Reisebrev 3
22/10 - 4/11 2002

Florida (nord)

Om reisebreva Informasjon om USA (frå BBC)
Map


Lakeland - St.Augustine

22/10-2002 (dag 15)

Endeleg kan eg reisa frå Lakeland. Fire overnattingar var TO meir enn planlagd. Presterer å gløyma att passet på motellet. Sjølv no etter eit møte med den nye verdens kjeltringar er eg min eigen verste fiende. Oppdagar feilskjeret akkurat i det eg har sjekka inn bagasjen på Greyhound. Klok av skade har eg sett av nok tid til å retta opp denslags arbeidsulukker. Ein kjapp spurt tilbake er alt som skal til.

St.Georges's Street, gågata i St.Augustine.

Greyhound sjekkar inn bagasjen på flyplass-vis, dette er betryggjande. Det er streng justis på bussen, ingen alkohol og ingen røyking, sjåføren åtvarar bryskt om at overtramp vil medføra arrestasjon. Standarden er ikkje allverda, men det er kjøleg og godt. Passasjerane er nesten utan unntak svarte, spansktalande eller forsofne bleikansikt. Greyhound synest ikkje å vera transport for samfunnseliten.

På stasjonen i Orlando blir me kroppsvisitert før me blir sleppte inn i kafeen. Denne er strengt bevakta og alkoholfri. Et ei motbydeleg pølse med brød, dette vart frukosten. Det sterke vakthaldet er ikkje for syns skuld, det er nok av typar som berre heng utafor ("loitering"). I Daytona Beach er det atter omstiging, må ta ut bagasjen og levera den inn på nytt. Heilt som med fly er det altså ikkje.

Turen tek i alt fem timar. Landskapsmessig er det heller kjedeleg, men ser att noko av det eg har førestilt meg av sørstatane. Kvite trehus med balkongar, ein stor gammal bil utafor, gjerne kvitmåla tresøyler. Flagga er på plass over alt. Ikkje sørstatsflagget, derimot "Stars and Stripes". Flaggprodusentane må ha gode tider her i landet.

Monotone "garage and motel strips" skjer i auga, alle plassane ser like ut når ein køyrer inn. Glorete, digre reklame-skilt, motell, fast-food, leigebilfirma og butikkar. Det virkar som om småstadene ikkje har eit "sentrum" i vår betydning. Stripa berre held fram tvers igjennom byen. Vegane er store og flotte, trafikken flyt godt. Har enno ikkje sett teikn til lengre køar eller parkeringsproblem. Trafikken er nok tett, men det virkar ikkje slik på grunn av dei godt dimensjonerte vegane.

St.Augustine derimot, gjer eit godt fyrsteinntrykk. Som eldste byen i USA gjer den mykje ut av historia si, har til og med gågater. Eg hadde i min villfarelse innbilt meg at dei einaste stadene for fotgjengarar her i landet var inne i "the Mall". Hovudgata er full av suvenir-butikkar og kafear, retteleg koseleg på ein måte som minner om ein europeisk turist-by. St.Augustine har rettnok òg si standard "motel-strip" men sentrum er annaleis, kompakt, stilt og roleg. Berre musikken frå kafeane høyrest.


Legg meg inn på herberget Pirate Haus og har tenkt å bli her til eg får tilsendt eit nytt VISA-kort. Det kan altså bli nokre dagar! Overnatting er billeg og dei tek meg på ordet når eg forklarar at "Vandrerhjem" kortet mitt er stole. Velkomsten og hjelpsemda er på høgde med det beste eg har opplevd dette året. Ein betre stad til venting og slaraffenliv kan ein ikkje ynskja seg her i kring.

Palmesus i Florida.

Trade Winds Lounge.

Ein "biker" anbefalar meg å dra på Trade Winds Lounge, ein pub med levande rock/blues/country kvar einaste kveld. Husbandet Troy Locke and Matanzas har spela der i 10 år og er som venta drivne og dyktige. Repertoaret er m.a Lynyrd Skynyrd, Santana, Allman Brothers, Pink Floyd, ZZ Top, Doobie Brothers, Steve Miller, Eagles, Bob Seger og diverse suppe-køntri som skjemmer (i det minste for underteikna).

Motorsykkelfolk er det fleire av, kubikk-centimeter i mengder står oppstilt utafor. Dessutan ein del heilt vanlege "rednecks" og turistar frå langt oppe i Georgia. Baseball-caps florerar men ein ser langt færre boots og hattar enn på ein Hellbillies-konsert i ein Austlands-dal. Ein og anna neger driv utruleg nok innom. Den kulturelle segregasjonen held fram lenge etter at den juridiske er fjerna. Apropòs: i 1963 vart Martin Luther King arrestert i St.Augustine avdi han bad om servering i ein kvit bar.

Damene på Trade Winds har trekk av både Lillian Askeland og Cowboy-Laila (eller kanskje det var omvendt ?) Går ut frå at dei har namn som Linda Lou, Mary Jane eller Sue Ellen eller det som verre er. Konstaterer at eg ikkje er for gammal til å vera her og at eg er komen til sørstats-varianten av Harry-land. Ein blir kalla "sweetie" eller "honey" av serveringsdamene. Dette har eg sett på film, så burde ikkje bli overraska. I Newcastle vert det tilsvarande brukt "pet" og i Liverpool "love", så mykje av den engelsk-talande verda har nok tiltale-former av liknande art.


St.Augustine (tur til Jacksonville)

23/10-2002 (dag 16)

Pirate Haus har gratis pannekakefrukost, me får utdelt røra på sprøyteflaske og steikjer sjølve. Lønne-sirup(Maple-syrup) og syltetøy er med, men eg håpar VISA-kortet kjem fort, ellers kan eg få nok av pannekaker for livet. Det tyske folk er i fleirtal, nyutdanna sjukepleiarar frå Bayern og ein kar frå Karlsruhe. Denne siste, Daniel, tek meg med på biltur til "The Mall", no skal eg endeleg få sett eit av desse vidundera. Har rettnok vore innom slike i Canada, men den som ikkje har sett ei amerikansk mall har enno mykje å oppleva. Den eine er utandørs, butikkane ligg rundt og ved ein vidstrekt parkeringsplass.

Ein må kunna køyra frå butikk til butikk, å gå blir rekna som sært. Dette er spesialbutikkar med enorme vareutvalg innafor kvart sitt felt. Bibelbutikk, klokkebutikkar, klesbutikkar, kjøkenbutikkar, leikebutikkar, solbrillebutikk og eit utal meir. Kva ein skal med 50 ulike merke tannkrem veit eg ikkje, men "markedet" har med si usynlege hand ordna det slik. Dermed må det vera rett.

Fekk endeleg kjøpt batteri og ny lommebok! Køyrer over på andre sida av motorvegen, der ligg det ei innebygd mall av typen eg hadde førestilt meg. Denne er meir som eit kjøpesenter heime, men det slår ein at kvar butikk er meir spesialisert. Ein blir teken hand om med eit "How are you, ken I heeelp youuu?" med ein gong ein set foten innafor. Daniel har handla seg skakk, forklarar at klede og sko er mykje billegare her enn i Tyskland.

St.Augustine, Matanzas Bay.

Speleprogrammet på Freebird Café dei neste vekene.

Daniel var òg så hjelpsam å skysss meg til Jacksonville Beach, der attraksjonen er Freebird Café, ein stor bar med sterke bindingar til Lynyrd Skynyrd. Den er eigd og driven av enkja og dottera til den forlengst daude leiaren for bandet (Ronnie van Zant). Kafeen er å rekna som "ground zero" for Skynyrd-fans. Det vart komplett bomtur, sjappa var stengd. Me tok plikt-skuldigst eit par bilete, deretter reiser Daniel nordover til Georgia.

Eg har dagen til å koma meg tilbake dei sju mila til St.Augustine, men utan rutetider tek eg ingen sjansar og reiser vidare utan å ha vore inne i denne kafeen med legende-status. Ser att Little Feat spelar her 30.oktober, så håpar å ta turen tilbake når eg har kome i orden med pengar.

Siktar meg inn mot downtown Jacksonville for å ta Greyhound tilbake derfrå. I det flotte microbryggeriet Ragtime får eg ringt og organisert meg sjølv mht. transport. "Ragtime" imponerer med godt øl. Myten om det dårlege ølet er sann når det gjeld dei store som Budweiser og Miller, men ikkje noko land har så mange micro-bryggeri som USA. Dette gjer at landet trass den dårlege gjennmsnitts-kvaliteten kan vera interressant for ein øl-jeger. Utvalget er formidabelt.

Bussen inn tek over ein time. Jacksonville er største byen i USA i flatevidde og folkerikaste by i Florida. For meg er den ikkje anna enn "sørstatsrockens vogge", fleire av favorittane mine kjem herfrå. Fekk sett lite anna enn Greyhound-stasjonen og Rock Star Pizza, men det eg såg var lite opplyftande. Uventa var dette ikkje, Jacksonville er ikkje via mange linjene i turistguidane. Her som på dei andre Greyhound-stasjonane er eg som heil-kvit (total-bleik) noko av ein kuriositet. På kaféen kjenner ein seg velkommen og får nok ein gong stadfesta det positive inntrykket av USA når det gjeld service.


St.Augustine

24/10-2002 (dag 17)

Den eine dagen lik den andre ... sjå 28/10


St.Augustine

25/10-2002 (dag 18)

Den eine dagen lik den andre ... sjå 28/10


St.Augustine

26/10-2002 (dag 19)

Den eine dagen lik den andre ... sjå 28/10


St.Augustine

27/10-2002 (dag 20)

Den eine dagen lik den andre ... sjå 28/10


St.Augustine

28/10-2002 (dag 21)

Flaggdag heile året og over alt.

Troy Locke.

Det vert mange dagar å venta, eg går etterkvart inn i ein rutineprega livsførsel. Tur på biblioteket kvar morgon, og lunsj på A1A Ale works. Her tek dei reservekortet mitt og dette reddar meg frå nauda. Skriv i timevis, fotograferar litt. Herberget tek ikkje Reservekoret så eg må bruka kontantene på overnatting, dermed minkar dei fort.

Dette er kanskje noko eg har godt av, måtta snu på skillingen. Klarar meg med mat grunna kortet, men det er småtteri som å måtta vurdera om ein skal kjøpa seg ein is, buss-bilett, gå på museum som er uvandt. Ein har i sitt vaksne liv vore vand med å kunna kjøpa det ein vil ha. No går eg eins ærend til ein butikk der dei har store og billege vass-dunkar. Normalt hadde eg nok kjøpt småflasker i resepsjonen utan å snu på mine "nickels and dimes".

St.Augustine er eldste byen i USA, grunnlagt i 1565. Juan Ponce de León, ein spansk oppdagar, hadde kome i land her alt i 1513. St.Augustine vart verande under spansk herredøme (med eit kort britisk avbrot) fram til 1821. Byen har enno bygningar frå den spanske perioden. Borga Castillo San Marco er det mest handfaste dømet. Gatenamna er til dels spanske, men i dag er dette ein by dominert av engelsk-talande. Turismen råder, men det er ikkje så glorete som enkelte typiske turistbyar eg har sett i Europa. Likevel har amerikansk kitsch ein eigen vri: "The Oldest Wooden Schoohouse in the USA" presenterer ei voks-lærarinne med jamne mellomrom messar: "Children, it's time for school. ...".

Av for meg ukjende grunnar er såkalla "Ghost Tours" noko ein må ha med seg. Ein kan vera med ut om kvelden og leita etter spøkelse. Det er så mange operatører at svenske Jonas har eigen geskjeft som formidlar av spøkelses-turar, GhoSt Augustine. Eg antyda Ghost-broker (Spøkjelses-meklar) som ein passande tittel.

Butikken hans byr på dyrt internett som eg brukar til å få desse breva på nett. Eg legg dei på ein CD som eg tek med ned på butikken. Jonas har i motsetning til mange andre ikkje sikkerheits-paranoia. Lievel truar han med gebyr på $250 om nokon skulle finna på å lasta ned eit par uautoriserte kilobyte.

Om kveldane er eg gjerne nedom Trade Winds Lounge og høyer på musikk. Dei er nok lei av småbeløpa på kreditt-kort, men noko underhaldning må ein unna seg. Eg er vorte lei av dei slitne vitsane til Troy Locke. Musikk-repertoaret varierer dei derimot bra sjølv om kjerna er sørstats-rock. "Troy Locke and Matanzas" har gitt ut CD-ar og musikken deira kan lastast ned (sjå link). Sjefen sjølv er som teken rett ut av ZZ Top, komplett med skjegg og hatt. Dei andre er mindre markante, mistenkjer dei for å vera tilnærma vanlege folk. "Trade Winds" har og hatt besøk av nokre av dei kjende banda frå Jacksonville (.38 Special og Lynyrd Skynyrd).

Gjester på "Pirate Haus" kjem og går. Eit ungt par frå Texas er på jakt etter arbeid, ein sosial- arbeidar frå Seattle er på veg til Guatemala. Dei tyske sjukepleiarane har vore her heile tida. Alle saman er "good people", dette er langt meir givande enn å liggja åleine med CNN og datamaskina på eit motell med utsikt til parkeringsplassen. Pannekakefrukosten er rituale, klarar no å laga perfekt runda lappar (he-he, eg lagar faktisk mat). Fekk bratwurst-middag av Andreas og Karoline, tysk føde er ikkje av vegen.


Ein slitsam latviar og ein US hippie er komne til. Det blir einvegskommunikasjon ut av det, men spesielt hippien, Joseph, er eit skue. Negativ kan ein i alle fall ikkje beskulda han for å vera. "MGM Studios in Orlando are as good as drugs", meinte han. Mange av dei som bur her berre driv ikring, jobbar litt og reiser litt, har ikkje så mange faste opplegg.

Det er snart valg.

Det er snart Halloween.

Biblioteket i St.Johns County er dagleg tilhaldstad. Les mail, sjekkar Tippeligaen, Premier League og UEFA. Saknar europeisk fotball, har ikkje sett ein kamp etter at eg reiste. Ein har ein time gratis internett, det blir tildelt av ein mann med Donald Duck aksent og ditto stemme. Brukar òg ein del tid til å lesa magasin. Det er godt og kjøleg inne, ute er det uvanleg varmt for å vera slutten av oktober.


St.Augustine - Jacksonville Beach

29/10-2002 (dag 22)

Enno er ikkje Kortet kome, bestemmer meg for å reisa til Jacksonville Beach for å prøva å få med meg ein Little Feat konsert uansett. Får heller dra tilbake og henta plastikken når den eventuelt dukkar opp. Kontant-behaldninga er no faretruande låg, to dagar til er maksimum. Heldigvis tek Greyhound Reservekortet så eg kjem meg til Jacksonville. Ellers er Diners Club eit dårleg valg her, det ville vore mykje betre med VISA eller MasterCard som reservekort. At eg slit med akkurat dette kortet skuldast at det kom "med på kjøpet" ein gong i tida.

Sjekkar ut av Pirate Haus.

Freebird Café, det allerheilagste for Lynyrd Skynyrd fans.

Både overnatting og eting gjeld no eitt spørsmål: Tek dei Reservekortet?. Er svaret ja får det heller bli dyrt. Eg må berre syta for å ha kontantar nok til lokal-bussar. Kortet har no fått mytisk betydning, difor skriv eg det med Stor ForBokstav.

No virkar det som midtsommar, steikheitt og fuktig. Det er faktisk godt, spesielt å kunna gå ut i dei varme nettene. Den einaste staden ein frys er inne, av og til virkar kjøleanlegget meir som eit fryseanlegg.

Eg må kjøpa telefonkort for kontantar, 10 dollar er no ein liten formue. Ringjer og bestiller rom, (Do you accept ****) og legg i veg.

Får meg ein ufrivillig runde i Jacksonville for å leita etter bussen til stranda. Byen tek seg betre ut no enn i tuskmørket, men framstår langtfrå som noka perle. Turen på lokalbussen i Jacksonville tek lenger enn Greyhound-turen opp, dette seier litt om flatevidda i denne byen. Passasjerane er heller ikkje her blandt den økonomiske elite.

Må fundera litt då eg ser ein dame som les ei bok om korleis ein kan oppnå frelse gjennom den jødiske tru. På omslaget blir det opplyst at forfattaren òg står bak ein bestselgjar om "Kosher Sex". Det er mangt mellom himmel og jord ein hittil har vore uvitande om (det er eg forsåvidt enno men veit i alle fall at denslags finst).

Surfside Motel på Jacksonville Beach er komfortablet, ligg like ved stranda, noko som er greitt ettersom eg neppe får råd til å flytta meg herfrå anna enn til fots.

Er byrja å tenkja på vegar ut av pengeknipa i tilfelle kortet ikkje kjem på ein stund. Den eine er å finna ein bank som gjev ut kontantar på Reservekortet. Tek ein telefon men får som svar at det gjer berre CitiBank. Denne finst ikkje i området her ikring får eg vita. Neste utveg er å kjøpa reisesjekkar. Bankane sel reisesjekkar men tek ikkje Reservekortet. Reisebyråa sel stort set ikkje reisesjekkar og det eine som gjer det tek heller ikkje det fordømte ubrukeleg Reservekortet. Etter over 20 telefonar gir eg opp, satsar på at det andre kortet dukkar opp snarast. Hvis ikkje må eg på tiggeferd i banken eller be om kreditt heime.


Har nemnt Lynyrd Skynyrd fleire gonger, så her fylgjer ein liten introduksjon? Det er eit rocke-band frå Jacksonville. Det originale bandet ga ut plater og turnerte frå 1973 til 1977.

Musikken var inspirert av britiske grupper som Cream, Rolling Stones og Free (mest det siste) i tillegg til heimleg blues og country. Det er mykje gitarlyd, tre gitaristar er det ikkje mange som stiller med.

Det mystiske namnet har si forklaring. Leonard Skinner var ein gymastikklærar som såg med ublide auge på elevar med langt hår. Han fekk dermed den tvilsame æra å få eit rockeband oppkalla etter seg. Ein vrei berre litt på vokalane "to protect the guilty party". Uttalen er så og sei identisk. Dei vart fort kjende med "Sweet Home Alabama" og gitar-orgien "Free Bird" og bygde dei neste åra opp eit rykte som eit av Amerikas beste live-band.

Det tok ein brå slutt 20.oktober 1977. Då styrta turnéflyet, to av medlemmene omkom, den eine var frontfigur og låtskrivar Ronnie Van Zant. Han ligg no gravlagd inne i Jacksonville saman med favoritthatten og fiskestonga si. Lynyrd Skynyrd gjenoppsto 1991, turnerar og gjev ut plater enno. På konsert er dei enno ein opplevelse, men platene no for tida har nok liten appell utafor "menigheta".

Biletet viser bandet i 1977. Bak: Allen Collins (gitar). Framme: Ronnie van Zant (vokal). I midten frå venstre: Leon Wilkeson(bass), Artimus Pyle (trommer), Billy Powell (piano), Gary Rossington (gitar), Steve Gaines (gitar)

Utanom Van Zant, omkom Gaines i flyulukka. Wilkeson og Collins fall frå seinare av reine livsstils-sjukdommar. Artimus Pyle har eige band her i St.Augustine. Rossington og Powell er med i Lynyrd Skynyrd enno.

Heldigvis får eg sett Champions Leauge på ESPN, noko godt nytt er det. Tek ein tur oppover strandpromenandane her. Bevilgar meg nokre halvlitrar på ruta, no er det så skrapa at alt over $1.35 (bussbillett til Jacksonville) er vorte uvesentleg. Den minste burger blir heretter på kort. Freebird Café er no open. Den har alle gull og platina-platene til Lynyrd Skynyrd hengande på veggene i tillegg til ein del anna "memorabilia". Beteninga er verre enn det aller meste eg har opplevd aust for det gamle jernteppet (og her ventar ein det betre). For fyrste gong i USA betalar eg ikkje tips, jenta kan uansett ikkje bli surare.

Jacksonville Beach er ikkje noka perle, men har likevel ein jordnær, usnobbete atmosfære eg trivst med. Lynch's Irish Bar er eit funn. Tretti fatøl, men dei tek ikkje kortet mitt så det blir "window-shopping" bortsett frå ein fantastisk god Samuel Adams Boston Lager. Nok eit pluss til amerikansk øl. Den nord-irske bartendaren og eg kan prata fotball. Ein har merka at ein har vore lenge i USA, det var forfriskande å få diskutera lagoppstillinga til Liverpool! Det slår meg kor mykje lettare eg forstår han enn den jamne amerikanar. Eg har enno ikkje klart å stilla om øyra til den amerikanske talemåten.

Får vita at Little Feat billettar enno er til salgs men at dei ikkje tek Reservekortet (mutt "no, we don't!"). Det var som pokker, for fyrste gong forbannar eg inderleg dei blakke stakkarane som stal kortet mitt i Lakeland. Dei har alt teke frå meg Mikke Mus og Molly Hatchet, no held dei på å spolera Little Feat for meg òg. Hovudgrunnen til at eg reiser til USA er nettopp musikk, er i ferd med å bli sur. Før eg syter for mykje, kan eg likevel leggja til at eg kunne ha sett i gang reserve-cash tiltaka for nokre dagar sidan. Dette er som å sitja framfor eit pengeskrin ein har mista nøkkelen til. Får heldigvis i meg "New World Cuisine" på hyggelege "Joe's Crab Shack". Den åndelege føda må dessverre koma i andre rekkje.

Kortet er ikkje kome i dag heller så i morgon må eg be om naudhjelp. Vil så gjerne ha med meg Little Feat, vil så gjerne sleppa å bruka tid på å leita etter stader som tek det forbanna D-kortet. Ber om vekking klokka tre så eg kan ringja etter meir gryn når banken heime opnar. Med trådlaus og Western Union går det vel fort, kanskje kan eg ordna Little Feat likevel? Desse dagane vart ufatteleg pengesentrerte men den som er svolten vert matfiksert så kva kan ein venta ?


Jacksonville Beach

30/10-2002 (dag 23)

"Arbeidsdag" (natt) ved telefonen på Surfside.

Motellfrukost fylgjer innsatsen.

Som sagt så gjort, vaknar klokka 3 og heng meg på telefonen. Steinar i Gjenside NOR forklarer at ei overføring tek eit par dagar, så då er eg like langt. Han ber meg prøva VISA for naud-kontantar. Dei er hjelpsame, set meg over til VISA Norge som ber meg spora kortet som er på veg. Ny telefon, no til husvertane Reidar og Ann-Kristin som har sendt kortet til meg. Ann-Kristin fortel at kortet forlet Norge 3:50 måndag 28/10. Ho hadde posta det torsdag 24/10 ! Gamle gode Potsverket brukar altså si tid på å flytta eit brev frå Oslo til eit fly på Gardermoen, "ekspress" er vel nærmast ein vits her.

U.S. Postal Services har hand om Kortet no, men dei kan etter eit utall tastetrykk og diverse "How may I help You?" fortelja at Kortet har forlate Norge men ikkje er kome til USA. Kan det ha vore ein flystyrt og plastikken min er vorten haiføde? No innrømmer US Post tekniske problem, så Kortet kan vera godt på veg. Bestemmer meg for å utsetja VISA-gryna inntil vidare, det er berre ein konsert det gjeld og no er det for seint i alle fall.

Prøver i kjøpa bilett gjennom eit par agentur, men Little Feat er ukjent for dei. Kjem for fyrste gong i kontakt med "voice recognition systems". Det forstår når eg seier "yes" og "no", men Little Feat slit eg med. Fyrst då eg vrir om i retning "Liddle Feed" sler det gjennom. Maskina forstår seg nok best på amerikanarar. Ein god ting her i landet er at mange institusjonar og bedrifter har gratisnummer, det er berre telefonane til Norge som har kosta noko. Lokalsamtalar er òg gratis, i alle fall her i Jacksonville.

Ringjer tilbake til St.Augustine. Kortet er ikkje kome frame i alle fall. Pirate Haus er svært hjelpsame, dei reserverer seng for meg, og vil la meg betala med kortet som er midt over Atlanteren. Eg har trass alt nummeret. "We trust you" er den hyggelege medlinga eg får. Dermed skal eg tilbake til St.Augustine att på ubestemt tid.

Jacksonville Beach.

Fugleliv på stranda.

Pat Boone er ein anna musikk-kjendis frå Jacksonville. Det er vel så langt borte ein kan koma frå rock, men ser føre meg at det var her på stranda han skreiv sine vidgjetne Love letters in the sand.

Livet går vidare her på The Beach. Ute og går på den nesten folketomme stranda. Det er varmt i vatnet, men på land kjem ein ut for nokre utruleg sviande krek. Det var den moroa. Stranda er nesten finare enn i Miami men vatnet er grumset. Det ligg nokre barar og restaurantar oppetter her, vanvittig billeg happy-hour no i lågsesongen. I det heile er prisnivået her hyggeleg i høve til den fasjonable Miami Beach. Ein dukk i bassenget blir det òg, sunt å få tankane vekk frå kontant-flyt problemet. Det er trass alt småtteri. I Europa hadde eg griseflaks gong på gong, no jamnar det seg ut.

Har sett på VH1 og Carmen Electra i timevis. Det er kåring av tidenes hard-rockutøvar. Får ein ikkje med seg dei ekte sakene i kveld får dette vera ei erstatning. Dei tre på topp er: 1) Led Zeppelin 2)Black Sabbath 3)Jimi Hendrix. Little Feat er ikkje med, men så er dei heller ikkje eit hardrockband. Stussar derimot over at Pink Floyd er på ei slik liste.

To utvegar står att for i kveld. Be motell-eigaren om kontantar som han legg på rekninga mi. Dette går bra til trass 5% gebyr. Likevel, konserten er redda, prosentane er akademiske! Finn 14 britiske pund i bagasjen. Desse tek eg med til den nord-irske barmannen på "Lynch's" og spør om han vil kjøpa dei.... Det vil han ikkje (I'm not goin' home for a while), men han spanderer ein øl på meg ettersom "our team lost" (Liverpool-Valencia 0-1).

Little Feat på Freebird Café.

Willin'.

Må visa pass for å koma inn på Freebird Café, men deretter er alt greitt. Kjøper biletten, går ut og et på Joe's Crab Shack, svært bra. Little Feat er alt i gang då eg kjem inn att. Middelaldrande no, og kan aldri klara å erstatta den i no 25 år daude Lowell George, men dette er bra likevel. Konsert i eit lite lokale med eit så godt band er noko ein sjeldan ein får med seg. Little Feat vart sjeldan meir enn eit kult-band. Heller ikkje ein liten stad som dette er fylt opp.

Publikum er sjølvsagt eit heilt anna enn det eg var vitne til på heavy-utblåsinga Rocktoberfest. Ikkje styggpreik og med sømeleg eller ingen hårlengde. Folkeskikk, Budweiser og ein søtleg eim gjennomsyrar lokalet. Bandet korkje ter seg eller kler seg som rockestjerner, heilt vanlege både i framferd og utsjånad. Konserten er som venta: improvisasjon og lange soloar på alt som er av instrument. Publikum er fornøgd, ein har fått det ein ville ha. Bandet er ein sympatisk gjeng, blandar seg med publikum og pratar med alle. Eg spør bassisten om dei kjem tilbake til Oslo snart. Dei var på Norwegian Wood i 2001, skulle gjerne koma att ("it's a beatiful city").

Ser litt på fotoa på veggene, fleire halvkjende og tilårskomne artistar har vore innom her eller er på veg: Johnny Winter, Charlie Daniels, Poco, Dickey Betts, Delbert McClinton, Dr John og Gregg Allman.


Jacksonville Beach - St.Augustine

31/10-2002 (dag 24)

Ein var fornøgd med gårsdagen, det ordna seg til slutt. Reiser tilbake samen vegen; lokalbuss inn til Jacksonville og Greyhound sørover. Hjarta set seg fast i halsen då Reservekortet blånektar på buss-stasjonen, men etter andre forsøk ordnar det seg ...

Vel "heime" på Pirate Haus lysnar det. Eg får betalt og er sikra overnatting i tre dagar. Diane på herberget har all sympati med meg, føresler kunst-galleri og andre gratisarrangement der ein kan snika til seg ein gratis matbit. Ein smiler og tek poenget (ho har vore i same situasjon sjølv ...)

Tre dollar er for lite til å feira Halloween, så eg held meg inne medan nasjonen morar seg med skrekk og gru. Eg gjer om heile slideshow-programvaren på heimesida mi, å utvikla eigen software kostar som kjent ikkje anna enn tid, og tid har eg nok av.

Kanskje eg bør setja med ut i gågata i morgon med datamaskina klar, plakat om halsen og eit bedande hundeblikk:

Destitute tourist offering full range of development services at bargain rates. Special software suited to YOUR needs! All methods of payment accepted (including burgers, pizza slices, chicken wings, Diet Coke and Bud).

Blir sitjande til to om natta og leika vev-meistar, slikt kan fort bli ei "fika" (besettelse/obsession). Då er ein klar til å sova, trur ein. No viser det seg at snorkedjevelen har slått seg til i køya over meg. Lydane er ikkje så ille, men når dei stilnar av er det berre for å skjera tenner med ein lyd som vekslar mellom tannlegebor og sirkelsag. Trøysta var at han ikkje makta både snorking og tannskjering samtidig.


St.Augustine

1/11-2002 (dag 25)

På Pirate Haus treffer eg att hippien Joseph og blir ynskt velkommen tilbake. Pannekakefrukost må ein berre dra nytte av, men etter dette opphaldet her blir nok matvanane lagt om nokre hakk.

På US Post er det ingen spor etter Kortet, så no må eg ned på mine kne og ringja VISA etter "emergency cash". Dette går på få timar, ein imponerande effektiv operasjon. Takka vere gratisnummer og Western Union har eg grøne setlar i hendene og augo mine ser ut som $$$-teikn (jamfør Onkel Skrue og satiriske teikningar av amerikanske kapitalistar). Kostar på meg fyrst: god heimelaga is frå ein "Ice Cream Parlor", deretter "bangers og mash" på irsk pub, betalt med grøne kontantar.

Forfriskande å snakka med irske kelnarar som ikkje har brukar den utslitne "How are you?" eller "How are you doing, I am Jane, I am your waitress today". God service er det i dette store og frie land, men av og til er ein freista å sei: "Cut the crap and get to the point!!". God servise er meir enn innlærde frasar. Er innom "Trade Winds Lounge" og høyrer på bandet. No er det ei gruppe drivande gode ungdommar som spelar rå sørstats-rock. Dei er berre rundt 20, desse kan ein koma til å høyra meir om etterkvart (om eg hadde hugsa kva dei heiter).

I morgon er det "Ham Jam" på World Golf Village nord for her. Dette er eigentleg ein grillfestival, men dei har og konsert med Molly Hatchet og Charlie Daniels Band. Eg fortel Joe, ein ny romkamerat frå Orlando om konserten. Dermed gjort, han tilbyd seg å køyra.


St.Augustine

2/11-2002 (dag 26)

Pannekaker, goddammit, det er i alle fall mektig. Kliner ein sirup på blir det ekstra velfortente kaloriar ut av det. "Charlie", ein kar frå Sør-Korea er komen til, han kokar helst sitt eige, men i dag vågar han seg laus på pannekakene. Etter den vanlege turen på biblioteket bestemmer eg meg for å bruka min nye finansielle fridom til "entertainment".

Water show at 3D world.

Feiring av nyfunnen fridom i form av VISA-kort.

3D motion world vert valgd framfor spøkelsesturar. Ein sit på ei bevegeleg platform og ser film som tek ein på reise inn i pyramidar for å leita etter Tuth-Ank Ahmon. Uhyggeleg realistisk; ein sit der med nerdete firkanta briller og held seg godt fast. Blir både halshogd, gjennombora og brend levande fleire gonger. Ein gong får me ei taggete stål-kule midt i skallen. Ein overlever eit utal kollisjonar. Det er berre meg og ein far med tre ungar med på den ville ferda. Etter fyrste reisa har far fått nok. Ungane er litt bekymra: "Daddy, are you feeling dizzy?". "Yeah", var svaret og far steig av! Det er visst ikkje uvanleg at folk spyr på denne turen. Etterpå var det vass-lys-show, godt å roa ned med noko vakkert etter å ha vorte lemlesta inne i pyramiden.

Så, endeleg ligg det ein stor blå konvolutt til meg. No er eg heilt i gjenge att etter hendinga i Lakeland, det er berre å setja i gang vidare. Bestemmer meg for å reisa til Alabama på måndag. Rubén får eg ikkje tak i, men det må vel finnast ei råd. Sporingsystemet til US Postal Services er altså heilt på villspor.

Klar til "Ham Jam", men har ikkje med grilldress. Joe har stor bil, god plass til surfebrett og golfkøller. Me køyrer litt feil og kjem fram midt i settet til Molly Hatchet. Dette er ei anna av dei klassiske gruppene frå Jacksonville, men har ikkje nådd populariteten til storebrødrene Allman Brothers og Lynyrd Skynyrd. Musikken deira er hardare, det glir i retning metall til tider. Live gjer det seg bra som rein energiutblåsning og kilowatt-styrke.

Molly Hatchet takkar for seg.

Charlie Daniels.

Charlie Daniels er ikkje så kjend i Europa, men var òg ein av hovudfigurane i "Southern Rock"-bylgja på 70-talet. Musikalsk hallar det meir mot country, han er ein habil felegnukkar. Dessutan er han ein stor patriot, trur på Gud og har ein song der han vil binda barnemisbrukarar (child molesters) til ein stokk og kasta dei i sumpen som alligatorføde ("Simple Man"). Denne har han fått så mykje kjeft for at han i introduksjonen forsikrar om at han eigentleg berre meiner dei bør murast inne for livet. Good Ol' Charlie er nesten sytti, godt i stand, han må sitja under store deler av konserten. Til mi glede spelar han sin klassiske "Long haired country boy", ein av dei kuuulaste rocke-tekstar eg veit om. Songen osar "attitude" (for å bruka eit noko forslite uttrykk). Songen kom ut i 1975, men på nettsida er teksten "politisk justert". Eg tek difor med originalen.

 People say I'm no good and crazy as a loon 'cause I get stoned in the morning,
 I get drunk in the afternoon. Kind of like my old blue tick hound I like to lay
 around in the shade.  And I ain't got no money but I damn sure got it made.
 'Cause I ain't asking nobody for nothing if I can't get it on my own. If you
 don't like the way I'm living you just leave this long haired country boy alone.
 
Preacher man talking on TV, and puttin' down the rock and roll. Wants me to send a donation 'cause he's worried about my sould. He said, "Jesus walked on the water." And I know that it's true. But sometimes I think that preacher man would like to do a little walking too. But I ain't asking nobody for nothing if I can't get it on my own. If you don't like the way I'm living you just leave this long haired country boy alone.


St.Augustine

3/11-2002 (dag 27)

Dette er siste dagen her, tek farvel med pannekakene, lønnesirupen og folka på "Pirate Haus". Dette var ein perfekt stad å bli sitjande fast på, folk her forstår kva det er å koma i knipe på reise. Dessutan treffte eg mykje artige folk, både frå USA og andre land. Det blir rart å reisa herfrå, er grodd fast ved kjøkenbordet, i TV-stova, live-musikken ned på "Trade Winds" og lunsj på "A1A Ale Works". Til og med "St. Johns County Library" er vorte heimekjært. Likevel er det godt å vera "fri" att, det er uhyggeleg langt å reisa rundt Mexico-golfen.

Det blir ein hyggeleg avskjed med St.Augustine. Er innom den internasjonale øl-baren Rendezvous og mimrar meg tilbake til Europa. Ungdommen rår der, skinnmagre og utfrika. Ho som serverer er ikkje berre vegetarianar, men vegan! Dette siste fann eg ut er endå strengare, ikkje berre kjøt er bannlyst. Alt som kjem ut av dyr, framme som bak, er no-go. Ein kan altså ikkje eta eit egg berre fordi det har kome ut av ei høne.

Joseph og eg snikdrikk øl på kjøkenet, deretter går heile gjengen på rom 8 ned på Ale Works for god mat og drikke. Joseph, Joe, Andrew, John og underteikna. Dette er utruleg nok fyrste gong her i landet eg har vore ute berre med amerikanarar. Utlendingar rottar seg saman kvar dei er ... I godt selskap får eg dei andre med på "Trade Winds" for avskjed. Ein sensasjon oppstår. Bandet inviterar ein gjest på scena, dette er ein tidlegare gitarist i Santana. Det tek sjølvsagt heilt av, denne karen kan traktera sitt instrument. Eit av høgdepunkta hittil!

Troy Locke har det med å spørja publikum kvar dei er frå. No er det min tur og eg svarar etter beste evne "Norway". "So ya from Ireland, that's why I can't understand what ya' sayin'". Ehhhhhh..... det er moderne å vera irsk uansett.

Ex-Santana mann i aksjon.

Siste kveld, tur på A1A Ale Works med Joe, Andrew og Joseph..


St.Augustine - Jacksonville - Tallahassee

4/11-2002 (dag 28)

Skyss med Joseph opp til Jacksonville.

Jacksonville "downtown".

Endeleg er det rørsle her att. Joseph skal opp til Jacksonville, så eg får skyss i den noko antikverte Toyota-pickupen. Sekken går på lasteplanet, fotplassen i framsetet er oppteken så eg sit med knea oppe under haka. Joseph føresler at eg stikk høgrefoten ut vindauga, men eg finn ut at den er tryggare inne.

Joseph Barnes er ein tidlegare revisor hjå Raytheon (jfr. Patriot Missile frå Golf-krigen) som har hoppa av, late hår og skjegg gro og lever frå dag til dag. Me kom svært godt overeins, tek farvel på Greyhound-stasjonen.

Eg må venta fire timar på bussen vidare til Tallahassee. Får sett frå meg sekken og endeleg sett litt av Jacksonville. Det er ikkje så ille som eg trudde då eg fyrst kom hit. Nede ved St.John's River er det retteleg fint, ein kan faktisk promenera. To mikrobryggeri er òg bra tidsfordriv. Det blir dessutan tid til både gåtur og skyskraparfotografering.

Sentrum er ikkje den maurtua ein er vand med i europeiske storbyar. Lite folk ute og går, heller ikkje så mykje biltrafikk. Jacksonville har eit bra transport-system, m.a. "SkyRail", ein mini-metro som er lagt over gatnivå på viadukt. Dei knøttsmå vognene er førarlause. Som vanleg på buss-stasjonen er Greyhound-passasjerane ei brokete forsamling. Sikkerheitskontrollen er hard, bagasjen blir endevend før den blir lagt på bussen.

I Tallahassee tek eg det fyrste og beste eg finn av hotell. Det blir Holiday Inn. Dyrt, men dei går sterkt ned på prisen, og eg er lite lysten på å vandra gatelangs med ryggsekk seine kvelden. Etter så lang tid på sovesal er gjer det godt med litt beskjeden og steril luksus. Byen blir det ikkje tid til å sjå, dette er berre eit soveopphald.

Tallahasse er hovudstaden i Florida. Her sit guvernøren Jeb Bush, bror til George W. I morgon er det kongressvalg, guvernørvalg, lokalvalg og diverse folkeavstemningar rundt om i det store landet. I Florida skal det stemmast over ei hard røykelov på linje med California, og reduksjon av skule-klassane til maks 25 elevar. Bush tykkjer det bli for dyrt, demokraten McBride støttar reforma. Fire andre statar skal sei si meining om legalisering av marijuana. Fjernsynet har politisk reklame av den negative sorten, dvs. det gjeld meir å sverta motstandaren enn å fortelja kva ein sjølv står for. Bush-reklamen fortel ikkje anna enn at den demokratiske motkandidaten ikkje er til å stola på i skattespørsmål. Slepp han til kan DU få svi i lommeboka di !


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk