![]() |
Reisebrev 6 11/11 - 15/11 2002 |
Texas |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteSan Antonio The Alamo Davy Crockett Samuel Adams Hard Rock Café Bullis House Inn Eric Zeliff Amtrak Greyhound |
New Orleans - (San Antonio) |
11/11-2002 | (dag 35) |
Turen New Orleans - San Antonio tek 14 timar med Amtrak. Skepsisen steig då eg høyrde at toget skulle vera framme 2:30 om morgonen, men har fått nok av Greyhound-bussar. Førre togturen var fin og ein spanderar gjerne litt ekstra for gode som plass til føtene, komfortable sete og det å kunna ta ein tur i restaurantvogna. Dessutan kan det vera ein avveksling med anna enn neon når ein ser ut vindauga.
Dette toget, Southern Pacific, går frå Orlando til Los Angeles, ei reise som er lengre enn noko som finst i Europa vest for Moskva. Amtrak driv enno fire passasjer-strekningar kyst-til-kyst, men desse er no i fare. Jernbanelobbyen har langt frå den same tyngde som bil- (og ikkje minst) olje-industrien i korridorane i Washington. Selskapet fek rettnok eit oppsving etter 11.september, men det er berre ei omlegging av avgiftspolitikken i disfavør av bilbruk som kan snu trenden. At så skal skje akkurat i akkurat dette landet er som å tru på julenissen.
Typiske hus i Cajun Country, vest for New Orleans. |
Turen er avslappande. Vognene er rettnok ikkje så moderne som på langdistansetog i Vest-Europa, men dei er minst like komfortable. Presisjonen er det derimot verre med. Forklaring ligg i at skjene-gangen for det meste er eigd av frakteselskap. Desse gjev sin eigen trafikk prioritet. Dermed er Amtrak prisgitt. Meir enn eitt spor såg eg sjeldan. Skulle gjerne teke heile turen kyst til kyst, på slike langturar innrettar ein seg på toget som om ein skulle vera i heimen. Landskapet lenger vest, i New Mexico og Arizona, skal vera flott.
Sumplandet vestover virkar uendeleg. Me reiser frå New Orleans 12:15 og sumpen er enno ikkje slutt når det mørknar. Louisiana er ein av det fattigaste statane i USA og det synest. Mykje dårlege hus å sjå, nesten reine skur. Dette har eit tredje-verden preg. Mykje rusta skrot ligg og flyt, noko som forsterkar inntrykket av forfall.
Et eit godt måltid i restaurantvogna. Buféen er god å ha på desse lange reisene. Me får myndig tildelt etetider og bordkompani. Dama ovafor meg har fått tennene øydelagde og er no på veg heim til Texas for reparasjon. Middagen hennar blir difor potetstappe, noko ho tek med godt humør. Deretter er det film i kaféen, og litt soving etterkvart. Me stoppar i Beaumont og Houston i Texas. Etter det eg har høyrt går eg ikkje glipp av noko i desse byane.
San Antonio |
12/11-2002 | (dag 36) |
San Antonio river walk. |
Farvel med San Antonio på Hard Rock Café. Dette ølet er i verdsklasse: Samuel Adams Boston Lager. |
Klokka tre om natta er me framme i San Antonio. Eg bryr meg ikkje med overnatting desse timane. Ein kan søkja ly på stasjonen og underhalda seg med diverse lesestoff. Amtrak spanderer kaffi på dei ventande passasjerane.
Eg får heldigvis inpirerande selskap. Eit ektepar frå Austin er nettop ferdig med ei 36-dagars reise som omfattar Canada, Panama-kanalen og Florida. Mannen er tidlegare militær, no lærar og dertil ein opplyst mann. Han har reist mykje og me held samtalen i gong i timevis. Dei har budd i New Orleans, den er òg deira favorittby. Han har ein teori kvifor byen er så korrupt. Louisiana er einaste staten i USA som brukar "The Napoleonic Code" som basis for lov-verket. Dei andre brukar "English Common Law". Kvifor dette skal føra til meir korrupsjon fekk eg ikkje forklaring på. Det britisk embetsverket er rettnok i motsetning til det franske lite plaga av korrupsjon så det kan sjølvsagt vera noko i teorien. Juristar som les dette blir bedd om å koma på bana med ein kortfatta og plausibel teori.
Ein anna langvegsfarande sler seg ned hjå oss. Eric er i same situasjon som eg, har fri frå arbeid for å reisa. Han har vore i Asia dei siste fire månandane og er no på veg heim. Reisebreva hans er tilgjengelege på nettet (sjå linkar på toppen av sida).
Et frukost med Eric og me sler fylgje til ungdomsherberget ute i ein forstad. Det blir soving før ein tek seg til med noko vitug. Det evige klesvask-problemet dukkar opp att, må ned på vaskeriet i nabolaget. Trudde eg var komen til Mexico alt, det var ikkje andre tungemål en spansk å høyra. Veret er fint men mykje kaldare enn i New Orleans. Det er knapt nok shorts-ver.
San Antonio er niande største byen i USA, ein av tre million-byar berre i Texas. Byen vart grunnlagd av spanjolane i 1718. Etter at Mexico vart sjølvstendig i 1821 var byen (og Texas) på deira hender nokre år. I 1836 reiv Texas seg laus frå Mexico, men vart 12 år seinare innlemma i USA. San Antonio er sentrum i eit landbruksområde men har òg mykje industri. Dei fem militærbasane er viktige for byen, spesielt US Air Force. Enno har San Antonio synlege spor etter det spanske herredømet, fyrst og fremst festninga The Alamo. Texas som stat har ei mengde spanske stadnamn: Laredo, El Paso, Amarillo, Piedras Negras ...
Eg finn ut eg vil GÅ til sentrum, men det vert ein lang og lite triveleg tur. Traskar gjennom fattigstrok mesteparten av vegen og ser knapt ei sjel, derimot mange bilar. Eg skal i alle fall ikkje til fots tilbake her i myrkna. Sentrum er moderne og ved fyrste augekast lite attraktivt. Unntak finn eg likevel: Riverwalk er ei fint tillaga fotgjengarsone langs elva med butikkar og restaurantar. La Villita er ein spansk bydel som no er ein steril turistattraksjon. Ikkje rare greiene for ein kresen europear. I eit land med så mykje einsformig bymiljø blir sjølv det minste dill-dall til "a famous attraction". Sentrum er dominert av spansk-talande. Svarte er det heller få av.
Et godt på The State of Texas. Tex-mex mat er noko som fell i smak. Hovudretten er ein av dei beste eg har smakt på denne turen sjølv om namnet "El Grande" ikkje seier så mykje om anna enn storleiken. Det blir og eit besøk på Hard Rock Café, andre gongen i livet eg har besøkt denne kjende (og oppskrytte) restaurantkjeda. Ølet, Samuel Adams Boston Lager, kan eg ikkje få lovprist høgt nok, det åleine er grunn nok til eit besøk.
Det blir buss tilbake, men svært kaldt å venta i shorts. Ei dame er bekymra og spør om eg ikkje frys. Jau, seier eg. Blir spurt kvar eg kjem frå. Svarar: Norway. "Is it warm there", blir eg spurd. "No, not excactly", må eg tilstå.
San Antonio |
13/11-2002 | (dag 37) |
The Alamo. |
Detalj frå Spanish Governor's Palace. |
Søv lenge og merkar at det skortar på inspirasjonen. Er rett og slett lei og grip meg sjølv i å vakna opp med tankar som "Å nei, er eg HER, gjev eg var heime!". No er eg rettnok i Texas og det heilt av eigen fri vilje, så eg ventar lite sympati frå den estimerte lesar. Eg har enno ikkje sett "The Alamo" eller høyrt historia om det vidgjetne slaget, alternativt kan eg dra i tema-park eller på kino.
Eg går til sentrum i dag òg men tek ein anna veg. Det fyrste eg ser er ein enorm flyvåpen-base like i nabolaget. Ein er altså i trygge hender, verna av verdens største militærapparat. Det blir ein lang gåtur med det vanlege: masse bilar, lite folk. Går rundt i byen ei stund utan å bli vidare imponert. Er innom "The Spanish Governors Palace", tek nokre bilete og geispar langt. Deretter kjem "The Alamo" som er langt meir interressant.
The Alamo var åstaden for eit av dei mest kjende slaga i amerikansk historie. I åra før 1835 hadde Texas hatt ei stor innvandring frå USA. Desse nykomarane var lite nøgde med det mexikanske styret og det kom til opprør.
The Alamo vart okkupert av opprørarane men meksikanske styrkar vart sette inn for å ta tilbake fortet. Knapt 200 opprørarar vart i minste laget mot dei 4000 meksikanarane. Alamo fall etter 13 dagar i mars 1836. Blant dei som omkom var Davy Crockett og James Bowie. Den fyrste kjenner vel mange som teikneseriefigur, den andre har fått ein kniv oppkalla etter seg. Slikt blir det fort legender av, spesielt i ville vesten.
Ein månad seinare kom texanarane tilbake og vann eit avgjerande slag. Mexico godtok sjølvstende for Texas. Den nye staten vart kalla "The Lone Star State" og Texas reknast framleis å vera noko for seg. Fyrste presidenten heitte Sam Houston. Texas sin største (og visstnok styggaste) by er oppkalla etter han. I 1846 vart Texas innlemma i USA.
Alamo har eit svært bra museum som fortel soga om slaget og om historia til Texas på ein oversiktleg måte. Det er gratis og ei muntleg framføring er med. Det heile er tiltalande avdi det blir vist fram utan store fakter og overdriven flaggvifting. Det er ein lærerik og spennande historietime.
Gjentek opplegget frå i går kveld: "The State of Texas" gjev meg føde, "Hard Rock Café" god drikke (rettnok frå Boston) og buss 11 tek meg trygt heim denne klåre og kjølege haustkvelden. Fraus framleis like ille på busshaldeplassen.
San Antonio |
4/11-2002 | (dag 37) |
Denne dagen reiser eg ikkje inn til sentrum i det heile. Søv lenge, skriv reisebrev og går ein tur i nabolaget. Er trøytt og giddalaus, har sannsynlegvis eit minivirus for føtene verkjer og eg er litt heit i kroppen.
Det er siste kvelden i USA så karar meg ut ein liten kveldstur. Like ved inngangen til flybasen Fort San Antonio stikk eg hovudet inn døra i ein bar og blir vinka rett inn. Baren har det velfunderte namnet Betty's Batallion og er fylt opp av militæreffektar. Kundane er militære men Betty sjølv er ei flott meksikansk dame noko opp i åra. Karen som vinka meg inn har fått seg mang ein tår, er svært så pratsam og hyggeleg. Det er stor stas med ein nordmann og ølet får eg ikkje lov å kjøpa sjølv. "John" (fingert namn) er i sanitetskorpset her og det er siste kvelden. Dermed er den høge stemninga forklart. Som så mange landsmenn er han svært oppteken av opphavet sitt, i dette tilfellet svensk. Mange amerikanarar seier "I'm Polish, I'm Swedish osb". Dette betyr ikkje anna enn att forfedrane kjem frå det nemnde land, det treng heller ikkje bety at dei kan eit ord av språket. Det er vel heller eit utrykk for ei søkjing etter noko ein kan identifisera seg med i den smeltedigelen som USA er. "John" er stolt av av USA, heller ikkje eit ukjent fenomen på desse kantar. Dette kan godt kombinerast med å vera "svensk".
Eg vil gjerne gå men slepp ikkje unna. Etter fleire øl vil "John" imponera ei señorita i baren med å ta av seg skjorta og utfordrar ho til å gjera det same. Dette gjer lite inntrykk og han blir olm. I det eg går sit han på krakken med berr overkropp, ein sigarett bak kvart øyra og er klar til å gå i krigen. Betty seier seg "muy preocupada por este muchacho" (svært uroleg for denne guten). Heldigvis ser det ut som ho er vand med militære maktdemonstrasjonar og taklar det nok bra. La señorita derimot veit ikkje heilt kvar ho skal gjera av seg. Det kan vera like greitt at militærpolitiet held hus rett utafor.
Herberget har gardiner laga av det texanske flagget. Dette er den staten eg har vore i som mest brukar sitt eige flagg. Ein kan og få kjøpt t-skjorter og postkort med kraftfulle åtvaringar som: "Don't mess with Texas". Det har eg slett ikkje tenkt å gjera; "cause, I'm going down to Mexico".
San Antonio - (Nuevo Laredo) |
15/11-2002 | (dag 38) |
Farvel med USA. Her ei elv som ikkje er så stor men er kjend for mange likevel: Rio Grande. |
No står det berre att tre lange Greyhound-timar, så er ein i Mexico. Buss nummer 11 og ein hjelpsam sjåfør fraktar meg trygt inn til Greyhound-stasjonen. Der har ulukka skjedd. Dei har datatrøbbeln og dermed går det uhorveleg seint. Det hjelper heller ikkje at bilett-luka samtidig er Western Union agent. Attpå til må ein (presumptivt) fattig neger ha ut pengar der og då. Eg kjem så vidt med. Deretter er det berre å slumra seg likegyldig nedover mot Laredo. Landskapet er flatt, for det meste småskog og beiteland.
Ay Laredo er det visst ein eller anna som syng, men eg mumlar "¡Ay, Laredo, que horrible!", i det me køyrer inn i byen. Eg legg fortast mogeleg i veg ned mot Rio Grande og fotgjengarbrua "Puente Internacional #1".
Orienterer meg som vanleg her utan kart. Logisk gatenummerering og parallelle gater gjer dei fleste nord-amerikanske byar lette å ta seg fram i (for den som er logisk anlagd, vel å merka). Eg går feil men får fort hjelp av ein toll-funksjonær. Her er dei heilt slutt på sjølv kjensla av å vera i USA, høyrer nesten ikkje "inglés" brukt i det heile. Mannen som rettleiar meg snakkar heller dårleg engelsk sjølv om han er amerikansk tenestemann.
Ved brua er det berre småbutikkar, mest klede og elektronikk. Berre dei engelske gateskilta avslører kva land ein er i. Ser over Rio Grande til Nuevo Laredo der eit digert meksikansk flagg vaiar i vinden. Ved bru-enden står eit skilt som åtvarar om at innføring av våpen i Mexico medfører arrestasjon. Går ut på brua utan at noko dokument blir sjekka. Kva dette er slags lausleg åtferd veit eg ikkje, men eg er i fylgje papira til U.S. Immigration altså enno i USA. Det er ein stadig straum av fotgjengarar, svært få med europeisk eller afrikansk oppsyn.
Eigentleg burde eg ridd over elva og rett inn i solnedgangen, men det hadde vorte for mykje styr å ta med seg merra. Ein einsleg gringo på veg til Mexico ser seg tilbake over Rio Grande. Det er tid for ei oppsummering av inntrykka etter ein månad i dette verdens sjølverklært største, friaste og mest gudfryktige land.
Sørstatane - oppsummering
Eg har aldri vore fyrstegongsbesøkjande i noko land med ei slik last av kunnskapar, stereotypar og fordommar som denne gongen. USA er eit land ALLE meiner noko om, eller meiner å VITA noko om. Eg har sjølv lese meir om USA enn om nokon andre land. Platesamlinga er dominert av amerikanske artistar og eg har meir eller mindre medvite sett ein del filmar. Andre inntrykk kjem frå folk som har budd i eller vore i landet. Utover det kjem mange møte med amerikanar i utlandet, både privat og i embeds medfør.
Til trass for at eg aldri har vore i USA, blir det difor mykje som virkar så kjent at ein går glipp av oppdagelsesgleda ein har i mindre kjende kulturar. Det er òg ting ein dreg kjensel på frå Canada, eller kjenner att som amerikansk "eksport" til Europa. Eg har på andre reiser hatt stor glede av å prøva meg på språket, enten eg kan det eller ikkje. Her er den moroa borte sjølv om ein underhalda seg litt med amerikansk slang.
Mat og drikke har eg nesten berre godt å sei om. Eg har reist i sjømatområde og er nøgd. Amerikansk øl har dårleg rykte, men dette er berre fortent for store namn som Budweiser, Miller og Coors. Eg har nesten alle stader kunna drikka framifrå saker frå lokale mikro-bryggeri, og ein del større merke som Sierra Nevada og spesielt Samuel Adams er så godt som noko eg smakte i Europa i sommar. Service i restaurantar og barar er god, men kan virka påklistra høfleg til tider. Det blir og dyrare enn ein fyrst trur: stats-skatt og 15-20% tips syter for det. Kaffi derimot er eit sørgjeleg kapittel; dette vass-skvipet er det berre Canada som kan konkurrera med.
Folk har generelt gitt bra inntrykk. Høflege, pratsame og venlege. Har treft ein del typar me gjerne ville kalla "rare". Eg har eit bestemt inntrykk av at det er høg toleranse for eksentrisk oppførsel her i landet! Eg trur ikkje folk er så generelt uvitande som våre stereotypar vil ha det til. Har møtt like mange opplyste folk her som dei fleste stader i Europa. Ein skal heller ikkje flira over at ein del er ustø i Nord-Europeisk geografi. For å snu på flisa: dei fleste nordmenn ville få problem med amerikanske delstatar med tilsvarande flatevidde og folketal som Norge (dette gled òg underteikna).
Reising åleine har medført større ulemper her enn i nokon andre land eg har reist i. Ideelt sett bør ein basera seg på bil her, men for EIN person ville det vorte ei enorm utgift. Dei gongene eg undersøkte, rygga eg fort tilbake. Det meste er basert på at ein har bil, det hende eg måtte til ein mall langt utafor byen for å kjøpa sjølv enkle ting. Mange attraksjonar er òg utafor rekkjevidde. Ein anna bakdel er at ein stort sett betalar for rommet uansett kor mange som skal sova der, og dei billege motella er oftast godt utafor sentrum.
Mange vil kanskje sei at å bli robba er eit stort minus. Det VAR det, men mest på grunn av forseinkinga det medførde (nesten 14 dagar). Sjølve episoden var truleg ufarleg og det økonomiske tapet minimalt. Slikt kan skje kvar som helst. Når ein reiser såpass lenge skal det godt gjerast å sleppa unna.
Spurde nokon meg om å oppsummera i EITT ord inntrykket mitt frå Sørstatane, ville eg likvel ha sagt5: kjedeleg. Det sler meg at eg nesten ikkje har SETT noko flott heile månaden, korkje av byar eller landskap. Høyrt mykje musikk eg likar sjølvsagt, treft ein del artige folk men som langtidsturist har eg behov for meir variasjon for å halda interressa vedlike. Hadde av og til denne kjensla av keisemd i Canada, men der kompenserte det storslegne landskapet for dei einsformige byane/småstadene.
Høgdepunktet på turen var New Orleans. St.Augustine er og ein fin by men slike ein me hundrevis av i Europa, gjerne mindre sterile og kommersialiserte. Skal eg tilbake til USA som turist nokon gong blir det neppe til denne delen av landet.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


