Reisebrev 8
21/11 - 27/11 2002

Mexico (sentral)

Om reisebreva Informasjon om Mexico (frå BBC)
Map


San Luis Potosí

21/11-2002 (dag 44)

Det å bu hjå ein familie medfører ein disiplin som har vorte ukend for meg etter at eg starta reisinga. Folk arbeidar faktisk, skal på skulen, må fylgja rutiner, har plikter. Dette er sjølvsagt hjå dykk som sit heime og les dette men for meg er det no fjerne minne.

Eg blir eg vekt klokka 7 og det utan at eg skal rekka tog, båt eller buss! Løna er frukost. Det er berre Elena som er heime, ho er svært oppteken med Carlos, det har vorte fleire sjukehusbesøk. Det er alltid nokon hjå han, mora og kona bytest på sjukehusvitjinga. I dag går det betre, han er utafor fare i denne omgang.

Plaza San Francisco.

Elena, Ana Elisa, Elisa og Valentín.

Føremiddagen går eg i byen på eiga hand. SLP er er velståande og fin by. Sentrum minner mykje om byar i Spania. Flotte kyrkjer, ein og anna plaza, parkar.. Har inga kjensle av å vera i "tredje verden". Området eg bur i er ein betre bydel, det er ein stor kontrast til det langt fattigare indianarsamfunnet i Real 14. Elena har forsikra seg om at eg kan vegen tilbake og at eg hugsar addressa. Francisco Peña 525 vart repetert så ofte at det sit enno (dette er skrive ein månad seinare).

Om ettermiddagen tek Elena meg med for å visa meg marknaden. Dette er ei ny verd for meg. Utvalg av rare planter, urter, naturmedisin, frukt, kva det skal vera. Her er ikkje naturmedisin ei moderne alternativ-greie. Ser butikkar som sel både medisin og reine hekse-middel, til dømes hovudskallar. "Brujería" (hekseri) har enno sin plass i medisin-skåpet hjå mange meksikanarar. Kva dauingehovudet lindrar mot fekk eg aldri klåra opp i.

Fleire bekjente blir kobla inn for å ta seg av den lagvegsfarande. Ana Elisa si veninne, Marta, stikk innom med kake frå matlagingskurs, deretter køyrer ho meg rundt i byen. Får òg vita at bror til Elena, Ricardo, skal ta meg med på ein tur i morgon tidleg. Etter det skal Benjamín, eit syskenbarn av ei veninne til Teresa sjå meg vel avgarde til Aguascalientes. Komplisert? Kanskje burde eg teikna eit skjema med oversikt over forbindelsen mellom alle folka. Eg har nesten dotte av lasset sjølv, veit berre det er ein vev med Teresa i midten. Til slutt sler Marta frampå om at ho gjerne vil innom i morgon òg. Ho vil gjerne visa bilete frå Argentina...


San Luis Potosí - Aguascalientes

22/11-2002 (dag 45)

Morgonen gryr og Ricardo dukkar opp. Han er ein rund og blid mann i slutten av 50-åra. Sonen bur i Monterrey, han var ein av dei eg IKKJE fekk tid til å besøkja der. Me kjem med ein gong godt overeins. Er innom huset hans, nok eit hus som ikkje står tilbake for det norske hus.

Køyrer opp til ein dam som er eit populært utfluktsområde. Vatn er eit evig problem for mange byar. Folketalet veks fort og levestandarden aukar for dei fleste, dermed dukkar vassproblemet opp. Det er flott her oppe, men som ellers i landet blir det skjemd av bos. Eg har aldri sett så mykje søppel som i Mexico. Ricardo inviterar på frukost, små empanada-liknande lappar eg ikkje hugsar namnet på.

Ricardo.

Urte og hekseri-utsalg på marknaden i SLP.

Deretter dukkar Marta opp att, viser bilete frå Argentina og tek med til huset sitt (dvs. faren sitt). Viser fram huset. Nok eit imponerande krypinn, når ein har så mykje plass kan ein gjerne bu med foreldre og sysken, ein kan halda seg i kvar sin del av huset.

Bror hennar spør meg ut om norsk "black metal" og stavkyrkjebrenning, men der må eg melda pass. Godt å vita at fedrelandet dukkar opp på verdskartet i ulike fasettar. Norge er altså ikkje berre kjendt for kongelege bryllaup, fisk, olje og rovmord på kvalar.

Stor takk til alle som har "teke seg av meg" i San Luis Potosí, og det midt oppe i ein svært vanskeleg situasjon. No er det att eit kort møte med Benjamín og Elena køyrer meg inn til sentrum. Han dukkar ikkje opp, eg ventar 20 minutt før eg blir lei og legg i veg til buss-stasjonen. Det er langt og eg går meg delvis vill. To politifolk og fleire andre får meg på rett spor til slutt. Får ringt Elena som fortel at Benjamín kom fram like etter at eg drog ....

Tre timar er ingen lang busstur no etter så lang reising. Framme i Aguascalientes finn Gabriel meg utan vanskar. Han har spurt etter ein "gringo" men hadde fått som svar at at her er det berre "cabrones" (lakabodlar). Endeleg dukka den kvite mannen opp, han skil seg ut blandt denne mengda av små og halvmørke folk.

Har eg sagt at husa eg har vore innom er store ? Gabriel og Heidi sitt hus er ikkje berre stort. Møblane er av importert eik, det er ikkje spart på noko. Dette er eit av dei flottaste husa eg nokon gong har vore i. Gabriel driv eit skraphandlar-firma, og det ser ut som skrapjern godt kan gjerast om til gull. Ungane er i fyr og flamme over besøket, spesielt Katia. Ei veninne har parkert sine ungar der òg, så det er fire små i alt. Huset ligg i eit innegjerda og vakta område i stil med det eg såg hjå Rubén i Montgomery. Gabriel ynskte meg velkommen med eit ironisk men stolt "¡Bienvenido a mi casa humilde!" (Velkomen til min ringe heim).

Det blir diska opp, eit vennepar kjem innom med masse mat. For ein gongs skuld smakar eg gode tortillas. Gabriel må vera forsiktig, han har fått i seg makk på eit gatekjøken og lever på ein tablett-mikstur som forhåpentlegvis knekkjer krypa. Ordrett vart det beskrive slik: "Le habian entrado unos animalitos" ( I han hadde gått inn nokre smådyr).


Aguascalientes

23/11-2002 (dag 46)

Pyntinga av juletreet er alt i gang. Ny juletrefot er handla inn frå USA, og det av ein type som roterar. Lys-setjinga og pyntinga har store likheitstrekk med det store nabolandet. Dei hadde vore på ferie i Las Vegas og det kan ein nesten sjå av juletreet. Ein nordmann har vanskar for å orientera seg i dette. Det er 1500 lys på treet og dei blinkar tildels. Styresystemet for dette må vera stor ingeniørkunst. Dei tre små hundane til Heidi spring ikring, ein av dei heiter Chelsea utan at eg veit kven den er kalla opp etter. Det er vel neppe snakk om fotballklubben frå Londons vestkant.

Gabriel.

Katia, La Reina (dronninga).

På ny vert det arrangert på mine vegne. Veronica, ei veninne av Gabriel skal visa meg rundt i Aguascalientes. Fyrst blir eg med Gabriel på jobb ein tur. Dvs. jernbanestasjonen. I 1992 vart nesten all passasjertrafikk i landet nedlagd. Investeringane hadde vorte forsømde i årevis og då var privatiseringa kom var det slutt. Frakt held fram enno. Eit nedbygd jernbanesystem byr på mykje skrapjern og Gabriel har nettop kjøpt 'n' tonn til ein verdi av USD 40000. Marginane er ikkje store fortel han, men mengda gjer at det blir pengar ut av det likevel.

Aguascalientes er ein knøttliten, men rik stat. Fleire multinasjonale selskap held til her, m.a. Nissan og Unilever. Vegnettet er godt og byen velhalden. Hovudstaden har over ein halv million innbyggjarar og er grunnlagd på industri, ikkje på sølv som mange av naboane. Byen er kjend for landet sin største festival, Feria de San Marcos, som finn stad i april.

Veronica er ei elegant dame i slutten av 20-åra som bur saman med mor og bror. Det er uvanleg at ugifte ungdommar bur for seg sjølv. Her i huset er det òg velstand, faren var visstnok sjef for ein stor fabrikk. Dette er svært hyggelege folk, mora inviterar oss tilbake seinare i kveld men eg får ikkje med meg detaljane. Veronica har budd i Houston og er faktisk den fyrste person eg har møtt som har likt seg i den byen!

Det blir katedralbesøk, museumsbesøk og prikken over i-en, ein rundtur med eit turist-tog. Byrundturar har ikkje sin make når det gjeld få med seg mykje på kort tid. Aguascalientes er òg ein fin by, ikkje så mykje gammalt som i San Luis Potosí rettnok, men ein del praktbygg ser ein. Katedralen er perfekt halden. Me er innom fleire andre bygningar, m.a historisk museum og kultur-huset. Felles for alle er dei mauriske søylene og arcadane og dei skuggelagde patioane. Dei som likar Spania ville ha funne mykje kjendt her. I tilleg kjem bruken av sterke fargar som er så typisk for Mexico.

Gabriel plukkar oss opp att, Heidi og Veronica kjem i stort pratehumør på kjøkenet så eg melder pass og somnar i hengekøya. Enten eg eller Gabriel (eller begge) har tabba oss ut. Mora til Veronica hadde invitert oss til fiesta, men ingen av oss hadde teke tak i det. Ergeleg ...


Aguascalientes (tur til Zacatecas)

24/11-2002 (dag 47)

Denne dagen er sett av til utflukt til Zacatecas, 100 km unna. Tabbeserien held fram, eg gløymde att lommeboka.

Ungar likar ikkje lange bilturar, slik her òg. Bror ertar syster og det blir sutring, og det nesten konstant. Ute av bilen går det langt betre. Fyrste stopp er museumsbesøk, Museo Francisco Goitia. Dette er eit reint kunstmuseum med meistrar frå Zacatecas. Goitia er kjend for sjølvportrett og indianar-portrett.

Domkyrkja i Zacatecas.

Utsikt over delar av Zacatecas.

Zacatecas er ei perle. Den ligg fint til mellom fjella og har mange flotte bygningar frå koloni-tida. Byen vart rik på sølv, noko som visast. Katedralen er rekna som ein av dei fremste i landet og det seier ikkje lite i Mexico. Ein tur i taubana (teleférico) som går mellom to av fjella er obligatorisk. Utsikta er fantastisk. Det er pinleg for meg å ikkje ha pengar. Heidi og Gabriel spanderer, vonar dei ikkje trur eg fiskar. Me et mengder kjøt på ei argentinsk restaurantkjede før me reiser heim. Det var dyrt og eg er endå dårlegare til mote. Heldigvis er vertsfolka ikkje direkte ubemidla.

Gabriel tek meg med på sports-klubben sin for å ta eit dampbad. Dette er òg rein luksus, golfbane og allslags sportslege innretningar. Verten min har fått medlemskapet som ekstragode i huskjøpet. Takkar familien Aldrett-Brueggerhoff for ei fin helg, eg skal få problem med å yta gjengjeld om dei skulle finna på (som Gabriel "trua" med) å koma til Norge og villa innkvartera seg hjå meg. Der er det ingen eikemøblar, knapt nok møblar i det heile. Må nok flytta opp i Holmenkollåsen for at eit slikt besøk skal kunna bli noko av.


Aguascalientes - Guanajuato

25/11-2002 (dag 48)

Gabriel køyrer meg til buss-stasjonen. Neste stopp er Guananjuato, ein UNESCO-verna by som òg har hausta lovord frå folk eg har snakka med. På bussen kjem eg på at eg gløymde å gi ungane avskjedsgåve som eg hadde tenkt. Er redd eg kan ha fått rykte som ein uboteleg gniar.

Det blir ei omstiging før me er framme i Guanajuato. Buss-stasjonen ligg så langt frå sentrum at ein må ta lokalbuss inn. Ved innkøyrsla til byen står eit momunment som ynskjer velkommen til Guanajuato og proklamerer den "Patrimonio de la Humanidad". Dette er det spanske måten for å utrykkja at byen er ei UNESCO "World Heritage Site".

UNESCO World Heritage Site har i skrivande stund over 700 minnemerke på lista. Den inneheld både natur, byar, byområde og enkeltminnesmerke. Lista vart oppretta i 1975 og ein komité bestemmer kven som er verdige til å bli førde opp. Medlemslanda sjølve kjem med framlegga. Av oppføringar kan nemnast Grand Canyon, Bryggen, Røros og Venezia (link til Unesco på toppen av sida).

Guanajuato sentrum, utsikt frå El Pípila.

Eit av dei mange små bytorga i Guanjuato.

Ein ser fort kvifor Guanajuato er populært turistmål. Byen klamrar seg til dei bratte sidene i eit trangt dalføre. Små, fagerike gater som for det meste er bilfrie. Tunellar under byen tek seg av gjennomgangstrafikken. Bussen stoppar nede i ein slik tunell, ein må sjølv koma seg opp til overflata. Tek inn på fyrste og beste hotell, enkelt og sentralt.

Like ovafor hotellet ligg ei cantina, Los Barrilitos. Den har vill-vest svingdørar, noko som må undersøkjast. Det viser seg at ein er komen autentikken inn på livet (dette er ikkje vanskeleg i Mexico). Baren er enkel, klientellet berre mannfolk. Nede ved golvet langs med bardisken er det spyttebakke og den blir flittig brukt. Pissoaren er plassert i fullt åsyn ved enden av bardisken. Denne staden er etter alt å døma ikkje bygd med tanke på kvinnelege gjester. Svingdørar ser ut til å vera vanlege her.

Er vorten lei bønner og tortilla. Pizza er i alle land ei redning når ein har fått nok av innfødd mat. Denne spydspissen for den gastronomiske globaliseringa er god å ty til.

Ellers er Gunanajuato ypperleg eigna for berre å gå rundt og nyta fargerikdommen. Kosa seg er ikkje vanskeleg med dei trange gateene og små byplassane. Veret er varmt nok til at ein kan sitja ute. Til trass for lågsesong merkar ein eit ein ikkje er åleine turist. Eg har nettop levert min klesvask då eit amerikansk par spør kvar ein kan vaska klede. "Kvifor spør du meg?", undrar eg. "'Cause you look like you might speak English", vert det sagt på tjukk "texan". Og kvar eg er frå ? "Norway". "Ah, yeah, you look like you might come from up there in Minnesota, ha, ha".


Guanajuato

26/11-2002 (dag 49)

Teatro Juarez i kveldinga.

To av dei 119 mumiane i Museo de las Mómias.

Dette er den einaste heile dagen i byen, dermed har byrundtur fyrsteprioritet. Føremiddagen går med til meir driving i gatene, flanering som det heiter i ei meir elevert språkdrakt.

Ein liten minibuss samlar etterkvart opp folka som skal på tur. Byrundturane eg har vore på hittil i år har alle vore bra: Hamburg, Budapest, Miami, Aguascalientes. Denne her held ikkje like høg standard. Den er tildels ein tur til oppkonstruerte attraksjonar som eit spøkelsehus (Casa de la tia Aura) og opplegget er at ein skal innom mange stader og betala mykje inngangspengar. Inkvisisjonsmuseum, sølvgruve, slikkerifabrikk (dulcería) og til slutt mumiemuseet.

Dette siste er det mest minneverdige. Den tørre lufta gjer at nedgravne lik skrumpar inn, vert "mumifiserte" gjennom ein naturleg prosess. Dei fyrste vart gravne opp i 1865 for å gjera plass på den overfylte kyrkjegarden dei hadde lege på til då. Det vart oppdaga at lika var "bevarte" og eit museum vart skipa. 119 meir eller mindre groteske figurar ligg utstilte i sine glasmonter.

Guanajuato er ein av fleire rike meksikanske sølvbyar. Ein gong i tida vart 20% av alt sølvet i verda utvunne her. Det meste gjekk til heimlandet Spania, noko gjekk til botnars og atter meir vart teke av sjørøvarar, for det meste engelskmenn. Dei lokale sølv-baronane fekk rettnok sitja att med såpass verdiar at dei ikkje leid direkte materiell naud! Dette viser seg gjennom dei mange flotte byggverka i byen. Spanskekongen sine forsøk på å få ei større del av kaka var med på å nøra opp under motviljen mot kolonistyret som til slutt førde til opprør.

Det fyrste meksikanske opprøret starta mot spanjolane starta 16.september 1810 i denne staten. Opprøret vart leia av presten Miguel Dolores y Hidalgo. Han er no rekna som grunnleggjaren av det moderne Mexico og datoen er nasjonaldag. Hidalgo vart som det sømde seg i tida lyst grundig i bann. Opprøret vart slege ned og den rebelske presten teken til fange og skoten. Før det hadde han alt teke til orde for oppheving av slaveriet og den organiserte undertrykkjinga av dei innfødde. Fyrst i 1821 vart landet uavhengig.

Staten Guanajuato er ein av dei rikaste i landet. Sølv vert enno utvunne og turismen har stor betydning. Forbundspresident Vicente Fox har fortid som guvernør her. Han var òg sjef for Coca-Cola Mexico. Fox er den fyrste president sidan 1920 som IKKJE kjem frå det statsberande PRI-partitet (Partido Revolucionario Institucional). Mexico har i praksis vore ein eittpartistat heilt frå 1920-åra til i dag.

Guonajuato er fødebyen til nok eit kjent namn (i alle fall for dei som har vore på kino i det siste). Diego Rivera (1886-1957) var to gonger gift med Frida Kahlo men var mest kjend som ein framifrå veggmålar, kommunist og skjørtejeger. Han målte mest ikring sosiale tema, noko som kunna føra til kontrovers. I 1933 laga han ei veggmåling i Rockefeller Center i New York der han kom i skade for å leggja inn ein Lenin. Dette var tydeleg sterk kost for oppdragsgjevaren. Måleriet vart omgåande fjerna!


Tilbake på hotellet er eigarane reist heim og har teke med nøkkelen til rommet der eg har låst inn verdisakene mine. Ettersom eg skal reisa klokka 8 i morgon (før dei kjem på jobb) lyt dei værsågod innfinna seg no! Dette går greitt, la señora er hjelpsemda sjølv og ei svært hyggeleg dame.

Ungar på El Pípila.

Kvasse saker.


Guanajuato - Oaxaca

7/11-2002 (dag 49)

Typisk gate og typisk ledningskaos.

No står det ei lang reise for tur. Oaxaca er heilt sør i landet, det skal vera ei anna verd, langt fattigare enn desse sentrale delane eg har vore i siste veka. Eg må fyrst til Mexico by for å skifta buss. Dette er tek timar, men ein fin tur i flott landskap.

Det vert eit par timar å venta på "Terminal Norte" i kjempebyen. Ein flottare buss-stasjon skal ein leita lenge etter, det liknar meir ein flyplass i måten det er organisert på. Kontrastane i dette landet er enorme. Skrikande fattigdom og skit lever side om side med stader som dette: moderne, reine og effektive.

I det heile er buss-transporten bra, korkje bussane eller stasjonane står tilbake for noko eg har sett. Dessverre ligg ofte stasjonane ofte lang frå sentrum (f.eks Nuevo Laredo, Matehuala og Guanajuato). Motorvegane er ikkje så verst, dei som er bomfinansierte er retteleg bra.

Turen til Oaxaca tek 6 timar. Ein heil time går med til å koma seg gjennom/rundt utafor Mexico by. Metropolen ligg innehylla i smog, det er vanskeleg å få noko inntrykk anna at den er stor og forurensa.

Eg valde å droppa hovudstaden ettersom eg har fått nok av storbyar etterkvart og er litt uroleg for tryggleiken. Åleine og synbar turist er ein eit favorittmål for dei tall-lause kjeltringane som både guidebøker og dei offisielle styresmaktene skriv fyldig prosa om. Tidlegare New York borgarmeistar Rudolf Giuliano har no oppdrag som spesial-rådgivar for å få bukt med den enorme kriminaliteten. Han lukkast i New York med si "no tolerance"-haldning, det gjenstår å sjå resultata her.

Reisa vidare går over høgsletta, forbi Puebla og dei store vulkanane i nærleiken. Popocatépetl er den høgaste av desse, 5452 m.o.h. Krateret måler 612 meter på det vidaste og 505 meter på det djupaste.

Puebla er kjend for bilproduksjon, nærare bestemt Volkswagen. Den klassiske folkevogna overlevde lenger i Mexico enn i noko anna land. Boblene er det mange av enno, men produksjonen vart innstilt for nokre år sidan.

Mørket kjem tidleg og dermed er det lite å sjå etter det. Køyrer forbi nokre militære sperringar, her nede er kontrollen sterkare ettersom landevegsrøveri og politisk vald ikkje er heilt ukjent.

Er framme i Oaxaca klokka 10. Blir praia med ein gong av ei jente som arbeidar for eit "hostal" (herberge). Dette er heilt i orden, best i koma seg i hus snarast mogeleg. Hostal Don Diego er bra, og eg får eit heilt rom for meg sjølv og fire netter til prisen for tre. Det kostar berre 60 pesos natta (45 kroner) og må seiast å vera mykje for pengane. Pesoen er lett å rekna om, det går akkurat 10 på ein dollar.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk