Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk museumLiterární ArchivReisedagbokBlogFacebookKontakt

Romanen Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse har fram til 15.9 2013 vore kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemte geofrafiske punkt som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut ein denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som kan rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt punkt på jorda. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta lokale. Til dømes er Gemeinsame Armee og U kalicha ikkje eintydige geografiske omgrep, difor vert desse frå no flytta over til denne sida.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (177) Syn alle
>> I. Bak fronten
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

5. Frå Bruck an der Leitha til Sokal

Brucker Zuckerfabriken flag
Google kartsøk
zucker.jpg

Brucker Zuckerfabrik um 1910

Brucker Zuckerfabrik er nemnd av Lukáš gjennom ordet "sukkerfabrikken" når han fortel Vaněk om ein øvelse i Bruck an der Leitha.

Bakgrunn

Brucker Zuckerfabrik var frå den vart grunnlagd i 1909 fram til fabrikken vart stengd i 1986 eit av dei største sukker-anlegga i Austerrike. I dag held ein biodieselfabrikk til her. Wolfgang Gruber and Erwin Sillaber har skrive ei detaljert bok om historia til sukkerfabrikken.

Trotz regionaler Widerstände und Schwierigkeiten entstand in Bruck im Jahre 1909 ein moderner Verarbeitungsbetrieb für Zuckerrüben. Die Brucker Zuckerfabrik wurde für die Ostregion südlich der Donau über Jahrzehnte zu einem wichtigen Arbeit- und Auftraggeber.

Linkar

Kjelde: Wolfgang Gruber

Sitat
[2.5] „Předevčírem při nachtübungu měli jsme, jak víte, manévrovat proti Einjährigfreiwilligen Schule za cukrovarem. První švarm, vorhut, ten šel ještě tiše po silnici, poněvadž ten jsem vedl sám, ale druhý, který měl jít nalevo a rozeslat vorpatroly pod cukrovar, ten si počínal, jako kdyby šel z výletu.

Skrivst òg:Bruck Sugar Factory en Bruck cukrovar cz Bruck sukkerfabrikk no

Drogerie Kokoškaen flag
Na Perstyně 360/4, Praha I-Ferdinand Kokoška [1891]
Google kartsøk
drogeriekokoska.jpg

Hus nr. 360, 2. januar 1905. © AHMP

kokoska2.png

Národní listy, 1.7.1890

Drogerie Kokoška er nemnd i Švejk si forteljing om tida si som apotekarlærling hjå herr Kokoška i Na Perštýně. Her er i denne gata heldt apotekar til.

Bakgrunn

Drogerie Kokoška var eit apotek/fargehandel der Jaroslav Hašek i 1898 arbeidde etter å ha avbrote gymnaset. Butikken låg på hjørna mellom Na Perštýně og Martinská ulice, i huset U třech zlatých koulí. Opplysningane vert stadfesta av avisannonsar, adressebøker og eit fotografi frå 1905. Eigaren Kokoška opna butikken/verkstaden i sommaren 1890 og den var i drift fram til 1906 då innehavaren døydde.

Frå det gamle apoteket

Forfattaren si tid som apotekarlærling inspirerte ein følgjetong på åtte soger som kom på trykk i Veselá Praha i 1909 og 1910. Her dukkar Kokoška, Tauchen og Ferdinand alle opp, men dei to fyrste har fått namna sine litt vridd på men godt gjenkjennelege (Kološka og Tauben). Forteljingane var omsette til engelsk av Cecil Parrott og er med i boka The red commissar.

Sogene som er i eg-form skildrar apoteket, dei som arbeidde der og dessutan kundar og naboar. Sentralt står sjefen Herr Kološka som er ein eldre, godhjarta herre. Assistenten hans er den late Tauben som ikkje tek oppgåvene sine for høgtideleg og som oppfordrar den unge lærlingen til heller ikkje å forhasta seg. Ein anna tilsett er Ferdinand som er kjend for den fargerike kjerra si som han legg all sin flid og stoltheit i. Fru Kološka er svært usympatisk skildra med tilnamnet "syre". Ho tyranniserer mannen sin og dei tilsette. Namnet hennar er Marie (fødd Vanouš) og er ei høg og fyldig dame som saman med far sin stadig minner Kološka på at forretninga hadde gått under hadde det ikkje vore for dei. Det kjem fram at Kološka og kona bur saman med den vonde svigerfaren og at ekteskapet kom i stand av økonomiske grunnar. Dei bur ein anna stad enn apoteket og er truleg nokså velståande.

Dikting og fakta

Som vanleg hjå Hašek er òg desse sogene ei blanding av sanning og diktning. Det er ingen tvil om at forfattaren var lærling der, at eigaren var Kokoška og at plasseringa av apoteket er korrekt. Václav Menger skriv dessutan at ein Tauben arbeidde der, likeleis ein Ferdinand Vavra som nok er førebiletet for Ferdinand med kjerra. Tauben derimot skal den unge lærlingen ha hatt eit langt meir anstrengt forhold til enn det som kjem fram i forteljingane. Den unge Hašek vart utsett for ein del misunning mellom dei tilsette fordi han var flink og vart sjefen sin yndling. Vidare nemner Menger fru Kokošková og at ho var frå ein rik bakgrunn. Dette stemmer tilsynelatande men ellers har nok forfattaren dikta om ein del. Frå folkeregisteret kjem det fram at fru Kokošková var fødd Anna Milner i 1857 og slett ikkje Marie Vanouš som i sogene. At familien budde ein anna stad enn apoteket er derimot sant, adressa var Praha II, Pštrossová ul. 221/25. Her er dei registrerte frå 1880 og året etter vart dottera Anna fødd, så flyttinga kan klårt knytast til giftarmålet. Hašek kan òg ha vore inne på noko når det gjeld den ufyselege oppførselen til fru Kološková. Anna Kokošková døydde etter kvart på sinnsjukehus i Praha. Derimot er Tauben (evt. Tauchen) er eit mysterium til trass for opplysningane frå Menger. Det er ikkje ein einaste Tauben å finna i korkje folkeregisteret eller politibøkene, og dei få Tauchen som er førde opp har det ikkje lukkast å knyta til Kokoška eller noko apoteket.

Ettertid

Etter at Kokoška døydde i 1906 vart butikken og verkstaden overteken av Václav Rubeš. I mellomtida hadde den òg flytta frå nr. 360 til nabohuset nr. 359 med adresse Martinská ulice. Anna Kokošková døydde fyrst i 1916, 59 år gammal. Det er uvisst kva som hende med dottera Anna som var 26 år då faren døydde.

Linkar

Sitat
[2.5] „Já jsem se taky učil materialistou,“ řekl Švejk, „u nějakýho pana Kokošky na Perštýně v Praze. To byl náramnej podivín, a když jsem mu jednou vomylem ve sklepě zapálil sud benzinu a von vyhořel, tak mne vyhnal a gremium mne už nikde nepřijalo, takže jsem se kvůli pitomýmu sudu benzinu nemoh doučit. Vyrábíte také koření pro krávy?“

Skrivst òg:Drogerie Kokoschka de

U milosrdnýchen flag
Google kartsøk

U milosrdných er nemnd i Švejk si forteljing om tida si som apotekarlærling hjå at Kokoška.

Bakgrunn

U milosrdných viser til sjukehuset Nemocnice na Františku tilknytta kloster-komplekset Klášter milosrdných bratří s kostelem sv. Šimona a Judy i Staré Město. Dette sjukehuset var det fyrste i Europa som opererte ved narkose (1847).

Sitat
[2.5] Chytal holuby na půdě, uměl votvírat pult s penězma a ještě nás učil jinejm melouchům se zbožím. Já jako kluk jsem měl doma takovou lékárnu, kterou jsem si přines z krámu domů, že ji neměli ani ,U milosrdnejch’. A ten pomoh panu Tauchenovi; jen řek: ,Tak to sem dají, pane Tauchen, ať se na to kouknu,’ hned mu poslal pan Tauchen pro pivo.

Skrivst òg:U milosrdnejch Švejk

Plynární stanice Letnaen flag
U Královské Obory 138/37, Praha VII
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Plynární stanice Letna er nemnd i samband med historia om gassarbeidaren Zátka.

Bakgrunn

Plynární stanice Letna viser til ein gass-stasjon på Letná som det var to av i 1910. Begge var vakthus (strážnice) som hadde gatebelysning som hovudoppgåve. Den mest opplagde kandidaten låg oppe på Letná-sletta i U Královské Obory 138 (no Nad Královskou oborou 138/37), men ein kan ikkje sjå heilt bort frå stasjonen i Skuherského 724/32 (no Pplk. Sochora 724/30).

Sitat
[2.5] „Co se mý osoby týká, pane rechnungsfeldvébl, když jsem to slyšel, co vy jste vo těch outvarech povídal, tak jsem si vzpomněl na nějakýho Zátku, plynárníka; von byl na plynární stanici na Letný a rozsvěcoval a zas zhasínal lampy.
Kostel svaté Kateřinyen flag
Wikipedia czde Google kartsøk

Kostel svaté Kateřiny er omtala i samband med historia om rekrutt Pech som var frå Dolní Bousov der denne kyrkja ligg.

Bakgrunn

Kostel svaté Kateřiny er soknekyrkja i Dolní Bousov, bygd i 1759 og 60 i fylgje lokale kjelder. Det var truleg ei kyrkje der allereie, noko som samsvarar med Pech sine utsagn.

Sitat
[2.5] Dolní Bousov, Unter Bautzen, 267 domů, 1936 obyvatelů českých, hejtmanství Jičín, okres Sobotka, bývalé panství Kosť, farní chrám svaté Kateřiny ze 14. století, obnovený hrabětem Václavem Vratislavem Netolickým, škola, pošta, telegraf, stanice české obchodní dráhy, cukrovar, mlýn s pilou, samota Valcha, šest výročních trhů.’
Sankt Savakyrkjaen flag
Wikipedia deennosr Google kartsøk
stsava.jpg

Den fyrste St. Sava kyrkja, 1895

Sankt Savakyrkja er omtala avdi heile det 6. marsjkompani forsvann der under tilbaketreknigna frå Beograd i desember 1914. Dette kjem fram under rettsaka mot Teveles.

Bakgrunn

Sankt Savakyrkja kan ved fyrste augekast synast å visa til den største og viktigaste katedralen i Serbia, og den største katedralen i heile det søraustlege Europa, og største ortodokse katedral i verda.

Det er likevel ein hake ved dette: i 1914 var den enno berre under planlegging. Katedralen vart bygd fyrst frå 1935, men i 1914 stod det ei lita kyrkje med same namn på tomta og det er nok denne forfattaren viser til. Begge kyrkjene låg/ligg på høgda Vračar.

Det sakna marsjkompaniet

Historia om det forsvunne 6. marsjkompani kan ha ein viss bakgrunn i røyndomen sjølv om denne eininga aldri eksisterte (kvar marsjbataljon hadde fire kompani, nummererte I,II,III og IV). Forfattaren kan derimot ha hatt IR91/6. feltkompani eller eit anna kompani i IR91 i tankane. Desse kjempa sør for Beograd under tilbaketrekkjinga frå Serbia i veka fram til 15. desember 1914. På denne tida mista regimentet tre fulle kompani før resten redda seg over elva Sava og inn i Ungarn. Dei tre feltkompania (5., 13. og 14.) vart rettnok tekne til fange ved Borak sør for Beograd, ikkje inne i sjølve byen.

Linkar

Kjelde: Rudolf Kiesswetter, Petr Novák

Sitat
[2.5] Byl-li však pěšák Teveles povýšen v bělehradské válečné kampani za četaře, nedalo se naprosto zjistit, poněvadž celá 6. marškumpanie se ztratila u cerkve sv. Sávy v Bělehradě i se svými důstojníky.

Skrivst òg:Cerkev svaté Savy Hašek Kostel svaté Savy cz Church of Saint Sava en црква Светог Саве sr

Zur weissen Roseen flag
Google kartsøk

Zur weissen Rose er nemnd i samband med at Peroutka vart funnen her då kompaniet var i ferd med å dra til fronten.

Bakgrunn

Zur weissen Rose er ikkje identifisert, men kan vera ei feiloversetjing eller feilskriving av Zum Weissen Rössel, ein skjenkestad i Bruck an der Leitha. Zum Weissen Rössel låg i Altstadt 6 og i andre etasje var det ein Mannschaftspuff (bordell for mannskapa). Altstadt er namnet på ei gate, ikkje Gamlebyen, som namnet kan tyda på. Den var under fyrste verdskrigen senter for natteliv og underhaldning i Bruck.

Bohumil Vlček opplyser at ei tsjekkisk servitrise Růženka arbeidde på ein viss u Růže (Zur Rose), og at mange tsjekkarar, inkludert Jaroslav Hašek, gjekk der jamt. Vidare kan Jan Morávek i eit intervju som kom på trykk i Průboj 3.3. 1968 fortelja at Jaroslav Hašek før avreisa til fronten vart henta på U zlatého růže (Zur goldenen Rose). Det handlar nok om same staden, men det rår stor usikkerheit om det eigentlege namnet. Ytterlegare nemner Vlček at Hašek i same tilfellet vart henta på ei kneipe ved jernbanestasjonen. I så fall held ikkje hypotesa om Zum Weissen Rössel, ettersom denne låg om lag 10 minutt gange frå stasjonen. På den andre sida sler Vlček fast at "Rosa" låg i Bruck, uansett kva farge og fasong den måtte ha.

Bohumil Vlček

V lágru nás nic nepoutalo, proto po zaměstnáni navštěvovali jsme v Mostě hostinec u "Růže" kde nás obsluhovala naše česká číšnice Růženka / jak v románě též o tom zmínka :/ Tam byl stalým hostem Jaroslav Hašek, kterého jsem tam též osobni poznal. Většinou do restaurace chodili Češi, jednoročáci a i mužstvo od náhr. praporu.

Linkar

Kjelde: Bohumil Vlček, Wolfgang Gruber, Friedrich Petzneck, Klara Köttner-Benigni, Jan Morávek

Sitat
[2.5] Vymlouval se, že chtěl před odjezdem prohlédnout známý skleník hraběte Harracha u Brucku a na zpáteční cestě že zabloudil, a teprve ráno celý unavený že dorazil k „Bílé růži“. (Zatím spal s Růženkou od „Bílé růže“.)

Skrivst òg:At the White Rose en U bílé růže cz Fehér Rózsa hu Ved den Kvite Rose no

Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

5. Frå Bruck an der Leitha til Sokal


© 2009 - 2019 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 23/6-2019