Reisebrev 4
5/11 - 6/11 2002

Alabama

Om reisebreva Informasjon om USA (frå BBC)
Map


Tallahasse - Montgomery

5/11-2002 (dag 29)

Luksuslivet på Holiday Inn gjorde godt etter to lange veker på herberge med snorkande romkameratar. No skal det vera fire timar køyring att til Montogomery. Det er mange teikn på reisetrøyttleik hjå turisten. Eg kjenner ingen nysgjerrigheit etter å utforska Tallahasse. Dette kan òg ha med forventning om kjedelege nord-amerikanske byar å gjera. Det eg har sett hittil på denne turen (og eit tidlegare besøk i Canada), har befesta inntrykket av drepande monotoni.

Greyhound er aldri i rute, sjeldan grovt forseinka rettnok, men i dag er dagen for nye rekordar. Det går to timar utan at nokon veit noko meir presist. Etter kvart får ein vita at sjåføren er forsvunnen og at me må venta på neste buss. Det vert sju timar. Maken til inkompetent gjeng av saupskallar har eg knapt vore ute for i nokon byar i noko land. Opplysa passasjerane om kva som foregår er visst ein framand tanke i dette verdens mest kundeorienterte land. Teknologisk er det seinmiddelalder. Ingen opplysningsskilt, berre førehandslaga plakatar ved utgangane viser kvar ein skal (om dei stemmer). Bussane held ikkje nivået til dei nordiske landa, England eller "tredje-verden"-land som Chile. Eg er òg forundra over mangelen på konkurranse i passasjertransport langs landevegen.

Har tid til å dra tilbake på hotellet for å eta lunsj. Det er god mat og proff service. Det blir mange telefonar til Rubén for å forklara at eg NOK EIN GONG er forseinka, men han held seg orientert.

Tilbake på stasjonen undrar ein seg over kor få det er som les aviser. Derimot har ein heile seterader med mini-tv der ein kan sjå eit eller anna underhaldande ved å slengja på ein "quarter" (25 cent). No skal eg likevel vera varsam med å trekkja generelle konklusjonar om amerikanarar sine lese og sjåar-vanar. Greyhound-passasjerar er IKKJE representative for dei breide massar.

Rubén Blanco Diaz framfor huset.

Me prøver fiskelukka i dammen ved huset.

Ombord på bussen er det trivelegare. Folk pratar gjerne med kvarandre, amerikanarar er etter det eg kan skjøna svært opptekne av kvar ein ER frå. Dette er gjerne starten på ein samtale. Ein er òg fort ute med å spørja etter (og fortel gjerne om ) familie og ungar. På desse langdistanse-bussane har folk ofte med full oppakning: ullteppe, pute, proviant. Denne bussen skal til Chicago, tilsvarande ei reise frå Oslo til Milano.

I myrkna og regnet ser ein ikkje så mykje anna enn dei evige neonlysa på stader som Dothan, Ozark og Troy (alle i Alabama). Desse har sjølvsagt korkje eg eller den vyrde lesar høyrt om før, skulle det motsette vera tilfelle ber eg om orsaking og utlovar ein "Bud Lite" i premie. Om stadene ser verst ut på dagtid eller i myrket veit eg ikkje, kanskje like godt at det er svarte natta.


I Montgomery er Rubén på plass. Han kjenner meg att med ein gong, bileta har vore nok. Eg får ikkje sekken min, sler meg til ro med at Greyhound i sin uavgrensa inkompetanse har klart å rota den vekk. Me går rett i luka, men i siste liten kjem ein kar sløvt dragande med den, opp ned! Eg hadde hatt omtanke nok til å ta med meg alt av verdi inn i bussen ...

Eg har aldri møtt Rubén før. Han er bror til svogeren min, har budd i USA etter å ha reist frå Cuba via Guantánamo-basen i 1994. Einaste kjennskapet er nokre telefonsamtalar og det eg har høyrt frå andre. Det eg veit er at han nettopp er flytta til Alabama frå Nebraska, er bilselgjar og dessutan prest. Han studerte jernbanekommunikasjon i Leningrad i fem år. På Cuba arbeidde han ei stund i jernbanen og dreiv dessutan som "brujería"-prest (hekseri). Bakgrunnen er som ein skjønar uvanleg allsidig. Han har tre born i Nebraska og ventar tvillingar med Linda her i Montgomery.

Me dreg fyrst heim til Linda. Ho bur i eit enormt hus (7000 kvadratfot) og har 13 ungar. Eg har aldri sett maken til luksus, me snakkar med låg stemme som om me skulle vore i ein heilagdom.

Helser på fleire av borna, men har ingen sjanse med å halda orden på namn. Korleis mora kan klara det er meg ei gåte. Linda fortel at ho er pensjonert psykolog men driv no som prest. Ho driv eit Center for Spiritual Healing der ho titulerar seg som "shepherd" (gjetar). Kven sauene kan vera skal eg avstå frå å meina noko om i dette forum.

Rubén bur i eit anna hus som Linda eig. Dette er noko mindre, men ein held på å gå seg vekk likevel. Flata er 4000 kvadratfot (ca. 400 m2). Heile området er vakta og innegjerda, alle nabohusa er store (etter norske forhold reine palass). Rubén og eg kjem svært godt overeins til trass for totalt ulik bakgrunn og livssyn. Legg meg i himmelseng og pussar tenner på luksusbaderom med forgylte kranar og boblebad. Har utsikt rett ut på golfbana og til dei langt frå utarma naboane.


Montgomery

6/11-2002 (dag 30)

Konsentrasjon føre avgjerande slag.

Utafor huset i uptown Montogomery.

Rubén har teke fri heile dagen. Ikkje berre for min del, men òg fordi han vil ha pause i stresset som bilselgjar for Chevrolet (General Motors). I tillegg har han planar om å dra til Nebraska i morgon for å fremja ei sak om foreldreretten til tredje barnet sitt (mora er innlagd på institusjon).

Eg verdt køyrd og vist rundt. Me et lunsj-buffet på ein av dei tallause restaurantane langs Montogomery sine innfartsårer (for meg virkar byen som eit einaste stort vegkryss). Alt ein kan eta for 6-7 dollar, komplett med drive-in. Dette var kinesisk. Eit fantastisk utvalg. Såg til og med ei grøn smørje som fekk meg til å konkludera med at guacamole-bylgja no var komen til Kina. Tok godt til meg og sette meg.

Rubén var ute ein tur og klarde ikkje å hindra ulukka. Eg gapte godt over og heldt på å mista livet der og då. Tårene rann, snørret dreiv og hjarta stoppa. Brusen gjekk rett ned, hadde det ikkje vore for The Coca-Cola Company™ hadde eg krepert av indre forbrenningar. Episoden vert sikkert med tida ein anekdote, ei god historie. Der og då var det ein eksistensiell milepæl.

Montgomery er vidstrekt og liknar i så måte det eg har sett av andre byar i Nord-Amerika. Den er hovudstaden i Alabama. I 1950-åra kom den i nyheitene i samband med borgarretts-rørsla. Sentralt sto ikkje ukjende Martin Luther King. Han var prest her frå 1953. Etter ein dom i høgsterett vart institusjonelle raseskilje i dømesvis transport og utdanning forbodne. Dette fekk mange i Sør-statane i harnisk. King leia ein protest mot raseskiljet på bussane i Montgomery. Protestbygja starta etter at ei svart dame vart arrestert etter å ha nekta å gje opp plassen sin til ein kvit passasjer.

Tidene er annaleis no, men Rubén fortel at han kan koma ut for kundar som forlangar å bli behandla av folk med deira eigen hudfarge. Denne haldninga finn ein både hjå svarte og kvite. Han nemner òg fordommar han har møtt blant meksikanske innvandrarar. Viser meg ei bru der dei pleidde å hengja negrar i gamle dagar.

Me køyrer gjennom eit "bad neighborhood". Her hadde Rubén vorte trua ein gong han hadde forvilla seg inn. Eg spurde kva som ville skje om EG hadde rota meg inn: "They'd get you", var svaret. Det finst område ikkje ein gong politiet vågar seg inn i.

I 1960-åra kom det til nye samanstøyt. Alabama-guvernøren, George Wallace, stengde personleg døra for den fyrste svarte studenten som vart oppteken til universitetet. Han gav seg fyrst då regjeringa i Washington sende inn troppar! Dette er denne mannen som blir nemnt i "Sweet Home Alabama". Låten vart laga som ein vits, men er vorten teken alvorleg nok av både dei politisk korrekte og ukorrekte! Folka som laga den er ikkje ein gong frå Alabama. Den var eit svar til Neil Young sin heller nedsetjande "Southern Man". Det kjende riffet kom til den smellfeite gitaristen Ed King i ein draum.

Tredje innlegg i følgjetongen kom frå California der Warren Zevon på sitt vande vis slo hardt til ...

     Sweet Home Alabama, play that dead bands song.
     Ain't no much to country living,
     sweat, jizz, piss and blood.
 

Neste tidsfordriv er fisking i dammen ved huset. Dei store beista ein uti der bit ikkje på. Eg får berre ein liten pinne og Rubén ein stygg "catfish" som er noko større. Utyska blir slengde uti att utan at nokon av oss syner teikn til kjensler.

Etter nok eit kraftig bufet-måltid blir det avslutta med biljard hos Linda og eit slag sjakk. Eg vinn biljarden og Rubén sjakken. Møter endå fleire av borna til Linda, men no har eg forlengst koma av talet.

Tilbake i det store huset har nokon tukla med lyset. Eg hadde kome til å bli gal skulle eg budd åleine i eit slikt slott lenge. Rubén svarar at det er betre enn i bu i ei KYRKJE slik han gjorde like etter at han kom til Alabama! Eg er ikkje usamd i akkurat det. Sjølv om det er godt vakta, er ein ille ute om nokon kjem seg inn. Ein kan gøyma seg i vekevis. No er det sannsynlegvis ein av ungane til Linda som har vore her, men likevel. Søv godt i den største luksus eg nokon gong har hamna opp i.

Montgomery er (nærpå) fødebyen til Hank Williams, ein av dei store country-songarane og mannen bak klassiske "Jambalaya" og "Move it on over". Den siste er av mange rekna som tidenes fyrste rockelåt (1947). Artisten døydde i 1953 etter eit uvanleg sjølvdestruktivt liv. Han vart berre 29 men rakk likevel å gleda millionar. Fødebyen har heidra han med eit museum.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk