Reisebrev 2
14/10 - 21/10 2002

Florida (sør)

Om reisebreva Informasjon om USA (frå BBC)
Map


London - Miami Beach

14/10-2002 (dag 7)

Flyavgangen med Swiss Airlines til Zürich er klokka 7, uvelkomment tidleg. Drosjen har ikkje taxi-skilt så eg tek på meg skeptiske briller og ber han forklara kvar han skal. Ein kan aldri vita i desse tider. Han viser seg å vera i orden og losar meg trygt gjennom for meg ukjende delar av kjempebyen. London City Airport er ny, skinande, liten og handterleg. Ein må gi den fem ut av fem. Dessutan ligg den mykje nærare sentrum enn dei andre flyplassane i London.

Det er svært kort ventetid i Zürich, så vidt det går. Deretter er det berre å setja seg tilbake i ni samfulle timar. Det er ein avslappande flytur, søv litt, les i Florida-guiden og knottar litt på mitt nye Fujitsu-Siemens leiketøy. Film er standard på turar over Atlanteren, denne gong er det same filmen som eg berre halvt fekk med meg på Kirkenes grunna ræksjuka: "About a boy" med Hugh Grant.

Fyller pliktskuldigst ut "Visa waiver form". Skriv under på at eg ikkje har undergravande eller kriminelle hensikter med besøket i USA. Eit av punkta har noko om "engaging in criminal or immoral activities". Ein funderar litt og skriv like greitt frå seg alle umoralske og forbryterske planar. Slike spørsmål har eg aldri vore ute for før. Stussar òg litt over at ein må gje frå seg klageretten. Han som sit og tek imot oss er dermed Allmektig. Seier The Immigration Officer "No!" nyttar det ikkje å klaga til sjefen hans, the Attorney General (justisminister), John Ashcroft. Denne strir som kjendt med større fisk (som enno ikkje er fanga).

Art Deco i South Beach. Denne restauranten var ein av favorittane til gangsteren Al Capone.

Med alle papir i orden og med berre gode hensikter landar me i Miami. Køen er som venta lang. Kor mykje av dette som har med "nine-eleven" å gjera veit eg ikkje, men har høyrt det kunne vera ille før òg.

Har forstått såpass at ein bør vera sakleg i omgang med U.S. Immigration. Dette klarar eg sjølvsagt framifrå, disiplinert som eg er. Dreg ingen smaklause vitsar om flyskular eller melis på ryggsekken, slikt får heller koma i lukka selskap (closed company).

Det heile går greitt og ein er trygt inne i det som ryktast å vera verdens friaste land. Ei stund fryktar eg at eg har floge feil ettersom alt som blir sagt over høgtalar-anlegget er på spansk. Berre dei mange flagga reddar meg frå denslags sjuke innbillingar.

Som frykta hadde sekken min vorte att i Zürich, men Swiss har den under kontroll. Dei skal senda den til meg. Eg har bestilt rom på Tropics Hostel på Miami Beach, er uvanleg godt organisert i dag. Vil ta bussen dit, men det viser seg at eg må ha nøyaktig $1.25 for å koma på. Eg har berre 20-dollar setlar rett frå mini-banken og sjåføren viser ingen nåde.


Heldigvis har flyplassen ein "shuttle-service" til Miami Beach, eit slags drosje som ventar til mange nok er meldt på før den fér. Det blir redninga, dei mildt sagt fyldige damane ordnar opp med imponerande energi og effektivitet. Det går fort og greitt. Sjåføren smiler så berre tennene synest då han får sitt livs tip. Eg hadde enno ikkje vekslepengar ...

Herberget er bra utan å vera i verdsklasse. Dei har symjebasseng og dyrt internett. "Hostel" er det einaste nokonlunde praktiske og rimelege alternativet når ein reiser åleine. Ellers betalar ein ofte rompris, då blir det dyrt for ein einsleg stakkar. Ein vil òg gjerne ha selskap. Me er fire på rommet, dei andre tre heiter alle Greg: ein fransk, ein kanadisk og ein puerto-ricanar (som bur i Los Angeles). For meg er dagen over, ein må prøva å justera døgnrytmen fem-seks timar. Tvingar meg til å vera oppe fram til vanleg sengetid. Swiss Airlines har forsynt meg med toalettsaker, noko som flyselskapa gjer når bagasjen kjem på avvege. Sekken blir det sagt skal koma med same fly i morgon.

Dei fyrste få timane i Miami avslører byen sin spesielle status. Ein høyrer meir spansk enn engelsk på gatene, òg her ute på South Beach. Sjølv om dei fleste er cubanos kjem mange òg frå Mellom-Amerika. Er innom Liquor Lounge rundt hjørnet, drikk eit par øl. Desse er som venta avsindig dårlege (Bud Light), men i varmen er det minst like godt som vatn med klor i. Ein anna bar, Mac's Deuce Bar, er heller enkel, meir som dei skumle plassane ein har sett på film. Dagen etterpå finn eg ut at den er kjend: Don Johnson rydda opp i kjend stil her i ein episode av Miami Vice.


Miami Beach

15/10-2002 (dag 8)

Eg søv godt, er glad for at eg var oppe normalt lenge i går, så ein er inni i rytmen att. Er ute og vandrar på stranda, flott asur-blått vatn, men ellers mykje høgbygg langs den fasjonable Ocean Drive. Dei fargerike Art Deco bygningane livar opp her på South Beach. Der er heitt og fuktig, treng enno litt tid til akklimatisering.

Bestemmer meg for å kasta meg på ein "Sightseeing Tour", kjøper den av ein latin-amerikanar, kva ellers ? Får og tid til å handla klokke og transformator (til elektronikken eg har drege med meg). I desse butikkane har prislappen lita meining: "I can give you a very good price, Sir!". Klokka var billeg men transformatoren forbløffande dyr. Ein gjev med ei hand og tek med den andre.

Blir plukka opp av Pablo til rett tid. Han har eige firma og eigen bil, rappkjefta og snakkar perfekt engelsk. Bilen er full; to tsjekkarar, ein nordmann, resten amerikanarar frå andre statar. Turen er svært kjendisorientert, her bur Gloria Estéfan, der Sylvester Stallone, her budde Al Capone, her vart "Casablanca" med Humphrey Bogart filma. Me får likevel sett ein del, langt meir enn ein kan klara på eiga hand i denne store (i flatevidde) byen. Båttur er det òg med, ei fin utflukt, trass regnet.

Utflukts-selskap i Miami.

Downtown Miami.

I desse nobelpris-tider må ein koma med eit lite sideblikk. Den tidlegare nicaraguanske diktatoren Anastasio Somosa kjøpte eit hus her etter at han vart styrta av sandinistane. Han betalte kontant for ein flott eigedom i nabolaget til Rocky og Rambo. Uheldigvis fekk han fem dagar etter kjøpet ein telefon frå dåverande president Jimmy Carter med oppmoding om å forlata landet. Som sagt så gjort. Han fekk asyl hjå ein likesinna, Alfredo Stroessner i Paraguay, men vart seinare myrda.

Jan (ein av tsjekkarane som var med på turen) og eg avtalar å dra "na pivo" (som det heiter på hans heimemål). Er nedom fiffen på Ocean Drive, der står ein bil med figur av Humphrey Bogart inni! Dyre drinkar og flotte folk er det som pregar stripa. Bilpark av slik klasse har eg aldri sett. Her skal ein ikkje koma med feittet slengjande tilfeldig rundt livet, på South Beach ser ein mest til "the beautiful people". Likevel er det lov å vera annaleis, dette er snobberi med ein viss toleranse ovafor oss mindre vakre. Følte med ikkje så utilpass som til dømes i Monaco, tykte i grunn det var greitt (så lenge ein har pengar).

Jan skulle eigentleg reist til USA saman med kona. Ho har ein onkel i Pennsylvania. Kona vart nekta visum. Jan fortel at det er relativt få tsjekkarar som i det heile får visum til USA. Visum-nekt til folk som skal på familiebesøk er likevel harde vilkår. Forståeleg nok er han heller syrleg når han samanstiller omgrepa "Amerika" og "fridom" (svoboda).

Me fann vegen inn i dei mindre fasjonable bakgatene. Finn ein pub med tsjekkisk fatøl, the Abbey Brewery. Fuktig og varmt, det var godt å koma inn i dei avkjølte lokala i blant. Me kjem godt overeins, men det er kronglete med kombinasjon av språkvanskar og høg musikk. Jan snakkar berre tsjekkisk. Me er begge over 40 og på tilårskome vis klagar me over helsa. Denne gongen er det stiv nakke grunna airconditioning. Kanskje burde eg senda desse breva til "Vi over seksti"?

Siste baren er Liquor Lounge. Den hugsast av to grunnar: dei har godt øl frå München (Spaten) og ein pissoar som er så låg at ein lurer på om det er meininga ein skal stå på kne.


Miami Beach

16/10-2002 (dag 9)

I og med at eg har TRE Greg på rommet må eg finna ein utveg. Etter modell av tabloidpressa døyper eg dei LA-Greg, Canada-Greg og Strasbourg-Greg. Eg vart alt fyrste kvelden åtvara mot snorkinga til Canada-Greg. Det ER det verste eg har høyrt: ein kakofoni av ville beist i slåstkamp og fandens kvelningsdød. Strasbourg-Greg ligg og vrir seg, det gjer me andre òg. Eg klarde meg betre avdi eg hadde vore på pub med Jan. Den einaste som søv godt er Canada-Greg. Når han er vaken er han derimot ein hyggeleg og harmlaus fyr. Han fekk PC-en sin stolen i Los Angeles, ei åtvaring til meg. LA-Greg reiste i dag, så no er det berre to å halda orden på. Ryggsekken er komen fram, dermed har eg alt eg treng.

Den nest eldste Hard Rock Café i verda.

Luksusvilla, hugsar ikkje om det er Sylvester eller Gloria sin (who cares).

Kjøper meir elektronikk hjå latinos. Det er billeg her. Salgsmetodane er harde men ein kan vri seg lett unna. Eg svir av den dyre transformatoren ved fyrste tilkobling til PC-en. Tek ein lang promenade langs South Beach. Bortsett frå dei fargerike bygningane er det ikkje allverda med det, men veret er flott heile året. Dette skal ikkje ein frosen nordbu forakta.

Er innom ein musikkbutikk som imponerer stort med både utvalg og prisar. Dette same gjer forresten elektrobutikkane. Det blir nok handlerunde her før eg flyg heim.

For andre dag på rad har eg ete både frukost og middag på ein kubansk restaurant, El Viajante. Er ikkje imponert over servicen, lurer på om dei har levd for lenge under "el socialismo", vorte varig prega av "la revolución". Ellers har eting og handling levd opp til stereotypane: det går fort og med smil, sjølv om det kan virka påklistra med "How are you?" og "Have a niiiice day" til alle tider. Når språket er spansk fell heldigvis overdrivingane vekk.


Miami Beach (tur til Miami)

17/10-2002 (dag 10)

Har no kutta ut kubansk frukost og prøver Jerry's Famous Deli, ein svær restaurant med fleire som serverer enn som et. Her er menyen så stor at ein må ha lesepause for å koma gjennom den. Et min fyrste "American Breakfast" med pannekaker. Her står beteninga på, nokon er stadig bortom og spør "is everything ok" ? Billeg er det derimot ikkje, men det var heller ikkje hjå kubanaren dei andre dagane. Miami Beach er visst nok ikkje representativt for prisnivået ellers i landet og med 15-20% i tips blir det verre enn ein trur ved fyrste augneblink.

Det er på tida å utforska sjølve Miami, downtown. Miami Beach er administrativt ein heilt eigen by og ligg på øyar utafor sjølve Miami. Det er fort å reisa til downtown med buss ("downtown" er amerikansk-engelsk for "city centre"). Sentrum er fullt av liv om dagen, men skal vera heilt daudt om kvelden. Det er eit reint forretningsdistrikt. Spansk er rådande her òg, tildels meir enn på South Beach.

Minnesmerke over "Playa Girón" (Grisebukta).

Sigarfabrikk i Little Havana.

Tek føtene fatt for å dra til Little Havana, det mest utprega latinamerikanske distriktet. Det er langt å gå i varmen. Tvers gjennom Little Havana går "Calle Ocho" (8th Street). Her høyrer ein berre spansk, skiltinga er rettnok ein del på engelsk. Er innom ein sigar-fabrikk og ein kafé der gamlingane sit med digre sigarar og spelar domino.

Eit minnesmerke over dei som fall i den mislukka invasjonen på Playa Girón (Grisebukta) i 1961 markerer sentrum i Little Havana. Dette er neppe staden for å gå rundt med Che Guevara t-skjorte. Dette er ei inntrengjande åtvaring til einkvar som av anna motivasjon enn dødsdrift måtte ha planar om slik ei påkledning.

Sløkkjer tyrsten i ein supermarknad/kafé. Her blir det dansa solo-salsa midt på dagen, alle unnateke dei som serverer er menn. Går ut i frå at dette er autentisk kubansk.

Finn ut at eg skal ordna meg togbillett vidare medan eg er på denne sida av byen. Tek metroen til Amtrak-stasjonen. Denne ligg ute i ingenmanns-land, det er som om Oslo S skulle ha vore på Lillestrøm. Legg merke til at utover her, i bydelen Overton, bur det nesten berre svarte. Dermed høyrer ein engelsk i bruk att.

Stasjonen er liten for ein så stor by, det seier vel sitt om den begrensa rolla jernbanen har i passasjertransporten i USA. Biletten vart dyr, blir fortalt at ein sparar mykje ved å bestilla nokre dagar i førevegen. Må visa legitimasjon for å få kjøpt billett, blir bedd om å ha med passet når eg skal ombord. Det går heldigvis direkte bus tilbake, men den tek over ein time. Miami er utruleg vidstrekt. Sjølv om det offentlege transport-nettet er rimeleg godt utbygd, går det mykje fortare med bil.


Miami Beach - Lakeland

18/10-2002 (dag 11)

Ein siste frukost og ein siste gåtur langs South Beach. Veret har slege om og lufta er mykje tørrare no enn då eg kom. Det går an å bevega seg ute. Det er ei flott strand og den blir godt vedlikehalden. Bilar køyrer opp og ned for å halda sanden på plass! Tilbake på Tropics er Strasbourg-Greg lite nøgd. Canada-Greg har lånt 40 dollar av han og er ikkje dukka opp etter det. Strasbourg skal og reisa i dag, så han er hefta fleire timar. Canada har sakene sine på rommet enno, så han har vel tenkt å dukka opp. Kanskje ligg han på ei strand og snorkar så sanden drys til havs? Korleis det gjekk til slutt veit eg ikkje.

South Beach.

Jerry's Famous Deli.

Det vert same bussturen som i går men i motsett retning. Det er kjedeleg, så eg iverkset ei demografisk undersøkjing. Held tal på svarte og kvite som til eikvar tid er på bussen. På Miami Beach og øyane er det stort set 10-0 eller meir (dei kvite er mest latinos). Like før bruane over til Miami endrar det seg litt men enno med stor overvekt av oss bleike. Gjennom Little Haiti er endringa dramatisk, dei kvite blir søkk borte. Dette er strøk som både Web-sida til Miami og guidebøkene oppmodar turistar om å halda seg vekke frå. Slik held det seg heilt fram til stasjonen, men der skal nesten ingen så det er vel 1-1. Sjåførane eg har reist med har utan unntak vore svarte.

Har rekna god tid, så eg et middag på La Criollita, ein enkel restaurant på hjørnet. Sjølve stasjonen har ikkje restaurant, berre brus og snacks-automatar. La Criollita er eit funn, billeg og god mat, og mykje trivelegare enn den kubanske staden eg åt på i Miami Beach. Et nasjonalretten "moros y cristianos" (ris og bønner) og går nøgd på toget.

"Moros y cristianos" betyr direkte oversett "maurarar(arabarar) og kristne". Såleis er dette ein rett med historisk (og politisk) undertone. Her tilsvarar maurarane bønner og dei kristne ris. Kan det vera fargen som avgjer dette tru? Eg er så naiv at eg vil try det ikkje er omvendt. Ein kan likevel sei at retten er politisk korrekt: det går an å blanda svart og kvitt, dette er Kuba eit døme på. Det burde òg tilsei at relegionar kan leva saman.

På La Criollita, enkel restaurant ved Amtrak-stasjonen.

Comida típica cubana (arroz, frijoles, plátanos fritos, chuleta de puerco).

Toget er gammalt men komfortabelt. Seint går det rettnok, linja er ikkje elektrifisert. Beteninga er bra og ein har restaurantvogn. Ser at ein kar har kobla opp pc-en sin i restauranten, så eg fylgjer eksempelet og kosar meg med Heineken (rekna som eit godt øl her i landet). Eg skal til Lakeland. Grunnen til besøket er "Rocktoberfest", ein musikkfestival i Polk City utafor byen.

Eg har bestilt rom i Lakeland men merkar fort at tilhøva er uvande. Ikkje ein drosje å sjå, ikkje eit kart å orientera seg etter, stasjonen er heilt daud og klokka er snart 10. Eg spør meg fram hjå medpassasjerar men får motstridande svar. Legg i veg, ein kan alltid spørja etter kvart. Trudde eg: ser ingen andre som går, dermed ingen å spørja.

Det einaste eg ser er breide gater, mange bilar og enorme parkeringsplassar. Er i naud for eg MÅ på do straks! Snublar heldigvis over gata eg skal til (South Florida Av.) og finn motellet. Toalettet blir besøkt i ekspressfart og ein hygienisk katastrofe avverga. Scottish Inn ligg hendig til, gåavstand både frå Amtrak, Greyhound og sentrum. Rommet er stort og ein har symjebasseng utafor.


Lakeland (tur til Polk City)

19/10-2002 (dag 12)

Eg har dør rett ut på parkeringsplassen. Dette opplegget likar eg lite og er snar med å ta med verdisakene til resepsjonen.

Det blir styr for å finna ut korleis ein skal koma seg ut på rocke-festivalen. Det går ingen bussar, så eg må ta drosje. Drosjesjåføren røykjer som ein skorstein og pratar som ein foss. "This is my music, man!", seier han og set på ein kassett med soul. Han har ikkje noko forhold til det kilowatt-sterke (og kvite) opptoget eg skal vera vitne til. Eg får nummeret hans til tilbaketuren, han heiter Chip men må stava det til meg. På hans uttalevis oppfatta eg det som både Charp, Chirp, Cheep og Cheap (og eg meinar eg er god i engelsk). Problemet kan vera at eg har sett for få filmar med svarte sørstats-folk (eller er vorten tunghøyrd).

Rocktoberfest publikum I.

Rocktoberfest publikum II.

Rocktoberfest er med eit par unntak ei samling 80-tals amerikansk heavy-metal, dei fleste banda for meg ukjende. Eg reiser mest grunna Lynyrd Skynyrd, men dei er ein av dei siste gruppene, så eg har god tid.

Festivalområdet er på ei svær slette utafor Polk City, på området til Fantasy of Flight, den største private flysamlinga i verda.

Ein betalar seg inn, får utdelt gult armband som viser at ein har lov å nyta alkohol. Ser seg om, det er to scener slik at dei kan byta gruppe fortløpande. Dei fyrste banda er alt i gang, dette er høgt og hardt. Eit stort minus er at det ligg ei tjørn mellom scena og publikum så kontakten med utøvarane er dårleg.

Varmen tek på og ein må sløkkja tyrsten. Må fyrst kjøpa kupong, deretter bruka den til å få tak i sin Budweiser. Dette er det einaste ølet dei har, men i 30 grader går det an. Tre etappar og tre gonger legitimasjon for ein Budweiser, den rekorden blir nok ståande. Fyrst må ein ha generelt alkohol-løyve ved inngangen, deretter må ein legitimera seg både ved kupongkjøp og ved avhenting av fludiet. "I bet you guys over there have got better beer than this pisswater", vert eg trøysta med. Ellers vert det halde god orden, boset vert plukka opp med ein gong, og det er nok av toalett. Det skin gjennom at arrangørane har gjort dette før.

Typegalleriet på ein slik festival er ein studie. Mykje langt hår, mange tatoveringar, mykje lær og etter kvart høge hårfeste og store magar. Det er òg mange jenter til stades, dette overraska meg, trudde heavy-metal mest var ein karfolksport. Det kan nok vera at "mainstream"-artistar som Meat Loaf, David Lee Roth, Joan Jett og Lynyrd Skynyrd bøter litt på dette. Dessutan er dette største festivalen i Florida si historie, det er nok mange som berre tek seg ein dag i det fri. Det er vanskeleg å finna eit einaste farga ansikt her, heavy-rocken ligg blytungt i den kvite kulturkrets. Dette til trass for at røtene ligg i svart blues.

Dei fyrste 6-8 banda er erfarne tungrock-namn frå 80-tallet (Quiet Riot er vel det mest kjende). Ellers har ein tidlegare medlemmer av Kiss og Motley Crue som har "gone solo". Det er full fart og høgt volum. Ordforrådet er forbløffande einsarta: yeah, fuck, kick ass, shit, motherfucker, badass og nokre til. Plutseleg vart det stille frå ei av gruppene, Dokken (trur eg). "Fuck, we broke some shit", var forklaringa. Til og med utlendingen skjønar at "shit" her må bety "amp(lifier)"(forsterkar).


Dette er anledninga til ein språkleg digresjon. "Shit" på amerikansk-engelsk er eit ord som kan bety alt. Dette veit rettnok dei av dykk som ustanseleg ser på amerikanske filmar, men for dykk som ikkje gjer det, tillet eg meg å forelesa litt. Ein kan eta shit, play some good shit, røyka shit osv. Det er inga grense kva ein kan gjera med shit, og kva shit kan brukast til, både innvortes og utvortes. Ein kan òg sjølvsagt berre sei: "shit" i betydninga "pokker", men dette klarar òg engelskmenn (og norske wannabe-amerikanarar). Ein slik enkel bruk av ordet vitnar om uvanleg språkfattigdom og nærståande hjernedaude. "Motherfucker" er òg amerikansk, har aldri høyrt britar bruka det.

NB! Folk som ikkje er stø i lokal uttale skal vera svært forsiktige med å bruka desse orda. Forsøk på råtøff banning med utprega Heyerdahl-aksent er lite eigna til å henta fagnad hjå dei engelsktalande. Ein haustar berre grenselaus forakt (fortent nok).

Warrant er eit band eg aldri har høyrt om, men dei har ein vokalist som stikk seg ut. Han klagar med rette over at scena er for langt vekke frå publikum, deretter tek han til orde for legalisering av marijuana all over the USA. Dette fekk blanda velkomst. På slutten av settet spør han: Have I offended any of you today ? If the answer is yes, I'll just say: fuck you!. Det vart både jubel og piping. Her er i alle fall ein kar med "attitude". Er likevel litt uroleg for han. På eitt tidspunkt kjem han med fylgjande innrømmelse: I'm a sad motherfucker, you know...

Rocktoberfest publikum III.

Lynyrd Skynyrd.

Joan Jett and the Blackhearts er ei avveksling frå all headbanginga. Dette er ei post-punk gruppe frå New York som spelar stå-på rock, det finst berre eitt tempo. Klassikaren "We love rock'n roll" er sjølvsagt med. Meat Loaf kjem deretter, han har klipt seg men er ellers noko tam. Lynyrd Skynyrd spelar frå den klassiske perioden mellom 1973 og 1977. Dette gjer dei rett i ettersom det nyare er heller skrale greier. Skynyrd i ny utgåve er likevel eit drivande godt live-band. Eg legg merke til at dei siste to artistane har eit mykje sømelegare ordbruk enn metall-gjengen.

Eg må stikka før "Free Bird", for det kan bli vanskeleg å koma seg tilbake til Lakeland. Har etterkvart og fått nok Budweiser. Å finna ein telefonkiosk er håplaust, så eg går inn til Polk City og får ein restaurant til å ringja for meg. Lovar drosje om 20 minutt, eg ventar over ein time, byrjar så smått å forbanna dette fordømte landet som er i heilt utakt med min tilvande måte å reisa på (eller var det omvendt?). Heile David Lee Roth (ex. Van Halen) går utan at drosjen kjem. Endeleg dukkar Chip opp att så eg held att bannskapen. Tek farvel med my friend Chip, får i meg mat og legg meg med hovudet fullt av heavy-metal og kroppen full av Bud.


Lakeland

20/10-2002 (dag 13)

Vaknar i fem-tida og sler på kjøle-anlegget. Heller tung i hovudet tømmer eg i meg ein Diet Coke og legg meg att. Har knapt somna då det bankar på døra. Eg dreg frå gardina og ser ein kar som viftar med start-kablar og ber om a "jump-start". Bilen med to andre passasjerar har panseret ope og tilsynelatande flatt batteri. Eg forklarar at eg ikkje har bil, så han ber om å få låna telefonen. Eg spør kvifor han ikkje brukar resepsjonen. "They wouldn't let me", var svaret.

Under tvil opnar eg døra, men då ein kar til kjem inn anar eg trøbbel. Ringing vart det knapt, i høgda vart det sagt eit par ord. Då dei er ute att merkar eg at lommeboka er borte. Spør fint om å få att i alle fall papira og slengjer på "keep the money as long as I can have the card and the documents". "I didn't take no wallet", var svaret. Det gjorde nok ikkje han, for no er den andre karen borte.

Etter å ha vorte robba er ein ikkje så høg i hatten.

Eg gir opp, låser døra, ringjer til resepsjonen som utbryt: "Oh dear, we better call the Law". Politiet svarar, spør om dei er "black or white guys" og lovar å koma straks. Bilen med dei to andre er der enno. Politiet dukkar opp, forsikrar seg om at lommeboka ikkje er på rommet, ransakar bilen og forhøyrer dei to grundig.

Eg er i mellomtida i gang med å sperra VISA-kortet. Får hjelp av motellet med ringinga, for telefonkortet mitt vart offer for den kriminelle dåd. No går det på gratisnummer til VISA og noteringsoverføring heim, dei sit på kopiar av dokumenta mine. Eg har sjølv kopiar i resepsjonen men politiet vil ha meg verande på plassen inntil dei er ferdige med granskinga.

Endeleg er "The Law" ferdige med jobben sin. Blir forklart at "your money is pretty well history now" og at "you were very lucky, you were set up for a robbery". At lommeboka låg så lagleg til, var heldig for meg, meinte han. Får eit saks-nummer og ein foldar med gode råd. Dei to andre innrømde ingen ting.

Fekk seinare vita at dei kjem frå North Carolina, er blakke og tidlegare ustraffa. Kanskje var dei ikkje så farlege likevel, berre nokså desperate.


Neste runde er "emergency cash" frå SOS International. Dette går fort, eg må berre venta på ein telefon tilbake. Heldigvis har eg eit Diners-kort i reserve men det har eg ikkje pin-koden til, så eg har ein grøn dollar i kontantar. Den skulle vera eit tip til ryddedama, men no tek egoismen overhand og eg kjøper ein Diet Coke. Førti cent er alt eg har att. Kan endeleg sova att etter denne utrivelege starten på dagen.

Venting, CNN og knotting på datamaskina. Er ute ein tur og et på Diners-kortet, dermed sler eg fast at eg ikkje kjem til å svelta. Meir venting og fjernsynsjåing. Endeleg ringjer ein kar frå København. Blir spurd ut om hendinga og dei lovar å senda meg $265 i morgon. Dette virka svært så greitt. Eg må sjølvsagt bli her lenger, skulle til Orlando på Molly Hatchet i kveld, deretter i Disney, men no går både hardrocken og Mickey Mouse i vasken.

Bestemmer meg for å setja kursen mot nord-aust Florida etter at eg har fått pengane. Får telefon frå Rubén i Alabama, eg blir invitert dit etter å ha fått orden på tinga mine. Rubén er bror til svigerbror min.

Et eit godt cajun-måltid på Harry's Seafodd Grille, ei kjede som spesialiserar seg på mat frå New Orleans-området. Eit par pintar på Molly McHughs går òg unna på kortet.

Sit ikkje att med andre kjensler enn ergrelse over å ha late meg lura så lett. Ein veit at å sleppa vilt framande inn på rommet er eit sjansespel, men vil gjerne stola på folk. Kvifor dei plukka ut meg veit eg ikkje, det kan nok vera det at eg slo på lyset like før som har fått dei i gang. La ikkje merke til nokon utafor kvelden før. Hadde ikkje tid til å bli redd, det skjedde så fort. Heldigvis er alt ordna att, einaste ein sit att med er ei forseinking, ekstra bry og ein smule meir skepsis.

Dei heime i Vik skal ha takk for innsatsen med papira mine. Leidulv Finden i Gjensidge Nor var til stor hjelp. Det same gjeld politiet i Lakeland og sjefen på Scottish Inn.


Lakeland

21/10-2002 (dag 14)

Pengane kjem som bestilt på Western Union, det er praktisk med både Greyhound (buss)-stasjon og pengebingen på same staden. Letta tek eg ein lang tur ut i motell-stripa, et frukost og ser meg om i Lakeland. Byen er ein "soveby" for folk som pendlar til Orlando og Tampa, men ligg fint til mellom sjøar og grønt, frodig landskap. Noko å sjå er det i grunn ikkje, dei har eit "historic district" med nokre få hus som er over hundre år, der finn ein mest barar og antikvitets/souvenir-butikkar. Det sler meg kor vanskeleg det er å ikkje ha bil her. Vil gjerne ha tak i eit nytt batteri til foto-apparatet, men i sentrum finst ikkje vanlege butikkar.

At eg reiser slik som no er mykje gammal vane. I Europa og Latin-Amerika går dette for det meste bra, det er berre i Canada eg har vore på ferie med bil. Der var det til gjengjeld nødvendig. Har planlagd det slik at eg brukar Greyhound (buss) eller Amtrak (tog) på langstrekningane. Så lenge som eg er borte no blir det dyrt å ha bil heile tida, og ettersom eg reiser ein veg kjem ei "droppoff-charge" i tillegg. Bil-leige blir nok mest aktuelt i Texas, kanskje ta ei veke og køyra rundt i staten. I storbyar som New Orlenas og Montgomery er bil for meg meir i vegen. Eg har aldri eigd eigen bil og køyrer ca. ein gong i året så ein amerikansk storby er neppe staden å setja i gang på. Legg merke til att trafikken går seint her, spesielt i tettbygd strøk. Dei viser stort omsyn for fotgjengarar og eg har knapt sett ein bilkø.

Etter ein ringjerunde bestemmer eg meg for å dra til St.Augustine der det er eit ungdomsherberge. Dessutan høyrest byen fin ut, det er den eldste i USA. Det kan vera ein høveleg plass å venta på nytt VISA-kort, naudpengane mine varer ikkje evig. Nok ein telefon frå Rubén og dessutan prat med folk heime slik at dei kan gratulera meg med 42-årsdagen. Ein dukkert i bassenget, finpussing av dei europeiske reisebreva, mat og drikke. Harry's Seafood har mykje mat for pengane.

Eit heller kjedeleg liv kan det høyrast ut som, men på ein langferie kan ikkje kvar dag bli like spennande. Hadde eg ikkje hatt datamaskina hadde det nok vore endå verre. I Europa skreiv eg reisebrev på kafé. Det hadde ikkje gått an her, prisane er langt høgare enn i nokon av landa eg vitja i sommar.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk