denně jsem chodil do ,Port Arthuru’, někteří kolegové už dostali zánět varlat, řezali jim pauchy, a já jsem byl pořád imunní. Smůla, kamaráde, nekřesťanská. Až jsem se ti jednou ,U růže’ seznámil s jedním invalidou z Hluboké.
U růžeen flag
Pražská ul. -/5, Budějovice
Google kartsøk
uruze.jpg

Zaniklé hospody, s.157

uruze1.png

Chytilův adresář, 1915

uruze2.png

Jihočeské listy, 9.1.1937

uruze.png

Jihočeské listy, 31.12.1914

U růže var ein pub i Budějovice som er nemnd når Einjährigfreiwilliger Marek møter ein krøpling frå Hluboká her som kunne hjelpa han med gikt.

Bakgrunn

U růže viser truleg til U bílé růže, ein pub som låg to inngangar nord for Mariánská kasárna i Pražská ulice 5, Budějovice. Vertshuset eksisterte minst sidan 1879 og vart til dels brukt som forsamlingslokale, til dømes valgmøte. I 1884 annonserte František Smauš at han hadde teke over lokalet som òg på denne tida var kjendt som U hlavů. I 1896 vart det dokketeaterframstillingar her og vert var no Jindřich Kopecký. Han er òg oppførd som innehavar i 1905 då han lyste ein karusell til salgs. Denne har nok vore brukt i hagen til restauranten. På 1890-talet selde vertshuset øl frå Protivín men det er uvisst om dette var tilfellet òg i 1915.

Restaurantvert per 31. desember 1910 var František Vostl, ein person Jaroslav Hašek heilt sikkert kjende ettersom han framleis var oppførd som innehavar i 1915. Vostl dreiv dessutan med hestedrosjar og handla med fisk. Han døydde 22. juni 1933 i ein alder av 62. Han var kneipevert på U bílé růže minst fram til 1924 og sette ofte inn annonsar i Jihočeské listy på nyttårsaftene der han ynskte kundane "Godt Nyttår". Lokalet var i bruk som vertshus til etter 2.verdskrigen og bygningen vart riven fyrst i 1992.

Hašek på "Den kvite rose"

Ein artikkel i Jihočeské listy frå 9. januar 1937 stadfestar at Jaroslav Hašek vanka på lokalet i 1915. Han underheldt gjestene med patriotisk skrål. Artikkelen som er underteikna med pseudonymet Al. Terego nemner dessutan at lokalet òg berre vart kalla "U růže".

Eit alternativ

Einjährigfreiwilliger Marek kan òg ha meint kaféen U černého růže (Zur schwarzen Rose) på hjørna av Piaristická ulice og Česká ulice. Denne hypotesa er langt svakare ettersom lokalet ligg lenger borte frå kaserna og virkar dessutan å ha vore mest besøkt av tyskarar. Innehavar i 1915 var Anna Czech.

Milan Binder

Zmiňovaná hospoda "U růže" bude určitě hospoda "U bílá růže", která byla hned vedle Mariánských kasáren. Informace o ní najdete také v knize "Zaniklé hospody", na straně 157 a 158.

Linkar

Takk til: Milan Binder, Jihočeské listy, Budivoj

Sitat
[2.2] Denně jsem chodil do ,Port Arthuru’, někteří kolegové už dostali zánět varlat, řezali jim pauchy, a já jsem byl pořád imunní. Smůla, kamaráde, nekřesťanská. Až jsem se ti jednou ,U růže’ seznámil s jedním invalidou z Hluboké. Ten mně řekl, abych jednou v neděli k němu přišel na návštěvu, a na druhý den že budu mít nohy jako konve. Měl doma tu jehlu i stříkačku, a já jsem opravdu sotva došel z Hluboké domů.

Skrivst òg:The Rose en Zur Rose de Ved rosa no

Měšťanská besedaen flag
Na Sádech -/-, Budějovice
Google kartsøk
besedacb.png

Hlas lidu, 29.9.1914

Měšťanská beseda skulle i fylgje Einjährigfreiwilliger Marek servera god mat, i motsetning til arresten han og Švejk sit i.

Bakgrunn

Měšťanská beseda var eit forsamlingshus, restaurant og overnattingsstad i Budějovice som eksisterte frå 1870, eigd av borgarsamskipnaden Českobudějovická Beseda. Den var mest ein samlingsstad for den tsjekkiske delen av byen si befolkning og det var her Český akciovný pivovar (no kjent som Budweiser Budvar) vart stifta i 1891. Bryggeriet kom i drift i 1895 og det seier seg dermed sjølv av restauranten tappa øl frå nettopp dette bryggeriet og det gjorde det enno ved krigsutbrotet.

Frå Juli 1914 og minst fram til 1922 vart restauranten hjå Beseda driven av Vilém Sandholec, bror til eigaren av Hotel Slunce på Náměstí. I fylgje Radko Pytlík vitja Jaroslav Hašek faktisk restauranten så Einjährigfreiwilliger Marek visste nok godt kva han snakka om. I 1924 vart det gjort ei større renovering og restauranten var i 2015 enno i drift men om den har vore det samanhengande etterpå er uvisst.

Linkar

Takk tilRadko Pytlík, Milan Binder, Jihočeské Listy

Sitat
[2.2] Himlhergot, není co kouřit, kamaráde. Nechcete, abych vás naučil plivat na strop? Podívejte se, to se dělá takhle. Myslete si přitom něco, a vaše přání se splní. Jestli rád pijete pivo, mohu vám odporučiti výbornou vodu tamhle ve džbáně. Máte-li hlad a chcete-li chutně pojíst, doporučuji vám ,Měšťanskou besedu’.

Skrivst òg:City Club Parrott Burghers'Club Sadlon Bürgerressource de Borgarklubben no

Pionierkadettenschule Hainburgen flag
Wikipedia de Google kartsøk
kshainburg1.jpg

Heerwesen, Hugo Schmid, 1916

Pionierkadettenschule Hainburg er nemnd når Einjährigfreiwilliger Marek fortel Švejk om den idiotiske Fähnrich Dauerling som fekk opplæringa si ved denne skulen.

Bakgrunn

Pionierkadettenschule Hainburg eksisterte frå 1868 til 1913, då den fekk status som Militærakademi. Institusjonen låg på Schloss.

Sitat
[2.2] Mladý Dauerling po hrozném zápase s čtyřmi třídami nižší reálky, které vystudoval soukromě, přičemž předčasně zešedivěl a zblbl jeho domácí učitel a druhý chtěl skočit v zoufalství se svatoštěpánské věže ve Vídni, přišel do hainburské kadetní školy. V kadetce se nikdy nedbalo na předběžné vzdělání, neboť to většinou nehodí se pro rakouské aktivní důstojníky.
Stephansdomen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Stephansdom vert nemnd avdi læraren til Fähnrich Dauerling var så oppgitt over dumskapen til eleven sin at han i fortvilelse ville kasta seg ut frå tårnet i Stefansdomen.

Bakgrunn

Stephansdom er viktigaste katedralen i Wien og ein av dei store attraksjonane i byen.

Linkar

Sitat
[2.2] Mladý Dauerling po hrozném zápase s čtyřmi třídami nižší reálky, které vystudoval soukromě, přičemž předčasně zešedivěl a zblbl jeho domácí učitel a druhý chtěl skočit v zoufalství se svatoštěpánské věže ve Vídni, přišel do hainburské kadetní školy. V kadetce se nikdy nedbalo na předběžné vzdělání, neboť to většinou nehodí se pro rakouské aktivní důstojníky.

Skrivst òg:Saint Stephen's Cathedral en Dóm svatého Štěpána cz Stephansdom de

Theresianische Militärakademieen flag
Wikipedia deenhuno Google kartsøk
therak.jpg

Heerwesen, Hugo Schmid, 1916

Theresianische Militärakademie er ein stad der, i fylgje Einjährigfreiwilliger Marek, dei største idiotane hamnar.

Bakgrunn

Theresianische Militärakademie er verdas eldste eksisterande militærakademi, grunnlagd av keisarinne Maria Theresia 14. desember 1751. Dei utdanna offiserar til infanteriet og kavaleriet, utdanninga varde i 3 år. Den nyutdanna fekk automatisk rangen Leutnant. I dag er det Austerrike sin einaste undervisningstad for militære. Akademiet ligg i Wiener Neustadt.

Sitat
[2.2] Jeho odpovědi při zkouškách jasně hovořily o tom neštěstí a vynikaly takovou pitomostí, a byly považovány přímo za klasické pro svou hlubokou pitomost a popletenost, že profesoři kadetky jinak ho nenazývali než ,unser braver Trottel’. Jeho hloupost byla tak oslňující, že byla největší naděje, že snad po několika desetiletích dostane se do tereziánské vojenské akademie či do ministerstva vojenství.

Skrivst òg:Theresian Military Academy en Tereziánská vojenská akademie cz Theresianum Katonai Akadémia hu

Hotel v Kutné Hořěen flag
Google kartsøk
cernykun.jpg

Former Hotel Černý kůň

hotelhasek.png

Guide to the Bohemian section and to the Kingdom of Bohemia, 1906

Hotel v Kutné Hořě var åstaden for ein krangel mellom Major Wenzl (då enno kaptain) og overkelnaren i hotelrestauranten. Den dåverande kapteinen kalla kelnaren eit "tsjekkisk pakk", noko som laga bylgjer heilt til Reichsrat etter at Kadetstellvertreter Zítko hadde avslørt episoden i lokalavisa.

Bakgrunn

Hotel v Kutné Hořě (eit hotell i Kutná Hora) er umogeleg å identifisera utfrå romanen åleine ettersom det var fleire hotell i byen. Berre ved å studera Dobrý voják Švejk v zajetí har ein peikepinnar vidare. Episoden er svært likt omtala og her skriv forfattaren at Major Wenzl skjelte ut overkelnaren på Haškův hotel (Hašeks hotell).

Omgrepet tyder på at Jaroslav Hašek viser til Hotel Černý kůň (Den svarte hest) i Kollárova ulice 314/6. Eigar frå 1892 var Emil Hašek men før 1906 hadde han etablert seg med eit nytt hotell i Praha ovafor Severozápadní nádraží. Eigar av hotellet i Kutná Hora var i 1912 Arnošt Moravec. Til trass for nye eigar kan det godt vera at det på folkemunne enno var kjend som Hašeks hotell då Jaroslav Hašek vitja byen i 1914 og dessutan då Franz Wenzel, prototypen for Major Wenzl, gjorde teneste her frå 1. mai 1913 til etter krigsutbrotet.

Dobrý voják Švejk v zajetí

Major Wenzl nebyl sice žádná zvláštní vojenská hvězd rakouská, ale měl strach z národnostních sporů. Měl za manželku Češku a kdysi, když ještě sloužil jako hejtman v Kutné Hoře, přišel do novin, poněvadž jednou v napilosti vynadal číšníkovi v Haškově hotelu "česká pakáž", ačkoli mluvil sám jinak jen česky v domácnosti i ve společnosti.

Linkar

Sitat
[2.2] Když před lety sloužil jako hejtman v Kutné Hoře vynadal jednou v opilosti v jednom hotelu vrchnímu, že je česká pakáž. Upozorňuji přitom, že ve společnosti mluvil major Wenzl výhradně česky, stejně jako ve své domácnosti, a že jeho synové studují česky.
Apolloen flag
Fügnerovo nám. 1866/4, Praha II
Google kartsøk
apollo2.png

Národní listy, 4.2.1915

Apollo er nemnd i soga Švejk fortel Einjährigfreiwilliger Marek i om krigens fyrste invalide, ein viss snekkar Mlíčko. På Apollo reiv nokon av han trefoten og klakka til han i hovudet med den.

Bakgrunn

Apollo var ein stor nattkafe og danserestaurant på Fügnerovo náměstí i Nové město, ikkje i Vinohrady som Švejk seier. Den er inkludert i Egon Erwin Kisch si liste over 11 lokale som var forbodne for dei som tenestegjorde i dei væpna styrkane [7].

Tidleg i februar 1915 dukka det opp ein annonse for "danseunderhaldning" i Národní listy, og dette stadfestar at František Štastný enno dreiv lokalet (han var alt oppført som innehavar i adresseboka frå 1910).

Linkar

Takk tilJaroslav Šerák, Radko Pytlík, Hans-Peter Laqueur

Sitat
[2.2] Jednou přišel do ,Apolla’ na Vinohradech a tam se dostal do sporu s řezníky z porážky, kteří mu nakonec utrhli umělou nohu a praštili ho s ní přes hlavu.
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

2. Švejks anabase til Budějovice


© 2009 - 2020 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 15/1-2021